Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Like dokumenter
Høyring. skulestrukturen. Vestnes kommune

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

Høyringsdokument. Endring av skulestruktur i Vestnes kommune

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /950 Nils Øvstedal /

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Endring av vedtektene for dei kommunale barnehagane - endring av sommarferietilbodet

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Høyringsrapport - skulestruktur

Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Uttale til høyringsnotat til

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Ad Hoc utval - Skuleutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

Kva finanskostnader har ein i LTP ved ei investering på kr. 11,5 mill. (full strukturendring) ved bygging av klasserom på Rimbareid?

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Øystre Slidre kommune

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET MÅNDAG 5. NOV KL PÅ NORDBYGDO UNGDOMSSKULE, BIBLIOTEKET

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune

SKULESTRUKTUR - KOMMUNEPLAN ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15:00-19:30 Møtestad: Kommunehuset

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Bjørn Håvard Bjørklund «REFDATO» «REF»

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 15:00 Møteslutt:19:30

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Vågsøy kommune Rådmann

Oppretting av ein ny skulekrins som inkluderer Bjørke og Viddal får ingen konsekvensar for skulekrinsane Lid/Mork, Folkestad og Dalsfjord/Ulvestad.

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: C61 Arkivsaksnr.: 15/

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Elev- og lærlingombod i HFK

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Trond Roy Pedersen/Ivar Undheim Arkiv: B13 Arkivsaksnr.: 16/ KAPASITETSUTFORDRINGANE BORE SKULE OG KLEPPE SKULE

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Bompengefinansiering av fellesprosjektet E136 Tresfjordbrua og E136 Vågetunnelen - uttale frå Vestnes kommune

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova.

Øystre Slidre kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Redusert eigendel elev-pc

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

KRAV OM LOVLEGHEITSKONTROLL AV K-SAK

Transkript:

VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 2010/950 Saksbehandlar: Nils Øvstedal Dato: 16.11.2010 Skulestrukturen i Vestnes kommune Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommunestyre gjer vedtak om at elevane på ungdomssteget ved Tresfjord skule skal flyttast til Helland skule frå og med skuleåret 2012/2013. 2. Nødvendig innsparing skuleåret 2011/2012 må takast gjennom generelle kutt i rammene til skulane. Skuleåret 2012/2013 må ei innsparing som følgje av strukturendring supplerast med generelle kutt. 3. I november 2011 skal kommunestyret velje ei nemnd som skal vurdere kva verknad sparetiltaka har på kvaliteten i opplæringa. Nemnda skal komme med framlegg om framtidig skulestruktur og eventuelle investeringar med kostnadsoverslag. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Det er av reint økonomiske grunnar at ein alt no vurderer endringar i skulestrukturen. Strukturendringar alt frå skuleåret 2011/2012 er eit aktuelt tiltak for å få til eit driftsbudsjett for 2011 i balanse og for å få til ein realistisk økonomiplan for dei komande åra. I samråd med formannskapet utarbeidde derfor administrasjonsjefen eit høyringsdokument med 4 aktuelle modellar for organisering av grunnskulen. Høyringsdokumentet blei lagt fram for formannskapet i møtet 11.10.2010. Formannskapet gjorde slikt vedtak i sak 82/10: 1. Formannskapet godkjenner høyringsdokumentet om skulestruktur slik det er lagt fram av administrasjonssjefen. 2. Formannskapet vedtek å sende dokumentet, med alle 4 modellane, på høyring til rådsorgana ved alle grunnskulane i kommunen, det kommunale foreldreutvalet og til organisasjonane. 3. Høyringsfristen blir sett til 15. november 2010.

For å sikre at alle samarbeidsutvala ved skulane skulle få god og einsarta informasjon om dei ulike modellane og den vidare saksgangen, blei medlemmane inviterte til eit orienteringsmøte på Tresfjord skule 26.11.2010. Vidare deltok administrasjonssjefen på allmøte for foreldra ved Helland skule 02.11.2010 og på folkemøte på Tomrefjord skule 04.11.2010. Formannskapet har vore på synfaring på Helland skule og på Tresfjord skule for betre å kunne vurdere plassforholda ved ei eventuell strukturendring. Høyringsuttalane Administrasjonssjefen har fått inn uttalar frå høyringsinstansane innan fristen. Alle uttalane blir lagt ved saka, og nedanfor følgjer ei oppsummering av uttalane. Modell A: To ungdomsskular, Helland og Tomrefjord. Ungdomssteget frå Tresfjord til Helland. Barnesteget som no ved alle skulane. Uttale frå samarbeidsutvala Tresfjord: SU ved Tresfjord skule vil ikkje ha strukturendring no, men meiner det er naturleg å legge ned u-steget ved Tresfjord skule f.o.m. skuleåret 2014/2015 på grunn av nedgangen i elevtalet. Dersom ungdomsskuleelevane skal overførast til Helland skule alt hausten 2011, krev SU at det blir gjort strakstiltak slik at elevane er sikra eit like godt læringsmiljø som dei no har ved Tresfjord skule. Helland: SU ved Helland skule peikar på at modellen allereie er vedteken av kommunestyret med gjennomføring 2012/2013. Ei overflytting av u-skuleelevane frå Tresfjord allereie 2011/2012 vil skape plassvanskar ved Helland skule. SU meiner dei fleste klasseromma er for små til å romme 30 elevar. Dei meiner derfor at eitt må årssteg delast i 3 klassar, ikkje i 2 klassar slik høyringsdokumentet skisserer. Dette vil krevje 2 ekstra klasserom, til dømes frigjering av biblioteket og datarommet. I tillegg må det kjøpast inn fleire berbare datamaskiner. SU meiner derfor innsparinga blir halvert i høve til administrasjonssjefen si vurdering. Tomrefjord: SU ved Tomrefjord skule uttalar seg ikkje om modell A, men meiner generelt at saksutgreiinga må vere grundigare når det gjeld innverknad på sosiale og pedagogiske forhold. Fiksdal: SU ved Fiksdal oppvekstsenter uttalar seg heller ikkje spesielt om modell A, med er uroa over verknadene på læringsmiljøet uansett modell. Uttale frå FAU (foreldrerådet sitt arbeidsutval) Tresfjord: Uttalen samsvarar i stor i store trekk med SU sin uttale, men legg endå større vekt på at ein må bruke meir tid på prosessen og utgreie konsekvensane for læringsmiljøet betre. FAU meiner tidsfristen for å etablere ny skulestruktur i 2011 er altfor kort. Helland: FAU ser det som positivt at ungdommane frå fleire bygder får møtast i eit større skulemiljø, og meiner ein kan frigjere datarommet og biblioteket slik at ein kan ta imot u-skuleelevane frå 2011/2012. Dei presiserer at ein må dele elevane i 8 klassar, ikkje i 7. Same grunngjeving som SU: Tomrefjord: Uttalar seg ikkje spesielt om andre modellar enn dei som har verknad for Tomrefjord skule. Fiksdal: Ikkje eigen uttale frå FAU. Uttale frå elevråda Tresfjord: Går ikkje inn for strukturendring no. Grunngjeving: Negativ verknad på ungdomsmiljøet i Tresfjord, dårlegare fysisk miljø, lenger reise og mindre fritid, lågare lærartettleik og dei er redde for meir mobbing på bussane. Helland: Elevrådet på u-steget ønskjer ikkje endring i skulestrukturen, og grunngir det i hovudsak med dei same argumenta som elevrådet i Tresfjord. Elevrådet for mellomsteget har ikkje uttalt seg om modell A. Tomrefjord: Elevrådet har ikkje gitt uttale om modell A. Fiksdal: Ikkje eigen uttale frå elevrådet.

Uttale frå organisasjonane Tresfjord: Utdanningsforbundet ønskjer ikkje flytting av u- steget før hausten 2013. Dei peikar på at flytting før medfører svært store klassar og meiner dette vil gå ut over læringsmiljøet. Helland: Utdanningsforbundet seier at ingen av modellane er ønskelege. Dersom ein må velje, tilrår dei modell A. Det blir peika på mangel på klasserom, for små klasserom og for få grupperom. Medlemmane meiner også det er pedagogisk uforsvarleg o ta i bruk datarommet som klasserom. Vidare vil modell A føre til fleire elevar per lærar. Tomrefjord: Utdanningsforbundet ved Tomrefjord skule har ikkje uttalt seg spesielt om modell A, men meiner generelt at det blir feil å legge om skulestrukturen ut frå kortsiktig økonomisk gevinst. Dei viser til bygningsstrukturen ved Helland skule som gjer at ein ikkje får samla u-steget i eitt bygg. Fiksdal: Utdanningsforbundet uttalar seg berre om modell D og meiner det er viktig å oppretthalde Fiksdal skule som oppvekstsenter der skuledelen har alle årsstega som tilhøyrer barnesteget (1. - 7.). Vi har også fått inn uttale frå leiaren i Utdanningsforbundet i Vestnes som refererer til handsaming av saka i styremøte 09.11.2010. Her blir det mellom anna uttalt at det er først når elevtalet ved ein skule blir så lågt at det pedagogiske tilbodet blir truga, at det er grunnlag for å vurdere strukturendringar. Utdanningsforbundet meiner det er uheldig at pedagogiske og økonomiske argument flyt over i kvarandre. Dei etterlyser ein meir langsiktig og visjonær pedagogisk debatt før ein tek stilling til endringar i strukturen. Elles er dei uroa over følgjene ei strukturendring vil ha for personalsituasjonen og for dei etablerte fagmiljøa. Modell B: Ein ungdomsskule på Helland, 5. 7. årssteg frå Helland til Tresfjord. Barnesteget elles som no. Uttale frå Samarbeidsutvala Tresfjord: Tresfjord skule har plass til elevane på 5. 7. årssteg frå Helland, men SU ønskjer ikkje ei slik overflytting som ei kort, mellombels løysing. Det må vere eit visst tidsperspektiv over ei slik løysing. Helland: SU ved Helland skule vil ikkje tilrå denne modellen. Dei meiner det er uheldig å flytte 5. 7. årssteg til ei anna bygd mellombels og på den måten stykke opp skuleløpet. Det vil også bli ei utfordring med eit lite småskulesteg saman med eit stort ungdomssteg på same skuleområdet. Når det gjeld eit samla ungdomssteg, viser dei elles til dei same utfordringane som modell A gir. Det blir hevda at storleiken på klasseromma fører til at elevane må delast slik at det blir 13 klassar, ikkje 11 slik høyringsdokumentet legg til grunn. Dermed blir innsparinga også betydeleg mindre. Tomrefjord: SU meiner modellen er uaktuell og legg ved ei momentliste som peikar på uheldige verknader for skulemiljøet i Tomrefjord og for ungdomsmiljøet der. SU meiner vi må få ned kostprisen per elev ved å rådføre oss med andre kommunar som greier å drive med tilsvarande skulestruktur til ein lågare pris per elev. Fiksdal: SU uttalar seg ikkje spesielt om denne modellen. Uttale frå FAU Tresfjord: Uttalar seg ikkje spesielt om denne modellen. Sjå uttale under modell A. Helland: FAU ved Helland skule går sterkt imot modell B og argumenta er samanfallande med det som kjem fram i SU sin uttale. Tomrefjord: FAU ved Tomrefjord skule har ikkje gitt uttale, men let syn komme fram gjennom SU sin uttale. Fiksdal: Ikkje eigen uttale frå FAU.

Uttale frå elevråda Tresfjord: Sjølv om elevrådet ikkje ønskjer strukturendring no, meiner dei modell B er den beste på grunn av at denne modellen vil gi betre plass for ungdomsskuleelevane på Helland skule. Helland: Elevrådet for barnesteget peikar på dei uheldige følgjene av å bytte skule midt i skuleløpet. Dei meiner alle elevane på barnesteget må få gå på skule i nærmiljøet også elevane på Helland. Elevrådet for u-steget ønskjer ikkje endringar i skulestruktur. Sjå uttale under modell A. Tomrefjord: Elevrådet viser til det gode miljøet ved Tomrefjord skule, og går sterkt imot sentralisering av u-steget. Dei er også bekymra for verknaden på ungdomsmiljøet i Tomrefjord. Fiksdal: Ikkje eigen uttale frå elevrådet. Uttale frå Utdanningsforbundet Utdanningsforbundet ved Helland skule meiner det er fornuftig samle ungdomsskuleelevane i Vestnes på ein ungdomsskule på sikt. Dette fordrar at det blir gjort eit nødvendig forarbeid bygningsmessig og organisatorisk. Når det gjeld dei andre uttalane frå Utdanningsforbundet, viser vi til samandraget under modell A. Modell C: Ein ungdomsskule på Helland. Barnesteget som no. Det er berre SU og FAU ved Helland skule som uttalar seg spesielt om denne modellen. Dei er positive til modellen dersom Helland skule blir bygd ut med nye klasserom og spesialrom slik at det blir lagt til rette for eit godt læringsmiljø. Modell D: Ein ungdomsskule på Helland, 5. 7. årssteg frå Helland til Tresfjord, 1. 7. årssteg frå Fiksdal til Tomrefjord Alle som har uttalt seg, er negative til denne modellen. I tillegg til uttalane det er vist til ovanfor, har vi fått uttale frå styret ved Vike Friskule og frå det kommunale foreldreutvalet (KFU). Vike Friskule, som nyttar kommunal skule til elevane på ungdomssteget, uttalar at dei tek høringsdokumentet til vitande. KFU meiner prosessen og høyringsrunden ber preg av hastverk og lite gjennomtenkte løysingar. Dei meiner saksutgreiinga er mangelfull når det gjeld verknaden på lærings- og ungdomsmiljøet i kommunen. KFU bed om at endringar i skulestrukturen blir utsett til tidlegast 2012/2013, og bed om at det blir gjennomført ei grundig konsekvensanalyse før saka igjen blir lagt fram til behandling. Andre modellar som er foreslått av høyringsinstansane Modell E: To ungdomsskular, Helland og Tomrefjord. 5. 10. årssteg frå Tresfjord til Helland. Det er SU ved Helland skule som foreslår denne modellen. Dette blir ein utvida modell A der også 5. 7. årssteg blir flytta frå Tresfjord til Helland. Det blir vist til at elevane på desse årsstega ved Tresfjord skule kan gå rett inn i eksisterande klassar ved Helland skule. Dermed sparer ein 2 klassar ved Tresfjord skule, ettersom skulen har firedelt barnesteg. Modell B2: To ungdomsskular, Helland og Tresfjord. 5. 7. årssteg frå Helland til Tresfjord. Modellen er foreslått av FAU ved Tresfjord skule. Modellen avvik frå modell B ved at ein opprettheld to ungdomsskular. Ved likevel å flytte 5. 7. årssteg frå Helland til Tresfjord, meiner FAU at ein vil skape gode plassforhold ved Helland skule samstundes som ein får utnytta skulebygget i Tresfjord på ein god måte.

Modell Skorgen 1: Skuletrukturen som no på ungdomssteget. Elevar på 1. 10. årssteg som bur i Skorgen, blir flytta frå Helland skule til Tresfjord skule. Modellen er foreslått av FAU ved Tresfjord skule. Modell Skorgen 2: To ungdomsskular. Elevar på 1. 7. som bur i Skorgen blir flytta frå Helland skule til Tresfjord skule. Modellen er foreslått av FAU ved Tresfjord skule. Vurdering: Administrasjonssjefen si innstilling i denne saka bygger på innkomne høyringsuttalar, inntrykk frå folkemøte og foreldremøte, signal frå det politiske miljøet og på drøftingar med driftsleiarane i skulen. Høyringsdokumentet har som venta, skapt stort engasjement ute i krinsane og blant det pedagogiske personalet i skulen. Det var venta, ettersom fleire av modellane fører til store endringar på forholdsvis kort tid. Administrasjonssjefen innstiller derfor på at kommunestyrevedtaket frå mai 2009 blir ståande. Når ein ventar til 2012/2013 med å overføre ungdomsskuleelevane frå Tresfjord til Helland, har det samla elevtalet på ungdomssteget i Tresfjord gått ned med 17 elevar samanlikna med skuleåret 2011/2012. Dette har mykje å seie for det fysiske læringsmiljøet elevane vil få ved Helland skule. Det er den økonomiske situasjonen, særleg dei to komande åra som gjer at grunnskulen må gjennomføre kraftige sparetiltak. Slik innstillinga er lagt fram, må innsparinga dei to første skuleåra skje gjennom generelle kutt, men ikkje nødvendigvis ved å kutte ein lik prosent ved alle skulane. Administrasjonssjefen må finne fram til innsparingar ved kvar enkelt skule i tett dialog med driftsleiarane. Administrasjonssjefen er uroleg for kva innsparing på denne måten vil ha å seie for kvaliteten på opplæringa, og meiner derfor det er viktig å få vurdert verknadene, jf. punkt 3 i innstillinga. Administrasjonssjefen meiner at nemnda som skal vurdere verknadene sparetiltaka har på kvaliteten, også skal komme med framlegg om framtidig skulestruktur. Etter administrasjonssjefen si meining, er det aktuelt å arbeide mot ein felles ungdomsskule frå 2013/2014. Signal frå fleire høyringsuttalar og frå fagfolk i skulen går i same retning. Administrasjonssjefen ser at høyringsdokumentet først og fremst har fokus på økonomien i 2011 og 2012, då ei sentralisering av ungdomssteget vil ha stor økonomisk effekt desse åra. Frå skuleåret 2014/2015 vil ein ikkje få fleire klassar ved å oppretthalde ungdomssteg både i Tomrefjord og på Helland, men ei sentralisering vil likevel gje økonomisk gevinst også etter dette tidspunktet, utan at vi kan talfeste det nøyaktig no. Ved bruk av Haramsmodellen ved tildeiling av lærartimar, ville ein spare 52 lærartimar i veka med ei samling av ungdomssteget skuleåret 2013/2014. Administrasjonssjefen meiner samling til ein ungdomsskule vil gje klare faglege gevinstar. Vi er inne i ei tid då mange godt kvalifiserte lærarar blir pensjonistar. I 2013 vil 16 av dei lærarane som arbeider i grunnskulen i Vestnes vere over 62 år. Lærarutdanningsinstitusjonane ser ut til å ha vanskar med å fylle behovet vi har for nye lærarar på grunn av for få søkjarar til lærarutdanninga. Det er derfor grunn til å tru at små ungdomsskular vil ha vanskar med å halde oppe eit sterkt fagmiljø i framtida. Vi ser tendensar til dette allereie inneverande skuleår med fleire ufaglærte lærarar. Dersom alle ungdomsskuleelevane i kommunen skal få eit likeverdig og fagleg godt opplæringstilbod, trur administrasjonssjefen det på sikt er rett å samle lærarkompetansen ved ein ungdomsskule. Når det gjeld barnesteget, meiner administrasjonssjefen det er viktig å ha 1. 7. årssteg samla på kvar skule. På den måten får elevane på barnesteget gå på skule i nærmiljøet. Ved å flytte 5. 7. årssteg frå dei minste skulane, vil ein utarme miljøet både for lærarane og for elevane, og det kan snart bli eit tema berre å ha 2 kommunale grunnskular i Vestnes Tomrefjord og

Helland. Administrasjonssjefen trur ikkje det er lokalpolitisk eller samfunnsmessig ønskje om dette. Særutskrift til: - Dei kommunale grunnskulane i Vestnes - Samarbeidsutvala ved dei kommunale grunnskulane - FAU ved dei kommunale grunnskulane - Elevråda ved dei kommunale grunnskulane - Det kommunale foreldreutvalet Vedlegg frå: 1 Samarbeidsutvalet ved Helland skule 2 Samarbeidsutvalet ved Tresfjord skule 3 Samarbeidsutvalet ved Fiksdal skule 4 Samarbeidsutvalet ved Tomrefjord skule 5 FAU ved Tomrefjord skule 6 FAU ved Tresfjord skule 7 FAU ved Helland skule 8 Elevrådet ved Tresfjord skule 9 8. klasse ved Tresfjord skule 10 Elevrådet på ungdomssteget ved Helland skule 11 Elevrådet på barnesteget ved Helland skule 12 Elevrådet ved Tomrefjord skule 13 Utdanningsforbundet 14 Styret ved Vike Friskule 15 Kommunalt foreldreutval