Attreising og utvikling

Like dokumenter
Attreising og utvikling. Lærdalsøyri

Attreising og utvikling. Lærdalsøyri

Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr Arkiv Dato: 14/117-4 Jan Øhlckers K

Attreising og utvikling

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Attreising og utvikling

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Sakshandsamar: Jan Øhlckers Arkiv: K1- Arkivsaksnr. 14/ REVIDERT BUDSJETT 2014 PROGRAM FOR ATTREISING OG UTVIKLING AV LÆRDALSØYRI

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Prosjektplan. Prosjektet reguleringsplan skuleområdet Husnes. gnr 145 bnr 1 m.fl. 1. Mål og rammer

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Kommunestruktur Prosjektplan - sonderingsfasen

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

PROSJEKTPLAN FOR SYKKELBYEN STORD

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Handlingsplan 2. halvår 2013 Budsjett 2013

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Prosjektplan Grensejustering Bryggja

Forslag frå fylkesrådmannen

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Møteprotokoll Styremøte Omstillingsprogrammet i Lærdal og Årdal

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Kulturminne og kulturmiljø

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Prosjektplan Forprosjekt kommunereforma 2015 Vedteke av formannskapet 24. mars 2015

Planprogram Interkommunal kommunedelplan for heilskapleg risiko- og sårbarhetsanalyse (ROSanalyse) og beredskapsplan for Midt-Telemark kommune

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Innkalling av Administrasjonsutvalet

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Finnøy og Rennesøy kommunar

Prosjektplan Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune. Utkast for drøfting

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Kommunestruktur Prosjektplan for sonderingsfasen

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Til deg som bur i fosterheim år

Lærdal kommune 4/14 - ORIENTERINGSSAKER: «Soa_Navn» HA 1: Oppfølging av akuttfasen. Styringsgruppa

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

FJORDHESTEN, VESTLENDINGEN SIN KULTURARV

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Handlingsprogram

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

MØTEBOK Tysnes kommune

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

GAULAFONDET. Vedtekter for bruk og forvalting av midlane kommunen har fått i samband med at Gaularvassdraget vart verna mot kraftutbygging

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Etablering og drift av kraftselskap

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Prosjektplan. Framtidskommunen Høyanger. 06. oktober v.3

Transkript:

PROSJEKTMANDAT Attreising og utvikling av Lærdalsøyri 13. februar 2014 Lærdal kommune

Innhald 1 OVERORDNA MÅL OG RAMMER 3 2 OPPGÅVEOMFANG 8 3 MÅL 10 4 PROSJEKTORGANISERING 12 5 AVGJERDSPUNKT 14 6 GJENNOMFØRING 15 7 TIDSPLAN 21 8 ØKONOMI 22 9 ADMINISTRATIV GJENNOMFØRING 23 2

1 Overordna mål og rammer 1.1 Bakgrunn Brannen på Lærdalsøyri natta mellom 18. og 19. januar 2014 øydela 40 bygningar fleire enn nokon annan brann i Noreg sida 1945. 17 bustader brann ned. Omlag 70 personar vart husville og mista stort sett alt dei eigde. Fleire organisasjonar og verksemder, både private og offentlege, vart råka. 446 personer var innom Lærdal sjukehus for sjekk, og 270 ble lagt inn for kortare eller lengre tid; dei aller fleste med røykskader. Men ingen vart alvorlig skadd. Figur 1 Oversikt over brannområdet. Foto: Geir Olsen/VG Brannen, eller brannane herja eit område på omlag 500 x 200 m og eit mindre område sør for Rv 5. To heile kvartal brann ned. Nokre hus vart lagt i oske eller totalskada; andre vart spart. 3

Mesteparten av den verneverdige busetnaden vart redda. Fem verneverdige hus gjekk tapt, to av dei var freda. Brannen øydela truleg verdiar for meir enn 200 mill. kr. 1.2 Oppdraget Ein nasjonal katastrofe som dette stiller store krav til alle dei råka, lokalsamfunnet elles, næringsliv, frivillig og offentleg sektor. Særleg merksemd vert retta mot kommunen som naturleg koordinator og sentral aktør, både kriseleiinga i akuttfasen og i opprydding, attreising og utvikling. Katastrofen har nasjonal dimensjon. Det er ikkje mogleg å tenke seg at opprydding og attreising utan monaleg hjelp og støtte frå regionale og nasjonale styresmakter. 1.2.1 Fylkesmannen I møte med Fylkesmannen 24.1.2014 orienterte kommunen om at det er starta eit arbeid med: 1. Søknad om statleg støtte for ekstraordinære utgifter i samband med handtering av brannen 2. Eit eige prosjekt for kompetansestøtte til kommunen på lengre sikt. Det vart alt i møte semje om eit prosjekt for kompetansestøtte til oppbygging og utvikling av kommunen som samfunn og organisasjon på lengre sikt. Aktuelle område/tenester er plan, byggteknisk, økonomi, informasjon, leiarstøtte og juridisk hjelp. Det vart avtalt at kommunen, etter ein modell for prosjektorganisering skal lage ein prosjektplan. I organisering og gjennomføring vil mandatet (vedtak) frå kommunestyret vere forankringa. Det føreset etablering av styringsgruppe, prosjektleiar, prosjektgruppe og aktuelle arbeidsgrupper. Etter avtale blir planen sendt til Fylkesmannen innan om lag to månader. Den blir grunnlag for ein søknad om kompensasjon til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det var og semje om at kommunen må gjennomføre ei intern evaluering i løpet av kort tid. Fylkesmannen kan bidra i den vidare evalueringsprosessen. I ettertid må kommunen vere budd på å dele sine erfaringar med andre (både med andre kommunar i fylket og nasjonalt). 1.2.2 Kommunal- og moderniseringsdepartementet I møte med Kommunal- og moderniseringsministeren og Fylkesmannen 7.2.2014 oppmoda ordføraren om: 1. A-kontostøtte på 5 millionar kroner for fyrste halvår 2. Løyve til, via Fylkesmannen å sende ein søknad om ekstraordnære omstillingsmidlar og finansiering av eit program for «Attreising og utvikling av Lærdalsøyri» til handsaming i revidert statsbudsjett våren 2014. 4

Kommunal- og moderniseringsministeren lova å komme attende raskt om a-kontostøtta og frist for innsending av programmet. 1.3 Balanse mellom delvis motstridande omsyn (verdival) Det vert no viktig å sikre god balanse mellom tre sentrale omsyn: Føre Lærdalsøyri raskt attende til normalt liv Minke framtidig sårbarheit Utvikle Lærdalsøyri som ein effektiv, verdifull og attraktiv tettstad 1.4 Mandat og program Prosjektmandatet vil, etter vedtak i kommunestyret vere det mandatet som Fylkesmannen har bedt om når det gjeld organiseringa. Det hastar å få det på plass. Vedtaket er samstundes grunnlaget for å lage eit «Program for attreising og utvikling av Lærdalsøyri» som syner korleis gjennomføringa kan skje, kva det vil koste og finansieringa. Deler av prosjektplanen og programmet vil vere samanfallande. Prosjektmandatet gir alt no kommunestyret høve til å sette nokre førebelse rammer, vurdere balansen mellom attreising og utvikling og peike ut retninga. Det syner og prosessen for å lage programmet for «Attreising og utvikling av Lærdalsøyri». Samstundes vil det vere ein tydeleg marsjordre for rådmannen og nyttig informasjon for ålmenta. Programmet skal syne planen for gjennomføringa, dei samla offentlege kostnadane og korleis dette er tenkt finansiert. Det vil vere grunnlag for søknad om løyving og må vere vedteke innan dei fristar nasjonale og regionale styresmakter no set. 1.5 Fasar Ein katastrofe har vanlegvis fire fasar: Akutt Opprydding Attreising Utvikling 1.6 Attreising og utvikling Programmet skal gjere Lærdalsøyri betre rusta for framtida og samstundes sikre rask og effektiv attreising. Å kombinere attreising og utvikling/omstilling er mykje meir krevjande og komplisert enn berre å reise opp att det som brann ned. Samstundes kan det syne seg å vere god investering i framtida. 5

Ein katastrofe endrar mange av planføresetnadene. Han gir og nye mogelegheiter. 1.7 Rammer Kommunen er liten. Folketalet 3. kvartal 3013 var 2 169. Sida 2010 har folketalet minka med 58 innbyggjarar. Økonomien er svak og sårbar. Fylkesmannen har kommunen på ROBEK 1 -lista. Etter ein katastrofe vil planlegging for attreising og utvikling gjerne skje raskare enn normalt. Det vil og vere ein meir dynamisk prosess. Lokalsamfunn har ikkje alltid høve til å følgje vanlege prosedyrar for å komme attende til normalt liv. Prosessen vil ofte vere meir målretta, avgrensa, realistisk og nøktern. Det er viktig at planlegginga skjer innafor realistiske økonomiske rammer. Slik vert det ikkje vert skapt for store forventingar. 1.8 Omstillingsplan og status Det er vedteke ein plan for omstilling i Lærdal kommune. Planen har motto «Samhandling for berekraftig utvikling» og har desse utviklingsprogramma: «Vekst i Lærdal - har fokus på å utvikle næringslivet slik at det blir skapt fleire lønnsame arbeidsplassar både gjennom nyetableringar og i eksisterande næringsliv Lev og bu i Lærdal har fokus på å utvikle eit attraktivt lokalsamfunn som gjer at ein aukar tilflyttinga til Lærdal Opplev Lærdal har fokus på å utvikle eit berekraftig reiseliv med fokus på heilårsaktivitet Knutepunkt Lærdal - har fokus på utvikling av ny næring innanfor områder der Lærdal har naturlege fortrinn som knutepunkt i regionen» Fylkeskommunen har dei siste åra godkjent kommunen som omstillingskommune. Hovudutval for plan og næring førte dette vidare i sitt vedtak 5.2.2014. 4. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev Lærdal kommune omstillingsstatus for åra 2014 og 2015. Omstillingsarbeidet skjer i eit samarbeid med Årdal kommune. 1 «Register om betinga godkjenning og kontroll» 6

5. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev Lærdal kommune ei løyving på inntil 3 440 000 kr til omstillingsarbeidet i 2014. Unytta omstillingsmidlar frå 2012 og 2013 løyvingane vert godkjent overført til bruk i 2014..» 1.9 Fond Etter brannen vart det samla inn mykje klede og liknande. I tillegg vart det skipa eit fond med føremål å gje økonomiske bidrag til personar som er råka av storbrannen på Lærdalsøyri, då primært til økonomiske verdiar som ikkje vert dekka av forsikring eller andre tilskotsordningar. 7

2 Oppgåveomfang Det er rekna med at prosjektet vil vare ut 2016. Prosjektmandatet dekker oppfølging av akuttfasen og opprydding, særleg i høve ansvars- og kostnadsfordeling og hjelp til dei som er råka. Dei sentrale elementa i mandatet og særleg i programmet vil likevel vere attreising og utvikling. Sjølve programmet bør ha desse hovudelementa: Figur 2 Hovudelementa i programmet og grenseflata mellom dei Det vil vere overlapp og grenseflater mellom elementa. Formannskapet, som styringsgruppe og rådmannen som utførar får ei sentral rolle i å syte for at tempo og ambisjonar her vert godt avstemt. 2.1.1 Absolutt krav Program for attreising utvikling vil vere det sentrale. Her må alt som følgjer av brannen med. Dei kommunale tenestene skal ikkje verte redusert som følgje av brannen. På ei rad område vil det vere naudsynt å styrke tenestetilbodet mot dei som er råka. Det er og naudsynt å styrke ulike sider av den kommunale organisasjonen, både politisk og administrativt. Gjennomføring og styrking av den vedtekne omstillingsplanen blir viktigare enn nokon gong. 8

2.1.2 Ønskelige krav Dei vedtekne kommunale planar og prosessar skal gå mest mogleg upåverka av brannen. Formannskapet skal gå gjennom heile porteføljen og eventuelt legge noko på vent, førebels dette halvåret. Det er ynskjeleg at styrkinga av administrasjonen gir varig kompetanse. 2.1.3 Avgrensingar Omstillingsarbeidet var alt organisert, planlagt og finansiert før brannen. Det bør difor halde fram mest mogleg uavhengig av prosjektet, men med gjensidig merksemd mot grenseflater og overlapp. Som formannskapet må omstillingsstyret og gå gjennom porteføljen for å gjere justeringar i tempo og prioritering som følgje av dei endra planføresetnader som brannen har gitt. I finansieringa av programmet for Attreising og utvikling vil det vere aktuelt å be om ekstraordinære statlege omstillingsmidlar utover det som no er vedteke i fylkeskommunen. 9

3 Mål 3.1 Overordna mål Føre Lærdalsøyri raskt attende til normalt liv Minke framtidig sårbarheit Utvikle Lærdalsøyri som ein effektiv, verdifull og attraktiv tettstad 3.2 Konkrete mål Her er lista opp dei konkrete måla som kjem som resultat av hovudaktivitetane slik dei er lista opp i kap. 6.1. 3.3 Oppfølging av akuttfasen Samarbeidet med dei råka er godt Skadeomfanget er kartlagt og skjønnsmiddelkompensasjonen er utbetalt Akuttfasen er evaluert 3.4 Opprydding Samarbeidet med dei råka er godt Materielle skader er kartlagt og kostnadsrekna All brannskada eigedom er rydda 3.5 Attreising og utvikling 3.5.1 Eksterne mål Dei råka, media og ålmenta er godt oppdatert til ein kvar tid Alle som vart råka har tilfredsstillande mellombels løysing fram til permanent løysing er på plass Hjelpefondet er fordelt Utviklingsprogramma i revidert plan for omstilling i Lærdal kommune er gjennomført Fylkeskommunen har forlenga omstillingsstatus og auka løyvinga Føljeprosjekta er fullfinansiert og starta Erstatningstomter er klar og ferdig regulert Lærdalsøyri er ein effektivt, verdifult og attraktiv tettstad 10

3.5.2 Interne mål Tenestetilbodet er i stand til å møte trongen for ekstra innsats mot dei råka Dei politiske organa er i stand til å ta gode og raske avgjerder Administrasjonen er i stand til å møte dei ekstra utfordringane brannen har skapt Programmet er fullfinansiert og har god økonomistyring Det ligg føre komplett, digitalisert dokumentasjon av alle fasar Alle rapportar er rettidige og fullstendige Evalueringa er gjennomført, prosjektet avslutta og rapport sendt overordna mynde 11

4 Prosjektorganisering Attreising og utvikling etter katastrofar skil seg frå ordinære planprosessar. Dei er ikkje lineære, føreseielege og statiske. Snarare er dei dynamiske og interaktive. Dei set store krav til avgjerdsevne og vilje, både politisk og administrativt. Tidleg og tydeleg rolleavklaring er difor naudsynt. Det er naturleg å forankre roller og hovudansvarsområde i kommunelova. Det gir formelle rammer, struktur og rutinar som alt er på plass. Soleis vert kommunestyret den sentrale prosjekteigar, formannskapet styringsgruppe og rådmannen ansvarleg for gjennomføringa. Fylkesmannen har og ein sterk eigarskap. 4.1 Roller og bemanning Tabell 1 Roller 2 Rolle Eigarskap Organisasjon/Person Hovudansvarsområde Prosjekteigar A Kommunestyret Prosjektmandat Godkjenne programmet Legge overordna rammer A Formannskapet Løyvefullmakt Styringsgruppe B Fylkesmannen Følgje prosjektet tett Kontakt mot overordna mynde Styringsgruppe A Formannskapet Styre prosjektet Sjå til at rådmannen gjennomfører Rapportere til kommunestyret og overordna mynde Prosjektansvarleg A Rådmannen Gjennomføre Rapportere til styringsgruppa 2 A-eigar: Hovudinteresse i prosjektet med monalege ressursar og som stiller store krav til gjennomføring og resultat B-eigar: Interesse i prosjektet og deltar med ressursar og forventar resultat C-eigar: Tek del i prosjektet med moralsk støtte. Stiller ikkje krav i prosjektet 12

Rolle Eigarskap Organisasjon/Person Hovudansvarsområde Prosjektleiar/ programleiar Konsulent 3 Styre prosjektorganisasjonen etter instruks frå rådmannen Prosjektdeltakarar Kommuneadministrasjonen Delta i prosjektet etter instruks frå rådmannen B Lærdal Energi, Lærdal Næringsutvikling m.m. Delta når det er relevant Referansegruppe Eksterne konsulentar Prosjekttilsette (mellombels) Delta etter instruks frå rådmannen C Andre offentlege etatar Delta når det er relevant Dei råka og deira representantar Riksantikvaren Andre offentlege etatar Fylkeskommunen Vert avgjort seinare Må vere på plass når sjølve programmet startar. 4.2 Prosjektleiing Som prosjektansvarleg har rådmannen ansvar for: Gjennomføringa Totaløkonomi Samsvar mellom prosjektplan og mål Kvalitetssikring Rapportering Å følgje opp rammene for prosjektet Ekstern informasjon Prosjektleiaren har det utøvande ansvaret for prosjektet og rapporterer direkte til rådmannen. 3 Rådmannen har engasjert Vidsyn rådgivning as som prosjektleiar. 13

5 Avgjerdspunkt 5.1 Krav til avgjerdspunkt Sjølve programmet vil innehalde ei rad avgjerdspunkt. Førebels er det naturleg å liste opp dei som gjeld fyrste halvår og fram til Attreisings- og utviklingsprogrammet er godkjent. Sjølve programmet vil vere mykje meir detaljert her. Tabell 2 Oversyn over Avgjerdspunkt fyrste halvår AP# Dato Tema Dokumentasjon AP 1 13.2.2014 Mandatet vedteke i kommunestyret Prosjektmandat AP 2 Februar/mars A-kontotilskott frå KMD Tilsegnsbrev AP 3 Februar/mars Skjønnstilskott frå Fylkesmannen Tilsegnsbrev AP 4 Mars/april Attreising- og utviklingprogrammet vedteke av kommunestyret Program AP 5 Mai/juni Revidert statsbudsjett Vedtak i Stortinget AP 6 Juli Programstart 14

6 Gjennomføring Hovudaktivitetane er førebels. Det er venta at sjølve Attreisings- og utviklingsprogrammet vil føre til justeringar. Nokre av aktivitetane vil vere gjennomført før sjølve programmet er godkjent. Prosjektet har desse hovudaktivitetane HA 1: Oppfølging av akuttfasen HA 2: Opprydding HA 3: Kartlegging, dokumentasjon og informasjon HA 4: Mellombelse og kortsiktige løysingar HA 5: Finansiering og økonomistyring HA 6: Arealplanlegging og tettstadutvikling HA 7: Styrking av kommunale tenester HA 8: Omstilling og næringsutvikling HA 9: Føljeprosjekt 6.1 Hovudaktivitetar 6.1.1 HA 1: Oppfølging av akuttfasen Føremål Få eit best mogleg samarbeid med dei som er råka Kartlegge skadeomfanget og kostnadane Fordele skjønnsmiddelkompenasjonen Gjennomføre evalueringane av akuttfasen Oppgåver 1. Få oversikt over dei som er råka a. Syte for at dei er informert om kva kommunen no gjer og planlegg b. Få oversikt over kva dei venter av hjelp og støtte frå kommunen c. Syte for at dei får eit best mogleg kommunalt tenestetilbod d. Orientere om hjelpefondet e. Sikre dei eit best mogleg tilbod frå andre offentlege etatar 2. Kartlegge skadeomfanget og kostnadane a. Levere Fylkesmannen anslag på eksterne og interne utgifter som ikkje vert dekka på anna vis (forsikring mm). Frist 15. februar 2014 3. Fordele skjønnsmiddelkompenasjonen for dei ekstraordinære utgiftene i samband med brannen a. Dokumentere at kompensasjon for ekstraordinære utgifter til sjølve brannen er nytta til føremålet og at det er samsvar mellom anslag og reelle utgifter 15

4. Gjennomføre evalueringane 4 av akuttfasen Resultat Samarbeidet med dei råka er godt Skadeomfanget er kartlagt og skjønnsmiddelkompensasjonen er utbetalt Akuttfasen er evaluert 6.1.2 HA 2: Opprydding Føremål Få eit best mogleg samarbeid med dei som er råka Få oversikt over dei materielle skadane Syte for at dei som har hatt materielle skader er godt informert Rydde all brannråka eigedom Oppgåver 1. Få oversikt over dei materielle skadane på a. Kommunal eigedom b. Anna offentleg eigedom c. Anna eigedom (private, verksemder og frivillige organisasjonar) 2. Syte for at dei som har hatt materielle skader er informert om kva kommunen no gjer og planlegg a. Få oversikt over kva dei venter av hjelp og støtte frå kommunen b. Syte for eit best mogleg kommunalt tenestetilbod c. Rettleie i høve anna offentleg tenestetilbod 3. Rydde kommunal eigedom 4. Syte for at all anna eigedom vert rydda av den som har ansvaret a. Ha god dialog med forsikringsselskapa Resultat Samarbeidet med dei råka er godt Materielle skader er kartlagt og kostnadsrekna All brannskada eigedom er rydda 4 J.fr. referat frå møte med Fylkesmannen 24.1.14 16

6.1.3 HA 3: Kartlegging, dokumentasjon og informasjon Føremål Halde dei råka, media og ålmenta godt oppdatert Samle, digitalisere og katalogisere all informasjon Gjennomføre undervegs- og sluttevaluering Oppgåver 1. Nytte kommunen sin heimeside og andre kanalar til informasjon a. Eige «fane» for Attreising b. Folkemøte c. Møte med dei råka d. Pressemøte 2. Nytte det kommunale arkivsystemet til å samle: a. All relevant korrespondanse b. Presseklipp c. Foto/video/lyd Resultat Dei råka, media og ålmenta er godt oppdatert til ein kvar tid Det ligg føre komplett, digitalisert dokumentasjon av alle fasar Evalueringa er gjennomført, prosjektet avslutta og rapport sendt overordna mynde 6.1.4 HA 4: Mellombelse og kortsiktige løysingar Føremål Tilby alternativ innkvartering/lokale for dei som er råka Tilby ledige, byggeklare tomter Oppgåver 1. Tilby alternativ innkvartering for dei som treng det a. Kartlegge bustadmarknaden b. Innkvarteringskontakt 2. Tilby alternative lokale/areal for dei som treng det a. Kartlegge og formidle Resultat Alle som vart råka har tilfredsstillande løysing fram til permanent løysing er på plass 17

6.1.5 HA 5: Finansiering og økonomistyring Føremål Sjå til at alle fasar og hovudaktiviteter er fullfinansiert Kalkulere og budsjettere realistisk Rapportere på fastsette tidspunkt Administrere midlar frå hjelpefondet Oppgåver 1. Få oversikt over kommunale midlar 2. Få oversikt over forsikringsutbetalingar for kommunal eigedom 3. Søke om a-konto- og fullfinansiering frå: a. Fylkesmannen (skjønnsmidlar) b. Kommunal- og moderniseringsdepartementet c. Fylkeskommunen (omstilling og tettstadutvikling) d. Riksantikvaren 4. Lage program for Attreising og utvikling innan fristen for revidert statsbudsjett og søke: a. Ekstraordinære statlege omstillingsmidlar b. Eigne midlar til Attreising og utvikling 5. Rapportere til overordna mynde på fastsette tidspunkt Resultat Programmet er fullfinansiert og har god økonomistyring Alle rapportar er rettidige og fullstendige Hjelpefondet er fordelt 6.1.6 HA 6: Arealplanlegging og tettstadutvikling Føremål Så raskt som mogleg regulere naudsynt areal for attreising Lage program for tettstadutvikling av Lærdalsøyri Oppgåver 1. Kartlegge planstatus for aktuelle areal (både brannområde og andre utbyggingsalternativ) a. Identifisere flaskehalsar i høve: i. Flaum, vern, ras og eigedomstilhøve 2. Arrondere og prioritere reguleringsområde a. Legge ned ev. byggeforbod og starte reguleringsarbeidet 3. Lage og gjennomføre program for tettstadutvikling av Lærdalsøyri 18

Resultat Erstatningstomter er klar og ferdig regulert Lærdalsøyri er ein effektivt, verdifult og attraktiv tettstad 6.1.7 HA 7: Styrking av kommunale tenester Føremål Mellombels og så raskt som mogleg styrke dei kommunale tenestene, politikk og administrasjon Sikre at kompetansen også på sikt kjem organisasjonen til gode Oppgåver 1. Styrke det kommunale tenestetilbodet mot dei råka: a. Helse, psykiatri, skulen og barnehagen på Øyri, tekniske tenester og plan, mm 2. Styrke dei folkevalde og dei politiske organa 3. Styrke rådmannsfunksjonen Resultat Tenestetilbodet er i stand til å møte trongen for ekstra innsats mot dei råka Dei politiske organa er i stand til å ta gode og raske avgjerder Administrasjonen er i stand til å møte dei ekstra utfordringane brannen har skapt 6.1.8 HA 8: Omstilling og næringsutvikling Føremål Omstillingsstyret går gjennom porteføljen for å gjere justeringar i tempo og prioritering som følgje av dei endra planføresetnader som brannen har gitt: Vekst i Lærdal Lev og bu i Lærdal Opplev Lærdal Knutepunkt Lærdal Sikre vidare omstillingsstatus og auka løyving Oppgåver 1. Oppgåvene er fastsett i planen, men endra planføresetnader krev auka fokus og tempo 2. Søke om forlenga omstillingsstatus og auka fylkeskommunal medverknad Resultat Utviklingsprogramma i plan for omstilling i Lærdal kommune er gjennomført 19

Fylkeskommunen har forlenga omstillingsstatus og auka løyvinga 6.1.9 HA 9: Føljeprosjekt Føremål Identifisere, etablere og finansiere relevante følgjeprosjekt som t.d. Brannsikring av Gamleøyri Føljeforsking Mm. Oppgåver 1. Vert definert i sjølve programmet Resultat Føljeprosjekt er fullfinansiert og starta 20

7 Tidsplan Det er knytt ei rad føresetnader til framdrift. Sjølve programmet vil vere mykje meir detaljert på framdrifta i dei ulike hovudaktivitetane. Tabell 3 Forenkla framdrift Hovudaktivitet HA 1: Oppfølging av akuttfasen HA 2: Opprydding HA 3: Kartlegging, dokumentasjon og informasjon HA 4: Mellombelse og kortsiktige løysingar HA 5: Finansiering og økonomistyring HA 6: Arealplanlegging og tettstadutvikling HA 7: Styrking av kommunale tenester HA 8: Omstilling og næringsutvikling HA 9: Føljeprosjekt Tidplan (kvartal) 2014 2015 2016 21

8 Økonomi I denne fasen er det uråd å presentere eit budsjett for kommunen sitt engasjement i heile prosjektperioden. Skadeomfanget er ikkje godt nok klarlagt, korkje på kommunale bygningar eller infrastruktur. Utgifter frå akuttfasen vil vere klar 15. februar 2014. Atterisings- og utviklingsprogrammet vil ha eit detaljert budsjett. Det fell fyrst på plass når søknaden vert sendt Fylkesmannen og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Under føresetnad av at departement stetter ynskje om a-kontoutbetaling er det mogleg å sette opp følgjande budsjett for fyrste halvår Tabell 4 Førebels budsjett a-konto tilskott (kr 1 000) Kostnader Finansiering Kostnadsart Beløp Finansieringstype og kjelde Beløp Styrking av kommunale tenester 2.500 A-konto tilskott fyrste halvår 5.000 medrekna ekstern hjelp Opprydding 500 Styrking av folkevald nivå 500 Regulering og tettstadutvikling 1.000 Ymse 500 Sum 5.000 5.000 22

9 Administrativ gjennomføring Under, men og i grenseflata mellom kvar av hovudaktivitetane vil rådmannen etablere sokalla «Arbeidspakker» som syner mål, oppgåver, ressursbruk (korleis tilsette og engasjert vert nytta inn i prosjektet), startdato, tidsrom mm. Det vil skje i tett dialog med prosjektleiinga. Det er ei føresetnad at lokale, eksterne aktørar som t.d. Lærdal Næringsutvikling og Lærdal Energi kan delta her. Som vedlegg ligg mogleg mal. 9.1 Vedlegg 1: Mal for «Arbeidspakker» 9.1.1 AP 1 XXXX Startdato: Lengde: Deltakarar: Personmånader per deltakar Mål: Xxxxxx Arbeidsbeskrivelse xxxxxxxx Tema vil mellom anna vera: xxxxx Oppgåver: O1.1 Xxxxx O1.2 Xxxxx Milepålar og leveransar L1.1 Xxxxx 23