Opplæringslova
Lov- og avtalesystemet Stortinget Lover Partar Tariffavtalar Del A Forhandlingsordningar Hovudavtalen Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova Ferielova Folketrygdlova Arbeidstvistlova Hovudtariffavtalen Særavtalar Sentrale SGS/SFS Lokale særavtalar
Kvifor skulere i desse lovene? Lovene med føreskrifter inkl. rammeplan og læreplanverket er det rettslege grunnlaget for skulen og barnehagen Kunnskap om lov og føreskrifter er eit viktig grunnlag for godt tillitsvaldarbeid Bruke lov og føreskrift som ei kjelde til å ivareta medlemmene sine interesser og Utdanningsforbundet sin politikk
Kor finn eg gjeldande lover og forskrifter? www.lovdata.no
Kva regulerer opplæringslova? Rett og plikt til opplæring Gratisprinsippet og nærskuleprinsippet Retten til spesialundervisning Innhald og vurdering i opplæringa Elev- og foreldremedverknad
Kva regulerer opplæringslova? Organisering av opplæringa og leiing, funksjonar og læremidlar Elevane sitt skulemiljø Personalet i skulen Kommunen sine plikter Statleg tilsyn og kontroll
8-2 Organisering av elevane i grupper Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen.
9-1 Leiing Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast på åremål. Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på.
10-1 Kompetansekrav for undervisningspersonell Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike årssteg og i ulike skoleslag.
Forskrift til Opplæringslova kap. 14 Kap 14. Krav til kompetanse ved tilsetjing i undervisningsstilling 14-1. Krav til pedagogisk kompetanse 14-2. Krav for tilsetjing i grunnskolen 14-3. Krav for tilsetjing i den vidaregåande skolen 14-4. Krav for tilsetjing som morsmålslærar for elevar frå språklege minoritetar 14-5. Tilsetjing på vilkår 14-6. Krav for tilsetjing av lærar med utdanning og praksis frå land i EØS-området 14-7. Krav for tilsetjing av lærar med utdanning og praksis frå land utanfor EØS-området 14-8. Tidlegare godkjend utdanning 14-9. Stillingstitlar
10-4 Utlysing av stillingar Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Kravet om slik utlysing gjeld ikkje for stillingar som er ledige for eit kortare tidsrom enn seks månader, eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i arbeidsmiljøloven 14-2 om førerett til ny tilsetjing og 15-7 om oppseiingsvern.
10-5 Val mellom fleire søkjarar Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den same stillinga, skal det leggjast vekt på utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.