Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA
Innkalling til årsmøte. Sognefrukt SA kallar inn til årsmøte på Sognefjord Hotell onsdag 20. Mai 2015 kl 17:00 Sakliste: 1. Godkjenning av innkalling. 2. Val av skrivar og to til å skriva under protokollen 3. Årsmelding 2014 4. Rekneskap 2014 5. Fastsetjing av godtgjersle til tillitsvalde 6. Orientering om budsjett 7. Val. Etter årsmøtet vert det følgjande informasjon. Informasjon om kommande sesong. Sognefrukt. Arne Stensvand, Bioforsk. Resistens i planevern. Det vert enkel servering. Med helsing Sognefrukt BA Styret
Årsmelding for Sognefrukt SA 2014 Org. nr. 985 783 918 Generelt 2014 sesongen vart det ein liten nedgang i samla volum til Sognefrukt. Eple og pære hadde auke i høve 2013. Plomme hadde ein stor nedgang i høve 2013. Til saman er det motteke 802 tonn frukt og bær. Det er 14 tonn mindre enn 2013. Det var mykje dompap som tok for seg av plommeknoppane på vinteren. Våren kom tidlig med tilbakefall med frostnatt i plommeblomstringa. Det reduserte nok avlingane mykje. Årsresultat for 2014 vart på kr 142 264. Bemanning og pakking Det var 3 fast tilsette i 2014. I sesongen var det i tillegg 14 pakkarar og 1 i mottak og 1 sjåfør. I tillegg vart det leigd inn ein bil med sjåfør på det mest hektiske. Det vart pakka på 2 skift i september. I tillegg vart det nytta noko overtid i heile sesongen. Bærsesongen Me hadde ein normal sesong for bringebæra. Det vart omsett totalt 42 tonn. Av dette vart det levert 37 tonn til konsum. Me hadde nesten ingen reklamasjon og kvaliteten var god. Oppgjersprisen på konsumbæra var frå kr 53,47 til kr 83,47 pr. kg. med ein snittpris på kr 63,16. Industribæra vart oppgjort med kr 31,65 pr. kg. Innfrysing av industribæra vart gjort av Lærdal Grønt. Moreller Det vart omsett under 1 tonn moreller dette året. Alle morellene vart sende til Lærdal Grønt for pakking og vidare sal. Oppgjerspris var kr 61,44 pr. kg. Plommer Plommeavlingane vart 90 tonn brutto. Det er 78 tonn mindre enn 2013. 86 tonn heldt kl 1 og vart selde til konsum. Kvaliteten var god og vi hadde ingen reklamasjon på plommer dette året. Omsetninga gjekk greitt og det var gjennomgåande for lite varer til å dekka etterspurnaden. Prisen var på kr 30,00 pr. kg. Vi fekk dette året levera noko utkast til Ciderhuset i Balestrand. Totalt vart det levert 1 tonn til det. Dette var Opal. Det vart planta ca 3 600 plommetre i 2014 som er registrert i fruktklienten. Pærer Pærer fekk vi inn 44 tonn dette året. Det er 15 tonn meir enn 2013. Av dette held 42 t kl 1. Det meste av dette, 37 tonn er Clara Frijs. Dei første Celinatrea vart planta i 2012 og ga avling på vel 200 kg. Vi mottok og pakka tilsvarande mengd Celina frå Ullensvang i Hardanger. Prisen for pære til konsum var kr 15,10 16,50 pr. kg Det vart planta ca 3450 tre i 2014. Mesteparten er Celina. Side 1 av 4
Eple Samla mottok lageret 622 tonn inklusivt industri. Dette er 50 tonn meir enn fjoråret. Det vart omsatt 522 tonn Kl 1. Kvaliteten var stort sett god og salet gjekk bra. Det var ein del slagskader på vanlig Aroma som førde til meir utkast enn normalt på denne sorten. I september vart det nytta kombinasjon av 2 skift og noko overtid. Frå byrjinga av oktober var det 1 skift, men med noko bruk av overtid for å dekka etterspurnaden i marknaden. Me avslutta pakkinga 5. november. Det vart pakka 6 pk av sortane Discovery, R. Gravenstein og R. Aroma. Prisen for eple til konsum var frå kr 10,70 til kr 16,60 pr. kg. Gjennomsnittspris var kr 14,13 pr. kg. Det vart planta ca. 11 000 epletre i 2013, hovudsakleg raud Aroma og Discovery Vi mottok i 2014 32 tonn økologisk og 27 tonn av det var kl. 1. Av dette vart 24 tonn levert som økologisk konsum og resten av kl. 1 som konvensjonelt. Industrieple vart levert som økologisk til Balholm. Prisane på konsum var frå kr 13,30 til kr 17,30 pr. kg. Hausteemballasje og inntransport Me ser dessverre at ein del brukar storkassane til andre formål enn å levera frukt til Sognefrukt. Kassane er Sognefrukt sin eigedom og skal berre nyttast til frukt som vert levert til fruktlageret. Ved forventa auke i produksjon i åra framover vert dette viktigare. Det betyr at vi må gå til innkjøp av meir storkass for å ha nok til gode år. Kostnaden med hausteemballasjen er ein del av pakketrekka slik det er no. Viss kassane vert nytta til andre ting vert dermed kostnadsfordelinga feil. Dei som berre leverar til Sognefrukt betalar kostnaden for dei som nyttar kassar til andre formål. Når det gjeld inntransport av frukt er det stor forskjell på lasteplassar rundt om. Det går med mykje tid på lasting. Ein del plassar er det dårlig med oppstillingsplass. Skal vi lasta med jekketralle må pallar/ kassar stå på fast dekke og tilnærma flatt. I tillegg må bilen kunna stå flatt for å gjera lastinga effektiv. Alternativet til fast dekke er at produsenten lastar med pallegaffel ved henting. Her kunne det med fordel vore laga nokre felles lasteplassar i kvar grend. Ver også påpasselig korleis kassane vert oppbevarde. Dei må ikkje stå rett på bakken i hagen. Det fører til at det set seg jord på undersida. Dette kan komme ned i kassen under når vi stablar dei opp på kjølelager. Det kan også føra til at vi får brunsniglar med kassane inn på lageret. Medlemstalet Sognefrukt har 99 aktive produsentar og 43 passive. Tekniske endringar og investeringar. Det vart etter drøfting i årsmøtet 2014 investert i ein ny flow pack. Dette gjer at vi kan pakka fleire variantar på forbrukarpakning samtidig. Det gjer anlegget meir fleksibelt og rasjonelt. I tillegg kan vi ha 2 modningsgrader på plomme som er på kvar sin pall. Prosjekt Sognefrukt har vore deltakar på desse prosjekta: Øko prosjekt Norsk økologisk frukt til forbrukar. (Bioforsk, FMLA, Økoringen, Hardanger Fjordfrukt, Sognefrukt) Arena Frukt og Bær Bedriftsutviklingsprosjekt Eple Pluss. (Sognefrukt og Innvik Fruktlager) Øko prosjekt Auka omsetning av frukt i Sogn og Fjordane (NNU, Bama Storkjøkken Sogn, Sognefrukt) Side 2 av 4
Plommeprosjekt Kvalitetstap og svinn i omsetninga av plommer (Bioforsk, Hardanger Fjordfrukt, Ullensvang Fruktlager, Telefrukt, Fellespakkeriet, Innvik Fruktlager og Sognefrukt) Diverse møter og samlingar for produsentar Andre møter og samlingar: Februar: Produsentmøte grendavis. Februar: Skjeringskurs plomme, Jop Wesplate Februar: Dyrkningsmøter med beskjering grendavis April: Skjeringskurs Eple og Pære, Aad Wisse April: Samling om blomstertynning i plomme Juni: Studietur til Svelvik Juni: Skjeringskurs Eple og Pære, Aad Wisse November: Skjeringskurs Eple og Pære, Aad Wisse Desember Informasjonsmøte om dryppvatning Styre: Styret i Sognefrukt har vore samansett slik. Ivar Slinde (leiar) Odd Erik Loftesnes, Aud Halland Molvik og Terje Fosshagen. På val i år er Ivar Slinde og Odd Erik Loftesnes. Det var halde 4 styremøter i 2014 og i tillegg noko kommunikasjon på E post. Styret har handsama desse sakene: Årsmelding Rekneskap Årsmøteførebuing Økonomi (alle møta) Lønsjustering Avrekningar og pakketrekk Bedriftsutviklingsprosjekt Frukt og bærklyngja (Arena) Landbruksoppgjeret Medlems ut og innmelding Kommande investeringstrong Revisor. Laget sin revisor har vore Deloitte & Touche V/ Knut Midtun. Side 3 av 4
Notat til sak 5 og 6 til årsmøtet i Sognefrukt 20.5.2015 Sak 5 Fastsetjing av godtgjersle til tillitsvalde Styreleiar : Alle styremedlemar: Fast godtgjersle kr 10 000 pr. år (årsmøteperiode) Godtgjersle på kr 500 pr. møtedeltaging Sak 6 Orientering om budsjett Driftsbudsjett for Sognefrukt vil vera vanskelig å setja opp sidan det i stor grad svingar med avlingsnivået. Høg avling gir større omsetjing og aukar utgiftene. Det vi ser no er at det går meir over til forbrukarpaknig i fleire variantar. Dette er varer som gir betre oppgjerspris, men som aukar kostnadane med pakking. Kostnadsauken vert kompensert i prisen i tillegg til meirpris for varene. I 2014 vart det investert i ny flow-pack maskin som har gjort anlegget meir fleksibelt. Me ser og ein tendens til at ikkje heile varespekteret er sal på heile tida. Det gjer at vi i store deler av sesongen må legga deler av enkelte størrelsar tilbake i storkasse. Vi ser difor no på følgjande investering. 1. Ny storkassefyller. Den storkassefyllaren vi no har er litt for lite skånsam med frukta. Det går difor vekk ein del på slagskade når den vert teken att for pakking. I tillegg vil det ved å setja inn ein dobbel fyllar kunna gå kontinuerleg utan stopp for å skifta kasse. Dette vil redusera svinn og gi betre flyt i pakkinga. Slik det er no må pakkelinja stoppa for kvar gang det skal skiftast kasse. Det tek fort eit par minutt. Det vil difor klart effektivisera pakkinga samtidig som frukta vil verta meir skånsamt handsama. Det er innhenta prisar frå 2 leverandørar. Med eurokurs på 8,60kr er desse tilboda på høvesvis kr 180 000 og 190 000 levert Leikanger. Med avskrivingsperiode på 10 år vert kostnaden på kr 18-19 000 pr. år. Styret tilrår at årsmøtet godkjenner denne investeringa.