Notat om overordna vurdering av aktivitetar/tiltak på Kvamsfjellet, med omsyn til villrein I PU-sak 140/14, 4.11.2014 behandla planutvalet sak om prioritering av plansaker. Det vart her vedteke å setje i gang overordna vurdering for moglegheit for framtidige tiltak og hyttetomter på Kvamsfjellet, ift, villrein og retningslinene i regional plan for Rondane-Sølnkletten. Planutvalet hadde allereie da behandla 2 søknader om fortetting av hyttetomter innanfor gjeldande reguleringsplanar på Kvamsfjellet. I behandlinga var det lagt vekt på at søknadene gjaldt fortetting i eit allereie bebygd og regulert område sentralt på Kvamsfjellet, inntil eksisterande infrastruktur, og at området er definert som ein del av utviklingssona på Kvamsfjellet. Notatet er utarbeida som oppfølging av planutvalet sitt vedtak og jf. retningsliner i regional plan. Regional plan seier følgjande: Retningslinjer for utviklingssone (Rondane), SONE 3 Retningslinjer for kommunenes arealplanlegging Områdene innenfor denne sona er i dag i hovedsak LNF-områder (a og b), og regulerte områder for r og turistbedrifter. Endelig arealformål vil måtte avklares på kommuneplannivå og gjennom revidering av kommuneplanens arealdel. Generelle retningslinjer Denne sona har stor samfunnsmessig betydning, samtidig som deler av den er biologisk leveområde for villrein. Det blir lagt stor vekt på samfunnsmessig utvikling, samtidig som det tas hensyn til villreinen ved at det er krav om avbøtende tiltak og kanalisering av ferdsel og annen aktivitet for å dempe ferdsel og aktiviteter inn i nasjonalt villreinområde. Byggeområder Fortetting og utvidelse av eksisterende byggeområder prioriteres. Ny utbygging bør skje i byggeområder med krav om reguleringsplan. Veger, parkering Ved behandling av søknad om landbruksveger inn mot det nasjonale villreinområdet skal det vurderes om det er behov for å sette vilkår om stenging av vegen med bom for allmenn ferdsel i hele- eller deler av året. Nye parkeringsplasser kan etableres som ledd i kanalisering av ferdsel og annen aktivitet, og dersom de ikke fører til økt belastning på villreinens funksjonsområder. Ferdsel og annen aktivitet Tilrettelegging for friluftsliv og aktiviteter prioriteres innenfor sonen for å redusere ferdsel inn i sone 1. Ved fortetting og utbygging innenfor sonen bør det legges særskilt vekt på å tilrettelegge for ferdsel bort fra villreinområder. I søndre del av Rondane, der det ikke er vinterbeite for villrein, kan det tilrettelegges ferdsel og andre aktiviteter inn i sone 1. Det bør ikke brøytes veger som leder inn mot villreinens vinterbeiteområder. Det bør prioriteres skiløyper parallelt med sone 1, og felles vinterparkering nærmere bygda. Kanalisering av ferdsel og aktivitet skal vurderes i forhold til villreinens ulike arealbruk gjennom året.
Furusjøen Sukkertoppen Gråhø Utsnitt av kart over Kvamsfjellet-Sødorpfjellet med soneinndeling i regionalplan for Rondane. Kunnskap Norsk institutt for naturforskning laga i 2014 ein rapport om villrein og ferdsel i Rondane, basert på GPS-målingar på villrein og teljing/undersøking av folks ferdsel i området. Parallelt har det vore gjort eigne observasjonar av området ved Tjønnseterfjellet. GPS-merka rein er ikkje registrert i Gråhø-Tjønnseterfjellet, men observasjonar viser at bukkeflokkar bruker området, særleg på våren og for-sommaren. Dette området ligg som eit «øy-område» og reinen må krysse Frya og setervegen når den trekker. Funn av karaktertrekk ved undersøking av ferdsel i Rondane nord er (Jf. NINArapport av 2014: «På generelt nivå er det noen viktige funn som kan knyttes til forholdet mellom villrein og ferdsel (friluftsliv og reiseliv): 1. Ulike grupper bruker ulike områder, dvs. at det går en skillelinje mellom lokale brukere og lokalkjente og mer langveisreisende besøkende (hytteeiere og tilreisende turister), der sistnevnte utgjør majoriteten av brukerne i Rondane.
2. Folk holder seg i stor grad på eksisterende infrastruktur sommer og vinter, noe som gir forutsigbar ferdsel. 3. Folk foretrekker enkel tilrettelegging og komfort på turen, og at de som søker mer vill-markspregede landskaper er i mindretall.» Rapporten antydar vidare at det ved gjennomtenkt planlegging er mogleg å redusere negative effektar på naturgrunnlaget av friluftsliv ut fra hyttene. Dei viktigaste tiltaka er: «Hyttebyggingen trekkes så langt vekk fra sårbare områder som mulig. Indirekte kan ferdselen ut fra hyttene begrenses ved at en setter maksimumsstandarder for størrelse og standard. Vinterstid vil det være viktig å begrense brøyting helt fram til hyttene. Kanalisering av ferdselen gjennom skiløyper og merking/skilting av stier. Slik tilrettelegging må imidlertid ta utgangspunkt i hva som er naturlig turmål og attraksjoner i det enkelte område. Omlegging av stier og skiløyper. Det er sannsynlig at omlegging av skiløyper vil ha større effekter på ferdselsmønsteret enn omlegging av stier på kort sikt. Dette fordi stiene fortsatt vil ligge der om merkingen fjernes, slik at den fysiske framkommeligheten fortsatt er god. Skal omlegging av stier ha noen effekt blant brukere som er erfarne friluftslivsutøvere og godt kjent i området slik mange hytteeierne er, bomleggingen suppleres med informasjon (f.eks. om at ferdsel bør unngås i området i bestemte perioder), og de nye rutene bør gå til attraktive turmål. Når det gjelder skiløyper påvirker disse den fysiske framkommeligheten såpass mye, at en omlegging sannsynligvis vil ha en relativt stor effekt også på kort sikt.» GPS-merka rein er ikkje registrert i Gråhø-Tjønnseterfjellet, men eigne observasjonar viser at bukkeflokkar bruker området, særleg på våren og for-sommaren. I dette området er det særleg Sukkertoppen som ligg i ytterkanten av sone 1 mot nordvest og Gråhøa som ligg i sørleg del av sone 1 mot Sødorpfjellet, som er dei mest besøkte turmåla i dette området. Ein har inntrykk av at det er lite ferdsel utanom råka som fører til desse toppane, og desse ligg i ytterkant av villreinområdet. Lenger inn er det lite ferdsel. Naturgitte forhold: Naturforholda på Kvamsfjellet er slik at for dei fleste er det lite innbydande å gå frå dette området og vidare inn i villreinområda. Einaste enkle tilkomsten går gjennom Glitterdalen, men dette er ganske langt og dei fleste vel å bruke løypenettet i dei lågare delane av Kvamsfjellet. I stor grad er det brukarar frå Mysuseter som nyttar løypa gjennom Glitterdalen og inn mot snaufjellet. Berre eit lite mindretal kjem frå Kvamsfjellet. Avbøtande tiltak/kanalisering av ferdsel: Kommunen og private interesser har i mange år, og særleg dei siste åra lagt stor vekt på å leggje til rette for aktivitetar og friluftsliv i dei lågareliggjande og fremre delane av
Kvamsfjellet (sone 2 og 3 i regional plan). Dette er område som ikkje blir brukt av villreinen. Her er det lagt til rette med eit omfattande nett av skiløyper, turstiar og sykkelstiar for sommarbruk, gapahukar for bruk sommar og vinter, båtplassar for aktivitetar på Furusjøen. I tillegg er det laga badeplass ved Årvillingen. Desse tiltaka gjer at hytteeigarar og turistar på Kvamsfjellet i all hovudsak kan nytte seg av aktivitetstilbod og friluftsmoglegheiter utanfor villreinområda, og i mindre grad går inn i villreinområda. Sti- og sykkel-prosjekta har vore støtta regionalt og kommunalt. Opprusting av løype-, sykkel- og turstignettet er nå i ferd med å bli avslutta. Kvam IL har i gang skiltprosjekt på Kvamsfjellet. Når dette er avslutta blir det planlagt felles kart for sykkel-, ski- og turstiar på Kvamsfjellet. Dette vil ein tru vil vere med på å kanalisere ferdselen på Kvamsfjellet ytterlegare til prioriterte område, vekk frå villreinen. Kvam il arbeider med å etablere ljosløype sør for Måsåplassen og Fv. 419. Dette vil og vere eit positivt tiltak, med tanke på å stimulere til aktivitet og ferdsel utanfor sone 1. Vidare blir det arbeida for å leggje om Troll-løypa, slik at denne ikkje går inn i villreinområdet. Arrangementet «Furusjøen rundt» på ski, sykkel og løp følgjer alle trasear og vegar som i hovudsak ligg i sone 2 og 3 i regional plan for Rondane. Dette er arrangement som er med på å gjere Kvamsfjellet med tur-, sykkel- og skiløypenett kjent utad og er med på å kanalisere ferdselen vekk frå villreinområda. Jf. forskningsrapportar frå NINA, vil alt dette vere viktige tiltak som gjer at folk i enda større grad held seg utanfor villreinen sitt leveområde. Ved Årvillingen er det lagt til rette friluftsområde for bading og rekreasjon ved vatnet. Ved Furusjøen er det opparbeida båtplass, med moglegheit for tilkomst heilt ned til vatnet, også for dei som ikkje har fast båtplass. Arealbruk Kvamsfjellet er eit etablert område for reiseliv og hytter i Nord-Fron. Området er særs viktig i reiselivssamanheng, med fleire bedrifter og arbeidsplassar. Dei siste åra har arrangementa «Furusjøen rundt» på ski, sykkel og løp vore med på å prege aktivitetsbiletet på Kvamsfjellet. Dei siste 2 åra har festivalen «Rondaståk» vore arrangert ved Rondablikk. Områda er stort sett regulert og planane viser at dette er område der det leggjast til rette for fritidsbebyggelse, turisme og reiseliv med relaterte tiltak. Totalt er det ca. 840 hytter på Kvamsfjellet. Tabellen nedanfor viser ei oversikt over antal ubebygde, regulerte tomter på Kvamsfjellet. Reguleringsplan Sone i Ubebygde regionalplan hyttetomter Furusjøen Sone 3c 30
Flakken Siltjønnlia Kvamsfjellet nærings- og Klevstadlykkja Låvåshaugen nord og Stølane Låvåshaugen sør Sone 2 1 Sone 3 6 Sone 3 82 Sone 3 28 Sone 3 59 Sone 3 79 Totalt antal ubebygde, planavklarte tomter på Kvamsfjellet er ca. 280 stk. Ut i frå dette kan planreserven sjåast på som relativt stor, og at behovet for nye tomter ikkje er det heilt store. Årsaken til at det store antalet kan vere samansett og mange. Beliggenheit, pris, marknadsføring, marknadssvingingar mm. Dei siste 15 åra har haldninga vore at utvikling på Kvamsfjellet skal skje i dei sentrale og fremre delar (sone 3). Det har ikkje vore lagt til rette for nye hyttetomter innanfor Rondablikk (omtala som sone 3B og sone 2). Dette bør vidareførast også i framtida, jf. regional plan for Rondane. Kva total samla belastning av arealbruken her vil ha å seie er svært vanskeleg å seie noko om. Men det er klart at ein auke i antal tomter vil gje auka aktivitet i området. Eit anna moment som gjer at aktiviteten aukar i eit fjellområde er endra standard på hytta, med straum og innlagt vatn, samt vinterbrøyting av vegar. Auka komfort gjer at folk vil bruke hytta meir i løpet av året, og det vil bli meir aktivitet. Ein kan likevel ikkje seie noko om når «smertegrensa» er nådd i forhold til påverknad på villrein, eller om denne blir nemneverdig, slik føresetnadene på Kvamsfjellet er i dag. Det er uansett grunn til å tru at ferdselstiltaka, friluftstiltak og arrangement som blir gjennomført, samt dei naturlege barrierane på Kvamsfjellet er moment som gir mindre aktivitet i villreinområda. Det bør difor vere mindre utfordringar med å utvikle Kvamsfjellet vidare, enn i enkelte andre delar av randsona inn mot villreinområde. Det er likevel svært vanskeleg å seie noko om når den «samla belastninga» blir slik at den kan få negative konsekvensar for villrein. Vinstra, 11.08.2015
Hanne-Kristine Risdal