Radøy kommune Saksframlegg

Like dokumenter
Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune Saksframlegg

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 043/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 085/2014 Formannskapet i Radøy PS Kommunestyret i Radøy

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Radøy kommune Saksframlegg

Budsjett 2019 og økonomiplan

Offentleg møteprotokoll

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

Radøy kommune. Møtebok for Formannskapet i Radøy. Møtedato: Møtested: Møtetid: Kommunestyresalen 09.00

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Innkalling for Radøy eldreråd

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Investeringsbudsjettet for 2018, og for økonomiplan perioden vert godkjent slik det ligg føre.

Innkalling til Flora eldreråd

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Kvam herad. Sakspapir

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Økonomiplan Vedteken i Radøy kommunestyre , sak 026/2018

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Radøy kommune. Møtebok for Formannskapet i Radøy. Møtedato: Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 17:00

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Helge Mjånes Ap Oddvar Gangstø Krf

Saksnr. Utval Møtedato 174/17 Formannskapet Kommunestyret. Sakshandsamar: Anne Marie Mo Arkiv: K1-150 Arkivsaksnr.

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

Saksframlegg Valle kommune

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Siv Ragnhild Bjerga K /8073

Radøy kommune Saksframlegg

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE SÆRUTSKRIFT

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

SAKSPAPIR. *Økonomiplan *Notat konsolidering av økonomiplanane

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

Saksgang Møtedato Saknr 1 Økonomiplanutvalet (Formannskapet) /16 2 Kommunestyret

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Økonomiplan

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Samnanger kommune Møteprotokoll

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Magne Reiten NESTL SP Frits Inge Godø MEDL V Helge Orten LEDER H Aslaug Jenset Sanden MEDL H

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Fitjar kommune Møteprotokoll

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

HARAM KOMMUNE Sakspapir

BOKN KOMMUNE Formannskapet. Møtebok

Møteprotokoll for Formannskapet

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 058/2017 Formannskapet PS /2017 Kommunestyret PS

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 11/1133 Løpenummer: 11/ Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 14:00 16.

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.:

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Anne Vadder Midtbø MEDL SP Arne Nordbø MEDL AP

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar Rådhus Dato: Tid: 13:00 15:05

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon.

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 096/2014 Hovudutval for plan, landbruk og teknisk PS

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Forvaltningsstyret - Planutval /18

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 136/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Kvam herad. Sakspapir

Transkript:

Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 081/2015 Formannskapet i Radøy PS 05.11.2015 Kommunestyret i Radøy 015/2015 Radøy eldreråd PS 13.11.2015 011/2015 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne PS 13.11.2015 089/2015 Formannskapet i Radøy PS 12.11.2015 097/2015 Formannskapet i Radøy PS 26.11.2015 PS Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Sveinung Kvamme 15/1065 15/12799 Budsjett 2016 og økonomiplan 2016-19 Saksopplysingar: Rådmannen legg med dette fram forslag til drifts- og investeringsbudsjett for 2016 og økonomiplan for 2016-19, jf eig budsjettdokument som vedlegg til denne saka. Alle aktuelle skatte- og gebyrsatsar budsjettdokumentet, og det er såleis ikkje trong for særskilte vedtak for låneopptak, skatteøyre el.l. I den grad den politiske handsaminga fører til endringar i føresetnadene, tilrår rådmannen at dette vert gjort gjennom å laga ein ny, oppdatert versjon av budsjettdokumentet. Dette sikrar konsistens og gjer det lettare i ettertid å sjå kva som faktisk er gjeldande budsjett. Etter endeleg vedtak i formannskapet, må dokumentet leggjast til offentleg ettersyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Budsjett for 2016 og økonomiplan 2016-19 vert vedteke i samsvar med framlagt budsjettdokument frå rådmannen. Formannskapet i Radøy - 081/2015 FS - handsaming: Rådmannen har i det framlagde budsjettet for 2016 lagt opp til eit netto driftsresultat på ca 3 mill, eller 0,8% av netto driftsinntekter, noko rådmannen som eit minimum, men likevel tilfredsstillande. Drifta i 2016 skal såleis i all hovudsak vera ei vidareføring av drifta hausten 2015. Rådmannen sitt budsjettframlegg har samla investeringar på 34,8 mill i 2016. Det aller meste må finansierast ved låneopptak. Det vil vera om lag 17 mill. kroner i unytta lånemidlar frå 2015 som kan

nyttast i 2016, og låneopptak i 2016 vert difor 15,7 mill. etter rådmannen sitt framlegg. I tillegg kjem lån på 3 millionar til vidare utlån. Rådmannen oppmoda formannskapet om ikkje å redusera på overskotet i budsjettet. Han framheva behovet for å ha ein buffer til å kunna justera med undervegs. Han ba også om at budsjettposten for mindre investeringar ikkje må reduserast. Det er nødvendig med ein buffer til uføresette tiltak. Økonomisjefen gav formannskapet ei generell og grundig innføring i budsjett og økonomiplanprosessen, før han gjekk over til konkrete tal i budsjettframlegget. Formannskapet gjorde ei første drøfting av budsjettet, og rådmannen svara på ulike spørsmål. Budsjettet for 2016 kjem til ny handsaming på neste møte i formannskapet. FS - vedtak: Formannskapet i Radøy - 089/2015 FS - handsaming: Det vart stilt ei rekkje spørsmål som rådmannen og økonomisjefen svara på. Det kom ulike innspel i budsjettdebatten. Kenneth Taule Murberg (H) presenterte hovudtrekk i Høgre sitt framlegg til endringar i rådmannen sitt budsjettframlegg. Dei andre partia legg fram sine framlegg på neste møte i formannskapet. Det vart ikkje gjort noko realitetshandsaminga av budsjett og økonomiplan i dette møtet. FS - vedtak: Radøy eldreråd - 015/2015 ELD - handsaming: Økonomisjef Sveinung Kvamme la fram budsjettforslaget for råda, tilsvarande presentasjonen han hadde hatt for formannskapet. Etter presentasjonen vart det ei drøfting og nokre spørsmål kring universell utforming. Liv Berith Rath: Ei meir tydeleg merking av inngangsparti på ungdomsskulen og Radøyhallen og betre utelys mellom bygga vil betra den universelle utforminga der. Leiar for råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Liv Berith Rath, la fram forslag om løyving til universell utforming av badeplass. Dette er alt vedteke på eit tidlegare møte, og no bør dette koma som eit forslag til budsjettet. Forslag: Eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne vil fremja forslag om at det vert løyv 150 000,- til universell utforming av ein badeplass i Radøy kommune. Det er ikkje teke stilling til

kva badeplass ein skal opprusta, men rår til at ein spør brukarane. Forslaget vart samrøystes vedteke av dei to råda. ELD - vedtak: Budsjett for 2016 og økonomiplan 2016-19 vert vedteke i samsvar med framlegt budsjettdokument frå rådmannen med følgjande tillegg: Eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne vil fremja forslag om at det vert løyv 150 000,- til universell utforming av ein badeplass i Radøy kommune. Det er ikkje teke stilling til kva badeplass ein skal opprusta, men rår til at ein spør brukarane Råd for menneske med nedsett funksjonsevne - 011/2015 RMNF - handsaming: Økonomisjef Sveinung Kvamme la fram budsjettforslaget for råda, tilsvarande presentasjonen han hadde hatt for formannskapet. Etter presentasjonen vart det ei drøfting og nokre spørsmål kring universell utforming. Liv Berith Rath: Ein treng ei meir tydeleg merking av inngangsparti på ungdomsskulen og Radøyhallen og betre utelys mellom bygga vil betra den universelle utforminga der. Leiar for råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Liv Berith Rath, la fram forslag om løyving til universell utforming av badeplass. Dette er vedteke på eit tidlegare møte, og no bør dette koma som eit forslag til budsjettet i år også. Forslag: Eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne vil fremja forslag om at det vert løyvd 150 000,- til universell utforming av ein badeplass i Radøy kommune. Det er ikkje teke stilling til kva badeplass ein skal opprusta, men rår til at ein spør brukarane. Forslaget vart samrøystes vedteke av dei to råda. RMNF - vedtak: Budsjett for 2016 og økonomiplan 2016-19 vert vedteke i samsvar med framlegt budsjettdokument frå rådmannen med følgjande tillegg: Eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne vil fremja forslag om at det vert løyv 150 000,- til universell utforming av ein badeplass i Radøy kommune. Det er ikkje teke stilling til kva badeplass ein skal opprusta, men rår til at ein spør brukarane. Formannskapet i Radøy - 097/2015 FS - handsaming: Etter drøftingar enda formannskapet opp med følgjande felles framlegg: Endringar på rådmannen sitt budsjettframlegg - driftsbudsjett

Tilskot til Hordabø idrettslag, kunstgrasbane: 40.000,-. Dersom private eller idrettslaget sjølv fullfinansierer anlegget, fell tilskotet bort frå det tidspunktet. Tilskot til Radøy skyttarlag: Fylkeskommunen set som vilkår for at spelemiddel-søknader skal gå raskt gjennom, at kommunen går inn med minimum 5%. Radøy gjev tilsagn om kr 75.000,- i støtte i 2016. Støtte til trusopplæring i kyrkja. Aukast med kr 50.000 i 2016. Kommunestyret vil setja i gong utgreiing av og ta i bruk omsorgsteknologi, og løyver kr 100.000. Inndekking: Feilbudsjettert NH Digi kr 60.000,- Nedtrekk på konto 400 med kr 50.000,- adm. teknisk forvaltning. Nedtrekk på konto 6120 Reinhald med kr 200.000,- Tilleggspunkt til budsjettet: Jordmortenesta. Kommunestyret bed om orientering om jordmortenesta våren 2016, og vil vurdera løyvingane til tenesta i revidert budsjett. Næringstilretteleggjing og bustadutvikling. Kommunestyret bed rådmannen utarbeida sak om korleis Radøy best får auka innsats på næringstilrettelegging (også turisme, camping/bubilfasilitetar) og bustadutvikling. Dette skal sjåast i samanheng med Fylkeskommunal plan for areal og transport i Bergensregionen, BRBs strategiske næringsplan, interkommunal nærings- og samfunnsplan m.m. Løyving vert vurdert ved revidert budsjett. Planarbeid fylkesvegar. Kommunestyret ber rådmannen søkja fylkeskommunen om støtte til å starta planarbeid for oppgradering av fylkesvegane Soltveit Bøvågen Manger Namtveit. Dette gjeld også TS-tiltak/ punktutbetringar på fylkesvegane. Dagtilbod. Kommunestyret bed om ei orientering om dagtilbodet for eldre og for demente, og vil vurdera løyving i revidert budsjett. NAV-sosial. Kommunestyret bed rådmannen om sak på korleis redusera tal brukarar og utbetalingar på NAV-sosial ved hjelp av aktivitetsplikt m.m. Kommunestyret har merka seg at fellesnemnaren ved dei kommunane som får til å reduksjon i sosialstøtta er at dei gjer veldig aktive tiltak for særleg å følgje opp unge, og generelt få menneske raskt ut av sosialstøtte. Redusert sjukefråvære. Kommunestyret er positiv til sjukefråværprosjektet, men meiner dette bør organiserast som trepartssamarbeid. Prosjektet må setja mål for redusert sjukefråvær, og tiltaka må følgja av målsetjinga. VUS. Kommunestyret bed om orientering frå MUHO om drift og finansiering av VUS. Skulehelsetenesta. Kommunestyret vil styrkja skulehelsetenesta, og ber rådmannen utarbeida sak/plan for dette. Kommunestyret er opptatt av godt samvirke mellom tenesteområda for å oppnå best mogleg tenester. Styrking av skulehelsetenesta kan sjåast i samanheng ved busetjing av fleire unge flyktningar. Plangruppe barnehage. Kommunestyret vil stoppa «lekkasjen» av barnehageborn til nabokommunane ved å auka barnehagetilbodet i kommunen. Det vert sett ned ei plangruppe som vurderer løysingar for korleis særleg Sæbø barnehage kan ta imot fleire born, som i dag har plass i andre kommunar. Kommunestyret ønskjer at skiljeveggar i dusjane ved ungdomsskulen vert vurdert. Ungdomsråd og elevråd må ha ei rolle i iutgreiingsarbeidet. Kommunestyret vil ha ei sak på status og behov for ladepunkt, støtteordningar og tenleg vidare tilrettelegging for miljøvenlege bilar, som ladepunkt for el-bilar, hydrogenbilar m.m. Kommunestyret set ned ei plangruppe for utarbeiding av kvalitetsplan for SFO. Her kan det innlemmast frivillige organisasjonar som t.d. korps, musikk, kyrkja og idrett. Kommunestyret vil ha ei sak på utviding av skuleskyssordninga, evt. endra løyving vert gjort i justert budsjett. Investeringsbudsjett

Nr 6764001 Trafikksikring. Nytt fortau på Nordbø jfr reguleringsplan om «Hordabøheimen» er strakstiltak og skal igangsetjast umiddelbart. Nr 2130005, Manger skule. Det vert sett ned ei hurtigarbeidande plangruppe inkl politisk deltaking før investeringsoppstart. Kommunestyret viser til at det er tinga ei utgreiing av ulike alternativ for vidare utbygging ved Manger skule i to år, utan at dette er initiert. Nr 4800101, 4800102 og 4800103. Turvegar. Kommunestyret vil at alle tre prosjekta vert vurderte innan fellespott på kr 2.000.000,- i 2016. Kommunestyret er uroa for kostnadsauken i 4800103, og ber om ei sak med totalvurdering av kostnader for denne før iverksetjing. Nr 2712006. Ny barnehage Bø. Det vert sett ned plangruppe inkl politisk deltaking som sikrar behovsanalyse og kravspesifikasjon, og ulike måtar å byggja nye barnehagelokale i tråd med vedtatt kravspesifikasjon raskast og til lågast kostnader. Lokalisering i dagens område. Nr 6700003. Asfaltering av kommunale vegar. Løyvinga vert auka til 2 mill i 2016, og formannskapet skal ha plan før asfaltering. Rådmannen vert tilrådd å innhenta pris i lågpris-sesongen. NR 6104003 Kommunale bustader. Budsjettposten vert stroken. Ny investering: Uteområde Sæbø skule. Skulen var ny i 2009, men uteområdet ber preg av å vera uferdig og lite freistande til uteaktivitetar, ein del av leikeapparata er slitne og lite tenlege. Investeringssum kr. 500 000,- Nr 1530012. Radøyhallen oppgradering: Tillegg lys uteområde: Kr 500.000,- Nr 1920001 Mindre investeringar aukast med kr 500.000. Hordabø skule vert vurdert. Framlegg til budsjett 2016 vart samrøystes vedteken. FS - vedtak: Budsjett for 2016 og økonomiplan 2016-19 vart vedteke i samsvar med framlagt budsjettdokument frå rådmannen, med følgjande endringar: Drift Tilskot til Hordabø idrettslag, kunstgrasbane: 40.000,-. Dersom private eller idrettslaget sjølv fullfinansierer anlegget, fell tilskotet bort frå det tidspunktet. Tilskot til Radøy skyttarlag: Fylkeskommunen set som vilkår for at spelemiddel-søknader skal gå raskt gjennom, at kommunen går inn med minimum 5%. Radøy gjev tilsagn om kr 75.000,- i støtte i 2016. Støtte til trusopplæring i kyrkja. Aukast med kr 50.000 i 2016. Kommunestyret vil setja i gong utgreiing av og ta i bruk omsorgsteknologi, og løyver kr 100.000. Inndekking: Feilbudsjettert NH Digi kr 60.000,- Nedtrekk på konto 400 med kr 50.000,- adm. teknisk forvaltning. Nedtrekk på konto 6120 Reinhald med kr 200.000,- Tilleggspunkt til budsjettet: Jordmortenesta. Kommunestyret bed om orientering om jordmortenesta våren 2016, og vil vurdera løyvingane til tenesta i revidert budsjett. Næringstilretteleggjing og bustadutvikling. Kommunestyret bed rådmannen utarbeida sak om korleis Radøy best får auka innsats på næringstilrettelegging (også turisme, camping/bubilfasilitetar) og bustadutvikling. Dette skal sjåast i samanheng med Fylkeskommunal plan for areal og transport i Bergensregionen, BRBs strategiske næringsplan, interkommunal nærings- og samfunnsplan m.m. Løyving vert vurdert ved revidert budsjett. Planarbeid fylkesvegar. Kommunestyret ber rådmannen søkja fylkeskommunen om støtte til å starta planarbeid for oppgradering av fylkesvegane Soltveit Bøvågen Manger Namtveit. Dette gjeld også TS-tiltak/ punktutbetringar på fylkesvegane.

Dagtilbod. Kommunestyret bed om ei orientering om dagtilbodet for eldre og for demente, og vil vurdera løyving i revidert budsjett. NAV-sosial. Kommunestyret bed rådmannen om sak på korleis redusera tal brukarar og utbetalingar på NAV-sosial ved hjelp av aktivitetsplikt m.m. Kommunestyret har merka seg at fellesnemnaren ved dei kommunane som får til å reduksjon i sosialstøtta er at dei gjer veldig aktive tiltak for særleg å følgje opp unge, og generelt få menneske raskt ut av sosialstøtte. Redusert sjukefråvære. Kommunestyret er positiv til sjukefråværprosjektet, men meiner dette bør organiserast som trepartssamarbeid. Prosjektet må setja mål for redusert sjukefråvær, og tiltaka må følgja av målsetjinga. VUS. Kommunestyret bed om orientering frå MUHO om drift og finansiering av VUS. Skulehelsetenesta. Kommunestyret vil styrkja skulehelsetenesta, og ber rådmannen utarbeida sak/plan for dette. Kommunestyret er opptatt av godt samvirke mellom tenesteområda for å oppnå best mogleg tenester. Styrking av skulehelsetenesta kan sjåast i samanheng ved busetjing av fleire unge flyktningar. Plangruppe barnehage. Kommunestyret vil stoppa «lekkasjen» av barnehageborn til nabokommunane ved å auka barnehagetilbodet i kommunen. Det vert sett ned ei plangruppe som vurderer løysingar for korleis særleg Sæbø barnehage kan ta imot fleire born, som i dag har plass i andre kommunar. Kommunestyret ønskjer at skiljeveggar i dusjane ved ungdomsskulen vert vurdert. Ungdomsråd og elevråd må ha ei rolle i iutgreiingsarbeidet. Kommunestyret vil ha ei sak på status og behov for ladepunkt, støtteordningar og tenleg vidare tilrettelegging for miljøvenlege bilar, som ladepunkt for el-bilar, hydrogenbilar m.m. Kommunestyret set ned ei plangruppe for utarbeiding av kvalitetsplan for SFO. Her kan det innlemmast frivillige organisasjonar som t.d. korps, musikk, kyrkja og idrett. Kommunestyret vil ha ei sak på utviding av skuleskyssordninga, evt. endra løyving vert gjort i justert budsjett. Investeringsbudsjett Nr 6764001 Trafikksikring. Nytt fortau på Nordbø jfr reguleringsplan om «Hordabøheimen» er strakstiltak og skal igangsetjast umiddelbart. Nr 2130005, Manger skule. Det vert sett ned ei hurtigarbeidande plangruppe inkl politisk deltaking før investeringsoppstart. Kommunestyret viser til at det er tinga ei utgreiing av ulike alternativ for vidare utbygging ved Manger skule i to år, utan at dette er initiert. Nr 4800101, 4800102 og 4800103. Turvegar. Kommunestyret vil at alle tre prosjekta vert vurderte innan fellespott på kr 2.000.000,- i 2016. Kommunestyret er uroa for kostnadsauken i 4800103, og ber om ei sak med totalvurdering av kostnader for denne før iverksetjing. Nr 2712006. Ny barnehage Bø. Det vert sett ned plangruppe inkl politisk deltaking som sikrar behovsanalyse og kravspesifikasjon, og ulike måtar å byggja nye barnehagelokale i tråd med vedtatt kravspesifikasjon raskast og til lågast kostnader. Lokalisering i dagens område. Nr 6700003. Asfaltering av kommunale vegar. Løyvinga vert auka til 2 mill i 2016, og formannskapet skal ha plan før asfaltering. Rådmannen vert tilrådd å innhenta pris i lågpris-sesongen. NR 6104003 Kommunale bustader. Budsjettposten vert stroken. Ny investering: Uteområde Sæbø skule. Skulen var ny i 2009, men uteområdet ber preg av å vera uferdig og lite freistande til uteaktivitetar, ein del av leikeapparata er slitne og lite tenlege. Investeringssum kr. 500 000,- Nr 1530012. Radøyhallen oppgradering: Tillegg lys uteområde: Kr 500.000,- Nr 1920001 Mindre investeringar aukast med kr 500.000. Hordabø skule vert vurdert. Vedlegg: Budsjett_2016_framlegg_raadmann