HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Arkivsak 201208607-8 Arkivnr. 025 Saksh. Jon Rune Smørdal Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 25.09.2013-26.09.2013 15.10.2013-16.10.2013 NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE SAMANDRAG Nye pensjonsreglar for lokale folkevalde gjeld frå 1.januar 2014. Dei nye reglane opnar for at kommunar og fylkeskommunar kan ha ei pensjonsordning for dei folkevalde som i stor grad tilsvarar den pensjonsordninga som stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer har, også kalla hybrid ordninga. Alternativt kan kommunar og fylkeskommunar innlemma dei folkevalde i den ordinære tenestepensjonsordninga for andre tilsette. ( TPO ordninga). Fylkeskommunen sin pensjonsleverandør DNB Livsforsikring har bede fylkeskommunen om å gje tilbakemelding om val av pensjonsordning for folkevalde frå 1. januar 2014 innan utgangen av oktober 2013. FORSLAG TIL INNSTILLING Dei folkevalde i Hordaland fylkeskommune vert frå 1. januar 2014 meldt inn i den ordinære tenestepensjonsordninga for tilsette. Rune Haugsdal fylkesrådmann Johnny Stiansen økonomidirektør
FYLKESRÅDMANNEN, 13.09.2013: BAKGRUNN DNB Livsforsikring har i brev av 30.august 2013 til Hordaland fylkeskommune skrive slik: «Tradisjonell folkevalgt-ording lukkes for ny opptjening fra 1.1.2014. Det betyr at dagens folkevalgtavtaler deretter skal driftes som opphørte avtaler. For ny pensjonsopptjening for folkevalgte fra og med 1.1.2014, må det velges en ny pensjonsavtale. Valget står mellom ny hybridordning, eller å innlemme de folkevalgte i den ordinære TPO-ordningen. DNB Livsforsikring besluttet i styremøte 5.juni 2013 en avvikling av forretingsområde for offentlige tjenesteprodukter. Det medfører at vi ikke kommer til å tilby nytt hybrid produkt for folkevalgte. De som ønsker å innlemme de folkevalgte i den ordinære TPO-ordningen, kan gjøre det i DNB Liv.» I denne saka vert det orientert nærare om dei to alternativa for folkevald ordning som ligg føre frå 2014, og fylkestinget vert bede om å ta avgjerd om kva pensjonsordning fylkeskommunen skal ta i bruk for dei folkevalde frå 2014. Ein kan nytta nyordninga som legg til grunn tilsvarande prinsipp som nyordninga for stortings -og regjeringsrepresentantar eller alternativt kan dei folkevalde innlemmast i den ordinære tenestepensjonsordninga (TPO). I saka har fylkesrådmannen også teke med litt om noverande tenestepensjonsordning for folkevalde. Fylkesrådmannen vil elles visa til at fylkestinget i oktober 2012, sak 46, vedtok å halda fram med å nytta DNB som pensjonsleverandør. Seinare har DNB i juni 2013 vedteke å avvikla offentlege tenestepensjonsprodukt som forretningsområde. Fylkesrådmannen vil i eiga sak koma attende til dette og valet av ny pensjonsleverandør. GJELDANDE ORDNING 2
NY ORDNING Fylkesrådmannen har tidlegare i melding 249/12 til fylkesutvalet sit møte 21.november 2012 og i fylkesutvalsak 4/13 til møte 31.januar 2013 gjeve orienteringar om pensjonsordningane for folkevalde med spesiell vekt på nyordninga frå 2014 (også kala hybridordninga). Den nye forskrifta gjev rammer for den nye ordninga. Den regulerer dei folkevalde sine rettar, men seier ikkje noko om finansiering og liknande. Minstekrav for dei som skal omfattast av ordninga må fastsetjast i regelverket for ordninga, det vil seia i dei kommunale/fylkeskommunale vedtektene for ordninga. Folkevalde vil behalda opptente rettar etter gjeldande ordning. Får dei folkevalde rettar også etter den nye ordninga, vert denne pensjonen utbetalt i tillegg. DEI FOLKEVALDE INNGÅR I TPO Dei nye forskriftene gjeldande frå 2014 opnar også for at dei folkevalde vert med i den ordinære tenestepensjonsordninga (TPO). 1 i dei nye forskriftene lyder slik: 3
I forskriftene er det ikkje fleire regler som omhandlar særskilt alternativet i andre ledd i 1. Det må difor fastsetjast utfyllande vedtekter for overgang til ordinær pensjonsordning. I alle tilfelle kan fylkeskommunen sjølv ta avgjerd om å melda dei folkevalde inn i den ordinære ordninga. Då vil pensjonen for dei folkevalde reknast ut etter reglane som gjeld for offentleg tenestepensjonsordning. SAMANLIKNINGAR AV ORDNINGANE Hovudtrekka i dei nye pensjonsreglane for folkevalde (hybridordninga) er at pensjonen skal vera eit direkte supplement til alderspensjonen i folketrygda (nettoyting) og at alle år i arbeid skal telja med. Det er og mogeleg å kombinera arbeid og pensjon. Dette er ulikt dagens bruttoordning der pensjonen vert samordna med folketrygda og ein får full opptening etter 16 år. Dagens bruttoordning kan heller ikkje kombinerast med å halda fram i arbeid. Som nemnt står valet frå 2014 mellom å velja ny ordning for folkevalde etter modell for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer (hybridordninga) eller den ordinære tenestepensjonsordninga i kommunalsektoren. Ein kan og velja å ikkje ha slik ordning. Tabellen nedanfor gjev oversyn over viktige trekk ved dei to alternative ordningane: NY FOLKEVALTORDNING ORDNINÆR TENESTEPENSJON Utbetaling Pensjonsbeholdning devidert med delingstal 66% av godtgjersle ved full opptening (30 år) Modell Nettordning Bruttoordning Full opptening Alle års regler 30 år (40 år for utmeldte) Alder for uttak Fleksibelt 62 75 år Frå 65 år, men truleg også mogleg med AFP Samordning Ingen samordning Samordning med folketrygd og andre offentlege pensjonsyting. Levealdersjustering Ja Levealdersjustering frå fylte 67 år Utbetalingstid Livsvarig utbetaling Livsvarig utbetaling Fylkesrådmannen reknar vidare med at i begge ordningane er kostnaden for dei folkevalde 2 % av godtgjersla. DNB Livsforsikring har utarbeidd prognosemodell for utrekningar og samanlikningar av dei ulike pensjonsordningane for folkevalde. Utrekningane syner at både den nye hybridordninga og omlegging til ordinær tenestepensjonsordning medfører ei innskjerping i høve til dagens folkevalgordning. Ingen av dei to nye ordningane vil gje like stor pensjon etter 16 år som dagens ordning. Når ein samanliknar den nye hybridordninga med omlegging til ordinær tenestepensjon, visar utrekningane at hybridmodellen er best for folkevalde med lange karrierar. Vidare er det slik at med høgare godtgjersle vil hybridmodellen raskare verta den mest lønsame for dei folkevalde. Men i alle tilfelle må karrieren som folkevald være lang for at hybridmodellen skal gje høgast pensjonsutbetaling. Elles vil overgang til ordinær tenestepensjonsordning gje dei høgaste ytingane. Kostnaden for fylkeskommunen vil avhenga av kor mange som inngår i folkevaldordninga og kor høg godtgjerslesatsane for desse er. På usikkert grunnlag, og med utgangspunkt i dei godtgjerslesatsane som gjeld i dag, kan utgiftene stipulerast til om lag 2 mill kr. Dersom det vert overgang til den ordinære tenestepensjonsordninga, vil truleg i utgangspunktet all godtgjersle inngå i pensjonsgrunnlaget eventuelt saman med anna inntekt i offentleg sektor og vera 4
grunnlag for framtidige pensjonsutbetalingar. Men her reknar fylkesrådmannen med at det vert utarbeidd vedtekter som presiserer nærare storleik på godtgjersle m.v. som skal vera med i pensjonsgrunnlaget. Også ved eventuell overgang til hybridordninga må det fastsetjast nærare presiseringar i vedtektene. OPPSUMMERING OG TILRÅDING Nye pensjonsreglar for lokale folkevalde trer i kraft frå 1.januar 2014. Fylkeskommunen kan velja mellom å tilby dei folkevalde opptak i den nye tenestepensjonsordninga den såkalla hybridordninga eller å innlemma dei folkevalde i den noverande tenestepensjonsordninga. Det fremgår av det ovanfor siterte brevet at DNB Livsforsikring ikkje kjem til å tilby det nye hybridproduktet for folevalde. Det framgår av oversyna i saka at det er til dels store skilnader i utforminga av desse ordningane. Ved overgang til vanleg tenestepensjonsordning går ein over til ei ordning som er kjend frå før og som gjeld elles for tilsette i kommunesektoren. Hybridordninga byggjer på prinsippa i den nye folketrygda. Når ein samanliknar storleiken på pensjonsutbetalingane for dei folkevalde, viser utrekningane at i svært mange tilfelle vil overgang til ordinær modell gje dei beste utbetalingane for dei folevalde. Hybridmodellen gjev best resultat dersom godtgjersla til den folkevalde er høg over mange år. Etter ei samla vurdering vil fylkesrådmannen tilrå at dei folkevalde i Hordaland fylkeskommune frå 1.januar 2014 vert melde inn i den ordinære tenestepensjonsordninga for tilsette. Fylkesrådmannen har fått opplyst at også Bergen kommune legg til grunn overgang til ordinær tenestepensjonsordning for dei folkevalde. 5