KUNNSKAPSLØFTET. reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa

Like dokumenter
KUNNSKAPSLØFTET. reformen i grunnskole og videregående opplæring

Informasjon til elever og foresatte: Hva er nytt i grunnskole og videregående opplæring fra høsten 2006?

Pedagogisk plattform

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

UKEPLANLEGGER. for lærere på ungdomstrinnet. Navn:

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Den norske grunnskolen. Roy Wiken

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

KRISTIANSUND KOMMUNE UTVIKLINGSSEKSJONEN

Kunnskapsløftet. For hvem? Barnehage, grunnskole og videregående skole for synshemmede?

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Vidaregåande opplæring Ditt val!

Fag- og timefordelinga i grunnopplæringa - Kunnskapsløftet

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

felles fag på 6. og 7. årssteget

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Retten til spesialundervisning

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Vurderingsrettleiing 2011

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Lov- og avtalesystemet

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Spørsmålsrunde

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Rådmannsutvalet Førde

Møte i Bergen kommune 10. mai Tema Regelverk for standpunktkaraktersetjing, inkl. klage

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Handlingsplan for Vassøy skole «LÆRING MED MENING»

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Retningslinjer for gjennomføring

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 FRSA

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Lov- og avtalesystemet

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Ungdomstrinnsatsinga

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Vurderingsrettleiing 2011

TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark

Forskrift til opplæringslova

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

En inkluderende opplæring -med vekt på overgangen til videregående opplæring.

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Velkommen til fagdag om standpunktvurdering VGS. Molde 2. februar 2017

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

Det nye KRL-faget fra 2005*

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Oslo kommune Utdanningsetaten. Strategisk plan Nordstrand skole

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

STRATEGI- OG ÅRSPLAN 2015 NORDSTRAND SKOLE. Dato: 6. januar Oslo kommune Utdanningsetaten Nordstrand skole

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT

Programområde for studieførebuande Vg3 innan naturbruk - Læreplan i felles programfag naturforvaltning

Nasjonale prøver Informasjon til elever og foresatte

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Telefon: Telefaks: E-post: Org.nr:

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

STRATEGISK PLAN FOR OPPVEKSTSEKTOREN I LEIKANGER KOMMUNE

VI TE SATS FOR FRAMTIDA

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Foreldrebrosjyre. til deg som har barn med dysleksi

Rundskrivet er særlig aktuelt for nye skoler som søker om godkjenning, og eksisterende skoler som søker om endringer i sine læreplaner.

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Transkript:

KUNNSKAPSLØFTET reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa

Kva er Kunnskapsløftet? Kunnskapsløftet er den nye reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. I juni 2004 godkjende Stortinget hovudlinjene i Kunnskapsløftet. Reforma fører til ei rekkje endringar i innhaldet, strukturen og organiseringa i skulen heilt frå første trinnet i grunnskulen til siste trinnet i den vidaregåande opplæringa (1. 13.). Reforma startar hausten 2006 for elevane på 1. 9. trinnet i grunnskulen og på 1. trinnet i den vidaregåande opplæringa. Hausten 2007 skal reforma innførast på 10. trinnet i grunnskulen og på 2. trinnet i den vidaregåande opplæringa.

Kvifor ei ny reform i skulen? Mykje er bra i den norske skulen, men det er òg mykje som kan bli betre. Internasjonale studiar har vist at norske elevar kjem dårlegare ut enn elevar i land som vi gjerne samanliknar oss med når det gjeld grunnleggjande kunnskap som lesing, skriving og rekning. Evalueringar av tidlegare reformer viser at det er store forskjellar i norsk skule, og at det er systematiske forskjellar mellom elevar som følgje av kjønn og sosial og etnisk bakgrunn. Målet for Kunnskapsløftet er at alle elevar skal få grunnleggjande kunnskap og den kompetansen dei treng for å klare seg i livet. Alle skal få same sjansen til å utvikle evnene sine, same kva sosial eller etnisk bakgrunn dei har. Med Kunnskapsløftet skal vi sikre tilpassa opplæring for alle elevar og leggje meir vekt på læring, slik at elevane blir godt rusta til å møte kunnskapssamfunnet. Retten til spesialundervisning skal stå ved lag. Kva er nytt? Dette er dei viktigaste endringane i den norske skulen som følgje av Kunnskapsløftet: Ny læreplan for alle fag med tydelege mål for kva elevane skal kunne Styrking av grunnleggjande kunnskap Meir vekt på tilpassa opplæring Lokal handlefridom når det gjeld læringsmetodar og organiseringa av skulekvardagen Eit obligatorisk andre framandspråk og eit nytt programfag på ungdomstrinnet Fleire timar i grunnskulen til dømes meir norsk, matematikk, kroppsøving og naturfag utan at det går på ut over andre fag Opptakskrav til lærarutdanninga Storstilt satsing på kompetanseutvikling for lærarar, instruktørar og skuleleiarar med ei samla ramme på tre milliardar kroner Nye lærebøker i alle fag i grunnskulen 3

LÆRINGSPLAKATEN dei grunnleggjande pliktene til skulen Læringsplakaten er ein del av den nye læreplanen og inneheld elleve grunnleggjande plikter som skulen har: 1. Gi alle elevar og lærlingar/lærekandidatar like høve til å utvikle evnene og talenta sine individuelt og i samarbeid med andre 2. Stimulere lærelysta, innsatsviljen og nyfikna til elevane og lærlingane/ lærekandidatane 3. Stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til å tenkje kritisk 4. Stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane i den personlege utviklinga og identiteten deira og stimulere dei til å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking 5. Leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/ lærekandidatane kan gjere bevisste verdi-, utdannings- og karriereval 6. Fremje tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar 7. Stimulere, bruke og vidareutvikle kompetansen til den enkelte læraren 8. Bidra til at lærarar og instruktørar er tydelege leiarar og førebilete for barn og unge 9. Sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet gagnar helsa, trivselen og læringa 10. Leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre medansvaret til foreldra/dei føresette i skulen 11. Leggje til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringa på ein meiningsfylt måte 4

Ny læreplan Det er fastsett ein ny læreplan for alle faga i grunnskulen og for fellesfaga i den vidaregåande opplæringa. Den nye planen har tydelege mål for kva elevane skal kunne på ulike trinn. Med slike kompetansemål uttrykkjer læreplanen høge faglege ambisjonar for alle elevane. Elevane vil i ulik grad nå, eller kunne nå, dei fastsette kompetansemåla. Norsk skule er ein inkluderande skule, der det skal være rom for alle. Skulen skal derfor gi tilpassa opplæring slik at kvar enkelt elev blir stimulert til høgast mogleg måloppnåing. Dersom ein elev ikkje har utbytte av den vanlege opplæringa, har eleven rett til spesialundervisning etter dei same reglane som gjeld i dag. Grunnleggjande kunnskap Skulen skal leggje meir vekt på å utvikle kunnskapen som er grunnlaget for all anna læring: Å kunne uttrykkje seg munnleg Å kunne lese Å kunne rekne Å kunne skrive Å kunne bruke digitale verktøy Denne grunnleggjande kunnskapen er innarbeidd i læreplanen i alle fag. Alle lærarar har derfor ansvar for at elevar og lærlingar får utvikla den grunnleggjande kunnskapen sin gjennom arbeidet med dei ulike faga. Lese- og skriveopplæringa skal ta til alt i første trinnet i grunnskulen. Lokal handlefridom For at det skal bli lettare å tilby tilpassa opplæring, blir det høve til å omdisponere inntil 25 prosent av timane i kvart enkelt fag. Det vil til dømes seie at ein elev som er flink i samfunnsfag, men som slit med skrivinga, kan få bruke inntil 25 prosent av tida som skulle ha vore brukt til samfunnsfag, til å trene seg på å skrive. Den same eleven kan òg få tid til å fordjupe seg meir i samfunnsfag, så lenge eleven når måla i dei andre faga. Ordninga gir både teoristerke elevar og praktisk sterke elevar høve til å få større faglege utfordringar og dermed betre tilpassa opplæring. Ei slik omdisponering av timane føreset at måla i læreplanen for faget blir tekne vare på, og at den enkelte eleven/lærlingen/ føresette samtykkjer. Kommunen som skuleeigar har det juridiske ansvaret for opplæringa. Oppdatert informasjon om den nye læreplanen finn du på www.kunnskapsloeftet.no, www.skolenettet.no og www.oahpponeahtta.no 5

Barne- og ungdomstrinnet Oppdelinga i småskuletrinn og mellomtrinn i grunnskulen fell bort. Grunnskulen skal frå no av ha eitt barnetrinn (1. 7. trinnet) og eitt ungdomstrinn (8. 10. trinnet). Timetalet for kvart fag er fastsette for det samla barnetrinnet. Det gjer det lettare for skulane å få betre samanheng i opplæringa. Informasjon om timetalet i ulike fag på hovudtrinna, finst på www.kunnskapsloeftet.no Obligatorisk andre framandspråk I dag er engelsk obligatorisk for alle elevar. På ungdomstrinnet blir det i tillegg innført eit andre framandspråk som eit obligatorisk, praktisk fag. Skulane skal tilby anten tysk, fransk, spansk eller russisk, men kan også tilby andre språk. Elevane skal velje berre eitt andre framandspråk. Den nye læreplanen legg vekt på at føremålet med faget er å gi elevane praktisk opplæring i språket, ikkje teoretisk kunnskap om språket. Faget tel ved inntak til vidaregåande opplæring. Programfag på ungdomstrinnet For å gi elevane «smaksprøvar» på fag frå den vidaregåande opplæringa blir eit nytt programfag innført på ungdomstrinnet. Alle skular skal ha tilbod om programfag frå minst eitt studieførebuande og eitt yrkesførebuande utdanningsprogram. Innhaldet i programfaga skal utformast på grunnlag av lokale føresetnader, gjerne i samarbeid med vidaregåande skular og næringslivet på staden. Opplæringa kan godt leggjast utanfor skulen. Då kan elevane velje ut frå evnene og interessene sine, og dei får betre grunnlag for å velje vidaregåande opplæring ut frå eigne erfaringar. Endringar i den vidaregåande opplæringa Det blir endringar i den vidaregåande opplæringa frå 2006. Mellom anna får ein del fag, fagsamansetjingar og studieretningar nye namn. Dei noverande studieretningane får namnet utdanningsprogram. Studieretningsfaga skal heite programfag. Dei noverande 15 studieretningane i den vidaregåande opplæringa blir gjorde om til tolv utdanningsprogram. Tre av dei er studieførebuande og ni yrkesfaglege. Meir utfyllande informasjon om endringar i den vidaregåande opplæringa finn du på www.kunnskapsloeftet.no.

7

Vurdering Elevvurdering Vurdering er omtalt i læreplanane for fag. Elevvurdering blir omtalt i revisjonen av forskrifta til opplæringslova som blir send på høyring hausten 2005. Dagens ordning med standpunktkarakterar blir ført vidare. I norsk er det i dag slik at elevar som kjem opp i norsk skriftleg, har éin eksamen i hovudmål og éin eksamen i sidemål. Dette blir endra frå 2008 på følgjande måte: Dersom elevane blir trekte ut til skriftleg avgangsprøve i norsk, skal dei berre ha éin skriftleg eksamen. Denne eksamenen skal prøve eleven både i sidemål og hovudmål. Hovudmålet til eleven skal utgjere hovuddelen av prøva. Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem Utdannings- og forskingsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har etablert eit system for å kartleggje kvaliteten i skulen. Nettstaden skoleporten.no gir informasjon om dette. Innhaldet i skoleporten.no kan kommunane og skulane bruke i arbeidet med å utvikle kvaliteten på opplæringa. Nettstaden gir òg nyttig informasjon til foreldra/dei føresette, elevane og andre interesserte om læringsmiljø, ressursar og resultat for kvar enkelt skule. Nasjonale prøver Eitt av områda i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet gjeld læringsutbyttet til elevane. Her høyrer nasjonale prøver med. Dei nasjonale prøvene er ei kartlegging av kunnskapen til elevane i lesing, skriving, matematikk og engelsk. Prøvene har to hovudmålsetjingar: Dei skal vere ein pedagogisk reiskap og hjelpemiddel i opplæringa. Prøvene skal gi læraren eit betre utgangspunkt for å tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev. Dessutan skal prøvene gi informasjon til elevane, foreldra/dei føresette, lærarane, skuleleiarane, dei lokale og nasjonale styresmaktene og samfunnet generelt. Denne informasjonen kan vere eit grunnlag for dialog og kvalitetsutvikling. Foreldra/dei føresette skal gjerast kjende med prøveresultata for barna sine. Resultata bør brukast i utviklingssamtalen mellom dei føresette og læraren og medverke til betre samarbeid om læringa til eleven. Det skal vere openheit om nasjonale prøver, men med strenge reglar for personvern. Alle opplysningar blir anonymiserte slik at det ikkje er råd å identifisere enkeltindivid. Ingen data kan publiserast dersom tala er baserte på færre enn ti elevar. Det er heller ikkje lagt til rette for rangering mellom skular på skoleporten.no. Kompetanseutvikling Det er utarbeidd ein overordna strategi for kompetanseutvikling av lærarar, skuleleiarar og instruktørar som ein del av Kunnskapsløftet. Føremålet er å gi kompetanse og motivasjon til å møte utfordringane som følgjer med reforma, mellom anna innføringa av den nye læreplanen. Med utgangspunkt i denne strategien utarbeider kvar enkelt kommune og fylkeskommune konkrete planar for kompetanseutviklinga til lærarane og skuleleiarane sine. Denne ekstraordinære satsinga på kompetanseutvikling skal finansierast av staten. I tillegg kjem dei ordinære tiltaka til skuleeigarane for etter- og vidareutdanning. Foreldra/dei føresette har medansvar i skulen Opplæringslova 1 2 understrekar at opplæringa i skulen skal skje «i samarbeid og forståing med heimen». Lova har òg føresegner om korleis foreldremedverknaden skal organiserast gjennom foreldreråd og samarbeidsutval lokalt og gjennom Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) nasjonalt. Skulen har plikt til å gi foreldra medansvar, og det er på ny understreka i læringsplakaten. Kven kan eg kontakte dersom eg har spørsmål? Nyttig informasjon finn du både på www.kunnskapsloeftet.no og dei andre nettstadene som er nemnde nedanfor. Spørsmål om undervisning, tilpassa opplæring eller organiseringa på den enkelte skulen bør rettast til lærarar eller rektor, eventuelt til kommunen eller fylkeskommunen som skuleeigar. I siste instans kan du òg kontakte fylkesmannen v/utdanningsavdelinga, som fører tilsyn med grunnskular og vidaregåande skular. 8

Omgrepsforklaring Grunnopplæring Grunnskule + vidaregåande opplæring Grunnskule 1. 10. klasse, delt i barnetrinnet (1. 7.) og ungdomstrinnet (8. 10.) Vidaregåande opplæring Tre år i vidaregåande skule, alternativt to år i vidaregåande skule + to år i lærebedrift eller full opplæring i bedrift. Kontaktlærar Opplæringslova av 17. juli 1998 regulerer grunnopplæringa i Noreg. Tidlegare føresegner i denne lova om inndeling av elevar i klassar blei endra med verknad frå 1. august 2003. Regelen om klasseorganisering blei erstatta med ei ordning der elevar kan delast inn i grupper etter behov. Gruppene skal ikkje vere større enn det som er pedagogisk forsvarleg. Gruppeinndelinga skal ikkje brukast som sparetiltak. Organiseringa av grupper skal ta vare på behovet elevane har for sosial tilhøyrsle, og skal ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilknyting. Endringa hindrar ikkje at skular som ønskjer det, kan halde på den tradisjonelle klasseorganiseringa. Samtidig blei ordninga med klassestyrar erstatta med at ein elev skal vere knytt til ein kontaktlærar som har særleg ansvar for praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremål, inkludert kontakten med heimen. Kompetansemål Dei nye læreplanane inneheld tydelege mål for kva elevane skal kunne etter opplæringa på dei ulike trinna. Måla er i hovudsak gitt etter 2., 4., 7. og 10. trinnet i grunnskulen. Det vil seie at elevane på første og andre årstrinnet arbeider med måla på 2. trinnet, osv. I den vidaregåande opplæringa er måla formulerte for kvart årstrinn i dei fleste faga. 9

Slik blir Kunnskapsløftet innført Skuleåret 2005 2006 Over 200 grunnskular startar opp med heile eller delar av den nye læreplanen. Skuleåret 2006 2007 Reforma startar! 1. 9. trinnet i grunnskulen og 1. trinnet i den vidaregåande skulen tek i bruk nye læreplanar og ny fag- og timefordeling. Det obligatoriske andre framandspråket innførast gradvis med start på 8. trinnet. Skular som ønskjer det, kan tilby det andre framandspråket på barnetrinnet. Skulane kan tilby programfag på ungdomstrinnet. Skuleåret 2007 2008 Alle grunnskulane tek i bruk nye læreplanar også for 10. trinnet. Frå våren 2008 blir eksamenen i grunnskulen endra. Vil du vite mer? Viktige bakgrunnsdokument Ønskjer du å lese meir om bakgrunnen for Kunnskapsløftet? Då tilrår vi desse dokumenta: St.meld. nr. 30 (2003 2004) Kultur for læring Innst. S. nr. 268 (2003 2004) frå Stortinget Rundskriv F 13 04 Dette er Kunnskapsløftet Kompetanse for utvikling Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen 2005 2008 Desse dokumenta kan du bestille gjennom Akademika på telefonnummer 800 80 960 (grønt nummer), eller du kan laste dei ned via nettadressene til høgre. Viktige nettadresser Oppdatert informasjon om Kunnskapsløftet finn du på desse nettadressene: www.kunnskapsloeftet.no www.odin.dep/ufd www.skolenettet.no www.utdanningsdirektoratet.no www.fug.no www.foreldrenettet.no www.utdanning.no www.skoleporten.no www.oahpponeahtta.no

11

Design: Tank Trykk: ParaCard.no Utgitt av : Utdannings- og forskningsdepartementet Offentlege institusjonar kan tinge fleire eksemplar av denne publikasjonen frå: Statens forvaltningsteneste Kopi- og distribusjonsservice www.publikasjoner.dep.no E-post: publikasjonsbestilling@ft.dep.no Telefaks: 22 24 27 86 Oppgi publikasjonskode: F-4189 N 12