Spørsmålsrunde 02.11.16
Kvifor har ikkje Sogn og Fjordane søkbare tilbod for alternativ opplæring? I Norge har fellesskolen lange tradisjoner. Fellesskolen er gjennomsyret av prinsippene om inkludering, likeverd og tilpasset opplæring. Skolen skal være for alle uavhengig av blant annet bakgrunn, funksjonshemminger og kjønn. Likeverdsprinsippet handler om at elevene skal bli møtt med utfordringer de kan strekke seg etter, og at ingen elever skal diskvalifiseres fra fellesskapet på grunn av forutsetninger, interesser, talenter, kjønn, alder, sosial, geografisk, kulturell eller språklig bakgrunn. Dette prinsippet forutsetter at alle elever skal ha like muligheter til å utvikle seg gjennom arbeidet med fagene i et inkluderende læringsmiljø.
Korleis vere sikker på at sakkunige vurderingar gjev dei vidaregåande skulane god nok informasjon. Sakkunnig vurdering skal vere relevant for 10.klasse. Er den ikkje relevant må PPT endre den. Overgangsmøte og fråsegn frå innsøkjande instans er i tillegg til sakkunnige vurderingar grunnlag for gode overgangar.
Er utfylling av karriereplan frivillig. Alle skal fylle ut punkt D. Vi ynskjer at det skal vere ein langsiktig plan som viser ein samanheng i opplæringsløpet. Dersom det ikkje er mogleg å fylle ut karriereplan blir sjølvsagt søknaden handsama på lik linje med andre søknadar.
Er det framleis ein frist for enkeltvedtak og iop Alle elevar som får spesialundervisning skal ha enkeltvedtak og iop. Saksgangen for spesialundervisning er uavhengig av fristar og skuleår.
Blir det utarbeidd kartleggingsverktøy? Læringsstøttande prøver på vg1 i lesing og rekning er nye frå hausten 2016. Prøvene er eit verktøy for undervegvurdering og for å tilpasse opplæringa til kvar einskild elev. Læringsstøttande prøver er eit godt verktøy for å få til ei systematisk oppfølging av elevane og fylkesdirektøren har bestemt at det skal gjennomførast i lesing og rekning for alle elevar på vg1 hausten 2016. Det er framleis kartleggingsprøver i engelsk på Vg1. Frå hausten 2017 er dei også læringsstøttande prøver.
Korleis er lærekandidatordninga? Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fageller sveineprøve. Opplæringslova 4-1 Lærekandidatordninga gjev høve til å tilpasse opplæringa ut frå dei behova som lærekandidaten har. Lærekandidaten har dei same rettane som ein lærling. Det er i utgangspunktet ikkje teorikrav. Lærekandidatane har rett på spesialundervisning. Fylkeskommunen betaler ut midlar for ekstra tilrettelegging i bedrift, etter fråsegn frå PPT. Lærekandidatordninga bygger på godkjent læreplan. Ein legg inn i opplæringsplanen det lærekandidaten skal kunne når opplæringstida er over. Opplæringsplanen kan evaluerast i læretida.
Kven skal vi vende oss til med spørsmål angåande lærekandidatar? Dagfinn Henjum Sværen, tlf. 976 37 863 e-post dagfinn.henjum.sveren@sfj.no
Når blir overføringsmøta gjennomførde for elevar som er søkt inn til 1.mars Etter søknadsfristen tek fylkesdirektøren ut rapportar over søkjarane sine 1.ønske og sender til mottakarskulane. Det er dei vidaregåande skulane som har ansvar for å kalle inn og gjennomføre møta etter fast mal, så snart som råd.
Kven er innsøkjande instans for søkjarar som oppfølgingstenesta har ansvar for? Oppfølgingstenesta skal i samarbeid med rådgjevarane ved dei vidaregåande skulane søke inn søkjarar som oppfølgingstenesta har ansvaret for.
Korleis søkjer ein inn elevar med dysleksi/dyskalkuli som har hatt spesialundervisning på ungdomsskulen? Søknadsfrist er 1.mars for søkjarar som kan ha behov for særskilt tilrettelegging av opplæringa. Jf. pkt. B i vedleggsskjema.
Søknad som gjeld minoritetsspråklege 6-23 (vg1) Søknad om individuell handsaming for søkjarar som har hatt rett til særskilt språkopplæring etter oppl.l. 2-8, og som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga Elevar med enkeltvedtak om særskilt språkopplæring og spesialundervisning 6-8b (vg1, vg2 og vg3) Minoritetsspråklege søkjarar som har enkeltvedtak om særskilt språkopplæring etter oppl.l. 2-8 (vg1) eller 3-12 (vg2 og vg3) Elevar med enkeltvedtak om særskilt språkopplæring som har karakter i meir enn halvparten av faga. 6-8c (vg1, vg2 eller vg3) Minoritetsspråklege søkjarar som nettopp er komne til Noreg. Elevar som søkjer til 6-8c er nettopp komne til Noreg og har ikkje enkeltvedtak om særskilt språkopplæring.
Kor mykje og kva må ein skrive noko om i «Fråsegn frå innsøkande instans»? Ei kort skildring av innhald og organisering av opplæringa føregåande år som t.d. fag, vurdering, rammer, mål og annan relevant informasjon.
Er det krav om at foreldra skal godkjenne søknaden og tilvising til PPT? Godkjenning frå føresette er ikkje naudsynt når søkjaren er over 15 år. Oppl.l. 3-1 og 5-4 Skulen kan ikkje tilvise til PPT utan løyve frå eleven.
Kva punkt i vedleggsskjema har krav om at ein skal legge ved sakkunnig vurdering og tilråding frå PPT for inneverande år? Pkt. A og B i vedleggsskjema skal følgast av sakkunnig vurdering og tilråding for inneverande år.
Til 6-25 og dokumentasjon i punkt C: Kva med elevar som jamleg går til BUP/psykolog? BUP er ein del av spesialisthelsetenesta. Dokumentasjon frå BUP er jamstilt med dokumentasjon frå lege.
Søknad om utvida tid i vidaregåande opplæring 6-19: Fylkesdirektøren for opplæring fattar vedtak. Søknad om utvida rett til vidaregåande opplæring. 3-1 femte ledd: Fylkesdirektøren for opplæring fattar vedtak
Korleis sikrar vi gode overgangar i grunnopplæringa? Samarbeid om søknad Overgangsmøte Informasjon og dokumentasjon til vedleggsskjema
Korleis sikrar vi at elevane får tilpassa opplæring frå skulestart? Skulane er ansvarlige for å gje alle elevar tilpassa opplæring frå skulestart. Overgangsrutinar skal sikre dette. Ved at PPT arbeider systemretta får lærarane støtte til å styrke den tilpassa opplæringa.
Pkt. B Ordinær søknad Korleis fyller ein ut vedleggsskjema for elevar som i grunnskulen har hatt spesialundervisning etter 5-1 og elevar vi tidlegare søkte inn på vedleggsskjema 2? Begge desse gruppene skal søkje med vedleggsskjema innan 1.mars. Hak av i pkt. B søkjarar som kan ha behov for særskilt tilrettelegging av opplæringa. Søknaden må dokumenterast. Sjå punkt C.
Korleis avklarar ein, eller kven avklarar, mål for opplæringa? Søkjaren avgjer om han vil søkje yrkesfagleg eller studieførebuande utdanningsprogram. Mål for opplæringa kan vere fag- og yrkeskompetanse, studiekompetanse eller grunnkompetanse. Rådgjevar skal rettleie i val av utdanning og yrke.
Kva avgjer om ein søkjer 1. februar eller 1. mars? Tidlegare behov for spesialundervisning eller særskilt tilrettelegging av opplæringa skal ligge til grunn for vurderinga av om søknaden skal sendast innan 1.februar eller 1.mars. Dokumentasjonen som ligg ved søknaden er grunnlag for sakshandsaming.
Kva er grunnkompetanse? Elevar med spesialundervisning i vidaregåande opplæring kan delast i to grupper. Den eine gruppa er elevar med mål om full kompetanse og ordinært vitnemål. Den andre gruppa får spesialundervisning med mål om kompetanse på lågare nivå planlagt grunnkompetanse. I opplæringslova 3-3 viser grunnkompetanse til all opplæring som ikkje fører til full studie- eller yrkeskompetanse. Grunnkompetanse blir dokumentert gjennom kompetansebevis. Grunnkompetanse kan vere både planlagt og ikkje planlagt for elevene. Det skal utarbeidast IOP.
Inntak på grunnlag av karakterpoeng Ordinære søkjarar Søkjarar i pkt. B i vedleggsskjema Søkjarar som ikkje fyller krava i pkt. A Alle søkjarar har rett til eitt av tre prioriterte utdanningsprogram.
Søkjarar til 6-25 som og har behov for særskilt tilrettelagt opplæring. Den tidlegaste søknadsfristen er alltid gjeldande. Det skal berre settast eitt kryss, enten i A eller B. Vedleggsskjemaet må samsvare med søknaden i vigo.no For å synleggjere behovet for særskilt tilrettelagt opplæring skal det leggast ved ei fråsegn frå innsøkjande instans. Sjå pkt. C.