Frisklivssentralen fyller 1 år! Artikkel skrive av Renate Tveisme og Cathrine Nitter ØYGARDEN KOMMUNE Praksisstudentar Denne artikkelen er skrive av folkehelsestudentane ved høgskulen i Bergen, Renate Tveisme og Cathrine Nitter Frisklivssentralen i Øygarden kommune fyller år! To folkehelsestudentar frå høgskulen i Bergen har fått æra av å vera i praksis på frisklivssentralen i Øygarden kommune. I desse dagar er det eitt år sidan frisklivssentralen i Øygarden starta opp, med Bente Guntveit i spissen. Øygarden kommune er den fyrste kommunen i Hordaland til å starta opp eitt slikt tilbod. Kva er eigentleg ein frisklivssentral, og kva inneber dette? Føremålet med ein frisklivssentral er å gje deg moglegheit for betre livskvalitet. Gjennom eit tre månadars program kan du få veileiing innan kosthald, moglegheit til å vera med på treningsgrupper samt tilbod om kurs i røykeslutt. Ynskjer du å få moglegheit til å vera med på eit slikt tilbod? Ta kontakt med fastlegen din, NAV eller andre helse- og sosialarbeidarar, eventuelt så kan du også ta direkte kontakt med Bente Guntveit på
[Issue] :: [Date] Treningsgruppa Trygg på trim Me har fått innsyn i det gode folkehelsearbeidet som vert gjort her i Øygarden kommune. Me har vore rundt å sett på ulike treningsgrupper i regi av friskliv- og frivilligheitssentralen i kommunen. Trygg på trim Treningsgruppa trygg på trim er ei gruppe for menneske under livsstilsendring. To gonger i veka møter dei til saltime kor dei gjer øvingar for å betra både kondisjonen og styrke. Treninga vert leia av den entusiastiske fysioterapauten, Ingrid Sangolt. Ingrid legg vekt på at det skal vera kjekt og sosialt på trening; Ein har lettare for og lukkast med å kome i gong med treninga når ein opplev det som noko positivt, gjerne saman med andre i ei gruppe, fortel Ingrid. Dette er resten av gruppa heilt samde i. Det vert mykje tull og tøys på treninga, samstundes som at det er god trening, legg ho til. 2
Issue [#] :: [Date] Me som folkehelsestudentar fekk æra av å vera med denne entusiastiske, halvsprø gjengen på trening, og nytta moglegheita til å spørje kva tyding dette tilbodet hadde å seie for livssituasjonen til dei som deltek. Her er nokon av svara me fekk; Eg har gått i frå inga trening til å faktisk byrje å trene regelmessig. Eg trener no to gonger i veka og opplev stor effekt av dette - Bjarte, 46 år. Eg har fått betre helse og kondisjon samt klart å ta av 6 kg sidan november - Bente, 36 år. Dette tilbodet som frisklivssentralen har betyr veldig mykje for meg. Eg har meir overskot og søv betre. I dag trener eg heile 4-5 gonger i veka og har klart å ta av 11 kg sidan september Mari, 31 år. Det gjer meg mykje motivasjon å trene saman med andre - Eli, 58 år. 3
[Issue] :: [Date] Opp å stå, lett på tå Dette er eit tilbod for alle i kommunen. Turgruppa opp å stå, lett på tå er eit samarbeid mellom friskliv- og frivilligsentralen i kommunen. Turgruppa møtes kvar måndag frå kl. 11.00 til 13.00 ved Ormhilleren for å gå tur i området. Ormhilleren har mange ulike nordsjøløyper, så her kan ein velja turløype etter kor mange som er med og funksjonsnivå til dei som deltek. Det er med andre ord eit tilbod som kan passa for dei aller fleste. Turen går i sakte tempo med moglegheiter for å nyta det vakre landskapet som Ormhilleren har å by på. Dette er perfekt for deg som ynskjer å gå rolege turar i godt selskap med andre menneske. Visste du at? Aktivitetar ute i naturen er godt for kropp og sjel. Forsking visar at naturen er ein arena kor kroppen slappar meir av enn om ein sit å ser på TV eller er framfor datamaskina. Mange menneske nyttar naturen for å koma seg litt vekk frå ein elles travel kvardag. Naturen er ein perfekt arena for alle aldersgrupper med ulike funksjonsnivå. 4
Issue [#] :: [Date] Fem på gata Frisklivssentralen i Øygarden kommune har mange gode tilbod for menneska som bur her. Men ettersom at konseptet er relativt nytt, så lurar me studentane på om det er mange i kommunen som faktisk veit om dette tilbodet. Me har vore rundt å snakka med fem tilfeldige personar i kommunen og spurt om nettopp dette; Veit du kva frisklivssentral er for noko? Kva synes du om at kommunen har eit slikt tilbod? Visste du at? I januar, 2012 kom stortinget ut med «samhandlingsreforma» som skulle leggja meir ansvar til kommunane for å betre folkehelsa. Frisklivssentralen er ein del av eit slikt tiltak. Livsstilsjukdomar som fedme, diabetes type 2, somme typar hjarte- karsjukdomar og somme typar kreft er nokon av fleire sjukdomar som er i auke, både her i landet og i verda elles. Det kan vera nokså vanskeleg å behandle allereie eksisterande sjukdomar, og for menneske som kan vera i faresona for å utvikla ulike typar livsstilssjukdomar er livsstilssentralar eit kjempegodt verkemiddel for livsstilsendring. Me trur at det er viktig med førebyggjande behandling. V Ola, 60 år: Nei, dette har eg aldri høyrt om, så eg har ikkje noko særleg formeining om dette. Therese, 37 år: Ja, har høyrt om dette. Nyttar meg faktisk av dette tilbodet. Synes det er eit fantastisk opplegg dei har i kommunen. Veldig lærerikt. I dag har eg lysst å gå på trening. Aradom, 40 år: Nei, har ikkje høyrt om dette, men om eit slikt tilbod eksisterer synes eg det er kjempeflott. Guri, 68 år: Ja, det veit eg kva er. Eg nyttar meg av tilbodet. Synes det er alle tiders. Idar, 53 år: Har ikkje høyrt om dette, nei. Men tykkjer det høyres ut som eit veldig bra tilbod. 5
[Issue] :: [Date] Opp å stå, lett på tå Frisklivssentralen. Gruppa Opp og stå, lett på tå har også ei treningsguppe som held til i underetasjen på Rong senter ein gong i veka. Treningsgruppa er leia av Bente Daviden som fokuserer på hjarte- lunge øvingar gjennom aktivitetar som går på balanse, anding, lett gange og liknande. Gruppa har i dag 18 medlemar. Målet er å halda motivasjonen oppe til å stå, gå og bevega seg, seier Bente. Gruppa starta opp i april 2012 og er eit kjempetilbod for dei eldre i kommunen. Tilbodet er i regi av friskliv-og frivilligsentralen i kommunen. 6
Issue [#] :: [Date] Her er ei oversikt over andre tilbod som er i kommunen innan fysisk aktivitet: SPREK OG FRI - Treningsgruppe i samarbeid med psykisk helse KUL- TUR - Turgruppe i samarbeid med vaksenopplæringa. Her får du moglegheit til å delta i turgruppe saman med menneske frå ulike kulturar. Alle kan delta. Turane føregår kvar måndag. TURSTIKONKURRANSE - Oppstart vår 2013. Turstikonkurransen var stor suksess i fjor. Her får du moglegheita til å oppleva 11 ulike turløyper. Alle kan delta, og ein vel sjølv kva slags tur ein vil gå, om ein vil gå alle, eller berre nokre av turane. Du får utdelt eit klippekort kor du kan klippe av for kva turar du har gått. TRENING FOR ALLE 50+ - Trening for dei vaksne og eldre. Denne treningsgruppa er leia av frivillige eldre som fokuserer på trening som skal vera enkel og morosam. Dei frivillige rullerar på å ha ansvar for timane, og tilbyr ulike typar trening som sirkeltrening, yoga, styrketrening, samt trening for ulike rørsleformer. GRATIS TRENING FOR UNGDOMSSKULEELEVAR PÅ PEAK FITNESS - gratis trening for all ungdom på ungdomsskulen i Øygarden. 7
Kan du tenkje deg å vera med på nokon av desse tilboda? Ta då kontakt med friskliv- eller frivilligsentralen. Frvilligsentralen Christel Møvik Olsen og Liv Edel Mikkelsen T: 56382023/56382004 E-post: post@oygarden.frivilligsentral.no Folkehelsekoordinator Bente Guntveit T: 56382018 E-post: friskliv@oygarden.kommune.no Servicetorget T: 56382000 E- post: postmottak@oygarden.kommune.no