Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Saksnr. Møtedato Sakshandsamar FORMANNSKAP 055/13 05.09.2013 TORHAU Avgjerd av: Solund formannskap Arkiv: K1-026 Objekt: FELLES UTVIKLINGSORGANISASJON I HAFS REGIONEN Arkivsaknr 13/369 ADMINISTRASJONSSJEFEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Solund kommune meiner at næringslivet sine innspel bør leggjast særleg vekt på når ein Solund kommune vert med på forprosjekt for felles utviklingsorganisasjon i HAFS-regionen, dersom dei geografiske utfordringane til Solund vert teke omsyn til i arbeidet, og Solund næringssamskipnad tek del i forprosjektet. 05.09.2013 FORMANNSKAP Representanten Tom Færøy seier seg ugild i saka etter forvaltningslova 6, 1. ledd bokstav e. Representanten Tom Færøy forlèt møtet. Dokumentet Forstudierapport, Felles utviklingsorganisasjon i HAFS-regionen, juli 2013 vart delt ut i møtet. Dokumentet er ikkje off., jfr. 13-14 i offlova. FRAMLEGG TIL TILLEGGSPUNKT, NYTT TREDJE AVSNITT FRÅ H V/ORDFØRAR OLE GUNNAR KRAKHELLEN: Ordførar får fullmakt til å signere intensjonsavtalen. Votering: Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak avsnitt 1 2 vart samrøystes vedteke. H sitt framlegg til nytt avsnitt 3 vart samrøystes vedteke.
FOR-055/13 VEDTAK: Solund kommune meiner at næringslivet sine innspel bør leggjast særleg vekt på når ein Solund kommune vert med på forprosjekt for felles utviklingsorganisasjon i HAFS-regionen, dersom dei geografiske utfordringane til Solund vert teke omsyn til i arbeidet, og Solund næringssamskipnad tek del i forprosjektet. Ordførar får fullmakt til å signere intensjonsavtalen.
DOKUMENTLISTE: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 U 20.08.2013 Ordførar i Solund FORSTUDIERAPPORT OG PROSJEKTPLAN FOR FORPROSJEKT OM FELLES UTVIKLINGSORGANISASJON I HAFS VEDLEGG I SAKA: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 U 20.08.2013 Ordførar i Solund FORSTUDIERAPPORT OG PROSJEKTPLAN FOR FORPROSJEKT OM FELLES UTVIKLINGSORGANISASJON I HAFS AKTUELLE LOVER, FORSKRIFTER, AVTALER M.M.: KVA SAKA GJELD: Vurdering om Solund kommune skal delta i forprosjekt felles utviklingsorganisasjon i HAFSregionen SAKSUTGREIING: HAFS-regionråd har fått utarbeidd ein forstudie og prosjektplan for forprosjekt om felles utviklingsorganisasjon i HAFS. Forstudiet vart gjennomført i 4 trinn: 1. Oppstartsmøte med regionrådet og næringsmedarbeiderne i regionen 2. Kartlegging av kommuneledelsens interesse for felles organisasjon. Telefonintervju med ordførere og rådmenn i HAFS kommunene 3. Kartlegging av næringslivets interesse av en evt. felles organisasjon: Telefonintervju med representanter fra næringsorganisasjonene. 4. Kartlegging av næringsmedarbeidernes interesse av en felles organisasjon. Telefonintervju med næringsmedarbeiderne i regionen. Utvalget er gjort av oppdragsgiver.
Forstudiet er utført av Maximite og konkluderer fylgjande: «Regionrådet for HAFS regionen anbefales å gå videre med arbeidet for etablering av en felles utviklingsorganisasjon. Vi anbefaler at det etableres et forprosjekt hvor de mest motiverte deltar; kommunene Hyllestad, Fjaler og Askvoll, sammen med sine respektive næringsforeninger og Lutelandet Utvikling as. Solund kommune må vurdere nøye om de ser seg tjent med å delta. Gulen kommune har tilfredsstillende løsninger i dag og bør følgelig ikke inn i forprosjektet. Forprosjektets mål må være å gi underlag for etablering av en felles utviklingsorganisasjon; forretningsplan, forslag til vedtekter og stiftelsesdokumenter. Forprosjektet må gjøre en realistisk vurdering av den langsiktige framtidige finansieringen av felles utviklingsorganisasjon, samt gjøre nøye vurderinger av hvilke(n) organisasjonsmodeller som er de eller den mest hensiktsmessige. Nærmere innhold i forprosjektet er beskrevet i egen prosjektplan.» Sogn og Fjordane fylkeskommune har lenge ivra for meir samarbeid mellom kommunar innan næringsutvikling. I fleire år har kommunar som samarbeider gjennom felles fyrstelineteneste for etablerarar og felles næringsfond fått tilført ekstra påfylling på næringsfondet. I 2013 fekk alle kommunar som hadde slikt formelt samarbeid inntil kr 133 000,- ekstra i påfylling på næringsfondet. Fylkeskommunen støtta forstudien med tilskot og har gjeve klåre signal om at dei ynskjer å støtte eit forprosjekt. Forstudiet viser at det i fleire av kommunane er interesse for å gå vidare med ideen om meir samarbeid i næringsarbeidet i regionen. I forstudiet vert det konkludert med at HAFS regionråd går vidare med arbeidet for etablering av ein felles utviklingsorganisasjon. Det vert tilrådd etablering av eit forprosjekt der dei mest motiverte deltek. Solund kommune vert oppmoda om å nøye vurdere om ein ser seg tent med å delta. Maximite har laga eit framlegg til Prosjektplan for forprosjekt felles utviklingsorganisasjon i HAFS-regionen. Prosjektmål for forprosjekt: «Å gje underlag for evt. etablering av ein felles utviklingsorganisasjon innan utgangen av 2014; dette vil omfatte mellom anna forretningsplan/prospekt, forslag til vedtekter og stiftelsesdokument.»
Budsjett og finansieringsplan: Det kommunale bidraget i forprosjektet er på kr 100 000,- av dette er kr 70 000,- tilskot og kr 30 000,- kommunal eigeninnsats. Summane skal delast på tal kommunar som vert med. Tilskota frå kommunane kan hentast frå næringsfonda. Kostnader: Innleidd bistand 270.000,- Juridisk vurdering 50.000,- Prosjektstøtte frå HAFS regionråd 30.000,- Eigeninnsats næringssamskipnadane/llut 50.000,- Eigeninnsats arbeid kommunane 30.000,- Uforutsette kostnader 50.000,- Samla kostnader ex mva 480.000,- Finansiering Tilskot Sogn og Fjordane Fylkeskommune 250.000,- Tilskot frå kommunane 70.000,- Eigeninnsats kommunane 30.000,- Juridisk vurdering finansiert gjennom Lutelandet Utv. AS 50.000,- Eigeninnsats HAFS regionråd 30.000,- Eigeninnsats næringssamskipnadane/llut 50.000,- Samla finansiering ex mva 480.000,- VURDERING: Forstudiet viser at næringslivet i Solund, representert ved Næringssamskipnaden, er positive til ei vidare utgreiing av felles utviklingsorganisasjon i HAFS. Ved sentralisering av felles næringsorganisasjon kan avstand og tilgjenge verte ei utfordring, særleg for Solund som uansett vil få lengst veg. Dette kan løysast på ulike måtar, og må vurderast særskilt i forprosjektet. At avstanden til Solund kan krevje særskilt merksemd i eit framtidig samarbeid, har og kome fram i svara frå andre kommunar. Administrasjonssjefen meiner at næringslivet sine innspel bør leggjast særleg vekt på når ein Administrasjonssjefen tilrår at Solund kommune vert med på forprosjekt for felles utviklingsorganisasjon i HAFS-regionen, dersom dei geografiske utfordringane til Solund vert teke omsyn til i arbeidet, og Solund næringssamskipnad tek del i forprosjektet. ETTER ENDELEG VEDTAK UTSKRIFT TIL: HAFS regionråd HAFS kommunane Solund Næringssamskipnad Solund Næringsutvikling AS