HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEBOK Samferdselsutvalet Dato: 13. januar 2010 Kl.: 11.00-16.00 Stad: Fylkeshuset, Fylkesutvalsalen rom 367 Hordaland Saknr.: 1/10-8/10 MØTELEIAR Bahus, Gustav (FRP) DESSE MØTTE Nøss, Nils-Olav (A) Hansen, Jette Lunemann (A) Innvær, Anne-Line (A) Tharaldsen, Elisabeth Eide (FRP) Indrevik, Georg (FRP) Lutro, Einar (H) Eidsheim, Torill (H) Berland, Eli Årdal (H) Sønnesyn, Gunvor (KRF) Bondhus, Bente (SP) Haugsnes, Kjartan (SV) Njærheim, Anne Beth (V) DESSUTAN MØTTE Hordaland fylkeskommune: Magnus Vestrheim Rolf Rosenlund Thorbjørn Aarethun Oddmund Sylta Statens vegvesen: Per Steffen Myhren ORIENTERINGAR Gunvor Sønnesyn og Øivind Støle orienterte om hamneplanarbeidet og vidare framdrift. Det kan verta aktuelt å ta eit omframt møte i utvalet den 24. februar for å ta stilling til dimensjonerande storleikar. Fylkestrafikksikringsrådet v/nils Egil Grude orienterte om trafikksikringsarbeidet, og gjekk gjennom ulukkesstatistikkar for Hordaland for perioden 2004-2008. Utvalet drøfta korleis ein skal leggja opp arbeidet med revidert trafikksikringsplan. Magnus Vestrheim og Oddmund Sylta orienterte om iverksetjing av strakstiltak på kollektivområdet i samband med luftureininga i Bergen. Det er leigt inn 25 bussar frå Tide Reiser som går i ekspressruter i rushtida mellom Åsane terminal, Oasen, Vestkanten, Nesttun, Lagunen og Bergen 1
busstasjon. Dagskostnaden er om lag kr 200.000. I tillegg kjem tapte trafikkinntekter. På nemnde kjøpesentra med tillegg av Øyrane torg er det sett av plass til parkering for bussreisande. MERKNADER TIL INNKALLINGA Det var ikkje merknader til innkallinga. GODKJENNING AV SAKLISTA Magnus Vestrheim opplysta at ein ynskte å leggja fram ei sak i møte som ikkje vart sendt ut på førehand. Utvalet godkjente å ta saka opp til handsaming. GODKJENNING AV MØTEBOKA 08.12.09 Møteboka vart godkjent utan merknader. YMSE Nils Olav Nøss sette på vegne av A og SP fram fylgjande oversending. Forureiningssituasjonen i Bergen er for tida svært alvorleg. Det er dei seinaste dagane sett i verk strakstiltak for å betra situasjonen. Ein ynskjer med dette å få opp ei sak til møte i samferdselsutvalet med evaluering av strakstiltaka, og med framlegg til permanente tiltak for å betra forureiningstilhøva i Bergen. Her må ein sjå på potensialet som ligg i ulike trafikkavgrensande tiltak, og korleis me betre kan nytta oss av belønningsordninga for kollektivtrafikken for å finansiera tiltaka. Hordaland bør med det satsa på å få på plass ein 4- årig avtale så snart som råd. Kjartan Haugsnes sette fram fylgjande spørsmål til fylkesrådmannen. 1) Ekspressbussrutene som no er sett inn for å avgrensa krisa i luftkvaliteten i Bergen fungerer etter hensikten. Busstilbodet utanom ekstratiltaka er derimot som før. Er det mogleg å auka busskapasiteten på øvrige sentrumsnære ruter, som til eksempel, Laksevåg, Birkelundstoppen, Ytre Sandviken, Eidsvågneset osv? 2) Kan det setjast inn ekstrabussar mellom Bergen og kommunesentra i dei store omlandskommunane for å dempe inn og utpendlinga med privatbil? ------------------ I media går det fram at Statens vegvesen ikkje finn det mogleg å gjera om andre innfartsårer bortsett frå Søndre, til å ha sambruksfelt/kollektivfelt. Statens vegvesen vil sjølv ikkje i ein krisesituasjon gje frå seg makta over vegarealet og få på plass det ein kan kalle meiningsbærande strukturar. Vi er no komen i ein situasjon i Bergen at dei som tek bussen må og kunne sjå og føle at dei vert teken på alvor. Vil Statens Vegvesen kome Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune i møte og få på plass sambruksfelt på alle innfartsårene? ---------------------- Ekstrakostnadene som kjem i samband med ekstra busstilbod til og frå Bergen sentrum må utnyttast best mogeleg. Ein ber fylkesrådmannen gå i dialog med Bergen kommune for å gjennomføra to strakstiltak. Døgnprisen i dei kommunale parkeringshusa vert tredobla eller stengt. Det vert innført rushtidsavgift på kr. 50 og stogg i sal av rabattordningar for bompasseringar til luftkvaliteten igjen er tilfredstillande på begge målestasjonane i Bergen sentrum. 2
Anne Beth Njærheim sette fram fylgjande oversending. Kva arbeid og tiltak vert gjort for å få til betre korrespondansar mellom lokale bussruter der Skyss har ansvar og ekspressbusstilbodet. Dette gjeld spesielt i sambandet til/frå Føyno i korrespondanse med Kystbussen til/frå Stavanger/Bergen. Anne Line Innvær tok opp spørsmål om løyvesituasjonen til Leirvik Taxi etter at ein no har søkt om å få omgjort to reserveløyve til eitt hovudløyve og eitt reserveløyve. Frå administrasjonen vart det opplyst at alle saker som gjeld oppretting av løyve vert lagt fram for utvalet. Det vil ein og gjera med denne saka. Gunvor Sønnesyn sette fram fylgjande oversending. Ein ser av BT at NSB har planar om tog til Flesland. Kan utvalet få ei orientering om desse planane? --------------------- I samband med nye/opplading av Skyss-kort etter nyttår var det lange køar og mykje misnøye. I omleggjingane som kjem framover vil det lett oppstå liknande situasjonar. Kva planar har ein for å unngå kø, og auka kapasiteten i slike situasjonar. Torill Eidsheim sette fram fylgjande oversending. Samferdselsutvalet ynskjer ei orientering frå Skyss over planlagt/status i arbeidet med koordinering mellom dei ulike kollektivtilboda i fylket. Gustav Bahus sette fram fylgjande oversending. Ein har registrert at traseen for servicelina på Landås er lagt om. Utvalet ber om ei orientering om kvifor lina er lagt om. Eli Berland peika på det faktum at når møta dreg ut er utvalet sjeldan fulltallig ved møteslutt. Berland fann dette uheldig, og ba om at møta vart lagt opp slik at alle representantane kan ta del til møta er slutt. På Jernbaneforum sin konferanse 4. mars møter Einar Lutro og Jette Lunemann Hansen for utvalet. MELDINGAR Periode: 10. juni 2009-13. januar 2010 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 1/10 200802866-52 Forvaltningsreformen - oversikt over nye oppgaver for fylkeskommunene fra 1. januar 2010 2/10 200912003-2 Organisering av Statens vegvesen Region vest frå 1.1. 2010 3/10 200907758-3 Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest 4/10 200800350-80 Rapport om Bybanen - administrativ struktur og styringsrutinar 5/10 200901908-10 Den viktige fergeruten fra Bergen til Newcastle må gjenopprettes 6/10 200901908-9 Ønskje om at båtruta frå England vert gjenoppretta 3
7/10 200902695-8 Forvaltningsreformen - overføring av midler til riksveier som skyldes lavere forbruk i 2009 8/10 200803914-2 Statleg program for modernisering av ferjeflåten 9/10 200902479-6 Problem med utkøyring frå Klostergarasjen - Svar på oversendingsforslag 10/10 200912516-1 Vedtak - Bergen og omland havnevesen som utpekt havn etter havne- og farvannsloven 11/10 200901907-10 Konkurranseutsetjing av pakke - Hardanger Georg Indrevik stilte spørsmål om korleis ein skal stilla seg til brevet frå departementet. Frå utvalet vart det gjerve uttrykk for at ein primært står på det ruteopplegget som vart lagt fram for utvalet i sak 29/09. Utvalet ba om at administrasjonen legg fram eit notat for fylkesutvalet om eventuelle endringar i ruteopplegg og opningstid i forhold til det som tidlegare er vedteke. 12/10 200810250-2 Sats på sykkel Gunvor Sønnesyn sette fram ynskje om å få ei orientering om kor fylkeskommunen står når det gjeld gong- og sykkelanlegg. Av meldinga går det fram at Statens vegvesen skal byggja 500 km slike anlegg dei neste 10 åra. Kor mange av desse skal byggjast i Hordaland? 13/10 200912003-4 Endring av Statens vegvesen sin organisasjon frå 01. januar 2010 14/10 200708292-19 Melding til samferdselsutvalet Oversendingsforslag i valperioden 2007-2011 15/10 200910896-2 Invitasjon til å delta i vurderinger omkring framtidig stasjonsstruktur langs jernbanenettet 16/10 200800165-28 Jernbaneforum 2010 - onsdag 3. mars 2010 17/10 200800206-5 Forvaltningsreformen - overføring av midler til riksveger som skyldes lavere forbruk i 2009 18/10 200807439-106 Fylkesvegnettet i Hordaland - opplegg for prioritering og styring 19/10 200800350-87 Melding - rapport om framtidig bybanenett i Bergensområdet 20/10 201000250-2 Melding - rapport om køprisng i Bergensområdet 21/10 200703590-61 Søknad om stønad til utgreiing av gratis buss - kr 100.000 - frå ordninga "Bedre kollektivtransport i distriktet" 22/10 201000206-1 Strakstiltak i forbindelse med forurenset luft i Bergen sentrum 23/10 201000206-2 Luftforureining akutt-tiltak Bergen Handsaming av meldingane 1, 2, 3, 7, 13, og 18 vart utsett til neste møte. Ein legg då opp til ei orientering om forvaltningsreforma og samhandlinga mellom fylkeskommunen og Statens vegvesen. Regionvegsjef Olav Ellefset og distriktsdirektør Olav Finne vert invitert til møte. 4
SAKNR. 1/10 SØKNAD OM OPPRETTING AV EIT NYTT RESERVEDROSJELØYVE TILKNYTT ODDA TAXILAG AS VEDTAK Det vert oppretta eit nytt reservedrosjeløyve i Odda som skal vera tilknytt Odda Taxilag AS. Det skal setjast bil på løyve som kan transportera rullestol. 2/10 STUDENTKORT/UNGDOMSKORT FOR ELVAR VED KYRRE SKOLE - FORSLAG I DESEMBERTINGET 2009 Det vart sett fram fylgjande fellesforslag. Elevar/studentar ved Kyrre skule fell utanfor ordninga med studentkort og ungdomskort. Dette kan og gjelda elevar ved andre vidaregåande skular i Hordaland. Samferdselsutvalet ber om ei sak til møte i februar der ein vurderar situasjonen for desse elevane/studentane for å sjå om det kan gjerast justeringar i ordningane slik at også desse kan koma inn under rabattordninga. Fellesforslaget vart samrøystes vedteke VEDTAK Elevar/studentar ved Kyrre skule fell utanfor ordninga med studentkort og ungdomskort. Dette kan og gjelda elevar ved andre vidaregåande skular i Hordaland. Samferdselsutvalet ber om ei sak til møte i februar der ein vurderar situasjonen for desse elevane/studentane for å sjå om det kan gjerast justeringar i ordningane slik at også desse kan koma inn under rabattordninga. 3/10 TILSKOTT TIL VIDAREFØRING AV ARBEIDET I FORUM NYE BERGENSBANEN Gunvor Sønnesyn sette på vegne av KRF, H, FRP fram forslag til nytt pkt 3 i innstillinga. Fylkesutvalet ber om at samferdselsutvalet får årsmeldingar og møtereferat frå Forum Nye Bergensbanen som meldingar. Gunvor Sønnesyn sitt forslag til nytt pkt 3 vart samrøystes vedteke. 1. Fylkesutvalet går inn for å vidareføra prosjektarbeidet i FNB fram til og med 2012. 2. Fylkesutvalet løyver kr. 60 000 i prosjektstøtte for 2010. Stad Art Tekst Kr 10 720 20000 14900 Til rådvelde for fylkesutvalet - 60 000 10 300 25000 14700 Strategi og handlingsplan. 60 000 5
3. Fylkesutvalet ber om at samferdselsutvalet får årsmeldingar og møtereferat frå Forum Nye Bergensbanen som meldingar. 4/10 HØYRINGSUTTALE - EVALUERING AV SAMBRUKSFELT PÅ RV.580 FLYPLASSVEGEN Kjartan Haugsnes sette fram forslag til ny innstilling. Fylkesutvalet går ikkje inn for at sambruksfelt 2+ på Rv 580 vert vidareført. Sambruksfeltet vert tilbakeført til kollektivfelt frå og med 1. mars 2010. Fylkesrådmannen sitt forslag til innstilling vart vedteke mot to røyster (SV, V). Kjartan Haugsnes sitt forslag til ny innstilling fekk to røyster (SV, V) og fall. Fylkesutvalet går inn for at sambruksfelt 2+ på RV580 Flyplassvegen vert vidareført som ei prøveordning fram til utgangen av 2011. I prøveperioden må det gjerast langt fleire og grundigare målingar av effektane av sambruksfeltet for kollektivtransporten (passasjerutvikling og framkomst). 5/10 SØKNAD OM TILSKOTSMIDLAR TIL KOMMUNESEKTOREN (BRA-MIDLAR) FOR 2010 Benthe Bondhus sette fram fellseforslag til nytt pkt 4. Invitasjon til å søkja om BRA-midlar for 2011 vert å senda alle randkommunane til Bergen. Benthe Bondhus sitt forslag til nytt pkt 4 vart samrøystes vedteke. 1. Fylkesutvalet søkjer om tilskot frå den statlege ordninga for tilgjengetiltak i kommunesektoren til følgjande tiltak: Oppgradering av haldeplassar mellom bussterminalen på Osøyro til Tøsdalskiftet (kryss med E 39), vidareføring av kurs i universell utforming for sjåførar og informasjonssøyler på dei viktigaste sentrumshaldeplassane og terminalane i Bergensområdet. 2. Fylkesutvalet vedtek at eigenandelen for oppgradering av haldeplassar mellom Osøyro og Tøsdalskiftet vert dekt inn over fylkesvegbudsjettet. Eigenandelen for informasjonssøyler og sjåføropplæring vert dekt inn over Skyss sine budsjett. 3. Fylkesutvalet tilrår slik prioritering av søknadane om tilskot for den statlege ordninga for tilgjengetiltak i kommunesektoren frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Os kommune: Prioritet Tiltak / Prosjekt Søkjer Kostnad i tusen kr. 1 Oppgradering av haldeplassar Hordaland 3.700 mellom Osøyro og Tøsdalskiftet fylkeskommune 1 Oppgradering av bussterminalen på Os kommune 800 Osøyro 2 Informasjonssøyler på sentrale Hordaland 4.000 6
haldeplassar fylkeskommune 3 Tilgjenge til sentrale haldeplassar Bergen kommune 1.500 4 Sjåføropplæring Hordaland fylkeskommune 725,5 4. Invitasjon til å søkja om BRA-midlar for 2011 vert å senda alle randkommunane til Bergen. 6/10 SØKNAD OM RUTELØYVE FOR FLYBUSS NORDHORDLAND - BERGEN Einar Lutro sette fram forslag til nytt pkt 4 i innstillinga. Fylkesutvalet ber søkjaren også vurdera stopp på Åsane terminal. Einar Lutro sitt forslag til nytt pkt 4 vart samrøystes vedteke. 1. Fylkesutvalet tildeler Royal Turbuss AS ruteløyve for strekninga Mongstad-Lindås-Bergen lufthavn Flesland. 2. Ruteløyve gjeld ikkje lokal rutetransport, og alle rutene skal ha påstiging på strekninga Mongstad- Flatøy og avstiging på Bergen lufthavn eller omvendt. 3. Løyve vert gjort gjeldande for 10 år. 4. Fylkesutvalet ber søkjaren også vurdera stopp på Åsane terminal. 7/10 SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010 Til møte vart det lagt fram søknad frå Stord kommune om støtte til utgreiing av gratisbuss mellom Leirvik sentrum og Heiane, jfr melding 21/10. Utvalet har merka seg at kriteria for tildeling av KIDmidlar er at dei skal nyttast i distrikta. Ettersom Stord har bystatus, og søknaden gjeld gratistransport mellom kjøpesentra, fann utvalet at denne søknaden ligg på sida av kriteria for å søkja om midlar. Utvalet vedtok difor å ikkje ta med denne søknaden. Utvalet sette fram fellesforslag om å endra prioriteringslista ved at tiltak 4 og 5, der det ikkje låg føre søknader frå kommunane, vert prioritert til slutt. Utvalet sitt forslag til omprioritering vart samrøystes vedteke. Fylkesutvalet godkjenner følgjande prioriterte søknadsliste for KID-midlar 2010: 1. Vidareføre bestillingsruta i Eidfjord 2. Bestillingsrute i Sund kommune (nytt prosjekt) 3. Tilrettelagt arbeidsrute i Nordhordland (nytt prosjekt) 4. Utvida rutetilbod i Tysnes kommune (nytt prosjekt) 5. Utvide båttilbodet i Austevoll kommune (nytt prosjekt) 6. Bestillingsrute Odda Tyssedal 7. Bestillingsrute Husedalen-Kinsarvik Dei føreslåtte prosjekta har ein estimert kostnad på kr.2 597 000-. Fylkeskommunen tek på seg ein eigendel på 50 %. 7
Fylkesutvalet kjem attende til finansiering av eigenandel når departementet har avgjort søknaden. 8/10 SÆRSKILT TILPASSA KVALITETSAVTALE FOR 2010 OG 2011 - FULLMAKTSSAK Fylkesrådmannen får fullmakt til å framforhandle kvalitetsavtale som er særskilt tilpassa dei endringane kollektivtrafikken i Bergensområdet står overfor i 2010 og 2011. Framforhandla avtale vert lagt fram for samferdselsutvalet og fylkesutvalet for endeleg godkjenning. Rolf Rosenlund sekretær 8