HANDLINGSPROGRAM Ynskjer frå avdelingane nye driftstiltak vanleg drift

Like dokumenter
Handlingsplan AVDELING 29 Gol ungdomsskule ANSVAR: 3114

Handlingsplan AVDELING 27 Gol skule og SFO ANSVAR: 3111

Budsjettforslag TILTAK MED AUKA KOSTNAD

HANDLINGSPROGRAM Ynskjer frå avdelingane nye investeringstiltak som aukar standard

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Handlingsprogram

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Handlingsprogram og økonomiplan

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår)

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

INVESTERINGER SOM EFFEKTIVISERER. Framlegg frå avdelingane

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Balestrand kommune Sagatun skule

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

INVESTERINGER med standardheving. Framlegg frå formannskapet

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Ny skole Dovre - eit styrkingstiltak i grunnskolen

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

AVDELING 27 Gol skule og SFO. ANSVAR: 3111, : Gol skule 3121: SFO (ikkje i bruk)

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

INNSPARINGSTILTAK. Framlegg frå avdelingane

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Tysværvåg barne- og ungdomsskule

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Hå kommune Vigrestad storskule

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Regelverksamling Oppvekstsjef Olav Fure

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Arsmelding Valen skule

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Elev- og lærlingombod i HFK

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

NYE RUTINAR I SAMBAND MED INNTAK TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 1.FEBRUAR.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Transkript:

HANDLINGSPROGRAM 2014 2017 Ynskjer frå avdelingane nye driftstiltak vanleg drift

Gol kommune Internt notat Til: Hege Mørk/Rådmannen Dato: 28.06.2013 Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 13/01913-10 Kopi: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Handlingsprogram og økonomiplan Gol skule og SFO Mål 2014-2017 Gol skule sine mål er identiske med Mål for skulen i Gol, vedtatt i Kommunestyret 22.11.11, K-sak 57/11 Handlingsprogram 2014 2017 FELLES FOR GRUNNSKULANE I GOL RESSURSBRUK FOR GRUNNSKULEN I GOL Tall frå statistisk sentralbyrå (Kostra-tall) viser at Gol kommune brukar relativt små ressursar på grunnskuleopplæring.i Kostra-systemet er kommunane delt inn i 16 grupper basert på folkemengde og økonomisk rammevilkår. Gol er i Kostragruppe 2. Følgjande nøkkeltal frå 2011 viser ressursbruk og elevgrunnlag i Gol samanlikna med snittet i kommunegruppe 2. Samanlikingsområde Grunnskulen i Gol Kommunegruppe 2 Brutto driftsutg. i kr per elev 83 062 kr 108 402 kr Netto driftsutg. i % av kommunens samla netto driftsutg. 22,2% 26,2% Delen av elevar som får spesialundervisning 8,7% 10,6% Elevar m. minoritetsspr. bakgrunn og behov for særskilt norskoppl. 12,9% 3,4% Gj.snittleg gruppestr 1.-10.trinn (dvs tal elevar per lærar) 13,7 elevar 11,6 elevar

SKULEBYGG OG SKULEANLEGG 2 Alle grunnskulane i Gol har behov for omfattande rehabilitering. Gol skule og Gol skule Glitrehaug har behov for rehabilitering og påbygg. Dette er beskrive og dokumentert i fleire politiske saker. Glitrehaug er mellombels løysing på tiande året. Arbeidtilsynet gjennomførte i september 2011 tilsyn vedrørande sikring av vedlikehald og tilfredsstillande inneklima på Gol skule og SFO og ungdomsskulen. Det vart avdekka mangelfull ventilasjon i kroppsøvingssal på Gol skule og på SFO.Dette er no utbetra. Vidare vart det påpeikt svært dårlege lærararbeidsplassar. Glitrehaug vart opplevd som dårleg tilpassa undervisningsformål Som heilheitleg vurdering skriv Arbeidstilsynet: Gol kommune har langt på vei tatt et viktig val for den fremtidige skolestrukturen. Arbeidet med en ny 1-10-skole er etter Arbeidstilsynets vurdering et stort løft, og vi legger dette arbeidet til grunn når vi har vurdert hvilke videre konklusjoner som trekkes etter dette tilsynet. Gol ungdomsskule manglar undervisningsrom og grupperom, ikkje minst til spesialundervisning. Skulen er ikkje tilfredsstillande tilrettelagt for funksjonshemma og har ikkje eige stellerom for elevar med spesielle behov. Rullestolbrukarar har ikkje tilgjenge til alle undervisningsrom. Spesialromma og personalrommet må rehabilterast. Skuleåret 2011/12 har skulen 3 klassar både på 8. og på 9.trinnet. Skulen er tilrettelagt for to klassar på kvart trinn. Herad skule manglar kroppsøvingssal, tilfredsstillande undervisningsrom i faget mat og helse, eitt klasserom og fleire grupperom. Læringssenteret Gol vaksenopplæring driv undervisning i det gamle kommunehuset på dispensasjon i påvente av avklaring om det ved bygging av ny skule blir frigjeve eigna lokale som kan takast i bruk. Dersom Gol kommune vel å ikkje byggje 1-10-skule i løpet av 1-2 år, må rehabiliterings- og utbyggingsarbeidet ved dei fire skulebygga setjast i gang, og det må skaffast ny og føremålstenleg tilhaldsstad for Gol vaksenopplæring med ein gong. Gol skule har om lag 325 elevar. Med auke i elevtal (60 elevar x 7 klassar) og arealnorm på 18 m 2 (erfaringstal ombygging) kan det bety ein kostnad på rundt 130 mill kroner. Då er behova ved Herad skule, Gol ungdomsskule og Gol vaksenopplæring ikkje løyste. I Økonomiplan 2013-2016 må det setjast av midlar både til planarbeid knytta til skuleanlegget og til arbeid knytta til pedagogisk plattform og organisering av den nye skulen. IKT Hausten 2012 vart IKT-skoleprosjektet iverksett i Gol kommune. Skulane får no ein felles standard å halde seg til når det gjeld maskinvare og infrastruktur/ teknisk løysing. Ei av målsetjingane for prosjektet er å få til ei meir rasjonell drift for IKT-Hallingdal. For dei tre grunnskulane i Gol kommune medfører dette store investeringar i fyrste rekke på maskinvare.

HANDLINGSPROGRAM GOL SKULE OG SFO 3 LÆRINGSUTBYTE INVESTERING God undervisning i naturfag krev god tilgang på utstyr til ei praktisk tilnærming til faget. Tidlegare naturfagrom er gjort om til klasserom og naturfagutstyr må fraktast rundt til klassane. Skulen ønskjer å kjøpe inn ferdige koffertar med utstyr i fysikk. Tidleg innsats for god språkutvikling og sosial utvikling må vera eitt av skulens satsingsområde. Felles Løft for tidleg innsats i Hallingdal er eit samarbeidsprosjekt for alle Hallingdalskommunane både når det gjeld barnehage og skule. Prosjektet starta med barnehagane i 2010 og vart vidareført til skulane frå hausten 2012. Vi er no inne i steg 2 i Felles Løft som handlar om overgang frå barnehage til skule. Prosjetet skal vidareførast og er tenkt avslutta i 2016. Digitalt utstyr er ein føresetnad for gode grunnleggjande ferdigheiter i bruk av digitale verktøy. Hallingdalskommunane har eit prosjekt for å samordne ressursar og kompetanse for IKT i skulen, og dette vil krevje ei standardisering av all maskin- og programvare. Det er realistisk å sjå for seg ei utskifting av 25 elevmaskiner og 5 lærarmaskiner årleg i ein 3-års-periode. Gol skule har framleis eit stort etterslep på innkjøp av maskinvare, sjølv om det har vorte kjøpt inn elevmaskiner både i 2012 og 2013. DRIFT Gode kunnskapar og ferdigheiter i norsk, matematikk og engelsk krev tilpassa opplæring. Det er store forskjellar i talet på elevtimar (lærartettleik) mellom Gol skule og kommunar i same kommunegruppe. 3- deling av kull frå 45 elevar og over i norsk, matematikk og engelsk vil gi ein høveleg gruppestorleik i desse faga og bidra til at kvar enkelt elev får tilfredsstillande fagleg oppfølgjing. Lærevanskar må møtast med tidleg innsats. Statlege midlar til dette må brukast til å styrke norsk- og matematikk-opplæringa frå 1.-4.årstrinn. Alle elevar bør gå på skulen 5 dagar i veka. Overgang frå 4 til 5-dagars-veke for 1. og 2 klasse vil medføre ei omlegging av fag-og timefordeling. I ein overgangsperiode på 5 år vil det føre til behov for høgare timeressurs.overgang til 5-dagars veke for alle trinn bør skje i samband med overgang til ny skule. Frå hausten 2010 vart det innført 1 ny elevtime som skal brukast til styrking av grunnleggjande ferdigheiter. Timen vart fordelt mellom 4.og 7.klasse og vart lagt til matematikkfaget. Dette medfører ein utgiftsauke som er lagt inn kommunens rammetilskot. Læringsutbytet til elevane i lesing og matematikk blir jamnleg kartlagt. Systematisk observasjon av lesing (SOL) vil framleis vera eit satsingsområde for skulen. Elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn må få solide kunnskapar i grunnleggjande norsk. Timar til slik opplæring må aukast i samsvar med auken i elevtalet. Gol skule vil skuleåret 2013/2014 ha over 60 elevar med anna morsmål enn norsk. Det utgjer over 20 % av elevtalet. Elevar med spesial-pedagogiske behov må sikrast eit likeverding opplæringstilbod. Det må utarbeidast eit system for tildeling av ressursar til desse elevane. Ressursane må vera i samsvar med tilrådingane frå PPT. For å sikre eit kvalitativt godt tilbod for barn med spesial-pedagogiske behov, bør det leggjast til rette for eit stabilt fagmiljø. Ved ombygging eller bygging av ny skule må Gol skule organisere og finne rom for ei spesial-pedagogisk avdeling. Skulen må ha spesialkompetanse på IKT, både når det gjeld vanleg kontorbruk, pedagogisk programvare og opplæring i digitale verktøy for elevane. Prosjektplan 2 som er utarbeidd av prosjektgruppa for IKT i skule og barnehage i Hallingdal, tilrår at skular med 300 elevar og meir har ein ressurs tilsvarande ei halv stilling til dette.

4 Fysisk aktivitet vart forskriftsfesta for elevar på mellomtrinnet frå og med skuleåret 2009/2010. På Gol skule får alle elevar frå 3.-7.årstrinn dagleg fysisk aktivitet. Elevane skal ha tilgang til kulturelle opplevingar som til dømes konsertar, teaterframsyningar og utstillingar. Tilknytning til Den kulturelle skulesekken vil sikre elevane tilbod av høg kvalitet og samtidig gi ei god finansieringsordning. Elevane skal sjølve få vera med på skapande og kreative prosessar og få ta del i den lokale kulturarven. Midlar gjennom Den kulturelle skulesekken finansierer ulike prosjekt med lokale kulturformidlarar innan til dømes lausdans og teaterprosjekt. Musikkopplæringa i skulen er styrka gjennom innføring av samarbeidsprosjektet Korps i skulen på 4. trinn frå hausten 2011. Leirskule og ekskursjonar bør vera ein del av skulens undervisningstilbod. LÆRINGSSTRATEGIAR DRIFT Arbeidet med elevvurdering må halde fram. SOL (Systematisk observasjon av lesing) vil vera eit nyttig verktøy for tilbakemeldingar til elevar og foreldre om leseutviklinga. Elevsamtalar er eit viktig verktøy for elevvurdering og bevisstgjering om eiga læring. Store klassar gjer det tidkrevjande å ha hyppige elevsamtalar, og timeressursen strekk ikkje til. Klassar på maks. 20 elevar vil gjera det lettare å gjennomføre jamnlege elevsamtalar. 3 kontaktlærarar per trinn vil gjera det lettare å følgje opp vurdering og sosial-pedagogisk arbeid. Kultur for læring må styrkjast. Det bør vurderast å innføre formell elevvurdering frå og med 7.årstrinn når lovverket gjer dette mogleg. Lekser er eit viktig virkemiddel for å lære gode arbeidvanar. Lekser skal vera repetisjon av innlært lærestoff, utanåtlæring og ikkje minst lesetrening. Frå og med hausten 2010 vart det innført rett til leksehjelp for 1. 4.kl. Dette medfører ein utgiftsauke. Midlar til dette er lagt inn i rammetilskotet. Det bør også vera eit tilbod om leksehjelp til elevar på mellomtrinnet. Foreldresamtalar vil også vera vurderingssamtalar. Elevar og foreldre vil få tilbakemelding på måloppnåing i forhold til fagmål i læreplanen og i orden og oppførsel. Foreldremøte er ein viktig arena for samarbeidet mellom heim og skule. Det må arbeidast kontinuerleg for å heve deltakinga på alle trinn. Læringsplattformen It`s learning må vidareutviklast som kjelde for både informasjon og læring. LÆRINGSMILJØ INVESTERING Dusjanlegget i kroppsøvingsavdelinga har på nytt fått fuktskader og må ha ny overflatebehandling. Skulebygget på Glitrehaug krev stadige reparasjonar for ikkje å vera helseskadeleg for elevar og tilsette. Dette gjeld først og fremst reparasjonar av vass-lekkasjer og stadige reparasjonar på fyringsanlegg for å sikre ein leveleg temperatur om vinteren.

Administrasjonen må halde fram arbeidet med effektivisering og kvalitetssikring av det administrative arbeidet. Fagsystemet Oppad er no utvikla til å kunne handtere sensitive elev-opplysningar. Neste steg må vera å implementere timeplanleggjing i systemet. Godt kvalifiserte lærarar er grunnlaget for ein god skule. Kommunen må utvikle eit system for å sende lærarar på lønna vidareutdanning kvart år. 5 DRIFT Gol skule får stadig større elevkull. Ansvaret for kontaktlærarfunksjonen bør delast på 3 lærarar på kvart trinn, slik at ikkje byrdene med å følgje opp kvar enkelt elev blir for store. Dette bør gjerast for å behalde og rekruttere nye lærarar ved skulen. Dersom Glitrehaug skal oppretthaldast som avdeling for 1. og 2.klasse, må skulen tilførast ein administrasjonsressurs på min. 25 % til dette. Åtferdsprosjektet for Hallingdal vil halde fram som eit satsingsområde. Skulen arbeider med kompetanseheving for personalet (ART) og intensiverer arbeidet med haldningar for god åtferd blant elevane. Arbeidet er finansiert gjennom skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Kunnskapar om skikk og bruk på internett blir stadig viktigare for barn og ungdom. Skulemiljø-utvalet ynskjer å arbeide for å forbygge mobbing og dårleg språkbruk på internett og SMS. Gol skule har frå hausten 2011 innført Trivselsprogrammet. Programmet er eit verktøy for å styrke trivsel og aktivitet i friminutta. Arbeidet med rekruttering av godt kvalifiserte lærarar må halde fram. Gol kommune må vera ein pådrivar i arbeidet for ei desentralisert lærarutdanning. For å imøtekoma behovet for etter-og vidareutdanning blant lærarane må skulen sikrast tilstrekkelege vikarressursar. SFO INVESTERING SFO må ha eit forsvarleg varslingssystem for brann. Varmtvannsbereder for SFO og kulturskulen bør skiftast ut. DRIFT Alle barn som har behov for det, bør kunne gå på SFO. Satsar for foreldrebetaling bør vera omtrent på landsgjennomsnittet. SFO følgjer skuleåret med 190 opningsdagar. Dette er det lovpålagte tilbodet. Eit skulefritidstilbod i privat /frivillig regi, IFO, har ope i alle skuleferiane og dette tilbodet er også tilgjengeleg for SFO-barna. Barn med spsial-pedagogisk behov må ha ein ekstra vaksenperson som følgjer dei. SFO ynskjer å vidareutvikle samarbeidet med kulturskulen. Midlar frå Den kulturelle skulesekken vil kunne finansiere ulike samarbeidsprosjekt. Vedtektene for skulefritidsordninga i Gol bør reviderast med tanke på effektivisering.

Økonomiplan 2014 2017 6 VIDAREFØRING AV NOVERANDE RAMMER LØNN Tal frå Skoleporten.no viser tal over ressursenbruken til den enkelte skulen samanlikna med tal for heile kommunen, fylket og resten av landet. Talet på elevar per årsverk til undervisning Talet på elevar per assistentårsverk i undervisning Talet på assistentårsverk per hundre lærarårsverk Gol skule Gol kommune Buskerud Nasjonalt 13,6 12,1 12,8 12,3 58,5 67,9 65,1 72,6 21,2 16,7 17,4 14,9 Tala viser at Gol skule har store grupper /klassar samanlikna med andre Gol skule har utstrekt bruk av assistentar i opplæringa. Mykje av det spesialpedagogiske tilbodet blir løyst ved bruk av assistentar i oppgåver som omhandlar aktivisering og tilsyn. DRIFT Driftspostane omfattar alt som ikkje er lønn og som ikkje går på drift og vedlikehald av bygningar og uteanlegg. Dei samla driftspostane for skulen og SFO er på 1 014 000 kroner. Fordelt på 320 elevar utgjer dette 3170 kroner per elev. Denne summen skal dekkje alt frå lærebøker, forbruksmateriell til praktisk-estetiske fag, utstyr og inventar, datamaskiner og anna digitalt utstyr, kontormateriell og kompetanseheving for dei tilsette. Det skal også dekkje skyss til SFO for Herad-elevane og buss-skyss på skiturar. Skulen minnar om at midlar til ekskursjonar vart tatt ut ved innsparing i 2010, og har ikkje kome inn att. Skulen har vanskeleg for å halde seg innanfor budsjettsummane til drift. Ofte har auka utgifter her blitt saldert opp mot ledige lønnsmidlar når det ikkje har vore mogleg å skaffe vikar ved t.d. sjukdom. Post 13 500 Kjøp frå andre kommunar er ein uforutsigbar post. Det skal her posterast kostnader til skulegang for elevar frå Gol som er fosterheimsplassert i andre kommunar. Talet på desse elevane har auka i Gol som i resten av landet, og skulen må rekne med nye krav om refusjonar til desse elevane. Når det gjeld behov for midlar til investeringar som gjeld skulebygget, vil desse ikkje lenger vera blant dei prioriterte tiltaka frå Gol skule. Det blir vist til økonomiplan 2012-2015 for konkretisering av desse tiltaka. Det blir her forutsett at kommunen vedtar bygging av ny skule. Dersom dette ikkje skulle bli vedtatt, må det som tidlegare nemnt gjerast betydelege investeringar på skulebygget. Skulens prioriteringar for nye tiltak, vil derfor kun gjelde lønn og utstyr.

7 INVESTERING Gol skule sitt framlegg: Budsjettkapittel Nye tiltak og endringar 2014 2015 2016 2017 3111.2021 1. IKT 260 260 260 260 2 Innkjøp av tilleggsmodul til skuleadm. 10 system 3 Naturfagsutstyr 20 20 Kommentar til investeringstiltak i økonomiplanperioden 2012 2015 3111.2021 Grunnskuleopplæring 1. Det må skje ei årleg utskifting av IKT maskinvare.for å unngå å få eit etterslep som vi no opplever, må det kvart år kjøpast inn ca 30 nye maskiner. Det er då rekna med ei levetid på 3 år per bærbar PC og ein dekningsgrad på 1 PC per 3 elevar. Midlar til gradvis utskifting av bærbar PC for lærarar og supplering av utstyr som printerar og prosjektorar er også lagt inn i denne prisen. DRIFT - Gol skule sitt framlegg: Budsjettkapittel Nye tiltak 2014 2015 2016 2017 3111.2021 1 3 kontaktlærarar på alle trinn 258 258 258 258 2. Auka timeressurs for betre tilpassa opplæring: 3-deling i norsk, matematikk og engelsk for kull på 45 elevar og meir. 1300 1300 1300 1300 3 Leksehjelp 5.-7. kl. 25 25 25 25 4. Timar til spesialundervisning 500 500 500 500 5. Vikarutgifter i samband med Felles Løft 20 20 20 20 Kommentar til driftstiltak i økonomiplanperioden 2014-2017 3111.2021 Grunnskuleopplæring 1 Midlar til 3 kontaktlærarar på alle trinn er utrekna med utgangspunkt i følgjande: 6 nye kontaktlærarar ( 1. klasse har alt 3 ) 1 veketime à 25000 kroner til kontaktlærarfunksjonen til kvar av desse. 18 000 kroner i godtgjersle for kontaktlærarfunksjon i små klassar. 2 3-deling av store kull ( 45 elevar eller meir) i norsk, matematikk og engelsk medfører 52 lærartimar meir i veka ( 13 timar X 4 trinn). I vektime kostar i snitt 25 000 kroner årleg. 3 Leksehjelp for elevar på mellomtrinnet er tenkt løyst ved hjelp av 2 assistentar ein ettermiddag i veka. Dette vil gi hjelp med leksene til dei elevane som treng det aller mest. 4 Gol skule har store vanskar med å oppfylle dei sakkyndige tilrådingane om spesialundervisning frå PPT. For skuleåret 2014-2015 manglar skulen ca 20 veketimar for å oppfylle tilrådingane. Gapet mellom tilrådingar og skulens tilbod kan føre til klage på enkeltvedtak om spesialundervisning. 5 Felles Løft for tidleg innsats er eit felles satsingsområde for alle skulane i Hallingdal. Vikarutgifter i samband med satsinga vil vera på om lag 20 000 kroner.

3111.2151 SFO 8 SFO har per 1.juli 2013 53 påmeldte elevar. Som regel kjem det fleire påmeldingar i august. 5 av dei påmeldte er elevar med spesial-pedagogiske behov. Det må som regel vera 1 ekstra vaksen for kvar av desse barna. Til samanlikning har IFO 40 påmeldte frå skulestart. Ved å samanlikne gebyrsatsar for SFO med andre kommunar, finn ein at Gol ligg høgt samanlikna med andre Hallingdalskommunar, men at fleire andre kommunar i Buskerud ligg like høgt eller høgare. Kostra-tal for korrigerte brutto driftsutgifter til SFO per kommunal brukar viser at Gol kommune ligg høgt her, også samnlikna med andre Hallindalskommunar. Satsar for brukarbetaling med 4% auke vil bli. Alternativ I: 0 6 t/v aukar til 1100 kr/mnd ( 2013-1060 kr/mnd ) Alternativ II 7 10 t/v aukar til 1810 kr/mnd ( 2013-1740 kr/mnd ) Alternativ II 11 16 t/v aukar til 2080 kr/mnd (2013-2000 kr/mnd) Alternativ IV 17 25 t/v aukar til 2600 kr/mnd ( 2013-2500 kr/mnd ) Betalingssatsar for kjøp av enkeltdagar vil bli 230 kr. for heil dag. Betalingssatsar for kjøp av enkeltdagar vil bli 115 kr. for halv dag. For barn som ikkje har ordinær SFO-plass, vil satsen bli 270 kr for dagen. Ingebjørg By Teigen

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3111-001 Prioritetsnr. 1 innan avdelinga: Ansvar/teneste: 3111/2021 Tiltak(beskriving Gol skule innkjøp av IKT-utstyr nøkkelord): Henvisning lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 11000 12999 260.000 260.000 260.000 260.000 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Det må skje ei årleg utskifting av IKT maskinvare.for å unngå å få eit etterslep som vi no opplever, må det kvart år kjøpast inn ca 30 nye maskiner. Det er då rekna med ei levetid på 3 år per bærbar PC og ein dekningsgrad på 1 PC per 3 elevar. Midlar til gradvis utskifting av bærbar PC for lærarar og supplering av utstyr som printerar og prosjektorar er også lagt inn i denne prisen. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3111-002-POS Prioritetsnr. 2 innan avdelinga: Ansvar/teneste: 3111/2021 Tiltak(beskriving Gol skule tilleggsmodul skuleadm.system nøkkelord): Henvisning lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 11000 12999 10.000 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3111-003-POS Prioritetsnr. 3 innan avdelinga: Ansvar/teneste: 3111/2021 Tiltak(beskriving Gol skule - Naturfagutstyr nøkkelord): Henvisning lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 11000 12999 20.000 20.000 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3111-004-POS Prioritetsnr. 4 innan avdelinga: Ansvar/teneste: 3111/2021 Tiltak(beskriving Gol skule 3 kontaktlærarar på alle trinn nøkkelord): Henvisning lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 258.000 258.000 258.000 258.000 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Midlar til 3 kontaktlærarar på alle trinn er utrekna med utgangspunkt i følgjande: 6 nye kontaktlærarar ( 1. klasse har alt 3 ) 1 veketime à 25000 kroner til kontaktlærarfunksjonen til kvar av desse. 18 000 kroner i godtgjersle for kontaktlærarfunksjon i små klassar. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3111-005-POS Prioritetsnr. 5 innan avdelinga: Ansvar/teneste: 3111/2021 Tiltak(beskriving Gol skule Auka timeressurs for betre tilpassa opplæring: 3-deling i norsk, nøkkelord): matematikk og engelsk for kull p å 45 elevar og meir Henvisning lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 1.300.000 1.300.000 1.300.000 1.300.000 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: 3-deling av store kull ( 45 elevar eller meir) i norsk, matematikk og engelsk medfører 52 lærartimar meir i veka ( 13 timar X 4 trinn). I vektime kostar i snitt 25 000 kroner årleg. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3111-006-POS Prioritetsnr. 6 innan avdelinga: Ansvar/teneste: 3111/2021 Tiltak(beskriving Gol skule Leksehjelp 5 7. klasse nøkkelord): Henvisning lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 25.000 25.000 25.000 25.000 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Leksehjelp for elevar på mellomtrinnet er tenkt løyst ved hjelp av 2 assistentar ein ettermiddag i veka. Dette vil gi hjelp med leksene til dei elevane som treng det aller mest. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3111-007-POS Prioritetsnr. 7 innan avdelinga: Ansvar/teneste: 3111/2021 Tiltak(beskriving Gol skule Timar til spesialundervisning nøkkelord): Henvisning lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 500.000 500.000 500.000 500.000 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Gol skule har store vanskar med å oppfylle dei sakkyndige tilrådingane om spesialundervisning frå PPT. For skuleåret 2014-2015 manglar skulen ca 20 veketimar for å oppfylle tilrådingane. Gapet mellom tilrådingar og skulens tilbod kan føre til klage på enkeltvedtak om spesialundervisning. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3111-008-POS Prioritetsnr. 8 innan avdelinga: Ansvar/teneste: 3111/2021 Tiltak(beskriving Gol skule Vikarutgifter i samband med Felles løft nøkkelord): Henvisning lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 20.000 20.000 20.000 20.000 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Felles Løft for tidleg innsats er eit felles satsingsområde for alle skulane i Hallingdal. Vikarutgifter i samband med satsinga vil vera på om lag 20 000 kroner. På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

Gol kommune Internt notat Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: 28.06.2013 Fra: Harald Sundsøy Referanse: 13/01913-7 Kopi: Hege Mørk/Rådmannen Handlingsprogram og økonomiplan 2014-2017 Herad skule 2.3.2 HERAD SKULE MÅL 2014-2017 Herad skule sine mål er identiske med Mål for skulen i Gol, vedtatt i Kommunestyret 27.03.07, K-sak 10/07. Tal frå statistisk sentralbyrå (Kostra-tall) viser at Gol kommune brukar relativt små ressursar på grunnskuleopplæring.i Kostra-systemet er kommunane delt inn i 16 grupper basert på folkemengde og økonomisk rammevilkår. Gol er i Kostragruppe 2. Følgjande nøkkeltal frå 2012 viser ressursbruk og elevgrunnlag i Gol samanlikna med snittet i kommunegruppe 2. Samanlikningsområde Grunnskulen i Gol Kommunegruppe 2 Brutto driftsutgifter i kroner per elev 86 840 kr 102 041 Netto driftsutgifter i % av kommunens samla netto 21,3 % 24,0 % driftsutgifter Delen av elevar som får spesialundervisning 8,3 % 11,1 % Elevar med miniritetsspråkleg bakgrunn og behov for 11,9 % 7,4 % særskilt norskopplæring Gjennomsnittleg gruppestorleik 1.-10.trinn (tal elevar per lærar) 13,2 elevar 13,7 elevar

Handlingsprogram 2014-2017 2 Herad skule LÆRINGSUTBYTE INVESTERING Skulen må ha gode og oppdaterte lærebøker. Styrking av basisfaga på dei lågaste trinna medfører større behov for lærebøker. For å styrke undervisninga og gje betre læringseffekt i matematikk og naturfag, trengst det mykje konkretiseringsmateriell på alle trinn. Tidleg innsats for god språkutvikling og sosial utvikling må vere eitt av skulen sitt satsingsområde. Felles Løft for tidleg innsats i Hallingdal er eit samarbeidsprosjekt for alle Hallingdalskommunane både når det gjeld barnehage og skule. Prosjektet starta med barnehagane i 2010 og er vidareført til skulane i 2013. Skulen må fornye og byte ut digitalt utstyr for å styrke alle faga med særleg vekt på basisfaga og naturfag. Moderne utstyr og programvare er difor heilt nødvendig. DRIFT Læringsutbytet til elevane i lesing og matematikk blir jamnleg kartlagt. SOL (Systematisk observasjon av lesing) er innført på alle trinn. Elevar med spesial-pedagogiske behov må sikrast eit likeverdig opplæringstilbod. Det må utarbeidast eit system for tildeling av ressursar til desse elevane. Herad skule har hatt ein auke i elevar som treng spesialpedagogisk hjelp dei siste åra. For å gi dei det tilbodet dei har krav på, arbeider skulen aktivt med tilretteleggjing av tilbodet for desse elevane. Språkutviklingsplan 0-16 år for Gol kommune skal vere eit verktøy for å kvalitetssikre norskopplæringa på alle trinn. Datanettverk og digitalt utstyr må driftast og vedlikehaldast på ein forsvarleg måte utan at det går ut over timeressursen til elevane. Herad skule står no utan personell med særskild IKT-kompetanse. Det har vore arbeidd aktivt med å skaffe denne kompetansen utan å lukkast. Ein må difor vurdere ei tilknyting til HD-nett på line med dei andre skulane i kommunen. Likeeins må det arbeidast for at kommunen skal drifte maskinparken. Fysisk aktivitet er forskriftsfesta for elevar på mellomtrinnet frå og med skuleåret 2009/2010. På Herad skule får alle elevar frå 3.-7.årstrinn dagleg fysisk aktivitet. Elevane skal ha tilgang til kulturelle opplevingar som til dømes konsertar, teaterframsyningar og utstillingar. Tilknytning til Den kulturelle skulesekken vil sikre elevane tilbod av høg kvalitet og samtidig gi ei god finansieringsordning. Leirskule og ekskursjonar bør vere ein del av skulens undervisningstilbod.

LÆRINGSSTRATEGIAR 3 INVESTERING Herad skule arbeider vidare med SOL. Skulen vil investere i fleire læremiddel til eit SOL-bibliotek. Bruk av digitale læremiddel styrkar læringa for dei fleste elevar. God programvare tilrettelagt for den enkelte elev vil og gje elevar med lærevanskar større moglegheiter for læring. DRIFT SOL (Systematisk observasjon av lesing) er eit godt og nyttig verktøy for å kartlegge leseutviklinga til elevane. Det gjev og konkrete og gode tilbakemeldingar til elevar og foreldre. Skulen held fram med EYLP stasjonsundervisning i den fyrste lese- og skriveoppæringa (1. 3. trinn). Det er viktig for alle i Gol at det blir skapt ein kultur for læring. Herad skule vil skape desse haldningane til læring gjennom mellom anna: - god og variert undervisning - undervisning og lekser mest mogleg tilpassa den enkelte elev - god tilgang på ulike læremiddel - ein elevsamtale (samtale med lærar) kvar tredje veke for kvar elev - stille krav om god arbeidsinnsats - tett foreldresamarbeid - godt og trygt miljø. Læringsplattforma It s learning må vidareutviklast som kjelde for både informasjon og læring. Lekser er eit viktig virkemiddel for å lære gode arbeidvanar. Lekser skal vere repetisjon av innlært lærestoff, utanåtlæring og ikkje minst lesetrening. Frå og med hausten 2010 vart det bli innført rett til leksehjelp for 1. 4.trinn. Midlar til dette er lagt inn i rammetilskotet, og leksehjelpa blir utført av assistent.

4 LÆRINGSMILJØ INVESTERING Herad skule framstår i dag som eit funksjonelt og godt vedlikehalde skulebygg. Dersom kommunen vel å behalde skulestrukturen slik den er i dag, vil det likevel vere behov for store utbyggingar og utbetringar for å framstå som ein moderne og fullt utbygd skule: - Fullføring av byggjesteg 2 gymsal ved Herad skule - Fullføring av byggjesteg 2 spesialrom for faget mat&helse - Tilbygg med nytt klasserom - Tilbygg med gruppe/spesialrom for å gje eit godt nok tilbod til det aukande talet på elevar med behov for spesialpedagogisk hjelp - Nytt ventilasjonsanlegg. Nødvendig vedlikehaldsarbeid elles: - Solskjerming på langsida mot R7 - Gjerding/reparasjon av gjerde rundt heile skulen - Reparasjon av port ved nedre inngang - Beising. DRIFT Arbeidet med rekruttering av godt kvalifiserte lærarar må halde fram. Gol kommune må vere ein pådrivar i arbeidet for ei desentralisert lærarutdanning. For å imøtekome behovet for etter- og vidareutdanning blant lærarane, må skulen sikrast tilstrekkeleg med vikarressursar. Åtferdsprosjektet for Hallingdal vil halde fram som eit satsingsområde. Skulen arbeider med kompetanseheving for personalet (ART) og intensiverer arbeidet med haldningar for god åtferd blant elevane. Arbeidet er finansiert gjennom skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Kunnskapar om skikk og bruk på internett blir stadig viktigare for barn og ungdom. Skulemiljøutvalet ønskjer å arbeide for å forbygge mobbing og dårleg språkbruk på internett og SMS. Arbeidet med rekruttering av godt kvalifiserte lærarar må halde fram. Gol kommune må vere ein pådrivar i arbeidet for ei desentralisert lærarutdanning. For å imøtekome behovet for etter-og vidareutdanning blant lærarane må skulen sikrast tilstrekkelege vikarressursar. Drift av datanettverket for elevar vil måtte samordnast for heile regionen.

Økonomiplan 2014 2017 5 INVESTERING Herad skule sitt framlegg: Budsjettkap. Nye tiltak og endringar 2014 2015 2016 2017 Utbyggjing av skulekjøkken (ikkje prissett) Utbyggjing av kroppsøv avd. (ikkje prissett) Klasserom og grupperom (ikkje prissett) Solskjerming mot rv.7 75 Kommentar til investeringstiltak i økonomiplanperioden 2014 2017 3112.2221: Alle tiltak til innvendig og utvendig renovering og oppussing må sjåast opp mot planar om å bygge ny skule. DRIFT Herad skule sitt framlegg : Budsjettkap. Nye tiltak og endringar 2014 2015 2016 2017 3112.2021 Kompetanseheving i samband med innføring av Felles løft.(vikarressurs) 15 Jf eige skjema. Kommentar til driftstiltak i økonomiplanperioden 2014 2017 Kompetanseheving medfører mykje fråvær. Innføring av det nye prosjektet i Hallingdal, Felles løft for tidleg innsats fordrar at skulen må setje inn vikarressurs for at kompetansen skal kunne innførast. I tillegg til anna fråvær som sjukdom og sjuke barn, vil dette medføre bortfall av undervisningstilbod dersom det ikkje kan setjast inn vikar. Skulen har per i dag ingen vikarressurs. Harald Sundsøy

BUDSJETTSKJEMA DRIFTSKONSEKVENSAR NYE DRIFTSTILTAK Tiltaknr.: D3112-001-POS Prioritetsnr. 1 innan avdelinga: Tiltak(beskriving Auka ressurs til spesialundervisning prosjektet er finansiert hausten 2013 nøkkelord):: Ansvar/teneste: 3112/2021 Henvisning Opplæringslova 5-1 lovverk: Art/År 2014 2015 2016 2017 Totalt: DRIFT (BRUTTO): 10000 10999 350.000 11000 12999 13000 13999 14000 14999 16000 16999 17000 17999 18000 18999 Kort beskriving av tiltaket: Tiltaket er ei fortsetting av nytt tiltak som vart satt i gong for skuleåret 2013 2014 og er 7/12- verknad for 2014 På kva for måte kan tiltaket få ekstern støtte kva med bindingar: På kva for måte kan tiltaket redusere driftsutgiftene (effektivisering): Beskriv eventuelle konsekvensar for statlege målsettingar framlegg til endring: Beskriv eventuelle konsekvensar for målsettingane i samfunnsdelen framlegg til endring: Beskriv organisatoriske utfordringar og framlegg til korleis dei kan løysast:

Handlingsprogram og økonomiplan Gol ungdomsskule Handlingsprogram 2014-2017 FELLES FOR GRUNNSKULANE I GOL RESSURSBRUK FOR GRUNNSKULEN I GOL Tall frå statistisk sentralbyrå (Kostra-tall ) viser at Gol kommune brukar relativt små ressursar på grunnskuleopplæring.i Kostra-systemet er kommunane delt inn i 16 grupper basert på folkemengde og økonomisk rammevilkår. Gol er i Kostragruppe 2. Følgjande nøkkeltal frå 2012 viser ressursbruk og elevgrunnlag i Gol samanlikna med snittet i kommunegruppe 2. Samanlikningsområde Grunnskulen i Gol Kommunegruppe 2 Brutto driftsutgifter i kroner per elev 86 840 kr 102 041 Netto driftsutgifter i % av kommunens samla netto driftsutgifter 21,3 % 24,0 % Delen av elevar som får spesialundervisning 8,3 % 11,1 % Elevar med miniritetsspråkleg bakgrunn og behov for særskilt norskopplæring 11,9 % 7,4 % Gjennomsnittleg gruppestorleik 1.-10.trinn (tal elevar per lærar) 13,2 elevar 13,7 elevar SKULEBYGG OG SKULEANLEGG Alle grunnskulane i Gol har behov for omfattande rehabilitering. Gol skule og Gol skule Glitrehaug har behov for rehabilitering og påbygg. Dette er beskrive og dokumentert i fleire politiske saker. Glitrehaug er mellombels løysing på tiande året. Arbeidtilsynet gjennomførte i september 2011 tilsyn vedrørande sikring av vedlikehald og tilfredsstillande inneklima på Gol skule og SFO og ungdomsskulen. Det vart avdekka mangelfull ventilasjon i kroppsøvingssal på Gol skule og på SFO.Dette er no utbetra. Vidare vart det påpeikt svært dårlege lærararbeidsplassar. Glitrehaug vart opplevd som dårleg tilpassa undervisningsformål Som heilheitleg vurdering skriv Arbeidstilsynet: Gol kommune har langt på vei tatt et viktig val for den fremtidige skolestrukturen. Arbeidet med en ny 1-10-skole er etter Arbeidstilsynets vurdering et stort løft, og vi legger dette arbeidet til grunn når vi har vurdert hvilke videre konklusjoner som trekkes etter dette tilsynet.

Gol ungdomsskule manglar undervisningsrom og grupperom, ikkje minst til spesialundervisning. Skuleåret 2013 2014 er det 186 elevar ved Gol ungdomsskule. På alle trinn er det per 01.08.13 over 60 elevar. Det er her naudsynt med ei tredeling av trinna. Vi har for få klasserom og kun 5 klasserom det er plass til store klassar, over 25. Skulen er ikkje tilfredsstillande tilrettelagt for funksjonshemma og har ikkje eige stellerom for elevar med spesielle behov. Rullestolbrukarar har ikkje tilgjenge til alle undervisningsrom. Spesialromma og personalrommet må rehabilterast. Skuleåret 2013 2014 har skulen 3 klassar på kvart trinn(delingstal på 30). Skulen er tilrettelagt for to klassar på kvart trinn. Herad skule manglar kroppsøvingssal, tilfredsstillande undervisningsrom i faget mat og helse, eitt klasserom og fleire grupperom. Læringssenteret Gol vaksenopplæring driv undervisning i det gamle kommunehuset på dispensasjon i påvente av avklaring om det ved bygging av ny skule blir frigjeve eigna lokale som kan takast i bruk. Dersom Gol kommune vel å ikkje byggje 1-10-skule i løpet av 1-2 år, må rehabiliterings- og utbyggingsarbeidet ved dei fire skulebygga setjast i gang, og det må skaffast ny og føremålstenleg tilhaldsstad for Gol vaksenopplæring med ein gong. Gol skule har om lag 325 elevar. Med auke i elevtal (60 elevar x 7 klassar) og arealnorm på 18 m2 (erfaringstal ombygging) kan det bety ein kostnad på rundt 130 mill kroner. Då er behova ved Herad skule, Gol ungdomsskule og Gol vaksenopplæring ikkje løyste. I Økonomiplan 2014-2017 må det setjast av midlar både til planarbeid knytta til skuleanlegget og til arbeid knytta til pedagogisk plattform og organisering av den nye skulen. IKT Hausten 2012 vart IKT-skoleprosjektet iverksett i Gol kommune. Skulane får no ein felles standard å halde seg til når det gjeld maskinvare og infrastruktur/ teknisk løysing. Ei av målsetjingane for prosjektet er å få til ei meir rasjonell drift for IKT-Hallingdal. For dei tre grunnskulane i Gol kommune medfører dette store investeringar i fyrste rekke på maskinvare. HANDLINGSPROGRAM Gol ungdomsskule 2014-2017 Gol ungdomsskule sine mål er identiske med Mål for skulen i Gol, vedteke i kommunestyret. LÆRINGSUTBYTE INVESTERING Skulen treng gode og oppdaterte lærebøker i alle fag. Utskiftinga av bøker må halde fram slik at

alle fag har bøker godkjent etter L 06. Skulen vil halde fram med å nytte digitale lærebøker i nokre få fag, t.d. norsk. IKT investeringar; viser her til investeringsplan for skulen. Gol ungdomsskule har bærbare pc ar til alle elvane ved skulen. Årleg må det skiftast ut med om lag eitt klassesett i året, ca 25 maskiner, i tillegg til 3-5 bærbare lærermaskiner. Digitalt utstyr er ein føresetnad for gode grunnleggjande ferdigheiter i bruk av digitale verktøy. Innføring av valfag på to av tre steg på ungdomstrinnet vil medføre at elevane aukar timetalet med ½ time i veka. I praktiske fag ligg det føringar på å dele elevane i grupper på om lag 15. Frå hausten 2013 vil det seie at auka lærarressurs med 2 veketimar/76 årstimar. Kursing for kompetanse innan programområda vi har valt vil framleis vere naudsynt Til realfaga trengst det ekstra innkjøp av læremiddel. Emnet teknologi og design føreset bruk av oppdaterte dataprogram. I tillegg er det behov for ekstra rom med mulegheit for å installere vaskemaskin. Skulen treng å få prosjektørar i installert i alle klasserom. Det er investert i 3 digitale tavler, og det har vore intern kursing i bruk av Smarboard i undervisning. Gol ungdomsskule arrangerar årleg idrettsarrangementet «Hallingdalsleikane» på HAllingmo. Dette krev vedlikehald og utbetring av løpebane, for konkurransar. DRIFT Gode kunnskapar i faga krev utstrekt tilpassa opplæring. Skulane treng godt kvalifiserte lærarar. Krav til fagutdanning har endra seg over tid, og kommunen bør leggje til rette for at minst to lærarar kan få permisjom med lønn for å ta vidareutdanning i fag skulen treng. Dette gjeld særskilt faga; matematikk, norsk, engelsk og spesialpedagogikk. Læringsutbytet til elevane vert jamnleg kartlagt gjennom bruk av karakterar på testar og nasjonale prøvar, eksamen og andre prøvar. Gol ungdomsskule har Vurdering for læring (Vfl) som satsingsområdet fram til hausten 2014. Alle ungdomsskulane i dalen deltek i satsinga og skal har god undervegsvurdering og betre vurderingspraksis som mål. Lærarane ved deltakarskulane skal gjennom satsing frå utdanningsdirektoratet få auka kompetansen i og forståing for vurdering som reiskap før læring. Satsinga er regionalt organisert. Det er berre ein ungdomsskule i kvar kommune. Berre nokon av kommunane har med barneskular i satsinga. Vurdering for læring vil likevel vera tema på alle kommunale skuleleiarmøte. Elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn må sikrast gode kunnskapar i grunnleggjande norsk. Det er spesielt viktig der elevane kjem til Gol i ungdomsskulealder. Elevar med spesialpedagogiske behov må sikrast eit likeverdig opplæringstilbod. Det må utarbeidast eit system for tildeling av ressursar til desse elevane. Ressursane bør fylgje elevane ved overgang mellom skulane. For skuleåret 2012-2013 har 16 elevar fått tilråding om spesialpedagogiske tiltak. Dette utgjer ca 10 % av elevtalet. Gol ungdomsskule er med på kommunen si satsing på å verte miljøfyrtårn. Det vert lagt opp til bevisstgjering av energiøkonomiering og avfallshandtering i samarbeid med elevråd og personale. Elevane skal ha tilgang til kulturelle opplevingar som til dømes konsertar, teaterframsyningar og

utstillingar. Tilknytning til Den kulturelle skulesekken vil sikre elevane tilbod av høg kvalitet og samtidig gi ei god finansieringsordning. Ekskursjonar bør vera ein del av skulens undervisningstilbod. LÆRINGSSTRATEGIAR INVESTERING Skulen satsar på å ha godkjende lærebøker i alle fag frå og med dette året. I tillegg skal det satsast på å ha varierte konkretingsmateriell spesielt i natur og miljøfag. Drifting av elevmaskinar er relativt kostbart. Det vert jobba for at elevane skal få kvar sin datamaskin når dei startar på ungdomsskulen. Kostnaden vil vere om lag 150 000 kroner kvart år for å nå denne målsetjinga. DRIFT Det er viktig å skape kultur for god læring på skulen. Det vil Gol ungdomsskule fremje gjennom god og variert opplæring tilpassa den enkelte elev, gi elevane eit trygt og godt arbeidsmiljø i tillegg til å stille krav om god arbeidsinnsats. Satsing på etterutdanning av personalet innan tema Vurdering for læring og matematikk Gjennomføre minst to utviklingssamtalar i året med kvar elevog føresette- for dialog om eleven si utvikling. Elevar og foreldre vil få tilbakemelding på måloppnåing i forhold til fagmål i læreplanen og i orden og åtferd Gjennomføre minst to elevsamtalar i året der eleven og læraren ser på eleven sine utviklingsmulegheiter. Elevsamtalar er eit viktig verktøy for elevvurdering, både summativ og formativ, for ei bevisstgjering om eiga læring. Likeins som ei kartlegging av det psykososiale arbeidsmiljøet til eleven. Ha eit oppplegg for godt foreldresamarbeid. Ha god deltaking på foreldremøta. LÆRINGSMILJØ INVESTERING Skulen treng fleire klasserom/grupperom/lærararbeidsplassar. Vidareutvikle fagsystemet Oppad som vil vere med å effiktivisere og kvalitetssikre administrativt arbeid for administrasjon og lærarar. Skulen ynskjer å bruke OPPAD i alt vurderingsarbeid knytta til elevane. Godt kvalifiserte lærarar er grunnlaget for ein god skule. Kommunen må utvikle eit system for å sende lærarar på lønna vidareutdanning kvart år. Det må vere seit godt system for lønna vidareutdanning av læarar.

DRIFT Gol ungdomsskule får dei neste åra r stadig større elevkull. Gol ungdomsskule ynskjer å halde fram med å kunne ha 2 kontaktlærararar pr. klasse over 20 elevar, slik at ikkje byrdene med å følgje opp kvar enkelt elev blir for store. Dette bør gjerast for å behalde og rekruttere nye lærarar ved skulen. Satsing på betre ferdigheter i norsk, engelsk og matematikk. Dette krev betre tilpassa opplæring og ein tydelegare vurderingsspraksis(vfl). Erfaring viser at det i desse faga er viktig med høveleg gruppestorleik i desse faga, slik at kvar einskild elevfår tilfredsstillande fagleg oppfølging. Halde fram med satsing på på fysisk aktivitet og il@lkulen som eit tilbod til elevane. Halde fram med haldningskapande arbeid via MOT programmet Jobbe for å implementere Gol ungdomsskule sin Handlingsplan mot mobbing endå tydelegare enn det no er. Innarbeide ART som ein naturleg del av drifta ved skulen. Gol ungdomsskule utvikla hausten 2010 ein ny Handlingsplan mot mobbiing gjeldande for skulen. Dette eit kontinuerleg satsingsområde og vektleggjing av det førbyggjande arbeidet mot mobbing. Det må jobbast for å rekruttere godt kvalifisert lærarar ved tilsetjingar. Arbeidet med rekruttering av godt kvalifiserte lærarar må halde fram. Gol kommune må vera ein pådrivar i arbeidet for ei desentralisert lærarutdanning. For å imøtekoma behova for vidare- og etterutdanning må skulen sikrast tilstrekkeleg vikarressurs. Økonomiplan 2014-2017 VIDAREFØRING AV NOVERANDE RAMMER LØNN Tal frå Skoleporten.no viser tal over ressursenbruken til den enkelte skulen samanlikna med tal for heile kommunen, fylket og resten av landet. Talet på elevar per årsverk til undervisning Talet på elevar per assistentårsverk i undervisning Talet på assistentårsverk per hundre lærarårsverk Gol ungdomsskule Gol kommune Buskerud Nasjonalt 10,2 12,1 12,8 12,3 62 67,9 65,1 72,6 14,6 15,7 15,5 14,2 Tala viser at Gol sungdomsskule ligg noko under landssnittet for fylke og nasjonalt når det gjeld elevar pr årsverk til undervisning. Skulen har liten bruk av assistentar i opplæringa. Mykje av det spesialpedagogiske tilbodet blir løyst ved tilpassa opplæring og deling i mindre undervisningsgrupper i faga; matematikk,

norsk, naturfag og engelsk. I tillegg må vi ha deling i praktiske fag fordi spesialrom er for små til store klassar på 30 elevar. Dei samla driftspostane for Gol ungdomsskule er 1 238 000. Driftsutgifter pr. elev er ved Gol ungdomsskule er 6656 kroner per elev. Denne summen skal dekke bærbar pc og anna digitalt utstyr, lærebøker inventar, kontormateriell,kompetanseheving for tilsette, skyss, utgifter med ekskursjonar, valfag for 8. og 9. trinn. Skulen har vanskeleg for å halde seg innanfor budsjettsummane til drift. Ofte har auka utgifter her blitt saldert opp mot ledige lønnsmidlar når det ikkje har vore mogleg å skaffe vikar ved t.d. sjukdom. INVESTERINGAR Gol ungdomsskule sitt framlegg: Budsjettkap. Nye tiltak og endringar 2014 2015 2016 2017 3114 2021 Nye lærebøker i samband med Kunnskapsløftet. 100 100 80 80 IKT investeringar 200 200 200 200 Utstyr til gjennomføring av valfag 40 60 60 60 Realfagsutstyr 30 10 10 10 Oppgradering av kvitevarer til skulen 10 10 10 10 3114 2221 Måling av korridorar og undervisningsrom 10 10 10 10 Utskifting av vindauge 500 500 Solskjerming i undervisningsrom 100 100 Opprusting av personalavdeling m/toalett 50 50 50 Renovering av elev-toalett 100 Grupperom 50 20 20 20 Lettveggar 50 50 Avtrekk lakkrom 20 Ventilasjon i klasserom 300 300 Kommentar til investeringstiltak i økonomiplanperioden 2014-2017 All renovering og vedlikehald på bygningane må sjåast opp mot planar om bygging av ny skule på Gol. Gol ungdomsskule har eit plassproblem. Vi har små og for få klasserom til elevane. Vi har kun 3 grupperom. Det må skje ei årleg utskifting av IKT maskinvarer. Kvar år må vi kjøpe inn eitt klassesett(25 maskiner) per skuleår Skulen treng nye prosjektorar

DRIFT - Gol ungdomsskule sitt framlegg: Budsjettkap. Nye tiltak og endringar 2014 2015 2016 2017 3114 2021 Timar til spesialundervisning 1 000 1 000 1 000 1 000 Innkjøp og oppgradering av maskinvarer 200 200 200 200 Kompetanseheving Vurdering for læring 200 200 Drift av IL@skolen 60 60 60 60 Utvide ekskursjonsbudsjettet for å fylgje årsplanar 100 100 100 100 for fag Innføring av valfag på 8.-10.trinn 150 225 225 225 Utdanningsvalg 40 40 40 40 Forseringsprosjekt på 10. trinn 40 Drift av MOT 50 50 50 50 Kommentar til driftstiltak i økonomiplanperioden 2014-2017 Gol ungdomsskule må ikkje få ein ny reduksjon i lærarstillingar. Kvart trinn har over 60 elevar kommande skuleår. Det blir ei tredeling på alle trinn, men det vil vera kun 1 kontaktlærar per klasse. Frå hausten 2013 vil det til saman vere 9 kontaktlærarar ved skulen, mot 11 førre skuleår. Gol ungdomsskule vil frå og med skuleåret 2013 2014 ha 185 elevar, 10% av dei har fått tilråding om spesialpedagogiske tiltak frå PPT. Dei vil ikkje kunne få eit godt nok tilrettelagt undervisningstilbod i klassen utan at det er ein ekstra lærar tilgjengeleg. Det er svært viktig å gjennomføre det spesialpedagogiske tiltaket som er sett i gang på barneskulen. Gol ungdomsskule har vanskar med å oppfylle dei sakkunninge tilrådingane om spesialundervisning frå PPT. Gapet mellom tilråding og skulen sitt tilbod kan føre til klager på enkeltvedtak om spesialundervisning. For kommande skuleår er det gjort vedtak på tildeling av til saman 33 timar (60 min.timar)veketimar, dvs 1254 årstimar til spesialundervisning. Dette utgjer om lag 1.100 000 kroner. Spesialundervisning bør i stor grad skje ved tilpassa opplæring, og organisering i mindre grupper. Det føreligg faglege vurderingar og tilrådingar frå barnevern, BUP og PPT. Budsjettposten 13500 kjøp frå andre kommunar. Utgiftene her vil auke vere om lag 1.500 000 i 2014. Summen omfattar kostnadar til undervisning 3 elevar frå Gol kommune som er fosterheimsplassert i andre kommunar Avvikling av eksamen og gjennomføring av måla for dataundrvisning krev at skulen har mange maskinar tilgjengeleg. Dette utstyret må driftast, og det må setjast av eigne midlar til ei slik stilling. Stillinga må vere på minst 50 %. Dette må vere i samarbeid med IKT drift i Hallingdal. Kompetanseheving fører til fråvær. I tillegg til anna fråvær som til dømes sjukdom og arbeid for tillitsvalde vil det medføre bortfall av undervisning dersom det ikkje kan setjast inn vikar. Leiinga i kommunane i Hallingdal har inngått ein samarbeidsavtale med Buskerud fylkeskommune om faget utdanningsval. Det inneber at ungdomsskulane må betale 250 kroner per elev for kvart dagsbesøk. Det gir ein kostnadsauke på 30 000 kroner som ikkje er budsjettert. Gol kommune er ein MOT kommune, og det inneber ein relativt stor kostnader. Berre medlemsskapet kostar om lag 50 000 kroner i året. Skal kommunen først vere ein MOT kommune, må det jobbast aktivt med temaet, og då må det synleggjerast i budsjettet. Gol ungdomsskule deltek i forseringsprosjekt i Hallingdal. Dette er i samarbeid med Gol vidaregåande. Elevar med toppkarakterar i faga matematikk og engelsk får tilbod om å gjennomføre Vg1 i 10 klasse. Undervisninga er nettbasert, men skal følgjast opp av ein lærar, i kvart fag, 1 time i veka. 3 elevar i 10 trinn har takka ja til tilbodet.