SAKSF RAM LE G G Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 223 U3 Arkivsaksnr.: 16 / 1011 Næringssak Rådmannen si tilråding: Saka er lagt fram utan tilråding.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Søknader frå HTL Solutions AS, Gandrudbakken Etiketter AS og HTL Eigedom AS Uprenta vedlegg : Samandrag: Det er siste tida etablert fire selskap på Hafslo innafor området «heat transfer labels» eller overføringstrykk/ merking av tekstil. Desse selskapa er H TL Holding AS, H TL Solutions AS, H TL Eigedom AS og Gandrudbakken Etiketter AS. Det føreligg ein søknad frå desse selskapa om finansiering frå Luster kommune. Saka har vore drøfta som ikkje offentleg næringsak i næringsutvalet protokollering; med slik Saka var lag t fram utan tilråding for drøfting i næringsutvalet. Næringsutvalet drøfta ulike sider ved saka med referanse til det grunnlaget som gjeld for handsaming av næringssaker i kommunen. Rådmann vart bedd om å supplere saksframlegget slik at saka kan handsamast som ei offentleg næringssak for handsaming i formannskap og kommunestyre. Det vert kalla inn til ekstra møte i formannskapet 17.03 i forkant av kommunestyret sitt møte for handsaming av saka. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret Fakta: Det er siste tida etablert fire selskap på Hafslo innafor området «heat transfer labels» eller overføringstrykk/ merking av tekstil. Desse selskapa er H TL Holding AS, HTL Solutions AS, H TL Eigedom AS og Gandrudbakken Etiketter AS. Det føreligg ein søknad f rå desse selskapa om finansiering frå Luster kommune. Selskapa har eit eigarskap som består av Ole Henrik Nitter Walaker, Norteck AS, Nes Eigedom AS, Robert Veum, Jan Øvrebø, Håstein Eigedom AS, Ola Skophamar og Norsk Transfer teknologi AS. Det er 10.204.0 00 kr i eigenkapital i selskapa. Alle selskapa skal ha forretningsområde innafor «merking og dekorasjon av plagg og tekstilar». To av selskapa er operative i marknaden: H TL Solutions og Gandrudbakken Etiketter AS. H TL Solutions AS skal drive utviklingsa rbeid innafor prosessar, maskiner, utstyr og kjemi. Selskapet skal utvikle og selje sine løysingar til kundar i ein internasjonal marknad. Det er planlagt eit totalt investeringsbehov på 7.7 mill kr i dette selskapet til maskiner, utstyr og utvikling. H TL Solutions skriv slik i søknaden: HTL Solutions AS (HTLS AS) er et teknologiselskap som utvikler og videreutvikler prosesser, maskiner, utstyr, og kjemi som inngår i produksjon av "Heat Transfer Labels", eller overføringstrykk. HTLS AS vil ikke være prod usent av overføringstrykk, men er et uavhengig teknologiutviklingsselskap som vil tilby og selge tjenester og produkter til enhver produsent av overføringstrykk. HTLS AS sitt konsept inkluderer alle behov knyttet til etablering og drift av produksjon av ov erføringstrykk. Produkter og tjenester inkluderer teknologikunnskap, hjelp til oppstart eller
videreutvikling av produksjonslinjer, samt formidling av maskiner og råvarer på vegne av internasjonale aktører. HTLS AS vil tilby tjenester til produsenter av ov erføringstrykk lokalt, nasjonalt og internasjonalt. HTLS AS samarbeider med og representerer i dag en rekke internasjonale produsenter og leverandører av maskiner, utstyr og råvarer, og er involvert i utviklingsarbeid og etablering av produksjon av overføringstrykk i flere land. HTLS AS har til nå fullført en ekstern oppstart av produksjon av overføringstrykk med digital trykkemaskin, og er i startfasen med ytterligere prosjekter. HTLS AS er i ferd med å bygge opp et marked for leveringer av råvarer fra samarbeidende råvareprodusenter til produsenter av overføringstrykk. En vesentlig del av HTLS AS sin aktivitet er å videreutvikle produksjonen av overføringstrykk, og for dette formål er det nødvendig å investere i egnete testmaskiner og utstyr i bedr iftens lokale på Hafslo. Dette vil sikre videre produktutvikling og er nødvendig for å kunne gi service til kunder rundt i verden. Gandrudbakken Etiketter AS skal ha eigenprodusjon av «heath transfers» (merke for påsetjing med varme og trykk) og andre e nklare etikettar. Dei vil og handtere handelsvare frå andre produsentar. Gandrudbakken Etiketter AS har eit planlagt investeringsbehov på 8.250 mill kr. Dei skriv slik i søknaden: Gandrudbakken Etiketter AS (GE AS) er et produksjons - og handelsselskap inn en forretningsområdet merking og dekorasjon av plagg og tekstiler. Hovedaktiviteten for GE AS vil være egenproduksjon av Heat Transfers, eller overføringstrykk, som er merker for påsetting med varme og trykk. I tillegg kommer andre produkter, både egenpr odusert og importert, som naturlig hører inn under denne aktiviteten. For å etablere produksjon vil GE AS investerer i to komplette moderne og effektive trykkelinjer. Disse trykkelinjene er automatisert slik at belastning på operatører er kraftig redusert, særlig i forhold til belastningsskader ved gjentakende bevegelser (Repetitive Strain Injury). De valgte trykkelinjene har også enkelte løsninger som er helt nye i dette markedet, og som vil bli testet ut i samarbeid med en kinesisk samarbeidspartner. I tillegg til selveide trykkelinjer vil GE AS leie kapasitet på ulike maskiner eid av HTL Solutions AS. Eigedomsselskapet HTL Eigedom AS har kjøpt eit bygg for 3.9 mill kr og gjennomfører ombygging av dette for 1.675 mill kr, total kostnad kr 5.4 mill. Dei skriv slik i søknaden: HTL Eigedom AS er et eiendomsselskap som skal eie bygget på Hafslo og leie ut til søsterselskap under HTL Holding AS og eventuelt eksterne selskap.
Bygg og eiendom er godt egnet til drift knyttet til søsterselskapenes aktivit et, gjennom god total størrelse i oppstartsfase, samt med rom for ekspansjon. Bygget har egnete områder både for trykkelinjer, digitaltrykk og ferdiggjøring av overføringstrykk, samt plass for kontorer og støttefunksjoner. Tomten er romslig og gir gode mul igheter for utbygging og videre ekspansjon. I alle desse selskapa står Atle Gandrudbakken sentralt. Han har lang erfaring frå dette forretningsområdet, gjennom etablering, utvikling og drift av N TP. Han har også med seg andre personar med kunnskap frå br ansjen. Det er lokale eigarar som har gått inn med betydeleg eigenkapital i selskapa. Det føreligg budsjett for fyrste driftsår. Selskapa har pr dato 11 tilsette og vil etter eitt års drift ha om lag 15 tilsette etter planen. Innovasjon Noreg har ikkje løyvd finansiering til selskapa Totalt er det planlagt investeringar i bygg, utstyr og utvikling for kr 21.6 mill kr i selskapa. D ei tre selskapa søkjer om 3.495 mill kr i lån frå Luster kommune og kr 1.050 i tilskot. Vurdering : I høve gjeldande re tningsliner /grunnlag for handsaming av næringssaker så støyter denne saka på fleire prinsippielle spørsmål som må vurderast. Dette er og spørsmål som har vore tekne opp i drøftingane omkring notatet «Grunnlaget for handsaming av næringssaker» som vart vedteke i Kommunestyret no den 25.2.16. I. I dette notatet heiter det : Det bør ikkje vere over to millionar til saman i lån frå ei verksemd/eit engasjement/eit tiltak. I saka er selskapa sjølvstendige einingar, men har de t sa me eigarskapet, same leiing, driv i same bygget og driv innafor same forretningsområdet. Dei to operative selskapa vil og gjere seg nytte av felles maskiner, og i søknaden står det at Gandrudbakken Etiketter AS skal leige kapasitet på maskiner som H TL Sol utions eig. I denne finansieringssaka er det, etter rådmannen si vurdering, opplagt å sjå på søknaden frå dei tre selskapa som «eitt tiltak». Det er planlagt utviklingsarbeid i desse verksemdene framover, og det vert søkt kommunen om tilskot til dette i tillegg til lån. II. T ilhøvet mellom dei nye selskapa som er skipa, og Avery Dennison N TP er sentralt i saka. Avery Dennison N TP er som kjen t største private selskapet i Luster, og eit sel skap som Luster kommune har ytt betydeleg finansiering for å st øtte utviklingsarbeid ved verksemda. Luster kommune sin medverknad til utvikling av N TP for å bli ein leiande internasjonal aktør har strekt seg over ein periode på 25 år.
Dei nye selskapa H TL Solutions og Gandrudbakken Etiketter vil ha si forretnings - v erksemd innafor same forretningsområdet som Avery Dennison N TP. N TP må sjølvsagt tole konkurranse, men det er eit viktig og relevant spørsmål om i kor stor grad kommunen skal vere med å finansiere oppstart til verksemd som konkurrerer innafor same forretn ingsområdet som N TP. Særleg vil aktiviteten til Gandrudbakken Etiketter AS vere i direkte konkurranse med N TP. Spørsmålet vert ekstra sentralt å drøfte no med det faktumet at marknaden for «heath transfers» mot arbeidstøy har gått ned relativt betydeleg etter at nedgangen innafor olje og oljerelatert verksemd starta i 2014. Slik sett er det vor t e ein betydeleg meir krevjande situasjon innanfor «arbeidstøysegmentet.» Det vert vist til fylgjande a vsnitt i «grunnlaget for handsaming av næringssaker vedteke i kommunestyret 25.02.16 der det heiter i pkt 1.3.: «Hovudprinsippet om å unngå konkurranse vriding, dvs «den enes død den andres brød» gjeld. Det kan likevel i nokre tilfelle - vere bra å få utbyting i ein bransje, og det kan vere sunt å få inn personar/verksemder med spesielle kvalitetar.» III. N TP vart i 2005 seld til amerikanske eigarar (Paxar) av grunderen Atle Gandrudbakken. Selskapet har etterpå vore gjennom eit eigarskifte, slik at det no er Avery Dennison som eig N TP. At hjørnesteinsverksemda i ein kommune har amerikanske eigarar kan vere krevjande. Luster kommune har derfor i næringsarbeidet vore aktiv i høve eigarane, fo r å påverke til utviklingsprosjekt ved N TP og for å vidareutvikle NTP sin posisjon som sentral teknologiutviklar i konsernet. Luster kommune har så langt lukkast i dialogen med dei amerikanske eigarane men k ommunen sine val vert lagt merke til av eigarane av Avery Dennison. «Transferbransjen» er for tida inne i ei stor teknologisk utvikling. Det kjem nye måtar å gjere ting på, ny teknologi kjem for fullt. I periodar med rask endring i teknologi og i tillegg marknadsendringar, kan det bli store endringar også for selskap i vår kommune. D ato: 10.03.16 Jarle Skartun Olav Grov rådmann næringssjef Særutskrift sendast: m/kopi til: skal