VANG KOMMUNE Landbruk/teknisk etat Adresseliste Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Vår dato: SUNHAK - 15/2285 G10 18.05.2015 Folkehelseplan 2015-2018 til offentlig ettersyn og høyring Hovudutval for utvikling vedtok i møtet den 12.5.2015 (sak 025/15) å leggje «Folkehelseplan for Vang 2015-2018» ut på offentleg ettersyn og høyring. Folkehelseplanen skal ha status som ein kommunedelplan og skal difor fylgje saksbehandlingsreglane som plan- og bygningslova (pbl) set i kapittel 11, jf. òg kapittel 5. Folkehelseoversikta som er utarbeida er ei beskriving av forholda og er eit viktig grunnlagsdokument som folkehelseplanen byggjer på. Denne ligg ved folkehelseplanen når den leggast ut til høyring. Vedlagt ligg saksframlegget med protokoll, Folkehelseplanen og folkehelseoversikta. Dokumenta ligg òg tilgjengeleg på heimesida til kommunen. Merknadar til planforslaget sendast skriftleg til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, eller på e-post til post@vang.kommune.no. Frist for å kome med merknadar er satt til 15.5.2015. Med helsing Håkon Berg Sundet arealplanleggjar Dir. tlf.: 61369474 E-mail:hakon.berg.sundet@vang.kommune.no Vedlegg: - Folkehelseplan for Vang 2015-2018 - Oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer i Vang kommune 2015 Adresseliste: Fylkesmannen i Oppland Side 1 av 5 Postadresse : 2975 Vang i Valdres Tlf Foretaks nr. : 961 382 246 Fax : 61 36 85 00 : 61 36 85 01 Bank Post : 2146 07 00024 : 0803 53 49600 URL : e-post : http://www.vang.kommune.no vang.kommune@vang.kommune.no
Oppland fylkeskommune Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Hovudutval for levekår Eldrerådet Side 2 av 5
SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK Behandla av Møtedato Saksnr. Saksansvarleg Hovudutval for utvikling 12.05.2015 025/15 SUNHAK ArkivsakID JournalID ArkivID Saksbehandler 15/200 15/1983 G10 Håkon Berg Sundet Folkehelseplan - behandling forut for offentleg ettersyn og høyring Vedlegg: Dok. dato Tittel Dok.ID 05.05.2015 Folkehelseplan 2015-2018 høringsutkast (folkehelse) 80538 05.05.2015 Oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer 80539 høringsutkast Saksopplysninger: Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova) vart sett i kraft frå 1. jan. 2012. Kap. 2 i denne lova omtalar kommunen ikkje lenger helsetenesta sitt ansvar for folkehelsearbeidet. Det heiter m.a. i 4: «Kommunen skal fremme folkehelse innen de oppgaver og med de virkemidler kommunen er tillagt, herunder ved lokal utvikling og planlegging, forvaltning og tjenesteyting.» Som ein viktig reiskap for dette skal kommunen etter 5 utarbeide eit skriftleg oversyn over helsetilstand og dei positive og negative faktorar som kan verke inn på denne. I følgje lova sin 5, 1.-2. ledd skal oversynet m.a. baserast på: a) opplysninger som statlige helsemyndigheter og fylkeskommunen gjør tilgjengelig etter 20 og 25, b) kunnskap fra de kommunale helse- og omsorgstjenestene, jf. helse- og omsorgstjenesteloven 3-3 og c) kunnskap om faktorer og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innvirkning på befolkningens helse. Oversikten skal være skriftlig og identifisere folkehelseutfordringene i kommunen, herunder vurdere konsekvenser og årsaksforhold. Kommunen skal særlig være oppmerksom på trekk ved utviklingen som kan skape eller opprettholde sosiale eller helsemessige problemer eller sosiale helseforskjeller. I tillegg har kommunestyret bede om utarbeiding av ein plan for folkehelsearbeidet. Side 3 av 5
Vurdering: Rådmannen nedsette i juni 2013 eit arbeidsutval beståande av konsulent ved skulekontoret, landbruksrådgjevar ved landbruk/teknisk, leiar for institusjons- og heimebaserte tenester, folkehelsekoordinator og kommuneoverlege. Det vart tidleg klårt at samfunnsplanleggjar ved Oppland fylkeskommune utarbeidde ein mal for dette dokumentet for alle kommunane i fylket. Denne malen kom ikkje før i mars 2014 og låg da føre på bokmål. Ettersom arbeidet var kome så seint i gang, valde arbeidsgruppa difor å ikkje bruke tid på omsetjing til nynorsk, men halde fram arbeidet på bokmål. I malen var det sett inn diverse grafar med generelle kommentarar om kva den enkelte parameter seier om folkehelse (markert med grå bakgrunnsfarge). Kommunen sine eigne vurderingar er markert med lys blå bakgrunnsfarge. I tillegg har arbeidsgruppa innhenta ytterlegare opplysningar frå statlege og interkommunale kjelder og supplert med kunnskap frå fleire tilsette i kommunen. Resultat frå UngData-undersøkingane og Østlandsforskning sin helseundersøking frå vinteren 2014 er også take med. Arbeidsgruppa meiner at føreliggjande dokument gir eit godt oversyn over helsetilstanden i Vang og det som kan verke inn på denne. Det ser ut til at Vang i store trekk ikkje skil seg avgjerande frå landet elles, men har mange av dei same utfordringane som andre stader. Hovudutfordringane er oppsummert i kap. 6 i dokumentet. Helseoversynet skal danne grunnlag for utarbeiding av planstrategien for kommunen. I forlenginga av helseoversynet er det utarbeidd ein plan for folkehelsearbeidet. Denne inneheld framlegg til nokre nye tiltak, til dels presisering av eksisterande tiltak som er viktig å føre vidare. Elles er det i stor grad forslag om arbeidsmåtar og bevisstgjering av tilsette i deira møte med brukarane. Det viktige er at omsynet til folkehelse blir innarbeidd i alle kommunale planar. Plan for folkehelse skal ha status som ein kommunedelplan og skal difor fylgje saksbehandlingsreglane som plan- og bygningslova (pbl) set i kapittel 11, jf. òg kapittel 5. Folkehelseoversikta som er utarbeida er ei beskriving av forholda og er eit viktig grunnlagsdokument som folkehelseplanen byggjer på. Denne ligg ved folkehelseplanen når den leggast ut til høyring. Framlegg til vedtak: HU legg med dette Folkehelseplan 2015-2018 ut på offentleg ettersyn og høyring, jf. pbl 11-14. Saka vart behandla i Hovudutval for utvikling 12.05.2015 HU-025/15 Vedtak: Som framlegget, samrøystes. Side 4 av 5
Side 5 av 5