Kornplanter rett etter ugrasharving, Klepp 3. mai 2011 Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland Side 1 av 5
Innhald Innhald... 2 Samandrag... 3 Samarbeidspartnarar... 3 Mål... 3 Bakgrunn... 3 Metode og aktivitet... 3 Tabell 1. Fem ulike ledd for ugrasbekjemping... 4 Resultat og vurdering... 4 Ugras... 4 Tabell 2. Tal ugras pr m 2... 4 Aks- og stråknekk, legde, sjukdomar og aks på bakken... 5 Kompetanseheving... 5 Konklusjon... 5 Vegen vidare... 5 Kjelder... 5 Side 2 av 5
Samandrag For å synleggjere effekten av ugrasharving som eit alternativ til ugrastyning i korn, og for å få merksemd på denne strategien på Jæren, utførte Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR Rogaland) tiltak og registreringar i 2011. Registreringar av effekt av ugrasharving i korn synte ein viss effekt av ugrasharving. Svært våte verforhold i mai gjorde det vanskeleg å gjennomføre ugrasharving i korn etter planen. Kjemisk bekjemping gav størst reduksjon av ugras. Samarbeidspartnarar Dette prosjektet vart støtta økonomisk av Fylkesmannen i Rogaland, Landbruksavdelinga. Alt forsøksarbeid og bearbeiding av resultat vart utført av Norsk Landbruksrådgiving Rogaland. Feltverten, Tjalve Braut, stilte areal og husdyrgjødsel til disposisjon. Leif Harbo utførte ugrasharvinga. Mål Målet med dette prosjektet var å auke kunnskapane og kompetansen om økologiske ugrasmetodar i kornproduksjon både hjå gardbrukarar som driv økologisk, hjå gardbrukarar som driv konvensjonelt og internt i organisasjonen. Gjennom desse tiltaka var det eit ønskje om å sjå på mulegheitene som økologiske metodar for ugrastyning i korn kan gi. Bakgrunn I kornproduksjon er kjemisk og mekanisk bekjemping av ugras to ulike tiltak gardbrukaren kan velje mellom. I Rogaland er det om lag 35000 daa korn. Om lag 230 daa blir drive økologisk. I konvensjonell kornproduksjon blir ugrasbekjempinga i stor grad gjort med kjemiske middel. Omfattande bruk av kjemiske middel kan utgjere ein miljørisiko, auke faren for utvikling av resistente ugrassortar og utgjere ein kostnad for bonden. Det er mykje som tyder på at ugras er eit aukande problem, og alternativ til kjemisk ugrastyning er interessant. Mekanisk ugrasbekjemping kan vere eit godt alternativ. Med mekanisk ugrasbekjemping vil bruk av kjemiske tiltak kunne reduserast, eller kuttast ut. Dette vil kunne spare både miljøet og pengar for bonden. Ugrasharving er eit mekanisk tiltak som både i praktisk dyrking og i forsøk har synt seg å vere ein effektiv metode for tyning av ugras i korn. Føresetnadene for eit vellukka resultat er godt forarbeid, rett innstilt harv, rett fart, rett tidspunkt og tørt ver. Best resultat får ein ofte med harving to gonger; blindharving når kornet så vidt stikk over bakken og ved tre til fire bladstadiet, sjå kjelder i og ii. Metode og aktivitet Tiltaka vart gjennomførte vekstsesongen 2011 i Klepp kommune på Jæren på eit areal hjå ein griseprodusent med einsidig kornproduksjon. Arealet var gammal kulturjord med god drenering. Side 3 av 5
Fem ulike ledd, sjå Tabell 1, vart lagt ut i etablert åker i 90 meter lange striper med ei breidd som var tilpassa den 6 meter breie ugrasharva som vart nytta. Arealet vart gjødsla av feltverten 16. april med 5 tonn/daa grisegjødsel som vart pløgd ned. 24. april vart det sådd 17 kg/daa Edel bygg. Arealet er ikkje økologisk godkjent. All såvare var difor beisa. Stripene som fekk 30 kg/daa fullgjødsel 25-2-6, vart gjødsla første veka i mai. Ledd 6 vart sprøyta mot ugras med Banvel 11. mai av feltverten. På grunn av mykje nedbør i mai, vart det ikkje mogleg med to harvetidspunkt. Arealet vart difor harva berre 3. mai. Andre harving var planlagd på 3-4 bladstadiet, men vått ver gjorde at denne harvinga ikkje kunne gjennomførast. Ugras i korn vart registrert for kvart ledd på fire stader i tilfeldige ruter med ei 0,25 m 2 ramme. I tillegg vart det registrert aks- og stråknekk, tidleg og sein legde og sjukdommar. Tabell 1. Fem ulike ledd for ugrasbekjemping Ledd Harving 30 kg/daa 25-2-6 Øko u/tiltak nei nei Øko m/harving ja nei Konvensjonelt m/harving ja ja Konvensjonelt u/tiltak nei ja Konvensjonelt m/sprøyting nei ja Det vart arrangert faglege samlingar på arealet. Resultat og vurdering Ugras Som Tabell 2 syner, vart det registrert flest ugrasplanter i ledd utan ugrastiltak og med berre husdyrgjødsel. Åkerstemorsblomst og gjetertaske var dei dominerande artane på alle ledd. Gjennomsnittstala syner færrast ugrasplanter med kjemisk tiltak. Med ei ugrasharving vart det registrert færre ugrasplanter enn ingen ugrastiltak. Åkeren var noko ujamn, og det var variasjonen i registreringane innan ledd. Tabell 2. Tal ugras pr m 2 Gjennomsnitt Øko u/tiltak 104 Øko m/harving 29 Konvensj m/harving 19 Konvensj u/tiltak 33 Konvensj m/sprøyting 7 På grunn av mykje nedbør i mai, vart det ikkje mogleg med to harvetidspunkt. Arealet vart difor harva berre 3. mai. Då var kornet om lag 2 cm høgt. Dette var noko langt i høve til Side 4 av 5
optimalt tidspunkt for første harvetidspunkt. Andre harving var planlagd på 3-4 bladstadiet, men vått ver gjorde at denne harvinga ikkje kunne gjennomførast. Aks- og stråknekk, legde, sjukdomar og aks på bakken Det vart ikkje registrert legde i nokre av ledda. Byggbrunflekk og manganmangel vart observert, men det vart ikkje funne grunn til å kople desse observasjonane til ugrasbehandlingane. Kompetanseheving Den planlagde og annonserte demonstrasjonen av ugrasharving 3. mai vart avlyst både på grunn av at kornplantene var komme for kort i utvikling og at jorda var for våt. 11 produsentar kom på markvandring 7. juli. På markvandringa vart det orientert om registreringane og diskutert bekjemping av, og tiltak mot, ugras.på grunn av vått og vanskeleg ver, vart markdagen arrangert fire veker etter at ugrasharvinga var utført. Konklusjon Forholda for ugrasharving i år var vanskelege, og tiltaka kunne ikkje gjennomførast som planlagt. I desse registreringane kan ein ikkje dra sikre konklusjonar, men ei ugrasharving i korn gav reduksjon i ugras i høve til ingen ugrastiltak. Kjemiske tiltak gav størst ugrasreduksjon. For å kunne dra sikre konklusjonar, må det gjerast meir arbeid på dette feltet. Tiltaka var med å sette fokus på ugrasharving som eit aktuelt tiltak mot ugras i kornproduksjon. Vegen vidare NLR Rogaland ønskjer å få meir søkjelys på mulegheitene mekaniske tiltak gir. Det kan vera aktuelt å ha eit liknande prosjekt også i 2012. Kjelder i ii Ugrasharving, Agropub http://www.agropub.no/id/1703 Ugrasharving, Økologisk Landbruk http://okologisklandbruk.lr.no/artikler/5863 Side 5 av 5