Regional energiog klimaplan

Like dokumenter
Regional energiog klimaplan

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Fornybar energi i Energiregion Møre

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

1. Mål for klimagassutslepp: 22% reduksjon innan 2020, 30% red. innan 2030 (frå 1991) 30% reduksjon innan 2020 (frå 2007)

Regionale møter - Samferdselsavdelinga. Lage Lyche seksjonsleiar - infrastruktur

Gruppemøter. Stasjonær energibruk

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Distriktsfylke Møre og Romsdal? Kjelde: SSB/PANDA

Status for klimaarbeid/samarbeid i regionen

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Klimatiltak i jordbruket Klimaplan for Hordaland Øyvind Vatshelle, Fylkesmannens landbruksavdeling

Sigdal kommune - Energi-og klimaplan (vedlegg 2) Mål, tiltak og aktivitetar

Kommunereform Samfunnsutviklerrollen

Christina Qvam Heggertveit Stavanger Økt bruk av tre i offentlige bygg i Møre og Romsdal - Tredriveren

Lokal energiutredning

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Innhald Innleiing... 4 Kva er Handlingsprogram for klima og energi?... 4 Hovudmåla for Møre og Romsdal Fylke ( )...

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

Totalt Møre og Romsdal 2014: ,8 Totalt Møre og Romsdal 2015: ,3 Totalt Møre og Romsdal 2016: ,1

Stortingsmelding nr.34 ( ) Norsk klimapolitikk. Fredag 22. juni 2007

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

Utvalgte KOSTRA tall.

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Klimaplan for Hordaland Høyringsutkast

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

LANDSKONFERANSEN 2017 Fylkeskommunale eldreråd. Ålesund mai

Auka bruk av gardsvarme

Eierseminar Grønn Varme

KOMMUNEREFORMA Ordførarsamling 11. nov v/fylkesmann Lodve Solholm

Klimaplanarbeid Fylkeskommunens rolle og planer

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Næringslivets klimahandlingsplan. Norsk klimapolitikk tid for handling

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

FYLKESDELPLAN FOR KLIMA OG MILJØ

Austrheim kommune PLANPROGRAM for Kommunedelplan for klima- og energi.

Marit Hovde Syltebø Rådgivar Møre og Romsdal fylke Om kompetanseutvikling i lys av St.meld.nr. 25

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Kommunereforma. Tilråding. 18. okt. 2016

UTDRAG AV FORSLAG TIL KOMMUNEPLAN FOR RE KOMMUNE

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Klimagassutslepp frå produksjon og forbruk

ÅLESUND KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Christina Qvam Heggertveit. Bærekraftige bygg i Møre og Romsdal

Kommunereforma i Møre og Romsdal 10. feb Oppstartsmøte Nye Norddal og Stordal kommune

Berekraftig eller berre kraftig mobilitet?

Nittedal kommune

Korleis oppfylle Parisavtalen gjennom klimatilpassing og meir miljøvennlege løysingar

Kommunereform Personalseminar

Kommunereforma i Møre og Romsdal

Stigande utdanningsnivå i Møre og Romsdal

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Bransjeprogrammet. Møre og Romsdal. 13. Juni 2019, Astrid F. Paulsen, avd.dir NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal

Fjordvarmeanlegg energiløysing også i distrikta?

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Kommunereforma Tilråding. Pressekonferanse Molde 3. okt. 2016

Dato: Fredag 25. februar :52 Emne: Sak til OD-møtet 9.mars Notat til organisasjonane. Sak til OD-møtet 9.mars 2011

Kontaktpersonsamling 30. sept KOMMUNEREFORMA Frå utgreiing til vedtak

PLP - PROSJEKTPLAN GRØN VARME I TELEMARK

Kommunereform Samfunnsutviklerrollen

Meir energi på naturens premiss? Bruk mindre og rett energi

Miljørapport Hordaland fylkeskommune. AUD- rapport nr Mai 2009

Plannettverksamling. Vanylven 25. mars

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

I tillegg til regional delplan er det også tatt omsyn til føringar i andre avtalar og vedtak.

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

Regionale roller og regionalt samarbeid i klimatilpassingsarbeidet

Til Medlemmene i Skolelederforbundet, Møre og Romsdal. Lokale forhandlingar hausten 2012

Vindkraft og energieffektivisering Trondheim Mads Løkeland

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 45/10 08/189 ENERGI- OG KLIMAPLAN FOR BALESTRAND KOMMUNE, HØYRINGSUTKAST

10. mars Norge på klimakur. Ellen Hambro. Statens forurensningstilsyn (SFT)

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?


Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Kommuneøkonomien i Møre og Romsdal

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Organisering av folehelsearbeidet

ARBEIDSNOTAT. Utviklinga i barnebefolkninga i Møre og Romsdal. Av Heidi-Iren Wedlog Olsen Severin Aarsnes. Dato:

Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Meir energi på naturens premiss? Bruk mindre og rett energi

Olav Akselsen. Leiar av utvalet

PARTSBREV. Dykkar ref. Vår ref. Stad/Dato: 08/2487-4/K1-K00 - Natur- og miljøforvaltning - Felles Felles, K3-&30//RSK

Energivegar inn i framtida. Einar Oterholm einar@oterholm.no

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Høyring om Nytt inntektssystem. Kommunereforma Kontaktpersonsamling 29. januar 2016 Molde

Energi og vassdrag i et klimaperspektiv. EBL drivkraft i utviklingen av Norge som energinasjon

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Fylkesstatistikk Møre og Romsdal

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Samfunnsutvikling planlegging, samferdsel, Samferdselskonferanse Fylkesplansjef Ole Helge Haugen

Energi og klimaplan for Sykkylven kommune Planprogram

Transkript:

Møre og Romsdal fylkeskommune Regional energiog klimaplan Del I MÅL OG STRATEGIAR Del II - DOKUMENTASJON OG REGIONALT HANDLINGSROM www.mrfylke.no 1

Møre og Romsdal fylke, areal- og miljøvernavdelinga Lay-out og grafisk arbeid v/info.avdelinga Planen er produsert i Fellestenesta 300 ex. 02.2010 2

Innhald Del I - MÅL OG STRATEGIAR 1. INNLEIING 4 2. RAMMER OG AVGRENSINGAR FOR PLANARBEIDET 5 2.1 Organisering og prosess 5 2.2 Tematiske verkstader 5 2.3 Kort om nasjonal klimapolitikk 5 2.4 Viktige prinsipp for energi- og klimaplanen 5 3 HOVUDMÅL PÅ REDUKSJONAR I UTSLEPP av KLIMAGASSAR 6 4 SEKTORVISE MÅL PÅ REDUKSJONAR OG STRATEGIAR FOR MÅLOPPNÅING 7 4.1 Stasjonær energibruk oppvarming 7 4.2 Energieffektivisering 7 4.3 Samferdsel 7 4.4 Effektiv avfallspolitikk 7 4.5 Landbruk 6 4.6 Berekraftig areal og bustadpolitikk 6 4.7 Miljøteknologi 8 4.8 Forsking og utvikling 8 4.9 Klimatiltak i samfunnet elles 8 5.0 Utdanning 9 5.1 Tiltak i eiga verksemd 9 Del II - DOKUMENTASJON OG REGIONALT HANDLINGSROM 1 Innleiing 10 1.1 Utslepp av klimagassar i Møre og Romsdal fylke 10 2 Klimautfordringa i eit energiperspektiv 11 2.1 Stasjonært energibruk 11 2.1.1 - Stasjonært energibruk oppvarming med fossile brensel 11 2.1.2 - Stasjonært energibruk frigjøring av elektrisitet til oppvarming 12 2.2 Lokale varmesentralar og fjernvarmenett som løysing 12 2.2.1 - Eksisterande fjernvarmenett og lokale varmesentralar i fylket 13 2.2.2 - Potensial for fjernvarme og lokale varmesentralar i Møre og Romsdal 13 2.2.3 - Frå fossilt til fornybar energi 14 2.2.4 - Frigjering av elektrisitet ved energiomlegging 16 2.2.5 - Samla potensial for LVS og FVN 16 2.2.6 - Potensial for trebrensle som energiberar for FVN og LVS 17 3 Energieffektivisering 19 3.1 Oppvarming av bygg; hushald og tenesteytande sektor 19 3.1.1 - Belysning 19 3.1.2 - Energieffektive byggjemateriale 20 3.2 Effektiviseringspotensial 20 4 Fornybar energi til elektrisitetsproduksjon 21 5 Petroleumsverksemd 21 6 Samferdsel 22 6.1 Mobile utslepp 22 6.1.1 - Utslepp fylkesvegnett og fylkesvegferjer i Møre og Romsdal 23 6.2 Verkemiddel og tiltak for å redusere bruk av bil 23 7 Skog- og Landbruk 25 7.1 Skogbruk 25 7.2 Jordbruk 25 7.2.1 - Oppsamling av metangass frå husdyrgjødsel 26 7.2.2 - Nitrogenbruk og lystgassutslipp 26 7.3 Verkemiddel og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar frå jordbruket 27 7.4 Potensial for reduksjonar i utslepp frå landbruk 28 8 Forbruk og avfall 29 8.1 Virkemidlar for reduksjonar i utslepp frå avfallsektoren 29 8.2 Potensial for reduksjon i klimagassutslepp frå avfallssektoren 30 9 Prosessutslepp frå kraftkrevjande industri 31 10 Eigen organisasjon 32 10.1 Tenestereiser og møteverksemd 32 10.2 Energibruk oppvarming og belysning 32 10.3 Innkjøp 32 11 Utdanning 34 3

Del I MÅL OG STRATEGIAR Alnes fyr, foto Leif Einar Næss 1 Innleiing I følgje FN sitt klimapanel må dei globale utsleppa av klimagassar reduserast med mellom 50% og 80% innan 2050 for at den globale temperaturauken skal avgrense seg til 2 C. Dette er utgangspunktet for EU sin klimapolitikk, og er rekna som ei smertegrense for kva vi kan tåle. Målingar av utslepp og klimaendringar tyder på at vi førebels ikkje har målet i sikte. Overgangen til et lågutsleppssamfunn som framtidige generasjonar kan leve med, kan bli krevjande. Utslepp av klimagassar handlar i hovudsak om fossile brennstoff, noko som er knytt tett opp mot den generelle samfunnsutviklinga over heile kloden. Klimautfordringane peikar derfor direkte på prinsipielle spørsmål kring eige forbruk, haldningar og val. Vidare peikar utfordringane på kva rammer som er gitt innanfor dei fleste andre politikkområde, til dømes industripolitikk, distriktspolitikk og samferdselspolitikk. Dette fordrar at ein ser ting i samanheng, og at ein klarer å samle politikken for ulike sektorar gjennom overordna mål for berekraft. 4 Allereie no ser vi at klimaendringane påverkar konkurransetilhøve, kostnader og omdøme i næringslivet. Dette vil samstundes vere ein unik sjanse for verksemder som er i stand til å tilpasse seg. Det er eit viktig mål for klimaplanen å vise at det ikkje treng vere motsetnad mellom klimapolitikk og næringsutvikling. Fleire av tiltaka som er presentert kan styrkje næringslivet, samstundes som dei medverkar positivt til klimarekneskapen. Energi- og klimaplanen er bygd opp i to delar: Mål- og strategidel: - Mål og strategiar for klimaarbeidet i Møre og Romsdal Data og regionalt handlingsrom - Statistikk, data og potensiale for reduksjon i klimagassutslepp. Strategiane vil bli følgt opp gjennom sektorvise handlingsplanar. 1 CO2 ekvivalent: eining for å samanlikne ulike klimagassars verknad på klima. Alle klimagassar blir normert til karbondioksid CO2.

2 Rammer og avgrensingar av planarbeidet 2.1 Organisering og prosess Fylkestinget vedtok i desember 2007 (sak T-82/07) oppstart av fylkesdelplan for klima. Føremålet med planen er å redusere utslepp av klimagassar, og prosjektgruppas direktiv er å avklare det regionale rommet for klimahandling i Møre og Romsdal. Planen er heimla i ny plan- og bygningslov (1.7.2009) 8-1, og tittelen er etter denne endra til Regional plan. I mandatet er det gitt eit breitt utgangspunkt, der fokus skal vere retta både mot Møre og Romsdal som samfunn og på fylket sitt eige driftsområde. Samstundes er arbeidet avgrensa til det område som fylket kan påverke politisk og administrativt. Planen er utforma i samsvar med prosessreglane gitt i Plan- og bygningslova. Fylkesutvalet har vore styringsgruppe forprosjektet. Prosjektleiar har vore Leif Einar Næss, og det vart nedsett ei intern prosjektgruppe med følgjande medlemer: Ole Helge Haugen, fylkesplansjef Joralf Flataukan, Direktør Energiregion Møre Lage Lyche, rådgivar samferdselsavdelinga Johnny Loen, rådgivar areal- og miljøvernavd. Arbeidet har elles vore gjennomført i form av tematiske verkstader der ymse eksterne fagmiljø har delteke. Prosjektleiar har også delteke i to nettverk vedrørande arbeidet med klimaplanar i kommunane: Nettverk med ti kommunar knytt til eit prosjekt ved Høgskulen i Volda Nettverk med 13 kommunar knytt til KS-prosjektet livskraftige kommunar Planen vart lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 01.09.09-15.10.09, og vart vedteken i fylkestinget 07.12.09. 2.2 Tematiske verkstader Arbeidet med sjølve planen har vore organisert som tematiske verkstader. Desse har teke utgangspunkt i dei sektorvise problemstillingane slik dei er gitt i klimameldinga. Dette samsvarer også godt med måten forvaltinga og fylket er organisert. Til dei sektorvise verkstadene har vi invitert nøkkelpersonar frå forvaltingsetatane, samt ei rekkje fagmiljø og viktige aktørar elles. Vi har arbeidd målretta for å integrere fagkunnskap, lokalkunnskap og nasjonale mål i konkrete strategiar som er relevant for regionen og for sektorane. Denne dialogen er ein føresetnad for å identifisere vegen framover og for at vi kan presentere virkemiddel og tiltak som er realistiske og styringseffektive. Tematiske verkstader medverkar til: Eigarforhold til tiltaka i den enkelte verksemd - forankring Realistiske tiltak Felles forståing Evne til å sjå klimatiltak på tvers av sektorar Resultata frå desse verkstadene er heilt sentrale i planen. Etter kvar verkstad har det vore eit omfattande etterarbeid der prosjektgruppa saman med deltakarane også har vore pådrivar for å spisse strategiane og gjere resultata målbare. I tillegg har vi henta inn vurderingar av både prosess og resultat frå sentrale institusjonar som til dømes ENOVA SF, CICERO og Statens forurensningstilsyn (SFT). Sektorane vert i analysedelen av planen presentert med status, potensial for reduksjonar i utslepp av klimagassar, omtale av verkemiddel for reduksjonar og forslag til konkrete tiltak med dokumentert effekt. 2.3 Kort om nasjonal klimapolitikk Stortinget sitt klimaforlik frå 2008 syner at det er politisk fleirtal for omfattande klimatiltak innan 2020. Det nasjonale målet er ein reduksjon på 30% med utgangspunkt i eit referansenivå i 1991. Dette utgjer 15-18 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar 1 I forhold til referansebanen slik den er presentert i Nasjonalbudsjettet for 2007. Klimaforliket er basert på utgreiingane i NOU 2006:18 Et klimavennlig Norge og den oppfølgjande Stortingsmelding nr. 34 (2006-2007) om norsk klimapolitikk. Stortingsmeldinga saman med tiltaksanalyse frå Statens forureiningstilsyn (SFT) legg opp til sektorvise klimahandlingsplanar. Dette gir svært viktige nasjonale føringar og legitimitet til regionale planar. Noreg underteikna i 1997 Kyoto-protokollen, som sette rammer for utslepp frå norsk territorium. Etter denne avtale skal norske utslepp i 2012 (rekna som snitt 2008-2012) berre vere 1% høgare enn i 1991. I Noreg har utslepp av klimagassar auka med 8% (1998-2008), og for utslepp over det vi er forplikta på i avtalen må vi kjøpe kvotar frå utlandet. For Møre og Romsdal har utslepp av klimagassar auka med over 60% sidan 1990 (gjeld ikkje HFK, PFK og SF6). 2.4 Viktige prinsipp for Energi- og klimaplanen Planen følgjer i hovudsak den tenkinga som er tilkjennegitt i den nasjonale politikken. Hovudgrepet i planen har derfor vore å ta utgangspunkt i dei forvaltingssektorar Møre og Romsdal fylke er direkte involvert i, og definere kva roller fylket kan fylle. Planen legg fram strategiar for transport, industri, primærnæringar og avfall, petroleum og energi, samt fylket si eiga verksemd og samhandlinga med kommunane. Dette er innsatsområde som ligg innanfor fylket sine ansvars- og arbeidsområde. Det er og teke med forslag til tiltak som krev innsats og oppfølging frå andre partar. Strategiane er utarbeidd i nært samarbeid med dei sektorane som er 5

omhandla, eller dei har sitt opphav i dokumenterte klimaeffektar frå SFT si tiltaksanalyse eller i forskingsmiljøa. Denne planen, i lag med dei kommunale klimaplanane, er det første steg mot ein målstyrt klimastrategi som skal sikre at det er samsvar mellom behov, tiltak og forventa effekt. For å kunne klare å redusere utslepp av klimagassar må vi vere bevisst på kva som karakteriserer våre utfordringar - òg kva for verktøy vi har for å kunne klare å gjere jobben utan at det går på bekostning av andre viktige prinsipp og mål ein har for samfunnsutviklinga. Det betyr at ein må evne å handtere nye verkemidlar som vert gjort tilgjengelig, og det betyr at ein arbeider med realistiske rammer for reduksjonar. Kyoto-avtalen beskriv nasjonale forpliktingar, men det er lite føremålstenleg å bruke dei nasjonale rammene for reduksjonar på lokalt og regionalt plan. Vårt mål er å gjere vårt ut i frå føresetnader vi har for klimahandling. Med utgangspunkt i den gjennomgripande kompleksiteten i klimautfordringane, og dei nære relasjonane til energi, samfunnsutvikling og økonomisk vekst, må fokus i klimatenkinga i første omgang dreie seg meir om verkemiddel og rammeverk enn om dei konkrete tiltaka. Dei klimavenlege handlingane må kome som naturleg følgje av eit klimatilpassa rammeverk, og målet må vere å frigjere økonomisk vekst frå bruk av fossile brenslar og utslepp av klimagassar. Dette fordrar at energi- og klimaplanen er strukturert tilsvarande. Dei strategiske verkemidla må innarbeidast i sektorvise handlingsplanar. Dette gir grunnlag for at klimatenkinga kan slå rot på alle nivå i fylket si verksemd og i regionen som samfunn. Verkemidla må integrerast i dagleg drift og styring. Da må vi også evne til å sjå samanhengar mellom dei ulike sektorane, skape samarbeid mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå, og mellom det offentlige og næringslivet. Døme på verkemidlar som er tilgjengelege, og som står sentralt i planen, er støtteordningar frå ENOVA som går til miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Med utgangspunkt i klimaforliket, og sett i lys av den raske teknologiske utviklinga, er det nærliggjande å velje 2020 som år for måloppnåing. Verkemiddel og tiltak må likevel implementerast raskt. 3 Hovudmål på reduksjonar i utslepp av klimagassar: Klimagassutsleppa i Møre og Romsdal skal, i forhold til utsleppa i 2007, reduserast med meir enn 10% innan 2020. Hovudstrategi Omsynet til klimagassutslepp skal implementerast i fylket si eiga verksemd, planlegging og politikkutforming. Fylket skal gjennom informasjonsarbeid, kompetansebygging og stimuleringstiltak medverke til reduksjon i utslepp frå andre aktørar og kjelder i Møre og Romsdal. SAMANDRAG Ut frå del 2 i planen kan vi samanfatte det samla potensialet slik: Reduksjon i utslepp av klimagassar: Landbruk: Samferdsel: Bygg: Avfall: 47.000 tonn CO2-e 80.000 tonn CO2-e 85.000 tonn CO2-e 57.000 tonn CO2-e I sum blir dette: 269.000 tonn CO2-e Eller 12% av dei totale utslepp av klimagassar i fylket (2.2 millionar tonn CO2-e.) I tillegg kjem klimavenlege energitiltak: Miljøvenleg energiomlegging (frigjering av elektrisitet) -Hushald: -Tenesteyting : -Industri: I sum utgjer dette: Energieffektivisering (redusere bruk av energi) -Hushald: -Tenesteytende: I sum utgjer dette: (Industri er ikkje medrekna) 88 GWh 430 GWh 110 GWh 628 GWh 456 GWh 212 GWh 668 GWh Energi- og klimaplanen baserer seg på den kunnskapen vi har i dag. Nye tiltak kan peike seg ut frå nye føresetnader, teknologi og kunnskap. Ikkje minst kan det raskt kome på plass internasjonale avtaler. Planen bør derfor evaluerast og reviderast etter få år. I tillegg er revidering viktig for å samkjøre verkemiddel med energi- og klimaplanarbeidet som går føre seg i kommunane. 6 Fyrlykta på Alnes Foto: Leif Einar Næss

4 Sektorvise mål på reduksjonar og strategiar for måloppnåing Det er utarbeidd mål og strategiar for ti ulike sektorar/temaområde. Måla og strategiane som vert lagt fram er forankra i den einskilde sektor, basert på tilgjengelege data for situasjonen i dag og potensiale for vidare reduksjonar i utslepp. Gjennom konkrete handlingsplanar ned til det detaljeringsnivå som er nødvendig kan potensialet for reduksjon utløysast. Møre og Romsdal fylke kan medverke til dette i eigen verksemd i planarbeid og i politikkutforming på ulike område. Gjennom informasjonsarbeid, kompetansebygging og stimuleringstiltak kan fylket medverke til lågare utslepp òg frå andre samfunnsaktørar. Dette krev at ein identifiserer og analyserer: - verkemiddel og tiltak - budsjetterer detaljert nok - finne finansiering og sette i verk dei konkrete tiltaka. 4.1 Stasjonær energibruk til oppvarming Mål: Utslepp av klimagassar frå stasjonær energibruk til oppvarming av bygg i industri og tenesteytande sektor (private og offentlege bygg) skal reduserast med ca. 80 000 tonn CO 2 - ekv.) innan 2020 i forhold til 2007. Det skal frigjerast minst 400 GWh elektrisitet som i dag vert brukt til oppvarming av bygg i tenesteytande sektor innan 2020. Frigjeringa av elektrisitet skal blant anna skje ved omlegging til vassboren varme der energibrensla er fornybare. Minst 150 GWh av energiomlegginga skal bestå av trefiber (sjå strategiplanen for skogbruket i Møre og Romsdal). Strategiar Møre og Romsdal fylke etablerer eit forum for stasjonær energibruk som blir ein arena der kommunar og fylket kan samarbeide om å nå klimamålsetjingar innan stasjonær energibruk for kommunal og fylkeskommunal bygningsmasse. Møre og Romsdal fylke vil arbeide for å oppnå avtalar for partnarskap mellom fylket, nettselskap, kommunar og industriaktørar for å redusere bruk av fossile brensler til oppvarming Biowood Norway AS vil vere ein sentral aktør for å etablere ei levedyktig verdikjede for biobrensle. 4.2 Energieffektivisering Mål: Møre og Romsdal fylke vil arbeide for at bruken av elektrisitet til oppvarming og belysning i alle offentlege og private bygg i tenesteytande sektor skal bli redusert med 20% innan 2020 (200 GWh), i forhold til energibruken i 2007. Strategiar: Forumet for energiomlegging vil også arbeide fram gode lokale og regionale energirammekrav, som er berekraftige og framtidsretta. Forbruket av energi i eit bygg skjer i mange små einingar, og til saman utgjer dei eit stort potensial for energisparing. Etablere energieffektiviseringspakkar som inkluderer styring og kontroll. Barrierar for iverksetting av ENØK tiltak må identifiserast. Handlingsprogram til Energiregion Møre 4.3 Samferdsel Mål: Utslepp av klimagassar frå samferdselssektoren i Møre og Romsdal skal reduserast med 10% (ca. 80 000 tonn CO 2 -ekvivalentar) innan 2020, i forhold til utsleppa i 2007. Strategiar Møre og Romsdal fylke skal medverke til ein samordna areal og transportutvikling som reduserer transportbehov og bilbruk og gir ei berekraftig regional utvikling. Møre og Romsdal fylke skal satse på betre kollektiv-, gang- og sykkeltrafikk, spesielt i byområda samt overføring av meir godstransport til sjø og jernbane. Kollektivtransporten i Møre og Romsdal fylke skal energieffektiviserast og skal i størst mogleg grad nytte fornybare energikjelder og gass som drivstoff. Møre og Romsdal fylke skal medverke til ein takstpolitikk innan samferdsel som medverker til best mogleg kapasitetsutnytting. Forvaltningsreforma vil legge til rette for større regionalpolitisk styrt samferdsel. Møre og Romsdal fylke skal i samarbeid med transportetatane søkje ein heilskapleg verkemiddelbruk for å nå overordna mål for ei god tilgjenge og eit trygt og miljøvenleg transportsystem. Klimaomsyn skal leggast til grunn for fylket sin samferdslepolitikk. 4.4 Effektiv avfallspolitikk Mål: Redusere utslepp frå avfallsbransjen med 60 000 tonn CO 2 -ekvivalentar innan 2012, og gjere renovasjonsselskapa klimanøytrale. Strategi Møre og Romsdal fylke vil støtte renovasjonsselskapa med å bli klimanøytral innan 2012 Dialog med kommunar og renovasjonsselskap for å redusere avgassing frå deponi 7

Redusere avfallsmengda og auke gjenvinning og redusere forbruk Utgreie potensialet for biogass frå avløpssektor og matavfall 4.5 Landbruk Mål: Møre og Romsdal skal vere eit fylke som vil arbeide for å nå nasjonale mål om klimagassreduksjonar frå landbruket. I dialog med næringa vil fylket identifisere dei virkemiddel som utløyser klimatiltak. Strategiar Potensialet for reduksjon i utslepp av metangass er på ca. 42 000 tonn CO 2 -ekvivalentar. Fylket skal vere ein pådrivar for etablering av gardsanlegg for biogass. Det må avklarast nødvendige økonomiske tilskott for å nå mål om reduserte utslepp frå gjødsling og husdyrgjødsling. Arbeide for ein berekraftig forvaltning av skogen som ein fornybar ressurs, som produserer energi, materialar og industrielt råstoff på ein miljøeffektiv måte. Følgje opp tiltaka som kjem fram i kystskogmeldinga og strategiplan for skogbruket der ein legg opp til auka uttak av klimanøytralt råstoff til bygningsindustrien og bioenergianlegg. Ved å vere ein pådrivar for å kombinere tradisjonell byggeteknikk og lokale råstoff med regional utvikling av passivhus medverkar ein til innovative løysingar som både er klimavenlege og styrkar lokalt næringsliv. 4.6 Berekraftig arealpolitikk Mål: Fylket vil vere ein pådrivar for å til ein samla verkemiddelpakke som reduserar utslepp av klimagassar. Det er her snakk om å utvikle overordna strategiske areal- og transportplanar som kan leggast til grunn for fylkesplan, samfunnsdelen i kommuneplanane, store næringsetableringar, investeringar i infrastruktur og driftsplanlegging, mellom anna for kollektivtransporten. Strategi Det skal leggast vekt på å redusere transportavstandar gjennom fortetting og lokalisering av transportgenererande verksemder. Lokalisering av ny utbygging til allereie eksisterande kollektivaksar og kollektivknutepunkt. Effektiv bruk av areal gir reduserte transportavstandar. Møre og Romsdal fylke skal støtte opp under og stimulere til framtidsretta og miljøeffektive byggeprosjekt både i eigen organisasjon og innan bygningsindustrien generelt. Klargjere retningslinjer for arealplanlegging i fylket ved å konkretisere på kva måte arealplanlegging bør skje for ikkje å generere utslepp av klimagassar. Arealforbruket bør minimaliserast og transportarbeidet avgrensast. 4.7 Miljøteknologi Mål: Møre og Romsdal fylke vil vere ein pådrivar for utvikling og produksjon av regional miljøteknologi. Strategiar Etablere eit miljøteknologiråd som i dialog med politikarar, myndigheitsorgan, forskingsmiljø og sentrale teknologinæringar som kan medverke til å styrke regional miljøteknologis konkurransekraft og leverandørindustriens konkurranseevne innanfor miljøteknologi. Vere ein støttespelar for regionale aktørar innan skipsindustrien slik at næringa kan levere framtidretta lavutsleppsteknologi. Synleggjere marknadsmuligheiter gjennom analyser og kunnskapsspreiing. 4.8 Forsking og utvikling Mål: Møre og Romsdal fylke vil arbeide for å styrke regional forsking og utvikling omkring tema som vedrørar klima og biologisk mangfald. Strategiar: Møre og Romsdal fylke vil medverke til at Runde miljøsenter blir ein arena for regional, nasjonal og internasjonal forsking og utvikling knytt til klimarelatert forsking i hav og ved kyst. Aktivitetane på dei tre planlagte kompetansesentra på fornybar energi må bli koordinert med energi- og klimamål for alle sektorar i fylket. Det gjeld spesielt kunnskapsbygging, etablering av møteplassar og visning av gode døme på ny teknologi. Arbeide for å styrke forsking, utvikling og implementering av effektiv logistikk. Bygge opp kompetansen omkring miljøvennlege bygg og energibruk i byggesektoren. Stimulere forsking og kunnskapsformidling på utvikling og kommersialisering av klimavennleg teknologi. 4.9 klimatiltak i samfunnet elles Mål: Møre og Romsdal fylke vil vere ein pådrivar for energieffektivisering og energiomlegging i hushaldningane og i samfunnet generelt. Fram til 2020 er målet er å fase ut 100 GWh fossile energiberarar og frigjere minst 150 GWh elektrisk energi ved energiomlegging og energieffektivisering. Strategiar: Møre og Romsdal fylke vil medverke til prosjekt i regi av frivillige organisasjonar som medverkar til å nå måla i planen. 8

Samarbeid med aktørar i energimarknaden for å styrkje informasjonen om energieffektivisering og energiomlegging generelt. 5.0 Utdanning Mål: Møre og Romsdal fylke vil arbeide for at opplæringa i læreplanmåla som omfattar berekraftig utvikling styrkast for tema som gjeld den globale og regionale klimautfordringa. Strategiar Møre og Romsdal fylke vil vere ein pådrivar for å få etablert partnarskapsavtaler mellom kompetanse/forskingsmiljø på klima og den vidaregåande skulen. Oppmuntre skular og skulemiljø til å legge til rette tverrfaglege undervisningsopplegg som syner samanhengen mellom energi, teknologi og klima. Jfr. planen Utdanning for bærekraftig utvikling. Møre og Romsdal fylke vil vere ein pådrivar for å sikre at elevane har reell medverknad innanfor opplæring for berekraftig utvikling, til dømes gjennom entreprenørskapsmetodar som er opplevings- og erfaringsbasert, handlingsretta og som gir fagleg fordjupning. 5.1 tiltak i eiga verksemd Mål: Møre og Romsdal fylke skal vere ein regional aktør i arbeidet med å fremme fornybar energiproduksjon samt effektivisere og spare energi i eiga verksemd. Strategiar: Styrke arbeidet med uthenting av ENØK-potensialet i fylkeskommunal bygningsmasse. Opprette signalbygg for bruk av klimanøytrale byggemateriale i fylkeskommunal bygningsmasse ved rehabilitering og nye bygg. Etablere strategi for auka bruk av fjernvarme og lokale varmesentralar som nyttar fornybar varme som energikjelde til oppvarming. Etablere ladepunkt for elbilar ved sentraladministrasjonen og nokre av dei vidaregåande skulane for å medverke til å styrke infrastrukturen for elbilar i Møre og Romsdal Legge til rette for, og etterspørje meir bruk av e-møtar og e-konferansar. Innføre flykvoteordning for å motsvare utsleppa frå flyreisene i verksemda. Styrke miljøkriteria ved innkjøp av varer og tenester. Legge klimaomsyn til grunn i all verksemd i eigen organisasjon. Fuglefjellet på Runde Foto: Leif Einar Næss 9

Del II DOKUMENTASJON OG REGIONALT HANDLINGSROM Grasøyane fyr, foto Leif Einar Næss 1 Innleiing I denne delen av energi- og klimaplanen for Møre og Romsdal er det lagt vekt på å dokumentere situasjonen og vise potensiale og handlingsrom på ein lang rekke sektorar i samfunnet. På dei sektorane fylket har særleg ansvar og oppgåver har ein gått djupare i å beskrive kva for virkemiddel og tiltak som medverkar til reduksjonar i utslepp av klimagassar. Ikkje alle tal vil vere heilt nøyaktige, men prosjektgruppa er av den oppfatning at talgrunnlaget er tilstrekkeleg til å utforme mål og strategiar. 1.1 Utslepp av klimagassar i Møre og Romsdal fylke Som vi ser av figur 1 står vårt fylke for utslepp tilsvarande 2.2 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar. Av dette står Hydro Sunndal for om lag 750 000 tonn CO 2 -ekvivalentar. Den viktigaste grunnen til auke i utslepp av karbondioksid (CO 2 ) sia 1990 er olje og gassproduksjon (Tjeldbergodden står for om lag 400 000 tonn). Men dei andre sektorane har òg hatt ein auke, mykje på grunn av økonomisk vekst og auka forbruk av varer og tenester. Sett i forhold til landet elles er utslepp per capita nokolunde jamt med dei nasjonale tala, sjå figur 2. Sidan klimautfordringa er eit globalt problem er det relevant å nemne at klimautsleppa (og kraftforbruket) per innbyggjar i Noreg er rundt ti gongar større enn gjennomsnittet i verda. Møre og Romsdal er eit industrifylke og mellom dei fylka som eksporterar mest varer. I eksportsamanheng vil klimaspørsmål bli viktige i åra som kjem, både når det gjeld omdømme, i høve til nye avgifter, til dømes auke i prisen på karbon, og nye marknader. Utfordringane knytt til klimaspørsmål er av stor betydning for utviklinga av morgondagens økonomi og livskvalitet i Møre og Romsdal, og kjernen i klimautfordringa omhandlar eit bevisst forhold til energiproduksjon og energibruk. 2500 Kjelder til utslepp Mobil annet Tonn CO 2 -ekvivalentar 2000 1500 1000 500 0 1991 1995 2000 2005 2006 2007 Skipsfart Mobil Landbruk Prosessindustri Avfall Stasjonær forbrenning Figur 1 viser korleis utslepp (ikkje HFK, PFK og SF6) i fylket fordeler seg på stasjonære og mobile utslepp. (NB! Tidsakse er fordreid) Figur 2 viser utslepp per innbyggar i fylket i forhold til utslepp per innbyggar i Noreg (2007). 10

2 Klimautfordringa i eit energiperspektiv Klimautfordringa er uløyseleg knytt til korleis vi produserer, distribuerer og forbrukar energi. Bruken av energi i Møre og Romsdal aukar, slik som i landet elles. Dette er ein konsekvens av aukande levestandard. Samtidig medverkar produksjonen av energi til høge utslepp av CO 2 og dermed til global oppvarming. Utfordringane knytt til bærekraftig produksjon og bruk av energi handlar om å handtere omsynet til både klima og levestandard. Dette gjør energipolitikk viktigare og vanskeligare enn noen gang tidligare. Rammene for klimahandling er gitt av korleis vi produserer og forbruker energi. Figur 3 viser difor kva for tema og innsatsområde som er behandla i plana. Internasjonalt og nasjonalt handlar klimatenkinga om energisparing, energiomlegging og energieffektivisering. Det er òg kjernen i Kyoto konvensjonen og i Kyoto avtalen. Sett i lys av dette (sjå figur 3) kan vi seie at klimahandling dreiar seg om følgjande prinsipp: 2.1 Stasjonær energibruk Energiomlegging og energieffektivisering er sentrale omgrep når vi skal tenkje klimahandling. Energibedriftenes landsforening (EBL) syner at ved å bytte ut oljefyring med andre miljøvennlige alternativ, er det mulig å redusere CO 2 -utslepp med nesten tre millionar tonn (nasjonalt). Det svarer til 5% av nasjonale utslepp. Det som er av særleg interesse i arbeidet med å identifisere og analysere potensiale for energiomlegging i fylket, er å identifisere omfanget av energi som vert nytta til oppvarmingsformål i tenesteytande sektor (private og offentlege bygg). Hovudenergiberarane i varmeproduksjonen slik den er i dag, er elektrisk kraft, deretter fyringsolje og gass. 2.1.1 Stasjonær energibruk oppvarming med fossile brensel Fossile brensel til stasjonære termiske formål utgjer omlag 30% av det totale forbruket av fossilt brensel. Utslepp frå fossil energibruk til stasjonære formål er vist i figur 4. Utslipp til luft etter kjelde i Møre og Romsdal, 2007 Utslipp til luft etter kjelde i Møre og Rom Erstatte fossile energiberarar med fornybare Frigjere elektrisitet til el spesifikke formål (industri, belysning, PC m.m.) Elektrisitetsproduksjon basert på fornybare energikjelder Spare og effektivisere energibruk generelt Plana presenterer sektorar og innsatsområde der fylket har ansvar og moglegheiter for å ta i bruk verkemiddel som samsvarar med desse prinsippa for klimahandling. 1000 tonn CO 2 -e 600 500. 400 -e 2 O C n300 to 0 0 1 200 100 Indust Forbre Priva Andre Totalt energibruk MR Primærnæring 0 1991 1995 2000 2005 2006 2007 År Bio Avfall Industri og bergverk Forbrenning av avfall og deponiplass Private husholdninger Andre næringer Elektrisitet Fossilt Figur 4. Utslepp frå stasjonær forbrenning i Møre og Romsdal (SSB 2009) NB! Tidsakse er fordreid Hushald Industri Energiomlegging: Frå el. til anna fornybar energi til oppvarming Energisparing/energieffektivisering Tenesteytande Stasjonær forbr. Tenesteyting Stasjonær forbr. Hushald Stasjonær forbr. Industri Transp. Energiomlegging: Frå el. fossilt til oppvarming Energisparing/energieffektivisering Figur 3. Omsynet til korleis vi produserer, distribuerer og forbruker energi, er den viktigaste faktoren i kampen mot klimaendringane. Energiforbruket i Møre og Romsdal aukar, og regionen er blant dei mest energikonsumerande regionane i landet. Overordna prinsipp for klimahandling er merka med grøn farge. Det totale utslepp av klimagassar frå stasjonær forbrenning var i 2007 på 533 000 tonn CO 2 -ekvivalentar. Det er ei markant auke i utslepp frå 1995 til 2000 på heile 300%. Forklaringa er i hovudsak metanolfabrikken på Tjelbergodden samt fakling av gass knyte til Ormen Lange på Aukra. Av figur 5, med tabell, ser vi at vel 236 GWh frå fossile brensel vert nytta til stasjonære energiformål i industrien. Det er grunn til å tru at dette forbruket i hovudsak er knytt til oppvarmingsformål. Dette utgjer vel 66 000 tonn CO 2 -ekvivalentar. 11

Energibruk i Møre og Romsdal 2007, etter næring og energitype Energibruk (GWh) Avfall 2500 Tungolje og spillolje Energibruk etter næring 2000 1500 1000 500 Diesel-, gass- og lett fyringsolje, spesialdestillat Bensin, parafin Gass Ved, treavfall og avlut 0 Tjenesteyting Husholdninger Kull, kullkoks og petrolkoks Elektrisitet Brukargruppe Elektrisitet Figur 5. Oversikt over stasjonær energibruk etter næring (mobil energibruk er ikkje med). Bruken av gass for industri og næring kan i hovudsak knyttast til Tjeldbergodden. (SSB 2009) 12 Kull, kullkoks og petrolkoks Ved treavfall og avlut Gass Bensin, parafin På kva måte fossilt brensel vert brukt i industrien er relativt komplisert. Her er oppvarmingsformål og produksjonsformål slått saman. Det betyr at når fossile energiberarar blir nytta i sjølve prosessen, blir det registrert som stasjonære utslepp og ikkje som prosessutslepp. Det er lite truleg at ein vil klare å fase ut alt forbruk av fossile energiberarar til andre energiberarar i industrien, fordi nokre industrieiningar har behov for fleksible energiløysningar som må gje høgare temperaturar enn det som kan oppnåas av andre energiberarar (vi reknar med at dette dreiar seg om vel 10% av fossile brensel til industri, eller vel 24 GWh). For tenesteyting og hushald er situasjonen ikkje så komplisert. Her kan ein anta at fossile brensel i hovudsak nyttast til oppvarming av bygg. 2.1.2 Stasjonær energibruk frigjering av elektrisitet til oppvarming Elektrisitet er ein høgverdig energiberar som ikkje bør brukast til anna enn el-spesifikke formål (prosessindustri, datamaskiner etc.). Dette er klimarelevant fordi vi er i ein nordisk kraftmarknad, og vi må difor kunne sjå den alternative verdien denne frigjorte krafta har i forhold til kraft i ein europeisk kraftmarknad. OECD reknar at den alternative verdien av 1 kwh i ein marknad tilsvarar 0.357 kg CO 2 (byggalliansen.no). Av figuren (6) ser vi at hovudenergiberaren for desse brukargruppene er elektrisitet. ENOVA (byggstatistikk) syner at totalforbruket for landet i 2006 er 44 TWh. For næringsbygg syner tala eit forbruk på 30 TWh, men det finst inga samla oversikt over energiforbruk i norske bygningar fordelt på ulike bygningstypar og energiberarar (SSB 2009). Figur 6 syner korleis energibruken fordeler seg mellom tenesteyting og hushald. Hydro Aluminium Sunndal brukar årleg ca. 5700 GWh elektrisk kraft, noko som utgjer vel 83% av alt elektrisk forbruk i fylket. For produksjon av aluminium let det seg ikkje gjere å leggje om til andre energiberarar enn elektrisitet. For anna industri (ca 1000 GWh) kan energiomlegging til ein viss grad vere aktuelt dersom ein klarer å etablere solide verdikjeder for bioenergi som kan konkurrere med elektrisitet på pris. 2.2 Lokale varmesentralar og fjernvarmenett som løysing I lokale varmesentralar (LVS) og fjernvarmenett (FVN) vert det brukt ulike energiberarar for å varme opp vatn som vert transportert til kundane og brukt til oppvarming av bustader og til varmt vatn. Dette er klimavenleg når det medverkar til energiomlegging frå fossilt til fornybar energi, og når det frigjer elektrisitet som blir brukt til termiske formål. LVS og FVN medverkar òg til lokal og regional næringsutvikling, samt at det styrkar kommunal og fylkeskommunal evne til å påverke energibruk. I klimaforliket er utfasing av oljefyr og energiomlegging omhandla slik: - Utdrag frå Pkt. 82. Utfasing av oljefyring gjennom ENOVA: Partene anser det som viktig med økt innsats på tiltak for å erstatte oljefyring med fornybar energi. Som varslet i klimameldingen vil regjeringa vurdere å innføre forbud mot å erstatte gamle oljekjeler med ny i bestående bygg. - Utdrag frå Pkt. 8.3. handlingsplan for overgang frå fossile til fornybare energikilder til oppvarming: Partene er enige om at det skal sikres målrettet og koordinert virkemiddelbruk for økt utbygging av bioenergi med inntil 14 TWh (totalt blir det da 28 TWh) innen 2020. Desse punkta er følgt opp med Strategi for økt

utbygging av bioenergi, 2008. Denne strategien nemner fleire verkemiddel som er målstyrte for å fase ut oljefyranlegg: Forbod mot installering av oljekjelar i nye bygg. Lova skal etter planen gjelde løpet av 2009. Forbod mot å erstatte gamle oljekjelar med nye. Det skal etablerast støtteordningar for konvertering av oljekjelar til fornybar varme i regi av ENOVA. 2.2.1 Eksisterande fjernvarmenett og lokale varmesentralar i fylket Omfanget av fjernvarmenett (FVN) og lokale varmesentralar (LVS) i Møre og Romsdal avgrensar seg til 137,9 GWh (sjå tabell 1). Det er under 1% av det totale energiforbruket som nyttast til oppvarming i fylket. Hovudårsaka til at det ikkje er bygd ut meir infrastruktur for FVN og LVS i Møre og Romsdal, er at vi historisk sett har hatt god tilgang til fornybar elektrisk kraft. 2.2.2 Potensial for fjernvarme og lokale varmesentralar i Møre og Romsdal Det er vanskeleg å berekne kva potensial FVN og LVS har for varmeproduksjon i Møre og Romsdal. I berekningane som er gjort her, har vi tatt utgangspunkt i at FVN er kostnadsmessig konkurransedyktig, primært innanfor sentrums og tettstadssoner til tenesteyting og industri, og i noko grad til blokkbustader. Vidare, føreset vi at LVS har ein relativt høg kostnadsmessig konkurranseevne i område Kartet viser plassering av FVN og LVS i Møre og Romsdal basert på trebrensle 13

Kommune Eigar Stad Type Mottakar Normal produksjon (GWh/år) Kommentar Averøy Vestnes Ålesund Sunndal Gjemnes Stranda Surnadal Tingvoll Engros ASA Nordmøre energigjenvinning Vestnes kommune Tafjord Kraftvarme AS Sunndal Energi KF Gjemnes kommune Stranda kommune Svorka Energi AS Tingvoll kommune? Kristvika på Bruhagen Skretting AS Vestnes Grautneset Ålesund sentrum Sunndalsøra Batnfjorden Stranda Skei Tingvollvågen og Beiteråsen Dampkjel basert på avfallsforbrenning Varmesentral/ El-generator Fjernvarme basert på brikettar, olje og uprioritert kraft Fjernvarme, søppelforbrenning Fjernvarme, Varmepumpe sjø Fjernvarme. Spillvarme frå smelteverk Fjernvarme Fjernvarme, forbrenning av trepellets Fjernvarme, biobrensel Fjernvarme Skretting AS NEAS H.heimen, skule og omsorgssenter Hydro 8 GWh Sunndal Energi 9 GWh Gjemnes kommune off. bygg Ringstad skule og Stranda omsorgssenter Næring og offentlege bygg, samt bustader Offentlege bygg Forbrenningskjel: Reservekjel olje: Fjernvarmesentral: Varmepumpe: Elektrokjel: Effektreserve frå Tine Meieriers dampanlegg Spillvarme frå gassrenseanl. ved HASU med spisslast fra LNG Olje og el-kjel Olje og el-kjel 26,0 1,0 3,0 55,0 15,0 17,0 1,0 0,8 5,7 2,7 Dampproduksjon El-generator Utviding vurdert Fjernvarme Fjernvarme Fjernvarme Utvikling vurdert Utviding vurdert Etablering av ny varmesentral for bioenergi og utviding vurdert Molde Nesset Nesset Sykkylven Vanylven Istad Kraft AS Nesset kommune Nesset kommune Sykkylven kommune Northun AS, bondevarmeselskap Årø Eresfjord Eidsvåg Fiskå Fjernvarme, biobrensel Lokal varmesentral (LVS) basert på flisfyring og uprioritert kraft LVS, basert på flisfyring og uprioritert kraft LVS, forbrenning av trepellets LVS, forbrenning av skogsflis Industri og bustadar Eresfjord skule Nesset ungdomsskule Sykkylven bu og aktivitetssenter Sjukeheimen Biokjel Gasskjel 10,0 0,2 0,5 1,7 0,3 Oppstart hausten 2008, kontinuerleg utbygging, forventa leveranse i 2011 er 10 GWh Utviding vurdert Normal produksjon 137,9 GWh/år med låg varmetettleik og at LVS i større grad enn fjernvarme kan takast i bruk av enkeltkundar med høg alternativkost (til dømes fyringsolje). Det er difor vi kan knytte LVS spesielt til industri. Sjå figur 9 side 15. Kva for føresetnader som gjeld for dei vidare berekningane følgjer i kap. 2.2.3 og kap 2.2.4. 2.2.3 Frå fossil til fornybar energi Det samla potensialet for energiomlegging frå fossile energiberarar er 465 GWh (tabell 2). Dette er eit teoretisk potensial. Det realistiske potensialet anslår vi til å ligge på rundt 305 GWh, sjå tabell 2 side 15. Føresetnader vi har gjort i utrekningane: 14 Tenesteyting: Vi finn grunn til å rekne med at 25% av fjernvarmenettet vil ha gass som ein framtidig energiberar for spisslast. I tillegg reknar vi med at 90% av bygga kan knytast til eit fjernvarmenett. Industri: For industrien er lokale varmesentralar mest aktuelt. Vi legg til grunn at 10% av forbruket ikkje kan leggjast om til andre energiberarar. Hushald: På grunn av spreidd busetnad er det grunn til å tru at det er berre ein avgrensa del av dette forbruket som kan erstattast med vassboren varme. Vi reknar at vel 10% kan knytast til eit fjernvarmenett.

Industri (6706 GWh) * Potensial for LVS 110 GWh Elektrisitet (9763 GWh) Hushald (1756 GWh) * Potensial for FVN 88 GWh Totalt energiforbruk, MR (14 900 GWh) Ten.yting (1193 GWh) Stasj. Forbr./hushald (107 GWh) ** Potensial for FVN * Potensial for FVN 430 GWh 10 GWh Fossilt (diesel og (3087 GWh) Stasj. Forbr./tenesteyt. (122 GWh) ** Potensial for FVN 83 GWh Stasj. Forbr.Industri (236 GWh) * Potensial for LVS 212 GWh Transport (2616 GWh) Gass (1489 GWh) * Dårleg/middels tilgang til verkemiddel Primærnæring (110 GWh) ** God tilgang til verkemiddel Fjernvarmenett (FNV) Avfall (195 GWh) Bio (ved, treavfall, lut) (389 GWh) Lokal varmesentral (LVS) Figur 9. Figuren viser stasjonært energibruk (fossilt og el.) og potensial for FVN og LVS. < Tabell 1 syner omfanget av LVS og FVN i fylket. (Kjelde: Landbruksavdelinga og Energiregion Møre.) Brukargruppe GWh (fossilt) GWh Potensial for energikonvertering Tenesteyting 122 83 FVN Industri 236 212 LVS Hushald 107 10 FVN sum 465 305 Tabell 2 viser omtrent kva for mengder av fossilt brensel som blir brukt til termiske formål Det vil seie at det samla potensialet er på ca. 85 000 tonn CO 2, eller vel 4% av dei samla utsleppa frå fylket (2.2 millionar tonn). Sjølv om fylket og kommunane ikkje har klarlagt kva for rolle fylket og kommunane kan ha for å medverke til at industrien konverterar til andre energiberarar, så tek vi likevel med potensialet. Det må understrekast at dette er overslag som er gjort etter enkle og til dels utilstrekkelege føresetnader. 15

2.2.4 Frigjering av elektrisitet ved energiomlegging Tabell 3 viser potensial for frigjering av elektrisitet ved energiomlegging. Det samla potensialet for frigjering av elektrisitet er berekna til 618 GWh. Føresetnader vi har gjort i utrekningane: Tenesteyting: Vi antar at 40% av energibruken er knytt til oppvarming. 90% av bygga kan knytast til fjernvarmenett. Industri: For industrien er lokale varmesentralar mest aktuelt. Det er usikkert kor mykje av energibruken som kan konverterast til lokale varmesentralar. Vi har valt eit forsiktig anslag på 10% (Hydro Aluminium utelaten). Hushald: Vi antar at 50% av energibruken går til oppvarming. Av dette kan 10% av energibruken erstattast med vassboren varme frå fjernvarmenett. Brukargruppe GWh (Elektrisitet) GWh Potensial for energikonvertering Tenesteyting 1193 430 FVN Industri * 1006 110 LVS Hushald 1756 88 FVN sum 3955 628 Tabell 3 viser elektrisitetsforbruket i sektorane industri, hushald og tenesteyting, samt potensialet for energiomlegging * Her er elektrisitetsforbruket for Hydro Aluminium trekt frå 2.2.5 Samla potensial for LVS og FVN I arbeidet med å analysere og systematisere potensialet for FVN og LVS kom vi fram til at for FVN er dette omlag 611 GWh (elektrisitet som energiberar utgjer her ca 80%), og for LVS er potensialet 322 GWh. Det største potensialet for reduksjon i utslepp og for frigjering av elektrisitet, ligg i industrien. Selskapet Xergia AS har på oppdrag frå ENOVA utarbeidd potensial for LVS og FVN i Noreg, basert på geografi og befolkningstettleik. Det tekniske potensialet i Møre og Romsdal har Xergia berekna til ca. 1 TWh varmeproduksjon (sjå tabell 4). Berekningane frå Xergia syner eit potensial som ligg litt lågare enn det vi har berekna. Ein viktig premiss i analysane til Xergia er at det på kort sikt ikkje er mogleg å substituere all energibruk til romoppvarming med FVN og LVS. Grunnen er at bruk av fjernvarme og LVS føreset at varmen blir distribuert gjennom vassbårne eller ventilasjonsbaserte system hos kvar enkelt brukar. Ein annan viktig føresetnad er at det vil vere store variasjonar i forventa fjernvarme og LVS utbygging mellom ulike delar av landet og mellom ulike kommunar. Årsaka er at leveringskostnadene for fjernvarme er svært avhengige av volum i eit område og varmetettleik (GWh/ 16 GWh Kommune FV u/ støtte LVS u/ støtte FV m/ støtte LVS m/ støtte Molde 9,2 55,2 40,7 23,7 Kr.sund 0,8 23,6 9,5 14,9 Ålesund 79,2 52,3 26,9 Vannylven 1,8 1,8 Sande 2,9 2,9 Herøy 60,4 0,4 60,0 Ulstein 8,5 1,3 7,1 Hareid 8,4 0,4 8,0 Volda 8,7 2,6 6,1 Ørsta 12,2 0,6 11,6 Ørskog 1,8 1,8 Nordal 1,5 1,5 Stranda 6,9 6,9 Stordal 1,4 1,4 Sykkylven 18,5 18,5 Skodje 3,9 3,9 Sula 73,1 3,6 69,6 Giske 4,3 4,3 Haram 15,8 0,8 15,0 Vestnes 0,4 13,8 0,9 13,3 Rauma 8,8 0,6 8,1 Nesset 2,0 2,0 Midsund 1,9 1,9 Sandøy 2,9 2,9 Aukra 2,7 2,7 Fræna 0,4 20,8 1,5 19,7 Eide 3,5 3,5 Averøy 7,2 7,2 Frei 3,5 0,4 3,1 Gjemnes 4,5 4,5 Tingvoll 2,4 2,4 Sunndal 16,1 2,6 13,5 Surnadal 0,4 10,4 0,8 10 Rindal 5,7 0,4 5,3 Halsa 2,1 2,1 Aure 0 0 Smøla 1,4 1,4 SUM 11,2 497,8 119,4 389,5 Tabell 4. Teknisk potensial for varmeproduksjon i Møre og Romsdal (Xergia) m 2 ). Det tekniske potensialet har difor ein viktig geografisk dimensjon og fjernvarme vil ikkje vere kostnadsmessig konkurransedyktig i alle delar av landet. Det vil snarare vere slik at substitusjonsmoglegheitene vil vere vesentleg betre i sentrumsog tettstadsoner enn i utkantområde. 2.2.6 Potensial for trebrensle som energiberar for FVN og LVS I denne planen har vi i hovudsak sett på potensialet

Produksjon av biobrendsle, foto Landbruksavdelinga for bruk av trebrensel i bioenergianlegg som kan drive LVS eller FVN. Hovudårsaka til at denne energiberaren er sentral i plana er: Skogressursane i fylket tilseier at ein kan levere berekraftig CO 2 -nøytral energi. Fylkestinget har allereie vedteke strategi på bioenergi og bruk av trebrensel til bioenergiføremål. Kystskogmeldinga og strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal (2008-2016) er vedteken av fylkestinget. Nasjonalt er det mål om 14 TWh bioenergi innan 2020. Landbruksavdelinga og Energiregion Møre har kunnskap og kompetanse på området. Tilvekst av skog i Møre og Romsdal er ca 1 million fm 3 årleg, mens avverkinga til treindustrien er ca 80.000 fm 3. I tillegg blir det avverka store mengder med virke som nyttast til ved. Potensialet for auka uttak av råstoff frå skogen i Møre og Romsdal til brenselproduksjon er relativt stort. I strategiplanen for produksjon og bruk av bioenergi i fylket frå 2001 blir det vist til at det unytta potensialet for produksjon av biomasse frå skogen tilsvarar om lag 400 GWh/år. Inkluderar ein i tillegg potensialet frå jordbruk, treavfall og organisk avfall så syner strategiplanen til at det totale potensialet er i underkant av 1.000 GWh/år. Altså mykje meir enn det som vi her har med som potensial for FVN og LVS. Erfaring tilseier at det kan vere økonomi i bioenergibaserte anlegg med dagens rammevilkår. Føresetnaden for lønnsemd ligg i at aktørane går inn i dei rette prosjekta og tek dei rette grepa frå starten av. Vegen fram til etablering av bioenergibaserte anlegg med leveransar av ferdig varme, er omfattande. For det første må dei gode prosjekta finnast. Dernest må ideen om oppvarming ved bruk av bioenergi seljast inn til innkjøpar. Kommunale og fylkeskommunale bygg som skular og institusjonar, der det ligg føre konkrete planar om rehabilitering eller nybygg, kan vere av dei sikraste potensielle kundane. Deretter må dei andre elementa på plass: økonomi, tekniske løysingar med val av leverandør, drift, selskapsetablering, kompetanseheving, råstofforsyning, miljømessige vurderingar, utarbeiding av anbodsdokument og avtalar om sal av varme. Skal ein lykkast med å arbeide fram gode løysingar for lokale varmesentralar (LVS) og fjernvarmenett (FVN) er det nødvendig med gode energianalysar og samarbeid mellom private og offentlege aktørar. Få andre tema fordrar eit så tett samarbeid på tvers av sektorar og mellom fagmiljø. Eit anna viktig element i arbeidet med energiomlegging og varmeproduksjon er kompetanse på kva for energiberarar som egnar seg best. 17

Flishoggar. Foto Landbruksavdelinga Møre og Romsdal Biobrensel AS, som har etablert selskapet BioWood Norway AS (saman med Hafslund Varme og Infrastruktur AS), arbeidar med å etablere verdikjeder for biobrensle. Selskapet prosjekterer no ein fabrikk for produksjon av trepellets med ein kapasitet på 450.000 tonn per år, om lag 2,2 TWh. Anlegget er etablert på Averøy, og forventast å vere leveringsklar rundt årsskiftet 2010/11. I første omgang vil produksjonen vere basert på import av råstoff og eksport av pellets, men på sikt ser vi store moglegheiter i å fase inn råstoff både frå Møre og Romsdal og frå resten av kystfylka. Det er òg verdt å nemne at Møre og Romsdal fylke i samarbeid med fylkesmannen i Sogn og Fjordane fått tildelt eit pilotprosjekt frå Landbruks- og Matdepartementet som ei oppfølging av regjeringa si bioenergistrategi. Målet med prosjektet er å utvikle effektiv logistikk og lønsame verdikjeder knytt til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar. Prosjektet starta opp hausten 2008, og vil gå over 2 år. Frå temaverkstaden på bioenergi var følgjande verkemiddel nemnt for å løfte bruken av bioenergi slik at måla blir styringseffektive: Bortfall av subsidiert el-kraft til straumforbrukarar med oljefyringsanlegg ( kjelkraften ). Verdikjeder (flyt av råstoff) må i mange områder byggast opp frå botn av. Innføring av eit driftstilskott til energiproduksjon basert på biobrensel stabilt og tilpassa ei langsiktig næring. 18 innføring av grøne økonomiske stimuli som stimulerer til handling utover kva som er lønsamt på kommersielle vilkår. Kommunane kan innføre lokale forskrifter med krav om fleksible energiløysingar/vassbåren varme i alle bygg som ligg slik til at dette er eit reelt alternativ. Møre og Romsdal fylke og kommunane kan legge til rette areal for LVS og FVN. Det var òg nemnt logistikkløysingar (betre lokal tilrettelegging for uttransport av skogsvirke) samt auka innsats innafor skogplanting, ungskogpleie og tynning. Ambisjonane om ny varmeproduksjon basert på råstoff frå skogen må ikkje gå på bekostning av naturmangfaldet. Det er her viktig å nemne at fagmiljøa meier det er mogleg å auke bruken av tilgjengeleg biomasse til biobrensle innanfor berekraftige rammer. Alt uttak av skogsvirke er underlagt sertifisering der skofbruket pliktar å ta nødvendige omsyn til biologisk mangfald og friluftsinteresser.

3 Energieffektivisering Det er store økonomiske gevinstar knytt til effektivisering av energibruken. I følgje Klimapanelet til FN og Det internasjonale energibyrået (IEA) er energieffektivisering det tiltaket som vil gje dei raskaste og største reduksjonane i utslepp av klimagassar. I eit energi- og klimaperspektiv bør frigjering av elektrisitet ved å effektivisere sluttbruken vere sidestilt med fornybar elektrisitetsproduksjon. Samanstilling av lokale energiutredningar for Møre og Romsdal 2007 (Istad 2007) viser eit teoretisk potensial (inkludert sparetiltak) på 1,9 TWh. Reknar ein 1 krone per kwh blir det 1,9 milliardar kroner i sparte utgifter. Det største potensialet til å effektivisere og spare energi, ligg i tenesteytande sektor samt private og offentlege bygg. Denne planen vil ikkje leggje frem konkrete forslag til tiltak for energieffektivisering i industrien fordi det er ikkje avklart kva for verkemiddel fylket har i denne sektoren. For industrien er energieffektivisering ein kontinuerleg prosess fordi dei økonomiske gevinstane ligg i det å ha låge produksjonskostnader per produsert eining. Vi vil likevel nemne at i 2002 utførte IFE og Kjelforeningen Norsk Energi kartlegging av teknisk og økonomisk potensial for energieffektivisering i norsk prosessindustri (IFE/ KNE, 2002). Potensialet på landsbasis ligg rundt 5,3 TWh for kraftkrevjande industri, og det blei identifisert 130 ulike tiltak som vil redusere bruken av energi. Det er grunn til å anbefale ein nærmare analyse for industri i fylket vårt. 3.1 Oppvarming av bygg; hushald og tenesteytande sektor Omkring 40% av den stasjonære energibruken i Noreg går til oppvarming og drift av bygningar. Det er difor eit relativt stort potensiale for å spare energi frå oppvarming og drift av bygningsmassen. Handlingsrommet for kommunar og fylkeskommunen er i hovudsak hushald og tenesteytande næringsverksemd. NVE (2008) opplyser at oppvarming av rom og tappevatn står for 70% av energiforbruket i hushald, og 50% i anna bygningsmasse. I tillegg visar vi til NOU 1998:11 Energi og kraftbalansen i Noreg mot 2020, som reknar potensialet til å vere 20% av det samla energibruk i bygg. Dette er uløyste potensial som ikkje vert påverka av energiomlegging til fjernvarmenett og lokale varmesentralar. 3.1.1 Belysning Det største potensialet for å redusere energibruken til belysning er for private og offentlege næringsbygg. Det fins ikkje statistikk på korleis forbruket av elektrisitet fordeler seg på dei ulike områda i private eller offentlege næringsbygg, til dømes i eit kontorbygg. Det fins tal på dette i Sverige, og føreset vi at forholda er nokolunde like, kan vi rekne med at ca 20% av det ein brukar til elektrisitet på kontoret vert nytta til lys. Potensialet som ligg i riktig belysning er relativt stort og det er lite debattert. Tek vi utgangspunkt i kva for belysningsutstyr (i hovudsak T8-lysrør) som i dag er vanleg i tenesteytande sektor, og eit sparepotensialet ved å bytte til moderne armatur er 45%, kjem vi fram til tal på reduksjonspotensial som er betydeleg, sjå tabell 5 (kjelde SSB og LEN). Kommune Yrkesbygg, tenesteyting Energibruk til lys (GWh) 20% Sparepotensiale (GWh) 45% Sparepotensiale mill. kr. (0.90 kr kwh) Vanylven 13,9 2,8 1,3 1,1 Sande 7,5 1,5 0,7 0,6 Herøy 32,9 6,6 3,0 2,7 Ulstein 32,7 6,5 2,9 2,6 Hareid 14,1 2,8 1,3 1,1 Volda 45,4 9,1 4,1 3,7 Ørsta 44,9 9,0 4,0 3,6 Ørskog 9,5 1,9 0,9 0,8 Norddal 11,1 2,2 1,0 0,9 Stranda 22,0 4,4 2,0 1,8 Stordal 3,8 0,8 0,3 0,3 Sykkylven 24,3 4,9 2,2 2,0 Skodje 10,3 2,1 0,9 0,8 Sula 21,5 4,3 1,9 1,7 Giske 21,4 4,3 1,9 1,7 Haram 25,3 5,1 2,3 2,0 Vestnes 23,1 4,6 2,1 1,9 Rauma 63,3 12,7 5,7 5,1 Nesset 10,8 2,2 1,0 0,9 Midsund 4,4 0,9 0,4 0,4 Sandøy 4,7 0,9 0,4 0,4 Aukra 10,6 2,1 1,0 0,9 Fræna 53,2 10,6 4,8 4,3 Eide 8,5 1,7 0,8 0,7 Averøy 20,1 4,0 1,8 1,6 Gjemnes 9,6 1,9 0,9 0,8 Tingvoll 10,6 2,1 1,0 0,9 Sunndal 34,4 6,9 3,1 2,8 Surnadal 26,8 5,4 2,4 2,2 Rindal 8,6 1,7 0,8 0,7 Halsa 5,6 1,1 0,5 0,5 Smøla 10,8 2,2 1,0 0,9 Aure 13,9 2,8 1,3 1,1 Molde 159,4 31,9 14,3 12,9 Ålesund 244,9 49,0 22,0 19,8 Kr.sund 128,9 25,8 11,6 10,4 SUM 1192,8 238,6 107,4 96,6 Tabell 5. Oversikt over sparepotensialet ved utskifting av gammal teknologi for belysning, med ny teknologi 19