Høyringsrapport - skulestruktur

Like dokumenter
Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

HØYRING OM INNHALDET I SKOLEN OG EVENTUELT ENDRA SKOLESTRUKTUR Etter ynskje frå politisk hovudutval Oppvekst-, kultur og omsorg (OKO)

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kvalitetsmelding Lomsskulen. Mai 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Elevtalsframskriving

Ungdomstrinnsatsinga

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

TRENDS IN INTERNATIONAL MATHEMATICS AND SCIENCE STUDY

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Erfaringsdeling

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Ekskursjon til Stryn kommune besøk på to oppvekstsenter

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

VFL Lom kommune. Vart kasta inn i prosjektet, lita tid til planlegging derfor litt tilfeldig organisering og val av kompetansemiljø.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Regelverksamling Oppvekstsjef Olav Fure

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG BARNEHAGE SKULE I SKODJE KOMMUNE

Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr.: 12/ OPPVEKST - SKULEEIGARRAPPORTEN OM TILSTANDEN I SULASKULEN

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Hold meg. Sirwan Saadun Mohammed (2002)

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Delrapport 7 Modell 7

Delrapport 2 Modell 2

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

SKULESTRUKTUR: Rapport frå arbeidsgruppa ved

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

1. Beskriv målet/måla

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

PPT no og i framtida.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune

Transkript:

Høyringsrapport - skulestruktur Bakgrunn Lom kommunestyre gjorde den 24.04.2014 følgjande vedtak (sak 36/2014): 1. Kommunestyret ber administrasjonssjefen om å koma med framlegg til ei organisering som skal gje ein framtidsretta skule der opplæringstilbodet skal vere likeverdig, uavhengig av kvar elevane bur i kommunen. Pedagogiske og økonomiske argument skal vektleggast. Det blir vist til rundskriv Udir 2-2012 som skal ligge til grunn for arbeidet. 2. Administrasjonssjefen får frist til 15 oktober 2014 med å koma med sitt framlegg I saka er det vurdert 4 alternativ: A: To barneskular og ein ungdomsskule, (som i dag) B. Ein barneskule på Loar, 1-7, og ein ungdomsskule, 8-10. C. Ein barneskule på Loar, 1-6, og ein ungdomsskule, 7-10 D. 1-10-skule Sjå saka her: Administrativ vurdering av skulestrukturen Høyringsuttale Kommunen ynskjer ein mest mogleg open prosess og ber om innspel frå alle som ynskjer å uttale seg. For å kunne setje seg inn i saka, er det utarbeidd eit høyringsdokument. Fyrste delen inneheld nødvendig bakgrunnsinformasjon, medan del to gjev ei oversikt over fire ulike måtar å organisere skulane på. Det blir spesielt bedt om synspunkt på: 1. Kva talar for å oppretthalde gjeldande struktur, med vekt på kvalitet og ressursutnytting. 2. Kva talar for å endre skulestrukturen, med vekt på kvalitet og ressursutnytting. 3. Kven av dei fire modellane som bør veljast, gjerne med grunngjeving. Administrasjonen ber om uttale innan 1. sept 2014. Merk uttala «Uttale skulestruktur 2014.» Uttalene skal sendast på e-post til post@lom.kommune.no eller Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom Om det er spørsmål til saka, ta kontakt med: rådgjevar oppvekst herdis.kvamme.repp@lom.kommune.no, tlf 97667744 eller administrasjonssjef ola.helstad@lom.kommune.no tlf. 97161865 Ola Helstad Administrasjonssjef Lom 20.05.2014 1

1. Bakgrunnsinformasjon Elevtalsutvikling Oversikta under viser elevtalsutvikling frå i dag og så langt vi kan sjå. Det er teke utgangspunkt i fødselstal og korrigert for innflytting/utflytting i den grad vi har oversikt. Skuleår 13-14 14-15 15-16 16-17 17-18 18-19 19-20 20-21 21-22 22-23 23-24 24-25 25-26 26-27 Garmo 23 25 25 25 24 24 26 Loar 157 153 143 136 124 118 116 Ungdomsskulen 88 87 88 81 86 83 78 64 67 58 65 59 57 59 Til saman 268 265 256 242 234 225 220 Garmo er tredelt. Inneverande år er det 6 elevar i 1./ 2.kl, 7 elevar i 3./4.kl og 10 elevar i 5./7.kl. I snitt er det 3,3 elevar pr årssteg. Frå 2017/18 vil ikkje ei overføring av elevar frå Garmo til Loar føre til klassedeling. Sjølv om ein slår saman skulane, vil det likevel vere 10 færre elevar totalt enn det er på Loar i dag. Det er verdt å merke seg at i 2023 er elevtalet i ungdomsskulen nede i 58 elevar. Til samanlikning hadde skulen 100 elevar i 2010. Lærartettleik Lærertettleik gir informasjon om kor store elevgrupper ein lærar har i snitt. På landsbasis underviser ein lærar i snitt 17 elevar. I Lom ligg snittet skuleåret 13-14 på 12,7, alle skulane sett under eitt. Tala finn ein ved å gå inn på www.skoleporten.no 08-09 09-10 10-11 11-12 12-13 13-14 Garmo 8,5 8,9 8,1 7,7 7,6 6,3 Loar 12,4 14,7 17,3 15,3 15,2 14,4 Ungd.sk 15,8 14,7 15,0 13,3 12,8 13,2 2

Fagleg og sosialt miljø for elevane Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet gjev oss informasjon både om læringsresultat og om korleis elevar opplever læringsmiljøet. I www.skoleporten.no er resultata tilgjengelege på kommunenivå. Dersom ein ser på resultat av nasjonale prøver i ein femårsperiode, er det ingenting i desse resultata som tyder på at den eine barneskulen er betre enn den andre fagelg sett. Resultata varierer sjølvsagt frå år til år, men det er vanskeleg å finne haldepunkt for at små skular er betre eller dårlegare enn større skular når det gjeld faglege prestasjonar. På små skular kan det derimot for enkelte elevar vere ei utfordring å finne nokon å vere saman med. Det kan vere grunnen til at Garmo skule på bakgrunn av svake resultat på delar av elevundersøkinga i treårsperiodane 2007-2009 og 2009-2012 vart plukka ut til å vere med på satsinga «Målretta innsats for betre læringsmiljø», i regi av fylkesmannen. Ved nærare analyse kom skulen fram til at den største utfordringa var elevrelasjonar. Dette er ikkje uvanleg når det er så få elevar, men like alvorleg for dei det gjeld. Etter at kommunestyret i januar 2009 opna for at foreldre skulle få bestemme skulestad, er sju søknader om overføring frå Garmo til Loar innvilga. Inntrykket er at foreldre søkjer overføring fyrst og fremst fordi dei ynskjer at ungane skal vere i eit større miljø. Kompetanse Kartlegging av kompetansen i skulane i Lom viser generelt god fagdekning. Skulane prøver å planlegge langsiktig, men det er likevel ikkje til å unngå at uheldige situasjonar oppstår. Di mindre skulen er, di større kan utfordringane bli. Ein liten skule er sårbar. Det merkast godt når ein lærar sluttar. Med det forsvinn gjerne kompetanse som ingen andre i kollegiet har. På større skular er det enklare å få nokon i kollegiet til å erstatte den tapte kompetansen gjennom etter- og vidareutdanning, da det er fleire å ta av. Det kan i denne samanheng nemnast at Lom så langt har hatt med seks lærarar på den statlege vidareutdanningsordninga. Alle arbeider på ungdomsskulen og Loar. Med få vaksne i kollegiet, er det vanskeleg å fylle ulike funksjonar. Eitt døme er at Garmo ikkje har leserettleiar. Dei har heller ingen ressursperson for vurdering for læring, eit anna satsingsområde. Ei anna sak er at behovet kan vere mindre da det er få elevar pr lærar. Kommunen har dei siste åra hatt tre store utviklingsprosjekt. Vi ser at det generelt er vanskelegare for Garmo enn for dei andre skulane å fylgje opp satsingane, fordi det er få lærarar å spele på. Ofte krev slike utviklingsarbeid at det blir sett ned ei prosjektgruppe på fire-fem lærarar. For Garmo betyr det alle lærarane, noko som ikkje let seg gjere p.gr.a. vikarbehov. 3

For alle skular kan det vere ei nesten håplaus oppgåve å skaffe kvalifiserte vikarar. Men tilgangen er likevel betre på Loar og ungdomsskulen enn i Garmo Ofte skje fagleg utvikling gjennom erfaringsdeling og refleksjonar. For å få til denne dynamikken og utvikle skulen til ein lærande organisasjon, er det grense for kor lite eit kollegium kan vere. SFO Både Garmo og Loar har SFO. I Garmo er jobben er på 30 %, 3 dagar i veka. Dette skuleåret har det vore spesielt stort vikarbehov og nesten uråd å finne vikarar, og iallfall kvalifiserte vikarar. Dette skapar utfordringar både for brukarane som har behov for eit stabilt og føreseieleg tilbod, og for dei som må bruke mykje tid og krefter på å ringe rundt. På Loar er det enklare å kombinere SFO-stilling med stillingar i skulen. Det er fleire som er i systemet, og som kan steppe inn ved behov. Dette er vaksne ungane kjenner frå før. Skuleskyss Skuleskyssen er eit spleiselag mellom fylkeskommune og kommune. Ved ei eventuell overføring av elevar frå Garmo til Loar, vil alle elevane ha rett på skyss. Med utgangspunkt i gjeldande elevtal og 2013-kostnad, vil skyssen koste kommunen ca 120 000 meir enn i dag. Avstand Avstanden mellom Garmo skule og Loar er 13,5 km. Eleven som vil få lengst avstand ved ei evt overføring til Loar, vil få ca 16 km. Administrative ressursar I skuleåret 13-14 har skulane følgjande administrasjonsressurs: Garmo: 60% rektor (barnehageadm ikkje medrekna) Loar: 100 % rektor + 40% inspektør Ungd.skulen: 100% rektor + 40% inspektør I tillegg har Loar 30% merkantil og ungdomsskulen 20% merkantil ressurs. Tala som skulane rapporterer årleg er tilgjengelege på https://gsi.udir.no/tallene 2. Fordelar og ulemper ved fire ulike måtar å organisere skulane på A To barneskular og ein ungdomsskule (som i dag) Fordelar med å ha det som i dag - argument for å oppretthalde Garmo skule: Moglegheit for å integrere lokalmiljøet på ein god måte i skulen sitt læringsarbeid. 4

Aldersblanding kan vere eit godt pedagogisk prinsipp. Moglegheit for tett samarbeid skule-barnehage. Mindre busskjøring. God lærardekning god oppfølging av den enkelte elev. Lite og trygt miljø der alle kjenner alle. Elevar meir synlege og har betre høve til å utfalde seg. Høve for tette relasjonar skule-heim og heim-heim. Overgang barnehage-skule er enkel. Ulemper ved å ha det som i dag - argument mot å oppretthalde Garmo skule Lite sosialt miljø for elevane. Lite miljø for dei vaksne. Få å samarbeide med og lære av. Kan vere utfordrande å få til god progresjon for alle elvar i aldersblanda grupper. Stor skilnad mellom skulane når det gjeld lærardekning. Store kostnader pr elev i Garmo samanlikna med dei andre skulane. Tilgang på spisskompetanse ser ut til å vere meir utfordrande ved små skular. Søknader frå foreldre om overføring til Loar tappar miljøet i Garmo. Kan vere vanskeleg å rekruttere ny kompetanse, lite miljø og usikker framtid. Generelt meir utfordrande å få til ynskt utvikling på små skular sidan det er få lærarar å ta av, gjeld t.d. ulike kompetansehevingstiltak. Å vere rektor i eit oppvekstsenter krev både skulefagleg og barnehagefagleg kompetanse. Ulike lovverk og ulike avtaleverk gjer jobben utfordrande. Rektor må vere mykje borte da ho representerer både skule og barnehage. Erfaring dei fire åra oppvekstsenteret har eksistert, viser at det er utfordrande å få til samarbeid på tvers av fagområda. B. Ein barneskule og ein ungdomsskule, 1-7 og 8-10 Argument for å samle Loar og Garmo frå 1.-7.kl: Større fagmiljø, større sosialt miljø for både elevar og lærarar. Større breidde i lærarkompetansen. Større fagmiljø kan verke positivt både på rekruttering og for å halde på tilsette. Mindre sårbart fleire å spele på i ulike samanhengar. Utjamning av ressursar og kompetanse. Billigare å drive ein skule enn to. Kostnadseffektivt for skuleeigar, færre å følgje opp. Argument mot å samle Loar og Garmo frå 1.-7.kl: Garmoselevane får ikkje gå på skule i nærmiljøet og mistar det positive som kjem fram i punkt A. Elevane i Garmo får ikkje den same gode lærardekninga som i dag. Garmo oppvekstsenter blir redusert til barnehage. Fleire må ta buss 5

C. Ein barneskule og ein ungdomsskule 1-6 og 7-10 (frå 2018-19 er det plass til 7.kl. på ungdomsskulen) Fordelar som i punkt B. I tillegg kjem argument som: Frigjev plass på Loar Større elev- og fagmiljø på ungdomsskulen. Elevtalet kan på den måten halde seg på omtrent dagens nivå. Kan gjere at ungdomsskulen held på kompetansen trass i at elevtalet går ned. Lette overgangen frå barnesteg til ungdomssteg Auka bruk av faglærarar i 7.kl. og dermed truleg større læringstrykk. Ulemper som i punkt B. I tillegg kjem argument som: Barneskulen mistar dei eldste elevane som er ein viktig ressurs. Færre lærarar vil føre til færre lærarar og dermed svekka fagmiljø i barneskulen. Kan bli for mykje ungdomsskulepreg i 7.kl. Store forskjellar i modning mellom 7. og 10.kl. Enkelte 7.klassingar kan kjenne det utrygt i eit miljø med store medelevar. D. 1-10skule Fordelar Lærarar i ungdomsskulen får auka kunnskapar og forståing for arbeidet som blir gjort i barneskulen, og omvendt. Betre kontinuitet i læringsarbeidet til elevane Fleire lærarar å ta av, derfor lettare å rekruttere deltakarar til etter-/ vidareutdanning og andre skuleutviklingstiltak. Kontinuitet og samanheng i utviklingsarbeid Mindre ressurskrevjande for skuleeigar. Berre ein skule å føre tilsyn med, og ein rektor å følgje opp. Større tilgang på vikarar Samla merkantil ressurs Større leiarteam kan lette rektor sin arbeidsbyrde Leiarteam med oversikt over ressursbehov frå 1-10, og dermed gode føresetnader for ressursfordeling. Stor fagleg breidde Sambruk av lærarar på tvers av hovudstega og betre utnytting av kompetansen. Lettare å få faglærarar lenger ned i stega, God overgang mellom barne- og ungdomsskule. Kjenner elevane og kan følgje utviklinga frå botn av. Ressursar som pc-ar, spesialrom m.m. kan bli betre utnytta (Dei tre siste fordelane er i stor grad avhengig av at skulane er samla under eitt tak) 6

Ulemper: At skulane er fysisk skilde, gjer samarbeid og sambruk av lærarar og andre ressursar utfordrande. Krevjande å vere rektor for begge skuleslag. Eine avdelinga vil heile tida vere utan rektor til stades To ulike kulturar. Vanskeleg å utvikle felles kultur, særleg når skulane er fysisk skilde. Lite rektorkollegium. Få å spele på for skuleeigar. 7