Planprogram. Reguleringsplan rv. 15 Nørdre Snerle - Storsvingen Vågå kommune. Godkjent av kommunestyret i Vågå 25. august 2015, sak 69/15

Like dokumenter
Høyringsutgåve. Forslag til planprogram. Reguleringsplan rv. 15 Rudilykkja - Nørdre Snerle Vågå kommune. Region øst

Planprogram. Godkjent av kommunestyret i Vågå 16. juni 2015, sak 55/15. Reguleringsplan rv. 15 Rudilykkja - Nørdre Snerle. Vågå kommune.

INNHOLD: 1. BAKGRUNN OG FORMÅL FOR PLANARBEIDET 2. BELIGGENHET 3. REGULERLINGSPLAN MED PLANPROGRAM 4. RAMMER FOR PLANARBEIDET

Planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

2. Referat frå oppstartsmøte

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

E6 Kvithammer - Skatval, gang- og sykkelveg

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

PLANPROGRAM FOR DETALJPLAN FOR RÆSTADHAGEN HYTTEFELT Detaljregulering av ein teig av gnr. 27, bnr. 4 på Ræstad i Midsund kommune.

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 039/16 Plan- og miljøutvalet PS Vedtak av planprogram for reguleringsplan Nesfossen næringsområde

Forslag Planprogram. Skipavika næringspark, Gulen kommune Gnr 79 bnr 4,33

HERØY KOMMUNE Plan-ID: REGULERINGSPLAN FOR GANG OG SYKKELVEG FYLKESVEG 10 MOLTUSTRANDA PLANOMTALE SEPTEMBER 2014

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 045/18 Plan- og miljøutvalet PS

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

Statens vegvesen. Behandlende enhet: Saksbehandler/telefon: Vår referanse: Deres referanse: Vår dato: Region midt Astrid Eide Stavseng /

Vedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

E39 Bogstunnelen Gaular grense

Vurdering av verknader skal gjerast på grunnlag av løysingar vist i reguleringsplan for tiltaket.

Statens vegvesen. Referat. E134 Espelandssvingane gong- og sykkelveg - Oppsummering frå gjennomført ope møte i Bygdahuset Ølensvåg

EID KOMMUNE. Møtebok. Detaljreguleringsplan for Lund masseuttak - vedtak

Utbetring av sikt i kryssa mellom rv. 55 og Leitevegen-Henjavegen. Saksutgreiing REGULERINGSPLAN. Rv. 55 Sognefjordvegen Leikanger kommune

HARAM KOMMUNE Sakspapir

E6 Kvithammer - Skatval Reguleringsplan gang- og sykkelveg Hp 05 km

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

Vedtak om oppstart av reguleringsplanarbeid og høyring av planprogram for Johan Sverdrup oljerøyrleidning, Bergsvikhamn til Mongstad

HARAM KOMMUNE Sakspapir

REVISJON AV AREALDELEN I KOMMUNEPLANEN UTLEGGING TIL HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING

DETALJREGULERINGSPLAN FOR GNR.38 BNR.8 MFL., EGGESBØNES I HERØY KOMMUNE (TILRETTELEGGING FOR ETABLERING AV NYTT NÆRINGSAREAL OG KAIANLEGG)

Varsel om oppstart Detaljregulering for Rovde Industripark

SÆRUTSKRIFT AV MØTEBOK

Gjeiskelid Hyttefelt

Detaljreguleringsplan for: Hyttefelt i Gjesdal, del av gnr 45 bnr 8, del 2 med konsekvensutredning Godkjent Planprogram

Saksnr. Utval Møtedato 011/15 Plan og utvikling

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og. PS samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID

Planomtale for detaljregulering for gang- og sykkelveg langs fv. 252 Lalandsvegen, søre del på Tu, Planid 6320

Motsegn til reguleringsplan for Rv. 49 Vikøy Nordheimsund Vikøyevjo i Kvam Herad

Fastsetting av planprogram til kommuneplan for Valle kommune

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Øystre Slidre kommune Saksframlegg

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

REGULERINGSPLAN FOR SANDTAK VIE, GBNR 43/1, 43/3 M.FL. FØRDE KOMMUNE

PLANPROGRAM FOR OMRÅDEREGULERINGSPLAN SMIEHOGEN

1. gongs høyring og utlegging til offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Hartoll Setergrend

Forslag til planprogram

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Saksnr. Utval Møtedato 097/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr.

Kvam herad. Sakspapir

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER

Saksnr. Utval Møtedato 142/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Planprogram. Reguleringsplan for Mørke næringsområde PLANID Til offentleg ettersyn juni Øystre Slidre kommune

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 005/ Råd for seniorar og menneske med nedsett 002/

Kunngjering av planoppstart for ein privat detaljreguleringsplan for Leirdalen gnr. 61, bnr. 8 mfl. i Førde kommune

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES. PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova av 6

Radøy kommune Saksframlegg

E16 Oppheim - Humlabrekke Voss kommune

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale

31/15 Formannskapet Reguleringsplan for hytteområde Bjønnskardet - høyring og offentleg ettersyn

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Oppgradering av 300 kv-kraftledning Mauranger Samnanger

Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

PLANINITIATIV. DETALJREGULERING FOR ØVSTE ØGGARDSLIA Gnr 50/1 og 51/2, Stranda kommune I henhold til Plan- og bygningsloven 12-3 og 12-8

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

Reguleringsplan for Rindarøy ( ) - 1. offentlege ettersyn

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 BJVI

Varsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av bustadfelt B1, Kolset

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

Frå kommuneplan til reguleringsplan for ny veg frå Breivika til Lerstad.

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

Ny vurdering av behov for konsekvensutgreiing ved detaljregulering av ny fv 57 Storehaug-Hjelmeland i Gaular kommune

PLANINITIATIV OG FØRESPURNAD OM OPPSTARTSMØTE

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as

Plan- og bygningsloven. Gunn Tove Nyheim

Samordna uttale med motsegn - offentleg ettersyn - Kvinnherad gnr. 154 bnr. 257 m fl - Opsonger - industriområde og bustadområde - detaljregulering

Detaljregulering for Nedre Skjørsand fritidsanlegg - Høyring og offentleg ettersyn 1. gongs handsaming

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

FORSLAG TIL PLANPROGRAM

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Informasjonsmøte fv 654 Indre Herøy Kyrkje- Stokksundbrua

Transkript:

Planprogram Reguleringsplan rv. 15 Nørdre Snerle - Storsvingen Vågå kommune Godkjent av kommunestyret i Vågå 25. august 2015, sak 69/15 Region øst April 2015, rev juli 2015

Innhald 1. BAKGRUNN OG FORMÅL FOR PLANARBEIDET... 2 2. PLANOMRÅDET... 3 3. REGULERINGSPLAN MED PLANPROGRAM... 4 4. RAMMER FOR PLANARBEIDET... 5 5. KONSEKVENSAR SOM SKAL BELYSAST... 7 5.1 Kulturminne... 7 5.2 Vassdrag... 8 5.3 Naturmangfald... 8 5.4 Landskapsverknad... 8 5.5 Andre tilhøve... 8 6. RISIKO OG SÅRBARHET... 9 7. FRAMDRIFT OG PLANPROSESS... 9 1

1. BAKGRUNN OG FORMÅL FOR PLANARBEIDET Tiltaket skal betre framkomst og trafikktryggleik på rv. 15 fra Nørdre Snerle til Storsvingen i Vågå kommune, ei strekning på ca 750 meter. Dagens veg er smal og svingete. Det aktuelle området er vist på kart under. Strekninga er den andre av to delstrekningar som vert regulert for utbetring. Det er allereie utarbeidd planprogram for strekninga Rudilykkja Nørdre Snerle, og vedtak for denne første deltrekninga blir truleg i september/oktober 2015. Figur 1: Oversiktskart. Den aktuelle strekninga er markert med blått på kartet. Delstrekning 1 (Rudilykkja Nørdre Snerle) er vist med stipla, raud linje Full utbetring på strekninga har ikkje nådd opp i prioriteringane i samband med Nasjonal transportplan 2014-17. Vi ser nå på moglegheita for å gjera ei enklare utbetring innafor midlar som kan bli tilgjengelege. Det er ikkje mogleg å få til ei fullverdig utbetring etter handbøkene sine krav innafor dei rammene som ligg føre. Ei enklare utbetring vil likevel gi stor betring i forhold til dagens situasjon. Byggjestart for delstrekning 1 er tenkt vinteren 2015/16. Det er ønskjeleg å ta delstrekning 2 året etter, men dette er avhengig av tildeling av midlar. Utbetringa er ikkje vist i gjeldande kommunedelplan for Vågå nord. Dette planprogrammet er utarbeidd for å leggja rammene for arbeidet med en reguleringsplan for tiltaket. Hovudtrekka i tiltaket vil vera: Utbetring ved auka breidde (frå ca 6,0 til 7,5 m) og forsterkning av vegen med utgangspunkt i dagens trasé. All utviding av eksisterande veg vil gjerast innover i terrenget, bort frå Lalmsvatnet. Kurveutretting vert vurdert for Solheimsvingen, utfylling mot Lalmsvatnet vil da vere aktuelt. Vurdere behovet for oppgradering av busshaldeplasser på strekninga 2

Det skal takast omsyn til tilstøytande eigedomar t.d. ved å behalde driftstilkomstar. Vi vil vurdere om attverande vegsløyfer etter eventuell kurveutretting kan fjernast, dei vil i så fall bli sett i stand som LNF-område, evt dyrkajord der det ligg til rette for det, og ført tilbake til grunneigar. 2. PLANOMRÅDET Planområdet strekk seg langs rv. 15 i Vågå kommune frå Nørdre Snerle til Storsvingen. Strekninga er ca 750 meter og går langs Lalmsvatnet gjennom eit jordbruksområde med spreidde gardar. Planområdet er definert som ei stripe langs dagens veg. Midlertidig anleggsbelte er innafor planområdet. Mindre kurveutrettingar på strekninga vil bli vurdert. Figur 2: Førebels plangrense 3

3. REGULERINGSPLAN MED PLANPROGRAM Konsekvensutgreiing Statens vegvesen har saman med Vågå kommune vurdert tiltaket i forhold til forskrift om konsekvensutgreiing (KU) etter plan- og bygningslova. Vurderinga konkluderer med at prosjektet ikkje vert omfatta av 2 og vedlegg I i forskrifta. Dei infrastrukturtiltaka som er nemnde i vedlegg I er av ein heilt annan dimensjon enn dette tiltaket inneber. Vidare er tiltaket vurdert etter 3 og 4, og vedlegg II og III i forskrifta. Vurderinga konkluderer med at prosjektet vert omfatta av vedlegg III pkt. d), dvs at tiltaket kan kome i konflikt med «en forekomst av en utvalgt eller truet naturtype, verdifull naturtype av verdi A eller B, truet eller prioritert art, eller mot økologisk funksjonsområde for en prioritert art». Planprosess Planprosessen vert lagt opp etter plan- og bygningsloven og forskrift om konsekvensutgreiingar. Forskrifta inneber at det skal utarbeidast eit planprogram, som skal klargjera premisser og rammer for planarbeidet, irekna kva forslag som skal lagast utgreiing om og/eller omtalast nærare. Programmet sendast på høyring til offentlege myndigheiter og interesseorganisasjonar og vert lagt ut til offentlig ettersyn, samtidig med kunngjeringa om oppstart av planarbeidet. Etter at vi har vurdert innspela og eventuelt gjort endringar i planprogrammet, vert dette sendt til kommunen for endeleg vedtak i kommunestyret.. Det vedtekne planprogrammet vert lagt til grunn for utarbeiding av forslag til reguleringsplan. Reguleringsplanen vil innehalde plankart, planføresegner og ei planskildring som gjer greie for dagens situasjon og verknader av tiltaket. Forskrifta stiller prosess- og dokumentasjonskrav til planer som kan ha vesentlege verknader. Det er dei mest vesentlege konsekvensar av planforslaget som skal omtalast og vurderast. Roller i planprosessen I samarbeid med Vågå kommune varslar Statens vegvesen oppstart av planarbeid og legg planprogrammet ut på høyring, mens kommunen fastlegg planprogrammet. Vidare utarbeider Vegvesenet forslag til reguleringsplan og legg dette ut til offentleg ettersyn. Saman med høyringsuttalene sender vegvesenet planen til slutt over til kommunen for godkjenning i kommunestyret. Dette er i samsvar med 3-7 i plan- og bygningsloven. Medverknad i planlegginga Planprosessen følgjer plan- og bygningsloven sine regler for medverknad. Varsel om oppstart av planarbeid vert annonsert i avisa og grunneigarar og offentlege myndigheiter får brev om saka med moglegheit for å koma med innspel til planlegginga. Same prosedyre gjeld når forslag til reguleringsplan leggjast ut til høyring. Det er i utgangspunktet ikkje tenkte å ha ope møte for planprosessen for denne delstrekninga. Det var ope møte for reguleringsplan for delstrekning 1 (Rudilykkja Nørdre Snerle) i april 2015, her vart også planane for delstrekning 2 (Nørdre Snerle Storsvingen) gjennomgått. Det er berre ein grunneigar innanfor planområdet for delstrekning 2. 4

4. RAMMER FOR PLANARBEIDET Vegstandard og linjeføring Tiltaket inneber utviding av vegen til ein gjennomgåande standard med 7,5 m total vegbreidde (sjå figur 3). I kurver utvidast vegen til 8,5 meter. Breiddeutviding av eksisterande veg skal gjerast innover i terrenget, vekk frå Lalmsvatnet. I Solheimsvingen vurderast kurveutretting med fylling ut mot Lalmsvatnet. Omtrentlig utfyllingsbehov er vist i figur 4. Figur 3: Normalprofil - typisk snitt ved utbetring av dagens veg. Figur 4: Førebels skisse som viser sannsynleg framtidig veglinje med utfyllingsbehov mot Lalmsvatnet. Innanfor planområdet kjem også areal til midlertidig anleggsbelte. 5

Eksisterande arealplaner i området. Kommunedelplan for Vågå nord vedteken 30.10.2001. I planen er vegen sitt sideareal avsett til LNF-3 og LNF-4, dvs områder med forbod mot byggje- og anleggstiltak med særskilte miljø- og ressursinteresser og verdifulle kulturlandskapskvalitetar. Det er ingen reguleringsplaner i området. Aktuelt lovverk for tiltaket Plan- og bygningsloven Reguleringsplanen vert utarbeid i samsvar med plan- og bygningsloven, blant anna basert på dette planprogrammet og høyringa av dette. Tilhøvet til jord- og skogbrukslovgivinga blir avklart gjennom behandlinga etter plan- og bygningsloven. Naturmangfaldloven Loven gir reglar om berekraftig bruk og vern av naturen. Tiltaket omfattar ikkje områder som er verna eller foreslått verna etter denne loven. Sjå vurderingar i kap. 5.3. Kulturminneloven I samband med utarbeiding av reguleringsplaner, skal kulturminnemyndigheitene avklare om det er kulturminner i området og vidare ta stilling til om de skal bevarast eller kan frigjevast. Sjå vurderingar i kap. 5.1. Vannressursloven og omsyn til vatn og vassdrag NVE (Norges vassdrag- og energidirektorat) er høyringspart ved utarbeiding av reguleringsplaner. Dersom tiltaket verkar inn på tilhøva i vassdrag, må det vere avklara med NVE. Vi ynskjer å rette ut rv. 15 på strekninga ved Solheimsvingen, og her vil det vere aktuelt å legge vegen på fylling ut mot Lalmsvatnet (sjå fig. 4 over.). Det er gjort greie for behov for undersøkingar og utgreingar i kap. 5.2. Omsynet til vasskvalitet vil bli behandla opp mot forureiningsforskrifta, vassforskrifta og naturmangfaldloven gjennom omtale i planen. Vi vil gjere ei vurdering av behov for føresegner i planen og ordinær behandling etter plan- og bygningsloven. Nasjonale og regionale mål og retningsliner Desse nasjonale og regionale mål og retningsliner skal leggjast til grunn for planarbeidet: Retningslinje for behandling støy i arealplanleggingen (T 1442/2012). Omfattar krav til korleis støy skal behandlast i arealplaner. I veiledninga til forskrifta heiter det at «miljø- og sikkerhetstiltak som ikke forverrer støyforholdene ved eksisterende virksomhet skal som hovedregel kunne gjennomføres uten samtidig utbedring av støyforholdene.» 6

Statlige planretningslinjer for samordnet bolig, areal- og transportplanlegging Arealbruk og transportsystem skal utviklast slik at dei fremmar ei samfunnsøkonomisk effektiv utnytting av ressursane, med gode løysingar for miljøet, trygge lokalsamfunn og bomiljø, god trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling. Det skal leggjast til grunn eit langsiktig, berekraftig perspektiv i planlegginga. Barn og unges interesser i planlegginga Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planlegginga ble satt i verk i 1989 for å ivareta deira interesser i samfunnsutviklinga. Det skal leggjast til rette for arealbruk som gir mest mogleg trygge og aktivitetsfremjande omgivnader. Regelverket går fram av Miljøverndepartementet sitt rundskriv T 2/08. Universell utforming Universell utforming er nedfelt i formålsparagrafen i plan- og bygningsloven. Prinsippet om universell utforming skal ligge til grunn for planlegginga. Det inneber at likeverdige moglegheiter til deltaking i samfunnet skal fremjast gjennom lovens system og føresegner. 5. KONSEKVENSAR SOM SKAL BELYSAST Planprogrammet legg vekt på å få fram relevant informasjon for det området planen omfattar og dei verknader tiltaket vert vurdert å kunne ha. Dette blir innarbeidd i reguleringsplanen som vert sendt ut på høyring og blir behandla i kommunen. Alternativa som skal gjerast greie for er 0-alternativet, dvs vegen slik han er i dag Alternativ 1, utbetring av vegen med utgangspunkt i dagens trasé Alternativ 2, utbetring av vegen med utgangspunkt i dagens trasé, men med kurveutretting i Solheimsvingen med utfylling mot Lalmsvatnet, slik det er gjort greie for i kap 1 og 4. Tema som skal utgreiast i samband med reguleringsplanen: 5.1 Kulturminne Planområdet for denne reguleringsplanen (delstrekning 2) har ikkje særskilt stort potensiale for funn av kulturminne. Lengst sør i planområdet, mot delstrekning 1, finst det eit mindre område med potensiale for funn. Kulturminneregistreringar (maskinell søkesjakting) gjerast for delstrekning 1 i april/mai 2015, og behovet for eventuelle registreringar i søre del av planområdet i delstrekning 2 vert avklara som ein del av arbeidet med delstrekning 1. 7

5.2 Vassdrag Vi vil gjere ei vurdering av korleis den planlagde utfyllinga i Solheimsvingen eventuelt vil påverke hydrologi og biologi i Lalmsvatnet. Vi vil sjå på korleis ei eventuell utfylling vil påverke vassdraget på grunn av endringar på strandsone, straumforhold og anna. Vi vil også gjere ei vurdering av om utfyllinga vil auke partikkelavrenninga ved å trengje bort botnsediment, og om massane i utfyllinga vil kunne gje auka forureining. Det skal gjerast greie for eventuelle avbøtande tiltak. Reetablering av kantvegetasjon for å stagge avrenning frå ny fylling kan vere aktuelt. Tiltak for å minimere forureining av vassdrag i anleggsfasen skal vurderast. Vidare skal planlegginga ta høgde for at vegen skal tåle flaum i framtida. 5.3 Naturmangfald Strekninga på Rv15 går i til dels bratt terreng ned mot Lalmsvatnet. På nordsida av vegen er det kulturlandskap og skog med til dels høge vegskjeringar. Området sør for vegen er prega av flaumpåverka mark med innslag av lauvtrær. Trua plantearter eller plantesamfunn kan vere knytte til dette området ved Solheimsvingen. I tillegg til at flaummarkområde kan ha trua flora, har slike område også ein funksjon ved å dempe flaumtoppar i vassdrag. Vi meiner derfor at det er behov for å undersøke kva naturverdiar som vert påverka dersom vi skal rette ut vegen ved Solheimsvingen. Vi er ikkje kjende med at dette området tidlegare er kartlagt, og vi vil derfor kartleggje vegetasjonen i området der vi planlegg vegfylling ut mot Lalmsvatnet. Undersøkingane skal gi oss svar på kva naturtypar som eventuelt finst i området og om det finst trua arter der. Vi vil også gjere ei vurdering av kor særeige dette området er i vassdraget generelt. Etter at undersøkingane er gjennomførte, vil vi gjere ei fullstendig vurdering av tiltaket mot naturmangfaldloven 8-12 som ein del av reguleringsplanen. Vi vil da gå gjennom eventuelle konsekvensar av tiltaket for vassdrag, fauna og flora og kva avbøtande tiltak vi eventuelt vil gjennomføre for å avgrense konsekvensane. 5.4 Landskapsverknad Området har særskilte kulturlandskapskvalitetar. Området er i kommuneplanens arealdel avsett til LNF3- og LNF4-område, dvs område med forbod mot byggje- og anleggstiltak med særskilte miljø- og ressursinteresser og verdifulle kulturlandskapskvalitetar. Landskapsverknadene av tiltaket skal vurderast og eventuelt visast på illustrasjonar. Vi vil gjere ei vurdering av kva tiltak som kan gjerast for å avgrense negative konsekvensar for landskapsverknadane. 5.5 Andre tilhøve Andre tilhøve som skal gjerast greie for i planprosessen er: Kollektivhaldeplassar og tilgjenge for mjuke trafikantar: Det er i dag haldeplassar ved Nørdre Snerle og Solheim retning Vågå. I planprosessen vil vi gjera ei vurdering av desse, inkludert standard og behov for oppgradering, og behov for haldeplassar retning Lalm. Gang- og sykkelveg på strekninga er ikkje ein del av prosjektet. 8

Støy. Støy frå trafikk på rv 15 vil bli gjort greie for i samband med reguleringsplanen jf gjeldande retningsliner, og det må takast stilling til ev. tiltak for å redusere støy. Omdisponering av dyrka mark / arealregnskap. Trafikkavvikling i byggjetida. 6. RISIKO OG SÅRBARHET Risiko- og sårbarheitanalyse (ROS-analyse) for tiltaket skal utarbeidast. Analysa kartlegger uønskte hendingar som kan inntreffe, kor sannsynlige dei er og kva som må gjerast for å redusere risiko og omfanget av skaden. 7. FRAMDRIFT OG PLANPROSESS Statens vegvesen ynskjer ein rask planprosess for å sikre moglegheit for å nytte overskotsmasse frå delstrekning 1 (Rudilykkja Nørdre Snerle) til eventuell kurveutretting i delstrekning 2 (Nørdre Snerle Storsvingen). Delstrekning 1 har truleg byggjestart i januar 2015. Offentleg ettersyn av planprogrammet 30.april 12. juni 2015 Vedtak planprogram September 2015 Forslag til reguleringsplan og offentleg ettersyn Haust 2015 Statens vegvesen sender planen med innkomne merknader og vurdering av desse til kommunen November 2015 Sluttbehandling av planen i Vågå kommune Desember 2015 Byggjeplanlegging og førebuing Bygging Når finansiering er klar Usikkert 9