Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 011/16 Plan- og PS 08.03.2016 samfunnsutvalet 018/16 Bystyret PS 15.03.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Anders Espeset K1-142 13/580 Kommuneplanens arealdel til 2.gangs handsaming og høyring Framlegg til vedtak: Plan- og samfunnsutvalet vedtar å legge Kommuneplanens arealdel ut på 2. gangs høyring, med heimel i og Pbl 11-14. Framlegg frå Repr.Jan Arve Midtbø,V: 1. Areal A15 Veiesundet avsett til akvakultur blir tatt ut av planen. 2. Det må settes av et område. Grønt areal, vassareal for allment friluftsliv i Solheimsfjorden. Begrenset til Ausa-Andessjera Vedøyna i vest og alvorasundet og sett nord til Brandsøylandet i Øst. Framlegg frå Repr.Hilmar Eliasson,SL: Nytt punkt gjeldende Sjøbuer: Man ønsker "stilkopi"/ny tradisjonell utføring", men det skal være åpning for å bygge med annen type arkitektur gjennom særs godt dokumenterte søknader. Terje Heggheim Rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur.
Plan- og samfunnsutvalet - 011/16 PSUV - handsaming: Kart og tilleggsnotat vart utdelt i møtet. Framlegget til vedtak frå Venstre, punkt 1, falt med 4 mot 5 røyster. Framlegget til vedtak frå Venstre, punkt 2, falt med 4 mot 5 røyster. PSUV - vedtak: Plan- og samfunnsutvalet vedtar å legge Kommuneplanens arealdel ut på 2. gangs høyring, med heimel i og Pbl 11-14. Bystyret - 018/16 BYST - handsaming: Repr.Jacob Nødseth, SL gjekk frå som ugild i denne saka. Repr.Lasse Seim,SL møtte. Administrasjonen delte ut eit notat/dokument i saka. Samlingslista ber om gruppemøte. Etter gruppemøte vart det føreteke røysting slik: Det utdelte dokumentet vart samrøystes vedteke teke med i planen. Framlegget frå Eliasson, SL vart vedteke mot 2 røyster. Framlegget frå Midtbø,V pkt.1 fall mot 10 røyster. Framlegget frå Midtbø,V pkt.2 fall mot 5 røyster. Framlegget frå utvalet Plan- og samfunn vart samrøystes vedteke. BYST - vedtak: Bystyret vedtar å legge Kommuneplanens arealdel ut på 2. gangs høyring, med heimel i og Pbl 11-14, med slikt tillegg:
Utdelt notat/notat vert innarbeidd i planen og nytt pkt. vedk.sjøbuer lagt til: Man ønsker "stilkopi"/ny tradisjonell utføring", men det skal være åpning for å bygge med annen type arkitektur gjennom særs godt dokumenterte søknader.
Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Kommuneplanens arealdel skal opp til 2.gangs handsaming og leggast ut på 2.gangs høyring. Innleiing: Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel har no vore arbeidd med i ca. 2 år, over to ulike valperiodar. Rådmannen har i samråd med politikarane lagt opp til to høyringsrundar for å få ei grundig handsaming. Ei utvida 1.høyringsrunde gjekk over fire månader i perioden julioktober 2015. Etter mange private innspel og fleire motsegner, særleg frå Fylkesmannen er planframlegget justert før 2. gangshandsaming og -høyring. Vurdering: Arbeidet med kommuneplanen sin arealdel er eit krevjande og omfattande arbeid der mange omsyn skal takast, både til grunneigarar, innspelshavarar og relevante sektorstyresmakter. For Flora sin del er det særleg utfordrande med ei svært lang kystlinje der det som kjent er byggeforbod i 100-metersbeltet. Gjennom plan kan denne sona delvis opphevast. Kommunen har valt å følgje gjeldande plan i stor grad, der bruk av LNF Spreidd var eit sentralt og viktig grep for å styre bygging rundt bygdesenter og kommunikasjonsaksar. Etter ei grovsiling av totalt 218 innkomne innspel til kommuneplanarbeidet, vart innspel openbert i strid med vedtekne arealstrategiar i planprogrammet silt ut i eit prosessvedtak i Plan- og miljøutvalet 16.09.14. I konsekvensutgreiinga er areala vurdert ut frå følgjande tema; kulturminne/miljø landskap naturmiljø naturressursar friluftsliv folkehelse born og unge miljø og klima infrastruktur I tillegg er det gjort ein ROS analyse som vurderer risiko ved nye tiltak.
Konsekvensutgreiinga avsluttar vurderinga av kvart areal, om området vert tilrådd/rådd i frå. Vurdering av dei einskilde områda er omtala spesifikt i konsevensutgreiinga og ROSanalysen, som ligg vedlagt. LNF 1-soner frå gjeldande plan som tillèt bygging av bustader og næringsbygg, er konsekvensutgreidd til også å omfatte fritidsbustader. På bakgrunn av KU og ROS er mange av desse areala kraftig reduserte og til dels justerte/utvida. Innspel Tal Tilrådd Avvist Totalt 218 Silt ut før KU 50 16 pga eksisterande tiltak 34 KU 168 149 19 165 53 Etter 1.gangs høyring med motsegner frå Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Kystverket og Mattilsynet, samt fleire private innspel er planframlegget med tilhøyrande plandokument justert. Fylkeskommunen sine motsegner gjaldt: -Campingområder nær opp til automatisk freda kulturminner av nasjonal verdi; Stakaldeneset og gravrøyser i Årebrot. Desse er tatt ut. -Manglande omsynssoner rundt viktige kulturminner/kulturmiljø. Dette er retta opp. -Manglande prioritering av utvalde sjøbuer, som skal ha eit sterkare vern. Det føregår dialog med fleire grunneigarar. -Tydelegare grunngjeving for bruk av LNF Spreidd-soner. Dette er utbetra i planskildringa.
Mattilsynet si motsegn gjaldt: Matilsynet krev at akvakulturområda A20-22 vert tatt ut for å sikre ei oppdrettsfri sone nord til neste anlegg i Bremanger. Grunngjevinga kjem av at ein ynskjer betre kontroll med smitte av sjukdom og lus. Rådmannen har tatt dette til følgje ved at A20 og A22 fortsatt er i planen, men med føresegn som gjev forbod mot laksefisk. Kystverket si motsegn gjaldt: -Sikring av farlei aust for Hovden. Her har vi lagt kombinert føremål akvakultur og farlei på A22. -A21 er erstatta med Ankringsområde FE etter krav frå Kystverket. Det er lagt inn totalt 5 slike ankringsområder i kommunen. I forkant av 1. høyringsrunde var dialogen med Fylkesmannen av ulike grunnar mangelfull. Manglande dialog er ein del av grunngjevinga for tal motsegner. Før 2. høyringsrunde har kommunen hatt ein konstruktiv og god dialog med Fylkesmannen, der ein blant anna har hatt to arbeidsmøter. Leiar i Plan- og samfunnsutvalet har vore med på desse møta. Hovudresultatet frå dialogen med Fylkesmannen er at mange av byggeareala er redusert og justert for å i større grad ta omsyn til strandsone, landskap og naturkvalitetar. Det er gjort særleg justeringar på dei mange areala for LNF spreidd bygging bustad, fritidsbustad- og næring (SPB), samt nokre areal for fritidsbustader (FB). Desse områda er hovudsakleg reduserte, for å tilpasse landskap, og for å ta omsyn til strandsone. Generelt er grensa mot sjø/vassdrag 30 meter, men med tilpassing der forholda gjer det naturleg. Det står att nokre område ein ikkje har kome heilt til semje om; 1. Årebrot: Na12/BH14 Grunneigar ynskjer primært å oppgradere eksisterande båtstø og bygge naust i tilknyting til det. Sekundært ynskjer grunneigar å legge til rette for båtplassar på austsida av neset.
Grunneigar har god lokalkunnskap om området og meiner dette er den beste hamna i området. Fylkesmannen er kritisk til å tillate tiltak på neset og etterspør alternative lokalitetar. Rådmannen har tiltru til lokalkunnskapen i denne saka og meiner at området bør nyttast til naust- og hamneføremål. Gode båthamner er ein avgrensa ressurs i dette området. 2. Nordalsfjord: FR2 Grunneigar ynskjer å bygge inntil 3 hytter, der ei av dei er tenkt til utleigeføremål. Delar av området er eit renovert småbruk som blir brukt i næringssamanheng til utleige i kombinasjon med sal av jakt og fiske. Ein ny veg i området vil og kunne løyse ut veg til ei hytte på nordsida av kollen. Fylkesmannen er uroa for å øydelegge for allmenn ferdsel, samt at tiltaket vil skjemme landskapet i for stor grad. Rådmannen ser problemstillingane, men meiner at dette kan løysast ved å stille krav i påkrevd reguleringsplan, og har føreslege ei føresegn som spesifikt legg slike føringar. 3. Nyttingnes FB18: Grunneigar ynskjer å regulere arealet til fritidsbustader. Området er ein del av eit areal som grunneigaren fekk i makebyte for eit areal avgitt til naturreservat. Fylkesmannen meiner at området er relativt urørt, har lang strandlinje og er utan nærleik til infrastruktur. Rådmannen peikar på to forhold som kan tale for dette området: Der er allereie ei hytte i innanfor arealet, samt ein veg nesten ned til området. Lokaliseringa er attraktiv for føremålet fritidsbustad, då det er sør- og vestvendt med gode soltilhøve.
4. Domba: FB14 Grunneigar ynskjer å regulere, for å få fleire hytter i området. Fylkesmannen og rådmannen meiner området har så store naturmessige kvalitetar at ein bør vurdere å ta det ut av planen. 5. SPB58 Grunneigar har lansert området som eit mogeleg område for bustad, fritidsbustad og næring. Fylkesmannen signaliserer motsegn på dette arealet, då det er for tett på elva. Rådmannen er usikker på dette området. Det står ikkje fram som særleg attraktivt; inneklemt mellom veg og elv, og noko skyggefullt. Akvakultur Område for akvakultur er i hovudsak vidareført frå eksisterande plan. Der er to nye areal i ny kommuneplan; A7 og A8 der sistnemnde har krav om lukka teknologi. Lokalitet A15 Veiesund er føreslege omgjort til ordinær lokalitet. Den ligg i gjeldande plan som reserve/krise-lokalitet, og har vore i bruk i ca. 5 år. Eit midlertidig løyve for drift gjekk ut 01.01.16. I samband med 1. gongshøyring av kommuneplanen og søknad frå Steinvik Fiskefarm om vidare midlertidig drift har det vore massive klager, hovudsakleg frå hyttenaboar og fastbuande. Naboar klagar på avstanden til anlegget og medverkande støy og visuell forureining. I hovudsak omhandlar dette redusert kvalitet på fisk, skaldyr og badevatn. Desse forholda er ikkje dokumenterte. Alle regelmessige miljøundersøkingar i området syner god status og alle sektormyndigheter vurderer lokaliteten som god. Dette er bakgrunnen for at rådmannen tilrår å gjere A15 til eit
ordinært akvakulturområde. Fylkesmannen har ikkje motsegn mot arealet, men tilrår å vurdere anna lokalisering pga. dei massive naboklagene. Rådmannen kan ikkje sjå at der er tilsvarande gode alternative lokalitetar. Sjøbuer Rådmannen legg opp til å opne for bruksendring for 40 sjøbuer. Dei fleste av desse ligg i Rognaldsvåg, og elles spreidd i andre delar av kommunen. Alle sjøbuene ligg i LNF Spreidd eller andre byggeområde. Bruksendring for buer i ordinære LNF-soner krev dispensasjon. Der er laga retningslinjer for ein slik dispensasjon. Stad Tal Hovden 6 Fanøy 3 Litle Batalden 2 Skorpa 4 Rognaldsvåg 14 Askrova 7 Svanøy 1 Årebrot 1 Barlindbotn 2 Sum 40 Fylkeskommunen si kulturavdeling krev at det blir plukka ut nokre sjøbuer som blir gitt ein ekstra vernestatus for å sørge for å bevare eit visst representativt utval sjøbuer "autentiske". Rådmannen har dialog med fleire grunneigarar, og tek sikte på å få dette på plass så snart som råd. Kjerneområde landbruk Landbruk er viktig i kommunen og jordvern er høgt prioritert i nasjonale retningslinjer. Rådmannen held på å utarbeide oversikt over kjerneområde landbruk, og vil få laga kart med omsynssoner for dette temaet. Desse er ikkje heilt ferdig, og vil komme på plass så fort som råd. Dialog i kommuneplanprosessen Rådmannen har prøvd å ha dialog med aktuelle grunneigarar, grendelag og politikarar, gjennom heile kommuneplanprosessen, når det har skjedd endringar i arealavgrensingar og føremål. Fortløpande endringar gjer at kontakten er vanskeleg å halde konstant, spesielt når det gjeld spreidd områda, som innehar mange grunneigarar. Ein må og ta atterhald om at nokre innspel i denne dialogen, kan vere utelatt. Det er eit mål at 2. gongshøyringa skal fange
opp eventuelle feil eller manglar. Det er viktig å presisere at der det i 1.høyringsrunde var større rom for å legge ut fleire kontroversielle areal for å sondere responsen hos sektormyndighetene, er det no forventa at det som blir lagt ut i denne runden er det som er brei politisk semje om. Det må og nemnast at vi i dialogen med Fylkesmannen ikkje har fått reine avklaringar om dei siste konfliktområda, pga. langvarig sjukdom hos Fylkesmannen. Full oversikt over alle fråsegner og motsegner med rådmannens forslag til innstilling finnast i vedlegg: Oppsummering fråsegner med rådmannen kommentarer 240216. Alle relevante plandokument ligg vedlagt i saksmappa. Ein finn dei i tillegg på kommunen si heimeside under Nyhende og kunngjeringar. Her er og link til planutkastet i kartportalen. Økonomiske konsekvensar: Miljømessige konsekvensar: Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Vedlegg: Plankart_250216 Føresegner_og retningslinjer_250216 Planskildring 250216 Vedlegg 5.8.1_KU_og ROS_250216 Vedlegg 5.8.2_Forvaltning_og_utvikling_av_sjøhus_i_Flora Vedlegg 5.8.3-Handlingplan for kulturminne 2016-2020_(per250216) Vedlegg_5.8.4_Oppsummering_fråsegner_med_rådmannens_kommentarer_250216