Deltatt i mange kollektivutstillinger hjemme og ute, bl. a. Biennalen i Venezia 1972.



Like dokumenter
Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

mmm...med SMAK på timeplanen

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.


Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag


Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Årsplan i matematikk for 2.årssteg

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Månadsbrev for ROSA mars 2015

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Til deg som bur i fosterheim år

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kom skal vi klippe sauen

Refleksjon og skriving

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

KOMPETANSEMÅL I MATEMATIKK 1. KLASSE.

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Bilete og figurar i Word

/

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

OK, seier Hilde og låser.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Valdres vidaregåande skule

Jon Fosse. For seint. Libretto

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Psykologisk førstehjelp i skulen

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving


Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Samansette tekster og Sjanger og stil

LYS OG SYN - auget som ser. Gjennomføre forsøk med lys, syn og fargar, og beskrive og forklare resultata

Er det forskjell på ml og mg? Yrkesretting i praksis for HO

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

-planlegge og lage enkle bruksgjenstander.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Brukarrettleiing. epolitiker

Brannsår, rus eller friheit?

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Kva er økologisk matproduksjon?

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Lærerveiledning. Skulptur. Ulike uttrykk i modernismen.

Transkript:

SKULPTUR PÅ VANDRING Ein kort Nils Aas-biografi Født 1933 på Straumen, Inderøy. Død 2004 i Oslo. Statens Handverk- og kunstindustriskole 1954-58. Elev hos bilethoggar Nils Flakstad 1958-59. Statens Kunstakademi 1959-62 (Per Palle Storm). Assistent hos Arnold Haukeland 1961-64. Teiknar i Arbeiderbladet 1957-66. (Som frilans til ca 1975). Debuterte på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) 1964. Gjennombrot i 1967 då han vann tevlinga om Haakon VII-monumentet i Oslo. Separatutstillingar: Trondhjems Kunstforening 1973-75 - 87-97. Nasjonalgalleriet 1974 (teikninger). Galleri Tanum 1974. Galleri Ismene 1983-90. Kunstnerforbundet 1991. Deltatt i mange kollektivutstillinger hjemme og ute, bl. a. Biennalen i Venezia 1972. Utført ei rekkje offentlege monument, byster og utsmykkingar. Nokre av dei viktigaste monumenta: Sjømerke Sandefjord 1971, Haakon VII Oslo 1972, Henrik Ibsen Bergen 1981. Grete Waitz Oslo 1984, Kraft Arendal 1996. Arbeid av Nils Aas i Nord-Trøndelag: Sol Inderøy Samfunnshus 1965, And ved Straumbrua, Inderøy 1986, Blomsterhilsen ved Inderøy Alders- og sjukeheim 1986, Hand Namdal Sykehus, Namsos 1995, Kristofer Uppdal, - Steinkjer 1966, Bumerke Steinkjer 1980, Dynamikk HINT, Steinkjer 1991, Flamme Verdal vidaregåande skole 1988, Sol og tre, Frol videregående skole, Levanger 1975, Knute Levanger Rådhus 1987, Informasjonsbauta Falstadminnet, Levanger 1998. Relieff Falstadminnet, Levanger 1999. Utsmykking Statoil Stjørdal ca 1990. Magnar Lundemo, Meråker 1991. Representert i bl.a. Nasjonalgalleriet, Museet for Samtidskunst, Trondheim Kunstmuseum. Nils Aas Kunstverksted, reist for å ta vare på kunstnaren si gave til heimkommunen, opna på Straumen, Inderøy 3.9. 1996. Illustrert fleire bøker, formgitt frimerker, medaljar og mynter, bl.a. dagens 10- og 20-kr. Oslo Bys Kulturpris 1972, Statens Æreslønn frå 1986, Anders Jahres Kulturpris 1990, St.Olavs Orden 1990, Ingeborg og Per Palle Storms ærespris 2001.

OM SKULPTURANE Ein billedhoggar har i hovudsak tre felt å arbeide på: 1. Det offentlege monumentet. Kunstnaren kan få eit oppdrag direkte frå oppdragsgjevaren, eller han kan få oppdraget etter å ha vunne ei tevling. (Skulptur nr 1) 2. Portrettbysten. Dette er vanlegvis eit oppdrag, men det hender at kunstnaren blir så fascinert av ein person at han lagar eit portrett for sin eigen del. (Skulptur nr 2) 3. Utstillinga. Billedhoggarar stiller ikkje ut så ofte som malarar. Dei har vanlegvis hatt nok å gjere med monument og portrett. Det kan vere mange grunnar for å halde utstilling. Ønsket om sal kan vere ein grunn. Men det gir også kunstnaren høve til å eksperimentere med andre materialar og uttrykksformer enn dei han nyttar i dei andre samanhengane. (Skulptur nr 3). Utstillinga kan vere viktig for å utvikle seg vidare som kunstnar og ikkje stivne i gammal rutine. Skilnaden på malarar og billedhoggarar er ikkje så stor som før i denne samanhengen. Moderne skulptørar som t.d. Bård Breivik vekslar mellom offentlege utsmykkingsoppgåver og store utstillingar. Slike utstillingar blir gjerne bygd opp frå grunnen av, med berre nye ting laga spesielt for det spesielle utstillingsrommet. Utstillinga tenderer altså mot å bli ein installasjon. Nils Aas har vel eigentleg berre hatt ei separatutstilling av denne siste typen utstillinga Aner i Kunstnarforbundet i 1989. OM SKULPTUR TEORI OG PRAKSIS Skulptur er artikulering av masse i rommet. Skulptur tek i bruk rommet å sjå på skulptur inneber å røre seg i rommet. Retning i rommet dimensjon i høve til rommet er like viktig som forma sjølv. Vi kan dele inn praktisk skulpturarbeid i tre grunnleggjande teknikkar: Hogge, byggje, bøye/strekke. Under Hogge reknar vi all fjerning av masse alt frå motorsag til sandpapir. Under Byggje reknar vi all tilføring av masse modellering, liming, sying, sveising osb. Under Bøye/strekke reknar vi all endring av masse når vi bøyer ståltråd, bankar ståltråd flat, driv ei metallplate osb. Vi kan arbeide berre med ein teknikk, men like vanleg er kombinasjonen. Når vi modellerer i leire, må vi både leggje på ( byggje ), skrape bort ( hogge ) og endre (bøye leirpølser). SAGT OM SKULPTUR Oppfatt forma frå djupna. Gjer klart greie for dei dominerande plana. Tenk deg alle volum med retning mot deg; alt liv strøymer ut frå eit sentrum, utvidar seg innafrå og utover. (Auguste Rodin 1840-1917) Nøyaktigheit er ikkje sanning! ( L exactitude n est pas la vérité (Henri Matisse 1969 1954)

OM TEIKNINGANE Billedhoggarar er gjerne gode teiknarar. Det har samanheng med at det å teikne naturalistisk eller realistisk (sånn at det liknar) eigentleg handlar om å forklare form forklare møtet mellom formar (der nesa skyt ut av panna, der nasevingane skyt ut av naseryggen) og forklare korleis former snur (på nasetippen). To av teikningane er knytt til arbeidet med skulptur, ei er ei typisk avisteikning ein rask og spontan skisse, der det typiske i ein situasjon blir notert ned, og ei teikning er ein gjennomarbeidd illustrasjon og viser teikninga som sjølvstendig kunstform. SKULPTUR NR. 1: KRAFT. MODELL I STÅL, 1995 Då Arendal Fossekompagni feira 100-årsjubileum i 1996, ville selskapet gi ei gåve til Arendal kommune ein skulptur som skulle stå på torget i byen. Nils Aas vart beden om å lage skulpturen, og dette er modellen i målestokk 1: 10. Det er vanleg å lage ein slik modell, både for at kunstnaren skal vurdere sine eigne idear og for at oppdragsgjevaren skal godkjenne den. Skulpturen er nonfigurativ den er ikkje ei avbilding av noko frå naturen den førestiller ingen ting. Men Nils Aas har tatt i bruk to former han veldig ofte tyr til søyla og sirkelen. (jfr teikning 3 skisse til Haakon VII-monumentet i Oslo.) Pilaren, det evige tema i skulptur og arkitektur. Pilaren som gir en visjon av skjønnhet, styrke og form Pilaren har alltid fascinert meg og den har i evinnelege tider båret taket over menneskenes hoder.. seier han. Og sirkelen er gjerne eit symbol på det fullkomne. Han har tatt i bruk desse formene ei rekkje gongar både utafor Verdal vidaregåande skole og utafor Steinkjer Rådhus står det skulpturar som byggjer på kombinasjonar av søyla og sirkelen. (Vi kan og nemne dei figurative søylene Haakon VII, Den siste viking, Arbeiderkvinnen med fleire.). Vi kan sjå korleis skulpturen arbeider i rommet og skaper ei rørsle for auget. Vi får lyst til å gå rundt skulpturen. Og vi kan førestille oss korleis skulpturen påverkar vår oppleving av torget der skulpturen står. Ikkje berre form, men dimensjonering og plassering er viktige moment for ein billedhoggar som skal lage eit monument for ein offentleg plass anten den er figurativ eller nonfigurativ. Nils Aas arbeider både figurativt og nonfigurativt. Som 21-åring begynte han på Statens Handverk- og Kunstindustriskole i Oslo. På lina for reklame og bokkunst var studiet av skrift ein viktig del av pensum. Og det var gjennom studiet av skrift at han fekk auga opp for den abstrakte kunsten den som ikkje liknar noko, men som berre er vakre, spennande, dramatiske, mjuke, harde, aggressive, forsiktige osv former. For når du skal forme ein A, må du og gjere val. Du må bestemme høgda i høve til breidda, tjukna på beina i høve til avstanden mellom dei, du må velje vinkelen i toppen osv. TIL SAMTALE Går det an å sjå nokon samanheng mellom tittel, form (uttrykk) og den funksjonen skulpturen har som gåve frå Arendal Fossekompagni? Kjenner de andre skulpturar som minner mykje om Kraft? Kjenner de andre skulpturar (av Nils Aas) som er ein kombinasjon av søyle og sirkel? Det ser ut til at Nils Aas ofte vel abstrakte løysingar når det er tale om slike felles symbol, jfr Verdal vg, Inderøy samfunnshus og Steinkjer rådhus. Korfor gjer han det?

Sjå på skrift. Kva for skrifttypar har elevane på t-skjorte og genser? Kva for andre skrifttypar kjenner elevane (som fontar i pc-en)? Dette er ei skrift som heiter Garamond. Kven var Garamond? Garamond og Times New Roman er i slekt, men det finst måtar å sjå skilnad. Korleis? KUNSTHISTORISKE REFERANSAR Antikk skrift i det gamle Roma. Gotisk skrift. Renessanseskrift. I renessansen var omgrepet dekorum viktig. Omsett til dagleg norsk det som passer seg. Har Nils Aas sitt val av ei abstrakt løysing i Arendal noko med hans sans for dekorum å gjere? FORLAG TIL PRAKTISKE OPPGÅVER SKULPTUR Oppgåve: Geometrisk form - frå bokstav til skulptur. Ta utgangspunkt i ein bokstav med streng geometrisk karakter. Mens bokstaven er todimensjonal, skal skulpturen vere tredimensjonal. Skulptøren skal leie blikket rundt skulpturen. (Korleis gjer Nils Aas det i sine skulpturar?) Å sjå ein skulptur inneber alltid (?) at ein må røre seg i rommet. Derfor må ein gjere nokre endringar ta bort, leggje til eller endre bokstavforma for å kome fram til ei tredimensjonal form. Du må skape lyst til å dreie skulpturen rundt eller til å gå rundt skulpturen. Materialet kan vere ståltråd (jarmbindartråd) med gipsbandasjer, isopor, tre eller papp. Studer korleis skulpturane tek i bruk rommet ikring seg ein H som ligg på rygg har eit anna uttrykk enn ein H som står på begge beina, som igjen har eit anna uttrykk enn ein H som står på eitt bein. Sjølv om forma er den same, tek skulpturen i bruk rommet på andre måtar. Tek dei i bruk rom av forskjellig storleik også? Lag enkle pappmodellar av ulike byrom for å studere korleis dei ulike skulpturane ter seg i ein høveleg skala. Lag evt pappmodellane først, slik at skulpturen blir eit svar på ein bestemt romsituasjon. TEIKNING/SKRIFT Studer forholdet mellom skrift og materiale. Skal du hogge skrift i stein er visse ting vanskelegare enn andre. Å skjære bokstavar i gips liknar litt på å hogge bokstavar i marmor, slik dei gamle romarane gjorde. Støyp gipsplater ca 20x30x5 cm. Etter ei veke er dei fine og harde å skjære i. Velegna til felles arbeid. Klassebilde på ein annan måte? Skriv med tusj og pensel. Skriv med penn og pensel. Lag penna av ein kvist. Surr saman to blyantar og skriv med dobbel line. Lag kalligrafiske/typografiske bilde. (Jfr Arnold Dahlslett). Fyll formatet med skrift eller skriftliknande strukturar. Varier farge og storleik. Varier retning. Gjennom slike øvingar kan elevane oppdage at sjølve lina/ein vev av liner kan vere estetisk interessant utan å avbilde noko. Arbeid med ein eller to store bokstavformer. Klipp ut bokstavane i papp. Klipp i stykke bokstavane (2-7 stykke) og lag komposisjonar av bitane. Ta omsyn til det same som når ein lagar skrift (jfr ovanfor). Start med kvitt + ein farge. Før inn ein farge til etter kvart.

SKULPTUR NR 2: PORTRETTBYSTE AV PIANISTEN ARTHUR RUBINSTEIN. BRONSE, 1966. Bysten er først modellert i leire. Deretter har Nils Aas laga ei avstøyping i gips, som han har sendt til bronsestøyperiet. Der har dei laga ei form i gips, med eit tynt lag av voks på innsida, med ei kjerne av støypesand inni. Når heile greia blir varma opp, smeltar voksen og renn ut underst, og flytande bronse fyller holrommet der voksen var. Bronse er ei legering av tinn og koppar (og litt sink). Bronse kan polerast så den skin som gull, eller patinerast så den er nesten svart. Bronseskulpturar som står ute kan bli grønne av eir. Då Nils Aas laga denne bysten, var han avisteiknar i Arbeiderbladet. Rubinstein heldt konsert i Universitetets Aula i Oslo. Du skjønner, eg sat så fint ; har Nils Aas fortald: eg såg han så godt, og så begynte det å klø i fingrane. Då konserten var over, for eg heim på verkstedet, tok eg fram leira, og bysten var gjort på eit par timar. Vi kan sjå av uttrykket i skulpturen at Nils Aas har modellert raskt for å fange og halde fast på eit inntrykk, og med noen teikningar som støtte for minnet. Han arbeider aldri med modellen framfor seg når han modellerer i leire. Han teiknar og teiknar til han syns han kan ansiktstrekka så går han heim og modellerer. Teikning nr 3 er ei slik teikning som han har gjort i samband med eit portrettoppdrag. TIL SAMTALE Korleis kan vi sjå at Nils Aas har jobba raskt med dette portrettet? Kan vi sjå kva slags reiskap han har brukt? Kan vi finne fingeravtrykk? Kva er det som er viktig for at eit portrett skal likne? Korleis er auge og munn utforma? Prøv å eksperimentere med lyssettinga av skulpturen. Kan vi få uttrykket til å endre seg? Diskuter ulike portrettypar. Kva slags portrett har vi vanlege menneske av oss sjølve heime? Kva slags portrett heng på Samfunnshuset? Kor finn vi portrett måla i olje? Kven får ein byste i bronse av seg sjølv? KUNSTHISTORISKE REFERANSAR Impresjonistane arbeidde med å fange inntrykket korleis sollyset blir reflektert frå objekta og treff auget. For impresjonistane var fargen det viktigaste. Korleis kan ein billedhoggar arbeide impresjonistisk? August Rodin var samtidig med impresjonistane. Han begynte å plassere små klattar av leire ganske vilkårleg på overflata berre for at det skulle danne seg ei veksling mellom lys og skugge. Karikaturteiknaren Honore Daumier fekk ikkje lov å teikne i den franske nasjonalforsamlinga, men han modellerte små byster av dei deputerte (på minnet) som han seinare brukte som modellar for karikaturane sine. Samanlikn bysten av Rubinstein med bysten av Ole Richter i Samfunnshuset. Kven var Ole Richter? Kven har laga bysten av Richter? Korfor er det så stor skilnad mellom dei to bystene?

FORSLAG TIL PRAKTISKE OPPGÅVER BRUK SKULPTUREN SOM MODELL Prøv gjerne fleire teknikkar. Det er kan hende naturleg å begynne med blyant, men for å gi att den karakteristiske, impresjonistiske overflata med store sprang i lys/skugge kan det vere fint å prøve med lavering: Bland tusj eller blekk (eller vassfarge) i tre valørar ganske lyst middels ganske mørkt. Bruk pensel og arbeid frå lyst til mørkt samtidig som du arbeider frå det store omrisset mot stadig mindre former. Det går også an å arbeide med fargetonar: Varmt nøytralt grått og kaldt. Arbeid frå varmt til kaldt. MODELLER PORTRETTBYSTER I LEIRE Studer nøye hodeforma kraniet. Vi tar de faste dele først, dr. Ibsen, sa Gustav Vigeland då han skulle lage ei byste av gamle, forfengelege Henrik Ibsen som ikkje hadde kjemma seg. Studer korleis auget er ei kule som ligg innunder augnelokka. Hugs at vi ser rett fram. Studer korleis leppene følgjer forma på over- og underkjeven. Hugs teikninga vi får frå tannlegen. Vi smiler faktisk frå auge til auge. Prøv å modeller raskt gjennom å legge på leire. Skulptur er eigentleg enkelt, seier Louis Slobodkin: Du begynner med store pølser, held fram med litt mindre pølser og avsluttar med bitte små pølser. Vatn er forbode (det blir berre sleipt) og anna reiskap enn fingrane er ikkje naudsynt. SKULPTUR NR 3: SMÅFUGL PÅ AMBOLT, 1980 Nils Aas hadde eit heilt spesielt forhold til tre. Det var favorittmaterialet hans, og han tok i bruk tre på alle mulege måtar. Men han har lang røynsle: Eg vaks opp i spondungen på verkstedet hans far. Ivar Aas hadde snekkarverkstad i Øvergata på Straumen i tillegg til at han var sløydlærar på Sund. Nils Aas skar flotte trefigurar allereie som ung gut. Han kan nytte tre som materiale både i store (innandørs) utsmykkingsoppgåver og - som her i mindre, frie skulpturar. TIL SAMTALE Kunstnarar arbeider ofte med kontrastpar i verka sine. (lyst/mørkt varme/kalde fargar stort/lite godt/vondt kjærleik/hat osv). Kva slags kontrastpar kan ein finne i denne skulpturen? På eitt vis er kanskje alle kunstverk eit slags sjølvportrett. I så fall: kven er Nils Aas? Eller: Alle kunstverk handlar på eitt vis om kva kunst er. I så fall: Kva fortel denne skulpturen om kva kunst er? KUNSTHISTORISKE REFERANSAR Reiskap blir ikkje rekna som kunst, knapt nok som design, men gjennom lang tid har ulike reiskapar funne ei form som vi godt kan kalle vakker. Eller kan vi det? Odd Brochmann skriv om dette i boka Om stygt og pent. Har ambolten ei vakker form? Blir forma meir eller mindre vakker ved å bli brukt? Korfor varierer forma på møblar (sittereiskap) så mykje meir enn forma på økseskaft?

FORSLAG TIL PRAKTISKE OPPGÅVER Treskulptur: Spikk ei organisk form (med inspirasjon frå knoklar/bladformer) i rå or. Maksimal høgd: 10 cm. Sett skulpturane inn i pappmodell av byrom i målestokk 1:50, slik at skulpturane står fram som 5 m høge. Spikk eit egg av ein passe tjukk pinne. Egget er fint som nøkkelring. Nils Aas sin skulptur er på eitt vis ein modell av ein bruksting - ein ambolt. Ein barkbåt er ein modell av ein båt. Enn om klassen lagar ein armada av store og små barkbåtar? Kor kan dei segle? Leikebilar er også modellar av bruksting. Det er uendelege mulegheitar for å lage små skulpturar/skulpturmiljø med utgangspunkt i kjende ting frå kvardagen. FIRE TEIKNINGAR Kunstnarar teiknar av ulike grunnar og på ulike måtar. Det er ikkje alltid snakk om å lage ei fin teikning som skal visast fram til andre. A: Denne teikninga er laga ca 1970. I 1967 vann Nils Aas tevlinga om eit monument over kong Haakon VII for Oslo by. Vinnarutkastet viste ein bronseskulptur av kong Haakon ståande inne i ein stor sirkel av stål. Og det var denne sirkelen som gjorde at han vann. Det var det beste svaret i eit vanskeleg uterom (jfr ovanfor). Men til slutt fann han ut at han måtte lage Kongen annleis mykje tynnare og meir abstrahert/forenkla. Og han fekk lov å plassere monumentet på ein annan plass enn den som var bestemt i tevlinga. Teikningane viser korleis han slit med å finne ei ny form og ein ny dimensjon for sirkelen i den nye situasjonen. Han ser at han ikkje kan ha den same sirkelen, men det er vanskeleg å sleppe ideen om sirkelen. Det var trass alt den som gjorde at han vann tevlinga. Så sirkelen vart mindre og mindre og til slutt vart den heilt borte. Men før han slepte sirkelen, laga Nils Aas ein pappmodell i målestokk1:1 som han sette opp på plassen for å sjå korleis det ville bli. Denne teikninga viser altså at det å teikne kan vere ein måte å tenkje på ein måte å finne løysinga på eit problem. B: Dette er ei typisk avisteikning frå ca 1960-64. Men det finst mange typar teikningar i avisene. Dette er ei reportasjeteikning. Nils Aas og Tonje Strøm, som han var gift med, var fleire gonger på lange reportasjereiser og sendte illustrerte reisebrev heim. Denne karen har truleg Nils Aas sett i Italia kan hende i Venezia. Nils Aas har nok vore på fisketorget i mange timar og tegna mange raske skisser av forskjellige typar. Det er nok litt av vitsen at teikninga skal vere litt røff og rufset, vi skal sjå at han har tegna raskt. Då får vi ei kjensle av at dette er tegna på ein plass og i ein situasjon der det er liv og fart der det skjer masse ting. Men en sånn arbeidsmåte fører til mykje svinn det er ikkje sikkert at ein heil dags arbeid resulterer i meir enn ei god teikning. Og det er nok. Reint teikneteknisk kan vi leggje merke til korleis Nils Aas utnyttar heile skalaen frå lyst til mørkt han har sannsynlegvis brukt både ein HB- blyant og ein 4B eller 5B blyant. C: Nils Aas har sin spesielle måte å arbeide på når han modellerer portrett (jfr ovanfor). Teikninga av Erik Bye er ein studie til bruk i modelleringa. Gjennom teikninga blir Nils Aas klår over dei karakteristiske trekka i modellen. Her kan det sjå ut som om Erik Bye har posert, men vanlegvis vil Nils Aas helst teikne folk mens dei held på med noko. Når dei sitt modell så blir dei så daude i trynet, seier han, dei liknar ikkje seg sjølv då. Nei, eg følgjer med dei på gata, hører på dei når dei pratar og prøver å gjere meg opp ei meining om korleis dei er både utvendig og innvendig. Når eg

syns eg kjenner dei, begynner eg å teikne. Og når eg har tegna nok, går e g heim og modellerer. Legg merke til korleis han noterer stikkord på teikninga, og korleis han teiknar fleire gongar på same papiret. Bysten av Erik Bye står utafor NRK-huset på Marienlyst. Den vart avduka i 1992, så teikninga er nok laga eit år eller to tidlegare. På granittsokkelen er det ei kompassrose. Kan hende viser ordet måken til ein ide som Nils Aas ikkje brukte? D: Nils Aas har tegna jekta Pauline etter eit fotografi, og med tanke på å produsere glasskunst av det. Teikninga er gjennomførd og detaljrik den skal tåle å stå aleine, som eit kunstverk. Den er laga i 1998. TIL SAMTALE Er vi flinke nok til å sjå på teikninga som ein måte å prøve seg fram på? Eller er vi for opptekne av å teikne fint av at andre skal synast at vi teiknar fint? KUNSTHISTORISKE REFERANSAR På slutten av førre hundreåret begynte mange å setje meir pris på skissa enn på det ferdige kunstverket. Skissene til Hans Gude vart sett på som friske og livlege direkte uttrykk for det han hadde sett i det norske høgfjellet, mens folk begynte å synes at dei ferdige maleria var overarbeidde og litt for glatte. I skissene kom kunstnarane nærast til å uttrykkje ideane sine, meinte folk. Og ettersom kunsten vart meir og meir Ide mindre og mindre Handverk auka skissa i verdi. Korleis er det i dag FORLAG TIL PRAKTISKE OPPGÅVER Tegn kvar dag! Vi skal bli flinke til å teikne på same måte som vi er flinke til å ta tran eller pusse tenner. Vi skal gjere det kvar dag - ikkje for andre sin del, men fordi det er sunt. Dessutan er det meir moro enn å ta tran og pusse tenner!