PLANPROGRAM KOMMUNEPLANENS SAMFUNNSDEL FOR TOKKE KOMMUNE 2014-2018 Vedteke i Tokke kommunestyre 04.03.2014, sak 14/ 7
1. FORORD... 3 2. INNLEIING... 3 2.1 Om kommuneplanen sin samfunnsdel... 3 3. OVERORDNA FØRINGAR... 4 3.1 Nasjonale forventningar... 4 3.2 Lokale føringar... 5 4. UTVIKLINGSTREKK, MOGLEGHEITAR OG UTFORDRINGAR I TOKKE KOMMUNE. 5 5. ORGANISERING... 6 6. TEMA I PLANARBEID... 6 6.1 Visjon... 6 6.2 Folketalsutvikling, busetjing og attraktivitet... 7 6.3 Næringsutvikling og sysselsetjing... 8 6.4 Folkehelse, kultur og fritid... 10 6.5 Oppvekst... 11 6.6 Helse, omsorg og samhandlingsreform... 12 6.7 Samfunnstryggleik og beredskap... 13 6.8 Tokke kommune som organisasjon... 13 6.9 Samferdsel... 14 7. OPPLEGG FOR PROSESS OG MEDVERKNAD... 15 Framdriftsplan - kommuneplanen sin samfunnsdel:... 15 2
1. FORORD Målet med planprogram er å få ein oversikt over gjennomføringa av arbeid med kommuneplan. Kommuneplanen skal gjera greie for ynskt utvikling og prioritera områder i åra som kjem, med grunnlag i utfordringar og moglegheiter som finst per idag. Den skal fortelje korleis vi meiner at vi kan skape eit best mogeleg samfunn og korleis alle kommunen sine innbyggjarar kan få eit best mogeleg liv både i vår tid og i kommande generasjonar. Sagt på ei annen måte: Kommuneplanen sin samfunnsdel er en langsiktig plan, med brei samfunnsmessig tilnærming, som konkretiserer politiske mål og visjonar for utviklinga av Tokke kommune. Planen skal trekke opp visjonar og mål for kommunen både som samfunn, som myndigheit og som tenesteytar. 2. INNLEIING 2.1 Om kommuneplanen sin samfunnsdel Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument som gjev rammer for utvikling av kommunesamfunnet og forvaltning av arealressursane. Kommuneplanen skal innehalde ein langsiktig samfunnsdel med handlingsdel (reviderast årleg i saman med budsjett) og ein arealdel. Plansystemet som er regulert i Plan- og bygningslova, og kan på ein enkel måte framstillast slik det går fram av figuren: Grunnlaget for arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel er trekt ut frå lova nedanfor. (PBL, 2008) 3
11-1. Kommuneplan Kommunen skal ha en samlet kommuneplan som omfatter samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgaver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgaver i kommunen. Den skal ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og legge retningslinjer og pålegg fra statlige og regionale myndigheter til grunn. 11-2. Kommuneplanens samfunnsdel Kommuneplanens samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringer, mål og strategier for kommunesamfunnet som helhet og kommunen som organisasjon. Den bør inneholde en beskrivelse og vurdering av alternative strategier for utviklingen i kommunen. Kommuneplanens samfunnsdel skal være grunnlag for sektorenes planer og virksomhet i kommunen. Den skal gi retningslinjer for hvordan kommunens egne mål og strategier skal gjennomføres i kommunal virksomhet og ved medvirkning fra andre offentlige organer og private. Kommunedelplaner for temaer eller virksomhetsområder skal ha en handlingsdel som angir hvordan planen skal følges opp de fire påfølgende år eller mer. Handlingsdelen skal revideres årlig. For utarbeiding og vedtak av kommuneplanens samfunnsdel gjelder 11-12 til 11-15. 11-3. Virkningen av kommuneplanens samfunnsdel Kommuneplanens samfunnsdel skal legges til grunn for kommunens egen virksomhet og for statens og regionale myndigheters virksomhet i kommunen. Kommuneplanens handlingsdel gir grunnlag for kommunens prioritering av ressurser, planleggings- og samarbeidsoppgaver og konkretiserer tiltakene innenfor kommunens økonomiske rammer. 3. OVERORDNA FØRINGAR 3.1 Nasjonale forventningar Etter ny Plan og bygningslov av 2008 er det krav om at kommunen kvart 4. år skal utarbeide eit dokument med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Gjeldande dokument vart vedteke ved kongeleg resolusjon 24.06.2011 og har føringar for følgjande område: - Klima og energi - By - og tettstadutvikling - Samferdsel og infrastruktur - Verdiskaping og næringsutvikling - Natur, kulturmiljø og landskap - Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø Heile dokumentet kan lesast her: http://www.regjeringen.no/pages/16723462/t-1497.pdf 4
I arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel skal dette leggast til grunn for dei delane som er relevant for Tokke samfunnet og kommunen sin organisasjon. I Tokke kommune sin vedtekne Planstrategi (2013) er dei overordna, nasjonale føringane omtala nærare. 3.2 Lokale føringar Planstrategi for Tokke kommune vart vedteken 12.02.2013. Rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel er i planstrategien prioritert i 2013. Gjeldande samfunnsdel er frå 1991. I vedtaket frå kommunestyret heiter det: I samband med ny samfunnsdel skal næringsutvikling og attraktive bustadtomter ha fyrste prioritet. I vedteken planstrategi ligg det føre mykje bakgrunnsinformasjon og faktagrunnlag for Tokke samfunnet, som kan nyttast vidare i arbeidet med samfunnsdelen. 4. UTVIKLINGSTREKK, MOGLEGHEITAR OG UTFORDRINGAR I TOKKE KOMMUNE I planstrategien er det gjort ein gjennomgang av utfordringar, med grunnlag i bakgrunnsinformasjon og faktagrunnlag for Tokke kommune. I samfunnsdelen er det i tillegg viktig å greie ut kva for sterke sider og moglegheitar Tokke kommune har for å løyse utfordringane i framtida, samt kva for svake sider og truslar vi bør og kan redusere. For å få eit godt nok bakgrunnsmateriale er det foreslått å gjennomføre ein innbyggjarundersøking. Det er i tillegg lagt ved ei statistikksamling for Tokke kommune 5
5. ORGANISERING Organisering av planprosessen : Prosjekteigar: Planutval: Styringsgruppe: Arbeidsgruppe: Prosjektansvarleg: Prosjektleiar: Kommunestyret Formannskapet Rådmannens leiargruppe Gruppe etter tema Rådmannen Helsesjef og Plan og næringssjef 6. TEMA I PLANARBEID 6.1 Visjon Tokke kommune har ikkje nokon visjon per i dag. Ei visjon kan defineras som eit bilete av ein framtidig, ynskt tilstand. For å laga eit grunnlag for drøftingar om utvikling for Tokke samfunnet, er det rett å laga ein visjon for Tokke kommune. Identitet er viktig for å skapa engasjement og tydeleggjere mål. Visjonen kan vere ei ledestjerne for kommunen sitt arbeid og være med å definere mål for kommunen, samt styrke identiteten til Tokke innbyggjarane. Treng Tokke kommune ein Visjon? Kva er viktigast for Tokke kommune? 6
6.2 Folketalsutvikling, busetjing og attraktivitet Den største utfordringa Tokke kommune har, er å stoppa fråflytting og auka folketalet. Det er fleire tiltak ein kan bruka for å oppnå dette. Ein av desse er gode og attraktive bustadtomter. Det er få attraktive ledige tomter i kommunen. Eit tiltak er plan over langsiktig arealbruk. Eit anna tiltak kan vare strategisk planlegging og tilrettelegging for busetjing og integrering av flyktingar. Tokke kommune har ikkje tatt imot flyktingar dei siste åra. Ei vurdering av mottak av flyktingar bør vere ein del av samfunnsplanen. 7
Kva skal til for å gjera Tokke kommune til ein attraktiv tilflyttingskommune? Kan Tokke kommune vere attraktivt for innvandrarar /flyktningar? Kva for utfordringar kjem som ein konsekvens av befolkningsendring? Korleis kan vi ta vare på grendeutvikling og sentrumsutvikling samtidig? Korleis kan vi få ungdomar til å aktivt ta del i samfunnsutviklinga? 6.3 Næringsutvikling og sysselsetjing Tokke kommune er ein allround kommune. Det vil sei at den kan vare attraktiv på fleira område. Bland anna for besøkande, bedrifter og som fast bustad (jf. Telemarksforsking, 2011) Tokke har ikkje vore så attraktiv, som ein ynskjar, for fast busetjing dei siste åra. Kommunen må planleggje slik at ein legg til rette for og 8
stimulerer til bustadbygging. Det må og avklarast kva slag bustadtomter som er mest attraktive. Det er svært viktig for kommunen å trekke til seg nye verksemder og etableringar og utvikl strategiar for å ivareta og utvikla området på best mogleg måte. Korleis kan Tokke kommune vere ein god samarbeidspartner for lokalt næringsliv? Kva for bustader skal Tokke kommune leggje til rette for? Kva for næringspolitikk ynskjer Tokke kommune i framtida? Korleis møter vi kampen om arbeidskrafta? 9
6.4 Folkehelse, kultur og fritid Tokke kommune har fleire gode kultur og fritidstiltak. Vi har godt samarbeid med lokale lag og organisasjonar, men det er ikkje heilt strukturera eller systematisk og blir kanskje ikkje nytta fullt ut. Vi har i dag noko samarbeid med frivillige. Frivillige er ei gruppe som kan brukas som støtte for helsetenestar og andre aktivitetar, til døme sosiale møteplassar. Folkehelseomgrepet skal vi ta med oss inn i planarbeidet og sikre det gode liv i Tokke. Ein viktig del er å sikre gode sosiale møteplassar for alle i kommune, legge til rette for kulturelle tiltak og fritidstilbod. Det er viktig med gode møteplassar i kommunen og det har til tider vore ei utfordring å få til gode møteplassar. Korleis skal vi leggje til rette for eit godt kultur- og fritidstilbod for alle innbyggjarar i alle aldrar? Korleis kan vi trekkje inn frivillige? Korleis kan vi systematisk arbeide med folkehelse og førebygging? Korleis kan Tokkesamfunnet bidra til at barn og unge skal lykkast og ta del i fellesskapet? 10
6.5 Oppvekst Tokke kommune har eit desentralisert tenestetilbod innan barnehage- og skuletilbodet. Det har vore eit politisk ynskje om desentralisert struktur. Strukturen er ein av årsakene til at Tokke kommune har ein høg "stykkpris", då ein ikkje utnyttar kapasiteten. Ein anna årsak til høg einingskostnad er delen av elevar som har spesialpedagogiske vedtak. Det er ei politisk vurdering på strukturval. Tokke kommune har fokus på å formidle kultur gjennom kulturskulen og har eit breitt kulturskuletilbod. Det er i dag full barnehagedekning. Barnehage og skule nyttar nærmiljøet i det pedagogiske tilbodet. Kommunen har satsa på eit variert kulturskuletilbod. Statistikken visar at det er 100 % overgang frå grunnskule til vidaregåande skule. Det er forbetringspotensiale på nokon område. Bland anna fleire tilstette med fagkompetanse i barnehagen, jamnare skår på nasjonale prøver, klare mål for barnehage og skule, samt tidleg innsats med fokus på kvalitet og effekt. 11
Korleis kan vi gje borna kjensle av meistring og best mogeleg læring i Tokke-skulen? Korleis gje eit barnehagetilbod som gjev borna sosial kompetanse og legg grunnlag for vidare læring i grunnskulen? Korleis sikre eit breitt kulturskuletilbod som formidlar kulturarven i Tokke? 6.6 Helse, omsorg og samhandlingsreform Helse og omsorgstenesta er i endring, grunna innføring av samhandlingsreforma. Kommunane møter nye krav til helsetenester, som ikkje kommunen har hatt ansvar for før. Det vil krevje auka kompetanse og auka fleksibilitet av tenesta for å klare å ivareta forskjellige brukargrupper. Samhandlingsreforma vil ha stor effekt på kommunen sitt økonomiske handlingsrom i framtida. Oppbygging av tenestar til alle typer av pasientgrupper vil kanskje Tokke kommune klare åleine. Det blir svært viktig å tenke fleksible, interkommunale og regionale løysningar for å løyse oppgåva. Tokke kommune har hatt eit desentralisert omsorgstilbod, som dei siste åra har blitt redusert. Frå tilbod i fleire av grendane, har vi nå bare pensjonatet i Høydalsmo igjen. Tokke kommune har bygd opp eit omfattande og godt tilbod innan helse og omsorg, der vi i dag har kapasitet til å gje innbyggjarane hjelp av høg kvalitet. Utfordringa for framtida blir korleis vi på best mogleg måte legger til rette for nye tenester. 12
Korleis møter vi samhandlingsreforma best mogleg? Korleis skal vi ivareta nye krav om tenester, samtidig som vi opprettheld god kvalitet? Kva områder gjer moglegheit for interkommunalt eller regionalt samarbeid? 6.7 Samfunnstryggleik og beredskap Ny lov strammar in kommunen sin plikt til å sikra vårt samfunn. Menneskelege hendingar og naturkatastrofar både nasjonalt og internasjonalt visar at vi har behov for å laga nye system, som skal ivareta vår tryggleik lokalt. Kommunane skal jobbe for å gjøre samfunnet mest mulig robust for påkjenningar. For å redusere risiko og sårbarheit, skal arbeid med førebyggande samfunnssikkerhe ivaretast i all planlegging etter plan og bygningsloven. Hensikta er å førebygge tap av liv, helse, miljø og materielle verdiar ved planlegging og utbygging i samfunnet. For Tokke-samfunnet er det ei utfordring å ha gode løysningar for spesiell sikring med omsyn til kraftutbygginga. Men vi må og klare å sikre oss mot nyare tids katastrofer av andre slag. Korleis skal vi sikra oss eit trygt lokalmiljø? 6.8 Tokke kommune som organisasjon Tokke kommune er ein organisasjon som yter tenester og forvaltar store verdiar i kommunen og har ei brei kontaktflate mot innbyggarane på fleira forskjellig nivå. Kommunen står framfor store endringar som kan vere vanskelege å gjennomføre, og difor vil stille krav til alle tilsette. Leiargruppa har fokus på endringsleiing og arbeider med tenesteutvikling, kostnadsreduksjon, organisering og 13
arbeidsmiljøutvikling. drift. Målet er betre styring, utøving av leiing og kostnadseffektiv Tenestenivået i Tokke kommune har gjennom fleire år vore høgt jamført med andre kommunar. Økonomiske utfordringar og endringar i tilskot gjer at Tokke kommune ikkje lenger har same økonomiske handlingsrom, som tidlegare. Vi har eit stort tenesteforbruk på fleire område. Det blir viktig å vurdere kva for tenestenivå kommunen skal ha i framtida. Stabil økonomi er ein viktig føresetnad for kvalitet og forutsigbarhet i dei tenestene kommunen yter til innbyggjarane. Stabilitet i økonomien vil i tillegg gje kommunen eit handlingsrom for utviklingsarbeid. Å rekruttere og behalde tilstrekkelig kompetanse er avgjerande for å oppretthalde ein høg kvalitet på kommunale tenester og ivareta kommunale utviklingsoppgåver over tid. Kommune-Noreg opplever utfordringar på dette området, og det er difor viktig å utvikle ein god arbeidsgjevarpolitikk. Krava til arbeidsplassen endrast og utfordrar kommunen til å utvikle seg til ein spennande arbeidsplass og ei kompetansebedrift. Kva er rett tenestenivå for Tokke kommune? Korleis kan kommunen bruke resursane meir effektivt? Korleis skal det sikras god balanse mellom interkommunalt, regionalt samarbeid og lokal tenesteproduksjon? 6.9 Samferdsel 14
7. OPPLEGG FOR PROSESS OG MEDVERKNAD Tokke kommune ynskjar å leggje til rette for brei medverknad for å forankra kommuneplanen i befolkninga. Framdriftsplan - kommuneplanen sin samfunnsdel: Varsel om oppstart planarbeid, planprogram på høyring Gjennomføring av 2013 Februar April Juni Aug Okt Des Des. X brukarundersøking X X Fastsetting av planprogram i 04.03. X kommunestyret Utarbeiding av planforslag X X 1.gongs handsaming formannskap X Høyring av planforslag Frist 1. august Presentasjon Tokke kulturhus 2. gongs handsaming formannskap 10. sept. Vedtak kommunestyret 18. november Vedteke i kommunestyret i Tokke 04.03.2014, sak 14/7 15