Endring av reguleringsplan for Farnes Planutgreiing Balestrand 21.03.2013
1. Formål 1.1 Føremål med planarbeidet Planarbeidet tek utgangspunkt i gjeldande Reguleringsplan for Farnes, utarbeidd av Statens vegvesen og vedteke av Balestrand kommunestyre 14.03.2007. Føremålet med dette reguleringsplanarbeidet er: Omregulering av delar av friområde SpFr1 til hytteområde, og slik at dette inngår i område Fb1. Ein liten reduksjon av område Fb1 mot nord slik at området ikkje kjem inn i bekkefaret som er vurdert som rasfarleg i rasrapport frå Cowi AS 11.08.2011. Føresegnene for Fb1 er litt justert og vil gjelde for det utvida hytteområdet. Omlegging av tilkomstvegen til Fb1 slik at denne ikkje kryssar bekkefaret som er vurdert som rasfarleg i rasrapport frå Cowi AS 11.08.2011. Omsynssone for Fareområde ras er lagt inn i samsvar med rasrapport frå Cowi AS 11.08.2011. 1.2 Planområdet Planområdet er i på Farnes i Balestrand kommune. 1
2. Planprosess og medverknad 2.1 Varsel om oppstart Planarbeidet har vore handsama som sak i Balestrand kommune, formannskapet i sak 71/12 der det vart gjort vedtak om at planarbeidet kunne bli sett i gang som omsøkt. Varsel om oppstart er sendt planstyremakter og naboar i brev 31.01.2013 og kunngjort med annonse i Sogn Avis og på kommunen si heimeside. 2.2 Innkomne merknader ved planoppstart Merknadane er vedlagt, og kort opp summerte her: NVE Har ingen merknad til endringa. Ber om at faresone for skred vert vist på plankartet i samsvar med rasrapport frå Cowi AS og at området får tilhøyrande føresegn i planen som sikrar akseptabel tryggleik. Fylkesmannen, miljøvernavdelinga, landbruksavdelinga og beredskapsavdelinga. Meiner det er uheldig å utvide byggeområde inn i friområdet. Ber om at verkandene planendringa vil få for mellomanna naturmiljø og landskap vert vurdert i planomtalen jf. Naturmangfaldslova 7 og 8-12. Har ikkje landbruksfaglege merknader. Påpeiker at kommunen har eit sjølvstendig ansvar til å vurdere samfunnstryggleiken i reguleringsplanar og at det er krav om ROS-analyse. 3. Planløysing 3.1 Situasjonen i dag I gjeldande reguleringsplan for Farnes er det 2 område for hytter med eit friområde mellom. Det nedste hytteomådet Fb2 er berre ei rekke med 5 hyttetomter (2,6 da), medan feltet oppom Fb1 er noko større (14,3 da). Mellom desse er eit smalt friområde SpFr 1 (7,5 da). 2
Planområdet er markert i gjeldande reguleringsplan. Omfattar i hovudsak område SpFr 1 Intensjonen med reguleringsplan for Farnes var i si tid å legge til rette for rasteplass i samband med Nasjonal turistveg over Gaularfjellet. I denne samanhengen var det sett som viktig å ta vare på kulturlandsakpet og ha minst mogeleg utbygging oppom rasteplassen. Dette delprosjektet vert i følgje Nasjonal turistveg ikkje gjennomført, og føresetnadene for å utnytte dette området vert med dette noko endra. 3
3.2 Ny planløysing Føreslegen planløysing legg opp til å om regulere friområdet SpFr 1 slik at det meste av dette inngår i hytteområdet Fb1. Hytteområde Fb1 vert samstundes litt avgrensa mot bekkefaret i nord. Det utvida hytteområdet Fb1 vert etter dette ca. 20 da. Vegen inn i hytteområde Fb1 vert lagt om litt for å unngå kryssing av bekkefar. Dette i samråd med rasrapport frå Cowi AS 11.08.2011. Området ved bekkefaret er merkt med omsynssone «Fareområde ras» i samsvar med merknad frå NVE til oppstartvarsel. Det vert vist til vedlagt plankart. 4. Vurdering av planforslaget 4.1 Planfaglege vurderingar Potensielle interesser i området I samband med arbeidet med kommuneplanen vart det gjort ei rad av tematiske utgreiingar. Vurderingar av potensielle interesser i området bygger i stor grad på desse utgreiingane: Kulturminne: Det er ingen kjende kulturminne i området. Ingen interessekonflikt Kjelde: Temakart for Freda kulturminne i Balestrand kommune, 25.03.2009 Basert på registreringar frå Askeladden database for kulturminne til riksantikvaren. Biologisk mangfald, vilt Det er ingen kjende kjente biologiske lokaltitetar/naturtypar med verneverdi eller raudlisteartar som er registrert/kartlagt i området. Tiltaket er også vurdert i høve Naturmangfaldslova 8-12. Ut i frå tiltakets art og omfang er det ikkje krav nye faglege utgreiingar. Ingen interessekonflikt. Kjelde: Naturbasen på internett (http:/dnweb5.dirnat.no/nbinnsyn) Biologisk mangfald i Balestrand kommune, miljøfaglig Utredning, rapport 2003 EDNA-registeret, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Friluftsliv Er eit friområde i gjeldande reguleringsplan. Intensjonen med området i planen var å ha avgrensa med utbygging ned mot planlagt rasteplass. Det var ikkje føresett særskild tilrettelegging til friluftsføremål. Området i dag heller ikkje nytta til føremålet. Der er mykje areal rundt hytteområdet av ordinære LNFområde som vil kunne bli nytta til ordinært friluftsføremål. Ei omdisponering til byggeføremål vil difor få liten praktisk betydning. Kjelde: Vurdering av LNF-områda i Balestrand kommune, 25.11.2008 FRIDA-registeret, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Kommunedelplan for idrett og friluftsliv og fysisk aktivitet, 15.12.2011 4
Landbruk Er eit friområde i gjeldande reguleringsplan. Ingen interessekonflikt. Jf uttale frå Fylkesmannen til oppstart av planarbeidet. Kjelde: Vurdering av LNF-områda i Balestrand kommune, 25.11.2008 Landskap Ikkje vurdert som viktig kulturlandskapsområde eller som viktig landskapsrom. Intensjonen med området i planen var å ha avgrensa med utbygging ned mot planlagt rasteplass. Hyttene i område Fb2 som ligg lengre ned vil i stor grad vere dei som vert synlege medan Fb1 vil ligge i skogterreng i bakkant av desse og ikkje bety ein stor skilnad i landskapsbiletet. Liten interessekonflikt. Kjelde: Vurdering av LNF-områda i Balestrand kommune, 25.11.2008 Strandsoneanalyse, 25.11.2008 Avkjørsle, veg Området ligg utanfor byggegrense til riksveg. Eksisterande avkjørsle er dimensjonert for å kunne handtere ekstra trafikk til området. Ingen interessekonflikt. Kjelde: Reguleringsplan for Farnes Strandsone Tiltaket ligg delvis innanfor 100-metersbeltet frå strandsone. Det er regulert hytteområde og riksveg mellom dette arealet og strand. Ingen interessekonflikt. Kjelde: Kommuneplan, arealdelen 25.03.2010 Strandsoneanalyse, 25.11.2008 3.2 Vurderingar i høve Naturmangfaldslova NML 8 om kunnskapsgrunnlaget Det er innhenta kunnskap om naturmiljø i tilgjengelege kjelder. Det er ikkje funn av raudlista artar i planområdet. Det er ikkje utvalde naturtypar eller prioriterte artar i nærområdet til vegen. Vi meiner kunnskapsgrunnlaget vi har brukt og lagt til grunn står i rimeleg forhold til faren for skade på naturmangfaldet. NML 9 om føre-var-prinsippet Vi meiner kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg og at faren for vesentleg skade på naturmiljøet ikkje er til stades i denne planen. NML 10 om samla belastning Samla belastning for økosystemet vert ikkje vurdert bli endra i negativ retning som følgje av tiltaket. 5
4.2 ROS-analyse I samsvar med plan- og bygningslova skal det utførast ROS-analyse (risiko- og sårbarhetsanalyse) av tiltaka i ein reguleringsplan. Målet er å fremje samfunnstryggleik ved å førebygge risiko for skade og tap av liv. Det skal analyserast innanfor områda naturrisiko (t.d. ras), verksemdsrisiko (t.d. høgspentanlegg, masseuttak), sårbare objekt og beredskap. For denne planen er ROS-analyse gjort ved vurdering av sårbare punkt og opplisting av desse i tabellen nedanfor. Analysen er gjort av Balestrand kommune, avdeling for tekniske tenester Naturrisiko Rasfare Problemstillingar/vurderingar Det er utarbeida ein skredrapport frå Cowi AS 11.08.2011 som vurderer steinskred, fjellskred, steinsprang, jordskred, snøskred, snøsørpeskred, flomskred og flomfare. Det er gjort ein samla vurdering og konklusjon: NVE har gjeve uttalt i samband med oppstart av planarbeidet at faresone jf vedlegg 4 vert vist som omsynssone på plankart og ha tilhøyrande føresegner. I samsvar med konklusjonen frå rasvurderinga til Cowi AS og uttalen til NVE er planområde for hytter Fb1 trekt utom omsynssone for ras. Vegen er også trekt mot sør. Då vegen inn til Fb 2 allereie er bygd og kjem i kant mot bekkefaret vert føresett sikringstiltak i samband med svingen nærast elveløpet for at flaumskred ikkje skal komme inn på vegen. 6
Grunntilhøve Ekstremver Havnivå Andre naturgjevne farar Det er morenemassar i området, Det vert vurdert so i utgangspunktet god byggegrunn. Vurderingane må følgjast opp ved den einskilde utbygging. Faren knyter seg til flaum og flaumskred i i Holtagjelet, jf. vurdering av rasfare. Førebyggande tiltak vert teke inn i planen. Området ligg 20-30 meter over havet. Ingen fareproblematikk. Ein kan ikkje sjå at området vil vere særskild utsett for fare knytt til eller naturgjevne problemstillingar som ekstrem vind andre klimabaserte farar. Verksemdsrisiko Trafikkfare i byggeperiode Ureining Sårbare objekt Vassdrag Kulturminne Beredskap Utrykking redningsetatar Problemstillingar/vurderingar Vert vurdert til å vere liten og moderat i samband med bygging av tilkomstveg og utbygging av dei einskilde tomtene. Det vi i samband med bygging av hyttene bli stilt krav til avløpsløysing frå hyttene. Problemstillingar/vurderingar Ingen viktige vassdrag inntil vassdraget. Det er ikkje kjente kulturminne i planområdet, og ingen venta konflikt med automatisk freda kulturminne. Utbyggar må vere generelt merksam på det under utbygging, jf krav i Kulturminnelova. Problemstillingar/vurderingar God tilkomst, stabil straumforsyning og bra teledekning. Ingen særskilde problemstillingar. Samla vert vurdert at risiko er akseptabel føresett tilpassingar for ras og skredfare. Dette er teke inn i planforslaget. 7
Vedtekter Endringar som vert innarbeidd i vedtektene i planen: Punkt 3.3 Fritidsbebyggelse, hytter vert justert til Område Fb1 Fb8 er sett av til hytteområde. Utnyttingsgrad for kvart område er påført plankartet. I samband med utbygging av eit hytteområde skal det leggast fram ein situasjonsplan for det aktuelle området som viser samla utbygging og tomtedeling av heile området. Det skal leggast vekt på å oppnå eit heilskapleg preg på området. For Fb1 skal traktorvegen som går gjennom behaldast eller tilpassast slik at gjennomkøyring ikkje vert hindra Ved byggemelding skal det dokumenterast med terrengsnitt og fotomontasje korleis hyttene blir liggande i terrenget. Bygget skal ha ei etasjehøgd, men det kan etablerast hems i tillegg. Den enkelte hytta skal vere godt tilpassa tomta den står på. Det skal leggast vekt på god kontakt mellom innvendig areal og uteopphaldsareal, og uteplassar skal innpassast i terrenget på ein skånsam måte. Grunnmurar og eventuelle terrengmurar bør utførast i naturstein. Det skal generelt sett veljast kledning og taktekking i avdempa fargar. Maksimal grunnflate på kvar hytte skal bestemmast av kommunen i handsaming av byggemelding. I hytteområde mot sjøen skal det opparbeidast ein sjøfront med god lineføring, høg grad av presisjon og kvalitet. Steinfylling som avslutning mot sjøen er ikkje tillatt. Det er krav om at rasvurdering må bli utført for områda Fb3, Fb6, Fb7 og Fb8. Løyve til bygging i desse områda kan først bli gitt etter at områda er klarerte som rassikre. Det vert teke inn ny føresegn til Område med omsynssone etter PBL 12 6 8.8 Omsynssone rasfare Det er avsett omsynssone for rasfare kring bekkefaret frå Holtagjelet. Innafor området til denne sona skal det ikkje oppførast nye bygg eller delast frå tomter til bruk til bustad eller fritidsbustad. Vegar som kjem inn i sona skal så langt som mogeleg sikrast slik at eventuelle ras ikkje kjem inn i vegbana. Plankart Justert plankart er lagt ved. 8
Vedlegg Brev frå NVE, 07.02.2013 Brev frå Fylkesmannen, miljøvernavdelinga, 01.03.2013 9
10
11
12