Referat Frå styremøte 25. og 26. mai 2016 Quality Airport Hotel, Gardermoen -- Til stades : Harald Lie, Bodil Mannsverk, Finn Egil Adolfsen, Aud Fossøy, Tor Inge Eidesen, Marianne Hagen Lie, Einar Åbergsjord Frå administrasjonen: Frode Alfarnes, Romar Skeie Olsen, Trude Soma Augestad og Tor Skeie Olsen Sak 24/16 Godkjenning av protokoll frå førre styremøte Det kom opp nokre punkt som må endrast. Protokoll med endringar frå sist styremøte er godkjent. Sak 25/16 Open post - Finn Egil Adolfsen informerte om «Trøndelagsmodellen. Fylkesmannen har fått instruks frå direktoratet om at ordninga opphøyrer seinast 31.12. Dette skal vera ei kommunal oppgåve. - Bodil Mannsverk hadde nokre refleksjonar etter ferietur til USA. Besøkte ein del bønder der borte, og fått eit innblikk i korleis dei driv. Det set ting litt i perspektiv når ein samanliknar med korleis ein har det her heime. Sak 26/16 Rekneskap pr. 15.05.2016 Frode gjekk igjennom rekneskapet. - Kontingenter er fakturert, men ikkje abonnement og terminalserver. - Årsmøtekostnad er litt høgare enn førre år grunne større deltaking i år. Foreløpig ingen store avvik i forhold til budsjettet. Rekneskap pr. 15.05.2016 er teke til etterretning. Sak 27/16 Styrearbeid Styreleiar tok ein gjennomgang av styreinstruksen, samt instruks for AU. Desse punkta vart diskutert: Gjennomgang av arbeidsmåtar Intern kommunikasjon Møteplan Legg til styreevaluering under styremøte i februar Reiserekningar Viktig å fylle ut begge sidene på reiserekninga Messer Styremedlemane vert oppfordra til å delta på messene (Dyrsku`n og Agrovisjon)
Orientering er teke til etterretning. Sak 28/16 Årsmøte 2015 Evaluering av årsmøtet. Styret er samde i at det var eit konstruktivt og samlande årsmøte med mange gode innspel frå utsendingane. Orientering er teke til etterretning. Sak 29/16 Arbeidsplan/Strategiplan Det kom inn nokre protokolltilføringar til Arbeidsplan frå årsmøtet. Dette var følgjande; «Forsikringar: NLT fremforhandler bedriftsforsikring for avløysarlaga avløysarlaga sitt ansvar som leietaker.» o NLT er i dialog med Landbruksforsikring der ein diskuterer om NLT skal verta agent for Landbruksforsikring. Ein av fordelene med det er då at vi kan tilby/selje alle typar forsikringar til medlemane i organisasjonen. Ei løysing for bedriftsforsikring er forhandla fram. «Finne løsninger til raskere saksbehandlingstid, alternativt tilby saksbehandlingstjenester som kan selges til kommunene. Bruke kanalene inn til Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget, samt legge bredsiden til politikere som fremmer avbyråkratisering.» o Vi arbeidar for at færre kommunar i kvart fylke skal ha ansvar for sakshandsaminga. o Viktig å informere bonden om at vi kan hjelpe til med å fylle ut skjema, som skal inn til Nav, slik at det vert rett første gang det blir sendt inn. Sakshandsamingstida vert ofte lengre dersom ikkje alt er korrekt fylt ut, og då sender Nav skjemaet i retur til bonden. «AFP- finne løsninger med enklere utmelding av ansatte i lønnsystem for å få ned AFP-kostnadene.» o Er i dialog med NHO Mat og Drikke som jobber med å få til eit møte med Fellesforbundet for å drøfte saka. «Rekruttering - holde 2+2 saken varm - påvirke der man kan - NLT er en viktig aktør» Gjennomgang av Arbeidsplan og Strategiplan med tanke på oppnåing av målsetting. Det er viktig at vi i tida framover tar tak i nokre av dei punkta som ligg litt etter i forhold til arbeidsplanen for 2016. Administrasjonen får i oppgåve å sjå på ulike løysingar for å nå måla fram mot neste styremøte. AU skal til neste styremøte lage ei prioritert rekkefylgje på kva punkt ein skal ta tak i fram mot haustsamlinga der ein skal ta ein gjennomgang og presentera resultat så langt.
Innspel frå saka vert tatt med i vidare arbeid i organisasjonen, og AU drøfter saka vidare inn mot neste styremøte. Sak 30/16 Instruks for valnemnd På årets årsmøte vart det gjort endringar i samansetjinga av valnemnda. Dette føre til endringar i instruks. Nytt forslag til instruks vart gjennomgått på styremøtet. Punkt som skal endrast: - Bruk begrepet «medlem» og ikkje «tillitsvald» i instruksen - Få tydleg fram at leiar av valkomiteen skal veljast på årsmøtet - Leiar av valkomiteen skal til ei kvar tid vera tillitsvald - Administrasjonen skal informere valkomiteen om årsmøtet seinast 1. des. Vedlagte instruks med endringar som kom opp i styremøtet er vedteke. Sak 31/16 Opplæringsfond Det er laga ein ny instruks for Opplæringsfond som vart gjennomgått på styremøtet. Styret ynskjer at dei nye retningslinene skal sendes ut til alle laga, samt informere om det i evt. nyheitsbrev som skal sendast ut. Vedlagte instruks er vedteke. Sak 32/16 Jordbruksoppgjer Årets forhandlingar er no ferdig og Bondelaget inngjekk avtale med staten. Oppgjeret viser at det vert ein auke på 30 kroner i dagsats sjukdom. Det er negativt at LV-ordninga ikkje vert fulgt opp. Det er vanskeleg å oppretthalde ei god LV-ordning når tilskotta ikkje føl kostnadsutviklinga. Dette er ting ein må jobbe vidare med fram mot jordbruksmeldinga og neste års oppgjer. Alt i alt er utgangspunktet i dag betre en ein frykta ved regjeringsskiftet for 3 år sidan. Teke til etterretting. Sak 33/16 Tryg Daglig leiar og advokat Runar Hansen frå DLA Piper var etter invitasjon i møte med Tryg 10. mai. Tryg ønskjer ei dialog i saka. I dette møtet kom Tryg med eit tilbod som vart diskutert på styremøtet. Advokat Runar Hansen har forfatta eit skriv der han går gjennom saka og kom med ei anbefaling til styret om vidare gang. Styret takkar nei til framsett tilbod frå Tryg i møte mellom partane 10. mai 2016. Styret ynskjer å få ei avslutning på denne saka, og vil i framtidige anbodsrundar ynskje Tryg som tilbydar på lik line med andre. Dette vedtaket vert sendt over til Advokat Runar Hansen i DLA Piper for at han skal kunne gje eit svar til Tryg innan 10. juni 2016.
Sak 34/16 Orienteringssaker A. Webtemp Trude Soma Augestad orienterte. Det er stor positivitet ute blant laga som brukar Webtemp. Brukarane kjem med innspel og tips på ting som kan bli betre og det er positivt. Ein ser at ting går seg til, men at brukarane treng support på oppgåver i Webtemp som ikkje vert gjort dagleg. Ein håpar og trur at vi vil få med minimum 10 nye lag frå hausten av. Ein er aktivt ute å «sel det inn» til lag som ein meinar er klare for Webtemp. B. Administrasjonshandbok Tor Skeie Olsen orienterte. Ein fekk inn 43 svar på spørjeundersøkinga som vart sendt ut. Ein vil no i tida fram mot ferien ringe rundt til laga og hente inn så mykje dokumentasjon som mogleg slik at vi har ei løysing klar til presentasjon på haustsamlinga. Det er ein stor jobb, og ein er avhengig av at laga er engasjert og sender inn dokument for at vi skal kome i mål. C. Nyheitsbrev Trude Soma Augestad orienterte. Det vert jobba med eit nyheitsbrev som skal ut til alle laga 4 gonger i året. Dette vil innehalde informasjon om kva administrasjonen/styret har jobba med dei siste månadane, samt kva som står på trappene dei neste månadane. Det vert no utarbeida ein mal som skal brukast på kvart nyheitsbrev Det første nyheitsbrevet vert sendt ut tidleg i juni. D. Dyrsku n Tor Skeie Olsen orienterte. Dyrsku`n feirar i år 150 årsjubileum og går av stabelen 9.-11. september. Det som tidlegare vart kalla «Bondens møteplass» er no døypt om til «Møt landbruket» og tema i år er «mattrygghet og rein mat». Nytt av året er at det vil verta rigga eit telt som skal fungera som arena for foredrag og debatt. Her skal NLT v/frode Alfarnes halde foredrag fredag og laurdag med tittel: «Landbruket er avhengig av gode velferdsordningar». E. LT Sør Frode Alfarnes informerte om overgangen frå ytelse- til kollektiv pensjon og utviklinga der. Orientering er teke til etterretting Sak 35/16 Referatsaker A. Årsmøte Landbruk Nordvest Finn Egil Adolfsen representerte NLT på årsmøtet.
Laget skifta styreleiar, då Ivar Aae ikkje tok attval. Laget har god kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal som stille på kvart årsmøte. B. Næringspolitisk utval NHO Harald Lie representerer NLT i utvalet Utvalet skal legge fram sin endeleg rapport til styremøte til NHO Mat og Drikke 15. juni. Interessant fora å vere med i, der det har vore mange gode diskusjonar. C. Møte med Netsense Romar Skeie Olsen og Frode Alfarnes har vore i møte for å diskutere vidare samarbeid. Då vår epost-server er moden for utskifting, har ein vore ute å henta inn tilbod på ekstern leverandør. Netsense har gjeve eit godt tilbod på e-post via Exchange-server, og dette går vi for. Det vil verta sendt ut informasjon til brukarane innan kort tid. I tillegg vert det vurdert å gå over til «backup sky». Tapebackupen vår er ute av drift, og ein må finne ei ny løysing. D. Landbruksvikarkurs i Molde. Finn Egil Adolfsen deltok frå NLT og hadde eit innlegg om NLT. Det er viktig å få ut informasjon om NLT på slike kurs, og ikkje minst å informere om kven som har ansvar for kva i organisasjonen. Kurset hadde 10 deltakare. E. Nordnorsk Landbruksråd Bodil representerte NLT. Dette var eit møte der ein skulle starte jobben med ny strategiplan, og NLT vart invitert til å delta i debatten rundt dette. Det var eit godt møte, og god deltaking frå organisasjonane. Resultatet kan bli bra. Dette er ein viktig arena å vera til stades på. Referat er teke til orientering. Sak 36/16 Representasjon A. Årsmøte NBU NBU arrangerer årsmøte 18. 19. juli i Surnadal. NLT er invitert som gjest. Pr. i dag er det ingen i styret eller administrasjonen som kan stille på dette årsmøtet. Administrasjonen sender ut ein forespørsel til styret før påmeldingsfristen går ut 1. juli. Sak 37/16 Eventuelt A. Medie og kommunikasjonskurs 15.juni. Administrasjonen skal på kurs med Kåre Verpe (tidlegare tilsett i NHO) B. NHO service har utarbeida «Revidert arbeidsgjevar» NHO Mat og Drikke har gjeve oss informasjon om dette prosjektet. Det er slik at vi i utgangspunktet ikkje kan ha 90 bedrifter som betaler mykje pengar for å bli revidert som bedrift. Vi følger med på dette vidare, og så får ein ta stilling til kva ein gjer dersom det i framtida kjem krav om at vi skal gjennomføre dette. C. Innkalling til vårsamling.
Då invitasjon og påmelding til vårsamlinga vart sendt ut, viser det seg at det var ein del som ikkje hadde fått dette på e-post. Dette skuldast problem med e-posten til Tor.