Rapportering av studiekvalitet, studieåret OVERSIKT OVER STUDIETILBODET 1.5. Endringar i studietilbodet i rapporteringsperioden

Like dokumenter
Studiekvalitetsrapport for 2009 Bachelorprogrammet i Europastudium (EU)

Studiekvalitetsrapport for 2008 Bachelorprogrammet i Europastudium (EU)

UNIVERSITETET I BERGEN Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Del 1 Kvalitetssikring av studietilbud og læringsmiljø

Emnerapport 2015 vår KJEM221

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Samlerapport studentevalueringar på Europastudiar (EU)

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Universitetet i Oslo Institutt for statsvitskap

Programevaluering av bachelorprogram i informatikk-matematikkøkonomi

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Spørjeskjema Nynorsk

Her finner du oversikt over aktivitetene i kvalitetssystemet for Det teologiske fakultet. Tid Aktivitet Ansvarlig Kommentar

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

NOLI211, NOLI311 og NOLI212, NOLI312, endring i obligatorisk aktivitet NOLI211, NOLI311, NOLI212, NOLI312.

ÅRSRAPPORT PROGRAM FOR ANTIKK KULTUR OG KLASSISK TRADISJON, MASTER (MA) Saksnr. 05/18619

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Kartlegging av ufrivillig deltid i Hordaland fylkeskommune. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr.

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Kvalitet er målet med alt

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Gjennomføring av bachelor i molekylærbiologi (BAMN-MOL) og opptak til master i molekylærbiologi (MAMN-MOL) Orientering november 2010

STUDIEBAROMETERET 2015

2014 Studiebarometeret-sept2014 (låst)

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Orientering om opptak ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet høsten 2010

Universitetsstyret Universitetet i Bergen. Reviderte retningslinjer for tverrfakultære program

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Studentane vart for ti av spørsmåla bedne om å kryssa av for eitt av fem alternativ.

Samordna opptak 2016: Talet på studentar som vel framandspråk aukar. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 5/2016

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Årsmelding FitjarFagskule Helsefag Eldreomsorg 1-årig fulltid over 2 år.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Organisering, demokrati og innovasjon (ODIN) Haust 2012 / Vår Evalueringsrapport. UiB/LO-Stat ODIN Haust 2012/Vår 2013

Tilsynssensors Årsrapport. Bachelorprogrammet i Kultur og Kommunikasjon (Kulkom) Universitetet i Oslo

Programevaluering av bachelorprogrammet Kultur og kommunikasjon

UNIVERSITETET I BERGEN Institutt for Sammenliknende Politikk. Våren SAMPOL 113 Praksis i sammenliknende politikk

Programgjennomgang Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Endringer i søkertall (førsteprioritetssøkere i parentes altså de som har programmet som førstevalg):

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Infotyper oppretting og vedlikehald

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

NHS-IØL 36/08 ENDRING AV RETNINGSLINJER FOR LINJESKIFT OG OPPTAK TIL 2. OG 3. STUDIEÅR PÅ BACHELORPROGRAMMENE VED NHS-IØL GJELDENDE FRA HØSTEN 2009

DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

2012/1337-KJEHØ

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB

2014/

Konklusjon for 4 grupper

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Undersøkinga blir utført av NOKUT i samarbeid med Noregsuniversitetet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Samordna opptak 2018: Prosentdelen studentar som vel framandspråk minkar. Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk og opplæringa - Notat 4/2018

Spørjeskjema Nynorsk

Studiekvalitetsrapport for samfunnsgeografiprogrammene

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Nasjonalt rammeverk for kvalifikasjoner i høyere utdanning

Dato: Saksnr.: 05/0514- /852 Sakseier: SW. Årsrapportering fra Institutt for spesialpedagogikk

Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet til Forskrift om opptak, studier, eksamen og grader ved Universitetet i Bergen

Dato: Saksnr.: Sakseier:

STUDIEBAROMETERET 2016

Studieplan. Mastergradsprogram i filosofi

Kvalitetsmelding for Fagskolane i Hordaland 2014

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Tilbakemelding og rettleiing: eksempel på god praksis. Kristoffer Fretland Øygarden, NOKUT

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Nettevaluering av bachelorprogrammet i kultur og kommunikasjon

ÅRSRAPPORT PROGRAM FOR ANTIKK KULTUR OG KLASSISK TRADISJON, BACHELOR (BA) Saksnr. 05/18619

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Utdanningsmelding for 2015 Institutt for sammenliknende politikk

Årsrapport om studiekvalitet for 2009 Institutt for musikkvitenskap

Skjel Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Naturfag vidareutdanning

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

Felles studieadministrativt tenestesenter

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Årlig programrapport 2007/2008: Bachelor- og masterprogrammet Digitale medier (DIG)

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Refleksjon og skriving

Årsmelding Voss tekniske fagskule Utdanning og omfang : Bygg og Anlegg, med fordjuping Anlegg 1.år og 2.år

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

Programevaluering av bachelorprogrammet Kultur og kommunikasjon

Studieplanendringer for studieåret 2019/ Geofysisk institutt

Hå kommune Vigrestad storskule

Transkript:

Sv-Fakultetet v/anne-lene Andresen HER Dato: 3.11.2006 Dykkar ref.: 05/19648 Vår ref.: 1097 Blindern 0317. Oslo Telefon: 22 85 51 81 Telefaks: 22 85 44 11 E-post: postmottak@stv.uio.no Nettadresse: www.statsvitenskap.uio.no Rapportering av studiekvalitet, studieåret 2005-2006 Vi viser til brev datert 16.08.2006 og malen for årsrapport frå studieprogramma som låg ved brevet. Vedlagt er ein fyldig eigenevalueringsrapport utarbeidd som grunnlag for arbeidet til den eksterne evalueringskomiteen som skal nedsetjast. For detaljar, sjå denne. 1. OVERSIKT OVER STUDIETILBODET 1.5. Endringar i studietilbodet i rapporteringsperioden Tabell 1.5.1 Vesentlege endringar i program* Namn på program Beskriv vesentlege endringar i studietilbodet i studieåret i 2005-2006 Europastudiar (EU) har vedtatt følgjande endringar a) russisk er godkjent som valfritt språk gjeldande frå H-2006 b) rekkjefølgja på HIS1320 og STV1201 blir endra frå H-2007 1.6. Behov for framtidige vesentlege endringar i studietilbodet Valfrie Europaemne: Sjølv om lista over valfrie Europaemne har vorte utvida i fleire omgangar, etterspør studentane framleis emne på 2000-nivå som handlar om EU og som kan gå i vårsemester. Det ville vera ein fordel med fleire skreddarsydde valfrie Europaemne; om nødvendig, kan programmet sjølv administrere slike emne, hyre inn forelesarar og få studiepoenga som blir produsert. Programmet vil i ein overgangsfase trenge pengar til å betale for undervisning, men på sikt må slike valfrie Europaemne vera sjølvfinansierande. Det betyr at vi ikkje kan ha for mange emne, og emna må ha ein marknad også utanfor eigne rekkjer. Vegen vidare: Sluttevalueringa V-2006 tyder på at ca halvparten av studentane ønskjer å ta ein mastergrad i Europastudiar etter fullført bachelorgrad. Gitt at Universitetet i Oslo ønskjer å behalde fleire av Europastudentane etter fullført bachelorgrad, ser vi to moglege alternativ: 1. UiO opprettar ein tverrfagleg og tverrfakultær mastergrad i Europastudiar. Det må i så fall setjast ned ei arbeidsgruppe som tar stilling til teori- og metodekrav, struktur og vegleiing. 2. Dei eksisterande masterprogramma i statsvitskap og historie blir lagt betre til rette for spesialisering i Europaspørsmål. Denne løysinga inneber eit brot med den tverrfaglege profilen, fordi den inneber spesialisering innafor rammene av ein disiplin. Sjå også eigenevalueringa, punkt 1.5. og 3.0.

UNIVERSITETET I OSLO Side 2 av 6 2. OVERORDNA VURDERING AV STUDIEKVALITETEN PÅ PROGRAMMET 2.1. Kvantitative data 2.1.1. Opptak, registrerte studentar og kandidatar per gradsprogram Opptaksramma for programmet er 60 studentar. Søkinga har heile tida vore brukbar, og poenggrensene har stort sett vore over gjennomsnittet for SV-fakultetet. I 2006 gjekk talet på søkjarar ned frå 1377 i 2005 til 1230, og talet på primærsøkarar ned frå 118 til 102, som er ein sterkare nedgang enn SV-fakultetet hadde som heilskap. Poenggrensa for studentar tatt opp på ordinær kvote gjekk ned. Derimot er opptaksgrensa for dei som kjem rett frå vidaregåande (primærvitnemålskvota) relativt stabil over tid, og gjekk faktisk opp frå 2005 til 2006. Nedgangen i talet på søkjarar har dermed ikkje ført til ein dramatisk nedgang i kvaliteten. Kva nedgangen skuldast, er ikkje så godt å seia. Storleiken på ungdomskulla spelar opplagt ei rolle, men søkinga er også avhengig av kva for andre tilbod som finst, og av presentasjonen av programmet. Her kan vi nok bli flinkare, men samtidig er det viktig å unngå å skape urealistiske forventningar. Ei mogleg forklaring på nedgangen i talet på primærsøkjarar kan vera at ein del lar vera å søkje fordi poengkrava har vore relativt høge. Ei anna mogleg forklaring er konkurranse frå andre høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg, og i denne samanhengen skal det nemnast at Stud.Mag.-undersøkinga (publisert i fleire av dei større avisene) inkluderte ein omtale av Europastudiar i Bergen, utan å opplyse at tilsvarande tilbod fanst i Oslo. Trass i dette var poengkrava for å koma inn på Europastudiar (EU) i Oslo høgare enn i Bergen. Kullstorleik og fråfall: 2005-kullet er så langt det klart største kullet. Av dei 82 som takka ja, var 75 oppmeldt til eksamen i innføringsemnet EURO1000, og status etter eitt år er at 64 har tatt minst ein eksamen i eit obligatorisk emne på programmet. 2006-kullet er etter alt å dømme litt mindre. Det var 72 som takka ja, 63 som bekrefta undervisningsplanen i haust, og 59 som er meldt opp til eksamen i EURO1000. Det siste er erfaringsmessig eit betre mål på kullstorleik ved oppstart enn talet på ja-svar, som også inkluderer dei som ikkje begynner. Vi meiner at det er viktig å skilje mellom fråfall blant reelle studentar (som vi både kan og bør prøve å gjera noko med) og fråfall som heng saman med at folk ombestemmer seg eller kanskje aldri hadde til hensikt å ta eksamen. Eit minstekrav for å bli rekna som reell student bør vera at ein a) har betalt semesteravgift og bekrefta utdanningsplanen i første semester etter opptak og b) at ein har avlagt minst ein eksamen i eit obligatorisk emne (minus exphil/exfac). Om vi kan fjerne frå statistikken dei som ikkje fyller desse kriteria, får vi eit meir presist mål på kor stort det faktiske fråfallet er. Rekna på denne måten er fråfallet i både i 2004- og 2005-kullet på under 10 prosent det første året, for 2004-kullet litt over 25 prosent etter 2 år. Gjennomføring: Statistikk vi har fått tilsendt frå universitetet sentralt for studieåret 2005-2006 viser at 9 kandidatar (i 2003-kullet) er ferdige, men våre eigne oversikter viser at det er langt fleire som fyller krava til graden. Så langt har 38 i 2003-kullet avlagt avslutningsemnet EURO3090 (V-2005 og V-2006 til saman). Av desse fyller over 30 kravet til graden, sjølv om enkelte tar opp igjen fag og/eller fyller på med fleire studiepoeng enn dei eigentleg treng. I tillegg er det 6 som ikkje har tatt EURO3090, men som framleis har studierett og som har avlagt minst 80 studiepoeng i programmet etter opptak. 2003-kullet ser dermed ut til å ende på mellom 41 og 44 totalt. Så langt ser det dermed ut til at 2003-kullet vil kunne oppfylle fakultetets måltal for Europastudiar (EU), som er at 40 i kvart kull skal fullføre graden.

UNIVERSITETET I OSLO Side 3 av 6 Alt i alt gir ikkje det vi veit om søkjartal, fråfall og gjennomføring stor grunn til uro på programmets vegne, kanskje med eit lite unntak for nedgangen i talet på primærsøkjarar. For å oppretthalde kvaliteten på studentmassen og sikre fleire primærsøkjarar bør vi kanskje finne nye måtar å promotere programmet på før søknadsfristen i 2007. Det er i den samanhengen viktig å få fram kva som skil Europastudiar (EU) i Oslo frå tilsvarande tilbod andre stader. For ei meir detaljert framstilling, sjå eigenevalueringa (vedlegg). 2.1.2. Studiepoengproduksjon I studieåret 2005-2006 var studiepoengproduksjonen for Europastudentar i gjennomsnitt 23,1 studiepoeng i haustsemesteret 2005 og 20,9 studiepoeng i vårsemesteret 2006. Begge tal er over gjennomsnittet for studentar på bachelorprogramma på SV-fakultetet (= 19,8 studiepoeng per student H-2005 og 18,3 V-2006). Hausten 2005 var det faktisk berre studentane på internasjonale studiar som hadde høgare studiepoengproduksjon enn Europastudentane. Om vi ser bort frå studentar med null studiepoeng, tok (dei aktive) Europastudentane i gjennomsnitt 28,3 studiepoeng H-2005 og 28,5 studiepoeng V-2006. Også dette er over gjennomsnittet for bachelorprogramma på SV-fakultetet, og nærmar seg sterkt normal studieprogresjon. 2.1.3. Karakterar og strykprosent Europastudentane får i gjennomsnitt betre karakterar enn SV-studentar på lågare nivå. Strykprosenten og andelen som får lågaste ståkarakter er markert lågare, og andelen som får dei to høgaste karakterane er klart høgare. Dette kan ikkje skuldast snill karaktergjeving på Europastudiar, sidan Europastudentane berre har to emne som er reservert for dei, nemleg innføringsemnet EURO1000 og avslutningsemnet EURO3090. Emne med EURO-kode: Innføringsemnet EURO1000 blir drive av ILOS og er berre for Europastudentar. Gjennomsnittskarakteren H-2005 var C og fordelinga ganske normal. Det var 8 studentar som ikkje møtte. Strykprosenten var 1 prosent. Dette er klart under gjennomsnittet for både SVfakultetet og det humanistiske fakultetet. Avslutningsemnet EURO3090 blir drive av programmet sjølv med programleiar som undervisningsansvarleg. Gjennomsnittskarakteren V-2006 var B. 30 var oppmelde og 29 fullførte (ein av desse tok faget opp igjen). Ingen strauk. Jusemnet EURO2100 blir administrert av programmet, men undervist av tilsette ved juridisk fakultet. EURO2100 gjekk for første gong V-2006, og også her var gjennomsnittskarakteren B. 26 studentar var oppmelde og 23 møtte til eksamen. Ingen strauk. Det er framleis vårt generelle inntrykk at Europastudentane er flinke og gjer det bra.

UNIVERSITETET I OSLO Side 4 av 6 2.2. Kvalitative data 2.2.1. Evalueringar Det finst etterkvart gode rutinar for gjennomføring og oppfølging av studentevalueringar. Programmet har tre eigne undervisningstiltak: EURO1000, EURO3090 og EURO2100. EURO1000 vart evaluert i samband med programevaluering etter eitt semester H-2005, EURO2100 via nettskjema V-2006 og EURO3090 via papirskjema V-2006. Det vart gjennomført undervegsevaluering av programmet etter eitt semester for 2005- kullet H-2005, og nettevaluering for alle kull våren 2006. Det var gjennomført sluttevaluering på papir V-2006 for dei i 2003-kullet som har fullført avslutningsemnet EURO3090. Studentspeilet 2005 gir berre data for studieåret 2004-2005, og blir følgjeleg ikkje kommentert her. 1 Undervegsevaluering for 2005-kullet etter eitt semester Samanlikna med dei to tidlegare kulla (med dei avgrensingane som ligg i låg svarprosent for 2004-kullet), er den mest slåande forskjellen at 2005-kullet er meir positive til undervisninga på EURO1000, og faktisk også meir fornøgde med informasjonen om emnet. 2005-kullet er også meir tilbøyeleg enn dei to eldste kulla til å meine at programmet har svart til forventningane. Undervegsevaluering for alle kull V-2006 Svarprosenten er generelt lågare når evalueringa skjer via nettskjema enn når papirskjema blir delt ut og samla inn på forelesingar/seminar. V-2006 var svarprosenten godt under 50 prosent, med dei feilkjeldene det gir. Studentane er jamt over godt nøgde med mottak, informasjon og kontakt, og det same gjeld læringsmiljø og det sosiale rundt studiane. Fleire enn før klagar over dårleg tilgang på lesesalsplassar i eksamenstida, og engasjementet rundt vurderingsformer er også større. Det er særleg 2005-kullet (det yngste kullet) som tykkjer vurderingsformene er for einsidige. Det kjem både i evalueringane og via andre kanalar meldingar som tydar på at det trengst ein gjennomgang av måten seminarundervisninga blir drive på (varierande kvalitet). 1 Studentspeilet http://www.uio.no/studier/studentspeilet/. Her deltok berre 33 Europastudentar, dvs at svarprosenten var låg. I tillegg kjem at spørsmåla var så generelle at undersøkinga knapt har nokon verdi for kvalitetssikringsarbeidet på Europastudiar (EU).

UNIVERSITETET I OSLO Side 5 av 6 STV1201 EU som politisk system toppar framleis lista over emne studentane seier dei har fått mest ut av. I det yngste kullet har exphil/exfac avløyst EURO1000 som dei emna studentane får minst ut av. Dette tydar på at omlegginga av undervisninga på EURO1000 har bore frukter. At folk mislikar exphil/exfac er det ikkje så godt for oss å få gjort noko med. Det er fleire i 2005-kullet enn i eldre kull som tykkjer programmet heng saman/har ei fornuftig emnesamansetjing. Misnøya er som før størst med utvalet av valfrie Europaemne, sjølv om kritikken har stilna noko i forhold til tidlegare evalueringar. Eit stort fleirtal i alle kull seie at programmet heilt eller delvis har svart til forventningane. Fleirtalet av dei som har bestemt seg for fordjupingsval hellar i retning av statsvitskap. Sluttevalueringa for 2003-kullet Om ein tar høgde for at 2003-kullet har vore prøvekaninar, gir sluttevalueringa etter tre år slett ikkje noko negativt bilde av bachelorprogrammet i Europastudiar (EU). Fleirtalet er brukbart nøgd med informasjon, oppfølging og det sosiale miljøet. Problemområda når det gjeld informasjon er valfrie Europaemne og utveksling. Dette er i tråd med det 2003- kullet har gjeve uttrykk for i tidlegare evalueringar. Ikkje uventa var 2003-kullet brukbart nøgd med samansetjinga av og rekkjefølgja på dei obligatoriske emna, medan det var større misnøye med utvalet av valfrie Europaemne og type emne. Dette har vi prøvd å gjera noko med, og fleire er inne på at utvalet har vorte betre. Når det gjeld fagleg utbytte, bekreftar evalueringa tidlegare funn, både når det gjeld emne med størst (STV1201) og minst (EURO1000) utbytte. Eit fleirtal tykkjer programmet har svart heilt eller delvis til forventningane. Eit fleirtal i 2003-kullet har vald fordjuping i statsvitskap, men av dei som har svart, har halvparten tenkt seg til utlandet etter bachelorgraden, dei fleste for å ta master i Europastudiar. Evalueringa tyder på at dersom Universitetet i Oslo ønskjer å behalde fleire av desse på masternivå, må ein gjera det lettare å spesialisere i Europastudiar også på masternivå. Evaluering av enkeltemne med EURO-kode Problema med EURO1000 ser ut til å vera eit tilbakelagt stadium. 2005-kullet er langt meir positive enn tidlegare kull. Evalueringa av EURO2100 er stort sett positiv. Problemområdet var primært informasjon, men dette er innkjøringsproblem som vil vera løyst neste gong. Justeringane som er gjort av opplegget på EURO3090 ser også ut til å ha vore vellykka. Dei som tok emnet V-2006 var gjennomgåande meir nøgde enn dei som tok det i fjor. (For detaljar om alle evalueringane, sjå eigenevalueringa og samlerapporten som ligg ved den).

UNIVERSITETET I OSLO Side 6 av 6 Tabell 2.2.1 Evalueringar Evalueringar gjennomført Viktige funn for programmet Tiltak* (positive og negative) Gjennomført Planlagt Periodiske emneevalueringar Underveisevalueringar program Tilsynssensor Studentspeilet 2005 Sluttevaluering 2003-kullet EURO1000: klart meir positive EURO3090: fungerer greitt EURO2100: kritikk mot informasjon, ellers bra Studentane er nøgde med mottak, informasjon og kontakt. Misnøye med vurderingsformer og mangel på lesesalsplassar i eksamenstida Undervisning lagt om betre info neste gong bør blir større valfridom Innsendt for EURO3090 V-2005, V-2006, rapport er ikkje mottatt Ikkje data for denne perioden Sjå teksten Ønske om støtte fra Fakultetet eller Universitetet sentralt Færre skuleeksamenar vil bøte på begge problem 2.2.2. Grunnlagsmateriale til periodisk programevaluering Sjå eigenevalueringsrapport (vedlagt). 3. VURDERING AV IMPLEMENTERINGA AV KVALITETSSYSTEMET Det finst etterkvart gode rutinar for gjennomføring og oppfølging av studentevalueringar. Programevaluering skjer to gonger i året mot slutten av haustsemesteret for det yngste kullet, og for alle kull mot slutten av vårsemesteret. Emna programmet har ansvaret for (EURO2100 og EURO3090) blir alltid evaluert i etterkant. Vi har prøvd å gripe fatt i ting som studentane har oppfatta som problematiske etter kvart som vi har vorte klar over dei. Det har så langt ikkje vore etablert rutinar for undervegsevaluering av enkeltemne, korkje på SV-fakultetet generelt eller på emne programmet har ansvaret for. Undervegsevaluering av alle enkeltemne vil i realiteten innebera ei dobling av evalueringsverksemda, dvs. at kvar student skal svare på 6 evalueringar i semesteret, og da kjem programevalueringar i tillegg. Vi har allereie i dag problem med for låg svarprosent, særleg på evalueringar basert på nettskjema, og fleire evalueringar vil forverre problemet. Dersom evalueringar skal kunne brukast til å betre kvaliteten i utdanninga, må dei vera pålitelege og representative. Det stiller krav til metodebruk og svarprosent som i dette tilfellet vanskeleg vil kunne oppfyllast. Vi meiner det er viktigare å prøve å få opp svarprosenten på dei evalueringane vi alt har enn å innføre enda fleire. Vi har felles tilsynssensor med Institutt for statsvitskap. Tilsynssensorordninga fungerer ikkje optimalt (pga sein/manglande tilbakerapportering). Vi vurderer nå å skaffe vår eigen tilsynssensor. Med helsing Elisabeth Bakke Programleiar, Europastudiar (EU) Liv Tone Måseidvåg Førstekonsulent Vedlegg: Eigenevalueringsrapport med vedlegg.