Kvam herad. Årsmelding 2012. www.kvam.no. www.kvam.no - 1



Like dokumenter
Oversyn over økonomiplanperioden

Tertialrapport 2 tertial 2015

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

KVAM HERAD - BUDSJETT 2012

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Politisk verksemd. Kostradokument nr. 1. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for 2010

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Lønnsundersøkinga for 2014

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vegen fram til ØH-sengerplanar

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Kvam herad. Årsmelding

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2014 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2013 for Sogndal kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Kommunedelplan for oppvekst

Kvam herad. Årsmelding

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Kvam herad. Årsmelding

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Til veljarane i Tysnes

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

Hemsedal kommune Årsmelding kortversjon

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Saksnr Utval Møtedato

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Sogn lokalmedisinske senter

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

NOTAT. Til skilnad frå andre skatteinntekter går eigedomsskatt direkte til Kvam herad, og er ikkje samordna med rammetilskotet.

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Til deg som bur i fosterheim år

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Handlingsprogram 2015

10/60-14/N-211//AMS

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Transkript:

Kvam herad Årsmelding 2012 www.kvam.no www.kvam.no - 1

Innhald 1 Vendepunktet?... 3 2 Hovudtrekk... 5 2.1 Medarbeidar... 5 2.2 Økonomi... 7 2.3 Oversyn over tenestene... 8 2.4 Politisk verksemd... 9 2.5 Administrasjon, styring og fellesutgifter... 10 2.6 Barnehagar... 12 2.7 Grunnskulen... 13 2.8 Kommunehelse... 15 2.9 Pleie og omsorg... 17 2.10 Sosialteneste og NAV... 19 2.11 Barnevern... 20 2.12 Bustader... 22 2.13 Fysisk planlegging, kulturminne, natur og nærmiljø... 24 2.14 Næringstøtte og kommunal forretningsdrift... 28 2.15 Brann og ulukkesvern... 30 2.16 Samferdsel... 31 2.17 Vatn, avløp og renovasjon/avfall... 33 2.18 Kultur... 35 2.19 Kyrkja... 37 2.20 Skatt og rammetilskot... 38 2.21 Finans... 39 3 Årsrekneskap 2011... 40 3.1 Økonomiske oversiktar... 40 3.1.1 Rekneskapsskjema 1A... 42 3.1.2 Rekneskapsskjema 1B... 42 3.2 Investeringar Kvam herad 2011... 43 3.2.1 Økonomisk hovudoversikt investeringsrekneskap 2010... 43 3.2.2 Rekneskapsskjema 2 A... 44 3.2.3 Rekneskapsskjema 2B... 45 3.3 Balanse Kvam herad 2010... 46 3.4 Notar 2010... 49 3.4.1 Aksjar og partar... 49 3.4.2 Obligasjonsportefølje... 50 3.4.3 Låneportefølje... 50 3.4.4 Avdrag på lånegjeld ihht krav til minsteavdrag... 51 3.4.5 Endring arbeidskapital... 51 3.4.6 Anskaffing og bruk av midlar... 52 3.4.7 Avsetningar og bruk av avsetningar... 52 3.4.8 Note til balanserekneskapet... 53 3.4.9 Avslutta prosjekt 2011... 54 3.4.10 Aktive prosjekt... 55 3.4.11 Pensjonsnote... 56 3.4.12 Lønn og anna godtgjersle til leiande personar... 56 3.4.13 Garantinote... 57

3.4.14 Felleskonto... 57 3.4.15 Note til VAR området... 57 3.4.16 Kapitalkonto (25990)... 58 2

1 Vendepunktet? Det er kanskje vel tidleg å stille spørsmål om Kvam herad har nådd vendepunktet ved årslutt 2011, 11 dagar etter at budsjettet «Pimp my kommune» vart vedteke. Ved oppsummering av året ser eg likevel ein del symbolikk som gjer håp om at lyset lengre framme i tunellen ikkje er toget som kjem rett i mot oss. Trass den allmenne oppfatning av kommunen som ein relativt sedat organisme opplever me kontinuerleg at nye eller gamle utfordringar set oss på prøve. Det er ikkje utfordringane i seg sjølv som definerer oss, men korleis me handterer dei, og det er her eg er gryande optimist. Den kommunale økonomien vart sett på prøve gjennom heile året. Kvam herad sitt svar på presset på drifta har over lang tid vore å auka inntektene eller tappa fondsavsetjingane. Inntektspotensialet er etter kvart utnytta til sitt fulle og det finst difor ingen bufferar til å finansiere aktivitetsauken som skjer både nasjonalt og lokalt innan barnehage, spesialpedagogiske tenester, barnevern og sosialstønad. Når ikkje ein gong vinterværet var på vår side, vart det til slutt mange nye millionar som krov inndekning i løpet av året. At årsrekneskapen som vert lagt fram her, er eit av tidenes beste i Kvam er difor på mange måtar mot alle odds. Eg har tidlegare uttalt at det er mange element av flaks som fører til det gode resultatet. Eg vil likevel driste meg til å seia at snille gutar har oftare flaks. Nitidig praktisering av nøysemdsprinsippet i budsjetteringa av inntekter (bortsett frå kraftinntektene) gjev oss som regel positive overraskingar. I løpet av seinhausten tikka det inn over 32 millionar kroner på driftskontoen til heradet. Mykje viktigare enn pengane i seg sjølv er dei prosessane dette har ført til. Over natta gjekk me frå ei kjensle av makteslause til kreativisme. Eg seier makteslause fordi me sat og stirra på ei kontoutskrift med kr 0 på nederste linja og me trudde at slik kom det til å vera i lang tid framover. Kreativismen oppstod fordi 32 millionar eigentleg ikkje er så mykje pengar i 2011 og alle som vil stikka handa inn i honningkrukka, forstår at dei må gjera seg fagre for å få ein skjerv. Resultatet, håpar eg, vert at me vert sitjande med mange prosjekt som er så gode at fleire av dei vil klara å stå på eigne bein. I november opna Børvenestunellen som fyrste prosjekt i Kvammapakken. Det er ikkje til å legga skjul på at tunellen har vore omstridt, men no som den er ferdig skapar det ikkje lengre mykje positivt å vera motstandar. Eg ser på desse sekundane i kortare køyretid mellom Norheimsund og Øystese som eit kvantesprang i styrkinga av det sentrale Kvam som regionsenter. Me ser allereie at elevane ved Kvam ungdomsskule i liten grad ser på Norheimsund og Øystese som to bygder. Dette vil sannsynlegvis breia om seg til andre generasjonsgrupper, og det vil bli enklare både for folkevalde og byråkratar å utvikle kommunen vidare når me opplever at me har eitt tydeleg sentrum sentralt i kommunen. Det skjer også spennande ting utanfor kommunegrensene som i stor grad vil påverke framtida vår. KS har definert ulike scenario for korleis norske kommunar kan møta auka forventningar og krav frå sentrale myndigheiter og lokale innbyggarar fram mot 2037. Nye måtar å løyse oppgåvene på og nye samarbeidsformer vil tvinga seg gjennom. Eg har tru på at me må utvida horisonten vår endå meir, og ikkje berre setja oss ned med sjelefrendar i andre kommunar når me skal tenka utvikling av kommunen. Eit endå tettare samarbeid med både private aktørar og frivillige organisasjonar vil vera ein føresetnad for 3

å løyse samfunnsoppdraget i framtida. Difor er eg glad for at Hordaland Fylkeskommune i sine nye analysar definerer Kvam som ein del av Bergen sin bu og arbeidsmarknad. Det betyr at me får vera med inne i rommet når fylket skal laga sine planar for ein vekst med 160 000 nye innbyggjarar i Bergensregionen. 2011 var eit valår og to tredelar av representantane i heradsstyre valde ikkje å ta gjenval. Etter ein tøff periode der heradsstyre var nøydd til å ta mange vanskelege avgjerder vart det ein del slitasje på mange av representantane. Det nye heradsstyre har kunna starta med mange blanke ark og heilt frå starten ser eg mykje godt politisk og politiskadministrativt samarbeid. Folketalet i Kvam auka med 80 personar i 2011. Dette er fjerde året på rad med folketilvekst, men igjen er det innflyttinga og då spesielt innvandringa som reddar oss. Nettoinnflyttinga er på 95 personar. Me har framleis eit fødselsunderskot og fødselstalet på 73 er det nest lågaste i Kvam herad si historie. Endå meir alarmerande er det at dei sju dårlegaste åra har vore siste 10 år. Resultatet av dette er at befolkningspyramiden vår etter kvart liknar meir og meir på naboen sitt sjølvhogde juletre; tjukt i toppen og glissent i botnen. At det meste av folketilveksten kjem i form av innvandring kan me sjølvsagt sjå på som ei stor utfordring. Eg er glad for at heradsstyre har gitt tilslutnad til å arbeide med å gjera dette om til eit positivt bidrag for å skapa eit godt kvammasamfunn. Den politiske viljen til òg å sjå på barnehagetilbodet i Kvam med nye augo, sett i lys av alle endringar, gjer meg håp for framtida. Trass i eit godt resultat i 2011 og gryande optimisme på mange område, gjer det økonomiske biletet ute i verda og staten sin politikk meg ikkje von om å kunna friskmelda Kvam herad sin økonomi på lang tid. Eg meiner likevel at me stegvis kan nedgradera sjukemeldinga dersom heradsstyre fortset å skriva ut reseptar på noko av medisinen som ligg i skapet, samstundes som eg fortset med tett oppfølging. Både det politiske og administrative styringssystemet kan vidareutviklast. Gjennom arbeidet med planstrategien vil dei folkevalde kunna tydeleggjera endå meir kva mål, retning og prioriteringar som skal til for å byggja framtidas kommune. Mi oppgåve er å fortsetje å «pimpe kommunen» ved å setje saman ein meir målretta organisasjon med større gjennomføringskraft. Kvam, den 23. mars 2011 Arild McClellan Steine rådmann 4

2 Hovudtrekk 2.1 Medarbeidar Sjukefråvær Nedgangen i det samla sjukefråværet dei siste åra held fram og viser ein svak nedgang også i 2011 frå 6,9% i 2010 til 6,8 % i 2011. Sjukefråværsutviklinga frå 2003 til 2010 Sjukefråvær 2003-11 9 8,4 8,3 8 7,8 7,8 7,6 7,7 7,3 7 6,9 6,8 6 5 4 3 2 1 0 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 IA avtale Kvam herad re signerte avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv og forplikta seg dermed til å setja resultatmål for sjukefråværet og utarbeida handlingsplan for IA arbeidet i perioden 2011 13. Myndigheitene innførte nye reglar for førebygging og oppfølging av sjukefråvær frå 1.7.11 som medførte krav om tettare og tidlegare oppfølging av sjukefråvær og økonomiske sanksjonar ved manglande oppfølging/rapportering. Rekruttera og behalde arbeidskraft Kommunen opplever størst utfordring med rekruttering av helsefagarbeidarar, allmennlærarar og førskulelærarar. Tilsette får tilbod om desentraliserte utdanningsløp for å kunne kombinera utdanning og jobb. Våren 2011 fullførte bl.a. sju tilsette 4 årig desentralisert sjukepleiarutdanning og gjekk inn i sjukepleiarstillingar i pleie og omsorg. Fem tilsette avla fagprøve som vaksne praksiskandidatar og ytterlegare tjue ufaglærte er under utdanning til helsefagarbeidarar. Ein tilsett fullførte førskulelærarstudiet, kombinert med deltidsstilling i barnehage. Kvam herad mottok kr 362 000 frå Fylkesmannen etter søknad om midlar frå Kompetanseløftet til kvalifisering av ufaglærte. 5

AFP/førtidspensjon AFP er ein rett dei tilsette har når dei fyller 62 år. Tabellane under viser totalt tal pensjonar i Kvam herad og nye saker i 2011. Kvam herad har lågare uttak av AFP enn andre kundar hjå Storebrand. Helse, miljø og tryggleik Kvam kjøper HMS tenester hjå Grend bedriftshelseteneste gjennom eit innkjøpssamarbeid med Jondal, Samnanger og Fusa. Kvam herad sine utgifter til bedriftshelseteneste er monaleg redusert etter anbodsrunden. Behov for tiltak vert fastlagd i årsplanar, og kommunen mottek månadlege oversiktar over gjennomførte aktivitetar. Avtalen har utløp i 2012, men har 2 års opsjon på forlenging. 6

2.2 Økonomi Rekneskapet viser eit overskot på 51,6 millionar, og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 1,6 mill. Det er stor forbetring i forhold til det som var frykta ved 3. kvartal. Betringa kjem av at inntektene i siste kvartal har auka monaleg meir enn utgiftene. Auke i rammetilskot, kraftinntekter og overføringar frå fylket utgjer største delen av inntektsauken. Tabellen under viser korleis inntektene til heradet var fordelt i 2011. Dersom me samanliknar med 2010 ser me at ein større del av kaka kjem frå rammetilskot, 32% i 2011 mot 26% i 2010. Delen som kjem frå skatteinntekter er 4 % 3 % 5 % 24 % 8 % 11 % 11 % 32 % Sals, leigeinntekter og brukarbetaling Overføringar med krav til motyting Rammetilskot Andre statlege overføringar Skatt Eigedomsskatt Anna Kraftrelaterte inntekter derimot redusert frå 29% i 2010 til 24% i 2011. Det er tatt opp to nye lån i 2011, 10 millionar i Husbanken og eit sertifikatlån på 90 millionar i Kommunalbanken. Samla lånegjeld er ved utgangen av 2011 629 mill. kr. Dette er ein auke på 42 mill. kr i forhold til 2010. 158 Lånegjeldsutvikling 2001 2011 mill.kr 224 296 406 430 465 560 635 609 587 629 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 3 % 2 % 7 % 2 % 7 % 4 % 6 % 10 % 22 % Pol., adm. og fellesutgifter Barnehagar Grunnskule Kommunehelse Pleie og omsorg Sosialteneste og NAV Tabellen til venstre viser korleis driftsutgiftene prosentvis fordeler seg mellom dei ulike tenestene. Fordelinga skil seg lite frå kommunar flest. 4 % 28 % Barnevern 5 % Bustader Andre Samferdsle Vatn avløp og renovasjon/avfall 7

2.3 Oversyn over tenestene Driftsutgifter fordelt på grupper av tenester Tabellen under viser korleis drifta fordeler seg på KOSTRA grupper bygd opp etter dei tenestene a som er vedtekne brukt i Kvam herad. Hovudoversikt drift 2011. Fordelt på Kostra tema Rekneskap 2011 Budsjett 2011 Tema (i 1000 kr) Brt. utg. 2011 Netto utg 2011 Brt. utg. 2011 Netto utg 2011 Avvik 2011 Politisk verksemd 5 939 5 573 4 878 4 652 922 Adm. og fellesutgifter 32 201 22 331 46 467 36 250 13 918 Barnehagar 69 059 52 895 66 418 50 871 2 024 Grunnskule 153 254 131 032 147 680 127 991 3 041 Kommunehelse 31 688 23 734 30 372 23 871 138 Pleie og omsorgstenesta 192 958 157 376 182 729 153 666 3 710 Sosialteneste og NAV 27 919 25 428 26 465 23 535 1 893 Barnevern 15 664 14 754 14 429 13 303 1 451 Bustader 14 574 1 993 12 731 1 905 88 Plan 17 127 7 389 14 226 8 581 1 192 Næringstøtte og komm. forretningsdrift 18 641 20 572 16 378 17 134 3 437 Brann og ulykkesvern 9 820 7 822 8 547 6 820 1 002 Samferdsle og grøntanlegg 23 349 13 219 17 180 12 371 848 Vatn avløp og renovasjon/avfall 49 499 3 483 44 178 3 715 232 Kultur 19 881 12 699 19 660 14 616 1 918 Kyrkje 6 527 6 482 6 336 6 323 159 Skatt og rammetilskot 18 448 576 0 443 070 5 506 Finans 76 541 21 838 78 717 12 083 9 754 Løn til fordeling 0 0 218 241 241 Motpost avskrivingar 0 29 555 0 29 351 204 Sum 764 659 1 607 737 610 0 1 607 Kvam herad nyttar netto utgift som vedteke budsjett for kvar teneste. Tabellen viser i tillegg til rekneskapstala, justert budsjett 2011 (inkluderar alle justeringar fram til og med tredje kvartal). Kolonne for avvik viser avvik mellom rekneskapet og justert budsjett 2011. På dei neste sidene er rekneskapstala til kvar teneste kommentert. Vidare er det laga tabellar som viser meir detaljert informasjon om kva tenester/funksjonar som høyrer til dei ulike rammeområda. 8

2.4 Politisk verksemd Funksjon og rammer Politisk verksemd Rek 10 (netto) Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 100 Politisk styring og kontrollorgan 3 450 5 079 4 035 4 035 126 % 1 045 110 Kontroll og revisjon 410 494 617 617 80 % 123 Politisk verksemd 3 860 5 573 4 652 4 652 120 % 922 Merknader til driftsrekneskapet: Politisk verksemd nytta 0,9 mill kr meir enn justert budsjett og 1,7 mill kr meir enn i rekneskapsåret 2010. Gamle politikar pc ar vart nedskrivne med ca 0,8 mill kr i 2011 og 0,2 mill kr skriv seg frå meirkostnad pensjon. Mindreforbruk på funksjon 110 på 0,1 mill kr kjem av mindre bruk av forvaltningsrevisjon enn planlagt, det er normalt siste året i ein valperiode. I tillegg nytta Deloitte færre timar i 2011 enn 2010. Resultat I 2011 var det kommunestyre og fylkestingsval, valet vart gjennomført utan klager og innan budsjettramma. Kvam har lagt godt til rette for mottak av førehandsrøysting, alle biblioteka pluss rådhuset har dette tilbodet. I 2011 var 26% av alle gjevne røyster førehandsrøyster, mot 19 % i 2007. Kvemmingane føretrekkjer å førehandsrøysta ved biblioteka, dei sto for vel 75 % av alle mottekne førehandsrøyster i Kvam. Det er ingen endringar i utvalsstrukturen og møteaktiviteten er stabil. Heradsstyret har hatt 10 ordinære møte + konstituerande møte. Det vart meldt 5 spørsmål og 1 interpellasjon, det er færre enn i 2009 og 2008. I tillegg til ordinære møte hadde det nye heradsstyret to opplæringsdagar i november. Frå 2004 har politikarane i Kvam vore papirlause og utstyrt med pc ar. Ved overgang til den 3. papirlause valperiode vart det vurdert å ta i bruk lesebrett, men etter råd frå iktavdelinga held vi fram ned pc ar nokre år til. Aktivitet i politiske organ 2007 2011 2007 2008 2009 2010 2011 Utval Møte Saker Møte Saker Møte Saker Møte Saker Møte Saker Heradsstyre 10 118 11 177 10 26 9 131 11 163 Formannsk. 20 188 9 104 12 60 10 66 13 80 NPB 8 95 12 127 11 161 10 128 Teneste 8 25 8 25 8 25 7 22 Eldreråd 11 55 9 50 10 39 8 37 7 29 RFMNF 4 6 7 16 3 4 Adm.utval 1 2 0 0 0 0 1 2 AMU 1 1 4 16 4 14 4 12 1 3 Klagen. 2 4 0 0 2 6 0 0 2 4 Tema H 2 2 2 0 1 2 0 46 366 56 469 66 397 58 448 57 435 9

2.5 Administrasjon, styring og fellesutgifter Funksjon og rammer Adm. og fellesutgifter Rek 10 (netto) Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 120 Administrasjon 33 429 33 341 30 571 31 978 109 % 2 770 121 Forvaltningsutgifter i eiendomsforvaltningen 542 1 851 1 336 539 139 % 515 130 Administrasjonslokale 1 775 1 815 1 807 1 693 100 % 8 170 Premieavvik 7 304 15 122 2 124 2 124 712 % 17 246 180 Diverse fellesutgifter 588 446 396 396 113 % 51 190 Interne serviceeiningar 0 0 15 359 0 % 15 Adm. og fellesutgifter 29 029 22 331 36 250 37 089 62 % 13 918 Merknader til driftsrekneskapet: Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 13,9 mill kr i høve budsjett og 6,7 mill kr samanlikna med rekneskapsåret 2010. I hovudsak ligg årsaken til dette i premieavviket. Premieavviket syner forskjellen mellom årets pensjonskostnad og innbetalt pensjon. Premieavviket er 17,3 millionar høgare enn budsjett i 2011. Dette fører til ei innsparing på funksjon 170, medan det fører vidare til ein tilsvarande stor auke i pensjonskostnadene som er fordelt ut på dei ulike rammeområda. Dette ser me igjen i ein del av kommentarane til kvart rammeområde. Samla sett er pensjonskostnadene 1 mill. kr under budsjett. Dei største postane av meirforbruket på funksjon 120 kjem av manglande inntekter på 0,4 mill kr vedkomande samhandlingsreforma, IKT lisensar har 0,9 mill kr i meirforbruk, vedlikehald av tekniske anlegg 0,4 mill kr. Utgifter til eigedomsforvaltning er ført på funksjon 121 medan budsjett ligg på funksjon 315 Tilrettelegging og opparbeiding av bustadfelt (rammeområdet «Bustadar). Rammeområdet Tenestene samla under administrasjon er rådmann og einingsleiarar, løns og personalavdelinga, stab (informasjon, post/arkiv/resepsjon, politisk sekretariat), økonomiavdelinga (økonomisk styring, rekneskap, fakturering, eigedomsskatt, skatt og innkrevjing og IKT), kraft og innkjøp, overordna planarbeid, forvaltning bygg og eigedom, drift og reinhald av rådhuset, overformynderiet, verneombod og hovudtillitsvald. Status budsjett 2011 Budsjett 2011 hadde konsolidering og kostnadskutt som mål for tenesteområdet. Resultat I norge.no si vurdering av offentlege nettsider vart www.kvam.no løfta opp til, det kjennest godt etter to år med, men ikkje godt nok. Skal vi ta steget vidare oppover stjernehimmelen, må vi ha fleire interaktive tenester; fleire digitale skjema, høve til politiske innspel via nettsidene, leseweb, overføring av politiske møter, m.m. 10

Bruk av kommunen sin informasjon på nett er jamt stigande. Vi har hatt som mål at minst 10 % av innbyggjarane våre skal innom per dag og det har vi nådd, krav om digitale søknader vil etter kvart tvinga fleire til å vitja heimesida vår. Lagsportalen er unik for Kvam og det er kjekt å sjå at kvemmingane i aukande grad gjer seg nytte av tilbodet. Unike vitjingar pr døgn innom dei ulike portalane er: Portal 2010 2011 www.kvam.no 870 965 Politikarnett 26 17 Lagsportalen 92 103 Kvam har fått heiderleg omtale for arbeidet med katalogisering av gammalt arkivmateriell. Det meste av arkiv frå 1837 til 1999 har no elektroniske katalogar og kan lett sporast og hentast ut til publikum. Orden i gammalt og nytt arkiv sikrar innbyggjarane sine rettar, det ser vi spesielt i erstatningssaker. IKT utviklinga hadde magre kår i 2011, kr 0, til investering får konsekvensar i ein organisasjon med 2200 brukarar. Nødvendige oppgraderingar, utskiftingar mm er utsett og organisasjonen har hatt internkostnader knytt til venting, feil osv. I løpet av 2011 er det inngått avtale om drift av nett og serversystem for Jondal kommune og Kvam kraftverk. Frå tidlegare har vi avtale om sal av tenester til Kvinnherad kommune og avtale om drift av fagsystemet Vpro for 60 kommunar. Kvam herad har i 2011 hatt eit omfattande arbeid med å etablera rammeavtalar for kjøp av varer og tenester. For Teknisk eining vart det i 2011 inngått 9 rammeavtalar som gjaldt planleggingstenester. I tillegg vart det lyst ut 14 avtalar om kjøp av andre tenester. Dei siste avtalane vart underteikna rett etter nyttår 2012. Kvam herad hadde 45 rammeavtalar per 31.12.2011. 11

2.6 Barnehagar Funksjon og rammer Barnehagar Rek 10 (netto) Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 201 Førskule 7 687 43 389 41 552 38 750 104 % 1 837 211 Styrka tilbod til førskuleborn 4 613 5 452 5 761 6 561 95 % 309 221 Førskulelokale og skyss 3 891 4 054 3 558 3 570 114 % 496 Barnehagar 16 191 52 895 50 871 48 881 104 % 2 024 Merknader til driftsrekneskapen Barnehagar har eit netto meirforbruk på 2 mill. kr som i hovudsak kjem av auka pensjonskostnad. I tillegg fekk Kvam ei meirutgift på 0,1 mill kr som gjeld born busett i Kvam, men som går i privat barnehage i andre kommunar. Foreløpig tilskot til privat barnehage er basert på budsjett i kommunale barnehagar. Tildelinga vart 0,53 mill kr lågare enn først budsjettert, men her kjem det ei justering i 2012 basert på endeleg rekneskap. Det er forventa at tildelinga aukar i takt med auka pensjonsutgifter. Eit tverrfagleg team (funksjon 211) har styrka barnehagane slik at behovet for ekstraressursar samla sett gjekk ned med 0,4 mill kr samanlikna med justert budsjett. Overforbruket på funksjon 221 kjem av auka pensjonsutgifter, auke i husleigekostnader og at ein større del av drift og vedlikehaldsbudsjettet vart brukt på barnehagane og mindre del på andre kommunale bygg. Resultat Alle barn med lovfesta rett og som har søkt om barnehageplass, har fått tilbod om plass i barnehage. Totalt 419 barn hadde barnehageplass per 15.12.2011, 4 fleire enn året før. Alle barnehagane har ope fem dagar i veka. Berre Sandven FUS barnehage har ope heile sommaren. Dei kommunale barnehagane har stengt tre veker i juli. Barn med funksjonshemmingar og utviklingsvanskar treng tilrettelagt hjelp for å få ønska og optimal utvikling. Barn med minoritetsspråkleg bakgrunn utan kjennskap til norsk språk kan ha bruk for ekstra ressursar i oppstarten. Her har spesialpedagogisk fagteam ei viktig rettleiarrolle i barnehagane. Status Stadig fleire ynskjer plass i barnehage. Barna er yngre når dei startar, og stadig fleire utvidar frå deltids til fulltidsplass. Det er 20 nye born på venteliste som ynskjer barnehageplass før 01.07.12. Desse borna har ikkje lovfesta rett til barnehageplass. I tillegg er det 25 born der foreldra ynskjer utvida tilbod til fleire dagar i veka. Talet på minoritetsspråklege barn aukar. Det er i 2011 33 born, 4 fleire enn i 2010. Dei tilsette opplever meir press og at arbeidsdagen er i endring grunna stadig lenger opningstid, administrativ tid og oppfylging av enkeltbarn. Heradet manglar førskulelærarar. I 2011 vart 8,9 årsverk drivne på dispensasjon i høve kravet om førskulelærarutdanning for å fungera som pedagogisk leiar. Det utgjer ein prosentdel på 31. Tendensen er noko betre for 2012. Bjørketeigen vart ferdig ombygd og opna i 2011. Elles er det store behov for å oppgradere dei fleste barnehagebygga i Kvam. Dette skriv seg frå dels at bygga er gamle og dårleg haldne vedlike, og dels at bygga er dårleg eigna for dei yngste borna og i høve krav til arbeidsmiljø for dei tilsette. Heradsstyre har vedteke å utarbeide ein barnehageplan i 2012. 12

2.7 Grunnskulen Funksjon og rammer Grunnskule Rek 10 (netto) Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 202 Grunnskule 92 777 97 035 96 853 95 096 100 % 182 213 Vaksenopplæring 3 127 3 962 3 760 3 519 105 % 202 214 Spesialskular 12 49 0 0 #DIV/0! 49 215 Skulefritidstilbod 1 613 2 085 1 777 1 694 117 % 309 222 Skulelokaler 15 716 20 355 18 551 18 779 110 % 1 804 223 Skuleskyss 3 336 2 800 2 470 2 470 113 % 330 383 Musikk og kulturskular 5 040 4 745 4 580 4 207 104 % 165 Grunnskule 121 621 131 032 127 991 125 765 102 % 3 041 Merknader til driftsrekneskapet Rammeområdet Grunnskule brukte i 2011 3 mill. kr meir enn justert budsjett 2011. Samanlikna med rekneskap 2010 aukar netto utgifter med 9,4 mill. kr. Funksjon 202 fekk 0,6 mill. kr i meirkostnad pga pensjon og arbeidsgjevaravgift. Ser me bort frå auke i sos. utgifter, hadde funksjonen eit mindreforbruk som i hovudsak kom av lågare lønnskostnader. Auken på vaksenopplæringa kjem av auka aktivitet og dermed høgare lønnsutgifter. SFO fekk òg fleire elevar og har brukt meir på fastlønn enn budsjettert, men det meste av overforbruket er også her knytt til pensjon. Funksjon 222 har eit forbruk som er 1,8 mill. kr over budsjett. 0,3 mill. kr er pensjon, 0,5 er avskrivingar og resten er overforbruk på kontoen drift og vedlikehald av bygg. Kostnader til skuleskyss auka med 0,3 mill.kr. På dei andre funksjonane er det fordeling av pensjonskostnader som er skuld i eit høgare forbruk enn budsjettert. Status: Opplæringslova med forskrifter styrer mykje av aktiviteten i eining for skule. Stadige lovendringar har ført til auka aktivitet i grunnskulen nesten kvart år. Her kan nemnast fysisk aktivitet for mellomtrinnet og leksehjelp og timar til tidleg innsats for elevane i 1. 4. klasse. For fyrste gong på vel 10 år er det ein liten auke i elevtalet. Hausten 2011 var det 1050 elevar i grunnskulen i Kvam mot 1038 i 2010. Rundt 60 av desse elevane er minoritetsspråklege, dvs. at dei har rett på særskild norskopplæring og i nokre høve også tospråkleg fagopplæring. Denne hausten har det byrja fleire elevar i 1. klasse som krev store ressursar, elevane som gjekk ut av 10. klasse hadde ikkje så store vanskar. 16,4% av elevane i grunnskulen får spesialundervisningsressurs. PPT har ansvar for å utarbeida sakkunnig vurdering i tråd med Opplæringslova. PP tenesta skal også hjelpa barnehage og skule i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. I 2011 var det totalt 346 brukarar ved PPT kontoret for Jondal og Kvam, mot 403 året før. 33 av brukarane er frå Jondal. Det var 45 brukarar over 45 år, og det var 62 nytilviste. I SFO har ein fleire elevar som deltek enn tidlegare, av dei er det også nokre elevar som krev auka bemanning. 13

14

2.8 Kommunehelse Funksjon og rammer Kommunehelse Rek 10 (netto) Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 232 Førebyggjing skule og helsestasjonsteneste 4 869 4 823 5 263 6 037 92 % 440 233 Anna førebyggande helsearbeid 3 217 3 812 3 680 3 639 104 % 132 241 Diagnose, behandling, rehabilitering 13 028 15 099 14 929 14 202 101 % 170 Kommunehelse 21 114 23 734 23 871 23 878 99 % 138 Merknader til driftsrekneskapen Netto mindreforbruk på 0,14 mill kr. I forhold til budsjett og 2,6 mill kr. meir enn rekneskapsåret 2010. Meirforbruk kjem av auka pensjonskostnadar. Ledig helsesøsterstilling førde til innsparing av lønsmidlar på helsestasjon på 0,2 mill kr. Det er også mindreforbruk grunna innsparing på kjøp av medikament, varer og tenester. Status: Helsestasjonstenestene: Tenesta har vore driven med redusert bemanning i 2011. Rekruttering av ny helsesøster vart sett på vent, noko som har medført meirbelastning på dei andre tilsette. Det er tilsett ny helsesøster som tek til i august 2012. Fysioterapitenesta: Stillinga som turnuskandidat vart gjort om til 50 % fast stilling i 2011, elles har det ikkje vore endringar i tal tilsette i tenesta. Det er søkt om auke av driftstilskot, men dette vart ikkje innfridd. Folkehelse: Kvam har partnarskapsavtale med Hordaland fylkeskommune om folkehelsearbeid og får tilskot frå fylket på kr 0,15 mill til drift av arbeidet. Trygge lokalsamfunn: Kvam herad har frå 2005 vore godkjent og i 2011 re godkjent som trygt lokalsamfunn og er gjennom det del av eit nasjonalt skadeførebyggjande nettverk. Arbeidet i Kvam vert styrt av ei tverrsektoriell gruppe leia av folkehelsekoordinator. Legetenesta: Kvam herad har 10 fastlegar fordelt på 4 kontor. Det har ikkje vore endringar i 2011. Legevakt: Kvam har 10 delt legevakt på ettermiddag og kveld. Nattestid er legevakta på Voss med bakvakt i Kvam. Kommunepsykolog: Kommunepsykologtenesta vart i 2011 utvida med ei 3 årig prosjektstilling for voksne i avdeling for psykisk helse i samarbeid med Jondal. Sals og skjenkekontroll: Tolv kommunar er med i interkommunal Sals og skjenkekontroll som vert administrert av Kvam. I arbeidet inngår: Kontroll av ordinære sals og skjenkeløyve, ambulerande løyve/einskildløyve og salsstader Resultat: Grunna redusert bemanning har skulehelsetenestetilbodet på to av skulane vore redusert i 2011. Einaste tiltak som er gjennomført der, er vaksine. Lovpålagde tenester er utførde utan klager. Det har vore stor slitasje på dei tilsette. I fysioterapitenesta er det dokumentert at det vert jobba 3 årsverk utover stillingane/driftstilkota. Likevel vert serviceerklæringane i periodar ikkje oppfylte og ventetida har auka. Det ser ut til at det er kronikarane som har måtta venta lengst. Folkehelsekoordinator i 100 % stilling fram til 1.9.11 har initiert mange prosessar og gjennomført mange einskild tiltak. 15

Etter 1.9.11 har Kvam delt folkehelsekoordinatoren med dei andre Hardangerkommunane til prosjektarbeid med Folkehelse i Hardanger og Voss i ei fordeling 40 % i Kvam og 60 % i Hardanger. Prioriterte oppgåver i 2011 har vore å gjere fagfeltet folkehelse betre kjent både i eigen organisasjon og i heile kommunen, arbeida for å få til eit interkommunalt folkehelsesamarbeid, oppretthalda samarbeidet med lærings og mestringssenteret (LMS) ved Voss sjukehus, skadeførebyggande arbeid, samarbeid med ulike avdelingar i kommunen og organisering av Frisklivssentral. Eit av tiltaka det er arbeidd med og Kvam har fått midlar til, er etablering og organisering av ein Frisklivssentral. Midlane er overført til 2012. Trygge lokalsamfunn er ein viktig arenaen for systematisk arbeid med å førebyggje skadar og ulukker i Kvam. I tråd med intensjonane i samhandlingsreforma har Kvam mange legar med relativt små lister. Dette medførar god tilgang på kurative legetenester utan at det medfører ekstrakostnadar for kommunen. Det er lite klager på tenesta. Kvam legevakt er ei av 7 vakttårnlegevakter i Noreg. Dette inneber at vi leverer aktivitetsdata til nasjonalstatistikk. Ein av dei tilsette fekk den nasjonale legevaktprisen i 2011. Aktiviteten ved legevakta har vore nokså stabil over mange år. Kommunepsykologen har i tillegg til individretta arbeid, arbeidd med å utvikla tverrfaglege arbeidsmodellar med mål om å koma tidleg i gang med hjelpetiltak for vaksne som slit med psykisk helse. Sals og skjenkekontrollen har utført lovpålagde oppgåver. Kontrollar ved større tilskipingar/festivalar har hatt høg prioritet. Utvikling og utfordringar: Implementering av samhandlingsreforma med nye lover og forskrifter gjev helsetenestene nye oppgåver. I denne samanheng er utnytting av eksisterande ressursar lokalt og interkommunalt i tillegg til bevisst og målretta satsing på lokal tilrettelegging og samarbeid om tilbod både kurativt og førebyggjande, heilt sentralt. Dei viktigaste utfordringane er å: Våga satse på helsefremmande og førebyggjande arbeid. Implementera folkehelse i heile den kommunale organisasjonen. Vidareføra Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger med delprosjekt. Ta vare på og vidareutvikla dei gode tilboda og fagmiljøa som er bygt opp i Kvam over mange år. 16

2.9 Pleie og omsorg Funksjon og rammer Pleie og omsorgstenesta Rek 10 (netto) Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 234 Aktivisering eldre og funskjonshemma 10 580 10 728 9 768 9 811 110 % 960 253 Pleie, omsorg, hjelp i institusjon 54 753 59 075 57 892 57 887 102 % 1 183 254 Pleie, omsorg, hjelp i heimen 76 907 79 662 77 002 76 761 103 % 2 660 261 Institusjonslokaler 8 122 7 910 9 003 8 954 88 % 1 094 Pleie og omsorgstenesta 150 362 157 376 153 666 153 412 102 % 3 710 Merknader til driftsrekneskapen For pleie og omsorg slår pensjon og arbeidsgjevaravgift svært høgt ut i 2011. Til saman utgjer det eit avvik på 7,3 mill. Tek me omsyn til dette er avviket i realiteten eit mindreforbruk på 2,8 mill i 2011. Innsparinga kan mellom anna tilskrivast kutt i vikarkjøp, re forhandling av avtalar og høgare inntekter enn budsjettert. Status Tal brukarar er relativt stabilt. (530 ved årsskiftet). Tenesta får stadig nye og yngre brukargrupper, ofte ressurskrevjande med behov for koordinerte tiltak. Tenesta opplever også tidlegare utskriving frå sjukehus og stadig fleire behandlingskrevjande brukarar både i heimetenesta og i institusjon. I samband med innføring av Samhandlingsreforma opplever tenesta å få fleire nye og utfordrande oppgåver. Grunnbemanninga er knapp. Tidspresset er stort og det er vanskar med å hente inn nok vikarar. Det er stort krav til effektivitet og rett prioritering av oppgåver. Prosjekt ny legevakt, ambulansestasjon og hjelpemiddellager er i gang. Det er utarbeidd plan for fagleg og organisatorisk utvikling av det lokalmedisinske senteret på Toloheimen. Resultat Alle med rett til pleie og omsorgstenester har eit fagleg forsvarleg hjelpetilbod. Talet på innleggingar i rehabiliteringsavdelinga har auka med 8% og i behandlingsavdelinga med 76 % i forhold til året før. Intern kartlegging syner at 1/3 av sengene på behandlingsavdelinga i 2011 var opptekne av pasientar som venta på kommunal omsorgsbustad eller sjukeheim. Lengst ventetid var det for dei som venta på sjukeheimsplass. 1 klage på tenestetilbodet er vidaresendt til Fylkesmannen, klagar fekk ikkje medhald. 28 avvik er registrert, dei fleste er knytt til knapp grunnbemanning og vanskar med å skaffe vikar ved fråvær. 4 avvik er knytt til ergonomi og byggtekniske utfordringar på Strandebarmheimen. Utvikling og utfordringar Hovudoppgåva i eininga i 2012 er knytt til implementering av nytt lovverk. Det vert viktig å tilpasse nye oppgåver til dagleg drift i tråd med dette. Overordna samarbeidsavtale mellom helseføretak og kommunane skal reviderast og fleire tenestavtalar skal på plass. Det er behov for å styrke bemanninga, også med ny kompetanse, for å kunne ta på oss nye behandlingskrevjande oppgåver. Det er behov for å ta i bruk dei ledige institusjonssengene på Øysteseheimen for å sikre at mottaksapparatet fungerer, dvs. at ferdigbehandla pasientar i sjukehus får plass og at ferdigbehandla pasientar i rehabiliteringsavdelinga får anna kommunalt tilbod. Ny legevakt, ambulansestasjon og hjelpemiddellager vert teke i bruk medio oktober og det vert førebudd ny drift av lokalmedisinsk senter på Toloheimen. Ny arbeidsgruppe i sone Øystese vert etablert ved innflytting i Gropa april 2012. 17

Stilling for frivilligkoordinator vert vurdert oppretta, 1. halvår 2012. Det vert vurdert ny organisering av eininga, inkl. vurdering av soneorganiseringa. Meldingsløftet ( elektronisk meldingsutveksling mellom pleie og omsorg, legekontor og sjukehus ) vert innført, del av prosjekt i Bergen kommune og føringar i Norsk Helsenett. Det vert vurdert etablering av nytt dokumentsenter på Toloheimen for postføring, arkiv, sentralbord, merkantile oppgåver mm. Det er for liten tilgang på helsefagarbeidarar. Det vert arbeidd med alternative utdanningstilbod og mål om læreplass for alle. Sentrale kompetansehevingstiltak i 2012 : Nytt lovverk og nye forskrifter, Etikkprosjekt og Demensomsorgens ABC. 18

2.10 Sosialteneste og NAV Funksjon og rammer Sosialteneste og NAV Rek 10 (netto) Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 242 Rådgjeving, rettleiing og sosialt føreb. arbeid 3 939 4 781 4 861 4 314 98 % 80 243 Tilbod til personar med rusproblem 98 107 41 47 261 % 66 273 Kommunale syssesetjingstiltak 3 967 4 485 4 333 4 339 103 % 152 275 Introduksjonsordning 4 664 6 089 5 493 5 483 111 % 596 276 Kvalifiseringsordning 1 098 1 710 2 114 2 114 81 % 404 281 Økonomisk sosialhjelp 7 060 8 257 6 693 4 893 123 % 1 564 Sosialteneste og NAV 20 827 25 428 23 535 21 189 108 % 1 893 Merknader til driftsrekneskapet Sosialteneste og NAV har eit netto meirforbruk på 1,9 mill kr samanlikna med justert budsjett, rammeområdet har nytta 4,6 mill kr meir enn rekneskapsåret 2010. Introduksjonsordninga på funksjon 275 har eit overforbruk på 0,6 mill kr som kjem av at det i 2011 er gjennomsnittleg 31 deltakarar mot 25 i 2010. Kvalifiseringsordninga syner eit mindreforbruk som kjem av gjennomsnittleg 14 deltakarar på programmet, medan det var budsjettert med 16 deltakarar. Overforbruk funksjon 281 gjeld økonomisk sosialhjelp 1,6 mill kr. Rådmannen har ikkje klart å nå målet om innsparing i 2011. Nye grep vert gjort i 2012 for å nå kravet då. Status Gode resultat i årleg brukarundersøking også i 2011. Brukarane opplever å bli møtt med respekt, interesse og evne til å finne gode løysingar. Kompetansebygging er likevel fortsatt viktig slik at me kan yta endå betre hjelp og informasjon til innbyggjarane. Medarbeidarundersøking viser også positiv utvikling. Resultat Kvalifiseringsprogram m/tilhøyrande stønad har medført redusert utbetaling av sosialhjelp til personar som har vore langtidsmottakarar. Det er knytt krav om arbeidsretta aktivitet til den nye stønaden. Det gir brukaren hjelp ut av passivt tilvære, men krev og meir tid/ oppfylging frå dei tilsette i NAV. Det er ein reduksjon av tal sosialhjelpsmottakarar frå 230 i 2010 til 203 i 2011. I tillegg til tenester som for alle innbyggjarane i Kvam, har me ei forsterka helseteneste for flyktningar. Høveleg bustad er fortsett ei utfordring. Auke i tal deltakarar i Introduksjonsordninga for flyktningar frå 38 i 2010 til 43 i 2011. NAV Kvam har også i år motteke tiltaksmidlar frå fylkesmannen innan rusoppfølging og arbeid med utsett ungdom. I tillegg har me fått tilskot til bekjempelse av barnefattigdom, eit tverretatleg tiltak. Utvikling og utfordringar Kvam har langt på veg gode helse og sosialtenester, men har fortsett utfordringar når det gjeld høvelege bustader, hjelp til å meistra butilhøva og utvikling av differensierte dagtilbod. Den største utfordringa er likevel å ha ressursar nok til tett og individuell oppfylging. Forsking på området viser at det er akkurat å vera tett nok på som er suksessfaktor nr 1. 19

2.11 Barnevern Funksjon og rammer Rek 10 (netto) Barnevern Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 244 Barnevernteneste 5 342 4 650 3 933 5 636 118 % 716 251 Barneverntiltak i familien 2 366 3 413 3 748 2 303 91 % 334 252 Barneverntiltak utanfor familien 3 489 6 691 5 622 3 808 119 % 1 069 Barnevern 11 198 14 754 13 303 11 747 111 % 1 451 Merknader til driftsrekneskapet Barnevernstenesta enda med eit meirforbruk på 1,45 mill kr samanlikna med justert budsjett. Forbruket var 3,5 mill kr høgare enn rekneskapsåret 2010. Krevjande fylkesnemndsaker har auka behovet for juridisk bistand og utredning med 0,65 mill kr i høve budsjett på funksjon 244. Det har i tillegg vert oppe fleire ankesaker og saker som gjeld samvær. 0,1 mill kr i auke skriv seg frå pensjonskostnad. Mindreforbruket funksjon 251 kjem av at det er nytta 0,3 mill kr mindre på barnevernstiltak i familien. Mindreforbruket kan forklarast ved at tiltak som var budsjettert inn, ikkje vart sett i verk sidan familie situasjonen endra seg. I tillegg har kommunen kjøpt mindre evidensbaserte tiltak frå staten enn ein rekna med. I samband med kompetanseheving i barnevernstenesta er det eit mål å nytta meir endringsbaserte tiltak framfor kompenserande tiltak. Dette vil truleg forklara delar av mindreforbruket i 2011. På funksjon 252 skuldast 0,4 mill kr i meirforbruk på løn fleire barn i fosterheim enn budsjettert, som igjen førte til 0,7 mill kr i auke på utgiftsdekning fosterheim og hjelpetiltak barnevern. Det er ein del etablerings og forsterkings utgifter knytt til plasseringar, eksempelvis frikjøp frå arbeid, barnehage plassar og fritidsaktivitetar. Ved utgangen av 2011 hadde Kvam herad 16 born i fosterheim mot 6 ved utgangen av 2010. Status: Ved årsslutt var det 121 barn/ungdom i tiltak, venta på hjelpetiltak eller var påbegynt undersøking, 5 færre enn året før. Ingen akuttplasserte barn ved årsslutt, men i løpet av året har 5 barn blitt akuttplassert. 3 av barna har kommunen overtatt omsorga for og dei 2 siste er tilbakeført til foreldrene der ein prøver å stabilisere omsorgssituasjonen med hjelpetiltak. I løpet av heile 2011 mottok barnevernstenesta 71 nye meldingar, mot 85 i 2010 og 51 i 2009. o Det er foreldre sjølv og politiet som melder flest saker til barnevernet. Ved utgangen av året er det mellom 40 45 saker som innehar høg alvorsgrad på grunn av: o heimesituasjon prega rus og/eller valdsbruk, og eller psykisk sjukdom o Samlivsbrot med høgt konfliktnivå mellom foreldra der barna blir skadelidande o Barn utsett for seksuelle overgrep eller andre former for fysisk og psykisk omsorgssvikt o Ungdom som treng hjelp til å bu på hybel eller som treng tettar oppfølging som f. eks institusjonsopphald. Resultat: Ved årsslutt 2011 hadde barnevernstenesta 16 barn under omsorg, 10 fleire enn året før. Kommunen sendte i løpet av 2011 10 saker (10 barn) til fylkesnemnda med forslag om omsorgsovertaking. Barnevernstenesta fekk medhald i alle sakene. 20

Ved årsslutt var det fleire saker som barnevernstenesta utreda med hypotese om mogleg omsorgsovertaking. Desse sakene vert ikkje endeleg avgjort/behandla før i 2012. Barnevernstenesta mottok i 2011 ikkje klager som var retta til Fylkesmannen. Kvam familiesenter er eit heimebasert tiltak som kan hjelpe familiar når det av ulike årsaker vert vanskeleg for foreldra å gje god nok omsorg. I 2011 har senteret jobba med 25 familiar som til saman omfattar 49 barn. Senteret jobbar med mange ulike tema i familiane: Tema fordeler seg slik (same barn er registrert under fleire tema) o Adferd/ kommunikasjon: 36 o Økonomi/bustad: 27 o Vold: 27 o Foreldre si fysiske/psykiske helse: 26 o Foreldrekonflikt: 24 o Rus/psykisk sjukdom: 19 o Barnet si helse: 17 o Relasjonsskade: 14 o Seksuelle overgrep: 12 o Veiledning fosterheim: 12 o Tilsyn/observasjon/kartlegging: 5 o ART: 3 Utekontakten har fast trefftid på ungdomsskulane i kommunen og to vidaregåande skular har takka ja til same tilbodet. Hausten 2011 hadde ungdomsbasen nyopning i kjellaren i Ungdomshallen(kinoen) Det har etter ny opninga vore eit gjennomsnittleg besøk på 70 80 ungdomar om torsdagen då det er langope. Utekontakten har også drive jentegrupper, hatt ansvar for å gjennomføre det rusførebyggjande programmet To do or not to do, og dei har aktivt oppsøkt ungdomsmiljøet på kveldstid når det har vore ulike arrangement. Mykje av tida til utekontakten har gått med til individuell oppfølging/samtalar med ungdom som har behov for ein vaksenperson å prate med. 21

2.12 Bustader Funksjon og rammer Rek 10 (netto) Bustader Rek 11 (netto) Justert Bud 2011 Opphavleg bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 265 Kommunalt disponerte bustader 2 236 2 826 3 239 3 561 87 % 413 283 Bistand til etabl. av eigen bustad 789 1 017 925 925 110 % 92 315 Bustadbyggjing og fysiske bumiljøtiltak 887 184 410 102 45 % 593 Bustader 560 1 993 1 905 2 738 105 % 88 Merknader til driftsrekneskapen Ingen merknader til rekneskapen Status Bustad omfattar: Formidling av Husbanken sine verkemidlar lån og tilskot Kvam herad utleigebustader: 21 utleigebustader framleige av 48 husvære til flyktningar 167 trygde og omsorgsbustader formidlar utleige av 30 privateigde omsorgs og utleigebustader Kvam bustadstifting: Dette er eiga stifting med 16 utleigebustader. Bustadstiftinga utarbeider eigen årsmelding. Kvam tomte og bustadselskap AS: Dette vart i 2011 avvikla, aktiviteten er tillagt nyoppretta stilling som eigedomssjef v. teknisk eining. Resultat Startlån til unge og vanskelegstilte på bustadmarkeden: Saldo Startlån frå Husbanken som ikkje er lånt vidare er per 31.12.2011 7,64 mill. kr. Av desse er det gjeve førehandstilsegn på 1,1 mill. kr. I 2011 vart det utlånt 5,8 millionar. Utlånssummen var i 2010 2,3 mill. kr. I 2011 vart det handsama 20 søknader om Startlån. Det er det høgaste talet søknader Kvam herad har hatt. 16 søknader fekk tilsegn og 4 avslag. Talet på personar som har vore til samtale, men ikkje leverer søknad, er noko høgare. Investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar: Den statlege støtteordning vart oppretta i 2008 til å finansiera behov for å fornya og auka tilbodet av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader for personar med heildøgns pleie og omsorg. Tilskotet er 20 % av anleggskostnaden til omsorgsbustader og 30 % til sjukeheimsplassar. Dette er ordningar som varer i perioden 2008 2015. Det statlege investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar vart i desember 2010 auka frå i 25 prosent til 35 prosent av investeringskostnadane. For omsorgsbustader auka utmålinga frå 20 til 30 prosent og for sjukeheimsplassar frå 30 til 40 prosent. Endringa fekk tilbakeverkande kraft og årleg auke utgjorde 0,7 mill for Kvam 22

Av nye tiltak er opprusting av Strandebarmheimen og Bjørketeigen/Firkøveren med stipulert kostnad på hhv. 25 og 10 mill. kr, dei mest omfattande. Bjørketeigen er no ombygd til barnehage. Opprusting av Strandebarmheimen er ikkje avklart per 31.12.11 fordi framtidig funksjon ikkje er klar. Inntil vidare vert opprustninga avgrensa til mindre vedlikehaldstiltak. Driftsnivå for byggdrift/byggvedlikehald (FDV) er tilnærma konstant kronesum. Det er skjedd mykje fornying av bygningar siste åra neste krafttak blir særleg fullføring av barnehagebygging. Nye bygg har mindre krav til basis byggvedlikehald, men høgare krav til drift og utvikling av tekniske installasjonar og system. Det er vedlikehaldsetterslep på bygningar som ikkje er rehabilitert seinare tid særleg er det mykje tekniske anlegg med svak funksjon og dårleg tilpassing til dagens krav. Noverande driftsnivå er ikkje tilstrekkeleg til å halda bygningar og installasjonar i orden og fullt fungerande over tid vedlikehaldsetterslep vil vera aukande. Rekruttering etter naturleg avgang ved FDV bygg vil vidare bli eit behov nærmaste tida. For nyanlegg er var det i 2011 Ålvik barnehage (budsjett 11 mill), Nye Norheimsund barneskule (budsjett 115 mill) og ombygging Toloheimen/ ambulanse og legevakt (budsjett 27,5 mill.) som var dei største enkeltprosjekta innanfor bygg. Med mindre avvik går anlegga etter planlagd framdrift og kostnad. Ombygging av Toloheimen 23

2.13 Fysisk planlegging, kulturminne, natur og nærmiljø Plan Funksjon og rammer Rek 10 Justert Bud Opphavleg Rek 11 (netto) (netto) 2011 bud 2011 Forbruk i % Avvik i kr 300 Fysisk tilretteleggjing og planleggjing 0 0 0 0 0 % 0 301 Plansaksbehandling 5 815 4 463 5 094 4 984 88 % 631 302 Byggje, delings og seksjoneringssaker 432 1 228 1 042 999 118 % 186 303 Kart og oppmåling 2 386 1 699 2 445 2 404 69 % 746 Plan 8 634 7 389 8 581 8 387 86 % 1 192 Merknader til driftsrekneskapen P71091 Kompensasjonsmidlar tettstadutvikling Ålvik, er kostnadsført med ei overføring på funksjon 325, men budsjettert på funksjon 301. Ingen reell endring i sum. På kart og oppmåling er det kome inn meir gebyrinntekter enn budsjettert. Status Offentlege planar Eining for offentleg planar er ein del av rådmannen sin stab. I 2011 har arbeidet vore retta mot reguleringsplanar i Kvammapakken, kommunedelplan for Kvamskogen og diverse planar i Ålvik, Øystese, Norheimsund, Vikøy, Tørvikbygd og Mundheim. Eining for offentlege planar har primært tatt for seg arealplanar og mindre med temaplanar. Einaste temaplan som er under arbeid er Kommunedelplan for energi og klima. Resultat Offentlege planar Endeleg vedtak av kommunedelplanar i 2011 Kommunedelplan for Kvamskogen vart vedtatt i september 2011. Målsetjinga med planen er at Kvamskogen skal vera det viktigaste fjellområde i landsdelen, som gjer det mogleg å realisera(imøtekomma) den aukande etterspørsla etter hytter, leilegheiter, og eit variert og fritidstilbod og friluftsliv. Endeleg vedtak av reguleringsplanar i 2011 Reguleringsplan for barnehage i Tørvikbygd, gnr 87, bnr 7. Fredsvik Planen gjeld ny barnehage i Tørvikbygd. Planen vart påklaga etter endeleg vedtak i heradsstyret. Klagen vart avvist av Fylkesmannen i februar 2012. Reguleringsplan for Fv 49 Oddland Lidarende i Vikøy Planen gjeld gang/sykkelveg og oppretting av køyreveg, på ei strekkja mellom Oddland og Lidarende, der det i dag ikkje er gang og sykkelveg. Strekkja er ikkje ein del av Kvammapakken, men har kome til via Kvam herad sin eige trafikksikringsplan. Reguleringsplan for Fv 49 Vikøyevjo. Planen gjeld bruk av Vikøyevjo til deponi/friområde. Planen vart endeleg stadfesta av Miljøverndepartementet i juli 2011. Reguleringsplan for del av Haldeplassen Kaldestad og plan for Fv 49 frå kraftstasjonen (Norheimsund) til Vikøy. Planen gjeld ei strekkje mellom Norheimsund sentrum og Kaldestad, der det var nødvendig å justera eksisterande plan, hovudsakleg for å få tilfredsstilla vegbreidd, kurvatur, skjeringar, fyllingar og avkøyrsler langs vegtrasèen. Planen er ein del av Kvammapakken. Reguleringsplan for Fv 7 Rema 1000 Nes, gjeld profil 0 650. 24

Planen gjeld gang og sykkel, utbetring av køyreveg. omkøyringsveg til Børvenes og diverse avkøyrslar. Planen er ein del av Kvammapakken og er delt opp i høve til opphavleg plan. Planen er påklaga, avist av heradsstyret og sendt til Fylkesmannen. Reguleringsplan for rundkøyring ved Øystese mekaniske verkstad. Planen tek for seg rundkøyring ved Øystese mekaniske verkstad, gang og sykkelvegar, gangbru og busstopp. Arbeidet er gjennomført. Planen er ein del av Kvammapakken. Planen er påklaga, avist av heradsstyret og sendt til Fylkesmannen. Planarbeid som vart avslutta i 2011 utan endeleg vedtak: Avslutta kommunedelplanar Kommunedelplan for nytt industriområde i Steinsdalen Planen vart avslutta under arbeidet med planprogram. Målet med planen var å leggja til rette for eit nytt regionalt industriområde i Steinsdalen. Avslutta reguleringsplanar Reguleringsplan for nytt industriområde på Kåskjer i Ålvik Planen vart avslutta før den vart lagt ut høyring og offentleg ettersyn. Målet med planen var å leggje til rette for nye industriarbeidsplassar i Ålvik. Oppstart av reguleringsplanar i 2011 Mindre reguleringsendring Fv 49 Vikøyevjo Planen gjeld ei mindre endring, for omlegging av veg mellom Fv 49 og Framnes kristne vidaregåande skule. Reguleringsplan for del av Haldeplassen Kaldestad og plan for Fv 49 frå kraftstasjonen (Norheimsund) til Vikøy. Jf vedtatt plan i 2011 Reguleringsplan for Håfjellstunnelen Planen gjeld ny tunnel i mellom Øystese og Fyksesund. Planen er pr dags dato ikkje ein del av Kvammapakken. Reguleringsplan for strekkja mellom Fyksesund og Steinstø Planen gjeld utbetring av vegen mellom Fykseundbrua og Steinstø. Målet er utbetring av vegen og tilrettelegging med gang og sykkelveg. Planen er pr dags dato ikkje ein del av Kvammapakken. Reguleringsplan for ny ferjekai i Tørvikbygd og utbetring av krysset til Heradstveit Planen tek for seg ny ferjekai i Tørvikbygd i samband med opning av Jondalstunnelen. I tillegg til ferjekai, tek plane for seg eventuelle overskottmassar til utbetring av vegen til Heradstveit. Planar som var under arbeid i 2011 Straumbrua Tolo småbåthamn. Planen tek for seg nytt sentralt bustadområde i Norheimsund. Planen har vore på høyring. Statens vegvesen og Fylkesmannen har hatt motsegner til planen. Statens vegvesen er stort sett til tekniske framstillingar i kartet. Det vert arbeidt med å løysa desse. Ålvik sentrum: Planen tek i hovudsak for seg riksvegen, løysing for mjuke trafikkantar inn til sentrum og opprusting av torget midt i sentrum. Planen har vore ute på høyring. Lokal motstand mot framlagde løysingar, då dei tek for mykje av hagane rundt sentrum. Det vert arbeidd med å sjå på andre løysingar. Reguleringsplan for RV 7 frå Nes til Skipadalen (frå profil 650 til Rema 1000). Planen tek primært for seg ny køyreveg, og gang og sykkelveg frå Nes til Rema 1000. Motsegn i frå Fylkesmannen på ROS og støy, dette er løyst. Fylkeskommunen har motsegn til automatisk freda fornminne i Skipadalen. Det vert arbeida med å finna løysingar for 25