ÅRIM Langelandsvegen 1 6010 ÅLESUND 3. mars 2015 Sula kommune Postboks 280 6039 LANGEVÅG AREALDELEN TIL KOMMUNEPLANEN INNARBEIDING AV OMSYNET TIL AVFALLSPLANLEGGING I PLANFØRESEGNER ÅRIM Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap IKS er eigd av tolv kommunar på Sunnmøre og i Romsdal, herunder Sula kommune. Selskapet skal utføre lovpålagde tenester innan hushaldsrenovasjon og slamtømming for eigarkommunane. Som ein del av dette arbeider selskapet for å sikre trygge og effektive innsamlingsordningar, både med omsyn til trafikktrygging, universell utforming, lukt, estetikk, brannførebyggjing og andre miljøomsyn. Sula kommunestyre vedtok 20. juni 2013 forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen (tilgjengeleg på https://lovdata.no/dokument/ov/forskrift/2013-06-20-827). I forskrifta inngår eit eige kapittel om «renovasjonsteknisk planlegging». Formålet med dette kapitlet er å sikre at omsynet til ei trygg og effektiv avfallshandtering blir innarbeidd i alle plan- og byggjesaker der dette er relevant. Sjølv om forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen er juridisk bindande i seg sjølv, ser ÅRIM at det for å tydeleggjere det ansvaret planleggjarar og utbyggarar har etter forskrifta vil vere ein fordel om krava i forskrifta også blir innarbeidd i føresegnene til arealdelen av kommuneplanen. www.arim.no - org nr 994 717 286 1
I høyringsutkastet til føresegner og retningslinjer for arealdelen frå Sula kommune, datert 13. januar 2015, meiner ÅRIM at dette kan gjerast ved at avfallsomsyn konkret blir innarbeidd slik: 1) I kapittel 2.1.3 Utbyggingsavtalar «Det kan i alle større plan- og byggesaker utarbeidast utbyggingsavtaler mellom kommunen og utbyggjar for utbygging av teknisk infrastruktur (veg, parkering, vatn, avfall og avløp, energi) og grøn infrastruktur (uteareal, gang- og turveg).» 2) I kapittel 2.1.4 Krav om rekkefølgje «I område som er sett av til byggjeformål kan utbygging ikkje skje før godkjende tekniske anlegg (køyreveg, gang- og sykkelveg, avfall, avløp, energi- og vassforsyning) er etablert og samfunnstenester (barnehage og skule) er dekt og områdeaktuelle saker er avklara.» 3) I kapittel 2.1.9 Tilhøve som skal omtalast i reguleringsplanar Her bør det foran setninga «Kommunen kan stille andre krav avhengig av plansaka sitt omfang.» vere følgjande formulering: «Planforslag skal innehalde ein renovasjonsteknisk plan. Renovasjonsteknisk plan skal vise korleis oppsamling og innsamling av avfall skal løysast fysisk for det området eller den eigedomen planen omfattar, samt korleis andre eigedomar eventuelt blir påverka av den foreslåtte løysinga. Renovasjonsteknisk plan skal omfatte avfallet frå driftsfasen til eigedomen, jf. forskrift om hushaldsavfall og slam for Ålesundregionen.» 4) I kapittel 2.2.2 Krav om utforming og lokalisering av bygg og anlegg Her bør det vere eit nytt avsnitt etter avsnittet om energi: Avfall Oppsamling og innsamling av avfall skal planleggjast med sikte på å sikre omsyna i forskrift om hushaldsavfall og slam for Ålesundregionen. ÅRIM vil elles slutte seg til formuleringane om krav til oljeskillar og kjeldesortering i kapittel 2.1.6 om hamner og småbåthamner. Dette er i tråd med 20-5 i forurensningsforskriften (forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning). Vidare er vi nøgd med formuleringane under kapittel 2.2.6 om fritidsbygg hytte og kapittel 2.2.7 om fritidsbygg - rorbu. www.arim.no - org nr 994 717 286 2
ÅRIM seier seg leie for at innspelet kjem så seint i prosessen. Samstundes vil vi peike på at dei tilhøva vi peikar på allereie er vedteke og kunngjort gjennom forskrift om hushaldsavfall og slam i Ålesundregionen. Det å innarbeide slike allereie lovfesta krav i kommuneplanen vil dermed ikkje utløyse krav om nytt offentleg ettersyn. Med vennleg helsing Øystein Solevåg Dagleg leiar i ÅRIM www.arim.no - org nr 994 717 286 3
Forskrift om hushaldsavfall og slam i Å lesundregionen Vedteke: Giske kommunestyre 20. juni 2013 Haram kommunestyre 20. juni 2013 Norddal kommunestyre 24. oktober 2013 Sandøy kommunestyre 12. juni 2013 Skodje kommunestyre 24. september 2013 Stordal kommunestyre 26. juni 2013 Stranda kommunestyre 26. juni 2013 Sula kommunestyre 20. juni 2013 Sykkylven kommunestyre 16. september 2013 Vestnes kommunestyre 13. juni 2013 Ørskog kommunestyre 27. juni 2013 Ålesund bystyre 20. juni 2013 Del 4. Renovasjonsteknisk planlegging 13. (plikt til å ha renovasjonsteknisk plan) a) Alle som foreslår ein reguleringsplan eller utbyggingsavtale i regionen, pliktar å utarbeide ein renovasjonsteknisk plan for det området planforslaget omfattar. b) Ansvarleg søkar i byggjesak pliktar å leggje fram ein renovasjonsteknisk plan for den eigedomen eller dei eigedomane som er omfatta av tiltaket. c) Kommunen kan ta avgjerd om at renovasjonsteknisk plan ikkje treng utarbeidast. www.arim.no - org nr 994 717 286 4
d) Dersom ein bustadeigedom ikkje har tilgjenge direkte med ordinær renovasjonsbil skal det vere avtale om stadfesta renovasjonsrett på annan eigedom før eller i samband med frådelings- eller byggjesak. Merknader til 13: Ein renovasjonsteknisk plan skal synleggjere korleis omsyna i 12-12 i Byggteknisk forskrift - TEK 10 - vil bli sikra. 14. (omfanget av og innhaldet i renovasjonsteknisk plan) Ein renovasjonsteknisk plan skal vise korleis oppsamling og innsamling av avfall skal løysast fysisk for det området eller den eigedomen planen omfattar, samt korleis andre eigedomar eventuelt blir påverka av den foreslåtte løysinga. Renovasjonsteknisk plan skal omfatte avfallet frå driftsfasen til eigedomen. Desse tilhøva bør vere omtalte i planen: a) Tekniske løysingar for oppsamling av avfall, dvs. behaldar, konteinar, nedgravne løysingar, avfallssug etc. b) Hovuddimensjonar for oppsamlingseiningar, samt dimensjoneringsgrunnlaget. c) Plasseringa av oppsamlingseiningane. d) Eventuelle høve til utviding ved seinare overgang til større eller fleire oppsamlingseiningar. e) Tilgjenge og tømmestad for renovasjonsbil. f) Type avløpsanlegg og eventuelle utfordringar knytt til tømming av slamanlegg. g) Stadfesta pliktar og rettar (servituttar) som er relevante for renovasjon. h) Korleis nabo- og gjenboeigedom blir påverka av løysinga som er foreslått. www.arim.no - org nr 994 717 286 5
Merknader til 14: God renovasjonsteknisk planlegging i planfasen legg rammevilkår for byggesaker. Viktige sjekkpunkt i ein plan vil vere: Universell utforming - Er det gjort overordna vurderingar med omsyn til universell utforming ved val av renovasjonsløysing og -utstyr? - Er det gjort vurderingar med omsyn til universell utforming, til dømes avstandar, skilting/merking, stiging/nivåforskjellar, nå- og rekkehøgder, breidder? Val av renovasjonsløysing - Løysingar for enkelthusstander (to dunkar og ein sekk). - Løysingar for fellesabonnement (burettslag, sameige mv.). - Nedgravne løysingar. - Samlokalisering av løysingar for hushaldsavfall og næringsavfall. - Andre løysingar for planområdet, t.d. heimekompostering. Plassering av renovasjonsløysingar - Avfallsrom i bygg. - Utandørs oppstillingsplass eller bod. - Nedgravne løysingar. - Behov for areal til ubemanna miljøstasjonar (returpunkt). Brannsikre løysingar - Utstyr i forhold til brannfare. - Plassering av utstyr. Tilkomst - Vegnormalar. - Tilhøvet til krav i renovasjonsforskrifta. - Dører, portar, trapper, kantstein, låsing mv. - Servicenivå. - Rygging. - Snuplass. www.arim.no - org nr 994 717 286 6
Estetikk - Avskjerming. - Form og design. - Støy- og vindtilhøve. Tilhøve til plan - Eige reguleringsføremål for avfallsløysingar. 15. (krav til tekniske løysingar for innsamling av hushaldsavfall) Kommunen kan, der det er nødvendig for å sikre at arealbruken og busetnaden blir lagt til rette for å vere til gagn for den enkelte og samfunnet, gjennom særskilte reglar i arealdelen i kommuneplanen, i reguleringsplan eller i utbyggingsavtale, stille krav til dei tekniske løysingane for oppsamling av hushaldsavfall. www.arim.no - org nr 994 717 286 7
Reglane i plan- og bygningsloven om bestemmelser til kommuneplanens arealdel 11-9.Generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel Kommunen kan uavhengig av arealformål vedta bestemmelser til kommuneplanens arealdel om: 1. krav om reguleringsplan for visse arealer eller for visse tiltak, herunder at det skal foreligge områderegulering før detaljregulering kan vedtas, 2. innholdet i utbyggingsavtaler, jf. 17-2, 3. krav til nærmere angitte løsninger for vannforsyning, avløp, veg og annen transport i forbindelse med nye bygge- og anleggstiltak, herunder forbud mot eller påbud om slike løsninger, og krav til det enkelte anlegg, jf. 18-1. Det kan også gis bestemmelse om tilrettelegging for forsyning av vannbåren varme til ny bebyggelse, jf. 27-5, 4. rekkefølgekrav for å sikre etablering av samfunnsservice, teknisk infrastruktur, grønnstruktur før områder tas i bruk og tidspunkt for når områder kan tas i bruk til bygge- og anleggsformål, herunder rekkefølgen på utbyggingen, 5. byggegrenser, utbyggingsvolum og funksjonskrav, herunder om universell utforming, leke-, ute- og oppholdsplasser, skilt og reklame, parkering, frikjøp av parkeringsplasser etter 28-7 og utnytting av boligmassen etter 31-6, 6. miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønnstruktur, herunder om midlertidige og flyttbare konstruksjoner og anlegg, 7. hensyn som skal tas til bevaring av eksisterende bygninger og annet kulturmiljø, 8. forhold som skal avklares og belyses i videre reguleringsarbeid, herunder bestemmelser om miljøoppfølging og -overvåking. 11-10.Bestemmelser til arealformål etter 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4 Til arealformål nr. 1, 2, 3 og 4 i 11-7 kan det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser om: 1. at mindre utbyggingstiltak ikke krever ytterligere plan dersom det er gitt bestemmelser om utbyggingsvolum og uteareal, og forholdet til transportnett og annet lovverk er ivaretatt, 2. fysisk utforming av anlegg, 3. hvilke arealer som skal være til offentlige formål eller fellesareal, 4. lokalisering, bruk og strenghetsklasser for avkjørsler til veg, 5. i hvilke områder Forsvaret i medhold av 20-4 selv kan fatte vedtak om virksomhet, bygg og anlegg. Endres ved lov 20 juni 2014 nr. 52 (ikr. fra den tid Kongen bestemmer). 0 www.arim.no - org nr 994 717 286 8
11-11.Bestemmelser til arealformål etter 11-7 nr. 5 og 6 Til arealformålene nr. 5 og 6 i 11-7 kan det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser om: 1. omfang, lokalisering og utforming av bygninger og anlegg til landbruk og reindrift som nevnt i 11-7 andre ledd nr. 5, 2. at spredt bolig-, fritids- eller næringsbebyggelse og annen bebyggelse kan tillates gjennom behandling av enkeltvise søknader eller reguleringsplan når formålet, bebyggelsens omfang og lokalisering er nærmere angitt i arealplanen, 3. bruk og vern av vannflate, vannsøyle og bunn, 4. å tillate nødvendige bygninger, mindre anlegg og opplag i 100-metersbeltet langs sjøen med sikte på landbruk, reindrift, fiske, fangst, akvakultur og ferdsel til sjøs, 5. at det for områder inntil 100 meter langs vassdrag skal være forbudt å sette i verk bestemt angitte bygge- og anleggstiltak. I slikt område kan det også gis bestemmelser for å sikre eller opprettholde kantvegetasjon, og for å sikre allmennhetens tilgang til strandsonen, 6. ferdsel i områder med spesielle vernehensyn og på sjøen, 7. hvilke artsgrupper eller arter av akvakultur som enkeltvis eller i kombinasjon kan etableres. 0 Endret ved lov 19 des 2014 nr. 91 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 19 des 2014 nr. 1727). www.arim.no - org nr 994 717 286 9