SNØSKREDFAREVURDERING OSPELUNDEN BUSTADFELT, KVINNHERAD KOMMUNE
ADRESSE COWI AS Fosshaugane Campus Trolladalen 30 6856 Sogndal TLF +47 02694 WWW cowi.no SNØSKREDFAREVURDERING OSPELUNDEN BUSTADFELT, KVINNHERAD KOMMUNE OPPDRAGSNR. 137080 UTGIVELSESDATO 07.05.2012 UTARBEIDET KONTROLLERT GODKJENT STEINAR NES HELGE HENRIKSEN STEINAR NES
COWI SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT INNHOLD 1 Samandrag 1 2 Innleiing og grunnlag 2 3 Generell vurdering av snøskredfare 3 4 Undersøkingar av snøskredfare 4 4.1 Grunntilhøve 4 4.2 Topografi 4 4.3 Vegetasjon 5 4.4 Drenering 6 4.5 Tidlegare snøskredhendingar 6 5 Vurdering av snøskredfare 7 6 Konklusjon 9
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 1 1 Samandrag Reguleringsplanen for Ospelunden bustadfelt vart vedteken 17.06.2004. I samband med utarbeiding av tekniske planar og søknad om løyve til tiltak er det kome innspel frå kommunen om at det i tillegg til Helge Askvik sin skredfarerapport må utarbeidast ein rapport som omhandlar snøskred. COWI AS er engasjerte til å vurdere snøskredfaren til bustadfeltet. Til grunn for vurderingane ligg Plan- og bygningslova og tilhøyrande teknisk forskrift (TEK10) til denne. Området for bustader tilfredstiller kravet til tryggleik mot skred for tryggleiksklasse S2 i TEK 10 7.3 dersom ein: - unngår å utføre større inngrep i lia over bustadområdet (omfattande planering, fjerning av all skog) som kan auke snøskredfaren
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 2 2 Innleiing og grunnlag Reguleringsplanen for Ospelunden bustadfelt vart vedteken 17.06.2004. I samband med reguleringsplanen vart det utarbeidd ein skredfarerapport av geolog Helge Askvik. Etter det me kan vurdere er det i rapporten lagt fram ei faregrense for maks rekkevidde for steinsprang og skred. I samband med utarbeiding av tekniske planar og søknad om løyve til tiltak er det kome innspel frå kommunen om at eit tillegg til Askvik sin rapport som omhandlar snøskred må utarbeidast. COWI AS er engasjerte av ingeniør Egil Ulvund til å utføre snøskredfarevurderinga. Snøskredfare er ein av fleire skredfarar. Skredfare vert omfatta av Byggteknisk forskrift (TEK 10 7.3, VEDLEGG 1). For skredhendingar er kravet til tryggleik for bustader (tryggleiksklasse S2) høgst ei skredhending pr. 1000 år. Krava til tryggleik gjeld også tilhøyrande utandørs bruksareal. I tillegg er følgjande dokument og kjelder nytta som grunnlag i vurderingsarbeidet: - Godkjend reguleringsplan "Ospelund bustadfelt" i Uskedalen Kvinnherad kommune - Skredfarerapport utarbeida av Helge Askvik: "Vurdering av skredfare for Ospelund bustadfelt på del av gnr. 121 og 123 i Uskedalen, Kvinnherad kommune". - www.skrednett.no - www.eklima.no Området vart synfart av Steinar Nes den 17.04.2012. Skredfaren er vurdert i henhold til retningslinene i NVE sin vegleiar 2/2011 "Flaum og skredfare i arealplanar".
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 3 3 Generell vurdering av snøskredfare I dei nasjonaldekkande aktsemdskarta for snøskred er det merka område der det må utøvast aktsemd i arealdisponeringa. Heile reguleringsplanområdet ligg innanfor eit slikt område. Snøskred vert delt inn i tre hovudtypar: laussnøskred, flakskred og sørpeskred. Snøskred vert normalt løyste frå skråningar brattare enn 30 grader. I aktsemdskarta (www.skrednett.no) for snøskred er område med terrenghelling > 30 grader klassifiserte som løysneområde. Påfølgjande datamodellering gir utløpsdistansar (rekkevidde) frå løysneområda. Løysne- og utløpsområda som vert sett på som aktsemdsområde vert berekna automatisk utan omsyn til effekten av lokale faktorar som til dømes klima eller skog. Aktsemdskarta er baserte på ein landsdekkande terrengmodell (Statens kartverk) med oppløysing 25x25 meter, der datagrunnlaget hovudsakleg er basert på 20 meters koter. Dette tilsvarar det ein finn på eit vanleg topografisk kart med målestokk 1:50 000. Det er ikkje gjort synfaringar i terrenget i samband med aktsemdskarta.
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 4 4 Undersøkingar av snøskredfare Til grunnlag for snøskredfarevurderinga er ei synfaring av terrenget som inkluderar observasjonar av grunntilhøve, vegetasjon, topografi og dreneringstilhøve. I tillegg kjem kartanalysar, vurdering av flyfoto/satelittbilete og vurdering av tidlegare skredhendingar. 4.1 Grunntilhøve Det faste fjellet er stort sett dekka av lausmassar. Nokre stader finn ein fast fjell i form av små skrentar eller ryggar. Lausmassane er grov botnmorene (Fig. 1). Tjukkelsen og innhaldet av humus i morena varierar i området. Noko meir steinsprangmateriale finn ein langs ryggen vest i området (Fig 2). Fig. 1. Biletet syner dei typiske grunntilhøva i lia over regulert område. 4.2 Topografi Regulert bustadfelt ligg i nedre del av ei li som går opp mot Stødene som ligg på ca 340 moh (Fig. 2). Terrenghellinga innanfor bustadfeltet varierar mellom 10 og 15 grader. I Lia opp mot Stødene er terrenghellinga større og varierar mellom 30 og 35 grader. Nokre parti har skrentar der terrenghellinga er større og generelt er området i vest nær den nordvestgåande ryggen brattare enn området austover.
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 5 Fig. 2. Kartet er henta frå www.skrednett.no. Det syner regulert område for bustader (gul boks) og lia over. 4.3 Vegetasjon Det regulerte området har noko vegetasjon i form av einer, lauvskog og mindre felt med grantre. I lia over er det store felt med granskog som strekker seg heilt opp til Stødene (Fig. 3). Der det ikkje er granskog er det tett lauvskog. Oppå ryggen ved Stødene er det tett einekratt som er opptil 4 meter høgt (Fig. 4). Fig. 3. Biletet syner lia over regulert område som er dekka av granskog og lauvskog.
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 6 Fig. 4. Biletet syner toppen av lia (Stødene) som er dekka av store einer. 4.4 Drenering Vatnet drenerar stort sett i den grove morena. Det finst ein liten bekk i området. Observasjonar langs bekken tilseier at vassføringa normalt ikkje er stor. 4.5 Tidlegare snøskredhendingar I den nasjonale skreddatabasen (www.skrednett.no) er det ingen opplysningar om snøskredhendingar mot bustadfeltet. Under synfaringa i terrenget vart det ikkje registrert spor av snøskredhendingar i området.
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 7 5 Vurdering av snøskredfare I aktsemdskartet for snøskred ligg bustadfeltet innanfor teoretisk utløpsområde for snøskred (Fig. 5). Fig. 5. Utsnitt frå aktsemdskart for snøskred (www.skrednett.no) som syner løysneområde (mørk raud skravur) og utløpsområde (lys raud skravur). Området som er regulert for bustader er merkt med raud boks. Lia under Stødene vender mot nordvest. Den dominerande nedbørsførande vindretninga kjem frå vest-sørvest. Det vil sei at lia og ryggen ved Stødene kan bli utsett for litt lasting av vindtransportert snø. Teoretiske løysne- og utløpsområde indikert på aktsemdskartet er dekka av tett granskog eller lauvskog. Grunntilhøva er grove. Desse tilhøva gjer at snøen har god forankring i lia. Oppå ryggen ved Stødene er det tett vekst av store einer som vil hindre oppbygging av ein eventuell skavl. Det er milde vintrar i området (Fig. 6), og klimaprognosane tilseier mildare vèr. Rapporten "Klima i Norge 2100" har kome fram til at temperaturstigninga på vestlandet vil vere på 1-3 grader celcius fram mot år 2100. Dette fører til at sjansen for store snømengder i låglandet nær kysten vil bli mindre. Det er ingen synlege raviner, myrar eller større svaberg i lia som potensielt kan føre til løysing sørpeskred.
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 8 Fig. 6. Månadsnormalar (www.eklima.no) frå 1961-1990 for Rosendal syner at døgnmiddeltemperaturen ligg over 0 grader celcius, også i vintermånadane. Med desse gjevne tilhøva vurderer me at sannsynet for at eit skred løysnar og når fram til planområdet er < 1/1000 og stettar difor krava i TEK 10 7.3. Det bør likevel ikkje gjerast omfattande inngrep i lia over området, som til dømes å fjerna all skog.
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 9 6 Konklusjon Det regulerte området for bustader har tilfredstillande tryggleik mot snøskredfare i høve til TEK 10 7.3 dersom ein: - unngår å utføre større inngrep i lia over bustadområdet (omfattande planering, fjerning av all skog) som kan auke skredfaren
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 10 7 Referansar Hanssen-Bauer I., Drange H., Førland E.J., Roald L.A., Børsheim K.Y., Hisdal H., Lawrence D., Nesje A., Sandven S., Sorteberg A., Sundby S., Vasskog K. & Ådlandsvik B. 2009: Klima i Norge 2100. Bakgrunnsmateriale til NOU Klimatilplassing, Norsk klimasenter, september 2009, Oslo Helge Askvik, "Vurdering av skredfare for Ospelund bustadfelt på del av gnr. 121 og 123 i Uskedalen, Kvinnherad kommune". NVE vegleiar 2/2011 "Flaum og skredfare i arealplanar".
SNØSKREDFAREVURDERING, OSPELUNDEN BUSTADFELT 11 VEDLEGG 1: TEK 10 Kapittel 7. Sikkerhet mot naturpåkjenninger 7-1. Generelle krav om sikkerhet mot naturpåkjenninger (1) Byggverk skal plasseres, prosjekteres og utføres slik at det oppnås tilfredsstillende sikkerhet mot skade eller vesentlig ulempe fra naturpåkjenninger. (2) Tiltak skal prosjekteres og utføres slik at byggverk, byggegrunn og tilstøtende terreng ikke utsettes for fare for skade eller vesentlig ulempe som følge av tiltaket 7-2. Sikkerhet mot flom og stormflo (1) Byggverk hvor konsekvensen av en flom er særlig stor, skal ikke plasseres i flomutsatt område. (2) For byggverk i flomutsatt område skal sikkerhetsklasse for flom fastsettes. Byggverk skal plasseres, dimensjoneres eller sikres mot flom slik at største nominelle årlige sannsynlighet i tabellen nedenfor ikke overskrides. I de tilfeller hvor det er fare for liv fastsettes sikkerhetsklasse som for skred, jf. 7-3. Sikkerhetsklasse for flom Konsekvens Største nominelle årlige sannsynlighet F1 liten 1/20 F2 middels 1/200 F3 stor 1/1000 Tabell: Sikkerhetsklasser for byggverk i flomutsatt område (3) Første og annet ledd gjelder tilsvarende for stormflo. (4) Byggverk skal plasseres eller sikres slik at det ikke oppstår skade ved erosjon. 7-3. Sikkerhet mot skred (1) Byggverk hvor konsekvensen av et skred, herunder sekundærvirkninger av skred, er særlig stor, skal ikke plasseres i skredfarlig område. (2) For byggverk i skredfareområde skal sikkerhetsklasse for skred fastsettes. Byggverk og tilhørende uteareal skal plasseres, dimensjoneres eller sikres mot skred, herunder sekundærvirkninger av skred, slik at største nominelle årlige sannsynlighet i tabellen nedenfor ikke overskrides. Sikkerhetsklasse for skred Konsekvens Største nominelle årlige sannsynlighet S1 liten 1/100 S2 middels 1/1000 S3 stor 1/5000 Tabell: Sikkerhetsklasser ved plassering av byggverk i skredfareområde