Nasjonale prøver

Like dokumenter
Nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget

Nasjonale prøver

Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk

Retningslinjer for gjennomføring

Nasjonale prøver

Kartleggingsprøver 2016

Kartleggingsprøver 2015

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Retningslinjer for gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2010

Til lærere Hvordan bruke nasjonale prøver som redskap for læring?

Retningslinjer for gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2011

Veiledning del 3. Oppfølging av. resultater fra. nasjonal prøve i lesing på engelsk. 5. trinn

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

Retningslinjer for gjennomføring av kartleggingsprøver i grunnskolen våren 2011

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Nasjonale prøver

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Nasjonale prøver

Nasjonale prøver

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Nasjonale prøver

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Kartleggingsprøver 2015

Til lærere. Hvordan bruke nasjonale prøver som redskap for læring? _Nasjonale_prøver_Lærere_A5_bokmål.indd :49

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

Å utforske nynorsk gjennom skjønnlitteratur

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Kartleggingsprøve i engelsk 3. trinn

Til lærere. Hvordan bruke nasjonale prøver som redskap for læring?

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Rammeverk for lokalt gitt skriftleg eksamen

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Grunnskoleopplæring. Innhold

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Vurderingsrettleiing 2011

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Retningslinjer for gjennomføring

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Veiledning del 3. Oppfølging av. resultater fra. nasjonal prøve i lesing på engelsk. 8. trinn

Kartleggingsprøve i lesing 1. trinn

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Vurderingsrettleiing 2011

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Læreplan i mat og helse

Årsplan i norsk, skuleåret

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

HALVÅRSPLAN I MATEMATIKK FOR 6. TRINN HØSTEN 2016

Årsplan i norsk, skuleåret

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Årsplan i matematikk 8.trinn, Faglærere: Lars Skaale Hauge, Hans Tinggård Dillekås og Ina Hernar Lærebok: Nye Mega 8A og 8B

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

Kartleggingsprøve i digitale ferdigheiter for 4. trinn

EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Prinsipp 1. Elevene skal forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei.

Nasjonale prøver

[2017] FAG - OG VURDERINGSRAPPORT FAG: TYSK. For kommunane: Gjesdal Hå Klepp Sola Time KLASSE/GRUPPE: 10A-B-C-D-E

Årsplan i norsk for 6. klasse

Årsplan for Norsk

Transkript:

Nasjonale prøver 05.08.2014 Rettleiing til lærarar Engelsk 5. steget «Nasjonale prøver gir informasjon om korleis eleven meistrar lesing, regning og engelsk». Nynorsk

Innhald 1 Nasjonal prøve i engelsk for 5. trinn... 3 Kva måler nasjonal prøve i engelsk?... 4 Korleis bruke prøvene i arbeidet med undervegsvurdering?... 5 2 FØR PRØVA... 7 3 GJENNOMFØRING... 8 4 ETTER PRØVA... 9 Nye moglegheiter for oppfølging... 9 Korleis følgje opp resultata?... 10 Oppfølging av resultata i lærarkollegiet... 12 Oppfølging av elevgruppa... 12 Oppfølging av den enkelte eleven... 14 Skoleleleiaren sitt ansvar... 16 Oppsummerande sjekkliste for læraren... 16 Tips til aktuelle ressursar... 17 Nytt i 2014 Frå og med i år kan nasjonale prøver i rekning og engelsk brukast til å måle utvikling over tid. Det vil seie at vi på sikt kan sjå om resultata til elevane blir betre. Til no har skolar og skoleeigarar berre kunna samanlikne seg sjølv med andre same år. Det å vurdere endring i eigne resultat over tid har større verdi. For å betre moglegheitene for oppfølging vil resultata i år også bli presenterte på ein ny skala. Med den nye skalaen vil skoleeigarar, skolar og du som lærar få betre og meir presis informasjon enn tidlegare. Endringane har ingen direkte konsekvensar for korleis elevane skal følgjast opp, men verktøy og rapportar i PAS blir reviderte i tråd med endringane. I tida fram mot gjennomføringa av nasjonale prøver vil meir materiell og informasjon leggjast ut på http://www.udir.no/vurdering/nasjonale-prover/. Det er derfor viktig at du les informasjonen du finn der i tillegg til denne rettleiinga. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 2 av 18

1 Nasjonal prøve i engelsk for 5. steget Denne rettleiinga er skriven for deg som har elevar som skal gjennomføre nasjonal prøve i engelsk på 5. steget. Rettleiinga inneheld råd og retningslinjer for kva som bør gjerast før, under og etter gjennomføringa. Siste del av rettleiinga seier noko om korleis resultata kan brukast til vidare oppfølging, og gir råd til arbeidet med engelsk. Les meir om nasjonale prøver på Utdanningsdirektoratets nettsider www.udir.no/vurdering/nasjonaleprover. Det er viktig at du har sett deg inn i innhaldet i denne rettleiinga i god tid før sjølve prøvedagen. Ta kontakt med skoleleiinga dersom det oppstår spørsmål. OM NASJONALE PRØVER Kva er nasjonale prøver? Nasjonale prøver gir informasjon om korleis elevar meistrar lesing, rekning og engelsk. Resultata skal brukast i arbeidet med kvalitetsutvikling. Lærarar kan bruke prøvene og resultata i arbeidet med undervegsvurdering. Kva måler nasjonale prøver? Prøvene undersøkjer i kva grad ferdigheitene til elevane er i samsvar med mål i læreplanen for dei grunnleggjande ferdigheitene rekning og lesing og i delar av faget engelsk. Nasjonale prøver gir informasjon om elevar på alle nivåa. Må alle elevar ta nasjonale prøver? Prøvene er obligatoriske og ein rett for alle elevar. Elevar med rett til spesialundervisning eller rett til særskild norskopplæring kan få fritak frå nasjonale prøver. Desse elevane skal ikkje automatisk få fritak. Dei kan berre få fritak dersom det er klart at prøveresultatet ikkje vil ha mykje å seie for deira vidare opplæring. Skoleleiaren vurderer fritak. Kan elevar få tilrettelagde prøver? Enkelte elevar kan ha behov for særskild tilrettelegging. Dette har skoleleiaren ansvar for. Prøvene i rekning og lesing er tilrettelagde for punktskrift- og teiknspråkbrukarar. Kven har ansvaret for gjennomføringa av nasjonale prøver? Ved offentlege skolar er det kommunen som har det overordna ansvaret for gjennomføringa. Ved private skolar er det skolestyret som har ansvaret. Skoleleiaren er ansvarleg for at skolen gjennomfører nasjonale prøver i samsvar med retningslinjene som er gitt i rettleiinga til skoleleiarar og skoleeigarar. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 3 av 18

Kva måler nasjonal prøve i engelsk? Engelsk er ikkje ei av dei grunnleggjande ferdigheitene, slik dei er formulerte i LK06. Prøva i engelsk skil seg difor frå dei andre nasjonale prøvene ved at ho er knytt til nokre av kompetansemåla i berre eitt fag engelsk. Oppgåvene i prøva måler ikkje alle sider av det å kunne engelsk, berre generell leseforståing, vokabular og grammatikk. Det er likevel viktig å vere klar over at ein ikkje må sjå på desse aspekta som isolerte kompetanseområde, men at dei seier noko om hovudformålet med dei enkelte oppgåvene. PRØVA MÅLER ELEVEN SI EVNE TIL å finne informasjon og forstå hovudinnhaldet og nokre detaljar i enkle tekstar. Dette impliserer òg at elevane kan: bruke enkle lesestrategiar (som å finne informasjon, forstå hovudinnhaldet og kople enkel informasjon i ein tekst) forstå ord og uttrykk knytte til kjensler, daglegliv og fritid og interesser og forstå kva ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei er brukte i bruke nokre vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Leseforståing Generell leseforståing inneber å kunne finne relevant informasjon, å forstå hovudinnhald og nokre detaljar kople enkel informasjon i enkle tekstar. Her er det ikkje nok berre å kjenne att enkelte ord. Vokabular Å beherske vokabular inneber å forstå kva enkelte ord og faste uttrykk tyder ut frå samanhengen. Her er det snakk om leksikalske ord (til dømes house, run, sad) heller enn funksjonsord som er meir knytte til grammatikk. Grammatikk Å beherske grammatikk inneber å forstå setningsstrukturen (til dømes ordstilling i spørsmål) ordformer (til dømes goes, boxes) i ein samanheng. Det er òg viktig å forstå funksjonsord (til dømes the, in, my). Prøva tek utgangspunkt i kompetansemål etter 4. steget. Prøva er konstruert slik at nokre oppgåver måler generell leseforståing, medan andre først og fremst måler vokabularforståing eller evne til å bruke spesifikke grammatiske strukturar. Dei ulike delferdigheitene må ein likevel ikkje sjå på isolert. Sjølv om ei oppåve er laga for å måle grammatikk, så må eleven òg kunne lese og ha eit visst vokabular for å løyse oppgåva. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 4 av 18

Korleis bruke prøvene i arbeidet med undervegsvurdering? All vurdering som blir gitt undervegs i opplæringa, er kalla undervegsvurdering og skal fremje læring. Prøvene og prøveresultata gir deg mykje informasjon som du kan bruke i dialogen med elevane og til å tilpasse opplæringa. Det er viktig å vere klar over at resultata gir eit avgrensa bilete av den kompetansen elevane har i engelsk, og du må derfor sjå dette i samanheng med alt det du veit om elevane dine frå før. God undervegsvurdering er òg kalla Vurdering for læring. Det er særleg fire prinsipp som kjenneteiknar god undervegsvurdering, Desse prinsippa er omtalte i forskrift til opplæringslova kapittel 3. Fire prinsipp Føresetnadene til elevane for å lære kan styrkjast dersom elevane 1. forstår kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei 2. får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen 3. får råd om korleis dei kan forbetre seg 4. er involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga utvikling Sentrale poeng for elevane er: Kva for mål i engelsk skal eg oppnå, kvar er eg i forhold til desse måla, og korleis skal eg komme dit? Forstår elevane kva prøva måler, og kva som er forventa av dei? Når du jobbar med prøver og vurdering generelt, er det viktig at elevane veit kva som er forventa av dei. Meistringsbeskrivingane viser tydeleg kva som er forventa av elevane på dei ulike nivåa. Elevane bør òg få vite kva som er formålet med prøva, og kva ho måler. Fortel elevane at prøveresultata skal vere ei hjelp for deg som lærar til å justere og tilpasse opplæringa. Elevane bør òg få vite korleis dei skal svare på ulike oppgåvetypar, og kva dei skal gjere dersom dei ikkje forstår ei oppgåve. Du må òg gi beskjed om kor lang tid dei har på prøva. Førebu elevane på at dei kan få oppgåver som dei ikkje klarer å svare på. Korleis får elevane tilbakemeldingar og råd om vegen vidare? Fagleg relevante tilbakemeldingar er ein sentral del av vurderings- og oppfølgingsarbeidet. Elevane skal vite kor dei står og få råd og rettleiing om korleis dei kan forbetre seg. Informasjonen du får i PAS, kan gi deg nyttig informasjon om kva for oppgåver elevane dine meistrar, og kva for område dei treng å arbeide meir med. Fordi resultata berre gir eit avgrensa bilete av dei ferdigheitene og den kompetansen elevane har, er det viktig at du ser dei i samanheng med det du elles veit om elevane dine. Foreldra bør òg få tilbakemeldingar slik at dei får moglegheit til å delta i oppfølginga. Blir elevane involverte i arbeidet med prøvene og resultata? Du bør involvere elevane når du skal gjennomgå prøveresultatet. Det å stille elevane spørsmål om kva dei trur dei har fått til, og kva dei bør øve meir på, kan bidra til at dei reflekterer over eiga meistring. Informasjonen du får i PAS, kan vere eit godt utgangspunkt for slike samtalar med enkeltelevar og klassen som heilskap. Etter at resultata er gjennomgått, kan det vere nyttig å la elevane vere med på å reflektere over svara sine med medelevar, og planleggje kva dei kan gjere for å forbetre seg. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 5 av 18

Eigenvurderingane til elevane kan gi deg viktig informasjon om kva dei synest er vanskeleg, og kva dei må arbeide meir med. Eigenvurdering bidreg òg til at elevane får eit meir bevisst forhold til eigne ferdigheiter og eigen kompetanse. SPØRSMÅL TIL REFLEKSJON OG DISKUSJON Korleis skal eg informere elevane om formålet med prøva? Korleis skal eg bruke resultata for å kunne gi fagleg relevante tilbakemeldingar som fremjar vidare læring? Korleis skal eg involvere elevane i det vidare arbeidet med resultata? Korleis kan elevane vere med og vurdere sitt eige arbeid? Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 6 av 18

2 FØR PRØVA Før prøva er det viktig at både elevane og foreldra deira kjenner til nasjonale prøver og formålet med å gjennomføre dei. Elevane må gjere seg kjende med prøva i forkant ved å nytte eksempeloppgåver og tidlegare oppgåver som finst på Utdanningsdirektoratets nettsider. Formålet med å gjennomføre eksempeloppgåvene er at elevane skal bli kjende med oppgåveformatet og vere trygge på prøvesituasjonen. Eksempeloppgåvene er ikkje fullverdige prøver, men gir eksempel på oppgåvetypar som elevane møter i prøva. Det finnst ikkje fasit til oppgåvene, og resultata skal ikkje registrerast i PAS. INFORMASJON TIL ELEVANE FØR PRØVA Prøva måler delar av faget engelsk med fokus på leseforståing, vokabular og grammatikk. Prøva skal gi læraren informasjon om kva den enkelte eleven treng for å bli betre i engelsk. Det blir laga nye prøver kvart år. Prøva har både enkle, middels og vanskelege oppgåver, og elevane bør svare det dei trur er rett. Riktig svar på oppgåva gir 1 eller 2 poeng. Prøva skal gjennomførast elektronisk. Prøva består av ulike oppgåvetypar (flytte på bilete, klikke på enkeltord, bilete, tekstblokker eller riktig svaralternativ). Prøvetida er 60 minutt, og elevane må sitje tida ut. INFORMASJON TIL FORELDRA Skolen får FAU-flyer og foreldrebrosjyre om nasjonale prøver i trykt versjon på bokmål og nynorsk i god tid før gjennomføringa. Foreldrebrosjyren skal delast ut til alle foreldra. Foreldrebrosjyren er omsett til engelsk og til nord-, sør- og lulesamisk. Alle brosjyrane kan lastast ned på www.udir.no/vurdering/nasjonaleprover. Etter gjennomføringa er det viktig at resultata og råd om vegen vidare blir kommuniserte med foreldra, slik at dei kan følgje med på og støtte opp om utviklinga til eige barn. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 7 av 18

3 GJENNOMFØRING Prøva skal gjennomførast i Prøvegjennomføringssystemet (PGS). Informasjon om den tekniske gjennomføringa står i PAS/PGS-rettleiinga som finst på Utdanningsdirektoratets nettsider. ELEVANE SI PÅLOGGING Elevane skal logge seg på den elektroniske prøva i engelsk på: https://pgsc.udir.no Påloggingen forutsetter at brukernavn og passord som elevene skal bruke for å gjennomføre de elektroniske prøvene, er hentet fra PAS. Elevene trenger et dagspassord. Hvordan de får dette, er beskrevet nærmere i brukerveiledningen for PAS/PGS. Elevene bør sitte slik at de ikke ser hverandres prøver under gjennomføringen. Du bør oppmuntre elevene til å arbeide godt med prøven og be dem se igjennom det de har gjort før innlevering. Du bør gi støtte og trygghet til elevene som gjennomfører prøven Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 8 av 18

4 ETTER PRØVA I denne delen er det informasjon om korleis resultata blir presenterte, og korleis resultata kan brukast i den vidare oppfølginga av elevane. Nye moglegheiter for oppfølging Måling av utvikling over tid i engelsk og rekning Frå og med i år kan resultata frå nasjonale prøver i rekning og engelsk brukast til å måle utvikling over tid. Det vil seie at vi på sikt kan sjå om resultata til elevane blir betre. Endringa gir eit betre kunnskapsgrunnlag for kvalitetsvurdering og utviklingsarbeid både for skolen og for skoleeigaren. Målinga skjer ved at eit representativt utval på omtrent 6 % av elevane på landsbasis svarer på ein del oppgåver som er like kvart år (såkalla ankeroppgåver), saman med ein del oppgåver som alle dei andre også svarer på. Svara frå dette utvalet blir brukte til å lenkje årets prøve til neste års prøve. Eleven sjølv vil oppleve dette som ei heilt vanleg nasjonal prøve. Ny skala for publisering av resultata Til no har poengsummane til elevane på prøva bestemt kva for meistringsnivå elevane fekk. Poengsummane til elevane kan i alle høve ikkje samanliknast direkte mellom ulike prøver frå ulike år. Det vil alltid vere skilnader i vanskegrad på dei ulike oppgåvene i prøvene, sidan oppgåvene er forskjellige. Vi treng derfor ein felles skala som beskriv same ferdigheit hos eleven med same tal, sjølv om resultata er frå ulike prøver. For å få til dette blir prøvene lenkja saman ved hjelp av ankeroppgåvene. Det vil seie at det blir etablert ein samanheng mellom dei to prøvene som i utgangspunktet er forskjellige. Til dette arbeidet blir det brukt ein eigen metode kalla Item Response Theory (IRT). Dette er den mest brukte metoden til å utvikle skalaer for testar og til å beskrive ferdigheitene til elevane på ulike nivå. Deretter blir resultata til elevane rekna om til skalapoeng. Da veit vi at same tal beskriv same ferdigheit/resultat, uavhengig av kva for prøve eleven tok. IRTanalysen gir oss også betre informasjon om resultata til elevane, noko som gjer at vi kan forbetre verktøya for oppfølging. Den nye skalaen har 50 som gjennomsnitt og 10 som standardavvik. Standardavviket er eit mål for spreiinga, for korleis elevane fordeler seg på skalaen. Når vi skal rekne ut resultata for skolane og skoleeigarane, bruker ein gjennomsnittet av skalapoenga til elevane. Endringane gjer at resultata for skolane blir meir presise. Elevane får opplysning om meistringsnivået sitt som før. Til no har grensene for kvart meistringsnivå blitt rekna ut på nytt kvart år, slik at den nasjonale fordelinga vart tilnærma lik tidlegare år. I år blir grensene for meistringsnivåa på den nye skalaen rekna ut frå årets resultat. Deretter vil grensene vere like kvart år. Dette gjer at det blir mogleg for skoleleiarar og skoleeigarar å sjå om prosentdelen elevar på kvart meistringsnivå vil endre seg over tid. Du vil få tilgang til elevsvaret i PGS-C og sjå riktige/galne svar på enkeltoppgåver i grupperapporten i PAS som før. Lærarane får tilgang til grupperapport på vanleg måte for elevar som har teke ankerprøva ved å velje oppgåvesett 4 i PAS. Oppgåvene i den ordinære prøva blir offentleggjorde som vanleg. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 9 av 18

Korleis følgje opp resultata? For at du skal kunne følgje opp elevane dine kort tid etter gjennomføringa, kan du hente ut resultata frå Prøveadministrasjonssystemet (PAS). Etter årets gjennomføring vil det vere tilgjengeleg ein ny rapport i PAS som viser skalapoenga til elevane saman med oppgåvene i prøva for kvart meistringsnivå. Den nye rapporten er tilgjengeleg ca. tre veker etter at gjennomføringa startar. Rapporten gir betre oversikt over resultatet til klassen/gruppa og kvar enkelt elev, sett opp mot nasjonalt nivå. I PAS finst også ein oversikt som du kan bruke for å følgje opp resultata på prøvene rett etter gjennomføringa. Her får du informasjon om kva oppgåvene måler, og fagtilknyting og oppgåveformat for kvar oppgåve. Denne informasjonen kan vere nyttig å bruke som grunnlag for samtalar med elevane dine og til å justere eiga opplæring. Sidan resultata til alle elevane må liggje føre for å kunne rekne ut nye grenser for meistringsnivåa, kan ikkje førebelse meistringsnivå lenger publiserast undervegs i gjennomføringa. Førebelse grenser for meistringsnivåa vil bli publiserte ca. tre veker etter at gjennomføringa startar. Du kan lese meir om publisering av resultata, nye verktøy og nye visingar i PAS på Utdanningsdirektoratets nettside. Meistringsnivå På 5. steget er det tre meistringsnivå, der nivå 1 er det lågaste nivået og nivå 3 det høgste. Til kvart nivå følgjer ein kort tekst som beskriv ferdigheitene til den typiske eleven på dette nivået. Beskrivinga av eit nivå gjentek ikkje ferdigheiter som allereie er omtalte på eit lågare nivå. Nivåa er bygde opp med ein progresjon, slik at ein elev som får tilsvarande meistringsnivå 3, kan ein gå ut frå har ferdigheiter på nivå 1 til og med nivå 3. Krav til ferdigheiter som evne til refleksjon, analyse og vurdering av eigne svar, aukar med stigande meistringsnivå. Det er viktig å vere klar over at elevane innanfor kvart nivå har fått til ulike oppgåver på prøva, og at enkelte elevar har eit resultat som ligg mellom to nivå. Beskrivingane må tolkast som ei generell beskriving av ferdigheitene til alle elevane på dette meistringsnivået. Meistringsnivå 1 omfattar òg elevar som har nokre få eller ingen rette svar. Det gjer at nokre elevar får ei beskriving som er meir positiv enn det prøveresultatet til eleven viser. Beskrivingane av meistringsnivå 1 kan likevel vere til hjelp for korleis eleven kan utvikle ferdigheitene sine. Det kan hende at ein elev vanlegvis får til oppgåver som ho eller han ikkje fekk til på nasjonale prøver, eller at beskrivinga av eleven sitt meistringsnivå ikkje stemmer med det du veit om eleven sine ferdigheiter. Det er difor viktig at du òg støttar deg til annan informasjon du har om elevane frå før. Meistringsnivå 1 omfattar òg elevar som har fått ingen eller svært få riktige svar på prøva. Det gjer at nokre elevar kan få ei beskriving som er meir positiv enn det prøveresultatet til eleven syner. Beskrivinga av meistringsnivå 1 kan likevel vere til hjelp for korleis eleven kan utvikle ferdigheitene sine. På neste side er meistringsnivåa for engelsk på 5. steget presenterte. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 10 av 18

Meistringsnivå 1 - Ein typisk elev på dette steget kan Vokabular Dette vil i praksis seie å kjenne att og forstå ein del vanlege engelske ord og uttrykk når emnet har med personlege og forstå svært enkle instruksjonar, til dømes read, write, draw, colour kvardagslege tema å gjere forstå svært enkle og korte faktatekstar forstå ein del engelske ord som liknar på norske ord forstå ein enkel teikneserie ved å gjette Lesing kva nokre ord tyder forstå nokre svært korte og enkle setningar lese og kjenne att nokre dikt og songar få meining ut av nokre svært korte og tydelege tekstar forstå kva som står på nokre plakatar eller skilt Grammatikk bruke nokre få enkle grammatiske strukturar, småord og svært enkle setningsmønster Meistringsnivå 2 - Ein typisk elev på dette steget kan Vokabular Dette vil i praksis seie å kjenne att og forstå vanlege engelske ord og uttrykk når emnet har med daglegliv, fritid og interesser å gjere forstå nok til å vite kva korte og enkle forteljingar handlar om forstå nokre korte og enkle faktatekstar Lesing forstå nokre enkle instruksjonar, til forstå enkle setningar dømes oppgåver i engelskbøkene finne hovudinnhald i tekstar som består av fleire setningar med enkelt språk forstå hovudpunkt i nokre e-postar og postkort finne enkel og tydeleg informasjon i korte tekstar, ev. med støtte i bilete forstå nokre enkle dikt, rim eller songar Grammatikk nytte nokre enkle grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Meistringsnivå 3 - Ein typisk elev på dette steget kan Vokabular Dette vil i praksis seie å forstå mange vanlege engelske ord og uttrykk når emnet har med daglegliv, fritid og interesser å gjere forstå det viktigaste innhaldet i korte/middels lange og reltativt enkle forstå ein del ord som har med kjensler og forteljingar sinnsstemning å gjere forstå det viktigaste innhaldet i korte Lesing faktatekstar finne hovudpoeng og informasjon i korte og klart finne relevant informasjon i korte tekstar strukturerte tekstar, når språket er ganske enkelt forstå det som står i nokre e-postar og forstå kva nokre ord og uttrykk tyder ut frå postkort samanhengen dei er brukte i, når språket elles er ganske enkelt forstå nok til å vite kva tekstar i nokre aviser, blad og nettsider handlar om kople informasjon som er uttrykt på ulike måtar, når språket er ganske enkelt Grammatikk bruke nokre vanlege grammatiske strukturar, småord og enkle setningsmønster Meistringsnivåa kan knytast til dei språklege nivåa i Det europeiske rammeverket. Rammeverket beskriv andrespråk/fremandspråk på seks nivå: A1, A2, B1, B2, C1 og C2. A1 viser til byrjarferdigheiter, medan C2 viser til ferdigheitene til ein svært avansert språkbrukar. Den europeiske språkpermen viser korleis desse nivåa kan tilpassast skoleelevar. Sjå tilvising sist i rettleiinga under «Tips om aktuelle ressursar». Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 11 av 18

Meistringsnivå 1 inneber at elevane beherskar ferdigheiter i lesing og ordforråd på engelsk til ein viss grad slik dei er definerte for nasjonale prøver, og tilsvarar nivå A1 eller under på skalaen til Det europeiske rammeverket. Meistringsnivå 2 inneber at elevane beherskar ferdigheiter i lesing, ordforråd og grammatikk på engelsk i middels grad slik dei er definerte for nasjonale prøver, og inneber at elevane har ferdigheiter som er omtalte for A1, samstundes som dei er på god veg mot å kunne det som er omtalt for A2. Meistringsnivå 3 inneber at elevane beherskar ferdigheiter i lesing, ordforråd og grammatikk på engelsk i stor grad slik dei er definerte for nasjonale prøver, og tilsvarar ferdigheiter som er omtalte for A2 eller over. Oppfølging av resultata i lærarkollegiet Resultata vil i dei aller fleste høve variere mellom elevgrupper. For å få mest mogleg informasjon frå den nasjonale prøva i engelsk kan ein samanlikne ei elevgruppe med andre elevgrupper, skolen samla, kommunen, fylket eller det nasjonale gjennomsnittet. Ved å sjå på gjennomsnittet og den prosentvise fordelinga på meistringsnivåa, får ein eit inntrykk av kor på skalaen elevane ligg, og korleis grupperinga fordeler seg. Når skolen analyserer prøveresultata, er det viktig å ta omsyn til lokale forhold, blant anna lokalt læreplanarbeid, satsingsområde eller kjenneteikn ved det enkelte årskullet eller den enkelte klassen. Spesielt ved små skolar og kommunar kan nokre få elevar som presterer veldig svakt eller veldig sterkt, gi store utslag på resultata. Resultata må òg vurderast ut frå det generelle inntrykket av ferdigheiter, motivasjon og arbeidsinnsats hos elevane. SPØRSMÅL TIL REFLEKSJON OG DISKUSJON Ser vi mønster eller tendensar i resultata for vår skole og i våre klasser? Har vi annan informasjon som stadfestar eller avkreftar resultata frå nasjonale prøver? Syner resultata frå nasjonale prøver at det er behov for ytterlegare kartlegging? Kva konsekvensar får resultata for den vidare praksisen ved skolen? Kva kan vi gjere for å forbetre dei resultata vi ikkje er nøgde med? Oppfølging av elevgruppa For å forstå kva som skjuler seg bak resultata til elevgruppa, kan det vere formålstenleg å bruke informasjonen om kvar enkelt oppgåve som du også finn i PAS. Informasjonen om oppgåvene kan bidra til å forstå resultata til elevane meir inngåande enn meistringsbeskrivingane. Kva for område, emne og oppgåveformat er det di elevgruppe meistrar godt eller treng å arbeide meir med? I praksis er leseforståing avhengig av vokabular og kunnskap om grammatikk. Til dømes: for å forstå det ein les, må ein òg ha kjennskap til orda i teksten. Ein tekst med enkle grammatiske strukturar er lettare å lese enn ein tekst med meir komplekse strukturar. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 12 av 18

Det er difor viktig at du ikkje fokuserer for mykje på isolerte delferdigheiter i oppfølginga, men ser det som tendensar i resultata for elevgruppa. Generell leseforståing involverer å få ei god oversikt over kva teksten handlar om, og å finne relevant informasjon eller detaljar i ein tekst; det inneber òg å kunne forstå og reflektere over aspekt ved innhaldet som ikkje er uttrykt eksplisitt i teksten. Tabellen under side gir ei oversikt over faktorar som har noko å seie for vanskegraden i tekstane. Faktorar som har noko å seie Meistringsnivå 1 Meistringsnivå 2 og 3 for vanskegraden i teksten Emne Personlege og kvardagslege forhold. Fleire ulike emne, til dømes daglegliv, fritid og interesser. Ord og uttrykk Ein del svært vanlege ord og uttrykk som dei ofte støyter på. Dei fleste vanlege ord og uttrykk i tilknyting til dei aktuelle emna. Elevar på meistringsnivå 3 kan forstå kva ein del ukjende ord og uttrykk tyder ut frå samanhengen dei står i. Grammatiske strukturar og setningstypar Enkle setningar med relativt enkel og forventa struktur. Setningar med varierte grammatiske strukturar. Tekstlengd Svært korte tekstar. Tekstar som inneheld fleire setningar med ein klar struktur. Kor tydeleg informasjonen er uttrykt Eintydig og klar informasjon. Svaret er lett å finne. Informasjonsstrukturen er noko meir kompleks. Noko konkurrerande informasjon. Teksten må lesast grundigare. Utvikling av lesestrategiar Oppgåvene i prøvene måler viktige aspekt av lesing, dvs. generell leseforståing (å forstå hovudpunkt og å kunne finne relevant informasjon i ein tekst), vokabular og grammatikk. Det er viktig å hjelpe elevane i å utvikle strategiar for alle desse aspekta. Her er nokre aktivitetar som kan utførast mellom lærar og elevar, eller mellom elevar i grupper, gjerne som spel. Å forstå hovedpunkt i ein tekst Finn ein tittel Match titlar og tekstar Skriv ei setning som oppsummerer ein tekst Fyll ut manglande nøkkelord i ei setning som oppsummerer ein tekst Å finne relevant informasjon i ein tekst Lag nokre spørsmål der svaret ligg i teksten Svar på spørsmål til kvarandre der svaret ligg i teksten Samanlikne tekstar, til dømes om personar, dyr, stader; finn forskjellar og likskapar Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 13 av 18

Å forstå ukjent vokabular i ein tekst Du bør drøfte kva som kjenneteiknar ordet med elevane: kva slags ord er det (til dømes ein ting,ei kjensle, eit beskrivande ord, noko vi gjer ) Kjenner du andre engelske ord som tyder omtrent det same/det motsette/er ofte brukt saman med dette? Veit du kva det tyder på norsk her? Skriv/sei ei setning med dette ordet Kan du uttale det? Finn 4-5 ord i teksten som du ikkje kunne før, og svar på nokre spørsmål (som over) Å forstå grammatikk i ein tekst Ofte er det spesifikke grammatiske element som er hyppige/vesentlege i ein tekst. Trekk elevane si merksemd til desse elementa, med fokus på både form og meining/funksjon. La elevane prøve å komme fram til forholdet mellom meining og form. Forklar det med døme ut frå elevane sine eigne erfaringar. Gi gjerne lukka øvingar (munnleg og skriftleg) La alltid elevane bruke grammatiske element fritt i ein samanheng. Dette kan vere å lage små tekstar der det er naturleg å bruke elementet, eller som eit spel, til dømes kor mange ting skjer på eit bilete? (ing- form verb); Kor mange adjektiv kan du bruke om ting i bilete/dyr, osv? Kor mange -ly ord kjem du på, som beskriv måtar ein syklar/ler/et? (adverb) Prøva som ledd i engelskopplæringa Alle elevar har noko kunnskap som kan utnyttast når dei lærer engelsk. Dette kan vere ting dei har lært både i og utanfor skolen, til dømes kjennskap til tekstar og konvensjonar frå førstespråket, og til dei vanlegaste sambanda mellom lyd og bokstav. Dei fleste vil òg kjenne til ein del engelsk vokabular og grunnleggjande setningsstrukturar. I arbeidet med å utvikle elevane sin kompetanse i engelsk er det viktig å passe på at dei må bruke alle dei fire ferdigheitene å lytte, å lese, å snakke og skrive parallelt. Samtidig er det velkjent at ein elev som er flink til å lese engelsk, ofte har lese mykje engelsk, og ein elev som er flink til å skrive engelsk, ofte har skrive mykje. Utviklinga av ferdigheiter i engelsk kan ein difor ikkje sjå isolert. Oppfølging av den enkelte eleven Resultata og informasjonen om oppgåvene som du finn i PAS og beskrivinga av meistringsnivået, kan vere nyttige å bruke som grunnlag for samtalar med elevane dine og til å justere eiga opplæring. I samarbeid med eleven kan du setje opp læringsmål for elevens vidare arbeid med engelsk, og snakke om korleis eleven kan nå måla. Det er viktig å fokusere på nokre få, realistiske mål om gongen. Fokuser på kva som er neste steg i elevens utvikling. På neste side er det presentert forslag til korleis du kan arbeide vidare med engelsk med elevar på alle nivå. Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 14 av 18

Nivå 1 Elevar som skårar på nivå 1, kan ha utbytte av at du legg til rette for at ord og frasar eleven kjenner til, blir synleggjorde, til dømes på tavla, skilt, plakatar eller i eleven si eiga bok. På denne måten kan eleven både forstå og uttale det som er skrive, i arbeid med det skriftlege språket (lesing og skriving). Det er òg viktig at lesenivået på eleven sitt morsmål blir kontrollert. Elevane kan blant anna arbeide med: Å lese kjende tekstar, til dømes eigne tekstar eller reglar og songar dei kan utanåt Å lese enkle tekstar med lyd og/eller bilete Å identifisere skriftleg form av ord dei høyrer Å skrive ned nokre ord og frasar eleven kjenner, og lese dei høgt for deg Å jobbe med nytt vokabular med varierte munnlege og skriftlege aktivitetar Nivå 2 Elevar som skårar på nivå 2, kan ha utbytte av at du legg til rette for at eleven får tilgang til variert lesestoff som han/ho trivst med og stort sett kan forstå. Elevane bør bruke språket munnleg og skriftleg knytt til ei rekkje situasjonar og tema. Elevane kan blant anna arbeide med: Å lese/høyre på tekstar som passar for nivået og interessene dei har Å gjette ukjende ord i ein tekst ut frå bilete og samanheng Å lese eigne tekstar for kvarandre Å finne informasjon på engelske nettsider for barn Å skrive ei setning som passar til eit bilete Nivå 3 Elevar som skårar på nivå 3, kan ha utbytte av at du legg til rette for at eleven har tilgang til varierte bøker som passar for alderen/interessene, og som er så vanskelege at dei gir ei utfordring. Eleven kan få rolle som ressursperson, til dømes ved å finne informasjon til eit prosjekt, og bør lærast opp til å hjelpe seg sjølv og andre, til dømes å finne ut kva eit ord tyder, eller korleis det blir uttala. Elevane kan blant anna arbeide med: Å lese ulike typar tekstar som passar for nivået og interessene dei har, til dømes tekstar skrivne for engelske barn Å utvikle lesestrategiar for å forstå ein tekst sjølv om ein ikkje forstår alle orda Å arbeide med vokabular ved å finne synonym, antonym, beslekta ord Å bruke oppgitte ord til å skrive ei historie eller ein faktatekst Å beskrive ei hending ut frå bilete Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 15 av 18

Skoleleleiaren sitt ansvar FØR UNDER ETTER syte for at alle elevar på steget er påmelde i PAS ha god kjennskap til PAS/PGS og yte brukarstøtte til sine lærarar vere tilgjengeleg for lærarar når dei treng hjelp og støtte til å førebu gjennomføringa distribuere/syte for at læraren får dagspassord syte for at det er sett av tid i vekeplanen til gjennomføringa å ha testa skolen sine datamaskiner og nettverk, og ha eit system for brukarstøtte sjå eigne punkt i brukarrettleiinga til PAS/PGS vere tilgjengeleg for lærarar når dei treng hjelp og støtte syte for at alle resultata frå engelskprøva blir registrerte innan fristen syte for at talet på elevar registrert i PAS stemmer overeins med det reelle elevtalet på skolen følgje opp resultata på skolenivå i det lokale forbetrings- og utviklingsarbeidet leggje til rette for at alle lærarar følgjer opp resultata i klassen Oppsummerande sjekkliste for læraren FØR informere elevane om formålet med prøva og oppgåvetypane informere elevane om prøvetid og eventuell tilretteleggjing gjennomføre eksempeloppgåver syte for at foreldra er informerte om gjennomføringa, og at dei har fått foreldrebrosjyren vere tilgjengeleg for foreldre som har spørsmål om prøva setje av tid i vekeplanen til gjennomføringa UNDER syte for at alle elevane har fått dagspassord, og hjelpe til med pålogging i PGS-C gi støtte og tryggleik til elevane som gjennomfører prøva ETTER bruke resultata i tilbakemeldingar til elevar og foreldre for å fremje vidare læring sjå resultata i samanheng med annan informasjon om eleven involvere elevane i arbeidet med resultata Lykke til med prøvegjennomføringa! Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 16 av 18

Tips aktuelle ressursar OM NASJONALE PRØVER OG VURDERING Kvar finn eg meir informasjon om nasjonale prøver? Korleis gjennomfører elevane prøven elektronisk? Kvar kan eg lese meir om vurdering for læring? www.udir.no/vurdering/nasjonale-prover/ Rettleiinga til PAS/PGS http://www.udir.no/vurdering/innhold-vurdering/paspgs- Brukarrettleiing-prover/ www.udir.no/vfl OM ENGELSK Kva skal elevane kunne i faget engelsk? Kvar kan eg lære meir om europeiske språkpermar og Det europeiske rammeverket? Kvar kan eg finne fleire ressursar og materiell om engelsk? Læreplan til Kunnskapsløftet www.udir.no/lareplaner/kunnskapsloftet/ Den europeiske språkpermen http://www.fremmedspraksenteret.no/elp Det europeiske rammeverket http://www.coe.int/t/dg4/education/elp/elp-reg/cefr_en.asp British Council kids - http://www.britishcouncil.org/kids.htm BBC - http://www.bbc.co.uk/skillswise/ Fact monster - http://www.factmonster.com/ English club - http://www.englishclub.com/learn-english.htm Oxford English teachers club - http://www.oup.com/elt/teachersclub/?cc=global Nasjonale prøver, engelsk 8. steget Rettleiing til lærarar Side 17 av 18

Schweigaards gate 15 Postboks 9359 Grønland 0135 OSLO Telefon 23 30 12 00 utdanningsdirektoratet.no