Er avfallsbaserte gjødselvarer trygge å bruke?

Like dokumenter
Produksjon og bruk av slam og slamprodukt som gjødsel/jordforbetring

Nytt fra Mattilsynet Kampanjetilsyn 2016 Arbeid med revisjon av gjødselvareforskrift Nye risikovurderinger

Nytt om tilsyn og regelverk Driftsforum kompostering Marit Larssen Sekse, Mattilsynet Region Sør og Vest

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Odda komposteringsanlegg 25. mars 2014

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Nytt om gjødselregelverket. Seniorrådgiver Torhild T. Compaore Seksjon planter Mattilsynet

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Farleg avfall i Nordhordland

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Rapport frå inspeksjon ved SIM Anlegg for kompostering 9. april 2014

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Biogas och slambehandling Var ligger kunnskapsfronten och vad kan vi lära av andra länder?

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Rapport frå inspeksjon ved NGIR slamkomposteringsanlegg 28. mars 2014

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM VEDTAK - Etter tilsyn med detaljomsetning og servering av mat og drikke

Vestlandet ein stor matprodusent

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

STATUS FOR ARBEIDET MED GJØDSELVAREFORSKRIFTEN. - Ny giv i arbeidet med revisjon

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Rapport frå inspeksjon ved Tor Henning Paulsen AS

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Bransjenorm for biogjødsel og kompost. Anne Kristin Holen, Gruppeleder Avfallsrådgivning, Hjellnes Consult Johan Ellingsen, Seniorrådgiver Norges Vel

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Endeleg rapport frå inspeksjon ved Askøy Miljørens AS 9. september 2015

Norsk Vanns arbeid med avløpsslam. Fagtreff Arne Haarr

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Prosjektplan. Nasjonalt tilsynsprosjekt for drikkevann Fagkurs Driftsassistansen Ola Krogstad DK Romsdal

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

Fylkesmannen i Miljøvernavdelinga

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

God praksis ved mottak av animalske biprodukter etter ABPforordningen

Dokumentdato Vår referanse 13/407

Rapport frå inspeksjon ved Baca Plastindustri AS 8. november 2016 Rapportnummer: I.FMHO

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Tillatelse til etablering av slambehandlingsanlegg i Langåsvika, Karlsøy kommune

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

INSPEKSJON VED Sævareid Fiskeanlegg A/S

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Fylkesmannen i Hordaland fann 2 avvik og 1 merknad innan følgjande tema under inspeksjonen: Løyvet Internkontroll

Aurland kommune Rådmannen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

RAPPORT. Nasjonalt tilsynsprosjekt 2009 EGGPAKKERIER

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

FYLKESMANNEN I ROGALAND TILSYNSRAPPORT. Tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Årdal kommune

Fylkesmannen i Hordaland fant 6 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema:

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

HORDALANDD. Utarbeidd av

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Møteprotokoll Styret for Stord vatn og avlaup KF

INFORMASJONSBREV FRÅ MATTILSYNET - FLYTTING AV JORD

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Tyssevegen 217, 5650 Tysse Tidsrom for tilsynet: 13. og 15. oktober 2015 Kontaktperson i verksemda: Tone Ramsli, rådmann

Kompostering i Norge potensial og muligheter. Bergen 29. september Gro Staveland Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS, HIM

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Tidenes største slamprosjekt i Norge er ferdig hva har vi lært? Hvor går veien videre for utnyttelse av ressursene i avløpsslam?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Fortid & notid for framtid

Transkript:

SLUTTRAPPORT Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Er avfallsbaserte gjødselvarer trygge å bruke? - resultat frå Mattilsynets nasjonale tilsynsprosjekt Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 1 av 34

Mattilsynet sine nasjonale tilsynsprosjekt Eit tilsynsprosjekt er eit tidsavgrensa prosjekt der Mattilsynet kontrollerer verksemdene si etterleving av regelverket innan ein bransje eller eit fagtema. Kontrollane er koordinert i tid og innhald. Det gjer at Mattilsynet får nyttig informasjon om tilstanden på området. Før prosjektet vert sett i gong, får Mattilsynet sine inspektørar utfyllande rettleiing og opplæring til gjennomføring av tilsynet og verkemiddelbruk. Tilsynet i prosjektet kan vera tradisjonelle inspeksjonar og revisjonar, også på kjede-/konsernnivå, samt uttak og analyse av prøver osv. I eit tilsynsprosjekt vil òg Mattilsynet gjennom andre verkemiddel, som informasjon og samarbeid med bransjeorganisasjonar og andre myndigheiter, sette i verk ytterligare tiltak som skal stimulere verksemdene til etterleving av regelverket. Prosjekta kan vera nasjonale, gjelde for heile landet og involvera alle eller dei fleste av Mattilsynet sine distriktskontor, eller regionale/lokale og verta gjennomført i avgrensa delar av landet. Dei nasjonale tilsynsprosjekta vert styrt av Tilsynsavdelinga ved Mattilsynet sitt hovudkontor, medan planlegging og styring av gjennomføringa som hovudregel er delegert til eit regionkontor med regiondirektøren som ansvarleg. Regiondirektøren opprettar ei prosjektgruppe og leiaren for gruppa har det daglege ansvaret for gjennomføring av prosjektet. Forsidefoto : BIOPLAN/Torbjørn Tanberg Foto utan kreditering: Mattilsynet Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 2 av 34

Innhald Mattilsynet sine nasjonale tilsynsprosjekt... 2 Innhald... 3 Kapittel 1: Samandrag... 5 Kapittel 2: Bakgrunn og gjennomføring... 7 2.1. Bakgrunn... 7 2.2. Målsetjing... 8 2.3. Organisering... 8 2.4. Regelverksgrunnlag... 9 2.5. Gjennomføring... 9 2.5.1. Tilsynsperiode, framdrift... 9 2.5.2. Gjennomføring av tilsyna... 10 2.5.3. Kravpunktmal og rapportering... 10 Kapittel 3: Resultat... 11 3.1. Kartlegging av tilsynsobjekt... 11 3.2. Nøkkeltal funn og oppfølging... 13 3.2.1. Gjennomførte tilsyn... 13 3.2.2. Typar anlegg det er gjort tilsyn med... 13 3.2.3. Registrerte avvik frå krav i regelverket... 17 3.2.4. Avvik fordelt på ulike kravpunkt i regelverket... 18 3.2.5. Nærare om avvik på det enkelte kravpunkt... 18 Opplæring og kompetanse... 18 Godkjenningsdokument animalske biprodukt... 19 Handelsdokument animalske biprodukt... 20 Internkontroll... 20 Prøvetaking og analysemetodar... 21 Avvik og toleranse i forhold til deklarerte verdiar... 21 Tungmetall... 21 Innhald av organiske miljøgifter, plantevernmiddel o.a.... 21 Hygienisering og hygienisk kvalitet... 22 Stabilitet lukt ved lagring og bruk... 23 Spiredyktige frø... 23 Krav til råvarer... 23 Krav til jordblandingar... 24 Plikt til registrering av produkt... 24 Merking og varedeklarasjon av jordforbetringsmiddel, dyrkingsmedia og jorddekkingsmiddel... 25 Varedeklarasjon for organisk gjødsel... 25 3.2.6. Mattilsynets oppfølging av avvik (forvalting)... 25 Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 3 av 34

Kapittel 4: Vurdering av resultat 26 4.1. Etterlever bransjen krava i regelverket?... 26 4.2. Er avfallsbaserte gjødselvarer trygge å bruke?... 27 4.3. Har prosjektet ført til auka tilsynskompetanse og meir einskaplege tilsyn med produksjon og omsetnad av avfallsbaserte gjødselvarer mv.?... 27 4.4. Resultatmål... 29 4.5. Tilråding for framtidig tilsyn med avfallsbaserte gjødselvarer mv.... 30 4.6. Spesielle utfordringar... 31 4.6.1. Godkjenning av anlegg som framstiller gjødselvarer med animalske biprodukt som råstoff... 31 4.6.2. Bruk av vegetativt avfall frå potetindustrien... 31 4.6.3. Prøvetaking og analyser... 32 4.6.4. Langtidslagring og enkel rankekompostering som hygieniseringsmetode... 32 4.6.5. Bruk av slam frå settefiskanlegg (uhygienisert)... 32 4.6.6. Tilsyn med verksemder som ikkje omset eige gjødselprodukt... 33 4.6.7. Konserntilsyn... 33 4.6.8. Krav til stabilisering og til innhald av spiredyktige frø, plast, glas og andre framandlekamar, organiske miljøgifter og plantevernmiddel.... 33 4.6.9. Små-anlegg for kompostering.... 34 Kapittel 5: Sluttord... 34 Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 4 av 34

Kapittel 1: Samandrag For at maten skal vera trygg, må også innsatsvarene som vert nytta i produksjonen vera trygge. Gjødselvarer basert på avfall og slam er døme på innsatsvarer med ibuande risiko, men som vi likevel ynskjer å utnytte for å ta vare på ressursar og føre næringsstoff tilbake i næringskjeda. Avfallsbaserte gjødselvarer vert brukt som gjødsel, til jordforbetring eller som dyrkingsmedia i jordbruk, grøntanlegg og i private hagar. Råvarene er vanlegvis avløpsslam og organisk avfall frå privat hushald, landbruk eller matvareindustri. Produksjonen er aukande, og det er ei produktgruppe i stadig utvikling. Risikoen i produkta vert eliminert i framstillingsprosessen. Norsk regelverk set krav både til produksjonen og produkta for å sikre at dette er trygt. Produsenten må ha god kunnskap om risiko på eige anlegg, samt innføre eit internkontrollsystem som sikrar at regelverket vert etterlevd. Mattilsynet fører tilsyn med at dette blir gjort. Denne rapporen skildrar resultat og erfaringar frå Mattilsynet sitt nasjonale tilsynsprosjekt i 2012 på organiske gjødselvarer framstilt frå avfallsbaserte råvarer og slam. Prosjektet er gjennomført i 13 fylke. Dei overordna måla for arbeidet har vore å bidra til trygge produkt, god regelverksetterleving i bransjen, og god tilsynskompetanse i Mattilsynet. 35 prosent av verksemdene vart kontrollert Innleiingsvis vart Mattilsynets lister over aktuelle verksemder oppdatert, og til saman 158 verksemder var aktuelle tilsynsobjekt i dei fylka som deltok i prosjektet. Mattilsynets distriktskontor gjennomførte så fysiske tilsyn med totalt 55 av desse. Ulike produksjonsformer var representert: biogassanlegg, reinseanlegg for avløpsslam, tørkeanlegg, reaktor- og rankekomposteringsanlegg, anlegg med langtidslagring, enkel rankekompostering og jordblandingsanlegg. Varierande standard i bransjen Mange av verksemdene har svært god fagkunnskap, dei kjenner prosessen og dei lagar gjødselprodukt og jordblandingar som er trygge å bruke og av svært god kvalitet. Ved 13 av 55 anlegg vart det ikkje registrert avvik. Standaren er trass i dette varierande, og den er mindre god i nokre anlegg. Totalt 169 avvik frå krav i regelverket vart registrert hjå dei resterande 42 verksemdene som var med i prosjektet. Avvika har ulike grad av alvor, nokre er lette å rydde opp i medan andre vil krevje meir omfattande endring. Det er likevel grunn til å framheve at bransjen, og spesielt komposteringsanlegga, må arbeide for å innfri krava i regelverket. For det meste trygge produkt Gjennomførte tilsyn har ikkje avdekka for høge verdiar i produkta av mikrobiologiske parameter, tungmetallinnhald, framandlekamar eller organiske miljøgifter. Det er derfor grunn til å tru at dei avfallsbaserte gjødselvarene som vert omsett, i stor grad innfrir kvalitetskrava i regelverket som skal sikre at produkta er trygge å bruke. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 5 av 34

Men, i framstilling av gjødselvarene er det i fleire anlegg registrert avvik frå sentrale krav i regelverket som til dømes: krav til opplæring og kompetanse krav til godkjenningsdokument krav til internkontroll krav til dokumentasjon av hygieniseringsprosessen krav til prøvetaking av hygienisk kvalitet, tungmetaller mv. manglande eller mangelfull varedeklarering av produkta Avvika viser at det, i delar av bransjen, kan vera risiko for at gjødselvarer med ukjent innhald vert omsett. Slike varer kan representere ein risiko for miljøet og for menneske- dyre og plantehelse. Det er difor viktig at bransjen ryddar opp i dette, og at Mattilsynet ved å gjennomføre gode tilsyn bidreg til å sikre at risikoen vert redusert. Komplisert regelverk Prosjektet vert gjennomført medan gjødselvareforskrifta er under revidering samstundes som ein ventar på nytt EU-regelverk for handtering av animalske biprodukt som er på veg til å bli gjeldane i Norge. Manglande avklaringar i regelverket har vore ei utfordring både for verksemdene og Mattilsynets tilsynspersonell i gjennomføringa av tilsyna. Dette gjeld særlig kravet om godkjenning av komposteringsanlegg etter biproduktforskrifta. Ei viktig årsak til dette er at ein så langt ikkje har fått på plass validerte nasjonale behandlingsmetodar. Tilsynskompetansen i Mattilsynet er betra Prosjektet har auka kompetansen hjå Mattilsynet sitt tilsynspersonell. Felles opplæring og bruk av sjekklister (kravpunktmal) har ført til meir samordna tilsyn. Prosjektet har ikkje avdekt markante forskjellar i forvaltingspraksis. Likevel gir tilsynsrapportane eit inntrykk av at det er forskjellar i fagleg kunnskap og erfaring mellom ulike inspektørar. Dette gjev seg mellom anna utslag i ulik evne til å avdekke avvik og ulik evne til å prioritere tiltak for å sikre trygg produksjon av avfallsbaserte gjødselvarer. Fire tilrådingar for framtidig tilsyn med produksjon og omsetnad av avfallsbaserte gjødselvarer For at tilsyn med avfallsbasert gjødsel skal verte betre, tilrår prosjektgruppa at Mattilsynet blant anna gjennomfører fire tiltak: 1. Utfordrar bransjen til å ta i bruk og vidareutvikle bransjenorm der kvalitetssikring, informasjon og kommunikasjon er i fokus. 2. Lage gode avklaringar i regelverket og utarbeide informative rettleiarar til dei nye regelverka som kjem. 3. Gjennomføre kompetansehevande kurs for sitt tilsynspersonell, og betre samarbeidet med kommune og fylkesmann. 4. Skaffe oversikt over alle verksemder som er involvert i produksjon av avfallsbaserte gjødselvarer, for eksempel ved innføring av eit eige register for slik produksjon. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 6 av 34

Kapittel 2: Bakgrunn og gjennomføring 2.1. Bakgrunn Gjødselvarer basert på avfall og slam er ei produktgruppe i stadig utvikling. Produkta vert brukt som gjødsel, til jordforbetring eller som dyrkingsmedia i jordbruk, grøntanlegg og i private hagar. Råvarene er vanlegvis avløpsslam og organisk avfall. Det organiske avfallet kjem ofte frå privat hushald, landbruk eller matvareindustri, men kan òg stamme frå andre kjelder. I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) har mengda avfall og slam som vert behandla i norske komposterings- og biogassanlegg auka med 60 prosent mellom 2003 og 2010. Vi ser òg ei rekkje nye produkttypar i marknaden, mellom anna biorest frå biogassanlegg. Fleire ulike faktorar bidreg til utvikling av bransjen. Avfallsbaserte gjødselvarer vert i større og større grad sett på som ein ressurs. Samstundes har restriksjonar på utslepp og deponiforbod for organisk materiale medverka til vidareforedling av organisk avfall. Det er stor breidde innan denne sektoren med omsyn på storleik på anlegg og type behandling som vert gjennomført. I produkt basert på avfall og slam kan smittestoff, tungmetall og andre uynskte stoff fylgje med i råvarene. Det er viktig at produsentane har god kunnskap om risiko på eiget anlegg, og at dei har rutinar som sikrar at produkta er trygge å bruke. Produsenten må etterleve krava i norsk regelverk. Regelverka på området set krav både til anlegga og til sluttproduktet. Produsenten skal ha internkontrollsystem for å sikre at regelverket vert etterlevd og Mattilsynet skal føre tilsyn med at dette blir gjort. I Mattilsynet sin langtidsplan for tilsyn er organiske gjødselvarer, kompost og dyrkingsmedia prioritert tilsynsområde for 2012. Med bakgrunn i dette bestemde Mattilsynet å gjennomføre eit nasjonalt tilsynsprosjekt i denne bransjen og med fokus på organiske gjødselvarer framstilt frå avfallsbaserte råvarer og slam. Tilsynsprosjektet omfattar 12 fylke: Trøndelag, Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland, Oslo, Akershus, Østfold, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane (Figur 1). Figur 1: Tilsynsprosjektet er gjennomført i 12 fylke (fem regionar) Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 7 av 34

2.2. Målsetjing Målet med alle tilsynsprosjekt i Mattilsynet er at dei på ein effektiv måte skal skaffe oversikt over status på fagområdet, sikre regelverksetterleving og verke førebyggjande. For det nasjonale tilsynsprosjektet på avfallsbaserte gjødselvarer er fylgjande effekt- og resultatmål fastsett: Effektmål God regelverketterleving ved dei verksemdene som produserer og omset avfallsbaserte gjødselvarer, kompost og jordblandingar Avfallsbaserte gjødselvarer skal vera trygge å bruke Auka tilsynskompetanse og meir einskaplege tilsyn med produksjon og omsetnad av avfallsbaserte gjødselvarer mv. Resultatmål Produksjon og omsetjing av avfallsbaserte gjødselvarer er kartlagt i deltakande regionar Tilsyn er gjennomført i minst 30 prosent av verksemdene Rettleiingsmateriell og sjekkpunkt for tilsyn (kravpunktmal) er utarbeida Opplæring av Mattilsynets inspektørar er gjennomført Kontakt med bransje, fylkesmann og kommune er etablert Det er gitt innspel til oppdatering av eksisterande rettleiingsmateriell Mattilsynets inspektørar har fått auka tilsynskompetanse Sluttrapport med tilråding for framtidig tilsyn med avfallsbaserte gjødselvarer er levert 2.3. Organisering Prosjekteigar: Kristina Landsverk, tilsynsdirektør, Mattilsynet Prosjektansvarleg: Karen Johanne Baalsrud, regiondirektør, Regionkontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane Prosjektgruppe: Brita Toppe, seniorrådgjevar, Regionkontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane (prosjektleiar) Anne Birgitte Skibnes, seniorinspektør, Distriktskontoret for Midt-Rogaland Hannah Kate Nordberg, fyrsteinspektør, Distriktskontoret for Midt-Rogaland Andreas Otlo, rådgjevar, Regionkontoret for Trøndelag og Møre og Romsdal Svein Redvald Ekre, rådgjevar, Regionkontoret for Hedmark og Oppland Tor Olav Aas, seksjonssjef, Distriktskontoret for Ytre Østfold Marit Oddvarsdotter Øvregård, kommunikasjonsrådgjevar, Regionkontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane (frå februar 2012) Marianne Lid Iversen, kommunikasjonsrådgjevar, Regionkontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane (til februar 2012) Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 8 av 34

Referansepersonar internt i Mattilsynet: Kirsti Bjørkhaug, Hovudkontoret. Seksjon planter og vegetabilsk mat. Johannes Værdal, Hovudkontoret, Seksjon planter og vegetabilsk mat Anne Bøen, Hovudkontoret, Seksjon planter og vegetabilsk mat Awatif Aballi, Hovudkontoret, Seksjon for landdyr og dyrehelsepersonell Torhild Tveito Compaore, Hovudkontoret, Seksjon for planter, økologi og GM Referansepersonar eksternt: Steinar Nybruket, Norsk Vann Gro Johnsen/Henrik Lystad, Avfall Norge Bernt- Jostein Viste, Norsk Protein Astrid Holte, Fylkesmannen i Hordaland 2.4. Regelverksgrunnlag LOV 2003-12-19 nr. 124: Lov om matproduksjon om mattrygghet mv. (matloven) Forskriftene er heimla i matlova. FOR 2003-07-04 nr. 951: Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav FOR 2007-10-27 nr. 1254: Forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum FOR 2000-12-01 nr. 1333: Forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjørere Krava i gjødselvareforskrifta gjeld for alle som produserer eller omset organiske gjødselvarer. Verksemder som brukar animalske biprodukt i framstilling av gjødselvarene vil òg vera omfatta av krava i biproduktforskrifta. Det siste gjeld omlag halvparten av verksemdene vi har gjort tilsyn med. Prosjektet vert gjennomført medan revisjon av gjødselvareforskrifta er under arbeid, samstundes som ein ventar på at nytt biproduktregelverk frå EU skal verte implementert. Manglande avklaringar i regelverket har vore ei utfordring i prosjektarbeidet. 2.5. Gjennomføring Prosjektet har vore delt i ein kartleggingsfase og ein tilsynsperiode. Fyrst vart listene til Mattilsynet over aktuelle tilsynsobjekt oppdatert. Deretter gjennomførte dei lokale distriktskontora tilsyn i minst 30 prosent av verksemdene. Alle typar av produksjon/omsetnad av avfallsbaserte gjødselvarer skulle vera representert i tilsyna. 2.5.1. Tilsynsperiode, framdrift Planlegging av prosjektet starta hausten 2011, og i desember fekk Mattilsynet sine regionkontor brev med forventningar til gjennomføring av tilsynet. Bransjeorganisasjonane (Norsk Vann og Avfall Norge) deltok på oppstartsmøte med prosjektgruppa. Prosjektgruppa prioriterte kva forskriftskrav det skulle førast tilsyn med, rettleiingsmateriale vart utarbeidd, og i mars 2012 var det felles opplæringssamling for Mattilsynets inspektørar. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 9 av 34

Tilsynsperioden varte frå 1. april til 1. oktober 2012, og arbeidet med samanstilling av resultata frå 1. oktober til 1. desember 2012. Resultata i rapporten blei presentert for bransjen på bransjemøte 14. desember 2012. 2.5.2. Gjennomføring av tilsyna Alle tilsyn i prosjektet er gjennomført som avtalte tilsyn ute i verksemdene. Prosjektgruppa oppmoda Mattilsynet sine kontor til samarbeid på tvers av distriktsgrensene, og det skulle helst møte to inspektørar på kvart tilsyn. Prosjektet la ikkje opp til felles tilsyn med Fylkesmannens miljøvernavdeling, men fylkesmannen var orientert om gjennomføring av prosjektet. Figur 2: Tilsyn med komposteringsanlegg 2.5.3. Kravpunktmal og rapportering Tilsyna i prosjektet vart rapportert i MATS, det elektroniske fagsystemet til Mattilsynet. Verksemdene fekk individuelle tilsynsrapportar som ved ordinære tilsyn. Ved registrerte avvik, vart verksemda følgt opp av Mattilsynet på vanleg måte, med pålegg eller påpeiking av plikt. Alle Inspektørane brukte ei felles liste (kravpunktmal) over dei punkt i regelverket som skulle kontrollerast. Oversikt over kravpunkta er vist i tabell 1. Ein slik felles kravpunktmal er med å sikre einsarta tilsyn med ulike verksemder. Det vart og laga ein prosjektrettleiar til hjelp for Mattilsynet sine inspektørar i gjennomføring av tilsynet. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 10 av 34

Tabell 1: Forskriftskrav det er ført tilsyn med i prosjektet Kravpunkt Regelverk Opplæring og kompetanse Matloven 8 Godkjenningsdokument Forskrift om animalske biprodukt 1 Handelsdokument Forskrift om animalske biprodukt 8 Plikt til internkontroll Forskrift om organisk gjødsel 5 Internkontroll - innhald og dokumentasjon Forskrift om organisk gjødsel 6 Prøvetaking og analysemetode Forskrift om organisk gjødsel 7 Avvik og toleranse Forskrift om organisk gjødsel 8 Tungmetallinnhald Forskrift om organisk gjødsel 10.1 Innhald av organiske miljøgifter Forskrift om organisk gjødsel 10.2 Hygienisering og hygienisk kvalitet Forskrift om organisk gjødsel 10.3 Stabilitet lukt ved lagring og bruk Forskrift om organisk gjødsel 10.4 Spiredyktige frø Forskrift om organisk gjødsel 10.5 Framandlekamar (plast, glas, metall) Forskrift om organisk gjødsel 10.6 Krav til råvarer Forskrift om organisk gjødsel 10.7 Krav til jordblandingar Forskrift om organisk gjødsel 10.8 Plikt til registrering av produkt Forskrift om organisk gjødsel 11 Merking Forskrift om organisk gjødsel 13 Varedeklarasjon for organisk gjødsel Forskrift om organisk gjødsel 15 Kapittel 3: Resultat 3.1. Kartlegging av tilsynsobjekt I samarbeid med miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen og ved bruk av andre kjelder, vart Mattilsynet sine lister over tilsynsobjekt oppdatert. Nokre manglar vart avdekt, eksempelvis verksemder/konsern med avdelingar på fleire stader enn det Mattilsynet frå før hadde oversikt over, nye prosesstypar som «minikomposteringsanlegg» på restaurant og hotell, samt formalisering av opplysningar distriktskontora hadde frå før, men som ikkje var lagt inn i fagsystemet. I nokre få tilfelle vart det avdekt tilsynsobjekt som hadde produksjon eller omsetnad av avfallsbaserte gjødselvarer, kompost eller jordblandingar og som Mattilsynet ikkje hadde kjennskap til frå før. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 11 av 34

Etter gjennomført kartlegging var det i dei fem regionane totalt registrert 158 tilsynsobjekt som kom inn under prosjektets definisjon av «avfallsbasert gjødselvarer mv.» (tabell 2). Tabell 2: Tal tilsynsobjekt «avfallsbaserte gjødselvarer» Region Tal tilsynsobjekt totalt Tal tilsyn gjennomført Trøndelag, Møre og Romsdal 36 12 Hedemark og Oppland 27 10 Oslo, Akershus og Østfold 44 10 Rogaland og Agder 30 11 Hordaland og Sogn og Fjordane 21 12 Totalt 158 55 Verksemder som er definert inn i prosjektet produserer gjødselvarer, kompost eller jordblandingar der råstoffet har utgangspunkt i: Slam frå avløpsreinseanlegg eller settefiskanlegg Matavfall Husdyrgjødsel Andre animalske biprodukt (slakteriavfall m.m.) Anna vegetabilsk avfall (frå matindustri, potetpakkeri m.m.) Hage og parkavfall Andre råvarer Verksemder som ikkje er rekna med i prosjektet: Avløpsreinseanlegg som leverer råslam (uhygienisert) til andre verksemder for omgjering til gjødselprodukt Verksemder som utelukkande har omsetnad av ferdigproduserte avfallsbaserte gjødselvarer, kompost eller jordblandingar (kjøper ferdig produkt og omset dette t.d. grossist eller hagesenter) Produsentar av jordblandingar der avfallsbaserte gjødselvarer, kompost el. ikkje inngår som komponent i jordblandinga Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 12 av 34

3.2. Nøkkeltal funn og oppfølging 3.2.1. Gjennomførte tilsyn Totalt er det i prosjektet gjennomført tilsyn med 55 verksemder (figur 3). Litt meir enn halvparten av anlegga (31) handterte animalske biprodukt, ofte i lag med andre råvarer som ikkje er animalske biprodukt (t.d. slam eller hage-/parkavfall). Dei resterande handterte slam frå avløpsreinseanlegg eller settefiskanlegg, vegetative produkt som park- og hageavfall eller vegetativt avfall frå næringsmiddelverksemder. Gjennomførte tilsyn i ulike regionar 12 10 8 6 4 2 Verksemder som handterer animalske biprodukt Verksemder som ikkje handterer animalske biprodukt 0 Region Hedemark og Oppland Region Hordaland, Sogn og Fjordane Region Oslo, Akershus og Østfold Region Rogaland og Agder Region Trøndelag, Møre og Romsdal Figur 3: Gjennomførte tilsyn i prosjektet (55 totalt) fordelt på deltakande regionar. 3.2.2. Typar anlegg det er gjort tilsyn med Tilsynsobjekta representerer svært ulike produksjonsformer, frå store og komplekse biogassanlegg og avløpsreinseanlegg via reaktor- og rankekompostering, til anlegg med enkel rankekompostering eller langtidslagring. Kva råvarer som blir handtert i anlegga er vist i tabell 3 medan figur 3 viser kva for ulike produksjonsformer det er gjort tilsyn med. Bileta viser eksempel på ulike typar anlegg. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 13 av 34

Figur 4. Rankekompostering kan skje utandørs eller under tak. Rankane vert vendt jamleg og temperaturen i rankane blir følgt systematisk gjennom perioden kor temperaturen er høg. Foto: GITEX. Figur 5. Enkel rankekompostering og langtidslagring er komposteringsformer kor rankane vert sjeldan vendt og kor det er avgrensa oppfølging av temperaturforløp. Rankane ligg utandørs og komposteringa går over fleire år. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 14 av 34

Figur 6. Reaktorkomposterinsanlegg kan ha særs forskjellig utforming. Felles er at komposteringa skjer innandørs og at dei har automatiserte system for å vende kompostmaterialet til dømes som omrøringstrommelen vist til venstre. Figur 7: I eit biogassanlegg bryt mikroogranismar ned organisk materiale (husdyrgjødsel, slam, matavfall) og det vert danna metangass og CO 2. Ulike metodar vert bruk for hygienisering av bioresten før den kan omsetjast som gjødselvare. Bildet er frå ECOPRO AS der råvarene gjennomgår termisk hydrolyse for hygienisering (temperatur, trykk og haldetid). Foto: ECOPRO AS Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 15 av 34

Tabell 3: Råvarer handtert i anlegga det er gjort tilsyn med i prosjektet fordelt på regionar Region Hordaland og Sogn og Fjordane Region Trøndelag, Møre og Romsdal Region Hedemark og Oppland Region Oslo, Akershus og Østfold Region Rogland og Agder Råslam frå avløpsreinseanlegg 5 9 9 5 4 32 Avfall/slam frå fiskeoppdrett 1 0 0 0 1 2 Matavfall 5 1 1 2 6 15 Husdyrgjødsel 2 3 1 2 3 11 Andre animalske biprodukt 0 3 0 1 1 5 Andre råvarer (park/hage, potetindustri mm) 3 2 4 2 4 15 Sum Type behandlingsanlegg Langtidslagring /enkel rankekompostering Rankekompostering Reaktorkompostering Kalktilsetning (ph/varme) Varmebehandling kombinert med utråtning Øvrige varmebehandlingsmetoder Jordblandingsanlegg Andre behandlingsmetoder 0 5 10 15 20 25 Antall anlegg hvor det er utført tilsyn Figur 8: Behandlingsmetodar brukt i anlegga det er gjort tilsyn med i prosjektet. Merknad: - Kalktilsetning refererer til metodar som tilset CaO i slambehandling. - Varmebehandling inkluderer ulike typar hygieniseringsprosessar der varme blir tilført. - Øvrige varmebehandlingsanlegg inkluderer bl.a. tekniske anlegg som tørkar og pelleterer husdyrgjødsel. - Andre behandlingsmetodar omfattar ulike behandlingsmåtar som ikkje har eit varmebehandlingstrinn. - Jordblandingar vert laga på fleire av anlegga, men i denne figuren refererer jordblandingsanlegg til dei anlegga som utelukkande lagar jordblandingar. - For forskjellar mellom ulike typar kompostering, sjå bildetekster lenger framme i kapitlet. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 16 av 34

3.2.3. Registrerte avvik frå krav i regelverket Ved 13 av dei 55 verksemdene er det ikkje registrert avvik om har ført til vedtak eller påpeiking av plikt. Dette utgjer 24 prosent av tilsyna gjort i prosjektet. I dei resterande 42 verksemdene er det til saman registrert 169 avvik. Avvika har ulik grad av alvor. Avvik fordelt på regionar Tal verksemder med avvik 12 Tal verksemder utan avvik 10 8 6 4 2 0 Region Hedemark og Region Oppland Hordaland og Sogn og Fjordane Region Oslo, Akershus og Østfold Region Rogaland og Agder Region Trøndelag, Møre og Romsdal Figur 9: Verksemder der avvik er registrert fordelt på deltakande regionar. Figur 10: Vending av rankar. Mattilsynet førte tilsyn med om dette vart gjort på tilfredstillande vis for å sikre god nok hygienisering i alle delar av massen. Foto: Torbjørn Tanberg Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 17 av 34

3.2.4. Avvik fordelt på ulike kravpunkt i regelverket Figur 11 viser fordelinga av avvik på kravpunkt i regelverket. Verksemdene kan ha avvik på meir enn eit kravpunkt, og på det meste er 10 avvik registrert på eit og same anlegg. Hovudtyngda av avvik er registrert på internkontroll, prøvetaking og hygienisering/hygienisk kvalitet. 30 25 20 15 10 5 0 Avvik fordelt på kravpunkt Tal verksemder der avvik er registrert Figur 11: Kor mange verksemder som har hatt avvik på dei ulike kravpunkta det er ført tilsyn med i prosjektet. 3.2.5. Nærare om avvik på det enkelte kravpunkt Opplæring og kompetanse Matlova 8 seier at verksemda skal ha den naudsynte kunnskapen for aktiviteten dei driv. For verksemdene i prosjektet inneber dette kjennskap til matlova, gjødselvareforskrifta og biproduktforordninga dersom råvara har vore eit biprodukt. Det vart funnen 9 avvik på dette punktet. Hovudsakleg går avvika ved kravet om kompetanse på at ansvarlege for verksemda ikkje har kunnskap om eller manglande kunnskap om regelverket på området. Dette gjeld både gjødselvareregelverket og biproduktregelverket. Utslag av dette er at det er mangelfull internkontroll og manglar ved drift av anlegget. Ved to tilfelle fann Mattilsynet praksis som vitna om mangelfull kunnskap om drift av komposteringsanlegg. Entreprenørar innleidd til handsaming av slammet kunne ikkje vise til tilstrekkeleg opplæring i internkontrollen. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 18 av 34

Godkjenningsdokument animalske biprodukt Verksemder som framstiller gjødselvarer frå animalske råvarer skal vera godkjende av Mattilsynet etter krava i Forskrift om animalske biprodukt som ikkje er beregnet på konsum 1 (biproduktforordningen 1774/2002 og gjennomføringsforordnigen 181/2006). Avhengig av prosessmetode, vert verksemdene godkjent som bearbeidingsanlegg, biogassanlegg, forbrenningsanlegg, komposteringsanlegg eller tekniske anlegg med fleire. Eksempel på eit teknisk anlegg er et tørke- og pelleteringsanlegg for husdyrgjødsel. Anlegga må oppfylla krava til produksjon, internkontroll, prøvetaking m.m., fastsett i biproduktregelverket. Mattilsynet skriv ut godkjenningsdokument og skal med jamne mellomrom føre tilsyn med godkjende anlegg. Figur 12. Blanda matavfall frå privathushald, storkjøkken og matindustri er eksempel på råvarer som inneheldt animalske biprodukt. Ofte blir slike råvarer brukt i lag med avløpsslam for framstilling av gjødselvarer, kompost eller jordblandingar. Det blir handtert animalske biprodukt (td. matavfall) ved 31 av verksemdene som har hatt besøkt i prosjektet. Av desse var det eit teknisk anlegg og 12 (av 26) komposteringsanlegg som mangla godkjenningsdokument. Nokre av anlegga har fått godkjenning etter at tilsyna i prosjektet vart gjennomført. Likevel er dette er høge tal som det er problematisk både for Mattilsynet og for bransjen å forklare. Vi understrekar at manglande godkjenning ikkje nødvendigvis er samanfallande med manglande prosess eller høg risiko. Mange av dei norske komposteringsanlegga driftar ikkje etter standard metoder i biproduktregelverket, og må godkjennast etter andre validerte metodar/«nasjonale metodar» (jf. Biproduktforskrifta 1774/2002 art. 15 jf. vedlegg VI kapittel II pkt. 14). Standardmetoden i biproduktforskriften (70 C, 1 time, maks partikkelstørrelse 12 mm) har vist seg lite hensiktsmessig for komposteringsanlegg, delvis også for biogassanlegg. Biproduktforskriften åpnar for at alternative, nasjonale metodar kan nyttast. Det har så langt vore vanskelig å komme frem til slike metodar. Bransjeorganisasjonane har foreslått nasjonale metodar, men har fått tilbakemelding frå Mattilsynet om at metodane må dokumenterast betre. Det har vore ulike overgangsordningar, og mange verksemder gir tilbakemelding om at dei er usikre på kva for reglar som gjeld. Den uavklarte situasjonen byr på utfordringar både for verksemdene som skal søke om godkjenning, og for Mattilsynets handteringa av godkjenningssøknader. Nokre verksemder har utsett søknaden i påvente av avklaring, medan andre har fått midlertidig godkjenning av Mattilsynet. I dei fem regionane er det førebels ingen anlegg som er stengt som følgje av manglande godkjenning. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 19 av 34

Handelsdokument animalske biprodukt Biproduktforskrifta 8 har krav om at eit handelsdokument skal følgje animalske biprodukt og bearbeidd produkt. Verksemdene har plikt til å oppbevara handelsdokumentet i to år. Handelsdokumentet som føl råvarene viser om verksemda tar i mot animalske biprodukt i den kategorien dei har godkjenning for å handtere. Det er ikkje krav om at handelsdokument skal fylgje matavfall og husdyrgjødsel, og kravet fell difor vekk for mange av verksemdene i prosjektet. Det er ikkje registrert avvik på dette kravpunktet, som berre er vurdert ved 12 av verksemdene. Internkontroll Krav om innføring og utøving av internkontroll er gjeven i både gjødselvareforskrifta og forskrift om animalske biprodukt som ikkje er berekna på konsum. I prosjektet er det krava i gjødselvareforskrifta 5 Plikt til internkontroll og 6 Innhald i internkontrollen som er kontrollert. Verksemda skal som eit minimum ha oversikt over organisering og ansvarsforhold, ha kartlagt risiko og gjennomført tiltak for å redusere denne, ha rutinar for å avdekka, rette opp og hindre gjentaking av misleghald samt sikre at internkontrollen fungerer som tilsikta. For prosessar som enkel rankekompostering og langtidslagring har Mattilsynet presisert ytterligare krav til internkontrollen. Det vart registrert 13 avvik på plikt til internkontroll (gjødselvareforskrifta 5). I seks tilfelle hadde ikkje verksemdene innført internkontroll, medan seks andre verksemder hadde ufullstendig internkontroll (berre munnleg, manglande dokumentasjon o.l.). I eit anlegg gjorde Mattilsynet stikkprøvekontroll (spørsmål til sjåfør) som viste at papirversjonen av internkontrollen ikkje fungerte i praksis. Det vart registrert avvik hjå 27 verksemder (49 prosent) på innhaldet i internkontrollen (jf. gjødselvareforskrifta 6). Det er likt fordelt mellom verksemder som handterer biprodukt (14) og verksemder som ikkje brukar biprodukt som råvare (13). Registrerte avvik: Verksemda har ikkje etablert internkontroll Internkontroll er ikkje oppdatert Innhaldet i dei utarbeida internkontrollrutinane vert ikkje gjennomført i praksis Internkontroll er ikkje skriftleg Manglande forståing for regelverk Fare for usikker drift grunna mangelfull forståing for og kompetanse om komposteringsprosessen Fare for krysskontaminering rein/urein sone Manglande risikovurdering av fare og manglande risikokart Manglande kalibrering av termometer Manglar skildring av kritiske faktorar for hygienisering Manglar flytskjema for komposteringsprosess Manglande opplæring av tilsette og vikarar Manglande oversikt over kompetanse ved ferie/sjukdom Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 20 av 34

Prøvetaking og analysemetodar Tilsynet skulle sjå på kva prøvar som vart tekne, korleis dei vart tekne, kor mange prøvar og når i prosessen dei vart tekne jf. Veileder for prøvetaking av slam, kompost og andre avfallsbaserte gjødselvarer. Målet er at prøvane er representative, at talet på prøvar og prøvemengde er tilfredsstillande. Det var 20 avvik på dette punktet. Verksemdene som har fått pålegg manglar prøveuttak av gjødselproduktet. I to tilfelle var ikkje prøvetakingsfrekvensen tilfredsstilande. Fire verksemder er ikkje kjent med metode for prøveuttak som er gjort kjent i Veileder for prøvetaking av slam, kompost og andre avfallsbaserte gjødselvarer. Figur 13. Lagring av prøvar før innsending til analyse. Avvik og toleranse i forhold til deklarerte verdiar Kvalitetsklassane på gjødselprodukt avheng av tungmetallinnhald. Uttak av 5 prøvar skal representera eit produksjonsvolum i ei tidsperiode. Ved plassering i kvalitetsklassar skal minst 4 prøvar liggje innanfor grenseverdien og ingen enkeltprøver skal vera meir enn 50 prosent over, jf. 10.1. Det var 13 avvik på dette punktet (22 prosent). Dei flest avvika går på at det manglar prøvetaking i det heile. I tre tilfelle er det teke prøvar, men for få. Tungmetall Maksimumsgrensa for innhald av tungmetall er gjeven i gjødselvareforskrifta 10.1. Verksemda må kunne vise fram analyseresultat. Det er viktig at det blir teke regelmessige prøvar av sluttproduktet. Det er særs viktig at innhaldet av tungmetall blir kontrollert når slam er råvare. Innhaldet av tungmetall avgjer kva kvalitetsklasse gjødselvara kjem i, og dermed kva mengder som kan spreiast på bakken. Det vart registret 11 avvik på dette punktet. Avvika Mattilsynet fann var i hovudsak at det mangla dokumentasjon på innhaldet av tungmetall i gjødselproduktet. Det var i desse tilfella anten ingen analyser av tungmetall og/eller det mangla rutine for regelmessig prøveuttak. I eit tilfelle kunne det visast til analysesvar, men verksemda hadde ikkje rutine for å tolke dette. Det er i prosjektet ikkje registrert tungmetallinnhald i sluttproduktet som er over grenseverdiane. Tilsyna som er gjennomført i prosjektet har avdekt at det er uklart, både for næringa og for mattilsynets tilsynspersonell, korleis kravet til 5 parallelle prøvar skal handterast i den jamne produksjonskontrollen. Innhald av organiske miljøgifter, plantevernmiddel o.a. Den som produserer eller omset produkt etter gjødselvareforskrifta skal «vise aktsomhet og treffe rimelige tiltak for å begrense og forebygge at produktet inneholder organiske miljøgifter, plantevernmidler, antibiotika/kjemoterapeutika eller andre miljøfremmede organiske stoffer i mengder som kan medføre skade på helse eller miljø ved bruk» (gjødselvareforskr. 10. 9). Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 21 av 34

Det var 5 avvik på dette punktet, som alle gjekk på manglande kjennskap til, og manglande risikovurdering av miljøgifter i råvarer og produkt. Ei verksemd brukte rivingsmateriale med maling som strukturmateriale i komposteringa. Mattilsynet påpeika den risiko som følger denne råvara. Mattilsynet tok ikkje ut verifiserande prøvar i prosjektet, men tilsyn med verksemdenes eige prøveuttak avdekte ingen overskriding av kravet til innhald av organiske miljøgifter i sluttprodukt. Dette er i samsvar med risikovurdering gjennomført av vitenskapskomiteen for Mattrygghet (VKM), og COSTRA- tal som viser at det generelle nivået av miljøgifter i norsk slam er lågt. Kravet om å «treffe rimelige tiltak for å begrense og forebygge» er lite konkret og prosjektet viser at dette er vanskelig å tolke for næring og tilsynspersonell. Hygienisering og hygienisk kvalitet Krava er gjevne i gjødselvareforskrifta 10.3. Produkta og bruken av dei, inkludert sannsynlig misbruk, skal ikkje medføre fare for overføring av sjukdomssmitte til menneske, dyr og plantar. Produkta skal ikkje innehalde salmonellabakteriar eller infektive parasittegg, og innhaldet av termotolerante koliforme bakterier (TKB) skal vera mindre enn 2500 pr. gram tørrstoff. Biprodukforordninga stiller andre mikrobiologiske krav, men i prosjektet har vi valt å føre tilsyn etter mikrobiologiske krava gitt i gjødselvareforskrifta. Figur 14. Manglande merking av rankar, og samanblanding av rein og urein sone var blant avvika som vart registrert under kravet til hygienisering. Det er registret avvik på kravpunktet om hygienisering ved 19 (35 prosent) av verksemdene i prosjektet. Dei fleste avvika er funne i komposteringsanlegg, men avvik er også notert i eit teknisk anlegg og i eit reaktorkomposteringsanlegg. Fylgjande avvik er registrert: Manglande dokumentasjon på hygienisk kvalitet i sluttprodukt (inkl. manglande prøvetaking) Manglande dokumentasjon på temperaturmålingar under hygieniseringsprosessen Manglande kontroll på temperaturen i prosessen Tilfredsstiller ikkje prossesskravet (til dømes langtidslagring < 3 år) Metoden som blir brukt for hygienisering er ikkje godkjent ihht biproduktregelverket Samanblanding av rankar (for liten avstand mellom rankane, ny lagt der gamal var, ikkje system på rein og urein sone) Verksemdene har ikkje alternative utvegar dersom tilfredstillande temperatur ikkje vert oppnådd innanfor ei viss tid i prosessen Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 22 av 34

Stabilitet lukt ved lagring og bruk Gjødselvareforskrifta 10.4 set krav til stabilisering av gjødselvaren. Produkta må vera stabilisert slik at dei ikkje forårsakar luktulemper eller andre miljøproblem ved lagring og bruk. I prosjektet er det ikkje registrert avvik knytt til dette kravet. Resultatet kan tyde på at det er behov for nærare definisjon av dette kravet. Det bør drøftast om Mattilsynets tilsynspersonell har nødvendig kompetanse for å vurdere dette kravpunktet som har eit miljøperspektiv og er tett knytt opp mot miljøforvalting. Spiredyktige frø Kravet er gitt i gjødselvareforskrifta 10.5. Produkta skal ikkje innehalde spiredyktige frø av floghavre. Mattilsynet kan krevja dokumentasjon på desimerande behandlingsmetode eller at råvarene vert kontrollert mot floghavreregisteret. Det er registrert 4 avvik på dette punktet. I dei fire verksemdene er det registrert manglande dokumentasjon, manglande rutinar eller manglande risikovurdering for å sikre fråvær av floghavrefrø i sluttproduktet. Avvika er ikkje knytt direkte knytt til anlegg som handterer råvarer med spesiell risiko for innhald av floghavrefrø. Framandlekamar (plast, glas, metall) Kravet i gjødselvareforskrifta er at totalinnhaldet av plast, glas og metallbitar med partikkelstørrelse større enn 4 mm ikkje skal utgjere meir enn 0,5 vektprosent av totalt tørrstoff i ferdig produkt ( 10.6). I prosjektet vart det gjort ein visuell kontroll av ferdig produkt. Korleis sikra verksemda at framandlekamar blir fjerna? Er det kontroll av råvara, og blir noko stogga grunna høgt innhald av framandlekamar? Figur 15. Matavfall pakka i grøn plast for optisk sortering er eksempel på råvarer med høgt innhald av framandlekamar som kan vera problematisk å fjerne i produksjonsprosessen fram mot ferdig gjødselvare. Det var 4 avvik på dette punktet. Verksemdene har utstyr for solding av produkta, men avviket er grunngjeve ut frå mangel på system for å sikre kvaliteten til sluttproduktet. Det er stor usikkerheit i næringa knytt til dette punktet, og det er uklart om det eventuelt skal krevjast analyser av sluttprodukt for å innfri kravet i forskrifta. Krav til råvarer Kjennskap til status til råvara er viktig, og i gjødselvareforskrifta 10.7 er kravet til tungmetall i råvarene skildra. Ved inntak av råvarer frå nye leverandørar bør tungmetallinnhaldet vera analysert. Er det vurdert om inntak av slam frå nye leverandørar vil påverke inndelinga av produkta i kvalitetsklassene? Råvarer som inngår i kvalitetsklassene 0, I og II, jf. 10.1, må ikkje ha høgare tungmetallinnhald enn grenseverdiane for klasse II. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 23 av 34

Det var 6 avvik på dette punktet. Ei av verksemdene er mottakar av kommunalt avløpsslam, der det er ikkje bede om dokumentasjon på produkta frå leverandøren. Andre avvik er at det manglar dokumentasjon på produktet (råvara). Krav til jordblandingar Kravet er gjeve i gjødselvareforskrifta 10.7. Produktet skal vera godt eigna til dyrking av plantar og må ikkje ha veksthemmande effekt. Jordblandinga kan bestå av opptil 30 volumprosent (før blanding) av produkt som kjem inn under f (slam). Jord må ikkje takast frå deponi, industriområde eller liknande areal som kan vera forureina med tungmetall eller andre miljøgifter. Det vart ikkje registrert avvik frå dette kravet. Plikt til registrering av produkt Gjødselvareprodukt skal vera registrert hjå Mattilsynet før dei blir omsette. I tilsynsprosjektet skal registreringa kontrollerast. Uttømande liste over kva gjødselvareprodukt som er omfatta av regelverket er å finne i vedlegg 3 i rettleiinga til gjødselvareforskrifta. Det var 5 avvik på dette punktet. Alle avvika skuldast manglande registrering av produkt. Figur 16. Bildet viser bruk av kompostert avløpsslam som gjødsel/jordforbetring i kornproduksjon. Produktet skal vera registrert hos Mattilsynet og leveransen skal vere følgt av ein varedeklarasjon. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 24 av 34

Merking og varedeklarasjon av jordforbetringsmiddel, dyrkingsmedia og jorddekkingsmiddel Varedeklarasjon skal vera sett opp etter Norsk Standard NS-2890. Varedeklarasjon skal vise produsent, varetype, råvarer, næringsstoff, kvalitetsklasse, bruksavgrensing (tungmetall, ev. biprodukt) og tilråding for bruk. Det var til saman 11 avvik på dette punktet. Sju av avvika går på at det manglar varedeklarasjon på produktet som blir boden fram. Nokre verksemder gir frå seg analysebevis om dette blir etterspurd. Ei verksemd har ikkje lagt inn i varedeklarasjonen bruksavgrensinga av produkt som inneheld slam. Varedeklarasjon for organisk gjødsel Varedeklarasjon som fyller dei spesielle krava i 15 i gjødselvareforskrifta. Varedeklarasjon skal ha opplysningar om produsent, varetype, råvarer, næringsstoff, kvalitetsklasse, bruksavgrensingar og rettleiing for bruk. Det var 12 avvik på dette punktet. Nokre av avvika går ut på at det ikkje er ein varedeklarasjon av produkta. I dei fleste av avvika er det peika på manglar ved deklarasjonen som føreligg. 3.2.6. Mattilsynets oppfølging av avvik (forvalting) Når Mattilsynet observerer avvik frå regelverket, skal det som hovudregel gjevast pålegg i form av varsel om vedtak. Verksemda kan gje tilbakemelding på ting som er uklare i samband med varselet, og deretter vert vedtaket gjort. Vedtaket inneheld ein frist for utbetring og tilbakemelding. Det er og høve til å klage på vedtaket. Mattilsynet føl opp alle vedtak som er gitt til verksemda har ordna opp. Ved mindre alvorlige avvik kan Mattilsynet gjere verksemda merksam på og rettleie om regelverkets krav (påpeiking av plikt). Slik kan avvik rettast opp utan at det vert sett frist for gjennomføring. Verksemda har då ikkje høve til å klage. Det er verksemda sitt ansvar å følgje opp avvik som er påpeikt, og desse vert normalt ikkje etterprøvd i same grad som avvik som vert gitt som vedtak. I prosjektet er «særskilte observasjonar» brukt i rapportar til fire verksemder. Den eine av desse er skildring av ein positiv observasjon ved verksemda. For to andre er «særskilde observasjonar» brukt som ein reaksjon på mindre vesentlege avvik til regelverkskrav. Det skulle her heller ha vore brukt «påpeiking av plikt». Begge verksemdene har ordna opp i avviket, og desse sakene er lukka av Mattilsynet. I den siste verksemda er «særskilde observasjonar» brukt som forvaltingsmessig oppfølging av manglande godkjenning av anlegg etter biproduktregelverket. I «særskilde observasjonar» blir det informert om at verksemda har sendt søknad til Mattilsynet om dette, men søknaden vil ikkje bli handsama før prosesskrav til komposteringsanlegg etter nasjonale metodar vert avklart. I oppfølging av resultata frå dette prosjektet har vi i liten grad gått inn og samanlikna observasjonar og forvaltningsmessige oppfølgingar ved ulike rapporter. Dette fordi vi ikkje kjenner godt til historikk, utfordringar eller samanhengar ved den enkelte verksemd eller kva Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 25 av 34

faglege vurderingar som er gjort av den enkelte inspektør. Vi vel likevel å presentere ein generell figur som seier noko om dei ulike vurderingar som er gjort i verksemder der avvik er registrert (figur 17). Det er ingen markante forskjellar mellom regionane, og vi kan heller ikkje observere misbruk av «påpeiking av plikt» i forhold til varsel om vedtak. Dette kan vera eit teikn på at Mattilsynets inspektørar har følgt informasjonen i prosjektrettleiinga, og at informasjonen gitt i denne har vore tilfredstillande. Forvalting av avvik 8 6 Påpeiking av plikt 4 2 0 Region Hedemark og Oppland Region Hordaland og Sogn og Fjordane Region Oslo, Akershus og Østfold Region Rogaland og Agder Region Trøndelag og Møre og Romsdal Særskilte observasjoner Varsel om vedtak Vedtak uten forhåndsvarsel Figur 17: Mattilsynet sin respons på avvik registrert i prosjekttilsynet Kapittel 4: Vurdering av resultat 4.1. Etterlever bransjen krava i regelverket? Dette tilsynsprosjektet er gjennomført i fem av Mattilsynets regionar, og det er totalt gjennomført 55 tilsyn med verksemder som produserer avfallsbaserte gjødselvarer, kompost eller jordforbetringsmiddel. Dette er kanskje litt knapt talmateriale for bastante konklusjonar om bransjen generelt, men resultata gir likevel nokre nyttige indikasjonar. Mange av verksemdene har svært god regelverksetterleving, og ved 13 anlegg er det ikkje registrert avvik i det heile. Ulike typar anlegg er representert i denne kategorien: biogassanlegg, reinseanlegg for avløpsslam, komposteringsanlegg og tekniske anlegg. Det er vårt generelle inntrykk at mange av verksemdene har god kunnskap om framstilling av avfallsbaserte gjødselvarer og tilgrensande regelverk. Men, det er òg registrert mange avvik frå regelverkets krav, til saman 169 fordelt på 42 verksemder. Avvika har ulik grad av alvor, men ingen har vore av ein slik art at det umiddelbart har ført til stenging av anlegg, tilbaketrekking av produkt eller stopp i produksjon. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 26 av 34

Ein del avvik er allereie rydda opp i, medan andre avvik krev meir omfattande endringar som det tar lengre tid å etterleve. Mattilsynet vil fylgje opp avvika og sjå til at alle pålegg vert innfridd. Det er komposteringsanlegga som kjem dårlegast ut, og det er her dei fleste avvika er registrert. I prosjektet er det gjort ei overvekt av tilsyn med denne prosesstypen, og det medverkar til at komposteringsanlegga kjem høgt opp. Det kan òg vera enklare for Mattilsynet sine inspektørar å avdekke avvik i ein enkel og forståeleg prosess enn i store, mekaniserte og kompliserte prosessar som ein til dømes biogassanlegg eller tekniske anlegg. Det er likevel grunn til å framheve at bransjen, og spesielt komposteringsanlegga, har eit forbetringspotensiale på kritiske kontrollpunkt i regelverket som internkontroll, hygienisering, godkjenning og prøvetaking. God regelverksetterleving på desse punkta er avgjerande for at produkta skal vera trygge å bruke, og omdømme til bransjen kviler på forbetring på desse områda. 4.2. Er avfallsbaserte gjødselvarer trygge å bruke? Gjødselvarer framstilt av avfall og slam vil i utgangspunktet alltid vere forbunde med fare for at smittestoff, tungmetall, framandlekamar og organiske miljøgifter kan følgje med i råvarene. God kunnskap om risiko og sikre prosessar for framstilling av trygge produkt er avgjerande for omsetnad og etterspørsel av denne typen vare. Regelverket stiller difor strenge krav til handtering av slike prosessar. Prosjektet har ikkje avdekt funn som viser for høge verdiar av mikrobiologiske parameter, tungmetallinnhald, framandlekamar eller innhald av organiske miljøgifter i produkta som vert omsett. Ut frå det ser vi det som sannsynleg at avfallsbaserte gjødselvarer produsert i Norge er trygge å bruke. Men, dei mange avvika på viktige kravpunkt som opplæring og kompetanse, krav til godkjenningsdokument, plikt til og krav til innhald i internkontrollen, krav til hygienisering og hygienisk kvalitet samt manglande prøvetaking, viser at det er ein risiko for at uynskt innhald vil kunne passere. Sjølv om mange av avvika var av mindre alvorlig art, og relativt enkle å rydde opp i, vil summen av avvik kunne få den alvorlige konsekvens at gjødselvarer med ukjent innhald vert omsett. Det er difor viktig at bransjen tar tak i dette. 4.3. Har prosjektet ført til auka tilsynskompetanse og meir einskaplege tilsyn med produksjon og omsetnad av avfallsbaserte gjødselvarer mv.? Det er vanskeleg å talfeste auke i tilsynskompetanse, men det er prosjektgruppa sitt tydelege inntrykk at gjennomføring av prosjektet har vore med på å betra kompetansen både hjå inspektørane som har gjennomført tilsyn i prosjektet og på overordna nivå i Mattilsynet. Dette er noko vi har fått tilbakemeldingar om. Produksjon av avfallsbaserte gjødselvarer representerer kompliserte prosessar som dei færraste inspektørar har fagleg bakgrunn i. Det er ofte svært få tilsynsobjekt i kvart distrikt, og erfaringsgrunnlaget blir lite. Nokre av inspektørane har gjennom prosjektet hatt sitt fyrste tilsyn i denne bransjen. Dei har fått betra kompetansenivået, og står godt rusta for framtidige tilsyn. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 27 av 34

Kravet til hygienisering er kanskje det som er aller vanskeligast å vurdere når ein er ute på inspeksjon. Kva er tilfredstillande metode for å hindre at «infektive parasittegg» overlever? Regelverket gjev ikkje noko eksakt svar. Den enkelte inspektøren må ha god nok kunnskap til å kunne vurdere dette, og dei må kjenne prosessen godt nok for å stille dei rette spørsmåla. I prosjektet er det ei sjekkliste (kravpunktmal) der regelverkskrav er lista opp. Inspektørane hadde ikkje ei slik «hugseliste» tilgjengelig frå før. Prosjektgruppa har hatt låg terskel for spørsmål, og har fungert som eit bindeledd mellom Mattilsynet sine distriktskontor og hovudkontoret i vanskelige spørsmål. Prosjektet har vore med å tydeleggjere ovanfor hovudkontoret kva for problemstillingar som er vanskeleg å handtere for inspektørar i felt. Har så Mattilsynet ein einskapleg forvalting av denne bransjen? Det er ikkje kome fram tal i prosjektet som tilseier noko anna. Dette kan vera eit teikn på at inspektørane i Mattilsynet har følgt informasjonen i prosjektrettleiinga, og at informasjonen gitt i denne har vore tilfredstillande. Men, ut frå tilsynsrapportane i prosjektet kan ein likevel få inntrykk av at det er forskjellar i kunnskapsnivå og erfaring mellom ulike inspektørar. Dette gjer seg mellom anna utslag i ulik evne til å avdekke avvik og ulik evne til å prioritere tiltak for å betre regelverksetterlevinga i verksemdene. Den innleiande kartlegginga av tilsynsobjekt har vore eit vesentleg bidrag til meir einskapleg forvalting. Innleiingsvis fekk vi tilbakemelding frå bransjen om at Mattilsynet ikkje besøkte alle anlegg. «Cowboyane» i bransjen slapp unna kontrollen. Framleis er det slik at det kan vera problematisk for Mattilsynet å ha god oversikt over alle tilsynsobjekt. Til dømes har produsentar av avfallsbaserte gjødselvarer utelukkande basert på park- og hageavfall ikkje plikt til registrering av produktet. Det same gjeld produsentar som berre brukar produktet på eigen grunn, t.d. som toppdekke på deponi. Desse kjem ikkje automatisk inn i Mattilsynet sine system, og kan lett bli utegløymd sjølv om denne produksjonen skal tilfredstille dei same regelverkskrav som registreringspliktige produkt. Figur 18. Auka produksjonen av biogass gir også auka mengder biorest som kan nyttast som gjødselvare. Vellukka marknadsføring av denne type gjødselvare byggjer på at forbrukar har tillit til at sluttproduktet frå biologisk avfallsbehandling er trygt. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 28 av 34

Resultatmål Tabell 4: Status resultatmål Resultatmål Produksjon og omsetnad av avfallsbaserte gjødselvarer er kartlagt i deltakande regionar. Tilsyn er gjennomført i minst 30 prosent av verksemdene. Rettleiingsmateriell og kravpunktmal er utarbeida Opplæring av Mattilsynet sine inspektørar er gjennomført Kontakt med bransje, fylkesmann og kommune er etablert. Innspel til oppdatering av eksisterande rettleiingsmateriell. Mattilsynet sine inspektørar har fått auka tilsynskompetanse. Sluttrapport med tilråding for framtidig tilsyn med avfallsbaserte gjødselvarer er levert. Er målet nådd i prosjektet? Ja. Etter gjennomført kartlegging er det til saman registrert 158 som høyrer inn under prosjektets definisjon på verksemder som «produserer eller omsetnad avfallsbasert gjødselvarer, kompost eller jordblandingar». Det kan synast som om det framleis er noko underrapportering på jordblandingsanlegg. Ja. Det er gjennomført 55 tilsyn som representerer 35 prosent av anlegga. Ja Ja. Opplæringssamling vart gjennomført på Gardermoen mars 2012. Ja. Prosjektgruppa har etablert god kontakt med bransjeorganisasjonane. Mattilsynetsine region- og distriktskontor har etablert kontakt med fylkesmannen. Det er viktig at denne kontakten blir vidareført også framover då det er mange felles skjeringspunkt i denne type produksjon. Kanskje noko manglande kontakt med kommunane. Nei, førebels manglar dette. Ja. Opplæringssamling, prosjektrettleiar, kravpunktmal og tilgang på støttemateriell frå bransjeorganisasjonar har auka kompetansen. Spørsmål er så langt råd avklart undervegs. Ja. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 29 av 34

4.4. Tilråding for framtidig tilsyn med avfallsbaserte gjødselvarer mv. Prosjektgruppa vil kome med fylgjande tilråding for framtidige tilsyn med avfallsbaserte gjødselverar mv., i den hensikt at Mattilsynet sitt arbeid framover i endå større grad skal bidra til god regelverksetterleving i verksemdene: 1. Betre oversikten over produsentar av avfallsbaserte gjødselvarer, til dømes ved innføring av registreringsordning for produksjon. a. I dag er det inga registreringsplikt for produsentar av gjødselvare, berre registreringsplikt for gjødselvarene som skal omsetjast. Innføring av registreringsplikt for produksjon av gjødselvare vil gi Mattilsynet betre oversikt over bransjen. b. I dag har nokre avfallsbaserte gjødselvarer unntak frå registreringsplikta, blant anna produkt framstilt frå park og hageavfall. Unntaket bør takast vekk då desse produsentane også skal innfri krava i regelverket. 2. Gode avklaringar i forskrift om animalske biprodukt og i gjødselvareforskrifta. a. Manglande avklaringar i regelverket er problematisk både for verksemdene som skal etterleve regelverket, og for inspektørane i Mattilsynet som skal utøve tilsyn. Eit utval av punkt som må avklarast, og som det har vore uvisse om ved gjennomføring av prosjekttilsynet, er utdjupa i punkt 4.6. 3. Gode rettleiarar når nytt regelverk vert innført. a. Vi ventar på ny gjødselvareforskrift og nytt biproduktregelverk. Prosjektgruppa tilrår at Mattilsynet utarbeidar gode rettleiarar til dette regelverket for å sikre god etterleving av til dels kompliserte og omfattande regelverk. b. Det er positivt om gjødselvareregelverket og biproduktregelverket blir meir samkjørt enn det er no. 4. Utfordre bransjen til å ta i bruk og vidareutvikle bransjenorm/ kvalitetssikringssystem. a. Bransjeorganisasjonen Norsk Vann har oppretta «Bransjenorm slam», som er eit omfattande kvalitetssikringssystem for produsentar av avløpslam. Mattilsynet bør utfordre bransjen til, og støtte opp om utarbeiding av tilsvarande kjørereglar for handsaming av animalske biprodukt. 5. Sikre nødvendig kompetanse hos Mattilsynets lokale tilsynspersonell. a. Mattilsynets inspektørar skal ha den nødvendige kompetanse for gjennomføring av tilsyn med produsentar av avfallsbasert gjødselvare. Dette kan vera ei utfordring då denne typen verksemd, og saksområde, utgjer ei lita del av våre totale tilsynsoppgåver. Prosjektgruppa tilrår at Mattilsynet gjennomfører interne kurs for å sikre god kompetanse, samtidig som det vert lagt til rette for ekstern kompetanseheving og oppdatering på fagområdet. b. Innføre «Fyrtårntilsyn» der inspektørar med kompetanse på fagfeltet får ansvar for tilsyn utover eige distrikt. Det truleg ikkje naudsynt at alle distriktskontora i Mattilsynet byggjer opp denne typen kompetanse. 6. Betre samarbeidet med andre tilsynsetatar som fylkesmann og kommune. a. Prosjektgruppa tilrår at alle distrikt gjennomfører eit eller to tilsyn saman med fylkesmannens miljøvernavdeling for gjensidig forståelse av regelverk og krav overfor verksemdene. 7. Felles sjekkliste (kravpunktmal) Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 30 av 34

a. Utarbeide tilsynsmal i MATS (det elektroniske fagsystemet til Mattilsynet) for ulike produksjonsanlegg (biogassanlegg, komposteringsanlegg osv.). Det vil vera til god hjelp for inspektørane som skal gjennomføre tilsynet samtidig som det vil bidra til meir einskapleg tilsyn i ulike distrikt og med ulike verksemder. 8. Konserntilsyn a. Tilbakemeldingar frå prosjektet tilseier at Mattilsynet bør gjennomføre konserntilsyn med dei største aktørane i bransjen som har avdelingar fleire stader i landet. 9. Følgje opp avvik a. Mattilsynet må framover ha spesiell fokus på verksemdene der avvik er registrert for å sikre at nødvendige tiltak og pålegg vert gjennomført. 4.5. Spesielle utfordringar Her har vi samla nokon av dei problemstillingane som har vore «gjengangarar» i gjennomføring av prosjektet. 4.5.1. Godkjenning av anlegg som framstiller gjødselvarer med animalske biprodukt som råstoff Tilsynet i prosjektet viste at 46% av komposteringsanlegga som framstilte avfallsbaserte gjødselvarer frå animalske biprodukt mangla godkjenning. Dette er høge tal som tydeleg viser dei utfordringar både bransjen og Mattilsynet står overfor når det gjeld godkjenning av denne typen anlegg. Storparten av norske komposteringsanlegg driftar ikkje etter standarmetodane som er skildra i biproduktregelverket, og må godkjennast etter «nasjonale metodar» jf. Biproduktforskrifta 1774/2002 art. 15 jf. vedlegg VI kapittel II pkt. 14. Kva prosessmetodar som kan godkjennast under «nasjonal metodar» er ikkje avklart, men både Mattilsynet og bransjen arbeider med dette. Inntil situasjonen er avklart, representerer dette punktet store utfordringar både for tilsynsobjekta som skal søkje om godkjenning og for inspektørane ved Mattilsynets distriktskontor som skal vurdere godkjenninga. Det herskar ingen tvil om at alle verksemder skal ha slik godkjenning på plass. Det må derfor kome snarleg instruksjon om korleis dette skal handterast medan ein ventar på avklaringar i regelverket. 4.5.2. Bruk av vegetativt avfall frå potetindustrien I prosjektet er det gjennomført tilsyn med nokre verksemder som omset «fruktvatn» frå potetmjølindustri til bruk som jordforbetringsmiddel. I produksjonen vert det gjennomført tiltak som hindrar spreiing av potetcystenematode (PCN), medan desse vil ikkje hindre spreiing av eventuelle andre skadegjerarar. Kravet til hygienisering i gjødselvareforskrifta vert ikkje innfridd. Figur 18. Alvorlege planteskadegjerarar på potet er regulert i forskrift om plantehelse og omfattar mellom anna lys- (bildet) og mørk ringråte, potetkreft og fleire ulike potetvirus. Foto. Dag Ragnar Blystad Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 31 av 34

I 2009 vart det utarbeida eit forslag til intern retningslinje for mottakarar av potet og uvaska grønsaker med rot for sortering, pakking eller industriell bearbeiding. Arbeidsgruppa som kom med forslaget meinte at Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM) skullle vurdere risikoen knytt til spreiing av planteskadegjerarar med uhygienisert rasp og «fruktvatn» frå potetmjølproduksjonen. Det er ikkje sendt bestilling på dette frå Mattilsynet til VKM. I prosjektperioden er det ikkje gjeve vedtak om hygienisering til verksemder som avhender «fruktvatn». Dette er eit område som er problematisk og som snarleg bør avklarast. 4.5.3. Prøvetaking og analyser Ut frå dagens gjødselvareforskrift er det uklart om det er generelt krav til uttak av fem respektive prøvar også i den jevnlige produksjonskontrollen, eller om kravet til fem prøvar berre gjeld for plassering i produksjonsklasse. Skal det seinare, i samsvar med kravet til internkontroll, vere opp til verksemda å avgjere prøvefrekvens og tal prøvar? Dette må avklarast i nytt regelverk. 4.5.4. Langtidslagring og enkel rankekompostering som hygieniseringsmetode Langtidslagring og enkel rankekompostering av slam finn ein ofte i små kommunar der den innsamla slammengde er avgrensa. Aquateam AS har på vegne av bransjeorganisasjonen Norsk Vann gjennomført validering av desse to metodane, og Mattilsynet har akseptert bruk av denne typen prosess med visse krav. Aquateam skriv mellom anna at desse to metodane ikkje vil gje ei gjødselvare som er garantert fri for plantepatogen som til dømes potetcystenematode eller floghavre. Dei mest aktuelle bruksområda for langtidslagra slam er toppdekke på deponi samt i jordbruk og på grøntanlegg kor ugrasfrø og plantepatogen kan aksepterast. Prosjektgruppa reiser spørsmål ved om ein kan setje krav til bruksområde for gjødselvarer som er framstilt ved bruk av validert og «aksepterte» metodar for hygienisering og stabilisering av organisk gjødselvare. Gjødselvareforskrifta, 28, seier at krav utover gjødselvareforskrifta, som vert stilt i andre lovar eller forskrifter, må tilfredsstillast. Både floghavreforskrifta og plantehelseforskrifta brukast for å hindra at desse organismane blir spreidd på jordbruksareal. Likevel meiner vi at avgrensingar i bruksområde for gjødselvarer framstilt ved langtidslagring eller enkel rankekompostering må takast inn ny gjødselvareforskrift, og opplysast både for verksemdene og for tilsynspersonellet til Mattilsynet. 4.5.5. Bruk av slam frå settefiskanlegg (uhygienisert) Vitenskapskomiteen for mattrygget (VKM) har risikovurdert spreiing av uhygenisert slam frå landbaserte fiskeanlegg (dvs. slam som ikkje inneheldt død fisk, berre avføring og fôrrestar). Det er avklart at det uhygieniserte slammet ikkje medfører risiko for menneske-, dyre- eller plantehelse, men kan representere ein risiko for spreiing av fiskepatogen. Det er forventa at den nye gjødselvareforskrifta vil avklare kva krav som skal stillast til hygienisering av denne typen slam for spreiing på jordbruksareal. Slik situasjonen er no, er dette uavklart og mange forskjellige løysingar blir brukt. Mattilsynet er ikkje einskaplege i handteringa av dette. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 32 av 34

4.5.6. Tilsyn med verksemder som ikkje omset eige gjødselprodukt Dagens gjødselvareforskrift har ikkje krav til registrering av dei verksemdene som produserer gjødselvarer, berre til registrering av gjødselproduktet. Ein del produsentar av avfallsbaserte gjødselvarer, omset ikkje produktet men brukar det på eigen grunn som toppdekke, i deponi, i fylling langs kommunale vegar etc. For å få oversikt over desse verksemdene må Mattilsynet hente opplysningar frå miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen, då det er krav om utsleppstillating for gjødselvara uansett om den er registrert eller ikkje. Omsetnad av gjødselvare er likevel ikkje ein føresetnad for tilsyn med verksemda som produserer gjødselvarer, ei heller for å forby produkt som kan medføre miljørisiko eller redusere menneskjer, dyr eller plantar si helse. Det er viktig å leggje forskrifta sitt føremål til grunn som er at ein skal sikre at gjødsel vert utnytta som ein ressurs samstundes som det ikkje medfører ulemper for miljø eller helse. Sjølv om ei verksemd brukar gjødselvara på eigen grunn er den ikkje friteken frå kravet om internkontroll og prøvetaking. Verksemda skal kjenne kvaliteten på produktet og vete kva risiko bruk av produktet medfører. Mattilsynet har difor heimel til å føre tilsyn med desse verksemdene på lik linje med verksemder som har registrert eit produkt. Dette har vore uklart, og medført mange spørsmål i gjennomføring av prosjektet. Prosjektgruppa tilrår derfor at Mattilsynet gjennomfører registreringsplikt for produsentar av avfallsbaserte gjødselvarer, i tillegg til den registreringsordninga som fins på gjødsel 4.5.7. Konserntilsyn Gjennom prosjektet har Mattilsynets distriktskontor støtt på utfordringar knytt til produsentar av avfallsbaserte gjødselvarer med avdelingar fleire stader i landet. Det har vore uklart kor i landet gjødselvara er registrert. Driftsansvarlege på det lokale foretaket har ikkje alltid hatt god nok oversikt over produksjonen og prosessane. Prosjektgruppa tilrår difor at Mattilsynet gjennomfører konserntilsyn på nokre av desse verksemdene. 4.5.8. Krav til stabilisering og til innhald av spiredyktige frø, plast, glas og andre framandlekamar, organiske miljøgifter og plantevernmiddel. Dagens gjødselvareforskrift har kvalitetskrav gitt i 10. Det herskar forvirring, både i næringa og blant Mattilsynets inspektørar, om kva som skal til for at desse krava er innfridd. Til dømes når det gjeld stabilisering, er det krav om analyse eller måling av ferdig produkt? Har mattilsynets inspektørar kompetanse til å vurdere om produktet er stabilt? Skal fråvær av spiredyktige frø (floghavre) dokumenterast med analyser? Skal kvar einskild verksemd dokumentere fråverande innhald av organiske miljøgifter, eller er det nok med kollektiv kunnskap om risiko i produktgrupper? Er det krav til dokumentasjon/analyse for innhald av plast, glas og andre framandlekamar i ferdig produkt? Forvalting av desse punkta må gjerast klarare i komande regelverk og eventuelle rettleiarar. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 33 av 34

4.5.9. Små-anlegg for kompostering. I marknaden er det no ulike typar for «kompakte komposteringsanlegg» brukt for handtering av matavfall frå storkjøkken, restaurant og hotell. Det er ikkje ført tilsyn med denne typen prosess i dette prosjektet, men Mattilsynet bør rette fokus mot det framover. Det må avklarast kva for krav som skal stillast til denne typen anlegg, førast tilsyn med at eigar/brukar av anlegga etterlever krava i gjødselvareforskrift og biproduktregelverk. Kapittel 5: Sluttord Prosjektgruppa ynskjer å takke alle invoverte partar for positiv innstilling til gjennomføring av prosjektet. Vi har i alle ledd blitt møtt med positiv innstilling til arbeidet. Dette gjeld både Mattilsynets tilsynspersonell på distriktskontora og bransjen ved organisasjonane Norsk Vann og Avfall Norge. Sluttrapport Nasjonalt tilsynsprosjekt 2012 Avfallsbaserte gjødselvarer side 34 av 34