PLANOMTALE REGULERINGSPLAN FOR LISTAULLIA DEL AV 152/1 PlanID 20040011 Innhald INNHALD... 1 1 BAKGRUNN... 2 2 PLANAVGRENSING... 2 3 INNSPEL TIL PLANPROSESSEN... 3 4 ENDRINGAR I HØVE TIL GJELDANDE PLAN... 4 5 PLANOMTALE... 4 2321 Plankontoret Hallvard Homme A/S 1 Leirbekk Utbygging A/S
1 Bakgrunn Reguleringsplanen for Listaullia vart vedteke i 2003, med seinare revisjonar. Store delar av planen er realisert, men nokre tomter er framleis ubygde. Tiltakshavar har sett at marknadstilhøva har endra seg i tida som har gått sida planvedtaket og ynskjer difor å endre nokre av føresetnadene. Det er krav om utarbeiding av reguleringsplan. Plankontoret Hallvard Homme A/S yter bistand til dette etter førespurnad frå Leirbekk Utbygging A/S. 2 Planavgrensing T.v.: Planområdet er del av teig H20 i kommune-delplanen for Rukkemo/Torvetjønn. Den nøyaktige lægja er stipla inn på kartutsnittet frå KDP til venstre. T.h.: Kartet er eit utdrag frå 1000-dels kartverket og viser tilhøva i planområdet og tilstøytande areal meit detaljert. Plangrensa går i søraust i kanten til eksisterande nedfart. Så følgjer grensa den eksisterande driftsvegen ved driftsbygget ned til riksvegen. Plangrensa fortsett midt i riksvegen nordover, til den møter eigedomsgrensa mellom 152/1 og 151/3. I nordvest går plangrensa nettopp langs med denne eigedomsgrensa. Tilkomst til området skjer via etablert køyreveg frå regulert kryss (innringa) ved Fjøllhalli Service knytt til utleige av tiltenkte hytter i planområdet er tenkt plassert i eksisterande resepsjon på Fjøllhalli. 2321 Plankontoret Hallvard Homme A/S 2 Leirbekk Utbygging A/S
3 Innspel til planprosessen Fylkesmannen i Telemark Leikeareal, stiar og løyper må takast vare på i planframlegget. Krav til trygg skuleveg og tilkomstar for område der barn oppheld seg må vurderast. Plankartet endrast ikkje. Trygg skuleveg er uaktuell, då planen ikkje heimlar fast busetjing. Telemark Fylkeskommune Området er klarert med omsyn til automatisk freda kulturminne. Statens vegvesen Telemark Vegvesenet har ingen merknader. Hytteeigarar i Listaullia Ein del hytteeigarar har sendt inn eit felles innspel med 27 signaturar. Punkta i innspelet er: - kritikk mot at planen endrast etter så kort levetid - eksisterande veg har for liten kapasitet for å take imot større trafikkmengde - auka grad av utnytting må vurderast i høve til infrastruktur, kommunaltekniske anlegg, stinett, kulturminne, omsyn til barn og unge - tomannshytte må vurderast i høve til estetikk og er lite ynskjeleg - fellesområdet for renovasjon etc. må også vurderast i planforslaget Hytteeigarane krev ein dokumentasjon for grunnlaget for igongsetjing av reguleringsarbeidet. Ein må dokumentere trongen for dobbelthytter i området. Hytteeigarane i Listaullia er samde i denne uttalen. Reguleringsplanar kan endrast etter kort levetid, dette kan vere naudsynt for å svare på endringar i føresetnadene for den opphavlege planen. Det er ingen krav om dokumentasjon for endringstrongen. Tiltakshavar vurderar kapasiteten i vegnettet, straum- og VA løysingar for god nok til å auke talet på seksjonar og storleiken på hyttene. Det vil berre vere 1 ekstra eining i området i høve til gjeldande plan. Dermed ser ein ikkje grunnlag for å dokumentere infrastrukturen betre. Konkret bygningstype føreligg ikkje, ein kan difor ikkje vurdere konkret terrengtilpassing. Fleire hytteeigarar har vore interessert i å vere med på auken i utnyttingsgrad, ein kan difor ikkje sjå at alle hytteeigarar er samde i påstandane og krava satt fram i brevet. 2321 Plankontoret Hallvard Homme A/S 3 Leirbekk Utbygging A/S
4 Endringar i høve til gjeldande plan Generell BYA er tilpassa nye forskrifter og derfor generelt auka med 3 prosentpoeng. Dette fordi forskrift om utrekning av BYA no er bestemte på at parkeringsareal også skal medreknast. Ved å auke generell BYA oppretthaldast den gamle intensjonen om tettleik i feltet. Tomtene 30, 31, 34, 35, 37, 38, og 39 får føresegner om spesiell BYA, som setjast til 180 m 2 for alle tomter, uansett kva felt dei fell inn i. 5 Planomtale Det leggast ein samleveg i planområdet. Køyrebana skal vere på 4 m. Samla inngrepssone (køyrebane, skulder, grøft, fylling og skjering) kan vere på opptil 8 m. I krappe svingar kan arealet utvidast, dette visast på plankartet. På plankartet markerast vegen med Veg1. Dei andre vegane i området skal ha køyrebane på 3 m og ei inngrepssone på maksimalt 6 m breidde, og er merka Veg2 på plankartet. Langs med byggeområde gjeld ei byggegrense på 3 m frå grensa til vegføremålet. Kvar tomt skal ha høve til parkering av to bilar. Heile vegnett regulerast som Spesialområde privat veg og parkering. Byggeområde for fritidseiningar delast inn i H1-H4. Det skal opparbeidast 2 parkeringsplassar per tomteeining. Tomtene er fortløypande nummerert 1-64. Alle einingar skal få høve til å legge inn vatn, straum og avlaup. Bygningane kan utformast med hovudetasje, etasje under saltak og sokkeletasje (der terrenget tillét dette). På plankartet merkast felta med H1-H4. Næringsområdet har same standard som byggeområdet for fritidseiningar. Tomteutnyttinga er litt høgare enn i vedkomande felt. Her er det høve til å etablere fritidseiningar til utleige. På plankartet merkast næringsområdet med N1. Grøne korridorar mellom hyttene og buffersoner mot eigedomsgrensa i nordvest leggast ut som Spesialområde friluftsliv på land. På plankartet merkast desse med SpFri. Det skal vere høve til å etablere skiløyper mot nedfarta. For å kunne organisere avfallshandteringa på ein optimal måte avsettast eit område nært opp til eksisterande driftsbygg til Fellesområde, markert med Felles på plankartet. Her er det høve til å etablere anlegg knytt til renovasjonsordinga i kommunen. Høgspentlina, som går over planområdet, leggast i kabel. Området regulerast til Spesialområde anlegg i grunnen og merkast med SpGrunn på plankartet. Det same gjeld for eit område inntil riksvegen, der hovudkloakkledningen kjem inn i planområdet. Kring trafoen ved parkeringsplassen leggast inn ei faresone. Områda regulerast som Fareområde og, er merka Trafo på plankartet. 2321 Plankontoret Hallvard Homme A/S 4 Leirbekk Utbygging A/S
Riksvegen går forbi utviklingsområdet og er halvvegs med i planområdet. Den er offentleg veg og markerast på plankartet med Køyreveg. Tilkomst frå riksvegen og inn til planområdet skjer i regulert kryss sør for planområdet. I samband med køyrevegen og riksveg 9 leggast det inn eit belte med Annan vegrunn. Beltet er på 5 m langs med riksvegen og utvidast til 2 m frå toppunkt skjering i fjellskjeringar. Det har fått lysegrå farge. Eksisterande skiløype frå eksisterande parkeringsplass ved skisenteret og langs med riksveg 37 går i ein undergang. Traséen er regulert som Gang- og sykkelveg og markert med G/S-sti på plankartet. 2321 Plankontoret Hallvard Homme A/S 5 Leirbekk Utbygging A/S
Vinje den 28. mai 2003 For Plankontoret Hallvard Homme AS Alexander Stettin Revidert 18. august 2003 Revidert 28. okt. 2003 Revidert 18. oktober 2004 Revidert 5.juni 2009 Revidert 1. april 2010 Revidert 16. juni 2010 Revidert 20. september 2010 Varsel om oppstart av planarbeid: 10.03.2003 1.gongs handsaming i det faste utvalet for plansaker: 22. okt. 2003 Utlagt til offentleg ettersyn i tidsromet: 2. gongs handsaming i det faste utvalet for plansaker: Eigengodkjent i kommunestyret den: 09. sept. 2004 Mindre vesentleg endring Vedteken i planutvalet 13.04.05, sak 05732 Endring av planen i høve til utnyttingsgrad Vedteken i kommunestyret 02.09.10, sak 10/57 2321 Plankontoret Hallvard Homme A/S 6 Leirbekk Utbygging A/S