MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Gunnvor Sunde

Like dokumenter
GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte:

Merk deg møtestaden! Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.

Første del av møtet blir eit sammøte med rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Arnfinn Brekke Arnar Kvernevik. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

Første del av møtet blir eit sammøte med eldrerådet.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte:

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.no. Gloppen kommune 18.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kent Øystein Hjelle Solveig Lien Gusdal Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Til sak 135/16 er også innkalla gruppeleiarane til dei partia som ikkje er representerte i formannskapet.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE KULTUR- OG MILJØUTVALET

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Magni Aa Berge Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Arnfinn Brekke Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Bjarte Gangeskar

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Magni Aa Berge Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Leidulf Rygg Bogstad Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Bjarte Gangeskar

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Gloppen heradshus - kantina Dato Tid Kl. 09:00-09:50

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

EID KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Samfunnsdelen. Planprogram: KOMMUNEPLAN FOR GLOPPEN KOMMUNE Våre viktigaste satsingsområde: Variert bustadutvikling

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

BOKN KOMMUNE Formannskapet. Møtebok

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Einar Helseth Ottar Kaldhol. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Møtebok. Kontrollutvalet i Lærdal kommune. Møtedato: Møtetid: 12:30 15:30. Møtestad: Møterom 2. etasje Saksnr.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: Tid: Kl. 09:00

BOKN KOMMUNE Forvaltningsstyre HOVUDUTSKRIFT

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Møtedato: Møtetid: Kl Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Kontrollutvalet i Sogndal kommune Møtebok

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Transkript:

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET MØTEBOK Møtedato: 24.11.2016 Møtetid: Kl. 09:00 12:00 Møtestad: Gloppen ungdomsskule Saksnr.: 039/16-045/16 Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Gunnvor Sunde Parti Sp SV Sp Sp Krf Krf SD Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Ugilde Sak i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Sjå sak 40/16! Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Underskrifter: Bernt Reed Oppvekstsjef Per Arne Strand Rektor Ragnhild Bruvoll i sak 40/16 Planleggar Beate O. Kornberg i sak 42/16 Det var omvising på Gloppen ungdomsskule Bernt Reed Side 1

SAKLISTE Sak nr. Sakstittel 039/16 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 040/16 Referat og orienteringssaker 041/16 Funksjons- og utbyggingsplan for Sandane skule - arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen 042/16 Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2030 - høyring 043/16 Årsbudsjettet for 2017 - økonomiplanen for 2017-2020 044/16 Statusrapport for 2. tertial 2016 045/16 Ressursar til arbeid med minoritetsspråklege i barnehagane Side 2

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Oppvekstutvalet 24.11.2016 039/16 Avgjerd av: Oppvekstutvalet Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 16/1336-1 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå oppvekstutvalet sitt møte den 16. november i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING: 1. Oppvekstutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 16. november 2016 2. Oppvekstutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 24. november 2016. 24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET 039/16 VEDTAK: 1. Oppvekstutvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 16. november 2016 2. Oppvekstutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 24. november 2016. Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Oppvekstutvalet 24.11.2016 040/16 Avgjerd av: Oppvekstutvalet Saksbehandlar: Per Arne Strand Referat og orienteringssaker Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 16/1335 Refererte skriv og meldingar: Det er så langt ingen referat eller orienteringssaker. Ordet fritt RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET Det var orientering om og omvising på Gloppen ungdomsskule. 040/16 VEDTAK: Oppvekstutvalet tar saka til orientering. Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 16.11.2016 037/16 Oppvekstutvalet 24.11.2016 041/16 Avgjerd av: Oppvekstutvalet Saksbehandlar: Per Arne Strand Objekt: Arkiv: 614 A2 Arkivsaknr.: 16/1098-2 Funksjons- og utbyggingsplan for Sandane skule - arbeidet med barnehageog skulebruksplanen Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: I sak 029/16 gjorde oppvekstutvalet slikt vedtak: «Utvalet ber i tillegg rådmannen legge fram sak til neste møte på bakgrunn av brevet om Sandane skule frå kommunestyregruppa til Krf.» Brevet om Sandane skule er basert på eit notat som syner den historiske utviklinga på skulen fram til dagens skule. Det er på bakgrunn av dette Krf har eit innspel om å setje i gang eit arbeid med funksjons- og utbyggingsplan for Sandane skule. Saksutgreiing: Kort historisk bakgrunn for Sandane skule Basert på notat i samband med arbeidet med barnehage- og skulebruksplan for Gloppen kommune. Sandane skule vart teken i bruk hausten 1977. Då var den basert på eit klassetal for å kunne ha to parallellar (12 klasser), med 9 klasserom. Endringar undervegs som har ført til auka rombehov: a) I siste halvdel av 80-talet fekk lærarane bunden arbeidstid. Dette førte til behov for eigne kontorarbeidsplassar. b) I 1991 vart det innført SFO-ordning c) I 1997 vart det innført 10-årig grunnskule. 6-åringane tok til på skulen og vi fekk 7 klassesteg mot tidlegare 6 d) I 2009 vart Rygg og Sandane skule slegne saman e) Frå 2010 har elevtalet auka årleg utover det prognosane har tilsagt, hovudsakleg på grunn av tilflytting f) Timetalet for småskulen har vorte endra fleire gonger. Frå 15 timar i 1977 er det noko kome opp i 23 timar for 1. og 2. klasse og 26 timar for 3. og 4. klasse. Dette har ført til at alle klassar i dag må ha eigne klasserom. Det har vore gjort ein del endringar med påbygg, ombygging og opprusting av skulen: 1998 Nybygg med 2 klasserom, 2 grupperom og SFO-base Side 5

Utviding av administrasjonsfløy med nytt personalrom og arbeidsrom for lærarar Avdelinga for praktisk-estetsike fag i underetasjen delt i tre rom mot to før Nytt tak på adm.fløy (hadde vore flatt tak) 2003 Nytt tak over mediatek og klasserom 2008 Heis 2014 Skifting av glas i hovudbygningen Opprusting av gangveg med gatelys, ny asfaltering av veg, fotballbane og deler av leikeplassen 2015 Skifting av glas Hovudbygningen oppatt måla. Anlegget er godt vedlikehalde. Elevtalsutvikling Tabellen under syner elevtalsutviklinga dei siste 10 åra. Skuleår Elevtal Skuleår Elevtal 2006/2007 167 2011/2012 247 2007/2008 177 2012/2013 255 2008/2009 172 2013/2014 258 2009/2010 222 * 2014/2015 271 2010/2011 243 2015/2016 277 * Samanslåing med Rygg skule. Dagens situasjon Sandane skule har i dag 268 elevar fordelt på 13 klasser. I 2016 er det 31,6 årsverk ved Sandane skule fordelt på om lag 40 tilsette. Skulen har 12 klasserom og må difor nytte musikkrommet som fast klasserom med dei ulempene det medfører. Skuleåret 16/17 har 5-7 klasse kroppsøving i Trivselshagen. Frå skuleåret 2018/2019 må ein ha to parallellar på kvart trinn slik elevprognosane er pr. i dag. Sandane skule har mange minoritetsspråklege elevar. Det krev areal til språkopplæring og grupperom. Dagens pedagogikk legg ofte opp til variert undervisning både i klasser og grupper, noko som stiller krav til areal og rom. Å bruke spesialrom til fast undervisning legg ein del bindingar på timeplan og mogelegheitene til å snu om på planar. Hausten 2016 har skulen teke i bruk ei brakke med 6 arbeidsplassar for lærarane for å lette trykket på møterom og eksisterande arbeidsplassar. Det understrekar behovet for meir areal. Skissert behov frå tidlegare rektor er oppsummert: Auke talet klasserom til frå 12 til 14 Tilstrekkeleg grupperom, helst eitt til kvart klasserom Rom til grunnleggande norskopplæring (kan vere mindre enn vanleg klasserom) Datarom - eventuelt berbare maskiner/nettbrett Fleire arbeidsplassar for tilsette, auke frå 23 til om lag 30 Større personalrom og garderobar. Side 6

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Saka har ikkje direkte økonomiske konsekvensar for kommunen før vi kjem til det punktet der ein må ha hjelp med arkitekt/konsulentar til å utarbeide ein konkret utbyggingsplan for skulen. Tilsvarande for Hyen skule var det sett av 2 millionar i planleggingsmidlar. Seinare må kostnadskalkylane inn i økonomiplanen til kommunen. Rådmannen si vurdering: Det er heva over tvil at Sandane skule treng utbygging og auka areal både til elevar og tilsette, både for å dekke dagens behov og for å møte framtida. Vi har sett i gang arbeidet med ein barnehage- og skulebruksplan. I nyleg vedteken planstrategi for kommunen skal den ferdigstillast hausten 2017. Både rådmannen og oppvekstsjefen har forståing for at arbeidet har teke lenger tid enn tenkt og at politikarane er utolmodige. Poenget med ein skulebruksplan er å sjå dei samla behova til kommunen framover opp mot eksisterande struktur og bygningar. No er Hyen skule løfta ut av planen og forsert framdrift på planlegging av ein 1-10 skule i Hyen. Skal vi gjere det same med Sandane skule, vert det ikkje så mykje igjen å sjå på for barneskulane sin del. Oppvekstsjefen meiner at ser vi isolert på Sandane skule sine behov og utarbeider eit funksjonsprogram basert på det, så utelukkar vi mange drøftingar i komande barnehage- og skulebruksplan som bør vere med. Døme på det kan vere: korleis vi møter og organiserer tilbodet til dei minoritetsspråklege elevane. Må vi av omsyn til ressursar, kompetanse og læringsmiljø samle elevar på tvers av skular i delar av skuletida, eller skal alt føregå på den skulen eleven går på til vanleg? Det vil ha konsekvensar for opplæringsareal vi treng på den einskilde skule. Korleis vi vurderer dei samla areala som Gloppen kommune disponerer i triangelet mellom Sandane skule, Gloppen ungdomsskule og Trivselshagen. Det kan vere bruk av spesialrom som musikk, kunst- og handverk, kroppsøving, kjøken med meir. Det vil ha konsekvensar for kva areal vi treng framover. Organiseringa av tilbodet til ressurskrevjande elevar. Her kjem det forslag om å vurdere anna organisering av opplæringa i komande delplan for tenester til barn og unge. Det vil ha konsekvensar for kva areal som skal vere på den enkelte skule. Rådmannen v/oppvekstsjefen vil når budsjettarbeidet er ferdig setje fokus på arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen for Gloppen. Då må det som er peika på over vurderast og legge grunnlaget for eit funksjonsprogram for Sandane skule. Ein del av prosessen med barnehage- og skulebruksplan er å sjå på arealutnytting og geologi kring Sandane skule som ikkje er uavgrensa i høve utbygging. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Oppvekstutvalet viser til rådmannen si saksutgreiing og vil sjå behova ved Sandane skule i samanheng med den komande barnehage- og skulebruksplanen til Gloppen kommune. 16.11.2016 OPPVEKSTUTVALET 037/16 VEDTAK: Oppvekstutvalet utset saka til neste møte. Side 7

24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET Framlegg frå Bernt Reed (Sp): Oppvekstutvalet er uroa for tilhøva ved Sandane skule. Utvalet ber rådmannen i tråd med saksutgreiinga framskunde arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen slik at funksjonsplan for skulen kan lagast. Det vart ikkje røysta over framlegget. 041/16 VEDTAK: Oppvekstutvalet viser til rådmannen si saksutgreiing og vil sjå behova ved Sandane skule i samanheng med den komande barnehage- og skulebruksplanen til Gloppen kommune. Side 8

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Eldrerådet 21.11.2016 026/16 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016 026/16 Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 042/16 Oppvekstutvalet 24.11.2016 042/16 MULTEK-utvalet 24.11.2016 129/16 Avgjerd av: Formannskapet Saksbehandlar: Beate O. Kornberg Objekt: Arkiv: 140 Arkivsaknr.: 16/1159-9 Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2030 - høyring Vedlegg: Dok.nr 282512 Tittel på vedlegg Utkast til planprogram: Kommuneplan for Gloppen kommune 2017-2030 - samfunnsdelen Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka: I «Kommunal Planstrategi 2016 2020 for Gloppen kommune» har kommunestyret vedteke full revisjon av den gjeldane kommuneplanen sin samfunnsdel, med oppstart hausten 2016 og ferdigstilling i løpet av 1. halvdel av 2017. Den legg vidare opp til ei delvis revidering av gjeldande arealplan hausten 2017. For å sikre ei brei forankring av planprogrammet pliktar kommunen å innhente synspunkt frå offentlege instansar og berørte interesser. Utkast til planprogram skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker før kommunestyret si slutthandsaming, jfr. plan- og bygningslova (Plb.) 11-13. I kommunestyremøtet 26.09.16, då planstrategien vart vedteken, fekk rådmannen i oppdrag å vurdere om planprosessane for samfunnsdelen og arealdelen kan samordnast i tid, med endeleg vedtak av begge hausten 2017. Saksutgreiing: Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt verktøy for heilskapleg planlegging. Gjennom arbeidet med samfunnsdelen skal kommunen synleggjere sine viktigaste utfordringar knytt til samfunnsutvikling, sette seg konkrete og overordna mål og gjere strategiske val. Før oppstart skal det utarbeidast eit planprogram, jamfør Plb. 4-1. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, beskrive planprosessen og kva medverknadsprosessar det vert lagt opp til. Den skal vidare beskrive organisering av arbeidet, og innehalde ein framdriftsplan. Side 9

I rådmannen sitt forslag til planprogram for samfunnsdelen er det lagt særskild vekt på å legge til rette for ei brei medverknad. Brei deltaking i samfunnsutviklinga er eit viktig verkemiddel for å sikre lokale og nasjonale fellesverdiar, og skape eit lokalt engasjement blant kommunen sine innbyggarar. Planprogrammet legg altså opp til ei kommunikativ form for planlegging, og ulik grad av medverknad gjennom ulike delar av prosessen. Den første fasen av planarbeidet vil dreie seg om val av visjon/posisjon. Kva vil vi at Gloppen skal vere kjent for? Kvar skal vi vere om 10 år eller 20 år? Dette arbeidet vert førebudd allereie på eit «kickoff» for planarbeidet 31.10.16. I den første fasen er det ønskjeleg med innspel frå så mange som råd, og verkstader/arenaer for medverknad skal leggje til rette for det. Etter ein brei inngang til temaet skal vidare arbeid gå føre seg i ei eller fleire arbeidsgruppe. Desse bør vere sett saman på tvers av roller og interesser, til dømes av politikarar, tilsette, næringsliv og utviklingslag. Gruppene skal ta val, spisse bodskapen og leggje fram forslag til formannskapet som er styringsgruppe for planarbeidet. Når utkast til samfunnsdelen er ferdig utarbeidd, skal dette ut på høyring, som er siste høve til medverknad. I denne fasen legg planprogrammet opp til at kommunen skal vere til stades på ulike arenaer og arrangement for å kome i dialog med innbyggarar. Engasjement blant både innbyggarar, tilsette, politikarar, næringsliv og andre grupper av interessentar er ikkje berre viktig for utarbeidinga av kommuneplanen, men òg for å samlast om ein visjon og dra utviklinga i lag når strategiane skal settast ut i live. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Rådmannen har ikkje noko konkret beløp på kva det vil koste å utarbeide ein ny kommuneplan, men kostnaden blir sjølvsagt vesentleg med alt arbeidet som må leggast ned for å få ein god prosess og ein tenleg plan. Rådmannen legg opp til at arbeidet skal gjerast i kommunal regi og med dei tilsette vi har i dag. Rådmannen si vurdering: Forslaget til planprogram inneheld bakgrunn og målsetting for planarbeidet og informasjon om organisering, medverknad og framdrift. Rådmannen vil i sitt arbeid med planen ta utgangspunkt i dei utfordringane som er trekt fram i kommunen sitt «Utfordringsdokument» og dei fem hovudsatsingsområda som er vektlagt i vedteken «Planstrategi 2016-2020». Planprosessen vil avgjere om det i tillegg skal leggast vekt på andre tema. Etter rådmannen sitt syn oppfyller planprogrammet forventningane i plan- og bygningslova, og er eit realistisk planprogram som vil la seg gjennomføre i løpet av føreslege tidsramma og med dei planressursane kommunen har i dag. Administrativt vil rådmannen bruke si leiargruppe til å styre arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Det kommunale planforumet vil få oppgåva med å organisere og gjennomføre prosessen rundt dei ulike temaområda, og fungere som sekretariat. Formannskapet vil bli løpande orientert om prosess og framdrift. --- ( ) Side 10

RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til planprogram for «Kommuneplan for Gloppen kommune 2017-2030 Samfunnsdel» ut på høyring med føreslege framdriftsplan, organisering og opplegg for medverknadsprosessar. 17.10.2016 FORMANNSKAPET 121/16 VEDTAK: Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til planprogram for «Kommuneplan for Gloppen kommune 2017-2030 Samfunnsdel» ut på høyring med føreslege framdriftsplan, organisering og opplegg for medverknadsprosessar. Vidare behandling av saka: Planprogrammet for ny samfunnsdel vart lagt ut på høyring og offentleg ettersyn 17. oktober, med frist for å kome med innspel innan 28. november. Det er eit klart mål i arbeidet med ny samfunnsdel å legge til rette for at flest mogleg innbyggarar, politikarar, næringsaktørar, frivillige lag og organisasjonar og leiarar og tilsette tek eigarskap i prosessen. I samband med høyringa ber rådmannen råda og utvala særleg om innspel til gjennomføring av medverknad i planprosessen. RÅDMANNEN SI TILRÅDING:. viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og har desse merknadene: 21.11.2016 ELDRERÅDET 026/16 VEDTAK: Eldrerådet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og ber om at administrasjonen inviterer seg inn på pensjonistlaga sine møte. 21.11.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 026/16 VEDTAK: Side 11

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og har ikkje andre merknader enn at Mona Vekst kan vere eit forum for medverknad. Elles blir rådet si oppgåve å sørgje for medverknad frå dei gruppene rådet representerer. 23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 042/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og meiner det er lagt opp til ein god planprosess med vekt på brei medverknad. 24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET 042/16 VEDTAK: Oppvekstutvalet viser til framlegget til planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen for Gloppen kommune og meiner det er lagt opp til ein god planprosess med vekt på brei medverknad. Side 12

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 16.11.2016 038/16 Helse- og omsorgsutvalet 16.11.2016 037/16 MULTEK-utvalet 17.11.2016 125/16 Eldrerådet 21.11.2016 027/16 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21.11.2016 027/16 Formannskapet 21.11.2016 135/16 Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 043/16 Oppvekstutvalet 24.11.2016 043/16 MULTEK-utvalet 24.11.2016 130/16 Formannskapet 28.11.2016 142/16 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 151 Arkivsaknr.: 16/971-12 Årsbudsjettet for 2017 - økonomiplanen for 2017-2020 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 284872 Årsbudsjettet for 2017 - Økonomiplanen for 2017-2020 284873 Gebyr og betalingssatsar for 2017 284874 Gebyr for byggjesak 2017 Gloppen 284875 Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova Bakgrunn for saka: Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 for kommunestyret den 14. november i år. Det er formannskapet som kjem med framlegg til kommunestyret om årsbudsjett for neste år og om økonomiplanen for dei neste fire åra. Som vanleg er det lagt opp til at råda og hovudutvala kjem med uttale til budsjettframlegget før formannskapet gjer vedtak om utlegging til offentleg gjennomsyn. Saksutgreiing: Rådmannen skriv dette i samandraget i budsjettdokumentet: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan fram til 2020 er på driftssida i hovudsak ei vidareføring av dagens kommunale drift, og på investeringssida ei opplisting av prioriterte investeringstiltak som det etter rådmannen si vurdering er plass til med den oversikta vi no har over kommunen sin økonomi. Side 13

Rådmannen sitt framlegg vil få Gloppen kommune ut av den såkalla ROBEK-lista som vi hamna på ved ein tabbe under utarbeidinga og behandlinga av siste økonomiplan. Framlegget til årsbudsjett for 2017 er i balanse utan bruk av disposisjonsfondet. To tiltak er rett nok finansierte med bruk av disposisjonsfond: kommunen sitt bidrag til fiber i Breim og på Sørstranda og tilskotet til klubbhus for golfklubben. Frå 2018 viser økonomiplanen eit mindre overskot kvart år. Nytt av året er at rådmannen legg fram lister over tiltak som burde vore gjennomførte viss øko-nomien hadde tillate det. Rådmannen legg også fram ei oversikt over stillingsendringane frå budsjett 2016 til budsjett 2017. Dette er eit forsøk for å få betre oversikt over kva som endrar seg på stillings-sida. Det er viktig og avgjerande at vi har kontroll med oppretting av nye stillingar. Rådmannen helsar velkomen kontrollutvalet sitt prosjekt for å sjå på rutinane ved stillingsoppretting. Desse nye stillingane ligg inne i rådmannen sitt framlegg: Ei ny saksbehandlarstilling i administrasjonen, med 60 % bruk i 2017 Ei ny stilling som helsesøster finansiert med statstilskot Stillingar til ei ekstra klasse ved Gloppen ungdomsskule frå skuleåret 2017/2018 Ei ny stilling på NAV Gloppen i samband med mottak av fleire flyktningar. Utgiftene til avdrag er auka og er no i samsvar med det rekneskapsforskriftene seier om nedbetaling av kommunale lån: nedbetalinga skal følgje avskrivingstida på prosjekta det er lånt til. Når rådman-nen trass i så godt som nullvekt i skatt og rammetilskot har funne plass til nokre nye stillingar og forskriftsmessig budsjettering av avdrag på lån, skuldast dette litt høgare avkastning og inntekter frå kraftverdiane våre, ei mindre oppjustering av takstgrunnlaget for eigedomsskatten på hytter og bustader og ein vesentleg auke i tilskotet til mottak av flyktningar. Det siste fører sjølvsagt også til auka driftsutgifter. Heile driftsbudsjettet er stramt. Det viser sektorane sine lister over tiltak som burde vore med. Det er ikkje lagt inn endringar i drifta i åra etter 2017 utover driftsmessige konsekvensar av investeringsframlegget. Rådmannen legg fram eit framlegg til investeringsplan på vel 350 millionar i perioden. Dette vil auke lånegjelda til kommunen med om lag 230 millionar. Dei store tiltaka er: Rehabilitering av skuleanlegget i Hyen, 53,7 mill. Nytt omsorgsbygg, 42,8 mill. Ny brannstasjon med utleigelokale til politiet, 40 mill. Utviding av bustadfestet i Valborgkleiva, 14,8 mill. Rådmannen har ikkje sett av midlar til utviding av skulane på Sandane og på Nordstranda i påvente av barnehage- og skulebruksplanen. Rådmannen har heller ikkje sett av noko særleg til sentrums-utvikling og bustader sidan eg her ventar på bustadpolitisk plan og resultatet av parallelloppdraget i sentrum. Saman med budsjettdokumentet legg rådmannen også fram sitt forslag til kommunale gebyr og prisar for 2017. Gebyr- og betalingsheftet vil bli behandla som eiga sak i neste runde av den folkevalde behandlinga av budsjettframlegget. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dette er ikkje eit aktuelt punkt i denne saka. Side 14

Rådmannen si vurdering: Rådmannen sine vurderingar går fram av budsjettdokumentet. Rådmannen kjem ikkje med tilråding i saka i fasen av budsjettarbeidet. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: 16.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Saka vart drøfta. 037/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 16.11.2016 OPPVEKSTUTVALET Saka vart drøfta. 038/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 17.11.2016 MULTEK-UTVALET Saka vart drøfta. 125/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak til saka. 21.11.2016 FORMANNSKAPET Til denne saka var også gruppeleiarane i Høgre. SV og Miljøpartiet dei Grøne inviterte. Dagfinn Nyhammer møtte for Anniken Rygg for Høgre og Hege Lothe møtte for SV. Framlegg/innspel frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Endringsframlegg/vurdringar frå KrF til Gloppen kommune sitt årsbudsjett for 2017 og økonomiplan 2017-2020 I rådmannen sitt budsjett er det oppstilling (side 8 og 9) som viser folketalsutviklinga i kommunen og alderssamansettinga. Utviklinga viser for 2015 null i fødselsoverskotet ( fødde og døde) og prognosen for fødde i 2016 ligg under snitt for dei siste åra. Inntektssystemet til kommunane vert i større grad knytt opp til antal personar busett i Side 15

kommunen. Kommunebudsjetta må fange opp desse utfordringane ved auka satsing på bustadbygging, næringsutvikling og andre tiltak som fremjar auke i folketalet i kommunen. 1. I budsjettet på side 8 er det attgjeve 5 punkt frå utfordringsdokumentet som satsingsområder for kommunestyreperioden: 1. Variert bustadutvikling 2. Inkluderande lokalsamfunn 3. Næringsutvikling 4. Attraktive tettstadar/sentrumsutvikling 5. Samspel og alliansebygging Det er viktig at ein i komande budsjett har ei vurdering på måloppnåing i høve til desse satsingsområda. Kan rådmannen seie noko om dette i høve til budsjettet for 2017? 2. Kommunestyret er kjent med at det er sendt ut ein invitasjon til kommunen frå Fylkesmannen om prosjekt knytt opp mot det «grøne skiftet». Kommunestyret ber rådmannen ved starten av 2017 legge fram ei sak som omhandlar dette. 3. Det er gjort vedtak om å utarbeide ein barnehage og skulebruksplan for kommunen som skal vere ferdig hausten 2017. Kommunestyret ber om at oppvekstsjefen får tilført ekstra ressursar til å utføre dette arbeidet, enten ved intern omdisponering eller endring / auke i stillingsheimlar som er i organisasjonen. 4. Konkrete endringsframlegg i høve rådmannen sitt budsjettframlegg: INVESTERINGAR a) Bustadfelt Gloppestad Detaljregulering og avtale om grunnkjøp i 2017 (avsett kr 400 000) 2018 kr 6 250 000 2019 kr 6 250 000 b) Utviding Sandane skule (skulebruksplanen i 2017) 2018 kr 10 000 000 2019 kr 20 000 000 c) Gloppen kyrkjelege Fellesråd Påplussing til ramma på kr 3 875 000 1) Auka stilling som kyrkjegardsarbeidar kr 230 000 2) Auka stilling frå 40 til 50 prosent diakon kr 50 000 Eingongstilskot for 2017: Gimmestad Kyrkje måling kr 340 000 Vereide kyrkjegard parkeringsplass kr 50 000 d) Vegen Fjellbygda - Kleivane skisenter Opprustning. Ber om at denne vegen vert prioritert inn i posten for vedlikehald kommunale vegar i 2017. e) Andre vegar Side 16

Deler av Lyngvegen - ved starten av Åsavegen har ikkje autovern. Dette bør vurderast i høve bruk av posten vedlikehald kommunale vegar i 2017. Åsavegen frå Sandane kyrkje til Kunstgrasbana/Nordåsen. Opparbeiding av gang og sykkelveg på denne strekninga (kort avstand, men mykje trafikk både til kunstgrasbana og til skuleområdet). Framlegg frå Bernt Reed (Sp): Til kommunale prisar: Auken i prisen på kinobillettar blir gjort på vaksenbillettane, ikkje på billettar for barn og unge. Det vart ikkje røysta over framlegga. --- Saka vart drøfta. 135/16 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 21.11.2016 ELDRERÅDET 027/16 VEDTAK: Eldrerådet meiner at Gloppen kommune har for få plassar for heildøgns pleie og omsorg. Det har vi hatt over tid. Dette fører til press på rehabiliterings- og avlastningsplassane. Dette fører igjen til at personar i den opne omsorga vert utrygge og kanskje vil søkje seg inn på plassar med heildøgns pleie og omsorg på eit tidlegare tidspunkt enn elles nødvendig. På kort sikt meiner rådet at ei auking av rehabiliterings- og avlastningsplassane til ein viss grad vil avhjelpe situasjonen. 21.11.2016 RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 027/16 VEDTAK: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne meiner at Gloppen kommune har for få plassar for heildøgns pleie og omsorg. Det har vi hatt over tid. Dette fører til press på rehabiliterings- og avlastningsplassane. Dette fører igjen til at personar i den opne omsorga vert utrygge og kanskje vil søkje seg inn på plassar med heildøgns pleie og omsorg på eit tidlegare tidspunkt enn elles nødvendig. På kort sikt meiner rådet at ei auking av rehabiliterings- og avlastningsplassane til ein viss grad vil avhjelpe situasjonen. Side 17

23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET Framlegg frå Olaf Sig. Gundersen (Sp): Helse- og omsorgsutvalet ber om at det i budsjettet for 2017 blir lagt inn kr 841.200 i auka driftstilskot til Firda fysikalsk-medisinsk senter. Framlegget fekk tre røyster og fall. 043/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet vil påpeike at Gloppen kommune har for få omsorgsplassar med heildøgns bemanning. Utvalet meiner derfor at prosessen med planlegging av nytt omsorgsbygg må prioriterast slik at auka kapasitet kan vere klar i løpet av 2020. Helse- og omsorgsutvalet meiner også at det på kort sikt må prioriterast tiltak for å auke talet på omsorgsplassar med heildøgns bemanning. 24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET 043/16 VEDTAK: Oppvekstutvalet viser til vedtaket om å utarbeide ein barnehage og skulebruksplan for kommunen. Utvalet ber om at oppvekstsjefen får tilført ekstra ressursar til å utføre dette arbeidet, enten ved intern omdisponering eller endring / auke i stillingsheimlar som er i organisasjonen, slik at planen kan gjerast ferdig våren 2017. Side 18

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Helse- og omsorgsutvalet 23.11.2016 044/16 Oppvekstutvalet 24.11.2016 044/16 MULTEK-utvalet 24.11.2016 131/16 Formannskapet 28.11.2016 141/16 Kommunestyret 19.12.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Statusrapport for 2. tertial 2016 Objekt: Arkiv: 212 Arkivsaknr.: 16/534-9 Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 285332 Rapport for 2. tertial 2016 Bakgrunn for saka: Vedlagt er ein kort statusrapport for 2. tertial (januar til august) 2016. Rådmannen seier seg lei for at eg er seint ute med rapporten, som var klar frå økonomiavdelinga si side allereie i september i år. --- Til liks med rapporten for 1. tertial har rådmannen laga ein samla rapport for alle sektorane, med mellom anna oversikter over skatteinngang, bruk av disposisjonsfond og sjukefråværet. Når det gjeld sjukefråværet, kan det leggast fram detaljerte tal for kvart ansvar i budsjettet. Mange av ansvara har så få tilsette at slike detaljerte rapportar ikkje kan leggast fram i opne saker og drøftast for opne dører. Sjukefråværet i Gloppen kommune er lavt. --- Rådmannen sin hovudkonklusjon for drifta etter 2. tertial er at det meste framleis går som planlagt. Det er enno litt usikkert korleis vi kjem ut til slutt når det gjeld skatteinngangen. Per oktober i år er vi om lag likt med «skjema». Rådmannen legg saka fram til orientering.. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Kommunestyret tar rapporten for 2. tertial 2016 til orientering. Side 19

23.11.2016 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 044/16 VEDTAK: Helse- og omsorgsutvalet har ingen merknader i saka. 24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET 044/16 VEDTAK: Oppvekstutvalet tar tertialrapporten til orientering. Utvalet ønskjer i samarbeid med rådmannen å sjå på korleis sjukefråværet i oppvekstsektoren kan reduserast. Side 20

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Oppvekstutvalet 24.11.2016 045/16 Formannskapet 28.11.2016 145/16 Kommunestyret 19.12.2016 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Per Arne Strand Objekt: Arkiv: A11 &71 Arkivsaknr.: 16/1115-2 Ressursar til arbeid med minoritetsspråklege i barnehagane Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 282154 Auka ressursar til minoritetsspråkleg arbeid Bakgrunn for saka: Vi har dei siste åra hatt ein vesentleg auke i busette flyktningar i Gloppen. Som ein følgje av det har vi sett utfordringar i å ta i mot dei og kunne hjelpe dei til rette i barnehagen, det gjeld både barna sjølve og foreldra. Dei aller fleste minoritetsspråklege barn har hatt barnehageplass i Mona barnehage. Styrar i Mona barnehage har laga eit notat som ligg ved saka. Klubben av Utdanningsforbundet i Mona barnehage har og sendt eit brev til oppvekstutvalet om situasjonen. Saksutgreiing: Busetjinga av flyktningar har dei siste åra vore ein sterk medverkande årsak til folketalsauken i Gloppen. Kommunen har hatt ein politikk om å busetje flyktningane i sentrumsområdet av Sandane. Då har Mona barnehage vore den naturlege barnehagen for barna. Det har med avstandar og transport å gjere. Dei færraste disponerer bil og er avhengige av å kunne gå til barnehagen. Dei andre barnehagane ligg lenger vekk, med unntak av Nygård som er innanfor gåavstand for enkelte familiar. Mona barnehage har i dag 26 av 72 barn med minoritetsspråkleg bakgrunn, dvs nærare 40 % av barna i barnehagen. Dei vaksne i barnehagen er viktige i mottak av barn frå andre land. Ein skal vere tett på i fht bl.a tryggheit, språklæring og foreldrekontakt. Språkutfordringar gjer at oppstart i barnehagen tek lenger tid enn med norskspråklege. Dialog med føresette er viktig for alle barnehagebarn, men med føresette med anna morsmål, er dette ei meir ressurskrevjande oppgåve for barnehagen. Føresette treng ofte rettleiing og forklaring i fht til rutinar i barnehagekvardagen og i barnehagen sine skriftlege planar. Det vert ofte nytta telefontolk i samtalar. Minoritetsspråklege barn treng vaksne som er tett på, slik at dei kan få hjelp til å setje ord på ting og opplevingar. Det vert i teorien (Sandvik og Spurkeland, 2009) lagt vekt på at det er viktig å formidle litteratur og få til gode samtalar i små grupper for 2-4 barn. Med tanke på at det i ei barnegruppe på 3-5 år er 1 vaksen pr 6 barn, seier det seg sjølv at vi med dagens grunnbemanning ikkje kan klare å følgje opp det som vert anbefalt. Jo tidlegare vi kan hjelpe desse barna, både språkleg og sosialt, jo betre rusta er dei til å læring og sosialisering på skule og fritid. Side 21

I samband med auke tal minoritetsspråklege, kan vi og sjå ei auke i styrkingstiltak. Dette krev nesten utan unntak eit tverrfagleg samarbeid, der fleire instansar er involvert. Dette gjev oss større møteverksemd og pedagogar må frigjerast til deltaking på ulike samarbeidsmøte. Dette krev auka bruk av vikar. Alternativet er at vaksentettleiken i gruppa vert mindre den tida pedagogen er på samarbeidsmøte. Det er ulik praksis på korleis andre kommunar løyser dette for sine barnehagar. Det vanlege er å gje ein ressurs pr. barn som er i barnehagen. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Dette er noko som vil koste kommunen pengar. Avhengig av kva modell vi landar på så vil det krevje ressursar og det krev ressursar i dag. I dag rapporterer barnehagane inn sine tal i i eit system som heiter BASIL som er utdanningsdirektoratet og myndigheteten sitt system for å få data om barnehagen og som er grunnlag for dei midlane som kjem til kommunen gjennom statsbudsjettet. Her er det knytt pengar til dei som vert rapportert som minoritetsspråklege. Årssatsen pr. barn varierer år for år, men i 2016 var den på kroner 3.218,-. Totalt fekk Gloppen utbetalt kr 106.203,- i 2016. Dette er midlar som vil vere med å finansiere ei slik ordning. Ein time per veke med pedagog kostar oss kr 360,- Eit barnehage år vert rekna til 48 veker. Vi har i dag i overkant av 30 minoritetsspråklege barn i barnehagane i Gloppen. Ser vi på kostnaden vil ein modell med: 1 time per veke koste (1t x360,- x 48v) = 17.280,- pr. barn 2 timar per veke koste (2t x 360,- x 48v) = 34.560,- pr. barn 3 timar per veke koste (3t x 360,- x 48v) = 51.840,- pr. barn Kostnaden for ein modell med 2 timar per veke er i stor grad innarbeidd i årsbudsjett for 2017 og vi skal klare det innafor framlagde ramme for årsbudsjett for 2017. Rådmannen si vurdering: Rådmannen meiner at vi i Gloppen må lage oss eit system for å motta og inkludere busette flyktningar i barnehagane. Det går på at vi har rutiner og retningslinjer for korleis vi møter og hjelper både barn og foreldre inn i barnehagen. Det handlar om at vi har kompetanse bland dei tilsette til å møte dei minoritetsspråklege. Det handlar først og fremst er behovet er å ha litt ekstra tid tilgjengeleg slik at det ikkje går utover pedagogtettleiken til dei andre barna i barnehagen. Tida vil gå både til å hjelpe ungen på plass i barnehagekvardagen, språklæring, kontakt med foreldre ofte med hjelp av tolk og ekstra møteaktivitet knytt til barna. Det bør vere eit system der dei tilsette i barnehagen får tid til å rette ekstra merksemd mot dei minoritetsspråklege uavhengig av andre vedtak som er knytt til barnet. Det vi kan håpe på er at ein modell med fast ressurs knytt til kvart minoritetsspråkleg barn vil redusere behovet for anna hjelp i barnehagen. Hjelp i barnehagen skjer etter to vedtak, det er spesialpedagogisk hjelp og det andre er styrkingstiltak etter barnehagelova. Målet må vere at behovet for sakkunnig utgreiing og vedtak med påfølgjande ressursar vil gå noko ned. Får vi inkludert barna på ein god måte i barnehagen og har ei god utvikling der vil overgangen til læring og sosialisering på skule og fritid gå lettare og truleg krevje mindre ressursar seinare. Ein felles modell for dette vil og gjere tilbodet mellom barnehagane likare med omsyn til ressursar. Side 22

Rådmannen legg opp til ein modell der kvart barn med minoritetsspråkleg bakgrunn får 2 timar per veke ekstra hjelp dei to første åra barnet er i barnehage. Etter to år i barnehage vil mykje av det som tek tid i starten ha gått seg til. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Gloppen kommunestyre innfører ein modell der kvart barn med minoritetsspråkleg bakgrunn får 2 timar per veke ekstra ressurs, dei to første åra barnet er i barnehage. Dette vil gjelde alle barnehagane i Gloppen. Dette gjer vi i ein prøveperiode på to år, barnehageåret 2017/2018 og 2018/2019. Ordninga vert evaluert våren 2019 med tanke på om ein skal gjere det til ein permanent modell. 24.11.2016 OPPVEKSTUTVALET 045/16 VEDTAK: Oppvekstutvalet er samd i tilrådinga. Side 23