Styresak Går til: Styremedlemer Føretak: Helse Førde HF Styremøte: 20. juni 2008 Styresak: 045/08 V Arkivkode: 220 Arkivsak: 2008/1492 Dato skrive: 17.6.2008 Sakshandsamar: Jan Birger Moe Godkjent av: Jon Bolstad Sakstittel: HMS- OG SJUKEFRÅVÆRSOPPFØLGING Bakgrunn Pr 27 mai 2008 var akkumulert sjukefråver i Helse Førde på 10,1 %. Samtidig er det ei vedteke målsetjing i bestillingsdokumentet frå Helse Vest at sjukefråveret i 2008 skal vere på 4,5 %. Med m.a. dette som bakgrunn vil ein i denne saka gje ein status på HMS- arbeidet og sjukefråversutviklinga i Helse Førde. Status Organisering/ansvar Ansvaret for HMS- arbeidet og sjukefråversoppfølging ligg i linja, mens det stabsmessige ansvaret ligg til personaldirektøren. I personalavdelinga er det ein eiga seksjon; HMS- seksjonen som arbeider med fagfeltet. Her er det to stilingar. Grunna permisjon har det berre vore ein tilsett på denne seksjonen i 2007/2008. Vedkomande har i tillegg delteke i arbeidet med andre oppgåver, grunna innføring av MOT- prosjektet. HMS- seksjonen har såleis vore marginalt bemanna i 2007/2008. Fom juli 2008 vil dette betre seg. Vedkomande som er i permisjon er då attende i stilling, samt at seksjonen har fått overført ein tilsett. HMS- seksjonen vil derfor frå hausten 2008 ha 2,5 stillingar i drift. Attføringsutval Føretaket har eit eige attføringsutval som arbeider med overordna retningslinjer og handlingsplanar for attføringsarbeidet. I dette utvalet sit representantar frå HMS- seksjonen, personalavdelinga, føretakstillitsvalde og føretakshovudverneombodet. Vedlagt følgjer HMS Handlingsplanar for 2007 og resultatet av det som då blei gjort innan HMS- området i føretaket. Sjukefråveret i 2008 i respektive klinikkar Oversikten viser sjukefråveret i dei respektive klinikkar pr 27. mai 2008 og pr mai 2007. 1
Klinikk Sjukefråver pr mai 2008 i prosent Sjukefråver pr mai 2007 i prosent Kirurgisk 7,1 6,3 Medisinsk 10 7,3 Psykisk helsevern 8,8 8,1 Medisinsk diagnostikk 5,4 5 Prehospital 12,4 9,5 Intern service 9,7 9,6 Leiing/administrasjon 9,5 9,7 Oversikten syner at det er det Prehospital klinikk som har det høgaste sjukefråveret med 12,4 %. Det lågaste sjukefråveret har Klinikk for medisinsk diagnostikk med 5,4 %. Sjukefråveret varierer stort mellom avdelingane. Av totalt 37 avdelingar har 13 avdelingar eit sjukefråver under 4,5 %, mens 24 avdelingar ligg over dette. Samtidig vert det feil å samanlikne avdelingane med kvarandre. Nokon avdelingar har få tilsette som tilseier at eit sjukefråver gir store utslag. Sjukefråversoversikt Statistikken viser at sjukefråveret er nokolunde jamt fordelt på alder men størst for aldersgruppa 50 59 år: Alder 20 29 7,22 30 39 9,84 40 49 9,03 50 59 10,09 60 69 9,9 Når det gjeld yrkesgrupper er derimot skilnaden stor: Yrkesgruppe Administrativt personale 8,83 Driftspersonale 10,71 Legar 2,47 Pleiepersonale 10,4 Andre behandlarar 8,29 Diagnostisk personale 4,72 Def.:(Driftspersonale: Sekretær, konsulent, helsesekretær, førstekonsulent, førstesekretær, assistent, rådgiver, fullmektig) (Pleiepersonale: Oversjukepleiar, avdelingssjukepleiar, sjukepleiarar, Overjordmor, jordmor, hjelpepleiar) (Andre behandlarar: Ergoterapeut, fysioterapeut, psykolog, sosionom, omsorgsarbeidar, aktivitør) (Diagnostisk personale: Radiograf, bioingeniør, laboratorieassistent, preparant) Når vi ser på dei to yrkesgruppene som har det høgaste sjukefråveret, er det nokon aldersgrupper som skil seg ut: Alder driftspersonale pleiepersonale 20 29 7,76 6,64 30 39 8,51 17,82 40 49 10,86 8,92 2
50 59 11,02 9,26 60 69 15,85 5,33 Her kan relativt få tilsette innanfor ei bestemt aldersgruppe gjer at sjukefråver slår kraftig ut på statistikken. Diagnosar Følgjande tabell over diagnosar vart utarbeidd i 2007. Den viser at muskel/skjelettplager er den vanlegaste årsaka til sjukefråveret. Dette samsvarar også med situasjonen elles i arbeidslivet. Viser også til Oppgåver plan 2008 lenger nede i saka. 2. kvartal 3. kvartal 4. kvartal 1. kvartal Diagnose i % 2006 2006 2006 2007 Uspesifisert 5,2 3,5 3,2 3,0 Fordøyelse 2,8 3,1 3,5 2,3 Hjarte/kar 4,3 4,5 5,6 5,3 Muskel/skjelett 42,2 46,1 41 37,7 Nevrologiske sjukdommar 3,4 4,6 4,3 5,0 Psykiske lidingar 15,9 15,5 21,6 20,8 Luftvegssjukdommar 4,5 5,5 5,7 8,1 Svangeskapsrelaterte 8,3 5,7 6,6 6,8 Anna 13,2 11,5 8,5 10,9 Sjukefråverstype Når ein samanliknar kortids- og langtidsfråveret, så ser vi at det er fråveret i intervallet 9-56 dagar som har høgast fråver. Det er såleis ikkje langtidsfråveret som er Helse Førde si utfordring. Type fråver Intervall Fråversprosent Kortidsfråver 1-3 dg 1,3 % 4.8 dg 1,2 % 9-16 dg 2,1 % Totalt (1-16 dg) 4,6 % Langtidsfråver 15-56 dg 5,1 % Over 56 dg 0,4 % Totalt 5,5 % Sjukefråversoppfølging Føretaket driv ei aktiv sjukefråversoppfølging. Det er etablert rutinar som medfører at det skal vere etablert oppfølgingsplan innan 6 veker, og gjennomført dialogmøte innan 12 veker. Innan 6 månad så kallar NAV inn til dialogmøte 2. Tal attføringssaker i 2007 var totalt 110 stk. Det er ein auke på 36 saker frå 2006. Sakene fordelte seg geografisk slik: - 90 saker i Førde/Tronvik/Florø inkl. ambulansen - 10 saker i Lærdal inkl. ambulansen 3
- 10 saker på Nordfjordeid inkl. ambulansen Pr mai 2008 er status 53 saker som fordeler seg som følgjer: - 35 saker i Førde/Tronvik/Florø inkl. ambulansen - 11 saker i Lærdal inkl. ambulansen - 7 saker på Nordfjordeid inkl. ambulansen Det er ikkje noko eintydig bilde av tilsette som er på oppfølging/attføring. Dette omfattar alle yrkesgrupper og uavhengig av alder. Den typiske tilsette under attføring har tilrettelagd arbeid samtidig som han/ho er delvis sjukmeldt. Nokre er og under utgreiing, men andre venter på søknad om uførestønad. Mange saker løyser seg over tid når det opnar seg ledige stillingar som er meir tilpassa den einskilde sin funksjonsevne. Sjukefråversregistrering Fom april månad vert sjukefråveret og anna fråver registrert via nytt arbeidstidsplanleggingssystem GAT, og overført til det nye lønssystemet. Det betyr at fråversdata er meir nøyaktige enn tidlegare. Spesielt er tal netto moglege dagsverk meir presise. Dette påverkar og aukar truleg sjukefråversprosenten sett i høve til tidlegare rapportering. Samtidig gir det føretaket mykje betre data når det gjeld all type fråver og årsaka til dette. Tidlegare har føretaket rapportert sjukefråver som har vore to månader gamalt. Med det nye systemet er vi derimot i stand til å rapportere sjukefråver frå siste månad. Imidlertid er det vedteke i MOT prosjektet at ved overføring av fråvær frå arbeidstidsplanleggingssytemet GAT til lønssystemet Agresso, skal det vere 14 dagars karenstid. Dette for å sikre at riktig fråværstype vert overført. Det betyr at vi er i stand til å rapportere om lag 26/30 delar av førre månad sitt sjukefråver midt i påfølgjande månad. Oppgåver plan 2008 Det er ikkje enkelt å dokumentere kva som er årsaka til auke i sjukefråveret i 2008. Tidlegare kartlegging av sjukefråver i avdelingar kor sjukefråveret var høgt, viste at det var til dels liten eller ingen samanheng mellom sjukefråveret og situasjonen på arbeidsplassen. Oftast er det samansette problemstillingar kor kombinasjonen mellom ein hektisk arbeidsdag og aktiv familie- og fritid kan vere ein del av årsaka. Likevel veit vi at det er ein del tilhøve som m.a dukkar opp i medarbeidarsamtalar og vernerundar som dei tilsette opplevar som tyngande som kan medføre at dei vert sjukmeldte pga av arbeidssituasjonen. Tunge løft er eit typisk eksempel på det. Innafor det organisatoriske/ psykososiale arbeidsmiljøet nyttar vi oss av medarbeidarsamtalar og planlagde årlege vernerundar. Derfor er det vedteke at Helse Førde i samarbeid med dei andre helseføretaka i Helse Vest skal gå til innkjøp av eit nytt elektronisk kartleggingsverktøy (Corporater Surveyor) som kan nyttast til å gjennomføre alle type kartleggingar og målingar innafor dei fleste områda. Dette vil gje ein unik muligheit til å måle temperaturen i avdelingane på ein betre måte. 4
Helse Førde vil arbeide vidare med å redusere sjukefråveret kor tiltaka vi arbeider med er sortert innafor tre hovudpunkt: 1. Førebyggingstiltak a. Trivselstiltak b. Fysisk aktivitet og trening c. Ergonomisk tilrettelegging d. Informasjonsarbeid e. Opplæring 2. Rehabiliteringstiltak: a. Funksjonsvurdering b. Oppfølging av sjukmeldte c. Omplasseringstiltak d. Rehabilitering 3. Prosjekt a. Gravide- prosjektet b. Andre prosjekt ut frå det gode eksempel kva andre har fått til og som viser å ha effekt. I tilegg arbeider vi med mange tiltak/prosjekt; så vel innan opplæring som organisatoriske, tekniske og bygningsmessige, som vi håper kan påverke arbeidsmiljøet på ein positiv måte, og redusere sjukefråveret. Mange av desse er i startfasen mens andre nettopp er avslutta. Vi vil nemne: - Ein formalisert plan for mottak og opplæring av nytilsette kor m.a. e- opplæring er teke i bruk. - Kjøkkenprosjektet ved Førde sentralsjukehus (FSS). - Pasienthotell ved FSS. - Gjennomgang av struktur og bemanning på ambulansestasjonane. - Etablering av servicesenteret. - E- handel/innkjøpsprosjektet. - Moderniseringsprogrammet herunder gjennomgang av bemanningsplanar. - MOT- prosjektet. - Samorganisering av poliklinikkar og sengepostar. - Auke i dagkirurgisk aktivitet. - Innkjøp av hev- og senkbare senger - Kartlegging av og evt innkjøp av løft og forflytningsutstyr. - Opplæring i korrekte arbeidsstillingar - Innkjøp av nytt stoffkartotek/hms- datablad - Bygningstekniske tilpassingar - Leiaropplæring. I tillegg er det sjølvsagt viktig at alle leiarar på alle nivå har fokus på HMS i det daglege arbeidet. Dette er ein naturleg del av den daglege drifta. Framlegg til vedtak 1. Styret i Helse Førde HF tek saka til orientering. VEDLEGG: 1. HMS handlingsplan 2007 5