Saksmappenr: 2005/80-46 Arkiv: 141 Sakshandsamar: Torgeir Haugaa Saksframlegg Valle kommune Saksnummer Utval Møtedato 15/06 Planutvalet 31.01.2006 24/06 Formannskapet 31.01.2006 10/06 Kommunestyret 07.02.2006 Kommuneplanens arealdel 2006-2018 - godkjenning Rådmannen si innstilling: til arealdel i kommuneplanen for perioden 2006 2018 som det ligg føre. Saksprotokoll i Planutvalet - 31.01.2006 Handsaming: Framlegg frå utvalsleiar: Endring føresegn, kapittel 1 punkt 5: Det kan gjerdast inntil 100 m 2 ved inngangspartiet som skjerming mot husdyr. Utforming og farge på gjerdet skal godkjennast av det faste utvalet for plansaker. Endring føresegn, kapittel 2 punkt 6: Det kan gjerdast inntil 100 m 2 ved inngangspartiet som skjerming mot husdyr. Utforming og farge på gjerdet skal godkjennast av det faste utvalet for plansaker. Elles som innstillinga frå formannskapet. Alternativ røysting. Framlegget frå utvalsleiar vart samrøystes vedteke. Vedtak: til arealdel i kommuneplanen for perioden 2006 2018, med desse endringane: Endring føresegn, kapittel 1 punkt 5: Det kan gjerdast inntil 100 m 2 ved inngangspartiet som skjerming mot husdyr. Utforming Endring føresegn, kapittel 2 punkt 6:
Det kan gjerdast inntil 100 m 2 ved inngangspartiet som skjerming mot husdyr. Utforming Saksprotokoll i Formannskapet - 31.01.2006 Handsaming: Innstillinga vart samrøystes vedteken. Vedtak: til arealdel i kommuneplanen for perioden 2006 2018 som det ligg føre. Saksprotokoll i Kommunestyret - 07.02.2006 Handsaming: Ordføraren orienterte om arbeidet med kommuneplanens arealdel. Tilleggsframlegg frå ordføraren: Rådmannen i samråd med formannskapet lagar eit opplegg for korleis arbeidet med ein strategisk næringsplan for Valle kommune kan gjennomførast. Røysting: Innstilling frå planutvalet: Samrøystes Røysting: Tilleggsframlegg frå ordføraren: Samrøystes Vedtak: til arealdel i kommuneplanen for perioden 2006 2018, med desse endringane: Endring føresegn, kapittel 1 punkt 5: Det kan gjerdast inntil 100 m 2 ved inngangspartiet som skjerming mot husdyr. Utforming Endring føresegn, kapittel 2 punkt 6: Det kan gjerdast inntil 100 m 2 ved inngangspartiet som skjerming mot husdyr. Utforming Rådmannen i samråd med formannskapet lagar eit opplegg for korleis arbeidet med ein strategisk næringsplan for Valle kommune kan gjennomførast. Saksutgreiing: 1. Bakgrunn for saka
Tekstdelen i gjeldande kommuneplan vart vedteken av kommunestyret i oktober 2002. Til arealdelen kom det sterke motsegn frå fleire offentlege instansar. I meklingane lukkast det ikkje å kome fram til semje om endeleg plan. Gjeldande arealdel til kommuneplanen vart vedteken i 1999. For å få vedteke ny arealdel til kommuneplanen valde kommunestyret i februar 2004 mellom fleire alternativ å starte ein ny planprosess for å lage eit nytt planutkast. Inntil nytt planutkast er vedteken er det altså planen frå 1999 som gjeld. Formannskapet vart oppnemnt til styringsgruppe for arbeidet og det vart sett ned ei arbeidsgruppe beståande av ordførar Steinar Kyrvestad, formann i planutvalet Bjørgulv N. Berg, nestleiar i planutval Tora Homme Uppstad. Frå administrasjonen Torgeir Haugaa og Knut Erik Paulsen som også har vore sakshandsamar for arbeidet. Plangruppa har hatt spesielt fokus på følgjande tema: Hyttebygging Bustadbygging Næringsområde Kulturlandskap Økologi Spesielt stor fokus har det naturleg nok vore omkring temaet hyttebygging. Plangruppa gjennomførte våren og sommaren 2004 grunneigarmøter i alle grendelag i kommunen. I august 2004 vart det også arrangert temamøte om hyttebygging. 2. Tilhøvet til gjeldande planar og lovverk Kommuneplanen skal rullerast ei gong i kvar valperiode, jfr. 20-1. kommunalplanlegging i Plan- og bygningslova: Kommunene skal utføre en løpende kommuneplanlegging med sikte på å samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utvikling innenfor sine områder. I hver kommune skal det utarbeide sen kommuneplan. Planen skal inneholde en langsiktig og en kortsiktig del. Den langsiktige del omfatter: Mål for utvikling av kommunen, retningslinjer for sektorenes planlegging og en arealdel for forvaltninga av arealer og andre naturressurser. Den kortsiktige del omfatter: Samordnet handlingsprogram for sektorenes virksomhet de nærmeste år. Kommuneplanleggingen skal bygge på de økonomiske og øvrige ressursmessige forutsetninger for gjennomføring. Det kan utarbeides arealplan og handlingsprogram for del av kommunen og handlingsprogram for bestemte virksomhetsområder. Minsten gang i løpet av hver valgperiode skal kommunestyret vurdere kommuneplanen samlet, herunder om det er nødvendig å foreta endringar i den. Departementet skal føre tilsyn med at plikten til løpende kommuneplanlegging blir overholdt.
3. Vurderingar Plan gruppa har som nemnt hatt spesielt fokus på hyttebygging og arealbruk knytt til hyttebygging. I forhold til tidlegare planer er utbyggingsområda redusert til Furestøylsområdet, Rysstadkleiva og Støyledalen der det vert lagt opp til høgstandardutbygging. Bjørnevatnområdet vart som eit resultat av planprosessen tatt ut av planen og vidare handsama i eigen kommunedelplan. Dette med mål vidareutvikling av utbyggingsområde til høgstandard. Andre utbyggingsområde er omdefinert til LNF område med spreidd utbygging Tidlegare godkjent tal hytter og fordeling er vidareført. Her er det fortsett tillete med låg- og mellomstandardhytter. Vi har søkt å modernisere arealplanen i tråd med dagens hyttemarknad og krav til standard, samstundes som planen er justert i tråd med Plan- og bygningslova når det gjeld krav til fordeling av utbyggingsretter og talfesting av antal hytter i utbyggingsområda. Det vert lagt opp til utbyggingsavtaler i samband med hyttebygging. I planen er området frå Leite og nordover til Jore bandlagt. I løpet av dei neste 4 åra må ein regulere dette området med ein reguleringsplan som avklårar spørsmålet om meir bustadbygging. I løpet av 2005 vart bustadpolitisk plan vedteken. Denne gir føringar for utviding av Leite bustadfelt. Plangruppa har vurdert industriområda på Flateland, Valle og Rysstad og konkluderar med at det er tilstrekkeleg areal for neste planperiode. Det er difor ikkje gjort endringar av noko slag. I framlegget til arealplan har ein også vurdert kulturlandskap. Området omkring Rygnestad er bandlagt, og det må utarbeidast reguleringsplan innan 4 år. Formålet med reguleringsplanen må vere å ta vare på kulturlandskapet og Rygnestadtunet. Gamle ferdelsvegar er vurdert, og ein tar sikte på at desse vert dokumentert gjennom eigne temakart. Temaet økologi har fokus på dyre- og planteliv. I arbeidet er det spesielt villreinen som har fått fokus. Vi har Europas sørlegaste villreinstamme i Setesdal vesthei, og vi har villrein også i austheia. Kommunen har ei viktig oppgåve i å vere med å sikre leveområde. Vi meiner å ha tatt omsyn til dette i samband med utarbeiding av planen. Plangruppa la fram utkast til arealplan våren 2005. Etter handsaming i formannskap og planutval, vart planen lagt ut på høyring med uttalefrist 15. september. Etter høyring låg det føre følgjande motsegn: Fylkesmannens miljøvernavdeling: Område for spreidd fritidsbusetnad i Ljosådalen for 16 hytter må ut av planen grunna villreininteressar. Byggjeområde i samband med alpinanlegg på Furestøyl må reduserast av omsyn til urørt vassdragsnatur, Njardarheim verna vassdrag. Talet hytter ved Myklevatn må vere maksimalt 200. Noregs vassdrags- og energidirektorat: 3 hytteområde lengst vest i Heddesdalen med 29 hytter må ut grunna omsyn til verna vassdrag.
Område med 18 hytter ved Tjurremo må ut grunna omsyn til verna vassdrag. Etter forhandlingar vert det semje om følgjande endringar: Området ved Ljosådalen går ut. Byggjeområdet ved alpinanlegget vert noko redusert. Talet hytter ved Myklevatn vert 230 som i framlegget. 2 mindre hytteområde i Hellesdalen går ut. Det siste feltet med 21 vert godkjent. Området med 18 hytter ved Tjurremo går ut. Aust Agder fylkeskommune fremja også motsegn mot hyttefelt i Heddesdalen, men trakk denne etter nærare avklåring om grense for gjeldande fylkesdelplan. Andre merknader til planutkastet: Av nabokommunane er det berre Fyresdal som har merknader. Desse gjeld villreinomsyn i Bjørnevatnområdet og skal vurderast i kommunedelplanarbeidet. Statens vegvesen peiker på at vegen frå Nomeland til Furestøyl må oppgraderast grunna utbygginga på Furestøyl. Aust Agder Fylkeskommune m.fleir tilrår at det vert utarbeidd kommunedelplan for Brokke Myklevatnområdet. Fylkeskommunen ønskjer lågstandardutbygging i Heddesdalen. Fylkesmannen har vidare ein del kommentarar til føresegnene som plangruppa har tatt omsyn til. Nye utbyggingsområde må ha risiko og sårbarhetsanalyse. Otra kraft har ønske om at alle kraftverksanlegg skal merkast på plankartet. Av privatpersonar/grunneigarar er det spesielt mange merknader til redusert antal hytter i Bjørgedalen. Etter jordskifta i området har plangruppa justert opp planforslaget i tråd med tidlegare tal. Kopi av alle innkomne merknader til saka ligg ved. Ein viser ellers til plankart, føresegner og retningsliner Valle, den 20.01.2006 Vidar Homme rådmann