VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: V46 Arkivsaksnr.: 2011/161 Saksbehandlar: Alexander Connor Dato: 30.11.2011 Gnr 19 bnr 6 Tresfjord - Søknad om konsesjon for hjorteoppdrett Utval Møtedato Utvalssak Planutvalet Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes kommune v/ Planutvalet gjev med heimel i 3-1i Forskrift om hold av vilt i fangenskap, oppdrett av vilt i innhegnet område, og om jakt på oppdrettet utsatt vilt løyve til oppdrett av norsk hjort (Cervus elaphus atlanticus) på gnr 19 bnr 6 i Tresfjord. Med heimel i Forskrift om innfanging og innsamling av vilt for vitenskapelige eller andre særlige formål, gjev ein høve til innfanging av inntil fire -4- kalvar. Desse kalvane skal kun nyttes i samband med oppstarten av oppdrettsverksemda og løyve til innfanging gjeld kun for 2012. Tiltaket er vurdert etter naturmangfaldlova 8-12, jfr 7, og med grunngjeving i saksutgreiinga, funnen til ikkje å bryte med desse prinsippa. Følgjande vilkår gjeld 1. Produksjonen skal ikkje overstige 30 produksjonskoller pr år. Farmen kan i tillegg ha inntil tre -2- spissbukkar og ein -1- eldre bukk. 2. Tiltakshavar må sjølv ta kontakt med Mattilsynet før oppstart for å avklare bestemmingane i forskrift om velferd for produksjonsdyr, forskrift om bekjempelse av dyresykdommer og forskrift om merking, registrering og rapportering av svin, lama og oppdrettshjort. 3. Hegnet skal vere sett opp i tråd med forskrifta. Vidare skal gjerdet ha ein effektiv høgde på minst 2,5 meter. Dersom gjerdet ikkje verkar etter intensjonane kan kommunen ved seinare høve krevje utbetringar. 4. Vatn og foringsplassar skal etablerast slik at avrenning til omkring liggjande elv/bekk ikkje førekjem. 5. Innhegninga må delast i minst to -2- mindre skifter. 6. Innhegninga skal fjernast dersom ein avsluttar hjorteoppdrett på eigedommen.
SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Om søknaden Det vises til søknad om konsesjon på oppdrett av hjort (i innhegning) datert 03.02.2011 samt tilleggsopplysningar i brev av 22.09.2011. Bakgrunnen for søknaden er å få ei landbruksrelatert attåtnæring til dagens produksjon. Eigarane av gnr 16 bnr 9 i Tresfjord søkjer om løyve til oppdrett av hjort på eigedommen. Det omsøkte arealet er på 75 daa, kor 16 daa er fulldyrka medan resterande 49 daa er utmarksareal. Utmarksarealet skal, i følgje søknaden, kultiverast og nyttast til beiteareal. Tiltaksområdet ligg vest for tunet og Fv 165. Det går fram av søknaden at innhegninga vert omkransa av eit to meter høgt nettinggjerde og to delar toppstreng. Gjerdet er permanent og total høgda er 2,5 meter. Tiltakshavarane ønskjer å fange kalv/ungdyr frå eige område. Dersom dette ikkje er mogleg, vil dei kjøpe avlsdyr frå andre som driv oppdrett. Ved full produksjon vil besetninga telje 35 koller, to spissbukkar og ein eldre bukk. Denne typen næringsutøving regulerast av viltlovas forskrift om hold av vilt i fangenskap 1. Forskrifta gir ein utfyllande skildring av kva krav som gjeld til mellom anna innhegna område, gjerdetype og høgde m.m. I tillegg til nemnde infrastruktur, er det òg planlagt eit fòringshus. Den skal innehalde fangkve, vaksinasjonssluse, fòringsplassar og drikkevatn. Vurdering: Kommunen skal vurdere kva for allmenne interesser som blir berørt av tiltaket. Løyve skal som hovudregel ikkje gjevast dersom innhegninga vert plassert i eit område som er viktig for viltlevande viltbestand, eller område har stor verdi for naturvern, friluftsliv eller allmenn ferdsel. Det bør heller ikkje gjevast løyve dersom det er fare for at etableringa kan føre til miljøforureining, eller at sterke næringsmessige omsyn talar imot. Kommunen skal leggje vekt på talet innhegningar og samla arealbruk i distriktet. Lovgrunnlaget Konsesjonen skal vurderast i henhald til bestemmingane i forskrift om hold av vilt i fangenskap 1. For å samle inn vilt må ein ha løyve etter Forskrift om vitenskapelig fangst av vilt mv 2 Vidare er konsesjonssøknaden vurdert etter prinsippa i naturmangfaldslova (NML) 8-12, jf 7 3. Innhegning for viltoppdrett skal plasserast slik at den ikkje er skjemmande for landskapet, og at den heller ikkje er ulempe for ferdsel og anna verksemd. Søknadsbehandlinga er omtala i retningslinene til forskrifta 1. Kommunen har i tråd med desse og forvaltningslova, sendt søknaden på høyring til aktuelle instansar med frist for uttale. Høyringsperioden var frå 26.09.2011 31.10.2011. Saka har òg vore annonsert på kommunens nettsider i same periode. Det er mottatt 3 fråsegn i saka, og desse er lista i tabell 1.
Tabell 1. Listing av innkomne merknader. Fråsegn Merknad Adm.sjefen si vurdering Astrid Vik og Lisa Vik Tomren (nabo) Jakob Kristian Skorgen (nabo) Stiller spørsmål om permanent gjerde kan skape problem for hjortetrekk i området. Er bekymra for auka flåttproblem knytt til hjorteoppdrett og om dette kan skape problem for sauedrifta på gnr 19 bnr 11. Vidare er han bekymra for konsekvensane ved at hjort rømmer frå innhegninga og om hjortetrekk kan bli endra som følgje av gjerdet. - Det er ikkje registrert hjortetrekk i det planlagte område. Delar av området som skal inngjerdast er i dag dyrkamark. Dersom det likevel er eit mindre hjortetrekk i nærleiken, vil hjorten ha naturlege trekkmoglegheiter vest for gjerdet. Gjerdet er difor vurdert til ikkje å ha negative konsekvensar for eventuelle hjortetrekk i området. - Ein har ingen indikasjonar på at hjorteoppdrett aukar antall flått. Derimot kan det virke som man får ein reduksjon. Grunngjevinga er at områda blir rydda for lauv og kratt, og gjort til beiter. Sidan flåtten trivast best i høgare vegetasjon, blir det ein reduksjon i talet på flått innafor innhegninga. - I motsetjing til havbruksnæringa, som har store negative følgjer for andre artar og miljøet, er konsekvensane ved rømming frå innhegninga med hjort utan kjende negative effektar på miljøet. Det er nemleg kun høve til drive oppdrett av vår eigen norske underart Cervus elaphus atlanticus. Bakgrunnen er at ein skal sørje for at det ikkje skjer ein uønskja genetisk forureining av våre eigne naturleg førekommande viltartar. I høve til sjukdommar kan nokre oppdrett ha problem knytt til parasitter og kobbarmangel, men dette reknast ikkje som alvorlege sjukdommar, jf Håndbok i hjorteoppdrett. Ved god driftsleiing er det ikkje noko moment som tilseier at hjort i oppdrett vil utgjere ein trussel mot korkje ville artsfrender eller anna husdyrproduksjon. I følgje forskrifta, 4-5, er vilt som ha rømt frå innhegning å rekne for viltlevande. Eigaren har likvevel rett og plikt til å fange inn merkete, rømte individ som finst nærare enn 5 km frå innhegninga. Det viser seg at rømming frå oppdrett sjeldan skjer. Dessutan ser eit at dyr som eventuelt klarer å rømme oftast vendar tilbake til innhegninga, Trygve Solheim pers.medd. FM i M&R - I høve til spørsmålet omkring hjortetrekk, viser ein til administrasjonssjefen si vurdering i førre uttale. - Fylkesmannen legg til grunn at hjorteoppdrett i seg sjølv, samt eit mindre reiselivsanlegg og gardsslakteri tilpassa oppdrettsproduksjonen, vil vere i samsvar med LNF- formålet. Friluftsliv Området er ikkje nytta til friluftsliv og søknaden berører heller ikkje statleg sikra friluftsområde, jf kart tenesten gislink 4. Delar av tiltaksområdet er innmark, og såleis er det allereie begrensningar i bruken av området i delar av året. Det er heller ikkje registrert tråkk gjennom det aktuelle området. Søknaden kjem såleis ikkje i konflikt med friluftsliv eller andre registrerte friluftsinteresser. Heller ikkje høyringspartane nemner konfliktar knytt til friluftsliv. Kulturminne
Innafor det planlagte område er det ikkje registrert kulturminne eller verneverdige objekt, jf kulturminnesøk. 5 Biologisk mangfald Det er ikkje registrert viktige naturtypar eller utvalte naturtypar innafor tiltaksområde. Heller ikkje prioriterte artar eller raudlista artar finn ein innafor tiltaksområde, jf DNs kartklient 6. Ei synfaring på staden har heller ikkje avdekt andre viktige artar eller naturtypar. Vilt Det føreligg ikkje noko registreringar som viser at området er viktig med omsyn til hjortetrekk eller kalving, jfr gislink 4. Søknaden kjem difor ikkje i konflikt med viktige leveområde for viltbestandar eller deira naturlege trekk- og vandringsruter. Heller ikkje Tresfjord storviltvald har kome med merknader omkring dette. Med bakgrunn i desse vurderingane meinar vi at den kunnskapen som ligg føre er i tråd med krava sett i NML 8 3. Føre - var - prinsippet i 9 3 blir, slik vi ser det, mindre gjeldande sidan kunnskapsgrunnlaget er så godt i saka. Tiltaksområde består av ein del dyrkamark, skog og tidligare plantefelt. Potensialt for interessante artsfunn er difor svært liten. I høve til vurderingane etter NML 10 3, finn vi at dette prinsippet ikkje vert gjeldande. Grunngjevinga for dette går fram av vurderingane av 8 og 9 3, om at tiltaket verken påverkar artar eller naturtypar. Dermed utløyser ikkje prinsippet i 10 3 noko vurdering av den samla belastninga av tiltaket på økosystem eller artar. Sjølv om kommunen gjev konsesjon vert ikkje prinsippa i NML 11 3, om at kostnadane ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshavar, gjeldande. Grunngjevinga er at ein har så godt kunnskapsgrunnlag i saka, at det ikkje blir ein miljøforringelse ved iverksetting av konsesjonen. Andre vurderingar Gjeldande forskrift nemner ikkje noko minimumskrav til areal pr hjort. Søkjaren må difor sjølv gjere ei vurdering om omsøkte areal er tilstrekkeleg for ein sunn populasjon som tel 35 koller. I følgje søknaden skal besetninga telje 35 koller, to spissbukkar og ein eldrebukk. Med eit arealbehov på 2-2,5 daa pr hjort, vil innhegninga verte for lita. Det mest vanlege driftsopplegget er å slakte hjort når den er 1 ½ år. Dette inneber at besetninga vil telje dei 35 kollene, deira kalvar første året og kalvane frå år 2. Dette gir ei besetning på om lag 90 koller og kalv. I tillegg kjem hanndyra. Dermed vil arealet pr hjort vert ytterligare redusert. Konsekvensane er at dyra vil øydelegge sitt eige beitegrunnlag. Med bakgrunn i desse vurderingane er ikkje noverande innhegning stor nok for den mengden dyr som er omsøkt. Tallet på produksjonsdyr må difor reduserast. For å løyse dette må innhegninga deles opp i fleire mindre skift. Desse skifta skal både innehalde gode beiter, skjul, drikkevatn og godt drenerte område for fôring av dyra i ulike periodar av året. Vi meinar det er naudsynt at innhegninga består av om lag 80 % beiteareal av god kvalitet og 20 % skjul. All kantvegetasjonen langs alle vasstrengar skal uansett bevarast.
Erfaringar frå andre oppdrett viser at det er naudsynt med fleire innhegningar. Ikkje minst med tanke på det strenge hierarkiet i ein hjortebestand der ungdyra er taparane. Det er òg vanleg at slaktedyra etter kvart blir plassert i eigne skift. Desse skifta må utformast og plassert slik at desse dyra ikkje kan sjå mordyret. Planstatus for tiltaksområde er LNF- område. I samband med innhegninga skal det byggast eit fôringshus. Basert på føringane i Landbruk Pluss 7, vurderer ein dette til å vere ein del av landbruksverksemda på garden. Det er difor ikkje naudsynt med dispensasjonsbehandling etter kap 19 i PBL 8. Ein må likevel søkje kommunen om byggjeløyve m.m. Ein rår til at bygginga startar så snart ein får byggjeløyve, slik at fôringshuset er sluttført samstundes som innhegninga. Dette er viktig av omsyn til gjere buskapen kjend med omgivnadane samt at det lettar jobben med drive dyra inn ved ulike høve. Dessutan vil ei slik bygging vere nyttig da oppfôringa av kalvane den første tida bør skje innandørs. Avslutningsvis gjer vi merksam på at kommunen ikkje har vurdert lønnsemda i prosjektet, då dette ikkje er ein del av konsesjonsvurderinga. Konklusjon Kravet til konsesjon er for å sikre at etablering og drift av hjorteoppdrett skjer forsvarleg, samstundes som naturmiljøet og naturens biologiske mangfald blir bevart. Etableringa av eit hjortehegn skal vurderast i høve til allmentas interesser og bør ikkje vere i strid med andre næringsinteresser. Søknaden ivaretar og vektlegger dei naudsynte omsyn for å forhindre rømming. For å kunne få eit effektivt beiteskifte og parasittbehandling, skal innhegninga delast i minst to -2- mindre skifte. Søknaden oppfyller i så måte i tilstrekkelig grad dei vilkår og krav til innhegnet område, samt inngjerding og om rømming beskrevet i forskrift om hold av vilt i fangenskap kapittel 4. Vi gjer vidare merksam på dei som har fått løyve til innfanging av livdyr plikter å følgje bestemmingane i matloven, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonelloven. Desse lovene omhandlar mellom anna transport, merking og dyrevelferd. Kjelder: 1. Forskrift om hold av vilt i fangenskap 2. Forskrift om vitenskapelig fangst av vilt mv 3. Naturmangfaldsloven 4. www.gislink.no 5. www.kulturminnesok.no 6. DN kartklient 7. Landbruk Pluss 8. Plan og bygningsloven, PBL 9. Johan Trygve Solheim, dagleg leiar Norsk Hjortesenter Særutskrift til: Ole Marius Lindset, 6391 Tresfjord Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde Møre og Romsdal Fylke, Fylkeshuset, 6404 Molde Astrid Vik, 6391 Tresfjord Jakob Kristian Skorgen, 6391 Tresfjord
Vedlegg: 1 Høyring - oppdrett av hjort i Vestnes kommune 2 Gnr 19 bnr 6 - Søknad om konsesjon av hjorteoppdrett 3 Gnr 19 bnr 6 - Tilleggsopplysninger om tidligere konsesjonssøknad om hjorteoppdrett 4 Gnr 19 bnr 6 - gårdskart 5 Utsnitt kommuneplan 01.09.2011 6 Teikningar 7 Gnr 19 bnr 6 Tresfjord - Tresfjord Vilt- og kompetansesenter 8 Gnr 19 bnr 6 Tresfjord - Tresfjord Vilt- og kompetansesenter - Søknad om løyve til oppdrett av hjort. 9 Høyring / kommentar - oppdrett av hjort i Vestnes kommune. 10 Astrid Vik, sak, ang hjort. 11 Gnr 19 bnr 6 - Etablering av anlegg for oppdrett av hjort, anlegg for kurs-/ konferanse- /reiselivsverksemd, og slakteri - Ole Marius Lindset og Ole Bjarte Lindset. Fråsegn til søknad om dispensasjon frå kommuneplan frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal