Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Fondstyret Møtedato: 13.04.2015 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 13:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 07.04.15 Sven Tore Løkslid ordførar Sakliste Sak nr. Saktittel 012/15 GODKJENNING AV MØTEBOK 013/15 REFERATSAKER 014/15 HANDLINGSPLAN NÆRINGSFOND 2015 015/15 OPPLEVINGSVEGEN OM NUTHEIM - ETABLERING AV FORPROSJEKT
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Fondstyret 13.04.2015 012/15 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/493 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå fondstyret 02.03.15 blir godkjent slik ho ligg føre.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Fondstyret 13.04.2015 013/15 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 15/494 REFERATSAKER RÅDMANNEN TILRÅR Referatsakene blir teke til orientering slik dei ligg føre.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Fondstyret 13.04.2015 014/15 SLA Saksansvarleg: Stefan Langfors Arkiv: K2-U01, NAMN- Arkivnr.: 15/471 HANDLINGSPLAN NÆRINGSFOND 2015 Dokument i saka: Vedlagde dokument: Handlingsplan 2015 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Retningslinjer for kommunale næringsfond kap. 551.60 og Kompensasjon for økt arbeidsgiveravgift kap 551.61 Vedtekter, 251 001 12 Næringsutviklingsfondet Saksgang: Fondsstyret vedtek Bakgrunn for saka: Som det framkjem av retningslinjer for kommunale næringsfond er det naudsamt med ein politisk vedteken handlingsplan for bruken av midlane. Dette er òg innarbeida i lokale vedtekter, jf. 2. Vurdering: Førre plan blei vedteken som ei vidareføring av eksisterande plan i fondsstyrets sak 021/14. I tråd med framlegget for den saka, legg Rådmannen no fram ei ny og revidera plan for Fondsstyret. Plana er ei harmonisering av lokale, regionale og statlege føringar. I inneverande år vil både samfunnsdelen av kommuneplana rullerast, i tillegg til at fylkeskommunen har sett i gong ei prosess med å rullere si næringsplan. Det er difor lite som talar for ei større omprioritering innafor planas formål før desse prosessane er sluttførde. Plana er likevel stramma opp noko i forma, og det er gjort mindre endringar innafor prioriteringane, mellom anna med tanke på at plana ikkje skal bli for generell og famne for bredt. Det er i tillegg kome krav om at ein skal nytte KMDs portal for innsending av søknad
(www.regionalforvaltning.no), så Rådmannen ahr fjerna dei delane av planen som omhandla søknadsskjema og liknande. Rådmannen opplyser òg om at det framleis synast å hefte noko usikkerheit kring vidareføringa av denne ordninga, noko som må tilleggast vekt i vurderinga av kor mykje ressursar ein bør leggje i langsiktig planlegging kring ordninga. Kommunen har gjeve signal tilbake til fylkeskommunen om at desse midlane er viktige for å sikre knoppskyting og vilje til satsing innafor næringslivet. Risiko og ulempe blir vurdert som liten og veg ikkje opp for dei openbare fordelane. Det har ikkje vore strukturelle, marknadsmessige eller politiske hendingar som tilseier at eksisterande plan er utdatera. Hjartdal kommune har etablera ei praksis med å la aktuelle næringsforeiningar og lag uttale seg og kome med innspel til plana. Grunna nye signal frå Fylkeskommunen på når dei ville ha det til handsaming er det i denne runden avgrensa til Tuddal Utvikling. Medverking frå næringslivet skal framleis stå sentralt i arbeidet med plana, uavhengig av kva form plana får. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Handlingsplan for næringsfond 2015 blir vedteken som framlagd.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Fondstyret 13.04.2015 015/15 SLA Saksansvarleg: Stefan Langfors Arkiv: K2-Q12, K2- Arkivnr.: 13/529 OPPLEVINGSVEGEN OM NUTHEIM - ETABLERING AV FORPROSJEKT Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 14.12.2010 Statens Vegvesen KOPI AV MØTEREFERAT FRA VEGVESENET, 14.12.2010 2 I 29.01.2013 Olav S. Norbø FORESPURNAD OM MØTE FRÅ OLAV S. NORDBØ 3 U 05.04.2013 Olav S. Norbø INVITASJON TIL MØTE OM UTVIKLINGSPROSJEKT LANGS VEGEN HJARTDAL - FLATDAL 5 U 13.09.2013 Telemark Fylkeskommune SØKNAD OM TILSKOT TIL FORSTUDIE, STADUTVIKLING LANGS GAMLEVEGEN ÅRHUS - GVAMMEN 9 I 13.04.2014 Torunn Hovde Kaasa FORSTUDIERAPPORT - ENDELEG 10 I 24.04.2014 Asbjørn Storrusten UTSKRIFT AV SAK I FORMANNSKAPET I SELJORD OM FORSTUDIEN OPPLEVINGSVEGEN OM NUTHEIM 6 I 24.04.2014 Statens vegvesen E 134 GVAMMEN -ÅRHUS, SØKNAD OM STØTTE TIL FORSTUDIE STATDSUTVIKLING LANGS GAMLEVEGEN GVAMMEN-ÅRHUS 7 U 28.04.2014 Statens vegvesen E 134 GVAMMEN -ÅRHUS, SØKNAD OM STØTTE TIL FORSTUDIE STATDSUTVIKLING LANGS GAMLEVEGEN GVAMMEN-ÅRHUS 11 I 29.03.2015 FESTE Grenland AS FORPROSJEKTPLAN - ENDELEG VERSJON Vedlagde dokument: Dokument nr. 11 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Vedtekter, 251 000 58 Konsesjonsavgiftsfondet Saksgang:
Fondsstyret vedtek Bakgrunn for saka: Hjartdal kommune er saman med Seljord kommune prosjekteigarar av prosjekt Opplevingsvegen om Nutheim (Hjartdal Flatdal). Forstudien til prosjektet var ferdig våren 2014 og det er no utarbeida ein forprosjektplan for eventuell vidareføring av prosjektet. Styringsgruppa har vore Asbjørn Storrusten (leiar), Seljord kommune, Stefan Langfors, Hjartdal kommune, Aslaug Norendal, Telemark fylkeskommune og Gunn Marit Christenson, Feste As. Det er prosjektutviklar Gunn Marit Christenson som har systematisert og skrevet forprosjektplanen, m.a. på bakgrunn av forstudierapporten (Torunn Hovde Kaasa mai 2014). Tidligare forstudie om utvikling tilrår at ein vidareførar arbeidet gjennom eit forprosjekt. Seljord har handsama saka i formannskap/økonomiutval, som fremma følgjande vedtak: Seljord kommune ynskjer å etablere forprosjekt "Opplevingsvegen om Nutheim / Hjartdal- Flatdal" og løyver kr 425.000 til forprosjektet fordelt med kr 75.000 i 2015, 150.000 i 2016 og kr 200.000 i 2017. Løyvinga er av Næringsfond/ kraftfond dei einskilde åra. Ein føresetnad for løyvinga er at finansieringsplanen vert fylgd. Vurdering: For å komme vidare i prosessen må det vedtakast av prosjekteigarane ( Seljord og Hjartdal kommunar) om dei ynskjer å starte opp forprosjektet og eventuelt løyve midlar for dette. Opninga av Mælefjelltunellen er nå planlagd til sommaren 2019. Ein del av dei tenkte tiltaka i hovudprosjektet kan sannsynlegvis ikkje forventast fullfinansiert m.a. av SVV før sommaren 2019. Ein har difor i forprosjektet vald å fokusere på einskilde tiltak som heilt eller delvis kan realiserast uavhengig av tunelldrifta, samt naudsame prosessar for å sikre vedtak, finansiering og ei omforeina satsing på området frå alle involvera aktørar når tunneldrifta går mot slutten. Det synast til dei einskilde delmåla i forprosjektplana for meir informasjon. Styringsgruppa har understreka viktigheita av å oppretthalde progresjonen i prosjektet. Dette for å få moglegheit til kunne påverke Statens vegvesen til å endre eksisterande planer for avlasta veg (Gvammen Århus), for å få spelt inn i Nasjonaltransportplan trongen for eit nasjonalt utkikkspunkt overfor Nutheim, samt at det er store forventingar om framdrift og resultat blant prosjektet sine samarbeidspartnarane. Forprosjektplanen legg difor no opp til oppstart av forprosjektet pr.1. september 2015. Då bør forprosjektet vere finansiert og prosjektleiing vere engasjert, og den kommunale finansieringa er ei viktig brikke i så måte. Forprosjektperioden er sett til nær 2,5 år, og må sjåast i samband med prosjektperioden for tunelldrifta. Sidan det framleis er ei godt stund fram til denne er ferdigstilt er det lagt opp til ei gradvis opptrapping av aktiviteten i forprosjektet. Slik sikrar ein både kontinuitet i prosjektet og tilpassa ressursbruk etter kvart som vegomlegginga nærmar seg. Hovudprosjektet vil normalt vere ei rein gjennomføringsfase, og vil i så måte avhenge av eit forprosjekt for å vere aktuelt. Det betyr at effektmåla av prosjektet i stor grad er klare allereie, og dei er formulera slik i plana: Det langsiktige målet er å:
Auke attraksjon og omdøme for regionen, både nasjonalt og internasjonalt. Skape stoppeffekt fysisk og på nett, Auke attraksjon og omdøme for regionen, både nasjonalt og internasjonalt. Sjå Opplevingsvegen i samanheng med dei andre reiselivsvegane i Telemark Auke næringsutvikling i området. Redusere effekten av redusert gjennomgangstrafikk. Fremje berekraftig bruk av området. Auke sosial verdiskaping i området. Vera med på å skape gode og levande lokalsamfunn. Etablere langsiktig og forpliktande samarbeid mellom regionale styresmakter, næringsliv, interessergrupper og folk i området. Vera med på å posisjonere Telemark i ein nasjonalt og internasjonalt reiselivsmarknad. Arbeide utifrå opplevingslandskapet. Rådmannen vurdere at dei fleste måla samanfaller med lokale målsettingar på eit overordna plan. Det er lite tvil om at eit slikt prosjekt kan ha store følgjer for den vidare utviklinga av området det gjeld. Rådmannen er opptatt av at kommunen skal vere pådrivar i å trygge at utviklinga i området har gode vilkår. Samstundes er ein heilt avhengig av å mobilisere mange krefter for å oppnå dette. Det gjeld både nasjonale, regionale og lokale aktørar. Det finst ingen garanti for at ein lukkast med å oppnå alle prosjektets målsettingar, og avveginga blir difor korleis ein i størst mogleg grad sikrar at føresetnadene er så gode som mogleg. Det vil slik sett alltid vere ein risiko forbunden med slike tiltak, og det vanskeleg å framstille dette risikobildet objektivt. Rådmannen vil derfor heller tilrå at ein måler risikoen opp mot å ikkje foreta seg noko eller utsette det til seinare. På det grunnlaget er det truleg langt større sjanse for å sikre ei positiv utvikling og å påverke prioriteringane som til dømes kjem i samband med vegomlegginga og overleveringa no enn på eit seinare tidspunkt. Det må òg takast omsyn til dei initiativ som har kome frå bygdene samt nabokommunen Seljord. Det er ikkje sikkert ein har det same engasjementet på eit seinare tidspunkt. Rådmannen meiner vidare at ei eiga prosjektleiing er ein føresetnad for å lukkast. Slik kan ein unngå at resultatet blir prisgjeven ressursane i dei kommunale organisasjonane, mens kommunane tar eigar- og kontrollfunksjonane i det vidare arbeidet. Som det kjem fram av plana er følgjande budsjett og finansieringsplan lagt til grunn: Budsjett for forprosjektet Del 1; Turistveg og sykkelruter 2.400.000 Del 2; Utkikkspunkt Nutheim 100.000 Del 3; Områdeutvikling 700.000 Prosjektleiing og prosess 850.000 SUM 4.050.000 Finansiering Hjartdal kommune 425.000 Seljord kommune 425.000 Telemark fylkeskommune- regionale midlar 1.100.000 Telemark fylkeskommune- LUK sykkel 200.000 TUF / andre 500.000 Statens vegvesen 400.000 Eigeninnsats 1.000.000 SUM 4 050.000
Sjølv med positivt vedtak vil det vere ei utfordring å sikre fullfinansiering av prosjektet slik det er definert i forprosjektplana. Rådmannen ta difor atterhald om ein lukkast med det eller må gjere justeringar på prosjektet for å tilpasse det til oppnådd finansiering. Posten for eigefinansiering omfattar all ressursbruk frå alle interessentar. Kommunanes del av dette vil såleis vere avgrensa til administreringa av eigarskapet til prosjektet. Det er med utgangspunkt i kapasitetssituasjonen i administrasjonen viktig for Rådmannen at prosjektet i minst mogleg grad bindar opp administrative ressursar. Med utgangspunkt i prosjektperioden er den kommunale finansieringa over berekna som total innsats over tre budsjettår, med kr 75 000 i 2015, kr 150 000 i 2016 og kr 200 000 i 2017. Til saman kr 425 000. Reint formelt må løyvinga i sin heilskap vedtakast no, sjølv om utbetalinga kan skje over heile prosjektperioden. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Det løyvast totalt kr 425 000 til prosjektet Opplevingsvegen om Nutheim for forprosjektperioden 2015-2017. 2. Løyvinga tingar at prosjektet blir fullfinansiert innafor framlagde ramme. 3. Løyvinga skal finansierast over 251 000 58 Konsesjonsavgiftsfondet.