Høyring. skulestrukturen. Vestnes kommune

Like dokumenter
Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Høyringsdokument. Endring av skulestruktur i Vestnes kommune

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Dato Dykkar ref. Vår ref. Saksnr. Saksbehandlar / Tlf / /950 Nils Øvstedal /

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Oppretting av ein ny skulekrins som inkluderer Bjørke og Viddal får ingen konsekvensar for skulekrinsane Lid/Mork, Folkestad og Dalsfjord/Ulvestad.

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET MÅNDAG 5. NOV KL PÅ NORDBYGDO UNGDOMSSKULE, BIBLIOTEKET

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Endring av vedtektene for dei kommunale barnehagane - endring av sommarferietilbodet

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Delrapport 2 Modell 2

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Balestrand kommune Sagatun skule

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

PPT no og i framtida.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Høyringsrapport - skulestruktur

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Bjørn Håvard Bjørklund «REFDATO» «REF»

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Spesialundervisning-haldningar, rammer

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Kommunedelplan for oppvekst

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2019/ /2019 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Rådmannen. Formannskapet. Kopi: ØP-notat nr. 2. Framtidig struktur innan skule.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Reidulf Kjørsvik Arkiv: A2 151 Arkivsaksnr.: 09/1458

SUNN KOMMUNEØKONOMI - OPPVEKST

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

HJELMELAND KOMMUNE Møtebok

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Ad Hoc utval - Skuleutvalet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Elevtalsframskriving

VOLDA KOMMUNE Sektor for opplæring og oppvekst

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Kva finanskostnader har ein i LTP ved ei investering på kr. 11,5 mill. (full strukturendring) ved bygging av klasserom på Rimbareid?

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Endeleg TILSYNSRAPPORT

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Samarbeidsavtale mellom Vinje Folkebibliotek og Skulane i Vinje kommune.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Transkript:

Høyring om skulestrukturen i Vestnes kommune

1. Innleiing Etter ei omfattande endring i skulestrukturen i 2003, er grunnskuleopplæringa i Vestnes organisert slik: Fiksdal oppvekstsenter, 1. 7. for Rekdal og Fiksdal Tomrefjord skule, 1. 10. klasse for Tomrefjord og Øverås Helland skule, 1. 10. klasse for elevane på strekninga Furland Skorgen Tresfjord skule, 1. 10. klasse for elvane på strekninga Løvika Vikebukt Vike Friskule 1. 7. klasse Med denne organiseringa har Vestnes ein effektiv skulestruktur. sutviklinga gjer at det likevel om 3 4 år ville vere naturleg å vurdere strukturen på nytt, særleg på ungdomssteget. Det er av reint økonomiske grunnar at ein alt no blir nøydd til å vurdere strukturendringar. Strukturendringar alt frå skuleåret 2011/2012 tvingar seg fram om ein skal få til eit driftsbudsjett for 2011 i balanse. Det er ikkje sterke faglege grunnar til å gjennomføre strukturendringar no. Det er likevel ikkje slik at kvaliteten i skulen vil bli dårlegare om ein må gjennomføre strukturendringar før endringar i elevtalet gjer det meir naturleg. 2. Saksgang Endring av skulestruktur er å sjå på som ei endring i ei kommunal forskrift, og må behandlast i tråd med reglane i forvaltningslova. Gjeldande regelverk Opplæringslova 8-1. Skolen Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til Forvaltningslova 37. (utredningsplikt, forhåndsvarsling og uttalelser fra interesserte). Forvaltningsorganet skal påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes. Offentlige og private institusjoner og organisasjoner for de erverv, fag eller interessegrupper som forskriftene skal gjelde eller gjelder for eller hvis interesser særlig berøres, skal gis anledning til å uttale sig før forskriften blir utferdiget, endret eller opphevet. Så langt det trenges for å få saken allsidig opplyst, skal uttalelse også søkes innhentet fra andre. Forvaltningsorganet bestemmer på hvilken måte forhåndsvarslingen skal foregå og kan sette frist for å gi uttalelse. Rundskriv F-15-99 frå KFU om Saksbehandlingen i saker om kretsgrenser, nærmiljøskoler og skolenedleggelser. Sitat: Det er et generelt forvaltningsprinsipp at en sak skal være forsvarlig klarlagt før avgjørelse blir tatt. I en sak om skolenedleggelser innebærer dette at kommunen sørger for at saken er så godt utredet som mulig, og at berørte grupper får anledning til å uttale seg. I den sammenhengen vil det være naturlig at samarbeidsutvalget ved skolen blir hørt. Det er såleis ikkje høve til å legge ned ein skule eller gjere endringar i krinsgrensene i eit budsjettvedtak, utan at saka har vore ute på høyring. Vestnes kommune finn det naturleg at elevrådet, foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) og samarbeidsutvalet (SU) ved kvar skule får

høve til å gje ein uttale før saka skal behandlast i formannskap og kommunestyre. I tillegg blir saka sendt på høyring til det kommunale foreldreutvalet og til organisasjonane. 3. Bakgrunn Vedtak i K-styret 28.05.09 Vestnes kommune skal seinast, f.o.m. skuleåret 2012/2013 ha oppvekstsenter i Fiksdal og Tresfjord, og to kombinerte barne- og ungdomsskular på Helland og i Tomrefjord. Grunna nedgang i elevtalet, tilrår vi å flytte 8. 10. årssteg frå Tresfjord til Helland seinast frå skuleåret 2012/13. Dette gir kommunen ein effektiv skulestruktur samstundes som dei minste barna har kort skuleveg. Vedtaket inneber endringar i skulestruktur seinast frå skulestart 2012. Den Økonomiske situasjonen i Vestnes kommune ser ut til å tvinge fram endringar allereie frå og med skuleåret 2011/2012, og truleg meir omseggripande endringar enn dei som følgjer av vedtaket frå 28.05.09. Budsjettarbeidet starta i eit arbeidsmøte i eit utvida formannskap 30.08.10. (Formannskapet + gruppeleiarane i dei to partia som ikkje har plass i formannskapet). Der blei det synleggjort, ut frå førebelse kalkulasjonar, at Vestnes kommune må spare inntil 20 mill. kroner på driftsbudsjettet i 2011 samanlikna med driftsbudsjettet for 2010, eventuelt auke inntektene. Dette er ein svært betydeleg sum, og grunnskulen må ta sin del av innsparinga. Administrasjonssjefen ser det slik at dette er umogleg å få til vesentlege innsparingar utan å gjere endringar i skulestrukturen. Timetalet til opplæring i skulen har vore kutta kraftig dei tre siste åra. Det vil vere vanskeleg å gjennomføre ytterlegare kutt i timetalet til undervisning for å halde oppe struktur. I tillegg gjorde kommunestyret slikt vedtak i sak 56/2010: Kommunestyret viser til den vanskelege økonomiske situasjonen og godkjenner at m.a. følgjande tiltak vert gjennomført for å redusere kostnadane så mykje som mogeleg: - stenge symjebassenga haust 2010 og vår 2011 - innkjøpsstopp for inventar og utstyr resten av 2010 - ta vekk tilbud om støttekontakt til leksehjelp som BUT gir vert redusert til eit forsvarleg minstenivå. - tilbud om frukt og grønt i skulen vert tatt vekk - reduksjon i ekstraassistentar i SFO/skule og barnehage - holde vakanse i ledige stillingar så langt administrasjonssjefen vurderer det forsvarleg - investeringsstopp i 2011 og ingen nye tiltak i 2010 Det er altså vedtatt investeringsstopp i 2011. Ein må derfor legge til grunn at endringar i skulestruktur gjeldande frå skuleåret 2011/2012 må gjennomførast utan at ein kan investere i nye bygningar eller i ombygging av eksisterande areal. Som ein følgje av dette, har eit utvida formannskap gjennomført synfaring på Helland skule og på Tresfjord skule for å sjå korleis areala ved begge desse skulane kan utnyttast i samband med eventuell strukturendring. 4. 2010 2015 Nedanfor følgjer tabellar som viser utviklinga i elevtalet fram mot skuleåret 2015/2016, både for kommunen samla og for kvar enkelt skule med struktur.

Skule 2010/2011 2011/2012 2012/2013 2013/2014 2014/2015 2015/2016 Fiksdal 51 49 45 50 49 54 Tomrefjord 266 258 251 223 219 214 Helland 360 364 356 341 344 342 Tresfjord 121 107 101 99 88 87 Vike friskule 41 44 45 39 39 37 SUM Vestnes 839 822 798 752 739 734 Sum eks Vike 798 778 753 713 700 697 i grunnskulen 2010/2011 Fiksdal 9 12 2 7 3 8 10 51 0 51 Tomrefjord 24 19 15 23 25 19 24 149 49 32 36 117 266 Helland 40 23 44 33 33 32 32 237 43 43 37 123 360 Tresfjord 8 6 7 9 8 6 16 60 17 20 24 61 121 Vike friskule 8 4 7 2 10 8 2 41 0 41 Sum: 89 64 75 74 79 73 84 538 109 95 97 301 839 Sum eks. Vike 81 60 68 72 69 65 82 497 109 95 97 301 798 i grunnskulen 2011/2012 Fiksdal 8 9 12 2 7 3 8 49 0 49 Tomrefjord 18 24 19 15 23 25 19 143 34 49 32 115 258 Helland 41 40 23 44 33 33 32 246 32 43 43 118 364 Tresfjord 8 8 6 7 9 8 6 52 18 17 20 55 107 Vike friskule 5 8 4 7 2 10 8 44 0 44 Sum: 80 89 64 75 74 79 73 534 84 109 95 288 822 Sum eks. Vike 75 81 60 68 72 69 65 490 84 109 95 288 778

i grunnskulen 2012/2013 Fiksdal 4 8 9 12 2 7 3 45 0 45 Tomrefjord 17 18 24 19 15 23 25 141 27 34 49 110 251 Helland 35 41 40 23 44 33 33 249 32 32 43 107 356 Tresfjord 6 8 8 6 7 9 8 52 14 18 17 49 101 Vike friskule 9 5 8 4 7 2 10 45 0 45 Sum: 71 80 89 64 75 74 79 532 73 84 109 266 798 Sum eks. Vike 62 75 81 60 68 72 69 487 73 84 109 266 753 i grunnskulen 2013/2014 Fiksdal 8 4 8 9 12 2 7 50 0 50 Tomrefjord 18 17 18 24 19 15 23 134 28 27 34 89 223 Helland 28 35 41 40 23 44 33 244 33 32 32 97 341 Tresfjord 5 6 8 8 6 7 9 49 18 14 18 50 99 Vike friskule 4 9 5 8 4 7 2 39 0 39 Sum: 63 71 80 89 64 75 74 516 79 73 84 236 752 Sum eks. Vike 59 62 75 81 60 68 72 477 79 73 84 236 713

i grunnskulen 2014/2015 Fiksdal 6 8 4 8 9 12 2 49 0 49 Tomrefjord 23 18 17 18 24 19 15 134 30 28 27 85 219 Helland 35 28 35 41 40 23 44 246 33 33 32 98 344 Tresfjord 5 5 6 8 8 6 7 45 11 18 14 43 88 Vike friskule 2 4 9 5 8 4 7 39 0 39 Sum: 71 63 71 80 89 64 75 513 74 79 73 226 739 Sum eks. Vike 69 59 62 75 81 60 68 474 74 79 73 226 700 i grunnskulen 2015/2016 Fiksdal 7 6 8 4 8 9 12 54 0 54 Tomrefjord 20 23 18 17 18 24 19 139 17 30 28 75 214 Helland 30 35 28 35 41 40 23 232 44 33 33 110 342 Tresfjord 6 5 5 6 8 8 6 44 14 11 18 43 87 Vike friskule 5 2 4 9 5 8 4 37 0 37 Sum: 68 71 63 71 80 89 64 506 75 74 79 228 734 Sum eks. Vike 63 69 59 62 75 81 60 469 75 74 79 228 697 Av tabellane ovanfor ser ein at elevtalet samla går kraftig ned i perioden, til saman ein reduksjon i elevtalet på 105 elevar. Nedgangen er størst på ungdomssteget, ein reduksjon i elevtalet på 73. et på ungdomssteget ved Tresfjord skule blir etter kvart så lågt at elevane vil gå rett inn i klassane på Helland utan at talet på klassar aukar der. 5. Kvalitet i skulen I vurderinga av skulestruktur og kvalitet i skulen må ein stille spørsmål om kva skulane treng for å kunne realisere Kunnskapsløftet med omsyn til læreplanar, tilpassa opplæring, tryggleik og trivsel og eit godt læringsmiljø både fagleg, sosialt, psykisk og fysisk.

Eit godt læringsmiljø er det sentrale i tilrettelegginga av ein god skule. Skulen treng dyktige lærarar og så mange vaksne at den einskilde eleven får tilfredsstillande vaksenkontakt og tilrettelagt opplæring ut frå behov og føresetnad. Sosial kontakt og impulsar er viktig for læringsprosessen. For store skular kan gjere at elevar misser oversikt, medan for små skular kan hemme sosial utvikling. Eit større sosialt og fagleg miljø har meir å seie dess eldre elevane blir. Forslag om endringar i skulestruktur skaper alltid debatt. Ein av dei som har uttalt seg offentleg i denne samanhengen et professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug. Han uttalte i NRK Dagsrevyen 06.01.10 at det ville vere mykje å hente reint pedagogisk på å skape større einingar dersom dette er praktisk mogleg med omsyn til reisetid, transport, trygg skuleveg osv. Kunnskapsløftet har tilført skulane nye og krevjande oppgåver med planlegging, dokumentasjon, vurdering m.m. Det blir stilt auka krav til kompetanse og fagleg nivå på lærarane. Små einingar kan ha vanskar med å skaffe den kompetansen ein treng, og er svært sårbare når nøkkelpersonell av ein eller annan grunn er borte frå skulen. Thomas Nordahl, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Hedmark, gjennomført i 2007 ei undersøking blant 9600 elevar i grunnskulen, og samanlikna oppnådde resultat av elevar i små og store skular. Undersøkinga gjekk også ut på å undersøke resultatet til elevar som kom frå små barneskular over i store ungdomsskular samanlikna med dei elvane som kom frå større barneskular. Sitat frå samandraget i rapporten: I dataanalysene har vi sett på elevenes skolefaglige prestasjoner, sosiale ferdigheter, adferdsproblemer, relasjoner til medelever, relasjoner til lærere, arbeidsinnsats og opplevelse av undervisninga. Resultatene viser at elever fra de små skolene skårer systematisk dårligere enn de øvrige elevene. Resultata frå undersøkinga blir forklart med at ein ved større einingar med mange tilsette kan få eit breiare fagmiljø med større grad av spisskompetanse. Det kan og vere lettare å utnytte kompetansen i personalet på ein god måte i større einingar. Lærarane får arbeide i team, og ressursane kan utnyttast på ein fleksibel måte, både i spesialundervisninga og i tilrettelegging for tilpassa opplæring. Med bakgrunn i dette, er det ikkje grunn til å frykte at dei føreslåtte strukturendringane nedanfor vil gå ut over kvaliteten på den opplæringa elevane vil få. 6. Ny skulestruktur ulike ar Ved berekninga av innsparing i ane som følgjer nedanfor, legg vi først og fremst til grunn det samla talet på klassar dei ulike ane gir. Skuleåret 2009/2010 brukte vi i Vestnes 1, 8 årsverk per klasse i gjennomsnitt til undervisning, spesialundervisninga medrekna. Når vi, på grunn av strukturendring, får større klassar, føreset vi noko auke i årsverk per klasse. Vi har allereie no så store avvik frå Haramsen, ein som tildeler grunnressurs til undervisning etter samla elevtal ved skulen, at vi ikkje finn han tenleg som grunnlag for ressurstildeling lenger. Sparetiltaka som alt er gjennomførde, er gjort med bakgrunn i minimumsbehovet til kvar skule. Deretter er det lagt til timar til elevar som etter opplæringslova har rett til spesialundervisning, til særskilt norskopplæring for minoritetsspråklege elevar og til anna nødvendig gruppedeling i store klassar og der to eller fleire årssteg må gå i same klasse. Det siste gjeld barnesteget i Tresfjord og Fiksdal. Nedanfor følgjer ein presentasjon av 4 ar som vil gjere det mogleg å redusere den økonomiske ramma til grunnskulen med frå 1,4 til 4.0 mill kroner per år. Innsparinga vil gje heilårsverknad først for budsjettet i 2012. I 2011 vil innsparinga tilsvare 5/12 av beløpet.

Modell A: To ungdomsskular, Helland og Tomrefjord. Ungdomssteget frå Tresfjord til Helland. Barnesteget som no ved alle skulane. og klassetal ved skulane 2011/2012 samanlikna med : Skule A A Fiksdal 49 49 3 3 Tomrefjord b 143 143 7 7 Tomrefjord u 115 115 6 6 Helland b 246 246 13 13 Helland u 118 170 6 7 Tresfjord b 52 52 4 4 Tresfjord u 55 0 3 0 Sum 778 778 42 40 Reduksjon i talet på klassar: 2 Denne en er alt er vedteken i kommunestyremøte 28.05.09. Vedtaket går ut på å innføre en seinast skuleåret 2012/2013. Med timetildeling etter Harmsen, gjev en ei innsparing på 1,4 mill. Auka skyssutgifter på kr. 276.000 er då trekt frå. Tek ein utgangspunkt i talet på klassar, og trekkjer frå auka skyssutgifter, blir innsparinga 1,8 mill. Når ein tek høgde for styrking av enkelte store klassar, er innsparinga på 1,4 mill den mest realistiske. Denne en krev frigjering av rom ved Helland skule, eventuelt investeringar, om ein skal få mange nok klasserom. Leiinga ved Helland skule viser til moglege løysingar ved å frigjere datarommet og biblioteket til klasserom. Det må då investerast i fleire berbare datamaskiner til elevane, og elevane får ikkje tilgang til bibliotek på eigen skule, men må nytte folkebiblioteket i rådhuset. Modell B: Ein ungdomsskule på Helland, 5. 7. årssteg frå Helland til Tresfjord. Barnesteget elles som no. og klassetal ved skulane 2011/2012 samanlikna med : Skule B B Fiksdal 49 49 3 3 Tomrefjord b 143 143 7 7 Tomrefjord u 115 0 6 0 Helland b 246 148 13 7 Helland u 118 288 6 11 Tresfjord b 52 150 4 8 Tresfjord u 55 0 3 0 Sum 778 778 42 36 Reduksjon i talet på klassar: 6 Denne en vil gje ei innsparing på ca. 4,0 mill kroner per år. Ekstra utgifter til skuleskyss på 1,0 mill er då trekt frå. Det er også rekna med ei styrking av dei største klassane i høve til tidlegare gjennomsnittleg årsverkbruk per klasse.

Flyttinga av 5. - 7. årssteg frå Helland til Tresfjord blir føreslått for å gje plass til eit samla ungdomssteg ved Helland skule utan at ein må gjere investeringar i skulebygget der. Ungdomssteget må då nytte undervisningsareal i 2. etg. i barnestegbygget i tillegg til heile ungdomsstegbygget. et i klassane på ungdomssteget vil variere frå 24 28. Det største klasserommet i u-stegbygget er på 90 m 2. Elles har klasseromma der areal på 60 65 m 2. I 2. etg i barnestegbygget er det to rom på 67 m 2. Dei andre romma er på 59 m 2. Arealet som er oppgitt her, er bruttoareal slik at fråtrekk for nødvendig fast innreiing ikkje er trekt frå. Med å innføre denne en, vil ein få utnytta ledig kapasitet i skulebygget i Tresfjord på ein god måte. Ein vil få reine årssteg i klassane frå 5. til 7. et i desse klassane vil bli ca. 20, og behovet for timar til gruppedeling vil bli lite i desse klassane. Flyttinga av 5. 7. årssteg frå Helland til Tresfjord er å sjå på som ei mellombels løysing fram til 2015. Då reknar ein med at underskotet i kommunen er nedbetalt, og at det kan vere rom for ei investering. et på ungdomssteget er då redusert så mykje at det vil vere tilstrekkeleg å bygge om symjehallarealet for å få til gode løysingar. Modell C: Ein ungdomsskule på Helland. Barnesteget som no. og klassetal ved skulane 2011/2012 samanlikna med : Skule C C Fiksdal 49 49 3 3 Tomrefjord b 143 143 7 7 Tomrefjord u 115 0 6 0 Helland b 246 246 13 13 Helland u 118 288 6 11 Tresfjord b 52 52 4 4 Tresfjord u 55 0 3 0 Sum 778 778 42 38 Denne en gjev ei innsparing på 4 klassar, men utløyser behov for 5 ekstra klasserom ved Helland skule. Dette vil krevje investeringar som igjen vil belaste driftsbudsjettet. Investeringsbehovet blir mindre om ein ventar nokre år til elevtalet på ungdomssteget har gått meir ned. Samla innsparing på ca. 2 mill kroner per år når kapitalutgiftene i samband med investering er trekt frå. Auka skyssutgifter på 276.000 kroner er trekt frå. Modell D: Ein ungdomsskule på Helland, 5. 7. årssteg frå Helland til Tresfjord, 1. 7. årssteg frå Fiksdal til Tomrefjord og klassetal ved skulane 2011/2012 samanlikna med : Skule D D Fiksdal 49 0 3 0 Tomrefjord b 143 192 7 10 Tomrefjord u 115 0 6 0

Helland b 246 148 13 7 Helland u 118 288 6 11 Tresfjord b 52 150 4 8 Tresfjord u 55 0 3 0 Sum 778 778 42 36 Det totale klassetalet blir her det same som i B. Flytting av elevane frå Fiksdal til Tomrefjord vil utløyse 3 nye klassar ved Tomrefjord skule. Ein vil altså ikkje få vesentleg større innsparing enn i B. Ein vil få innsparing på drifta av skuelbygget i tillegg, men så vil skyssutgiftene auke med 190.000 kroner. Administrasjonssjefen har kom fram til at det er forholdsvis lite å spare på å legge ned Fiksdal skule samanlikna med B. 7. Vurderingar knytt til samlinga av ungdomssteget Verknad på økonomi Mange kommunar som kan samanliknast med Vestnes når det gjeld folketal og geografi, har ein felles ungdomsskule for heile kommunen. Som døme kan vi nemne Volda, Sykkylven, Ulsteinvik, Sunndal og Surnadal. Av KOSTRA tala ser vi at dette har ein positiv økonomisk effekt. Små ungdomssteg er kostnadskrevjande. Problemet i Vestnes er at vi for tida ikkje har godt eigna skulebygg til å samle ungdomssteget utan å flytte barnestegelevar eller ved å investere i nye bygg. Derfor kan ei mellombels løysing vere å flytte 5. - 7. årssteg frå Helland til Tresfjord. Men det er samlinga av ungdomssteget som gjev den største økonomiske gevinsten. Verknad på kvalitet Eit samla ungdomssteg vil også samle lærarkompetansen på ein arbeidsplass. Vi vil få eit sterkare fagmiljø ved at lærarar med same fagkompetanse får arbeide saman i team og utfylle kvarandre. All forsking viser at det er læraren sin kompetanse og pedagogiske evner som er den viktigaste faktoren for elevane si læring. Eit samla ungdomssteg vil gi rom for større fleksibilitet i opplæringa, og elevane kan få fleire tilbod innanfor det andre framandspråket. Slik situasjonen er no, slit ein med å ha god nok lærarkompetanse innanfor fleire framandspråk, og elevane får ikkje gjere reelle val. Ved å samle elevane på ungdomssteget, vil ein vere sikra at 8. Utfordringar ved strukturendringar Ungdomsmiljøet Dersom ungdomssteget på blir samla på Helland, vil ungdommane i kommunen knytte nye kontaktar. Dette kan føre til at ungdommane også på fritida vil trekke meir mot sentrum og såleis svekke ungdomsmiljøet i eiga bygd. Reistid til skulen Ei sentralisering av ungdomssteget fører til at mange elevar får auka reisetid, og dermed noko mindre fritid. Avstandane frå ytterkantane i kommunen til sentrum er slik Rekdal Helland skule 29 km Vikebukt Helland skule 24 km

Reisetida vil likevel vere godt innanfor den norma som sentrale styresmakter meiner er forsvarleg. Akseptabel reisetid ein veg er normert slik: 1. 4. klasse inntil 45 min 5. 7. klasse inntil 60 min 8. 10. klasse inntil 75 min Skulen sin plass i lokalmiljøet Skulen har tradisjonelt hatt ein sentral plass i nærmiljøet. Læreplanen legg vekt på det nære samarbeidet mellom skule, heim og nærmiljø. Nærmiljøet er ein ressurs i opplæringa, og samarbeidet er med på å legge grunnlaget for barn og ungdom si aktive deltaking i samfunnet. Det er ikkje vanskeleg å forstå at ei sak om endringar i skulestruktur skaper sterkt engasjement hos innbyggjarane. Kommunen si oppgåve blir likevel først og fremst å syte for at skulen blir eig fagleg god læringsinstitusjon som er tilpassa dei økonomiske rammene. 9. Læringsmiljøet Endringar i skulestruktur fører også til endringar i læringsmiljøet for elevane. For enkelte elevar kan dette vere ei utfordring, særleg i starten. Eventuelle endringar må derfor førebuast godt, mellom anna med besøk på den nye skulen i god tid før ny struktur skal etablerast. Elevane må få møte medelevar og nye lærarar slik at dei kjenner seg trygge i den nye situasjonen allereie før skulestart. Det kjem av og til ønskje frå foreldre og elevar om å byte skule. Søknadene kjem oftast på grunn av at relasjonane til medelevar og lærarar ikkje er gode. Slike søknader blir oftast imøtekomne, og byte av miljø slår oftast positivt ut for elevane. Ei samling av alle ungdomsskuleelevane gir mange elevar ein ny og spanande start. Nye vener kan skape betre trivsel og verke positivt inn på læringsmiljøet. I dag reiser barn og unge meir mellom krinsane for å ta del i fritidsaktivitetar, og dei har gjerne allereie vener og kjende over heile kommunen. 10. Administrasjonssjefen si vurdering av dei ulike ane Administrasjonssjefen meiner at Vestnes kommune har ein effektiv skulestruktur i dag, og meiner det først er naturleg å vurdere endringar om 4 5 år. Då er det både faglege og økonomiske grunnar til å vurdere endringar, særleg på ungdomssteget. Når administrasjonssjefen må vurdere endringar i skulestruktur alt frå skuleåret 2011/2012, er det av reint økonomiske grunnar. Utan auka inntekter, må harde sparetiltak til om ein skal få til eit budsjett for 2011 og åra framover i balanse. Grunnskulen må ta sin del av denne innsparinga, og vi vil såleis rå til at ane A, B og C blir sendt ut på høyring. Med alle desse ane får alle elevane på 1. 4. årssteg gå på nærskulen. Ein skulle ønskje at alle elevane på barnesteget fekk gå på skule i nærmiljøet, men for å få til nødvendig innsparing utan investering, ser ein det nødvendig å flytte 5. 7. årssteg frå Helland til Tresfjord mellombels. Modell D føreset at Fiksdal skule blir lagt ned. Dette utløyser 3 nye klassar på barnesteget i Tomrefjord, og innsparinga blir for lita til at vi vil tilrå denne en. Modellen ville føre til at elevane frå Fiksdal ville få gå i klassar med reine årssteg. Dette kan vere å føretrekkje rein pedagogisk, men økonomisk gjev det liten gevinst.