Økonomiplan 2013-2016

Like dokumenter
Notat. SOGNDAL KOMMUNE Støtteeining økonomi og personal. Formannskapet Tenesteleiarane. ØP-notat nr 3 Økonomiplan Årsbudsjett 2012

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Oversyn over økonomiplanperioden

Økonomiplan

ARBEIDSDOKUMENT ØP ENDRINGAR FRÅ VEDTEKE BUDSJETT 2011 TIL ØP red.utg./auka innt. / + auka utg./red.innt

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Økonomiplan

Økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2014 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2013 for Sogndal kommune

ÅRSMELDING. Framlegg til formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 11/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 09/2798

ARBEIDSDOKUMENT ØP ENDRINGAR FRÅ VEDTEKE BUDSJETT 2011 TIL ØP red.utg./auka innt. / + auka utg./red.innt

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Hemsedal kommune Årsmelding kortversjon

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Erikka Torgersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 10/992-31

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 29.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.


STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kåre Træen Arkiv: 004 &14 Arkivsaksnr.: 07/14 ÅRSREKNESKAP OG ÅRSMELDING SOGNDAL KOMMUNE.

Økonomiplan

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 14.desember 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 20.november 2014.

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Heradet er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2017.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 08/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Leikanger kommune

Budsjett 2012, økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Plan for forvaltningsrevisjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14. desember 2015.

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2016.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Tertialrapport 2 tertial 2015

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

Kvinnherad kommune - budsjett 2015 og økonomiplan

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2012.

Skodje arbeiderparti. Side 1 av 5. Endrings forslag til vedtak i Sak 104/12 Formannskapet

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2011.

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

VEDTEKT av februar 2007

Transkript:

Sogndal kommune Bli med på laget Økonomiplan 2013-2016 med årsbudsjett 2013 Vedteken i kommunestyret 13.12.12 Innhald Innleiing og samandrag 10 på topp Nasjonale rammevilkår Økonomisk status og utfordringar Analyse og utfordringar Politiske resultatmål Driftsbudsjett Investeringar

Visjon og verdiar. Det er gjennom ei årrekkje utvikla ein Sogndalsmodell som legg ramme for kommunen som samfunn og som organisasjon. Modellen seier noko om visjonen kva vi vil. Han seier og noko om grunnleggjande verdiar og strategiar for å søkje å nå visjonen. Kommune sin visjon er fleire innbyggjarar og auka trivsel i Sogndal. Vi ønskjer å byggje vidare på verdien «gjennom samarbeid får vi ting til». Dette ønskjer vi å kommunisere gjennom kortforma bli med på laget! WWW.SOGNDAL.KOMMUNE.NO 1

Innhald 1. Innleiing og samandrag... 3 2. Økonomomisk status og utfordringar... 6 2.1 Nasjonale rammevilkår... 6 2.2 Økonomisk status og utfordringar... 6 3. Driftsbudsjett hovudtal... 10 4. Driftsbudsjett og resultatmål for tenestene... 16 4.1 Felles... 17 4.2 Oppvekst... 27 4.3 Omsorg, helse og sosiale tenester... 43 4.4 Tekniske tenester... 54 5. Investeringar... 60 6 Økonomiske oversiktar... 67 6.1 Budsjettskjema drift... 67 6.2 Budsjettskjema investering... 70 6.3 Sjølvkostskjema... 73 Vedlegg: Prisar på kommunale tenester 2

1. Innleiing og samandrag Grunnlaget for økonomiplanen er samfunnsdelen av kommuneplanen. Kommuneplanen trekk opp visjon og verdiar for kommunen og rammer for kommunen som organisasjon. Visjonen for kommunen er: Fleire innbyggjarar og auka trivsel i Sogndal. Sentrale verdiar er at: Gjennom samarbeid får vi ting til. For kommunen som organisasjon vert det lagt vekt på å vere endringsvillige og endringsdyktige, slik at vi er i forkant av utviklinga. Det inneber at: tenestene vi yter, skal best mogleg tilpassast brukarane sine behov administrasjon og drift skal vere effektive, slik at ressursar vert frigjort til utviklingsarbeid kommunen skal ha ein sunn økonomi og halde oppe eit økonomisk handlingsrom vi skal vere opne og lyttande, demokratiske og avgjersleeffektive vi skal ha eit arbeidsmiljø prega av ansvar, respekt og omtanke. Kommunestyret legg vekt på å halde oppe eit endrings- og utviklingsarbeid i kommunen. Miljø og klimaomsyn er ein grunnleggjande premiss for kommunal verksemd og i utviklingsarbeidet til kommunen. Kommunestyret legg serleg vekt på å styrkje Sogndal sentrum som regionsenter, og ønskjer å gjennomføre fleire utviklingstiltak for å oppnå dette. Dei 10 høgast prioriterte utviklingsområda for Sogndal kommune i planperioden er følgjande: Vi skal ta i bruk eit kvalitetssikringssystem for alle tenester og forvaltning i heile kommunen og delta i det nasjonale programmet «Saman om ein betre kommune». Vi skal følgje opp samhandlingsreforma ved å regulere og prosjektere utbygging av Sogndal helse- og omsorgssenter i løpet av 2013. Vi skal byggje ut infrastruktur med veg, vatn og avlaup til nytt hytteområde i Hodlekve og vedta ny reguleringsplan for å auke overnattingskapasiteten i Hodlekve. Vi skal gjere strandsona i Sogndal sentrum tilgjengeleg for allmenta, ved å leggje til rette for allmenn bruk av friluftsområda på Hagelinnesa og byggje ut fjordstien og elvepark i 2013 og 2014.

Vi skal i samband med ny skulebruksplan for vidaregåande opplæring arbeide for eit opplæringstilbod til det beste for ungdomen i regionen. Vi skal styrke samhandlinga mellom Sogndal vidaregåande skule, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal fotball, kommunen og private verksemder på Fosshaugane Campus. Vi skal gjennomføre delar av plan for opprusting av Mundal sentrum i samarbeid med Bygdeutvalet i 2013. Vi skal i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan prioritere utbygging av sykkelvegnett langs riksveg i samsvar med sykkelplan, miljøtunell gjennom Sogndal sentrum og tunell Hagalandet Valeberg. Vi skal i løpet av 2014 vedta plan for barnehageutbygging i kommunen. Vi vil bruke naudsynte verkemiddel som føringar på reguleringsplanar og tilgang på utbyggingsareal, for å få nok tilgang på bustader i alle deler av kommunen. Vi skal delta i Husbanken sitt bustadsosiale program og i løpet av 2013 politisk handsame prosjektplan med mål og tiltak for programmet Vi skal i samband med revisjon av arealdelen lage plan for utviding av industriområdet på Kaupanger, og vi skal planlegge ny veg til industriområdet i Fjærland. Desse utviklingsområda vert nærare omtala i kapittel 4 under dei ulike tenesteområda. Utviklingsområda vil bli prioritert av formannskapet, administrasjonen og for bruken av utviklingsmidlar i planperioden. Kommunestyret vil bli orientert om arbeidet knytt til desse 10 høgast prioriterte områda. Investeringsramma i planperioden er på om lag 315 mill. kroner. Det er i 2013-2015 sett av 170 mill. kroner til utbygging av SOS, der 34 mill. kroner vert finansiert med statlege løyvingar. Med ei så omfattande investering må investeringsnivået på andre område vere moderate. Andre investeringar vert finansiert innafor sjølvkost, ved eksterne løyvingar, ved bruk av parkeringsfond, ved overføring frå drifta, eller ved tilsvarande reduserte driftskostnader. I 2013 er investeringsramma på 71 mill. kroner. Dei største prosjekta i 2013 er knytt til utbygging av veg, vatn og avlaup (VVA) på Kjørnes bustadfelt (11 mill.), VVA i Hodlekve (33 mill.) og vatn og avlaup i kombinasjon med fjordsti/elvepark (33,5 mill. i 2013 og 2014). Investeringsnivået som følgje av SOS-utbygginga vil auke kapitalkostnadene for kommunen monaleg. Driftsnivået til kommunen må tilpassast dette. I 2013 er driftsnivået vidareført innafor dei fleste områda. Helse og sosiale tenester og pleie og omsorg har fått auka løyvingar som følgje av samhandlingsreforma og nye brukarar. Løyvingane til plan og næring er auka både innafor plan og oppmåling, finansiert gjennom auka inntekter frå betalingstenester. For å halde dei samla utgiftene til 4

kommunen innafor inntektene til kommunen, er det gjort nokre mindre reduksjonar i budsjettløyvingane, mellom anna innan skule og administrasjon. Vi ligg monaleg over kostnadsnivået innan pleie- og omsorgstenestene samanlikna med samanliknbare kommunar i Kostragruppe 8. Kommunestyret har vedteke å gjennomføre ein forvaltningsrevisjon for å få auka kunnskap om kvifor vi har eit høgare kostnadsnivå innafor desse tenestene før arbeidet med budsjettet for 2014 tek til. Innhaldet i styringssystemet i Sogndal kommune går fram av årshjulet til kommunen, vedteke i kommunestyret. Styringssystemet byggjer på følgjande element: Kommuneplanen trekk opp visjon, verdiar og overordna strategiar for kommunen som samfunn og som organisasjon. Samfunnsdelen av kommuneplanen vart vedteken i oktober 2010. Økonomiplanen er det viktigaste styringsdokumentet i Sogndal kommune. Dei 10 viktigaste arbeidsområda i planperioden vert presentert i kapittel 1. Økonomiplanen gir rammene for drifta og plan for investeringane. Den inneheld dei forventningane kommunestyret har til administrasjonen, uttrykt gjennom konkrete resultatmål. Dei politiske resultatmåla er sortert etter: økonomi, brukarar, medarbeidarar og samfunnsutvikling. Vi nyttar brukarundersøkingar og medarbeidarkartlegging for å skaffe oss informasjon frå brukarane og medarbeidarane som grunnlag for utvikling av tenestene og arbeidsmiljøet, og for fastsetjing av mål og vurdering av måloppnåing. Tal frå KOSTRA vert nytta for å vise utvikling i ressursbruk innafor ulike tenesteområde. Årsmeldinga vert nytta til å analysere ressursbruk, tenestekvalitet og måloppnåing. Dersom det vert lagd fram temaplanar (m.a. lovpålagd planar), skal dei økonomiske disposisjonane takast stilling til i påfølgjande økonomiplan. 5

2. Økonomomisk status og utfordringar 2.1 Nasjonale rammevilkår Mål med inntektssystemet er at alle kommunane skal kunne gje eit likeverdig tenestetilbod til innbyggjarane. For å oppnå dette vert det i rammetilskotet teke omsyn til ulike kostnadsstrukturar i kommunane (utgiftsutjamning) og til ulikt nivå på skatteinntektene (inntektsutjamning). Det vert ikkje teke omsyn til andre kommunale inntekter. Statsbudsjettet for 2013 vart lagt fram 8. oktober 2012. Anslag på den nominelle veksten i frie inntekter (rammetilskot og skatt) for landet frå 2012 til 2013 er på 4,1%. Veksten er rekna ut frå anslag rekneskap 2012 til framlagt statsbudsjett 2013. For kommunane i Sogn og Fjordane er anslaget samla sett ein nominell vekst på 3,4% og for Sogndal kommune 3,1%. Samanlikna med 2012 er fylkesramma for skjønnsmidlar redusert med 1,4 mill. kroner, til 77,4 mill. kroner. Kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift til kommunane Flora, Førde og Sogndal er i 2013 ikkje justert for lønsauke, og er dermed den same som i 2012. I tillegg til midlane som er fordelt, har Fylkesmannen avsett 11,35 mill. kroner til seinare fordeling. Av dette er 5 mill. kroner fornyingsmidlar og 6,35 mill. kroner som vert fordelt i 3 kvartal, og som er knytt til særlege hendingar og utvikling. Det kommunale skatteøret for personlege skatteytarar er 11,6% og er uendra frå 2012. Skattane sin del av samla inntekter er rekna til å bli 39,5%. Lønsvekst 4,0% Prisvekst varer og tenester 2,0% Deflator (vekta løns- og prisvekst) 3,3% 2.2 Økonomisk status og utfordringar Auka pensjonsutgifter, større investeringar, auka lånegjeld og aukande behov for kommunale tenester, som følgje av forventa befolkningsvekst, vil gi utfordringar for kommunen dei kommande åra. Det er difor heilt nødvendig med ein betydeleg inntektsvekst gjennom inntektssystemet for å oppretthalde eit godt tenestetilbod. I arbeidet med ØP 2013-16 har vi lagt til grunn statsbudsjettet for 2013, og gjennomgang og analyse av budsjett og rekneskap for 2011 og 2012. Det er eit mål at netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene skal vere på minst 3%. Måltalet seier noko om kor stort handlingsrom kommunen har for sparing og eigenfinansiering av investeringar. For dei siste åra har dette normtalet for kommunen vore 0,6 % for 2008, 1,8 % for 2009, 0,6 % for 2010 og 2,96 % for 2011. 6

Det vil vere ei utfordring å oppnå dette måltalet i dei kommande åra. For 2013 er vi om lag på det anbefalte nivået på 3%. Reduksjonen frå 2014 skuldast særleg to forhold. Mva-kompensasjon frå investeringar, som fram til og med 2013 vert førd i driftsrekneskapen, skal frå 2014 førast i investeringsrekneskapen. Dette reduserer driftsinntektene. I tillegg kjem auka rente og avdragsutgifter frå 2014. 5,00% 4,00% 3,00% 2,00% 2,96% 1,75% 2,94% 2,39% 1,61% 1,84% 1,00% 0,00% Rekn 2011 Bud 2012 Bud 2013 Bud 2014 Bud 2015 Bud 2016 Netto driftsresultat i % av driftsinntekter Det er forventa at pensjonskostnadane vil auke betydeleg dei kommande åra. Forholdet mellom rente og lønsvekst har stor verknad for pensjonskostnadene. Det er dette forholdstalet som styrer den rekneskapsmessige pensjonskostnaden og er av KRD sett til 1,1, dvs. ein nedgang på 0,2 frå 2012. For ein gjennomsnittskommune vil pensjonskostnaden auke med rundt 10% frå 2012 til 2013. For Sogndal sin del viser prognosen ein noko lågare auke enn gjennomsnittet. For å unngå store variasjonar i kommunane sine pensjonsutgifter frå år til år, og skape jamnare belastning i kommunerekneskapen, endra Kommunal- og regionaldepartementet f.o.m. 2002 rekneskapsprinsipp knytt til pensjon. Skilnaden mellom pensjonspremien og pensjonskostnaden, eit såkalla premieavvik, blir utgiftseller inntektsført i samband med rekneskapsavslutninga slik at rekneskapen blir belasta med den berekna pensjonskostnaden. Det er forventa at dei akkumulerte årlige premieavvika over tid skal gå i null. Ordninga har førebels ikkje virka slik, og frå 2002 har pensjonspremien stort sett vore høgare enn berekna pensjonskostnad, noko som har førd til store akkumulerte positive premieavvik for kommunane. Ved utgangen av 2011 har Sogndal kommune eit akkumulert positivt premieavvik på 13,9 mill. inkl. arbeidsgivaravgift. Positivt premieavvik er inntektsførd og oppførd som ei fordring i balansen. Det akkumulerte positive premieavviket er betalte utgifter som ikkje er førd i rekneskapen. Med 15 års amortisering skal det akkumulerte premieavviket utgiftsførast i løpet av 15 år. Etter nye reglar skal premieavvik som har oppstått frå og med rekneskapsåret 2011, amortiserast over 10 år. Som følgje av at finanstilsynet har fastsett ein lågare garantert avkastning for premieberekninga frå 2012, fører dette til auka krav til årleg pensjonssparing. 7

Pensjonspremien for 2013 vil difor bli høgare i forhold til pensjonskostnaden og vil medføre stort positivt premieavvik også i 2013 med om lag 5,5 mill. kroner. I motsetnad til ein del andre kommunar har ikkje Sogndal avsett midlar til å dekke desse framtidige utgiftene. Dersom årleg premieavvik ikkje vert redusert og kostnadane ikkje kjem opp på nivå med premien dei kommande åra vil dette by på store utfordringar for kommunen. For å unngå at det akkumulerte premieavviket veks ytterlegare, bør det difor vere eit mål i dei kommande åra, å avsetje midlar til fond tilsvarande differansen mellom årets premieavvik og amortisert premieavvik frå tidlegare år. For 2013 er dette om lag 3,4 mill. kroner. Lånegjeld samt rente og avdragsutgiftene vil auke betydeleg i økonomiplanperioden som følgje av utbygging av Sogndal omsorgssenter. Prosjektet er planlagd med oppstart i 2013. I tillegg er det store investeringar i samband med VA-utbygging Kjørnes byggefelt og Hodlekve hyttefelt. Auka kapitalkostnader som gjeld desse investeringane vert i stor grad finansiert gjennom sjølvkostordninga for vatn og avlaup. I tillegg til nemnde prosjekt vil låneopptak til andre investeringar og kommunen sin avdragsplan på eldre lån gjere at avdragsutgiftene aukar ytterlegare. Det vil ikkje vere nedbetalt eldre lån før i 2015. Frå 2015 vil nokre av dei eldre låna vere nedbetalte og avdragsutgiftene vert redusert. For at lånegjelda ikkje skal auke ytterlegare må kommunen redusere andre investeringar og frigjere kapital som kan nyttast som eigenfinansiering. Frå utgangen av 2012 til utgangen av 2016 vil kommunen si lånegjeld auka med om lag 30%. Kommunen har storparten av låna i Kommunalbanken med flytande rente. Flytande rente og høg gjeld gjer at kommunen er sårbar for renteauke. Når kommunen har valt flytande rente på storparten av låna er det særs viktig å ha midlar på rentefond som kan nyttast dersom renta går opp meir enn driftsrekneskapen kan tåle. Kommunen har opparbeidd rentefond som pr. i dag er på nærare 9,7 mill. kroner. Ein renteauke på 1 prosentpoeng vil utgjere eit samla beløp i økonomiplanperioden på om lag 17 mill. kroner i auka renteutgifter. Ein større renteauke vil slå raskt inn i driftsbudsjettet og gi store utfordringar for kommunen. Auka avsetjing til rentefondet bør vurderast i samband med rekneskapsavsluttinga. Lånegjeld, renter og avdrag (i heile tusen) r-2011 b-2012 b-2013 b-2014 b-2015 b-2016 Nye låneopptak 25 250 30 760 67 980 65 600 96 000 10 000 Avdrag 17 629 18 692 21 931 24 118 27 318 27 671 Lånegjeld pr. 31.12 308 256 320 324 366 373 407 855 476 537 458 866 Renter på lån 8 541 9 837 10 131 12 197 14 937 14 208 I tabellen ovanfor er alle lån medtekne, dvs. også lån i Husbanken til vidare utlån, lån til VA-utbygging og lån med statleg rentestøtte. Pensjonsgjeld er ikkje med i oversikta. 8

Kostra tal for 2011 Sogndal Gruppe 8 Landet Langsiktig gjeld i % av brutto driftsinntekter 154,9 176,9 170,4 Netto lånegjeld i kroner pr. innbyggar 36 876 37 604 29 655 Netto finans og avdrag i % av driftsinntektene 4,3 2,8 1,8 Langsiktig gjeld i prosent av driftsinntektene. Ordinære renter og avdrag på lån skal finansierast av driftsinntektene. Indikatoren viser langsiktig gjeldsbelastning i forhold til desse. Formidlingslån og pensjonsforpliktingar er med i berekninga. For 2011 ligg Sogndal under både landssnittet og Kostra gruppa. For netto lånegjeld pr. innbyggar ligg Sogndal noko under Kostra gruppa, men ein god del over landssnittet. For netto finans og avdrag i % av driftsinntektene ligg Sogndal godt over både landssnittet og Kostra gruppa. Årsaka til dette kan vere at Sogndal betalar årlege avdrag som ligg over minsteavdrag, og at gjennomsnittleg nedbetalingstid på låna er kortare. Med stor auke lånegjeld dei kommande åra vil desse tala endra seg, og Sogndal vil komme dårlegare ut. Likviditeten til kommunen er tilfredsstillande. Med dei føresetnader som ligg i økonomiplan for perioden, vil likviditeten betre seg som følgje av større avsetjingar til fond. Akkumulert positivt premieavvik påverkar likviditeten direkte, og den største likviditetsmessige utfordringa er om det dei kommande åra vert store positive premieavvik. For å unngå at kommunen får likviditetsproblem, bør det avsetjast til fond for at ikkje akkumulert positivt premieavvik skal auke ytterlegare. Tabellen nedanfor viser samla avsetjing og bruk av fond i økonomiplanperioden. Det er først og fremst avsetjing og bruk av ubundne fond som er interessant. Avsetjing av inntekter til flyktningfond er ein god del større enn bruken av fondet. Det er budsjettert med same årlege inntekter i heile perioden. Dette talet er usikkert og avheng av kor mange flyktningar som vert busett. Avsetjing til ubundne investeringsfond gjeld årlege avdrag på lån Sogndal fotball som skal tilbakeførast til kraftfond II, og for 2014 sal av tomter på Kjørnes. Fond avsetjing og bruk i perioden r-2011 b-2012 b-2013 b-2014 b-2015 b-2016 Avsetjing disposisjonsfond 17 587 21 092 25 009 25 620 24 840 24 895 Avsetjing bundne driftsfond 6 843 895 835 896 957 957 Avsetjing til ubundne inv.fond 2 868 1 060 12 060 1 060 1 060 Avsetjing til bundne inv.fond 3 173 Sum avsetjing til fond 30 471 21 987 26 904 38 576 26 857 26 912 Bruk av disposisjonsfond drift -10 538-14 777-16 603-13 926-13 238-15 181 Bruk av bundne driftsfond -8 454-3 624-3 118-3 118-3 118-3 118 Bruk av disposisjonsfond investering -3 559-1 811-3 400 Bruk av ubundne investeringsfond -2 320-945 Bruk av bundne investeringsfond -341-444 Sum bruk av fond -25 212-21 601-23 121-17 044-16 356-18 299 9

3. Driftsbudsjett hovudtal Dette kapitlet omhandlar generelle inntekter og utgifter som ikkje er knytt til ei særskilt teneste- eller støtteeining, jf. rekneskapsskjema 1A. Løn og pensjon som er fordelt på einingane, vil likevel få ein kort omtale her. Skatt og rammetilskot For kommunen er veksten i skatt og rammeoverføring på 3,1 %, som er lågare enn gjennomsnittet for fylket. I kroner utgjer dette 10,3 mill. kroner. Veksten er rekna ut frå anslag rekneskap for 2012 som vart lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett. I høve til opphavleg budsjett for 2012 er det ein auke i frie inntekter på 19,87 mill. kroner. Bud 2012 Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Rammetilskot inkl. inntektsutjamning -144 639 000-14 547 000-14 547 000-14 547 000-14 547 000 Skatt på formue og inntekt -175 139 000-5 326 000-5 326 000-5 326 000-5 326 000 Eigedomsskatt Det er lagt inn ein auke i budsjettet på kr 300 000. Dette er gjort ut i frå faktiske inntekter i rekneskapen for 2012. Erfaringsmessig vil inntekta frå eigedomsskatt auka moderat kvart år som følgje av nybygg. Dette vil bli vurdert når nybygga er taksert, i samband med tertialrapportane. Frå og med 2015 er inntekta frå eigedomsskatt auke med 2,2 mill. kroner ut over 2013 nivå. Denne auken knyter seg mot vedteken utbygging av infrastruktur for straumforsyning (m.a. ny Sogndal trafostasjon og ny 420 kv kraftleidning Sogndal Ørskog). Bud 2012 Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Eigedomsskatt -19 291 000-300 000-300 000-2 500 000-2 500 000 Investeringstilskot og rentekompensasjon Investeringstilskot sjukeheimar og omsorgsbustader og rentekompensasjon skule- og kyrkjebygg er budsjettert ut frå prognose frå Husbanken. Rentekompensasjon Reform 97 er budsjettert ut frå prognose frå Utdanningsdirektoratet. Budsjetterte inntekter vert redusert som følgje av lågare rentenivå og reduksjon i berekningsgrunnlag. Stor reduksjon i budsjettet for rentekompensasjon skulebygg skuldast at berekningsgrunnlaget for 2012 var for høgt. 10

Bud 2012 Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Inv.tilskot sjukeheimar og omsorgsbust. -2 651 000 240 000 276 000 313 000 349 000 Rentekompensasjon skulebygg -1 063 000 324 000 352 000 379 000 406 000 Rentekompensasjon kyrkjebygg -87 000 18 000 19 000 20 000 20 000 Rentekompensasjon reform 97-638 000 16 000 32 000 48 000 64 000 Statstilskot flyktningar og asylantar Statstilskot flyktningar er budsjettert etter følgjande føresetnadar: Busetjing i samsvar med vedtak for tal busette tala for år 3, 4 og 5 er dei tala på busette, IMDI operer med i år. Vi buset 20 personar i 2012 og har gjort vedtak om å busetje 35 personar i 2013. Ingen flyttar i perioden vi får integreringstilskot (dei 5 første åra). Inga endring i retningslinene for utbetaling det vi seie at vi får full sats for år 1 uavhengig av når på året busetjinga skjer. Familiesameining kjem i tillegg, noko som vil kompensere for mogleg flytting. Statstilskot asylantar er budsjettert med ein auke på kr.50 000. Bud 2012 Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Statstilskot flyktningar -13 347 000-3 080 500-3 080 500-3 080 500-3 080 500 Statstilskot asylantar -1 250 000-50 000-50 000-50 000-50 000 Konsesjonsavgift Budsjettet frå 2012 vert vidareførd i økonomiplanperioden med kr 314 549. Renteinntekter Renter på bankinnskot og renter på utlån er budsjettert ut frå prognose frå Kommunalbanken. Rentesats er 3,% for 2013, 3,5% for 2014, 4% for 2015 og 2016. Renter på utlån Sogndal Fotball AS er budsjettert etter nedbetalingsplan med dagens rentesats. Renter ansvarleg lån Sognekraft fell bort som følgje av at lånet er konvertert til aksjekapital i 2012. Dette vil venteleg auke utbyte frå Sognekraft med eit tilsvarande beløp. Renteinntekter startlån aukar betydeleg som følgje av store utlån i 2012 og forventa utlån i 2013. 11

Bud 2012 Endr. 2013 Endr.2014 Endr. 2015 Endr.2016 Renteinntekter bankinnskot -1 218 750-650 250-961 750-1 273 250-1 273 250 Renteinntekter av fond som skal avsetjast -1 218 750 687 750 599 250 510 750 510 750 Renteinntekter på utlån SIL-tribuna -510 000-30 000-30 000-30 000-30 000 Renter av ansvarleg lån Sognekraft -440 000 440 000 440 000 440 000 440 000 Renteinntekter startlån -70 000-530 000-630 000-730 000-730 000 Renter og avdrag på lån Renter og avdrag er budsjettert ut frå dagens nedbetalingsplan på lån og nye låneopptak som følgje av investeringsplan for perioden. For renteutgifter er det brukt same satsar som renteinntekter. Bud 2012 Endr. 2013 Endr.2014 Endr. 2015 Endr.2016 Renteutgifter lån 9 837 478 293 430 2 359 677 5 099 907 4 370 549 Avdrag på lån 18 691 860 3 239 117 5 425 784 8 625 784 8 979 317 Aksjeutbyte og avkastning verdipapirfond Det er budsjettert med eit aksjeutbyte frå Sognekraft på kr. 3 733 200. Det er lagt til grunn føresetnad om eit samla utbyte på 34 mill. kroner, der Sogndal sin del utgjer 10,98%. Som følgje av at ansvarleg lån er konvertert til aksjekapital vert samla utbyte i 2013 auka frå 30 til 34 mill. kroner. Utbyte frå Sentrumsbygg AS er budsjettert med kr. 200 000 og er uendra. Det er budsjettert med ei forventa avkastning verdipapirfond på 6%. Bud 2012 Endr. 2013 Endr.2014 Endr. 2015 Endr.2016 Aksjeutbyte -3 823 400-109 800-109 800-109 800-109 800 Avkasting verdipapir -780 000-27 000-75 420-126 745-181 150 Avsetjing og bruk av fond Nedanfor følgjer ei spesifisert oppstilling over budsjettert avsetjing og bruk av fond. Avsetjing og bruk av fond som er budsjettert på dei enkelte tenesteområda, er ikkje med i oppstillinga. 12

Avsetjing disposisjonsfond Spesifikasjon 2013 2014 2015 2016 Disposisjonsfond 1 708 915 2 263 238 1 200 000 1 200 000 Vedlikehaldsfond 650 000 650 000 650 000 650 000 Flyktningfond 17 727 500 17 727 500 17 727 500 17 727 500 Avkastningsfond Kraftfond Renter av bankinnskot fondsmidlar 165 000 192 500 220 000 220 000 Renter på utlån SIL tribuna 540 000 540 000 540 000 540 000 Avkastning verdipapirfond 807 000 855 420 906 745 961 150 Sum 21 598 415 22 228 658 21 144 500 21 298 650 Avsetjing bundne driftsfond Konsesjonsavgiftsfond 314 549 314 549 314 549 314 549 Konsesjonsavgiftsfond renter 225 000 262 500 300 000 300 000 Næringsfond renter 15 000 17 500 20 000 20 000 VAR-fond 126 000 147 250 168 000 168 000 Sum 680 549 741 799 802 549 802 549 Bruk av disposisjonsfond Disposisjonsfond -2 091 706 --1 061 511 Avkastningsfond Kraftfond Sogndal kulturhus- ref lånekostnad. -500 000 0 0 0 Sogndal kulturhus-forsk. Spelemidl. -2 200 000 0 0 0 Parkeringsfondet Renter av lån parkeringskjellar/sentrumspark -940 220-962 664-978 450-951 820 Sum -3 640 220-962 664-3 070 156-2 013 331 Dette gir følgjande endringar i budsjettet frå 2012: Bud 2012 Endr. 2013 Endr.2014 Endr. 2015 Endr.2016 Avsetjing disposisjonsfond 18 418 100 2 994 976 3 606 026 2 826 145 2 880 550 Avsetjing bundne driftsfond 834 549-154 000-93 000-32 000-32 000 Bruk av disposisjonsfond -1 290 000-2 350 220 327 336-1 984 688-927 863 13

MVA-kompensasjon frå investeringar og overføring til investeringsrekneskapen MVA-kompensasjon investeringar vert ført i driftsrekneskapen og er rekna ut frå investeringsplanen for perioden. For 2013 skal minst 80 % av mva-kompensasjonen overførast til investeringsrekneskapen. Frå og med 2014 skal mva-kompensasjon frå investeringar førast direkte i investeringsrekneskapen. For Sogndal sin del har praksisen vore at all mva-kompensasjon frå investeringar har vorte overførde og brukt til å finansiere investeringar. Overføring frå drift til finansiering av investeringar er budsjettert som vist i tabellen nedanfor. For 2013 er beløpet 8,75 mill. kroner og er inklusiv mva-kompensasjon. Bud 2012 Endr. 2013 Endr.2014 Endr. 2015 Endr.2016 Mva-kompensasjon investeringar 4 670 000 4 075 000-2 150 000-2 970 000-2 970 000 Overføring til investeringsrekneskapen -2 370 000-1 940 000 2 370 000 2 370 000 2 370 000 Andre budsjettpostar som er fordelt på einingane eller som er avsett til seinare fordeling. Løn vert budsjettert etter heimelsbudsjettet, det vil seie eit oversyn over alle oppretta stillingar i kommunen med stillingsstorleik og årslønn. Dette gjeld med unnatak av skulane som vert budsjettert etter minstetimetalsmodellen. For tenesteeiningane pleie og omsorg og kommunalteknikk er ikkje heimelsbudsjettet gjennomgått, og heimelsbudsjettet er difor ikkje eit godt nok grunnlag for lønsbudsjetteringa. For desse einingane er det lagt til ein lønsvekst på 4,2 % frå 2012-budsjettet. For lønsoppgjeret i 2013 er det avsett ein samla pott til fordeling på 4,5 mill. kroner. Pensjon er budsjettert etter prognosar frå KLP og Statens pensjonskasse (SPK). I forhold til budsjettet for 2012 er det lagd inn ein auke i pensjonsutgiftene på om lag 6 %. For KLP er det berekna ein auke i pensjonskostnadane på om lag 10 % på landsbasis. Ifølgje prognosen ligg Sogndal under dette. I tillegg var pensjonskostnadane for 2012 noko for høgt budsjettert. 14

Avsetjingar til seinare fordeling går fram av tabellen nedanfor. Bud 2012 Endr. 2013 Endr.2014 Endr. 2015 Endr.2016 Avsetjing til lønsoppgjer 6 630 638-2 120 000-2 120 000-2 120 000-2 120 000 Til fordeling lærlingplassar 570 000 0 0 0 0 Til fordeling bruk av bil i teneste 120 000 0 0 0 0 Til fordeling bruk av avkastningsfond (går ut) 50 000-50 000-50 000-50 000-50 000 15

4. Driftsbudsjett og resultatmål for tenestene Budsjettet er delt inn i 4 område felles, oppvekst, omsorg, helse og sosiale tenester og tekniske tenester. Fellesområdet omfattar oppgåver som gjeld heile organisasjonen, politisk arbeid og kyrkjeleg fellesråd. Oppvekstområdet omfattar delområda barn og unge, barnehagar, grunnskule, norskopplæringa og kultur. Området omsorg, helse og sosiale tenester omfattar delområda helse og sosial og pleie og omsorg. Tekniske tenester omfattar delområda plan og næring og kommunalteknikk. Analyse, utfordringar og politiske resultatmål er presentert samla for kvart delområde. Folketalsutvikling og nøkkeltal Kostra er dei viktigaste data for analysen. Når det gjeld folketalsutvikling har vi nytta SSB sine prognosar, der vi har vald mellomalternativet. Det vil sjølvsagt vere uvisse knytt til folketalsutviklinga nasjonalt og ikkje minst lokalt, men tala frå SSB er det beste planleggingsgrunnlaget vi har når det gjeld folketalsutvikling. Samla budsjettramme er presentert for kvar tenesteeining. Her er det og teke med eit oversyn over administrative oppgåver som vil verte gjennomført i 2013. Diagrammet nedanfor viser korleis driftsutgiftene på kr. 488 mill. kroner er fordelt på dei ulike tenesteområda Teknisk inkl. VAR 9% Kultur 3% Andre 7% Administrasjon 5% Barnehage 12% Grunnskule 20% Helse, sosial og omsorg 40% Barnevern 4% 16

4.1 Felles Innhald Området omfattar oppgåver som gjeld heile organisasjonen som økonomi- og personalforvaltning, kvalitetsutvikling, ikt, arkiv, forvaltning, drift og vedlikehald, beredskap, lokalt folkehelsearbeid og frivillig arbeid. Området omfattar òg støtteeiningane økonomi og personal, tenestetorg og ikt og fag og utvikling med budsjettrammer og administrative tiltak for desse. Området omfattar vidare den politiske verksemda i kommunestyret, formannskapet, forvaltningsutvalet og sakskomiteane, samt arbeid knytt til ulike råd som regionrådet, overformynderiet, forliksrådet, eldrerådet, ungdomsrådet, rådet for funksjonshemma og kyrkjeleg fellesråd. Analyse og utfordringar for fellesområdet Nøkkeltal Kostra Sogndal Brutto driftsutgifter politisk styring i kr. pr. innbyggjar Brutto driftsutgifter til kontroll og revisjon i kr. pr. innbyggjar Brutto driftsutgifter til administrasjon i kr. pr. innbyggjar Sogndal Sogndal Gruppe 8 2009 2010 2011 2011 396 361 381 362 105 111 80 66 2 086 1 973 2 100 2 916 Vi nyttar meir enn Kostra gruppa til politisk styring, kontroll og revisjon, og vi nyttar vesentleg mindre til administrasjon. Utgifter til politisk styring vart redusert frå 2009 til 2010 men har auka att i 2011. Differansen mellom kommunen og Kostra gruppa når det gjeld administrasjon utgjer om lag 5,8 millionar kroner. Personalforvaltning Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs, og god helse og eit godt miljø er avgjerande for folk sin trivsel og effektivitet. Helse, miljø og tryggleik er difor viktige faktorar i kommunen si personalforvaltning. Kommunen er IA verksemd, det er inngått avtale med bedriftshelsetenesta, og vi har ei lang rekke interne tiltak. Viktige nøkkeltal for HMT arbeidet er sjukefråvær, medarbeidartilfredsheit og tal medarbeidarsamtalar, og det vert utarbeidd politiske resultatmål for desse områda. Nøkkeltal for helse, miljø og tryggleik Sogndal 2009 Sogndal 2010 Sogndal 2011 Sjukefråværet i % 5,5 4,9 6,3 9,4 Medarbeidartilfredsheit 4,5 4,5 4.5 Gjennomført medarbeidarsamtale 80% 80% 68% Landet 2011 Gjennomsnittlig sjukefråvær ligg under landsnittet, men det har vore ein auke frå 2010 til 2011. Tala for 1. halvår 2012 er om lag på same nivå som 1. halvår 2011. 17

Vi gjennomfører medarbeidarkartlegging anna kvart år. Her ligg vi på landsnittet i samla resultat for kommunen. Vi har som mål å gjennomføre medarbeidarsamtale med alle tilsette i minst 20% stilling. Det er kvart år nokre arbeidstakarar som ikkje ønskjer medarbeidarsamtale, og både i 2009 og 2010 hadde vi eit resultat på 80%. Hovudgrunnen til lågare omfang av medarbeidarsamtalar i 2011 var at tenesteeining pleie og omsorg av kapasitetsgrunner gjennomførte medarbeidarsamtale med berre 20 av 172 tilsette. I følgje likestillingslova 1 a har alle kommunar plikt til å arbeide aktivt, målretta og planmessing for likestilling innanfor si verksemd. Viktige element i kommunen sitt arbeid har vore tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, integrering av innvandrarar og reduksjon i omfanget av uønska deltid. Vi har hatt fleire tiltak på desse områda. Kommunen manglar ein overordna strategi for arbeidet, noko òg likestillings- og diskrimineringsombodet har peika på. Uønska deltid Kommunen har vedteke retningsliner for uønska deltid. År Pleie og omsorg Helse og sosial 2008 44% 40% 2009 23% 24% 2011 10% 7% I 2010 var det samla for kommunen 97,5 kvinner og 2,5% menn som hadde uønska deltid. I 2011 var det 100% kvinner. Som det går fram av tabellen over har vi hatt ein stor nedgang i tal uønska deltid. Auka stillingsstorleik vert prioritert i samband med ledige stillingar, og tilbod om auke i stillingsomfanget vert gjort utifrå kartlegginga i undersøkinga kvart år. Men det er framleis i all hovudsak kvinner som har uønska deltid. Politiske resultatmål personalforvaltning Fokusområde Resultatmål Medarbeidar/interne 1. Vi skal halde fristane i årshjulet. prosessar 2. Vi skal ha gjennomført medarbeidarsamtale for alle tilsette i meir enn 20% stilling. 3. Sjukefråværet på einingane skal liggje under gjennomsnittleg sjukefråvær for kommunane. 4. Vi skal gjennomføre medarbeidarkartlegging i 2013 og 2015. Resultatet skal minst liggje på landsnittet. Økonomiforvaltning Vi har teke i bruk nytt økonomi-, løns- og personalsystem. Her står det att noko arbeid når det gjeld integrasjon mot fagsystem. I tillegg er det behov for gjennomgang av alle prosedyrane og overordna styringsdokument. 18

Vi skal fortsatt fokusere på kvalitetssikring av Kostra rapportering. Rett data frå rekneskap og frå lønssystemet er i tillegg til tenestedata avgjerande for at nøkkeltal og grunnlagsdata skal gje eit rett bilete av kommunen sin ressursbruk. Dette vil vere ein del av kvalitetsarbeidet. Vi skal gå gjennom alle fond i balansen og vurdere desse. Frå 2014 kan kommunane nytte «utrekna marknadsverdi» som utgangspunkt for å fastsetje grunnlagt for eigedomsskatt for bustad. «Berekna marknadsverdi» er det same grunnlaget som vert nytta for å fastsetje likningsverdi. Vi vil vurdere verknadene av overgang til takst etter utrekna marknadsverdi i 2013. Politiske resultatmål økonomiforvaltning Fokusområde Resultatmål Økonomi Vi skal ikkje ha avvik i høve til budsjettet. Kvalitetsutvikling Kommunen er i ferd med å få på plass eit heilskapleg kvalitetssystem som skal sikre god internkontroll i kommunen. Føremålet med internkontroll er å sikre kvalitet og effektivitet i tenesteproduksjonen heilskapleg styring og riktig utvikling godt omdøme og legitimitet at vi følgjer lover og reglar. Viktige element i eit internkontrollsystem er dokumentstyring, avvikshandtering og risikoanalyse. Det elektroniske kvalitetssystemet har modular for desse prosessane, og arbeidet i 2012 har vore konsentrert om å få dette på plass. Det står framleis att ein god del arbeid når det gjeld kvalitetssikring og implementering. I dette arbeidet er det viktig å ha med eit læringsperspektiv for å kunne utvikle og forbetre dei kommunale tenestene. Vi er kome lengst når det gjeld den tenestespesifikke internkontrollen, det vil seie internkontroll med utgangspunkt i det som er spesielt for den einskilde teneste. I 2013 vil vi spesielt arbeide med systemovergripande internkontroll og internkontroll i støtteprosessar. Systemovergripande internkontroll omfattar overordna område som gjeld heile kommunen som overordna økonomi- og personalforvaltning, HMT arbeidet, beredskap og arbeidet med kvalitetsutvikling. Støtteprosessane omfattar støtte til tenesteeiningane innan område som fdv, ikt, arkiv, innkjøp og økonomi- og personalforvaltning. Overordna internkontroll føreset at vi har ein del overordna styringsdokument på plass, og kommunen manglar følgjande dokument: Økonomireglement, oppdatert administrativt delegasjonsreglement og arkivplan. Arbeidet med desse dokumenta vil ha prioritet i 2013. 19

For å kunne etablere ein heilskapleg og effektiv internkontroll, er det viktig å ha kunnskap om kommunen sitt risikobilete kva kan gå galt, og kor alvorleg er det, dersom det går galt. Kartlegging av kommunen sitt risikobilete er difor ein viktig del av internkontrollen. Overordna risikoområde vil vere der det er fare for liv og helse, situasjonar som kan gje oss store økonomiske tap og alvorlege situasjonar for medarbeidarane i kommunen. Vi nyttar brukarundersøkingar mellom brukarar og pårørande og deltaking i effektiviseringsnettverk for å få informasjon om kvaliteten i tenesteproduksjonen, og som ein del av grunnlaget for internkontroll. I 2013 skal vi gjennomføre medarbeidarkartlegging og brukargransking mellom foreldra i barnehagen. I løpet av 2013 vil vi og ha ein gjennomgang av omfanget av brukarkartleggingar og lage ein plan for dette. Politisk resultatmål - kvalitetsutvikling Fokusområde Resultatmål Utviklingsoppgåver Vi skal ta i bruk eit kvalitetssikringssystem for alle tenester og forvaltning i heile kommunen. IKT Kommunane Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal har etablert ei felles ikt stilling og vedteke ein felles ikt strategi. Denne er grunnlag for kommunen sitt ikt-arbeid. Konkrete tiltak for 2013 går fram av oversynet over administrative tiltak under støtteeining tenestetorg og ikt. I nokre av samarbeidstiltaka som t.d. val av saks/arkivsystem har vi òg samarbeidsavtalar med fylkeskommunen og felles framdriftsplanar. Forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) Ein tilstandsanalyse på nær all kommunal byggmasse i 2005 synte at etterslepet var 25 millionar kroner, og at det var behov for om lag 4 mill. kroner i årlege vedlikehaldsmidlar. Det er etter 2005 gjort nokre større oppgraderingar av byggmassen mellom anna 6 mill. kroner i samband med krisepakka, opprusting av bustader, og i 2012 er det nytta betydelege midlar til opprusting av skulane først og fremst Trudvang og Kvåle skule. Med utgangspunkt i tilstandsanalysen er det utarbeidd prioritert vedlikehaldsplan innanfor den ramma som kvart år er til disposisjon. Vedlikehaldsetterslepet og pålegg etter tilsyn frå Arbeidstilsynet og Miljøretta helsevern gjer vedlikehaldet vanskeleg å planlegge. Følgjande tiltak vil bli gjennomført i 2013 innanfor driftsbudsjettet på kr. 650 000: Trudvang skule - kr. 400 000 til SD-anlegg gamle bygget, overflate golv, kjellar og klaserom. Helsesenteret kr. 150 000 til lede- og naudlys. Kaupanger skule kr. 100 000 til byte av tak på utbygg. 20

Vi skal undersøkje moglegheitene for bygging av ny idrettshall på Kvåle. I den samanheng vil kommunen vurdere å innføre leige for bruk av kommunale gymsalar. Desse er i dag gratis for barn og unge. Politisk resultatmål FDV Fokusområde Resultatmål Brukar Vi skal vurdere å innføre leige for bruk av kommunale gymsalar. Beredskap Hovudføremålet med beredskapsarbeidet er å o skape tryggleik for kommunen sine innbyggjarar og besøkande når det gjeld liv, helse og eigedom o redusere risikoen for at krisesituasjonar kan oppstå ved å få fram kor sannsynleg det er at ei uønskt hending kan skje, og konsekvensane av ei slik hending o førebyggje uønskte hendingar ved å ta omsyn til slike tilhøve i planprosessar. Rådmannen har det formelle ansvaret for at beredskapen i kommunen er i samsvar med lovverket. Styringshjulet er eit verktøy for Sogndal kommune for planlegging og styring. Styringshjulet for beredskapsarbeidet skal samordnast med budsjetthjulet. Vi vil også gjennomføre opplæring for alle som har ei rolle i kommunal krisehandtering. Dette gjeld m.a. opplæring i bruk av verktøy, utstyr og varslingsrutinar knytt til det å setje kriseleiing. Beredskapsrådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid og nødvendig avklaring av ansvarsforhold og fordeling av oppgåver. Beredskapsrådet er eit forum der politisk og administrativ leiing deltek i tillegg til sentrale samarbeidspartar. Rådet skal ha minst eitt årleg møte. Lokalt folkehelsearbeid Folkehelsearbeidet er samfunnet sin samla innsats for å oppretthalde, betre og fremje folk si helse og redusere faktorar som medfører helserisiko. Lov om folkehelse vart sett i verk frå 01.01.2. Føremålet med lova er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, inkl. utjamnar sosiale skilnader Folkehelsearbeidet skal fremje helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige tilhøve i befolkninga og vere med å førebyggje psykisk og somatisk sjukdom. Forskrift om oversikt over folkehelsa er gjeldande frå 01.07.12. Forskrifta skal leggje til rette for systematisk og kunnskapsbasert folkehelsearbeid, og bidra til samordning og standardisering av arbeidet med oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på folkehelsa. Folkehelseinstituttet produserer statistikk som er utvikla for å støtte kommunane med data om folkehelseutfordringar. Informasjonen er presentert i fem temaområde som er valde ut frå eit førebyggingspotensial. 21

Folkehelsebarometer for Sogndal kommune Folkehelsebarometer for Sogndal, trykk her eller gå til http://khp.fhi.no/pdfvindu.aspx?nr=1420&sp=2 Folkehelsebarometeret er utvikla for å støtte kommunane med data om folkehelseutfordringar. Verktøyet gir statistisk behandla og tilrettelagt kunnskap om risikofaktorar og beskyttande faktorar, helsetenester og demografiske og sosioøkonomiske tilhøve. I oversynet er nøkkeltal i kommunen og fylket samanlikna med landstal. Tal i kolonnen til venstre er alders- og kjønnskorrigert, i kolonnen til høgre er nøkkeltala utan korrigeringar for skilnad i kjønn og alder. Den loddrette raude lina i midten viser gjennomsnittet for landet. Grøn = kommunen ligg betre an enn landet Raud = kommunen ligg dårlegare an enn landet Gul = det er usikkert om kommunen ligg dårlegare eller betre an enn landet. 22

Vi vil nytte fakta om folkehelse som grunnlag for kommunalt planarbeid. Vi vil også som del av prosjektet folkehelse i Sogn, eit samarbeid med kommunane Leikanger og Luster, vurdere samarbeidstiltak mellom kommunane for å styrkje folkehelsa. Frivillig arbeid Det gode liv i eit lokalsamfunn vert skapt i samarbeid mellom kommunen og innbyggjarane, og vi har mange gode døme på slikt samarbeid i kommunen. Det er viktig at dette mangfaldet vert oppretthalde og at vi kan utvikle nye former for samhandling mellom offentleg og frivillig sektor. Velferdssamfunnet står overfor nye utfordringar, og haldningar og verdiar knytt til samfunnsansvar og frivillig arbeid er i endring. Kommunen sin strategi for frivillig sektor legg til grunn at frivillig innsats skal bidra til å leggje til rette for sosial integrasjon, styrkje tilknyting til lokalmiljøet og vedlikehalde og utvikle demokratiet. Frivillig arbeid skal vere ein ressurs for og eit tillegg til den kommunale tenestytinga. Samarbeid med frivillig sektor gjeld alle tenesteområda. Frivilligsentralen skal vere koordinator og fungere som ein kunnskaps- og informasjonsbase for frivillig arbeid. Strategi for kommunen si samhandling med frivillig sektor vart vedteken i desember 2012. Konkretisering og implementering vil verte gjennomført i 2013. Utviklingsprosjekt Kommunen er med i KRD utviklingsprosjekt «Saman om ein betre kommune», der vårt val av tema er styrka rekruttering og tilflytting gjennom eit godt omdøme. Vi manglar ein heilskapleg strategi for omdømebygging og kopling til rekruttering og ønskjer å utvikle denne. Mål for arbeidet er å kartlegge alle kommunale område, der vi har rekrutteringsutfordringar, vurdere «omdømestatus» til områda og tiltak som kan styrkje rekrutteringa på kort og lang sikt. Vi vil ha eit særleg fokus på ungdom, innvandrarar og rekruttering til helse- og omsorgssektoren. Politisk resultatmål utviklingsprosjekt Fokusområde Resultatmål Utviklingsoppgåver Vi skal delta i det nasjonale programmet «Saman om ein betre kommune». Budsjettramme for einingane og eigne administrative tiltak Støtteeining økonomi og personal Nye tiltak/budsjettendringar: Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Auke i løn og sosiale utgifter 629 722 629 722 629 722 629 722 Prisvekst varer og tenester 66 400 66 400 66 400 66 400 Prisvekst inntekter -4 800-4 800-4 800-4 800 Endring i internsal -6 020-6 020-6 020-6 020 23

Tilsettedag 200 000 0 200 000 0 Effektiviseringsgevinst nytt LØP-system -450 000-450 000-450 000 Kontingentar og medlemsskap 180 000 180 000 180 000 180 000 Tilskot sikringskontoret 20 000 20 000 20 000 20 000 Forvaltningsrevisjon kontrollutvalet 140 000 Sum nye tiltak 1 225 302 435 302 635 302 435 302 Merknader: Endring i internsal gjeld generell prisvekst på inntekter frå tenesteyting til diverse kommunale samarbeid. Eininga arrangerer tilsettedag for alle i kommunen annakvart år, sist i 2011. Tilsettedagen vert arrangert i 2013 og 2015. Det er forventa at eininga skal kunne hente ut ein effektiviseringsgevinst som følgje av nytt løns-, økonomi- og personalsystem. Kontingent og medlemsskap KS har dei siste åra auka betydeleg meir enn generell prisstigning. Budsjettet vert oppjustert med utgangspunkt i rekneskapstal for 2012. Budsjett tilskot sikringskontoret til vert oppjustert i samsvar med rekneskapstal for 2012 Det er sett av ekstra midlar til forvaltningsrevisjon Pleie og omsorg i 2012. Budsjettramme: 2012 2013 2014 2015 2016 8 480 255 9 705 553 8 915 553 9 115 553 8 915 553 Eigne administrative tiltak i 2013 1. Vi skal utarbeide økonomireglement som ein del av arbeidet med kvalitetsutvikling. 2. Vi skal utarbeide ein strategi for likestilling. 3. Vi skal nå resultatkrav knytt til skatteinnkrevjing og ha utført arbeidsgjevarkontrollar på 5% av leverandørane. Kravet til arbeidsgjevarkontroll er 5% av leverandørane sine løns- og trekkoppgåver, det vil seie om lag 17 kontrollar kvart år. 4. Vi skal utarbeide rutinar for finansforvaltning i samsvar med krav frå departementet. 5. Vi skal vurdere aktiverte tomter i balansen etter pålegg frå revisor. Støtteeining tenestetorg og ikt Nye tiltak/budsjettendringar: Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Auke i løn og sosiale utgifter -169 188-169 188-169 188-169 188 Prisvekst varer og tenester 50 053 50 053 50 053 50 053 Prisvekst inntekter -3 400-3 400-3 400-3 400 Drift og integrasjon av datasystem 101 500 101 500 101 500 101 500 Endring i internsal -4 970-4 970-4 970-4 970 Sum Tenestetorg og IKT -26 005-26 005-26 005-26 005 24

Merknader: Drift og integrasjon av datasystem gjeld medlemskap KS-kommunal IT, nye modular kvalitetssystem, drift av Norsk helsenett, meldingsløftet, drift av Notus og integrasjon Min vakt og Visma Endring i internsal gjeld generell prisvekst på inntekter frå tenesteyting til diverse kommunale samarbeid Budsjettramme: 2012 2013 2014 2015 2016 6 070 996 6 042 991 6 042 991 6 042 991 6 042 991 Eigne administrative tiltak i 2013 1. Vi skal ferdigstille arkivplanen som ein del av arbeidet med kvalitetsutvikling. 2. Vi skal gjennomføre regional ikt strategi med vekt på: a. Vurdere skifte av e-post system og intranett. b. Oppgradere eller kjøpe nytt saks/arkivsystem i samarbeid med fylkeskommunen. c. Leggje til rette for å gjennomføre Meldingsløftet og eresept. d. Ta i bruk nytt elektronisk valadministrasjonssystem. e. Implementere styringssystem for informasjonstryggleik. f. Delta i læringsnettverk for skule, nettsider og kvalitetssystem. 3. Alle nytilsette skal få tilbod om opplæring i relevante dataprogram innan 3 månader. 4. Vi skal flytte arkivmaterialet inn i nye lokale i kommunehuset i løpet av 2013. Arkivmaterialet er i dag lagra i mellombelse ueigna lokale. 5. Vi skal planlegge for elektronisk sakshandsaming og fullelektronisk arkiv, i første rekke for sentralarkivet. Fullelektronisk arkiv er eitt av punkta i regional ikt strategi. Støtteeining fag og utvikling Nye tiltak/budsjettendringar: Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Auke i løn og sosiale utgifter 8 942 8 942 8 942 8 942 Prisvekst varer og tenester 1 000 1 000 1 000 1 000 Endring i internsal -1 952-1 952-1 952-1 952 Auka budsjett inkl. løns og prisvekst Frivilligsentralen 29 170 29 170 29 170 29 170 Auka budsjett inkl. løns og prisvekst Regionalt IKT samarbeid 325 325 325 325 Sum nye tiltak 37 485 37 485 37 485 37 485 Merknader: Ansvar 710 (skule) og 715 (norskopplæringa) ligg under område oppvekst. Endring i internsal gjeld generell prisvekst på inntekter frå tenesteyting til diverse kommunale samarbeid Auka budsjett Frivilligsentralen og Regional IKT gjeld netto sum alle postar i budsjettet, inntekter og utgifter. 25

Budsjettramme 2012 2013 2014 2015 2016 3 700 669 4 249 473 4 249 473 4 249 473 4 249 473 Eigne administrative tiltak i 2013 1. Vi skal oppdatere administrativt delegasjonsreglement som ein del av arbeidet med kvalitetsutvikling. 2. Vi skal gjennomføre og konkretisere kommunal strategi for frivillig sektor. Politisk arbeid Nye tiltak/budsjettendringar: Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Auke i løn og sosiale utgifter 103 016 103 016 103 016 103 016 Prisvekst varer og tenester 17 000 17 000 17 000 17 000 Auka kontingent til Sogn regionråd 272 000 272 000 272 000 272 000 Auka godtgjersle politikarar 110 000 110 000 110 000 110 000 Auka utgifter stortingsval/kommuneval 100 000 100 000 Sum politisk verksemd 602 016 502 016 602 016 502 016 Merknader: Kontingent Sogn regionråd er auka til faktisk nivå. Godtgjersle til politikarane er auka i samsvar med kommunestyrevedtak om auka godtgjersle. Det er lagt inn auke på kr. 100 000 i budsjettet for å dekke utgifter i samband med stortingsval i 2013 og kommuneval i 2015. Budsjettramme 2012 2013 2014 2015 2016 2 429 606 3 031 622 2 931 622 3 031 622 2 931 622 Det er i 2012 sett i gang eit sakskomitearbeid for revisjon av kommunal plan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse. Arbeidet vil halde fram i 2013. Aktuelle tema for sakskomitearbeid, arbeidsgrupper og andre former for politisk arbeid i 2013 er: Revisjon av strategisk skuleplan Utarbeide ein overordna helse- og omsorgsplan Arbeidsseminar og temadagar i samband med revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Kommunestyret har vedteke plan for forvaltningsrevisjon på følgjande prioriterte område: 1. Pleie og omsorg årsak til avvik mot budsjett og Kostra tal. 2. Kvaliteten på tenestetilbodet til brukarar med store pleie- og omsorgsbehov. 3. Openheit og offentlegheit. 26

4. Internkontroll i kommuneorganisasjonen. 5. Samhandlingsreforma. Kyrkjeleg fellesråd og andre trussamfunn Nye tiltak/budsjettendringar: Endr. 2013 Endr. 2014 Endr. 2015 Endr. 2016 Tilskot til andre trussamfunn 3 770 3 770 3 770 3 770 Overføring til kyrkja 121 437 121 437 121 437 121 437 Tilskot til kyrkjeorgel -100 000-100 000-100 000-100 000 Sum kyrkjeleg fellesråd 25 207 25 207 25 207 25 207 Merknader: Tilskot til kyrkja og andre trussamfunn er auka med deflator Tilskot til kyrkjeorgel over kraftfond II i 2012 er teke ut. Budsjettramme: 2012 2013 2014 2015 2016 3 894 033 3 921 240 3 921 240 3 921 240 3 921 240 Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd er felles for dei to kommunane. Fellesrådet har ansvaret for drift av kyrkja i Sogndal: drift av fire kyrkjer, fire kapell/bårehus og fire gravlundar, administrasjon og prestetenesta. Fellesrådet har eigen økonomi, der størstedelen av inntektene er tilskot frå Sogndal kommune. Fellesrådet utviklar eigne mål og handlingsplanar for kvart år. 4.2 Oppvekst Innhald Oppvekst omfattar følgjande tenesteeiningar/tenesteområde: Barn og unge, barnehage, Kvåle skule, Trudvang skule, Kaupanger skule, Norane oppvekstsenter, Fjærland oppvekstsenter, norskopplæringa og kultur. Analyse og utfordringar for oppvekst Barn og unge Folketalsutvikling for Sogndal kommune for aldersgruppa 0-19 år, tal personar År 2012 2020 2025 2030 2040 0 73 121 125 122 118 1-5 469 577 647 651 614 6-12 678 715 823 929 919 13-15 279 304 308 363 416 16-19 412 415 430 431 566 27