Vinje kommune Tenestetorget Arkiv saknr: 2015/3437 Løpenr.: 440/2016 Arkivkode: 99/4 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 10.02.2016 16/23 Sakshandsamar: Tove Bringsvær 99/4 - Mindre planendring utviding av utnyttingsgrad Eivindbu Dokument i saka: 1 Framlegg til planendring planbeskrivelse 2 Framlegg til nye føresegner 3 Listøyl Fjellhyttegrend plankart 4 Listøyl fjellhyttegrend føresegner 5 Vedtak av plan 2002 6 Vedtak 2003 planendring Bakgrunn: Jon Ericsson søkjer om mindre planendring utviding av utnyttinga (BYA) frå 100 m 2 til 120 m 2 for feltet Eivindbu under planområde Listøyl Fjellhyttegrend planid 20020007. Planarbeidet er varsla i tråd med plan- og bygningslova 12-8 ved at det er sendt ut brev og e-post 20.11.2015 til dei som forslaget vedkjem og det vart sett frist for innspel 18.12.2015. Det har ikkje kome inn innspel til høyringsforslaget. Det er kun grunneigar og hytteeigarar i feltet Eivindbu som er varsla om endringane. Gjeldande plan vart vedteken i 2002 og det vart vedteke ei planendring i 2003 denne omhandla stort sett omlegging av vegar og flytting av tomter.
Plasseringa av planområdet er markera med raudt Eivindbu ligg nedst (lengst syd) i planområdet og det er etablera 26 tomter i dette området kun ei av tomtene er ubygd. Tomtene har ein storleik på frå om lag 500 m2 til 1400 m2, og ein utnyttingsgrad på mellom 7-21 %, gjennomsnittet ligg på 13 % BYA. Omsøkte endringar vil medføre ein BYA på mellom 9-25 %, gjennomsnittleg 15 % BYA. Tomtene ligg i bratt terreng og det vil truleg vere terrenget og eventuell trong for terrenginngrep som avgrensar kva som kan byggast, i tillegg til estetisk tilpassing til eksisterande hytter. Mange av hyttene er tømrer, det kan vere vanskeleg å få til eit godt tilpassa tilbygg. Eivindbu (H1-H6) er markera med gult Dei andre felta i planområdet har ei tillate utnytting på 130 m 2 BYA med unntak av einskilde vanskelege og små tomter som har ei utnytting på 110 m 2 BYA. Tilgrensande reguleringsplanar Listaul Aust og Listaul Vest vart vedtekne høvesvis 2007 og 2014, og har total utnytting (BYA) frå 130 m 2 til 160 m 2.
Illustrasjon av tilgrensande planområder Kommunedelplan for Vågslid opnar for ei maksimal utnytting på 160 m2 BYA (130 + 30) og det er ikkje framlegg om endring av dette i den nye planen som er til handsaming. Årsaka til at feltet Eivindbu har låg tillate BYA, er at under arbeidet med planen Listøyl Fjellhyttegrend i 2002 vart det gjort fyljande vurderingar: I ettertid er dette området bortimot ferdig utbygd og terrenget har grodd til og reparera sår i landskapet i tillegg til at det også delvis skjuler bygningane. Området vestover er under utbygging eller delvis utbygd og dette medfører at Eivindbu ikkje lenger gjev noko særleg synleg «visuell effekt» - grunnlaget bak argumentasjonen for ei lågare utnytting er ikkje lenger til stades i same grad som i 2002 då planen vart vedteken. Hyttene i Eivindbu er plassera på den flataste delen av sine respektive tomter og hyttene har hovudmøneretning i same retning som kotene. Dei er med dette i utgangspunktet godt tilpassa terrenget. Ein ser det difor slik at det ikkje vil medføre negative konsekvensar for området elles om ein opnar for å auke utnyttingsgraden i feltet Eivindbu frå 100 m 2 til 120 m 2 BYA. Ein må setje som krav at tiltaket må vere tilpassa tomtene og at dette vurderast mot tomtestorleik, brattleik og storleiken på eventuelt naudsynt terrenginngrep i tillegg til graden av tilpassing til eksisterande busetnad. Det bør også vere mogleg å føre opp eit frittståande uthus fordi det i mange tilfelle gjev eit betre estetisk uttrykk enn å bygge tilbygg til eksisterande hytte storleiken på dette må tilpassast tomta, men maksimal storleik bør ikkje overskride 20 m 2 BYA, som er det som gjeld elles i dette planområdet. Dei nemnde forholda over må dokumenterast i byggjesøknaden og dokumentasjonen må utarbeidast av fagfolk med rett kompetanse, t.d. arkitekt. Men til slutt er det kommunal sakshandsamar som avgjer om tiltaket kan tillatast eller ikkje.
Det er nokre andre planar i kommunen som har føresegner der det vert opna for større einingar enn elles tillate dersom tomta er særleg godt eigna til det. Søknadane må dokumenterast med diverse tilleggsinformasjon. Det har ikkje vore sett grenser for utnyttinga korkje i areal eller talet på einingar. Sakshandsamarane på byggesak finn slike søknadar vanskeleg å administrere fordi føresegnene nærmast gjev høve til ei slik utnytting berre tiltaket er godt nok dokumentert. Ein bør på ein eller annan måte presisere eller minne om at det til slutt er kommunen som avgjer om det omsøkte tiltaket har dei kvalitetane som må til jf. Plan- og bygningslova 29-2 Visuelle kvaliteter : «Eit kvart tiltak etter kapittel 20 skal prosjekterast og utførast slik at det etter kommunens skjønn har gode visuelle kvalitetar i seg sjølv og i høve tiltakets funksjon og tiltakets bygde og naturlege omgjevnader og plassering.» I den omsøkte planendringa er det forslag om ei øvre grense på 120 m 2 BYA samt at det høgst er tillate med 2 einingar - det er sett konkrete grenser for utvidinga. Planendringa medfører kun endringar i føresegnene, plankartet vert uendra. Rådmannens framlegg til vedtak: I samsvar med plan- og bygningslova 12-14, 2. ledd vert endringar i reguleringsplanen for Listøyl Fjellhyttegrend planid 20020007 vedteke. 7.2.2 Fritidshusvære i hyttefeltet Eivindbu (H1 H6), nytt punkt b), vert såleis lydande: b) På tomter som er eigna for det, opnast det for at tomteutnyttinga vert sett til 120 m 2 BYA - frittståande uthus/anneks med maks 20 m 2 BYA kan også førast opp, men det skal vere inkludera i arealgrensa på 120 m 2. Ein må dokumentere at tiltaket er tilpassa gjennom illustrasjonar og perspektivskisser og som viser det planlagde tiltaket saman med det eksisterande. Dokumentasjonen skal utarbeidast av fagfolk med eigna kompetanse. Det er kommunen som avgjer om tiltaket har dei kvalitetane som gjer at det kan godkjennast, jf. Pbl 29.2 om visuelle kvalitetar. Tiltak som fører til tomteutnytting utover 100 m 2 BYA, vil vere søknadspliktige uavhengig av tiltakstype. Eksisterande pkt. b) til f) vert forskuva ned frå pkt. c) til g). Rådmannen, Jan Myrekrok, rådmann /s/ Handsaming i Plan- og miljøutvalet 10.02.2016: Framlegget frå rådmannen blei samrøystes vedteke.
I samsvar med plan- og bygningslova 12-14, 2. ledd vert endringar i reguleringsplanen for Listøyl Fjellhyttegrend planid 20020007 vedteke. 7.2.2 Fritidshusvære i hyttefeltet Eivindbu (H1 H6), nytt punkt b), vert såleis lydande: b) På tomter som er eigna for det, opnast det for at tomteutnyttinga vert sett til 120 m 2 BYA - frittståande uthus/anneks med maks 20 m 2 BYA kan også førast opp, men det skal vere inkludera i arealgrensa på 120 m 2. Ein må dokumentere at tiltaket er tilpassa gjennom illustrasjonar og perspektivskisser og som viser det planlagde tiltaket saman med det eksisterande. Dokumentasjonen skal utarbeidast av fagfolk med eigna kompetanse. Det er kommunen som avgjer om tiltaket har dei kvalitetane som gjer at det kan godkjennast, jf. Pbl 29.2 om visuelle kvalitetar. Tiltak som fører til tomteutnytting utover 100 m 2 BYA, vil vere søknadspliktige uavhengig av tiltakstype. Eksisterande pkt. b) til f) vert forskuva ned frå pkt. c) til g).