Ras i Suldalslågen 17. oktober 2014 gikk det eit ras i ein elveskråning i Suldalslågen ved Sand i Suldal kommune. Kva gjorde kommunen i ein slik situasjon?
Rasområdet 17.10.2014
Rasområdet 24.10.2014
Oversiktsbilete Rasområde
Kva gjorde kommunen Raset gjekk på dagtid 13.10 Kommunen kontakta NVE via NVE sin vakttelefon, Politiet, Fylkesmannen og Statkraft. I tillegg kontakta me Konsul AS, lokalt selskap med kompetanse på området, og hyra inn kompetanse. Me hadde kontakt med berørte grunneigarar og elveeigarlaget. Kommunen sperra av området, etter avtale med politiet. Lokalt brannvesen vart kontakta for jevnleg inspeksjon gjennom første kvelden og natta.
Kva gjorde kommunen forts. Inviterte / kalla inn til møte 20.10. på Sand. Deltaking frå: NVE, Fylkesmannen, Politiet, Statkraft, repr. for elveigarlaget i Suldalslågen og Suldal kommune. I tillegg vart Suldalsposten invitert til siste delen for å kunne gi informasjon gjennom avisa. Statens vegvesen var invitert men møtte ikkje. Det vart gjennomført synfaring
Kva gjorde kommunen forts. Før møtet vart heva: Engasjert firma for gjennomføring av grunnboringar / geotekniske undersøkingar. Politiet skulle sperra av rasområdet med sine sperrebånd, Vegvesenet skulle setja ned fartsgrensa til 60 km/t i området, Statkraft skulle bli bedt om å avlysa planlagt spyleflaum i Suldalslågen.
Dette veit ikkje nokon med sikkerhet, men Suldal kommune gav løyve til å tippa overskotsmasse i ei kløft på Hauge. Ein enkel søknad om terrengjustering vart motteken 3/9-14 og handsama 4/9-14. Det vart bede om rask handsaming då framdrifta av bustadfeltet kravde rask flytting av massane. Tiltaket vart vurdert til å vera eit enkelt landbrukstiltak og i samsvar med LNF-føremålet i kommuneplanen. Kvifor raste det?
Kvifor raste det? Verken søkjar eller kommunen vurderte tiltaket som rasfarleg, men ein var oppteken av å hindra avrenning til Lågen. Søknaden vart dermed ikkje vurdert opp mot rapporten om grunntilhøva i Sandsområdet. Suldal kommune: Grunnforhold i sandsområdet oversiktskartlegging Rapport frå 2014
Rapport frå utfyllingsarbeid i området Rapport frå arbeid utført på Hauge: Rapporten er laga saman med entreprenør som utførte fyllingsarbeidet, Viser og til vedlagt kart skisse. Arbeidet blei utført med ein 20tons gravemaskin, den opererte i området som er markert som 1. Massane blei tippa i område 2. og fordelt jamt utøve tippen med gravemaskina Før arbeide blei starta så blei stikkrenna som kryssar vegen forlenga med eit røyr med diameter på 50cm, ca 12meter som vist på skisse, dette for og hindre at vassmassane skulle kunne grave i fyllinga. Mengde masse ca 1000m3 Arbeide blei utført frå 8.- 13. oktober med opphald i arbeidet 11. og 12. oktober. 13 oktober var det kun noken få lass og finnpuss på kantane som blei utført før det raste ut på sida av fyllinga.
Nøyaktig innmåling av raset raskt viktig for å følgja utviklinga i rasområdet
Ikkje første gongen det rasar her
Geotekniske vurderingar
Geotekniske konklusjonar frå førebels fagrapport 6 Konklusjon. Anbefaling av tiltak 6.1 Tiltak Dagens situasjon er ikke tilfredsstillende. Vi mener derfor det må gjøres tiltak for å forbedre den beregningsmessige sikkerheten både lokalt ved rasgropa og langs den aktuelle elvestrekningen nedstrøms raset. I den østre delen hvor det er jorde mellom fylkesveien og Suldalslågen anbefales 2 m terrengavlastning. Denne forbedringen bør gjøres før andre tiltak/arbeider med raset starter.
Geotekniske konklusjonar frå førebels fagrapport I området nedstrøms raset anbefales forbedring av sikkerheten ved utlegging av 10-12 m bred og 5-6 m høy motfylling nede ved elva, og dels noe ut i elva. Motfyllingen benyttes som anleggsvei for inn/utkjøring av masser i rasområdet og vil bli permanent erosjonssikring på strekningen. Motfyllingen og erosjonssikringen må detaljprosjekteres. --------------------------------------------- Det skal vera nye møter mellom NVE, Grunnteknikk og kommunen sin innleigde konsulent. Kommunen er heilt avhengig av deira vurderingar, konklusjonar og framlegg til tiltak.
Informasjon på heimesida i lokalavisa - grunneigarmøte Informasjon i lokalavisa og heimesida Kommunen har no fått ei førebels geoteknisk vurdering av grunnundersøkingane som er utførte. Her blir det slått fast at det er kvikkleire i djupna innanfor det området som er undersøkt. Det blir tilrådd å gjere supplerande undersøkingar for å kartlegge omfanget av kvikkleireførekomsten. Dette vil gi eit sikrare grunnlag for å vurdere kva for tiltak som bør gjennomførast, og for å kunne planlegge utføringa av tiltaka. Det kan t.d. vere aktuelt å legge ut steinmassar langs elvebreidden og foten av rasskråninga. Steinmassane vil kunne stabilisere rasområdet og hindre at elva kan grave i skråninga. Kommunen har tinga utvida undersøkingar som vil bli utført så snart som råd. Møte med grunneigarane 13.11. Mange møtte fram Ordføraren deltok Grundig informasjon frå fagfolka om undersøkingane så langt Informasjon om tiltak Må leva med usikkerhet Vidare informasjon etter supplerande undersøkingar Oppdatering om situasjonen etter raset i Suldalslågen. Resultata av grunnundersøkingane som blei utførte etter raset er no klare. Dei endelege resultata stadfester dei førebelse opplysningane som er offentleggjort tidlegare. Kvikkleiresona strekkjer seg frå rasområdet og bakover, sidevegs og på andre sida av elva. Stabiliteten i elveskråninga er stadvis marginal. Tidlegare ras som har gått, både ovanfor og nedanfor det siste raset, viser også dette. Det pågår framleis arbeid med geotekniske vurderingar der ein ser på ulike tiltak, og kor stort omfang tiltaka skal ha. Ein rekner med at tiltaka i det minste vil omfatte fjerning av massar mellom hovudvegen og rasområdet, i tillegg til plastring langs elva. Om det skal gjerast ytterlegare tiltak i eit større område, blir vurdert ut i frå gjeldande regelverk og sikkerhetskrav. Situasjonen har ikkje endra seg mykje sidan raset i oktober. Det går frå tid til annan mindre ras frå den øvre, brattaste delen av rasgropa. Desse rasa er av ein annan type enn det som skjedde i oktober i fjor, og dei utgjer ikkje auka risiko for stabiliten i eit større område. Oppmålingsavdelinga i kommunen har sett i verk registreringar for å kunne fange opp eventuelle endringar i terrenget rundt raset. Kommunen vil invitere bebuarane i området til eit nytt informasjonsmøte når sluttrapporten med konklusjonar ligg føre, truleg i april.