FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Bystyret Møtedato: 04.10.2016 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 17:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Ola Teigen ordførar Ester Frøyen formannskapssekretær
Saknr. Tittel Sakliste Innspel til møtet i Samferdslutvalet i Flora - båtruter i Flora-bassenget. Ref. skriv og melding sak 079/16 090/16 Florø Lufthamn - prisauke og fall i trafikken.
Fra: Alf Bareksten <alf@bareksten.no> Sendt: 27. september 2016 20:20 Til: Årdalsbakke Einar Atle Emne: Innspel til møtet i Samferdslutvalet i Flora - båtruter i Flora-bassenget. Vedlegg: Båtruter i Flora.docx Hei! Eg snakka med Vidar Grønnevik tidligare idag om å sende eit innspel til Samferdsleutvalet omkring ruteopplegget som skal handsamast denne veka. Han ba meg sende synspunkta mine til din e-post - derfor denne henvendelsen. Med helsing Alf Bareksten
Alf Bareksten Furuhaugane 2 6900 Florø Samferdsleutvalet i Flora Innspel til møtet utvalet skal ha denne veka ad båttransport i Flora-bassenget. Eg driv med saueproduksjon på Hovden komdinasjon kvitsau/villsau med ca 110 vintrafora i år, neste år auker talet til over 140 regner eg med. Sauehold hindrar attgroinga på øyane. Eg har lest igjennom innspela som er komen til utvalet frå grendalag/prosjekt Øyane og vil legge fram nokre synspunkt i tillegg. 1: Eg synes at alle øysamfunn i Flora skal ha like transporttilbod med kombibåt, dvs. Nordre distrikt mangler godsrute slik dei har i søre distrikt. Nordre distrikt har heller ikkje kombibåter på arbeidsruta slik som i søre distrikt. 2: Leverandørar av dyr til slakt har tapt i forhold til fastlandsprodusentane ved at vi ikkje lenger får dyra henta ved fjøsdøra slik som før. Det medfører at vi sjølve no må levere dyra på båt med spesiell henger som tek ca 90 lam. For Hovden sitt vedkommande vert det i år 2 fyllinger neste år mest trulig 3 fyllinger. Dette tek ekstra tid medregna at vi sjølve må hente hengeren på dekk når den kjem til øya. Kvar øy må ha tilgang til/eige 4-hjult traktor til å frakte hengeren rundt omkring - dette slepp produsenter på fastlandet. Årsak: Fjord1 har auka prisen på henting av dyr med bil med ca 400% ved at dei kravde at dyretransport skulle utførast som ekstratur pris pr. time ca kr. 7500,-, tidsbruk 3 4 timer pr tur. Tidligare vart dyrebilen transportert med ms Tansøy ved at denne vart bytta med ordinert båt i ruta den dagen transporten skulle foretakast. Leverandører i øyane må få dyra sin henta ved fjøsane slik som på fastlandet. Lakseprodusentane har ikkje dette problemet fisken vert pumpa rett i brønnbåten. Eit anna moment er at prisen på transporttenester på grovfor til øyane skulle vore prisa slik som mjøl og gjødsel. I dag koster frakt på rundball til øyane ca 50% av totalverdien av vara levert kai i Florø frakt frå Sverige er då inkludert. Det er med andre ord betydelig rimeligare å kjøpe pellets sjølv om råvara er henta i Sydamerika, men det har ein vesentlig dårligare miljøprofil. Det er ganske ofte at folk ikkje får plass til bil til/frå øyane ved tinging pga at båten er full allereie. Dette betyr vel enkelt sagt at båtane er blitt for små etter som transportbehovet ser ut til å ha auka. Parkeringsordninga i Florø vil også generere meir biltrafikk til øyane i staden for å la bilen står att i Florø i helgane p.prisen auker og det kan vere vanskelig å finne ledig p.plass. Vert det registrert kvar gong nokon ikkje får plass til bilen sin til liks med når dei får det. Det visast ikkje i statistikken i alle fall. Fylkeadminstrasjonen må få det fulle bildet av bilmengda som kunne vorte transportert. Kanskje er litt av årsak at ms Tansøy vart flytta? Vi treng med andre ord større båter med mindre kanseleringer enn slik det har vore. På fastlandet er vegane som regel farbare heile tida, men øyer er avstengde når båt vert kanselerte av ymse grunner kombibåt vert erstatta av passasjerbåt eller båten vert flytta til annan stad i fylket. Folk i øyane må kunne regne med at «vegen» er open når dei skal nokon stad utanom øya si!
Store nok båter er vår E6. Skal øysamfunna kunne utvikle seg, så er sikre/robuste og større båter det viktigaste av alt. Ein tiltakshaver/entreprenør/produsent på øyane må kunne planlegge sin aktivitet på lik line med ein som bur på fastlandet. Rådmannen krev at tilbodet frå fylket må vere som det er dag, men situasjonen i dag er ikkje utviklingsretta slik at båtrutene må verte meir brukervenlig slik dette skrivet set fokus på. Ellers så støtter eg innspelet om å fjerne stjernestopp på arbeidsrute i nordre samt søndagsrutene og erstatte stjernestoppen med fast avgangstid slik er det jo på vegane. Håper dette brevet set fokus på problemstillingar som er relevante for nemda å sjå nærare på. Med helsing Alf Bareksten
FLORA KOMMUNE Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 017/16 Samferdsleutvalet PS 30.09.2016 090/16 Bystyret PS 04.10.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ester Frøyen K1-033 16/2210 Florø Lufthamn - prisauke og fall i trafikken. Framlegg til vedtak: Terje Heggheim Rådmann Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur. Samferdsleutvalet - 017/16 SAMF - handsaming: Etter orientering frå lufthamnsjefen gjorde utvalet eit samrøystes vedtak som vart sendt vidare til handsaming i bystyret. SAMF - vedtak: Samferdsleutvalet er særs uroa over det sterke fallet i reisande over Florø Lufthamn, den sterke prisauken og den reduserte frekvensen samt det reduserte tilbodet på lørdagar og søndagar. I tillegg har passasjerar som reiser på honnørvilkår ikkje lenger slike vilkår når dei reiser over Florø Lufthamn. I samband med at Florø Lufthamn vart tatt ut av FOT-systemet auka dei årlege statlege tilskota til lufthamnene i fylket frå 80 til 99 mill.kroner. Dette betyr ei uakseptabel vridning av statlege midlar frå Flora til resten av fylket og som set fylket si største lufthamn i ein særs vanskeleg situasjon. Samferdsleutvalet ber Flora bystyre om å handame saka og sette av ressursar til å halde fram med aktivt arbeid opp mot samferdsledepartementet for å reetablere FOT-ruter ved Flora lufthamn. Støtte frå Bremanger og Vågsøy vil bidra til å styrke saka.
FLORA KOMMUNE
FLORA KOMMUNE Saksopplysingar: