1 Målsetting REGULERINGSFØRSEGNER REILSTAD 4/1,2,38 mf. FINNØY Dato:31.05.2015 Å leggje forholda til rette for vidareutvikling av bu- og fritidsmiljøet på Reilstad, både ved fornying i bygningsmassen og standardheving av det ytre miljø. Eksisterande høgspentleidning innanfor området skal leggast i jordkabel. FELLESBESTEMMELSER 2.0 Teknisk plan / Byggjesøknad Før utbygging av infrastruktur skal det utarbeidast og godkjennast teknisk plan for veg, vatn, avløp, overvann, byggjehøgder og tilpassingar til omgivnadane. Ved byggjesøknad skal det fylgje med situasjonsplan som syner bruk av heile byggetomta, plassering av bygningar, parkering materialval, fargeval, takvinkel, møne- og gesimshøgd, terrenghandtering, ev. murar og skråningar, tilkomst o.a.. 2.1 Eksisterande bygningar. Eksisterande(Merka ETxx i plankartet) bygningar(bustad og fritid) inngår i planen om ikkje anna er særskilt vist. Desse bygningane kan fornyast eller erstattast etter retningslinjer gitt i desse føresegnene, men slik at bygningen i form og uttrykk liknar den opphavlege. 2.2 Estetisk kvalitet Nybygg skal sikre eit kvalitativt estetisk uttrykk. Uttrykket skal i form og farge tilpassast omgjevnadane, terrenget og omkrigliggjande bygningar. 2.3 Universell utforming Tomter merka U kan byggjast med trinnfri adkomst til hovudetasje. Der forholda elles ligg til rette for det, skal prinsippa for universell utforming blir følgt. 2.4 Tekniske planar
Tekniske planar som vedkjem fv. 519 skal visast og godkjennast av Statens vegvesen før arbeid kan startast. 2.5 Parkering Det skal leggjast tilrette for to parkeringsplassar knytt til kvar ny bustad. All parkering kan skje på eigen grunn. 2.6 Utnytting Om ikke %-BYA er angitt settes den til 30%. 2.7 Terrenginngrep Terrenginngrep i samband med anlegg skal skje mest mogleg skånsamt. Eksisterande vegetasjon skal i størst mogleg grad takast vare på. 2.8 Tiltak i sjø Alle tiltak som fell inn under hamne og farvannslovas føresegner, skal godkjennast av Kystverket vest. 2.9 Støy Områda skal skjermast mot støy etter gjeldande statlige retningslinjer (Retningslinje for behandling av støy i arealplanleggingen T-1442). BYGGEOMRÅDE 3 Boligbebyggelse nye bygningar. Innafor planområdet kan det førast opp nye einebustader. Tomte ID syner nye tomter. Terrasser og balkongar skal gjennomførast slik at overgangen mot terreng får en naturlig form, der det er mogleg. For alle nye bustader utanom tomtene 1,45,46,48,49,50 og 51 gjeld: 9 m maks mønehøgd og maks 6 m gesims målt frå gjennomsnitt planert terreng. Ved andre tak enn saltak, t.d. pulttak, reknast høgaste gesims som mønehøgd.
Maks tillate bygd areal (BYA) pr tomt er angitt i % på nye tomter i plankartet og regnast på grunnlag av tomtas totale areal, inklusiv garasje, ekskl. parkering. Evt. anneks inngår òg BYA. For nye bustader 1,45,46,48,49,50 og 51 gjeld: a)6.5 m maks mønehøgd og maks 3.5 m gesims målt frå gjennomsnitt planert terreng. b)ved andre takformer enn saltak, t.d. pulttak, reknast høgaste gesims som mønehøgd. RH = Retningsgivande høgde. Bindande høgde skal fastsetjast i teknisk plan med ein nøyaktigheit på +/- 0,5m, men kan ikkje avvike meir enn 1,5m frå RH. Tomt 52 Her han etablerast eit nytt naust likt og med same volum og utforming som dei to eksisterande i ET2. Kan innreiast til boder. Agnebod Det kan etablerast Agnebod nord for ET2. Same volum og utforming som ET2. 4 Eksisterande bygningar/fornying/fritidsbebyggelse Ved fornying, reparasjon, eller utskifting av vindauge, listverk, fasadekledning og taktekking bør bustad så vidt mulig tilbakeførast til sin opphavlege utsjånad. Påbygg/tilbygg skal i form og uttrykk likne hovudbygningen. 5 Garasje / Teknisk Garasje skal meldast saman med nye bustadhus. Grunnflata skal ikkje overstige 50 m2, og reknast med i maks BYA pr tomt. Garasjar kan ha gesimshøgd inntil 2,5 meter, og møne inntil 4,5 meter målt frå gjennomsnitt planert terreng. Når garasjeport er plassert mot veg skal minste avstand frå vegkant være 5 meter. Minste avstand plassert parallelt med veg er 2 meter. Garasjar skal i størst mogleg grad tilpassast hovudbygning i form, farge, material etc. Garasjar kan byggast utanfor byggegrense og skal tilpassas i terrenget i best mogleg grad. 5.1 Øvrige tekniske anlegg
Område avsett til teknisk anlegg er for tørrkonteiner, pumper, transformator etc. Utstyr og innretningar skal ikkje lage støy eller lukt som er til sjenanse. STRANDOMRÅDET FRILUFTSOMRÅDE, INKLUSIV BADEOMRÅDE OG SMÅBÅTANLEGG I SJØ OG VASSDRAG MED TILHØYRANDE STRANDSONE 6 Eksisterande bygningar i strandsona Eksisterande bygningar i strandsona inngår i planen, medrekna eksisterande brygger. Desse kan oppretthaldast og vedlikehaldas. Mindre utvidingar kan tillatast. Plassering av båtstøer, naust og båtar i opplag må ikkje hindre fri ferdsel langs stranda. 7 Gjerde båtopptrekk ved sjø. a)nausttomter skal ikkje inngjerdas. b)det er ikkje tillate å byggje skinnegangar utan direkte tilknyting til naust. 8 Naust (innafor småbåtanlegg i sjø og vassdrag) a) Naust skal haldast i tradisjonell byggestil med maks grunnflate på 30 m2. Vindauge skal ha maks flate 1 m2 i kvar etasje og bygningsside. b) Materialval over sokkel skal vera trepanel og/eller naturstein. 9.1 Molo Det kan etablerast ny molo slik plankartet syner. Maksimal lengde er 25m. Molo skal ligge over undervasskjær. 9.2 Badeområde Tilretteleggjing for allmennhetens rekreasjon er tillete. Motorisert båttrafikk innafor badeområdet er ikkje tillatt.
TRAFIKKOMRÅDE 10 I områda mellom frisiktlinjer og vegkantar i kryss av avkjørsler skal det vere fri sikt i ei høgd på 0,5 m over tilstøytande vegar sitt planum. Plan skal være tilpasset opparbeiding av G/S (Reilstad - Judaberg) før innflyttingstillatelse til nye bustader kan gjevast. 11.1 Kjøreveg Kjørevegen kan opparbeidast etter tekniske planar godkjent av ansvarlig myndigheit. Om skjæringar eller fyllingar går ut over avsett areal, kan det takast av sideformålet. 11.2 Gangveg Gangveg kan opparbeidast etter tekniske planar godkjent av ansvarlig myndigheit. 11.3 Kjøring til molo Det tillatast ikkje kjøring til molo. 11.4 Annan veggrunn Beplantning må ikkje være til hinder for frisikt ved avkjørsler til området. Maks 0.5m høg LEIK- OG FRILUFTSOMRÅDE 12.1 Leikeområde I området merka Lekeplass kan det etablerast leikeplass. Apparat og innretningar som fremjar formålet kan tillatast. 12.2 Friluftsområde Eksisterande vegetasjon og terreng skal i størst mogleg grad bevarast. Det kan etablerast turstiar eller mindre tiltak som sikrar allmenn tilgjengelegheit i områda. Tiltaka skal godkjennast av kommunen.
13 FRILUFTSOMRÅDE I SJØ OG VASSDRAG Området skal være allment tilgjengelig og kan nyttast til bading, fiske og småbåttrafikk. Det tillatast ikkje brygger eller fortøyingsinnretningar m.m. 14 KULTURMINNER Innanfor hensynssone for bevaring av kulturminne ligg det steinalderlokalitetar som er frea i henhold til Lov av 9. juni 1978 om kulturminne 4. Det er ikkje lov å foreta nokon form for fysiske inngrep innafor området. Eventuelle tiltak innafor området må i forkant avklarast med kulturminnemyndighetene, jf. Lov om kulturminner 3 og 8. Slike tiltak bør fremjast i form av ein reguleringsendring. Deler av sikringssone til det bandlagte området ligg over eksisterande opparbeida veg. Opparbeida veg kan vedlikehaldast innafor same avgrensing mot lokalitet som i dag.