Revisjonsrapport Rapport Rapporttittel Tilsyn med drift og inspeksjon av fleksible stigerøyr på Njord A og i Statoil. Aktivitetsnummer 001107007 Gradering Offentlig Unntatt offentlighet Begrenset Fortrolig Strengt fortrolig Involverte Hovudgruppe T-1, Statoil Deltakarar i revisjonslaget Oppgaveleiar Trond E. Sundby Trond E. Sundby, Espen Landro, Vidar Kristensen, Odd Hagerup 24.9.2012 Dato 1 Innleiing Petroleumstilsynet (Ptil) gjennomførte tilsyn med drift og inspeksjon av fleksible stigerøyr på Njord A og i Statoil i perioden 19.6. 22.6.2012. Tilsynsaktiviteten vart gjennomført med møter, samtalar, verifikasjon og dokumentgjennomgang ved Statoil sitt kontor i Kristiansund og på innretninga Njord A. 2 Bakgrunn Lekkasjar frå stigerøyr og røyrleidningar har eit betydeleg potensial for storulykker. Bakgrunnsinformasjon frå blant anna Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP), tilsynsaktivitetar og industriseminar har vist at det har vore utfordringar med integriteten til fleksible stigerøyr. I 2011 skjedde det to alvorlige hendingar med fleksible stigerøyr i Statoil på høvesvis Visund og Njord A. Ptil gjennomførte ei eiga gransking etter desse hendingane retta spesielt mot Visund, medan Statoil gjennomførte ei gransking mot både Visund og Njord A. Statoil etablerte i tillegg ei arbeidsgruppe som har jobba med problemstillingar knytt til fleksible stigerøyr (spesielt 3 lags Coflon). 3 Mål Målet med aktiviteten var å følgje opp korleis fleksible stigerøyr blir drive i Statoil og på Njord A og å følgje opp og verifisere tiltak etter granskingane frå Ptil og Statoil i 2011. Sentrale tema i tilsynsaktiviteten var: intern organisering og samhandling styrande dokumentasjon / krav vedlikehaldsrutinar og program inkludert inspeksjon og overvaking
2 selskapsinterne monitorerings- og verifikasjonsaktivitetar dokumentasjon og rapportering kompetanse og opplæring integritetsstyring, overvaking og kvalitetskontroll risikoanalysar 4 Resultat Resultata bygger på møter, samtalar, presentasjonar, verifikasjon og dokumentgjennomgang på innretninga Njord A med tilhøyrande landorganisasjon. Tilsynsaktiviteten har påvist eit avvik i forhold til petroleumsregelverket. Avviket omhandlar manglar ved vedlikehald av sikkerheitskritisk utstyr. Vi har vidare avdekka to områder med potensial for forbetring. Desse områda er arbeidsprosessar og styringsverktøy, og selskapet si eiga oppfølging. 5 Observasjonar Ptil sine observasjonar blir generelt delt i to kategoriar: Avvik: Knytt til dei observasjonane der vi meiner å påvise brot på regelverket. Forbetringspunkt: Knytt til observasjonar der vi ser manglar, men ikkje har nok opplysningar til å kunne påvise brot på regelverket. 5.1 Avvik 5.1.1 Vedlikehald av sikkerheitskritisk utstyr Avvik: Manglande oversikt over vedlikehald og status på sikkerheitskritisk utstyr (barrierar). Under tilsynet plukka vi ut enkelte utstyrstag i SAP for verifikasjon, (Nødavsengningsventilar; A 17 EV-13-0021, A 19 EV-13-0041, ventil for gasseksport, PZV- 25-1022 og ventil for 4.trinns kompressor PZV-23-1171C). Gjennom aktiviteten offshore og på land etterspurde vi testintervall for dei utvalde komponentane med grunngjeving for valgt intervall, resultat frå gjennomførte testar (inkludert eventuelle retestar) og reparasjonar / vedlikehald utanom plan. I løpet av aktiviteten kunne ikkje Statoil å svare oss på dette. Etter oppsummeringsmøtet 22. juni 2012 sendte vi over ei liste til Statoil med våre spørsmål. 27. august 2012 fekk vi svar frå Statoil. I svaret vi har fått så kan vi ikkje sjå at selskapet har grunngjeve valgt intervall og heller ikkje noko stadfesting på at vedlikehaldsprogram er følgt for ventilane.
3 Aktivitetsforskrifta 47 om vedlikeholdsprogram der det kjem fram at feilmodi som utgjør en helse-, miljø- eller sikkerhetsrisiko, jf. 44, skal forebygges systematisk ved hjelp av et vedlikeholdsprogram. I programmet skal det inngå aktiviteter for overvåking av ytelse og teknisk tilstand, som sikrer at feilmodi som er under utvikling eller har inntrådt, blir identifisert og korrigert. Programmet skal også inneholde aktiviteter for overvåking og kontroll av feilmekanismer som kan føre til slike feilmodi. Av teksten i rettleiinga, bokstav b), framgår det at nødavstengingssystemet verifiseres i henhold til sikkerhetsintegritetsnivåene som er satt ut fra standarden IEC 61508 og OLFs retningslinje 070. For anlegg som ikke er omfattet av denne standarden og denne retningslinjen, bør funksjonsevne verifiseres ved en fullskala funksjonsprøve minst én gang i året. Prøven bør omfatte alle deler av sikkerhetsfunksjonen, inklusive lukking av ventiler. Prøven bør også omfatte måling av innvendig lekkasje gjennom stengt ventil. Registrering av anleggets eller utstyrets funksjon i situasjoner der funksjonen utløses eller tas i bruk, kan erstatte prøving av anlegget eller utstyret, 5.2 Forbetringspunkt 5.2.1 Arbeidsprosessar og styringsverktøy Forbetringspunkt: Manglar ved styrande dokumentasjon / arbeidsprosessar i selskapet sitt styringsverktøy for drift av fleksible stigerøyr på Njord A. Samtalar, verifikasjon og dokumentgjennomgang viste at styrande dokumentasjon ikkje var oppdatert med korrekte operasjonelle grenser for dei nye fleksible stigerøyra. Samtalar og presentasjonar viste likevel at ein no var klar over operasjonelle grenser og måtar å starte opp og stenge ned dei nye fleksible stigerøyra. Det vart opplyst at ein jobbar med å oppdatere dokumenta og dei vil bli lagt inn i nytt styringsverktøy (ARIS) i løpet av august. Aktivitetsforskrifta 20 om oppstart og drift av innretningar der det blant anna kjem fram at styrende dokumenter, deriblant tekniske driftsdokumenter, skal foreligge i oppdatert versjon og være kjent av driftspersonellet. 5.2.2 Selskapet si eiga oppfølging Forbetringspunkt: Mangelfull oppfølging av eigen og andre deltakarar sin organisasjon. Det framkom gjennom samtalar og presentasjonar at oppfølgingsaktivitetar (slik det er definert i Statoilboka ) for fleksible stigerøyr på Njord A blir gjennomført ved til dømes dagleg oppfølging av leiinga, sikkerheitsrundar og besøk av leiinga i landorganisasjonen. Monitoreringsplanen for Drift Nord, med Njord, viser i avgrensa grad ei systematisk oppfølging av eigen og andre deltakarar. Frå dokumentasjon og under samtalar kom det fram at fleire fagområde eller grupperingar i liten grad utfører eller er gjenstand for monitoreringsog verifikasjonsaktivitetar. For fleksible stigerøyr kunne ein ikkje vise til nokon utførte
4 aktivitetar. Med omsyn på tidlegare erfaringar og ufordringar med fleksible stigerøyr så er vår oppfatning at det ikkje er innarbeidd ein tilstrekkeleg og robust plan for systematisk oppfølging. Rammeforskrifta 19 om verifikasjoner der det blant anna kjem fram at den ansvarlige skal ta stilling til behov for og omfang av verifikasjoner, metode for og grad av uavhengighet i verifikasjonen for å dokumentere at krav i helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen er oppfylt. Styringsforskrifta 21 om oppfølging der det blant anna kjem fram at den ansvarlige skal følge opp at alle elementene i eget og andre deltakeres styringssystem er etablert og fungerer etter hensikten, og at det er et forsvarlig helse-, miljø- og sikkerhetsnivå. 6 Andre kommentarar 6.1 Diverse observasjoner På våre rundar i anlegg og kontrollrom observerte vi følgjande: Manglar ved indikator for skip i sikkerhetssone i kontrollrom. Noko svak gulmerking av rømningsvegar enkelte plasser på Njord A Utydeleg / uleseleg oversiktskart ved P13-område på innretninga 6.2 Vedlikehald Det vart opplyst at ein har hatt ei positiv utvikling med å redusere mengd uteståande vedlikehald på sikkerheits- og produksjonskritisk utstyr. Mengda med uprioritert / uklassifisert var det større utfordringar med, så der var ein i ferd med å sette inn meir ressursar for å rydde opp. Ei stor utfordring på Njord A er sengekapasitet og dette set grenser for kor mykje ein kan få gjennomført offshore. I tillegg vart det kommentert enkelte utfordringar knytt til samkøyring av vedlikehaldssystem frå tidlegare Hydro og nytt Statoil. 7 Deltakarar frå Petroleumstilsynet Trond Sundby Konstruksjonssikkerhet (oppgåveleiar) Espen Landro Prosessintegritet Odd Hagerup Konstruksjonssikkerhet (land 19.6.2012) Vidar Kristensen Prosessintegritet (land 19.6.2012) 8 Vedlegg Vedlegg A: Dokumentasjon Følgjande dokument vart nytta under planlegginga og gjennomføringa av tilsynsaktiviteten: 1. Presentasjon land opningsmøte, Bergset, Støren, Næss, Statoil 2. Presentasjon monitorering og tilsyn, Hansen, Statoil
5 3. Driftsprosedyrer fleksible stigerøyr, L-NJO-15217 nedstenging/trykkavlastning av prod. Brønn., Versjon 1, gyldig frå 18.5.2012 4. Diverse organisasjonskart for Njord 5. Monitoreringsplan 2012 for Drift Nord, inkludert Njord 6. Oversikt over FV for Risere Njord 7. Årleg ROV-inspeksjon FV 8. OMC01 Organisasjon, ledelse og kontroll, versjon 1, gyldig frå 1.1.2011 9. Klasseromskurs, oversikt (inkludert fleksible stigerøyr) 10. Kompetansekrav SKR Vedlegg B Oversikt over personell i møter og samtalar.