Saksprotokoll Utvalg: Kommunestyret Møtedato: 19.12.2007 Sak: 95/07 Resultat: Arkivsak: 07/779 Tittel: PROTOKOLL: BUDSJETT 2008. ØKONOMIPLAN 2008-2011. Handsaming: Det vart vist til innkomne dokument i samband med offentleg ettersyn. Desse er oppsummert i budsjettnotat nr. 4 frå rådmannen. Representanten Frode Bøthun gjorde på vegner av Balestrand Høgre, Balestrand Arbeidarparti og Balestrand Kristeleg folkeparti følgjande framlegg til vedtak: Formannskapet si tilråding med desse endringane: Under pkt. 1, fyrste kulepunktet: 341 Bokbåten legges inn med kostnad kr. 12.000. 800 Auka låneutgifter utgår, jfr. andre kulepunkt. Innsparing i 2008 på kr. 110.000 vert overført 200- oppvekstområdet. Teksten vert bytta ut med: For investeringsbudsjettet som Investeringsprogram 2008-2011, 3.12.07 (vedlegg 4) med følgjande endringar for året 2008 (tala er i heile 1000 kroner): 120 IT-investeringar 500. (Investering tilsvarande kr. 490 000 vert utsett til 2009 - utbygging av breiband skal prioriterast) 300 Helsetunet, ombygging/utbygging 300 (reduksjon kr. 200 000) 300 Sagatun skule opprusting 0 (investeringa på kr. 300 000 blir utsett til 2009)
300 Sagatun skule uteområdet 200 (kr. 200 000 i restløyving blir overført til 2009) 300 Arbeidssenteret nye lokale 1000 (reduksjon på kr. 300 000 - ein føreset at det blir funne andre tenlege lokale for biblioteket eller arbeidssenteret) 300 Nesse oppvekstsenter 0 (investeringa på kr. 100 000 blir utsett til 2009) Sum investeringar blir redusert med 1 590 Under samla finansiering Summen for sal av eigedom 900 Lån, ordinært vert endra til 0 Total finansiering blir redusert med 1 590 Auken i kostnader investeringsbudsjettet i 2009 vert finansiert ved tilsvarande auka inntekter frå sal av eigedom. Pkt. 6 går ut. Representanten Arnstein Menes gjorde framlegg på vegner av Balestrand Senterparti som framlegget frå Frode Bøthun, men med den endring om at Under pkt. 1, fyrste kulepunktet: 800 Auka låneutgifter utgår, jfr. andre kulepunkt. Innsparing i 2008 på kr. 110.000 vert overført 200- omsorgsområdet. Representanten Gunnvor Linde gjorde framlegg på vegner av Balestrand Senterparti som framlegget frå Frode Bøthun, men med den endring om at 300 Nesse oppvekstsenter 100 (i 2008) 300 Veg Kvamsøy 0 (utsett til 2009)
Representanten Gunnvor Linde trekte sitt første framlegg, og gjorde følgjande nytt framlegg på vegner av Balestrand Senterparti : 300 Nesse oppvekstsenter 100 (i 2008) 300 Balestrand sentrum 2900 (redusert med 100 i 2008) Det vart først røysta punktvis over endringsframlegga. Det vart røysta over framlegget frå Arnstein Menes på vegner av Balestrand Senterparti. Dette vart ikkje vedteke 6 mot 11 røyster. Det vart røysta over framlegget frå Gunnvor Linde på vegner av Balestrand Senterparti. Dette vart ikkje vedteke med 7 mot 10 røyster. Det vart røysta over framlegget frå representanten Frode Bøthun gjorde på vegner av Balestrand Høgre, Balestrand Arbeidarparti og Balestrand Kristeleg folkeparti. Dette vart samrøystes vedteke. Vedtak 1. Årsbudsjett 2008/økonomiplan 2008-2011 for Balestrand kommune vert vedteke for driftsbudsjettet med utgangspunkt i rådmannen sitt arbeidsgrunnlag, 01.10.07 (vedlegg 1) og notat økonomiplan 2008-2011" (vedlegg 2), og med endringar som går fram av Endringsliste" av 03.12.07 (vedlegg 3) og følgjande endringar i 2008: 341 Bokbåten legges inn med kostnad kr. 12.000.
800 Auka låneutgifter utgår, jfr. andre kulepunkt. Innsparing i 2008 på kr. 110.000 vert overført 200 - oppvekstområdet. for investeringsbudsjettet som i Investeringsprogram 2008-2011, 03.12.07 (vedlegg 4) og med følgjande endringar i 2008 (tala er i heile 1000 kroner): 120 IT-investeringar 500 (Investering tilsvarande kr. 490 000 vert utsett til 2009 - utbygging av breiband skal prioriterast) 300 Helsetunet, ombygging/utbygging 300 (reduksjon kr. 200 000) 300 Sagatun skule opprusting 0 (investeringa på kr. 300 000 blir utsett til 2009) 300 Sagatun skule uteområdet 200 (kr. 200 000 i restløyving blir overført til 2009) 300 Arbeidssenteret nye lokale 1000 (reduksjon på kr. 300 000 - ein føreset at det blir funne andre tenlege lokale for biblioteket eller arbeidssenteret) 300 Nesse oppvekstsenter 0 (investeringa på kr. 100 000 blir utsett til 2009) Sum investeringar blir redusert med 1 590 Under samla finansiering Summen for sal av eigedom 900 Lån, ordinært vert endra til 0 Total finansiering blir redusert med 1 590 Auken i kostnader investeringsbudsjettet i 2009 vert finansiert ved tilsvarande auka inntekter frå sal av eigedom. 2. Ved utrekning av forskot på skatt av inntekt og skatt av formue skal ein nytte høgste lovlege skatteprosent 3. Eigedomsskatt vert rekna ut etter 7 o /oo
2. For år 2008 skal nyttast marginavsetting på 8%. 3. Administrasjonen får på bakgrunn av dette ansvar for å rette opp tekstdokumentet, og utarbeide budsjett- og økonomiplandokument som tilfredsstiller forskriftsmessige krav. Budsjettet vert vedteke som netto utgifts- og inntektsramme for det einskilde budsjettansvarsområdet. Samrøystes