GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Like dokumenter
GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Første del av møtet blir eit sammøte med rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Arnfinn Brekke Arnar Kvernevik. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti

Første del av møtet blir eit sammøte med eldrerådet.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte:

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Gunnvor Sunde

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte:

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kent Øystein Hjelle Solveig Lien Gusdal Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.no. Gloppen kommune 18.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

Til sak 135/16 er også innkalla gruppeleiarane til dei partia som ikkje er representerte i formannskapet.

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl.

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Magni Aa Berge Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Arnfinn Brekke Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Bjarte Gangeskar

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Skarsteinsbygget på Sandane/På Søreide Dato Tid Kl.

GLOPPEN KOMMUNE KULTUR- OG MILJØUTVALET

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Kontrollutvalet i Sogndal kommune Møtebok

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Samfunnsdelen. Planprogram: KOMMUNEPLAN FOR GLOPPEN KOMMUNE Våre viktigaste satsingsområde: Variert bustadutvikling

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:00

BOKN KOMMUNE Formannskapet. Møtebok

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

BOKN KOMMUNE Forvaltningsstyre HOVUDUTSKRIFT

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: Tid: Kl. 09:00

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Møtedato: Møtetid: Kl Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl.

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

Møtedato: Møtetid: Kl. 14:00 17:00. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 1/17 6/17

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Status etter 2016 og framover

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Magni Aa Berge Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Leidulf Rygg Bogstad Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Bjarte Gangeskar

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Transkript:

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK Møtedato: 23.11.2016 Møtetid: Kl. 09:00 11:20 Møtestad: På Søreide Saksnr.: 038/16-044/16 Desse medlemmene møtte: Arnfinn Brekke Olaf Sigurd Gundersen Vidar Sandal Marit Straume Liv Petra Holme Parti Krf Sp Sp Sp Ap Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Per Ståle Husevåg Krf Geir Falck Eide Krf Anniken Rygg H Roar Henden H Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Arnfinn Brekke Frå adm. møtte: Helse- og omsorgssjef Anita Lothe Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 39/16! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Arnfinn Brekke Side 1

SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 038/16 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 039/16 Referat og orienteringssaker 040/16 Kommunal akutthjelp døgnopphald innan psykisk helse- og rusområde 041/16 Miljøarbeiderteneste - organisering av tenester til menneske med utviklingshemming 042/16 Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2030 - høyring 043/16 Årsbudsjettet for 2017 - økonomiplanen for 2017-2020 044/16 Statusrapport for 2. tertial 2016 Side 2

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 038/16 Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 16/1334-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå helse- og omsorgsutvalet sitt møte den 16. november i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiaren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING: 1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 16. november 2016 2. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 23. november 2016. 23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 038/16 VEDTAK: 1. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 16. november 2016 2. Helse- og omsorgsutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 23. november 2016. Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 039/16 Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet Saksbehandlar: Anita Lothe Referat og orienteringssaker Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 16/1333 Refererte skriv og meldingar: Det er så langt ingen referat eller orienteringssaker utanom dei det er skrivne eigne saker om. Ordet fritt RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Juletrefesten på omsorgssenteret på 5. juledag vart planlagt. 039/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Eldrerådet 21.11.2016 028/16 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016 028/16 Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 040/16 Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet Saksbehandlar: Anita Lothe Objekt: Arkiv: G0 Arkivsaknr.: 12/545-61 Kommunal akutthjelp døgnopphald innan psykisk helse- og rusområde Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I Stortingsmelding nr 26 (2014-2015) «Fremtidens Primærhelsetjeneste nærhet og helhet», er eit av tiltaka å innføre kommunal akutthjelp døgnopphald (KAD) også innan for psykisk helse- og rusområdet frå 2017. Fram til denne tid har dette tilbodet vore tenkt til somatisk sjuke pasientar. Dette er også i tråd med samhandlingsreforma som legg til grunn at kommunane skal ta eit større ansvar for behandling og oppfølging av pasientar, også innan psykisk helse og rus. Regjeringa vil tydeliggjere kommunane sitt ansvar for forsvarlege tenester til menneske med psykisk sjukdom og rusproblematikk. Dette blant anna ved å innføre betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling frå 2018. I tillegg vil den kommunale plikta til akutthjelp døgnopphald også omfatte brukarar med psykisk helse- og rusproblematikk. Helse- og omsorgsutvalet i Sogn og Fjordane sette ned ei arbeidsgruppe som skulle utgreie forholda kring denne oppgåva og kome med ei tilråding til korleis kommunane skulle løyse denne oppgåva. I arbeidsgruppa har det vore representantar frå ulike profesjonar, ulike kommunar og Helse Førde. Gloppen har delteke med lege og sjukepleiar. I juni 2016 leverte arbeidsgruppa frå seg rapport med tilråding. Dei tilrår å knyte tilbodet opp mot allereie eksisterande somatiske KAD-plassar. Kvar kommune skal utarbeide eiga særavtale med Helse Førde når det gjeld dette tilbodet. Det er truleg aktuelt å revidere eksisterande avtale til å også gjelde psykisk helse- og rusområdet. I Gloppen har lokal faggruppe vurdert rapporten og vi ser at det nye tilbodet kan knytast opp mot KAD-plassane på Gloppen omsorgssenter 1. etg. Vi tenker at dei to KAD-sengane også kan nyttast til pasientar innan rus og psykiatri som skal ha eit slikt tilbod. Pasientar som er aktuelle for dette tilbodet er pasientar med avklarte tilstandar og diagnosar der hovudproblemet er forverring av kjent liding. Alvorleg sjuke pasientar med uavklara problemstillingar skal fortsatt ha behandling i spesialisthelsetenesta. Det er vakthavande lege i kommunen som vurderer pasientar for dette tilbodet. Kor stort behovet er for denne typen tilbod er uvisst. Erfaringane frå det eksisterande KAD-tilbodet i fylket er så langt at tilbodet ikkje vert nytta i så stor grad som det er dimensjonert for. Side 5

For å kunne gje eit fagleg forsvarleg tilbod er det behov for å auke kompetansen på dette fagområdet, samt auka bemanning når det er behov for det i eininga. Vi har i dag tilsette i eininga med denne spesialkompetansen, og vi vil sette i verk ulike tiltak for å heve den generelle kompetansen i eininga på dette området. Vakthavande lege, fastlegar og den kommunale psykiatri-eininga er sentrale kommunale samarbeidspartar i dette tilbodet. I tillegg vil psykiatrisk avdeling og ambulerande team frå spesialisthelsetenesta også vere viktige samarbeidspartar. Vakthavande lege og tilsynslege vil saman med tilsette på omsorgssenteret vere ansvarlege for det faglege tilbodet til pasientane som er innlagt på KAD. Økonomiske konsekvensar: Det er foreløpig uvisst kor mykje eit slikt tilbod vil koste. Vi vil ha utgifter knytt til kompetanseheving og ekstra bemanning når det er aktuelt. I framlegg til statsbudsjettet for 2017 er det lagt inn ei auke i rammetilskotet på kr 177 000 til denne oppgåva. Dette er lagt inn i ramma for helse- og omsorgssektoren i budsjettet for 2017. Rådmannen si vurdering: Rådmannen legg i første omgang saka fram til orientering. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. 21.11.2016 ELDRERÅDET 028/16 VEDTAK: Eldrerådet tek saka til orientering. 21.11.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 028/16 VEDTAK: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tek saka til orientering. 23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 040/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Side 6

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016 029/16 Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 041/16 Avgjerd av: Helse- og omsorgsutvalet Saksbehandlar: Anita Lothe Objekt: Arkiv: G00 Arkivsaknr.: 16/461-7 Miljøarbeiderteneste - organisering av tenester til menneske med utviklingshemming Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Gloppen kommune vurderer å omorganisere tenestene til menneske med utviklingshemming til ei ny miljøarbeidarteneste. Målet med ei eventuell omorganisering er betre tenester til brukarane, gode fagmiljø for dei tilsette, betre ressursutnytting og meir fleksible tenester. Brukarane skal fortsatt motta tenestene dei har vedtak på og faste tilsette skal ikkje misse arbeidet. Bakgrunnen for dette arbeidet er fleire forhold Ynskje og behov for større fleksibilitet i tenestene for å kunne tilpasse bruk av ressursane ved behov og ikkje minst ved endra behov Deler av tenestene i dag er lite hensiktsmessig organisert og lite fleksibel for å stette behova til brukarane Ansvarsområdet for nokre av leiarane i dag er for stort og komplekst Menneske med utviklingshemming er ei sårbar gruppe som er avhengig av kjende tilsette, kontinuitet og stabilitet i tenestene. Dette har vi ikkje fått godt nok til for nokre av brukarane Tanken er å skape gode fagmiljø, der vi lettare kan rekruttere gode fagpersonar til tenestene Målet er best mogleg tenester til brukarane. Det ligg no føre eit forslag til organisering. Arbeidet med å vurdere ei ny organisering har vore ein prosess der tillitsvalde, brukarrepresentantar, helse- og omsorgssjef og einingsleiarar har vore med. Forslag til ny organisering er ei eining med tre avdelingar: Åsavegen/Nordåsen/heimebuande, Åsateigen, Solsikka, med ein einingsleiar og tre avdelingsleiarar. Desse vil vere eit leiarteam med felles ansvar for tenestene. Einingsleiar skal ha overordna ansvar for budsjett, økonomi, ressursfordeling mellom einingane, oppfølging av sjukemelde, personalmøte, personalsaker, saksbehandling og fagleg ansvar for tenesta. Side 7

Avdelingsleiarane skal ha ansvar for den daglege drifta, turnus, dagleg personalansvar, fagleg ansvar og ressursbruk i avdelingane. Fordeling av administrasjonsressursar og vurdering av behov er gjort på grunnlag av vurdering av tal tilsette i kvar avdeling, sett i samanheng med kompleksiteten i tenestetilbodet i dei ulike avdelinga. Figuren under illustrerer ei eventuell ny organisering. Det er teke utgangspunkt i dei ressursane vi har i dag og kvalitetssikra at vi har ressursar til å yte dei tenestene vi i dag har gjort vedtak om. Ingen faste tilsette skal miste arbeidet, men for nokre tilsette vil det medføre nye, endra og spennande oppgåver. Brukarane skal motta dei tenestene dei har vedtak på. Vurderingane som er gjorde er at det er positivt å ha ein einingsleiar som har det overordna ansvaret for tenesta samla og har overordna økonomi- og personalansvar for alle tre avdelingane. Vi har tru på at ressursane vil verte betre utnytta og tenestene kan koordinerast betre slik at det kan takast høgde for individuelle tilpassingar til den enkelte brukar. Ny organisering kan bidra til betre kvalitet på tenesta ved at det blant anna ikkje vert så mange ukjente personar på enkelte brukarar slik det er i dag. Vi vil få eit større fagmiljø og høve til å tilsette folk i større stillingar ved at dei kan arbeide mellom tenestene ved behov. Dette kan bidra til betre rekruttering i tenesta. Vi vil no halde informasjonsmøte for tilsette og brukarar/pårørande og vurdere innspel som kjem til forslaget om ny organisering. Så skal det eventuelt gjerast eit endeleg administrativt vedtak om ny organisering. Dersom ny organisering vert fastsett, skal ei ny eining planleggast. Tidsperspektivet på ei eventuell omorganisering er ikkje klart. Det er viktig å bruke nok tid slik at vi får gode prosessar. Vi skal ivareta dagens einingsleiarar og andre tilsette. Ny einingsleiar og avdelingsleiarar bør vere delaktige i planlegging av ei ny miljøarbeiderteneste. Dato for ei eventuell omorganisering er uviss, kanskje kan vi få det til i løpet av 2017. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Side 8

21.11.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 029/16 VEDTAK: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne tek saka til orientering. 23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 041/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet tek saka til orientering. Side 9

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Eldrerådet 21.11.2016 026/16 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016 026/16 Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 042/16 Oppvekstutvalet 24.11.2016 042/16 MULTEK-utvalet 24.11.2016 129/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Beate O. Kornberg Objekt: Arkiv: 140 Arkivsaknr.: 16/1159-9 Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2030 - høyring Vedlegg: Dok.nr 282512 Tittel på vedlegg Utkast til planprogram: Kommuneplan for Gloppen kommune 2017-2030 - samfunnsdelen Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka: I «Kommunal Planstrategi 2016 2020 for Gloppen kommune» har kommunestyret vedteke full revisjon av den gjeldane kommuneplanen sin samfunnsdel, med oppstart hausten 2016 og ferdigstilling i løpet av 1. halvdel av 2017. Den legg vidare opp til ei delvis revidering av gjeldande arealplan hausten 2017. For å sikre ei brei forankring av planprogrammet pliktar kommunen å innhente synspunkt frå offentlege instansar og berørte interesser. Utkast til planprogram skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker før kommunestyret si slutthandsaming, jfr. plan- og bygningslova (Plb.) 11-13. I kommunestyremøtet 26.09.16, då planstrategien vart vedteken, fekk rådmannen i oppdrag å vurdere om planprosessane for samfunnsdelen og arealdelen kan samordnast i tid, med endeleg vedtak av begge hausten 2017. Saksutgreiing: Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt verktøy for heilskapleg planlegging. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommunen synleggjere sine viktigaste utfordringar knytt til samfunnsutvikling, sette seg konkrete og overordna mål og gjere strategiske val. Før oppstart skal det utarbeidast eit planprogram, jamfør Plb. 4-1. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, beskrive planprosessen og kva medverknadsprosessar det vert lagt opp til. Den skal vidare beskrive organisering av arbeidet, og innehalde ein framdriftsplan. Side 10

I rådmannen sitt forslag til planprogram for samfunnsdelen er det lagt særskild vekt på å legge til rette for ei brei medverknad. Brei deltaking i samfunnsutviklinga er eit viktig verkemiddel for å sikre lokale og nasjonale fellesverdiar, og skape eit lokalt engasjement blant kommunen sine innbyggarar. Planprogrammet legg altså opp til ei kommunikativ form for planlegging, og ulik grad av medverknad gjennom ulike delar av prosessen. Den første fasen av planarbeidet vil dreie seg om val av visjon/posisjon. Kva vil vi at Gloppen skal vere kjent for? Kvar skal vi vere om 10 år eller 20 år? Dette arbeidet vert førebudd allereie på eit «kickoff» for planarbeidet 31.10.16. I den første fasen er det ønskjeleg med innspel frå så mange som råd, og verkstader/arenaer for medverknad skal leggje til rette for det. Etter ein brei inngang til temaet skal vidare arbeid gå føre seg i ei eller fleire arbeidsgruppe. Desse bør vere sett saman på tvers av roller og interesser, til dømes av politikarar, tilsette, næringsliv og utviklingslag. Gruppene skal ta val, spisse bodskapen og leggje fram forslag til formannskapet som er styringsgruppe for planarbeidet. Når utkast til samfunnsdelen er ferdig utarbeidd, skal dette ut på høyring, som er siste høve til medverknad. I denne fasen legg planprogrammet opp til at kommunen skal vere til stades på ulike arenaer og arrangement for å kome i dialog med innbyggarar. Engasjement blant både innbyggarar, tilsette, politikarar, næringsliv og andre grupper av interessentar er ikkje berre viktig for utarbeidinga av kommuneplanen, men òg for å samlast om ein visjon og dra utviklinga i lag når strategiane skal settast ut i live. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Rådmannen har ikkje noko konkret beløp på kva det vil koste å utarbeide ein ny kommuneplan, men kostnaden blir sjølvsagt vesentleg med alt arbeidet som må leggast ned for å få ein god prosess og ein tenleg plan. Rådmannen legg opp til at arbeidet skal gjerast i kommunal regi og med dei tilsette vi har i dag. Rådmannen si vurdering: Forslaget til planprogram inneheld bakgrunn og målsetting for planarbeidet og informasjon om organisering, medverknad og framdrift. Rådmannen vil i sitt arbeid med planen ta utgangspunkt i dei utfordringane som er trekt fram i kommunen sitt «Utfordringsdokument» og dei fem hovudsatsingsområda som er vektlagt i vedteken «Planstrategi 2016-2020». Planprosessen vil avgjere om det i tillegg skal leggast vekt på andre tema. Etter rådmannen sitt syn oppfyller planprogrammet forventningane i plan- og bygningslova, og er eit realistisk planprogram som vil la seg gjennomføre i løpet av føreslege tidsramma og med dei planressursane kommunen har i dag. Administrativt vil rådmannen bruke si leiargruppe til å styre arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Det kommunale planforumet vil få oppgåva med å organisere og gjennomføre prosessen rundt dei ulike temaområda, og fungere som sekretariat. Formannskapet vil bli løpande orientert om prosess og framdrift. --- ( ) Side 11

RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til planprogram for «Kommuneplan for Gloppen kommune 2017-2030 Samfunnsdel» ut på høyring med føreslege framdriftsplan, organisering og opplegg for medverknadsprosessar. 17.10.2016 FORMANNSKAPET 121/16 VEDTAK: Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til planprogram for «Kommuneplan for Gloppen kommune 2017-2030 Samfunnsdel» ut på høyring med føreslege framdriftsplan, organisering og opplegg for medverknadsprosessar. Vidare behandling av saka: Planprogrammet for ny samfunnsdel vart lagt ut på høyring og offentleg ettersyn 17. oktober, med frist for å kome med innspel innan 28. november. Det er eit klart mål i arbeidet med ny samfunnsdel å legge til rette for at flest mogleg innbyggarar, politikarar, næringsaktørar, frivillige lag og organisasjonar og leiarar og tilsette tek eigarskap i prosessen. I samband med høyringa ber rådmannen råda og utvala særleg om innspel til gjennomføring av medverknad i planprosessen. RÅDMANNEN SI TILRÅDING:. viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og har desse merknadene: 21.11.2016 ELDRERÅDET 026/16 VEDTAK: Eldrerådet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og ber om at administrasjonen inviterer seg inn på pensjonistlaga sine møte. 21.11.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 026/16 VEDTAK: Side 12

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og har ikkje andre merknader enn at Mona Vekst kan vere eit forum for medverknad. Elles blir rådet si oppgåve å sørgje for medverknad frå dei gruppene rådet representerer. 23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 042/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og meiner det er lagt opp til ein god planprosess med vekt på brei medverknad. Side 13

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 16.11.2016 038/16 Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 037/16 MULTEK-utvalet 17.11.2016 125/16 Eldrerådet 21.11.2016 027/16 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016 027/16 Formannskapet 21.11.2016 135/16 Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 043/16 Oppvekstutvalet 24.11.2016 043/16 MULTEK-utvalet 24.11.2016 130/16 Formannskapet 28.11.2016 142/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 151 Arkivsaknr.: 16/971-12 Årsbudsjettet for 2017 - økonomiplanen for 2017-2020 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 284872 Årsbudsjettet for 2017 - Økonomiplanen for 2017-2020 284873 Gebyr og betalingssatsar for 2017 284874 Gebyr for byggjesak 2017 Gloppen 284875 Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova Bakgrunn for saka: Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 for kommunestyret den 14. november i år. Det er formannskapet som kjem med framlegg til kommunestyret om årsbudsjett for neste år og om økonomiplanen for dei neste fire åra. Som vanleg er det lagt opp til at råda og hovudutvala kjem med uttale til budsjettframlegget før formannskapet gjer vedtak om utlegging til offentleg gjennomsyn. Saksutgreiing: Rådmannen skriv dette i samandraget i budsjettdokumentet: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 er på driftssida i hovudsak ei vidareføring av dagens kommunale drift, og på investeringssida ei opplisting av prioriterte investeringstiltak som det etter rådmannen si vurdering er plass til med den oversikta vi no har over kommunen sin økonomi. Side 14

Rådmannen sitt framlegg vil få Gloppen kommune ut av den såkalla ROBEK-lista som vi hamna på ved ein tabbe under utarbeidinga og behandlinga av siste økonomiplan. Framlegget til årsbudsjett for 2017 er i balanse utan bruk av disposisjonsfondet. To tiltak er rett nok finansierte med bruk av disposisjonsfond: kommunen sitt bidrag til fiber i Breim og på Sørstranda og tilskotet til klubbhus for golfklubben. Frå 2018 viser økonomiplanen eit mindre overskot kvart år. Nytt av året er at rådmannen legg fram lister over tiltak som burde vore gjennomførte viss øko-nomien hadde tillate det. Rådmannen legg også fram ei oversikt over stillingsendringane frå budsjett 2016 til budsjett 2017. Dette er eit forsøk for å få betre oversikt over kva som endrar seg på stillings-sida. Det er viktig og avgjerande at vi har kontroll med oppretting av nye stillingar. Rådmannen helsar velkomen kontrollutvalet sitt prosjekt for å sjå på rutinane ved stillingsoppretting. Desse nye stillingane ligg inne i rådmannen sitt framlegg: Ei ny saksbehandlarstilling i administrasjonen, med 60 % bruk i 2017 Ei ny stilling som helsesøster finansiert med statstilskot Stillingar til ei ekstra klasse ved Gloppen ungdomsskule frå skuleåret 2017/2018 Ei ny stilling på NAV Gloppen i samband med mottak av fleire flyktningar. Utgiftene til avdrag er auka og er no i samsvar med det rekneskapsforskriftene seier om nedbetaling av kommunale lån: nedbetalinga skal følgje avskrivingstida på prosjekta det er lånt til. Når rådman-nen trass i så godt som nullvekt i skatt og rammetilskot har funne plass til nokre nye stillingar og forskriftsmessig budsjettering av avdrag på lån, skuldast dette litt høgare avkastning og inntekter frå kraftverdiane våre, ei mindre oppjustering av takstgrunnlaget for eigedomsskatten på hytter og bustader og ein vesentleg auke i tilskotet til mottak av flyktningar. Det siste fører sjølvsagt også til auka driftsutgifter. Heile driftsbudsjettet er stramt. Det viser sektorane sine lister over tiltak som burde vore med. Det er ikkje lagt inn endringar i drifta i åra etter 2017 utover driftsmessige konsekvensar av investeringsframlegget. Rådmannen legg fram eit framlegg til investeringsplan på vel 350 millionar i perioden. Dette vil auke lånegjelda til kommunen med om lag 230 millionar. Dei store tiltaka er: Rehabilitering av skuleanlegget i Hyen, 53,7 mill. Nytt omsorgsbygg, 42,8 mill. Ny brannstasjon med utleigelokale til politiet, 40 mill. Utviding av bustadfestet i Valborgkleiva, 14,8 mill. Rådmannen har ikkje sett av midlar til utviding av skulane på Sandane og på Nordstranda i påvente av barnehage- og skulebruksplanen. Rådmannen har heller ikkje sett av noko særleg til sentrums-utvikling og bustader sidan eg her ventar på bustadpolitisk plan og resultatet av parallelloppdraget i sentrum. Saman med budsjettdokumentet legg rådmannen også fram sitt forslag til kommunale gebyr og prisar for 2017. Gebyr- og betalingsheftet vil bli behandla som eiga sak i neste runde av den folkevalde behandlinga av budsjettframlegget. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dette er ikkje eit aktuelt punkt i denne saka. Side 15

Rådmannen si vurdering: Rådmannen sine vurderingar går fram av budsjettdokumentet. Rådmannen kjem ikkje med tilråding i saka i fasen av budsjettarbeidet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Saka vart drøfta. 037/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 16.11.2016 OPPVEKSTUTVALET Saka vart drøfta. 038/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 17.11.2016 MULTEK-UTVALET Saka vart drøfta. 125/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak til saka. 21.11.2016 FORMANNSKAPET Til denne saka var også gruppeleiarane i Høgre. SV og Miljøpartiet dei Grøne inviterte. Dagfinn Nyhammer møtte for Anniken Rygg for Høgre og Hege Lothe møtte for SV. Framlegg/innspel frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Endringsframlegg/vurdringar frå KrF til Gloppen kommune sitt årsbudsjett for 2017 og økonomiplan 2017-2020 I rådmannen sitt budsjett er det oppstilling (side 8 og 9) som viser folketalsutviklinga i kommunen og alderssamansettinga. Utviklinga viser for 2015 null i fødselsoverskotet ( fødde og døde) og prognosen for fødde i 2016 ligg under snitt for dei siste åra. Inntektssystemet til kommunane vert i større grad knytt opp til antal personar busett i Side 16

kommunen. Kommunebudsjetta må fange opp desse utfordringane ved auka satsing på bustadbygging, næringsutvikling og andre tiltak som fremjar auke i folketalet i kommunen. 1. I budsjettet på side 8 er det attgjeve 5 punkt frå utfordringsdokumentet som satsingsområder for kommunestyreperioden: 1. Variert bustadutvikling 2. Inkluderande lokalsamfunn 3. Næringsutvikling 4. Attraktive tettstadar/sentrumsutvikling 5. Samspel og alliansebygging Det er viktig at ein i komande budsjett har ei vurdering på måloppnåing i høve til desse satsingsområda. Kan rådmannen seie noko om dette i høve til budsjettet for 2017? 2. Kommunestyret er kjent med at det er sendt ut ein invitasjon til kommunen frå Fylkesmannen om prosjekt knytt opp mot det «grøne skiftet». Kommunestyret ber rådmannen ved starten av 2017 legge fram ei sak som omhandlar dette. 3. Det er gjort vedtak om å utarbeide ein barnehage og skulebruksplan for kommunen som skal vere ferdig hausten 2017. Kommunestyret ber om at oppvekstsjefen får tilført ekstra ressursar til å utføre dette arbeidet, enten ved intern omdisponering eller endring / auke i stillingsheimlar som er i organisasjonen. 4. Konkrete endringsframlegg i høve rådmannen sitt budsjettframlegg: INVESTERINGAR a) Bustadfelt Gloppestad Detaljregulering og avtale om grunnkjøp i 2017 (avsett kr 400 000) 2018 kr 6 250 000 2019 kr 6 250 000 b) Utviding Sandane skule (skulebruksplanen i 2017) 2018 kr 10 000 000 2019 kr 20 000 000 c) Gloppen kyrkjelege Fellesråd Påplussing til ramma på kr 3 875 000 1) Auka stilling som kyrkjegardsarbeidar kr 230 000 2) Auka stilling frå 40 til 50 prosent diakon kr 50 000 Eingongstilskot for 2017: Gimmestad Kyrkje måling kr 340 000 Vereide kyrkjegard parkeringsplass kr 50 000 d) Vegen Fjellbygda - Kleivane skisenter Opprustning. Ber om at denne vegen vert prioritert inn i posten for vedlikehald kommunale vegar i 2017. e) Andre vegar Side 17

Deler av Lyngvegen - ved starten av Åsavegen har ikkje autovern. Dette bør vurderast i høve bruk av posten vedlikehald kommunale vegar i 2017. Åsavegen frå Sandane kyrkje til Kunstgrasbana/Nordåsen. Opparbeiding av gang og sykkelveg på denne strekninga (kort avstand, men mykje trafikk både til kunstgrasbana og til skuleområdet). Framlegg frå Bernt Reed (Sp): Til kommunale prisar: Auken i prisen på kinobillettar blir gjort på vaksenbillettane, ikkje på billettar for barn og unge. Det vart ikkje røysta over framlegga. --- Saka vart drøfta. 135/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 21.11.2016 ELDRERÅDET 027/16 VEDTAK: Eldrerådet meiner at Gloppen kommune har for få plassar for heildøgns pleie og omsorg. Det har vi hatt over tid. Dette fører til press på rehabiliterings- og avlastningsplassane. Dette fører igjen til at personar i den opne omsorga vert utrygge og kanskje vil søkje seg inn på plassar med heildøgns pleie og omsorg på eit tidlegare tidspunkt enn elles nødvendig. På kort sikt meiner rådet at ei auking av rehabiliterings- og avlastningsplassane til ein viss grad vil avhjelpe situasjonen. 21.11.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 027/16 VEDTAK: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne meiner at Gloppen kommune har for få plassar for heildøgns pleie og omsorg. Det har vi hatt over tid. Dette fører til press på rehabiliterings- og avlastningsplassane. Dette fører igjen til at personar i den opne omsorga vert utrygge og kanskje vil søkje seg inn på plassar med heildøgns pleie og omsorg på eit tidlegare tidspunkt enn elles nødvendig. På kort sikt meiner rådet at ei auking av rehabiliterings- og avlastningsplassane til ein viss grad vil avhjelpe situasjonen. Side 18

23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Framlegg frå Olaf Sig. Gundersen (Sp): Helse- og omsorgsutvalet ber om at det i budsjettet for 2017 blir lagt inn kr 841.200 i auka driftstilskot til Firda fysikalsk-medisinsk senter. Framlegget fekk tre røyster og fall. 043/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet vil påpeike at Gloppen kommune har for få omsorgsplassar med heildøgns bemanning. Utvalet meiner derfor at prosessen med planlegging av nytt omsorgsbygg må prioriterast slik at auka kapasitet kan vere klar i løpet av 2020. Helse- og omsorgsutvalet meiner også at det på kort sikt må prioriterast tiltak for å auke talet på omsorgsplassar med heildøgns bemanning. Side 19

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 044/16 Oppvekstutvalet 24.11.2016 044/16 MULTEK-utvalet 24.11.2016 131/16 Formannskapet 28.11.2016 141/16 Kommunestyret 19.12.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Statusrapport for 2. tertial 2016 Objekt: Arkiv: 212 Arkivsaknr.: 16/534-9 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 285332 Rapport for 2. tertial 2016 Bakgrunn for saka: Vedlagt er ein kort statusrapport for 2. tertial (januar til august) 2016. Rådmannen seier seg lei for at eg er seint ute med rapporten, som var klar frå økonomiavdelinga si side allereie i september i år. --- Til liks med rapporten for 1. tertial har rådmannen laga ein samla rapport for alle sektorane, med mellom anna oversikter over skatteinngang, bruk av disposisjonsfond og sjukefråværet. Når det gjeld sjukefråværet, kan det leggast fram detaljerte tal for kvart ansvar i budsjettet. Mange av ansvara har så få tilsette at slike detaljerte rapportar ikkje kan leggast fram i opne saker og drøftast for opne dører. Sjukefråværet i Gloppen kommune er lavt. --- Rådmannen sin hovudkonklusjon for drifta etter 2. tertial er at det meste framleis går som planlagt. Det er enno litt usikkert korleis vi kjem ut til slutt når det gjeld skatteinngangen. Per oktober i år er vi om lag likt med «skjema». Rådmannen legg saka fram til orientering.. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Kommunestyret tar rapporten for 2. tertial 2016 til orientering. Side 20

23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 044/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet har ingen merknader i saka. Side 21