MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Utval for drift og utvikling 14.06.2011 ANB 087/11 Avgjerd av: Utval for drift og utvikling Saksbeh.: Anny Bastesen Ansv. ANB Arkiv: N-504 Arkivsaknr 11/733 MINDRE REGULERINGSENDRING. Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 13.04.2011 SWECO Norge AS v/silje 2 U 13.04.2011 SWECO Norge AS v/silje 3 I 02.05.2011 SWECO Norge AS v/silje 4 U 02.05.2011 SWECO Norge AS v/silje SV: REGULERINGSENDRING SV: REGULERINGSENDRING SV: REGULERINGSENDRING SV: REGULERINGSENDRING - HANDSAMING. 5 I 04.05.2011 Silje.@sweco.no, SV: REGULERINGSENDRING 6 I 11.05.2011 SWECO Norge AS v/silje 7 U 13.05.2011 SWECO Norge AS v/silje 8 I 13.05.2011 SWECO Norge AS v/silje 9 I 20.05.2011 Statens vegvesen Region vest VS: REGULERINGSENDRING - FRAMLEGG TIL VARSEL OM OPPSTART. VS: REGULERINGSENDRING - INNSENDING AV VARSEL OM OPPSTART. VS: REGULERINGSENDRING - FRAMLEGG. UTTALE TIL REGULERINGSENDRING
10 I 27.05.2011 SWECO Norge AS v/silje 12 I 08.06.2011 SWECO Norge AS v/silje VS: MELDING OM OPPSTART - REGULERINGSENDRING. VS: REGULERINGSENDRING - FRÅSEGN FRÅ FYLKET. Vedlegg. Saksutgreiing: På vegne av Walde Gruppen AS har konsulentselskapet Sweco sendt inn søknad om mindre endring av del av reguleringsplanen for Mjåtveitmarka, motteke 27.05.2011. Reguleringsendringa har vore førebudd ei tid, på bakgrunn av endra løysingar for veg- og VA-anlegg, godkjent 29.06.2010 i DNT.sak 275/10. Hovudgrunnen til endringa er auka etterspørsel etter einebustader. Endringa inneber at delområde B13 og B14 vert endra frå konsentrert småhusbusetnad til frittliggjande småhusbusetnad. Tilkomstvegane og leikeområda er justert tilsvarande, men utan at samla fellesareal vert redusert. Områda får same utnyttingsgrad som frittliggjande småhusbusetnad elles i området, og reguleringsføresegnene er endra slik at dei aktuelle delområda får same føringar som frittliggjande småhusbusetnad generelt. Byggegrense på 4m mot veg vert oppretthalde. I delfelt B14 (før B15) er byggegrensa mot skrenten i sør-vest redusert frå 10m til 4m. Reguleringsføresegnene har fått eit tillegg i 1.7.1 om plassering av bygg under 50 m 2 utanfor byggegrense, med maksimal byggehøgde 3m over planert terreng. Reguleringsendringa er sendt på høyring til statlege / regionale instansar, og det er sendt ut nabovarsel. Det er ikkje kome merknader til endringa. Vurdering: Søknaden vert handsama som ei mindre endring i tråd med plan- og bygningslova 12-14, andre ledd. Endringa inneber ikkje formålsendring eller auka utnytting av området, og fellesareala er tekne vare på. Planutforming Utbyggjar har kome fram til ei løysing som sikrar felles leikeareal sentralt i område B13, og veganlegg som krev mindre terrenginngrep enn den opprinnelege planen. Vegframføring, leikeareal og oppsamlingsplass for bosspann er løyst tilfredsstillande etter det administrasjonen kan sjå. Unntaket er snuplass i enden av veg 1.8 og 1.6, desse er viktige trafikksikringselement og må innarbeidast i planen. Byggegrenser Opprinneleg vart byggegrensa mot skrenten i delfelt B14 sett for å ta vare på dei typiske terrengformasjonane i området, og unngå bygningskroppar godt synlege i synsranda. Ved tilrettelegging av området er ikkje terrengformene like tydlege lenger, og administrasjonen har kome til at vanleg byggegrense på 4m bør kunne aksepterast også her.
Føresegner Det er lagt inn ein ny regel om at maksimal byggehøgde for mindre bygg er 3m over planert terreng. Etter administrasjonen si oppfatning er denne regelen for upresis, den seier ikkje noko om type bygg eller mønehøgde/gesimshøgde, og er uklar m.o.t. avstand frå veg. Administrasjonen meiner formuleringa må endrast til: Garasje med grunnflate inntil 50m 2 kan oppførast i ein etasje utan loft, med maks mønehøgde 3,5m rekna frå garasjegolv. Siktkrav må ivaretakast. Garasje kan plasserast utanfor byggjegrense, men minst 1m frå vegkant, under føresetnad av at den er plassert langsgåande med vegen. Ved direkte inn- og utkøyring må garasjen har minsteavstand 5m frå vegkant. Same vurderingar er gjort ved endring av føresegnene for Frekhaugmarka i si tid. Vidare saksgang I tråd med gjeldande saksbehandlingspraksis vert vedtaket sendt over til Fylkemannen i Hordaland v/miljøvernavdelinga og Hordaland Fylkeskommune v/kommunesamarbeid for vurdering av om dei vil nytte klageretten sin. Vidare detaljering av området skjer i samband med søknader om frådeling og løyve til tiltak etter kap. 20 i plan- og bygningslova, og i samsvar med utbyggingsavtalen. ADMINISTRASJONEN - FRAMLEGG TIL VEDTAK: I medhald av plan- og bygningslova 12-14 andre ledd, og i medhald av delegert mynde frå kommunestyret, godkjenner Utval for drift og utvikling søknad om mindre endring av reguleringsplanen og føresegnene for Mjåtveitmarka i samsvar med søknad motteke 27.05.2011. Det er ein føresetnad at det vert regulert inn snuplass i enden av veg 1.8 og 1.6. Føresegnene 1.7.1 vert endra i tråd med saksutgreiinga. 14.06.2011 UTVAL FOR DRIFT OG UTVIKLING Kommunalsjef Anny Bastesen orienterte om reguleringsendringa. UDU-087/11 SAMRØYSTES VEDTAK: I medhald av plan- og bygningslova 12-14 andre ledd, og i medhald av delegert mynde frå kommunestyret, godkjenner Utval for drift og utvikling søknad om mindre endring av reguleringsplanen og føresegnene for Mjåtveitmarka i samsvar med søknad motteke 27.05.2011. Det er ein føresetnad at det vert regulert inn snuplass i enden av veg 1.8 og 1.6. Føresegnene 1.7.1 vert endra i tråd med saksutgreiinga. Rett utskrift
Dato: Kopi til: Fylkesmannen i Hordaland Miljøvernavdelinga Hordaland fylkeskommune Kommunesamarbeid SWECO Norge AS v/silje
MELAND KOMMUNE Komm.avd. for natur - næring og tekniske tenester Walde Bolig Frekhaug Torg 5918 FREKHAUG Dykkar ref. Journalp.ID 11/9797 Dato 05.07.2011 Vår ref. ANB ArkivsakID 2011000733 Arkiv nr. N-504 KLAGE PÅ UDU.VEDTAK 087/11 - REGULERINGSENDRING. Saka er behandla etter delegert mynde frå kommunestyret og i medhald av sommarfullmakt frå Utval for drift og utvikling v/leiar Atle Håtuft. Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Utval for drift og utvikling 14.06.2011 ANB 087/11 Delegasjonsvedtak Komm.avd. for natur, næring, tekn.tenester 05.07.2011 ANB 327/11 Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 13.04.2011 SWECO Norge AS v/silje SV: REGULERINGSENDRING PLAN 125620060002 2 U 13.04.2011 SWECO Norge AS v/silje SV: REGULERINGSENDRING PLAN 125620060002 3 I 02.05.2011 SWECO Norge AS v/silje SV: REGULERINGSENDRING PLAN 125620060002 4 U 02.05.2011 SWECO Norge AS v/silje SV: REGULERINGSENDRING - HANDSAMING. 5 I 04.05.2011 Silje.@sweco.no, SV: REGULERINGSENDRING PLAN 125620060002 6 I 11.05.2011 SWECO Norge AS v/silje VS: REGULERINGSENDRING PLAN 125620060002 - FRAMLEGG TIL VARSEL OM OPPSTART. 7 U 13.05.2011 SWECO Norge AS v/silje VS: REGULERINGSENDRING PLAN 125620060002 - INNSENDING AV VARSEL OM OPPSTART. 8 I 13.05.2011 SWECO Norge AS v/silje VS: REGULERINGSENDRING PLAN 125620060002 - FRAMLEGG. 9 I 20.05.2011 Statens vegvesen Region vest UTTALE TIL REGULERINGSENDRING 10 I 27.05.2011 SWECO Norge AS v/silje VS: MELDING OM OPPSTART - REGULERINGSENDRING. 12 I 08.06.2011 SWECO Norge AS v/silje VS: REGULERINGSENDRING - FRÅSEGN FRÅ FYLKET. Adresse Telefon: Telefaks: Bankkonto: Heimeside: Postboks 79 56 17 10 00 56 17 10 01 1503.18.83722 www.meland.kommune.no 5906 Frekhaug avd. 56 17 11 61 Kartinformasjon: Besøksadr. Havnevegen 41A www.nordhordlandskart.no postmottak@meland.kommune.no
15 I 20.06.2011 Walde Bolig KLAGE PÅ VEDTAK - KOPI AV SKRIV SENDT LEIAR I UDU. 14 U 21.06.2011 Hordaland fylkeskommune Kommunesamarbeid; REGULERINGSENDRING Fylkesmannen i Hordaland Miljøvernavdelinga 13 U 21.06.2011 SWECO Norge AS v/silje REGULERINGSENDRING 16 I 30.06.2011 Walde Bolig AS v/håkon Nesheim VS: KLAGE PÅ UDU.VEDTAK 087/11 - REGULERINGSENDRING. 17 U 05.07.2011 Walde Bolig KLAGE PÅ UDU.VEDTAK 087/11 - REGULERINGSENDRING. Saksutgreiing: Walde Bolig har ved skriv stempla motteke 01.07.2011 sendt inn klage på vedtak i UDU.sak 087/11, møte 14.06.2011, mindre endring av reguleringsplanen for Mjåtveitmarka. Klagen gjeld kommunen sitt krav om at snuplassane i enden av veg 1.6 og veg 1.8 skal oppretthaldast i planen. Bakgrunnen for klagen er at tomtene som ligg langs dei aktuelle vegane / ved snuplassane er selt, utan at det er teke omsyn til snuplass. Walde Bolig meiner dei to snuplassane ikkje er nødvendig då vegstrekket berre er vel 100 m, i tillegg til at det er høve til å snu på eigen grunn, på kvar eigedom. For meir grunngjeving ver det vist til klagen i sin heilskap. Fristen for å klage på vedtaket i UDU.sak 087/11 går ut 14.07.2011. Administrasjonen vel å handsame klagen før fristen går ut av omsyn til framdrifta i utbygginga og dei private avtalane som er inngått. Vurdering: Adminstrasjonen held fast ved at det skal vere høve til å snu når vegstrekket er over 100m. Meland kommune har ikkje eigen vegnormal, men det er eit vanleg krav hjå kommunar som har oppdatert vegnormal. Det er reine trafikksikringsomsyn som ligg bak kravet om snuplass; nye einebustadområde har endra karakter frå opne, romslege bustadtomter (på 70-talet) til tett utbygging på små tomter, med høg utnytting og med smale vegar. Alt uteområde medrekna felles vegareal vert nytta til leik og opphald, og derfor ønskjer ein ikkje å skape uoversiktlege situasjonar der ein bil t.d. må rygge over 100m for å komme ut av området dersom ein har køyrt feil. På vinterstid med glatte vegar er det særs viktig at det er høve til å snu, og ikkje minst at det er mogeleg å brøyte. I planområdet er det mogeleg å endre utforminga av snuplassane i veg 1.8 og 1.6 slik at bustadtomtene som allereie er selt ikkje vert råka. Slik vert trafikksikringsomsyna teke vare på samstundes som planlagt utbygging kan gjennomførast. Denne justeringa endrer ikkje på det prinsippelle innhaldet i UDU sitt vedtak om mindre endring av reguleringsplanen for Mjåtveitmarka i sak 087/11, og vert rekna for å vere kurant. Løysinga er drøfta med Walde Bustad, som korigerer planmaterialet i tråd med justeringa. VEDTAK I medhald av plan- og bygningslova 12-14 tredje ledd, og i samråd med Utval for drift og utvikling på sommarfullmakt, vert klagen frå Walde Bolig motteke 01.07.2011 delvis teken til følgje. Utforminga av snuplassinga vert justert slik at tomt 1, 2, 3, 4 og 12 ikkje vert råka.
Justeringa endrer ikkje ved prinsippet som ligg til grunn for den godkjente planendringa og vert rekna for å vere kurant. Vedtaket kan påklagast etter Forvaltningslova 28, jf vedlagte skjema. Ein gjer merksam på at fristen for å klage på vedtaket i UDU.sak 087/11 ikke går ut før 14.07.2011. Kommunalavdeling for natur, næring og tekniske tenester Anny Bastesen kommunalsjef Kopi til: SWECO Norge AS v/silje Utval for drift og utvikling v/atle Håtuft