Årsmelding 2008. Ope fagmøte: Innkalling til årsmøte. Økonomi for Vestlandsbonden



Like dokumenter
LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Figur 1. Tur for dei tilsette

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

(Styrerommet FK Molde er ikkje tilgjengeleg før etter påske.)

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Vedtekter for Fusa Kraftlag

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kap 1 Innleiande fastsettingar

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Innkalling til. Årsmøte i Aurland Kabel TV. Fredag 5. april 2013 kl. 19:00 på Aurland Fjordhotell

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

Sakspapirer til representantskapsmøte Solstrand Hotell og Bad, Os tirsdag kl Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS

Haugaland landbruksrådgjeving Side - 19

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Nye satsingar for landbruksrågivinga. Landbrukskonferanse Hordaland 15.februar 2017 Dagleg leiar Liv Lyngstad, NLR Vest

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

Interesselaget for farga spælsau

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

ÅRSMØTE Det vert halde årsmøte i Fitjar Kraftlag SA tirsdag 12. mai kl i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, kultursalen.

VEDTEKT av februar 2007

Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA

Ringbladet. Medlemskriv for Haugaland landbruksrådgjeving. Nr februar årgang

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Protokoll frå Årsmøte i Seniornett Førde 20.februar 2015 Møtestad: Brunosten

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2012 Sak 3 Regnskap

Kontrollutvalet i Suldal kommune

INNKALLING TIL ORDINÆRT ÅRSMØTE 2014

Etablering og drift av kraftselskap

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Nidaros Mållag. Årsmøte 30. mars 2016 kl Innkalling og sakspapir. Vel møtt på årsmøtet!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Møteprotokoll for møte i

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Næringsutvikling Tilbod frå NLR Hordaland. Ester Helland Økonomi- og Bedriftsrådgiver

FJELLMUSEETS VENNER INNKALLING TIL ÅRSMØTE I FJELLMUSEETS VENNER 14. JUNI 2014 KL 1100 I NORSK FJELLMUSEUM, LOM

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE BERGEN HF

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Styret i Mental Helse Os kallar inn til årsmøte og deretter hyggetreff tysdag 4. mars kl.18.00, Allaktivitetshuset, 3 etg.

Styremøte 8-9. februar i Bergen

Torsdag 10. mars 2016 kl på Bryne Kro & Hotell

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Lønnsundersøkinga for 2014

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Velkommen til årsmøte

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Velkommen til. årsmøte!

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/ / Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Etne E-lag. 7. Fastsetje godtgjersle for tillitsvalde

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

Transkript:

Årsmelding 2008 Ope fagmøte: Fredag 13. mars kl. 10.30 i møtelokalet 11. etasje i Statens Hus, Kaigaten 9, Bergen rett ved Bergen Storsenter Økonomi for Vestlandsbonden Torbjørn Haukås, NILF: Virkemiddel for Vestlandsjordbruket Lise Austrheim, Bart van Gool: Tilpassing av gjødselpraksis til høgare gjødselprisar Innkalling til årsmøte Fredag 13. mars kl. 13.00 Same stad som fagmøtet. Lunsj frå kl. 12.30 Innkalling til ekstraordinært årsmøte Tysdag 19. mai kl. 10.00 Landbrukstunet, Stend.

Side 2 Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008

Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008 Side 3 Innhald: Styreleiaren har ordet Side 3 Verksemda i 2008 Side 4 Sakliste Side 7 Medlemspengar m.m. Valnemnda si innstilling Side 7 Rekneskap 2008 Side 8 Budsjett 2009 Side 8 Arbeidsplan 2009 Side 7 Side9 Vedtektsendringar Side 10 Oversikt tilsette Side 11 Styreleiaren har ordet. Gode medlemar! Året 2008 er over og vi ser oss tilbake korleis året gjekk. Eg kom inn som styreleiar dette året utan å ha vore styremedlem tidlegare. Lærekurva vart temmeleg bratt, men det er greitt med utfordringar innimellom. På fyrste styremøte etter årsmøtet fekk styret signal om at den daglege leiaren ville slutte innan utgongen av året. Trygve Torsteinsen hadde då vore dagleg leiar sidan samanslåinga som danna Forsøksringen Hordaland. Han hadde arbeidd totalt 20 år i forsøksringsystemet i Hordaland då han slutta i desember. Styreleiaren og styret har full forståing for at Trygve ville endra på arbeidssituasjonen sin etter mange år med stort arbeidspress og ansvar. Vi har framleis Trygve med på laget, men berre som timeløna ekstrahjelp. Styreleiaren og styret vil takka Trygve Torsteinsen for den store innsatsen hans gjennom mange år. Vi har brukt ein del tid på å få på plass den nye leiarstrukturen i forsøksringen. Det starta med ei samling av tilsette og styret på Skånevik Fjordhotell. Der hadde vi god hjelp av Inger Karin Larsen til å analysere situasjonen, og medarbeidarane samt styret gjekk gjennom ein test av kva persontype dei er. I ettertid har vi brukt Inger Karin til litt oppfylging i prosessen med å etablera den nye leiinga. Styret tilsette Liv Lyngstad som dagleg leiar med eit overordna ansvar. Leif Trygve Berge har fått personalansvaret og oppfylging av det daglege arbeidet. Bente Juveng Øpstad vil ta seg av rekneskap, økonomi og kontorfunksjonar. Økonomien har vore ei utfordring i 2008 med mange usikkerheiter. Budsjettet var sett opp med eit underskot på kr 200 000. Dette var gjort på grunn av utgifter til nytt datasystem og ein relativ høg eigenkapital. Mot slutten av året fekk vi oss ei stor overrasking med ein stor rekning på tenestepensjonen til dei tilsette. Det var langt over ein stor auke i budsjettet. Byggteknisk planlegging har slite med litt for få oppdrag i året som gjekk, men det ser ut til å betre seg litt. Vi vil likevel minne om at vi har eit slikt tilbod, så ta kontakt om du har planar om å bygge. Det er ledig kapasitet innan bygg og anlegg no og den bør landbruket utnytte. Forsøksringen er no med i Samarbeidsrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane der styreleiaren set som medlem av arbeidsutvalet. Hovudoppgåvene her er politisk kontakt og samarbeid med forskingsmiljøa om utviklinga innan jordbruket i dei to fylka. Eg vil takka FMLA, kommunar og private bedrifter som har støtta forsøksringen økonomisk og på andre måtar. Til slutt vil eg takka alle tilsette og styret for innsatsen og eit godt samarbeid i 2008. Vi går inn i eit nytt år med stor optimisme og pågangsmot. Lukke til alle saman! Beste helsing Bjarte Naterstad Namneendring. Landbrukets Forsøksringer har endra namn til Norsk Landbruksrådgiving. I haust vart det også lansert ein ny logo for Norsk Landbruksrådgiving som i stor grad byggjer på den gamle logoen. Det er eit sterkt ynskje om at alle forsøksringane endrar namn og tek i bruk dei nye logoane. Styret hadde namneendring for Forsøksringen Hordaland oppe på styremøte i januar 2009. Dei vedtok at Forsøksringen Hordaland skal endre namn til : Landbruksrådgjeving Hordaland frå 1. april 2009. Innkalling til ekstraordinært årsmøte. Tysdag 19. mai 2009 kl. 10.00 på Landbrukstunet Stend SAKLISTE: 1. Godkjenne innkalling 2. Val av møteleiar og to til å skrive under protokollen 3. Vedtektsendring Sakspapir: Sjå punkt 7 under ordinært årsmøte.

Side 4 Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008 Verksemda i 2008 Tilsette I 2008 hadde me desse tilsette: Trygve Torsteinsen, dagleg leiar (slutta 01.12) Liv Lyngstad, fagleg koord., (dagleg leiar frå 01.11) Leif Trygve Berge (personalleiar frå 01.12) Bente Øpstad (administrasjonsleiar frå 01.12) Lise N. Austrheim Henrik Tellevik Øyvind Vatshelle Jorunn Ringheim Hernes Bart van Gool Einar Johan Tvedt Ingvill Leira (slutta 08.08) Steinar Johansen Olav Klubben Mari Aker (permisjon) Dette utgjorde ca 10 årsverk. I tillegg har me i periodar leigd inn ekstrahjelp, hovudsakelig til jordprøvar og gjødselplanar i Sunnhordland og på Voss. Styret Leiar Bjarte Naterstad, Kvinnherad Nestleiar Magne Gjuvsland, Fusa Styrerep. Frank Kvammen, Radøy (på val i 2009) Styrerep. Hans A. Breivik, Øygarden (på val i 2009) Styrerep. Torunn Eikeland, Stord (på val i 2009) Styrerep. Jørn Nordgård, Voss Styrerep. Vidar R. Synnevåg, Kvinnherad Styrerep. Leif Trygve Berge (tilsette) Vararepresentantar har vore 1.Frank Skjerping, Osterøy, 2. Harald Rune Askeland, Radøy, 3. Inge Malkenes, Tysnes Øyvind Vatshelle er vara frå dei tilsette. Styret har hatt 7 ordinære møte og har handsama 70 saker i løpet av året. Ei av dei viktigaste sakene i år har vore overgang til teamorganisering av arbeidet og leiinga av ringen. Dette starta etter at det vart klart at Trygve ynskte å trekkje seg som dagleg leiar. Ei anna hovudsak har vore vidare samarbeid og regionalisering på Vestlandet. Utanom dette har vanleg budsjettarbeid, planlegging av verksemda og personalsaker vore styret si hovudoppgåve. Styret deltok i januar på kurs for tillitsvalde i regi av LFR. Fagråda. Aktiviteten i fagråda har vore svært liten i året som gjekk. Styret har vurdert funksjonen til fagråda. I framtida ser ein at aktiviteten til fagråda gjerne bør overførast til fagteama i forsøksringen. Valnemnda er samansett av Olav Sandvik, Kvinnherad (leiar), Inga Rørlien, Granvin, Kjersti Berge (økologisk), John Inge Nesse, Lindås, og Olav Botnevik, Os Medlemer Det er framleis endringar i medlemsmassen, og vi ser også i år ein svak nedgang i talet på medlemer. 117 medlemer melde seg ut av forsøksringen, dei aller fleste grunna at dei la ned gardsdrifta. I 2008 fekk me 65 nye, og hadde pr 31.12.2008 totalt 1.641 medlemer. Støttemedlemer Me vil rette ei varm takk til alle støttemedlemene våre. Fleire firma og privatpersonar har støtta oss i året som gjekk, både økonomisk og gjennom ulike former for samarbeid. Me vil òg rette ei særskild takk til kommunane som er svært viktige støttespelarar for oss. Arbeidsmiljø. Einar Johan Tvedt har vore verneombod. Vi har hatt nokre lengre sjukemeldingar i år, men dei skuldast truleg ikkje arbeidsmiljøet. Sjukefråværet i forsøksringen er elles lågt. Me er ei IA-bedrift (Inkluderande Arbeidsliv). Likestilling. I år har det vore ei kvinne i styret. Blant dei tilsette er det framleis lik fordeling mellom menn og kvinner, og dei har lik løn. Arbeidsoppgåver Medlemsskriv I 2008 gav me berre ut årsmeldinga som eige skriv. Utover dette har me saman med dei andre landbruksorganisasjonane brukt Vestlandsk Landbruk som medlemsblad. Her har me vore ein av dei flittigaste bidragsytarane, med 25 fagartiklar/innlegg i bladet i tillegg til organisasjonsstoff. Heimesida vår, www.hordaland.lfr.no, har vorte oppdatera kvar veke fram til november. Her finst kontaktopplysningar, fagstoff og informasjon om ulike arrangement. Me arbeidar for å få på plass ei ny regional heimeside i samarbeid med Sunnmøre

Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008 Side 5 Forsøksring og Forsøksringen Sogn og Fjordane. Heimesida ser ut til å bli meir og meir brukt av både medlemer og andre, og styret ser på dette som eit viktig satsingsområde. Individuell rådgjeving Jordprøvar og gjødslingsplanar har som vanleg vore ei av hovudoppgåvene våre. Alle gjødselplanar inneheld no kart, utarbeidd i kartdelen i Skifteplan. Driftsplanar og ulike økonomiske analysar er ei teneste vi heile tida utviklar og forbetrar. I år har me knytt den økonomiske rådgjevinga sterkare saman med strategisk rådgjeving i samband med spørsmål om nybygg og ombygging av driftsbygningane på garden. Me gjev råd i samband med utarbeiding av miljøplanar på gardane, og me hjelpar til med søknader om SMIL-tilskot. For fruktdyrkarane tilbyr me hjelp til planteplanar og søknader til innovasjon Noreg om stønad til rydding og nyplanting av fruktfelt. Testing av åkersprøyter har vore eit tilbod i år også, men det er ikkje mange som spør etter dette. Me har i år også utarbeidd ein del grøfteplanar. Rettleiing over telefon tek og ein stor del av arbeidsdagen til mange av ringleiarane. Me skulle gjerne ha vore meir ute på besøk hjå medlemene, men det er eit spørsmål om ressursbruk. I år har me også gjeve rettleiing og råd om gjødsling og slåttepraksis i samband med grasanalysar. Me arbeidar no med å utvikle eit tilsvarande rådgjevingstilbod for tilbakemelding på surfôranalysar. Me har også teke grasprøver ein gong i veka frå begynninga av mai, for å gje råd om rett haustetid for graset. Forsøk I 2008 hadde me desse 19 forsøksfelta: Hjorteskade, hjå Sigmund Leitet, Fusa Energi og proteinrike vekstar, hjå Knut Dugstad, Voss Kalium og svovel til økologisk eng, hjå Knut Dugstad, Voss Tyning av lyssiv, hjå Egil Nævdal, Lindås 2 felt Tyning av høymole, Fana prestegard Verknad av fjørfegjødsel på eng, i alt 3 felt hjå Voss Jordbruksskule, Henrik Barthel, Ølve og Tørris Digernes, Stord. Registrering av rognebærmøll, 8 felt Granvin og Kvam Varmekjære steinfrukter, hjå Lars Atle Aalvik, Kvam Feltregistreringar frukt, Hardanger, 4 felt Registreringar i øko-eplefelt hjå Annhild Oma, Kvam Me rettar ein stor takk til alle feltvertar for all hjelp og velvilje. Utan dykk ville det vore svært vanskeleg å utføre forsøk. Fellestingingar I Nordhordland, på Osterøy og på Askøy formidlar me skjelsand og veggrus. Elles formidla me også i 2008 planter, både juletre- og forskjellige bærplantar. Etter- og vidareutdanning For å halde oss fagleg oppdaterte har me også i år delteke på ei rekkje ulike kurs og fagmøte/fagturar. Av fagleg kompetanseutvikling kan me nemna : Plantemøtet Bioforsk Plantevernmøter Konferansen Lam 2008 Byggtreff 2008 Studietur Nederland (Grovfôr, bygningar) Seminar om økologisk mjølk Fagsamling med FK konservering/fôranalyse Jubileumsseminar på Fureneset Beitekurs Ringleiarkurs, - gras og grovfôr - økonomi Me har delteke på / gjennomført kurs for å betre eigen organisasjon m.a. Leiarkurs WEB-kurs Kurs for tillitsvalde Agrar Kurs i bruk av Super-Office for alle tilsette Seminar om organisasjonsutvikling med Inger Karin Larsen, styret og alle medarbeidarar Medarbeidarmøte For å planlegge og samordna verksemda har me hatt telefonmøte fast annakvar måndag. I 2008 har medarbeidarane i tillegg hatt 4 samlingar, og to av desse gjekk over 2 dagar, den eine saman med styret.

Side 6 Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008 Kurs I alt har me skipa til 7 EB-kurs. I tillegg begynte 7 nye kurs hausten 2008 som vert fullførte til våren. I 2008 har me skipa til 9 autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel, og her har me hatt til saman 159 deltakarar. Oversikt over kurs i 2008: Regnskapkurs 1stk Kurs i tørrmuring 2 stk Maskinførarkurs 2 stk Bedriftsleiing 1 stk Bærkurs 1 stk Bygningar til sau 1 stk Erfaringsgrupper grovfôr 2 stk Markdagar og fagmøte I 2008 har med skipa til ei lang rekkje ulike markdagar og fagmøte. Me kan nemna: 5 våronnmøte i Indre Hordaland, saman med TINE og landbrukskontora 8 markvandringar med aktuelle tema i frukt og bærdyrking i samarbeid med Kvam Fruktdyrkarlag 2 fagmøte om samdrift, Tysvær, Åkra 11 markvandringar Rett før slåtten, spreidd i heile fylket. 5 markvandringar om fjell utmarksbeite i samarbeid med Nortura og Fatland 1 markvandring med tema fjørfegjødsel og økologisk grønfôrdyrking. 2 fagmøte om gjerdehald, Os og Austevoll 1 fagdag beiting, villsau i Austevoll/ Fitjar I alt 5 erfaringsgrupper grovfôr er i gang Deltaking på dei ulike tilskipingane har variert sterkt, frå nokre få frammøtte til meir enn 70 på beitevandring til Fitjarøyane. Prosjekt Hardangermeny Forsøksringen Hordaland var prosjektmedarbeidar i Hardangermeny fram til april 2008, då 3. fase av prosjektet vart avslutta. Vår fremste oppgåve var å stimulere til økt småskala vidareforedling av mat i Hardanger-kommunane, og å motivere fleire lokale småskala matprodusentar til å levere produkta sine direkte til serveringsbedrifter og hotell i nærområdet. Fjørfegjødsel I samband med at me har starta formidling av fjørfegjødsel, så har me lagt ut tre forsøksfelt for å sjå på verknaden av ulike mengder fjørfegjødsel som overflategjødsling til eng. Prosjektet er eit samarbeid med Fjørfelaget Vest, og er støtta av FMLA. Evaluering av effekten av løyvde STILKtilskot til rydding av attgrodd kulturmark. Landbruksavdelinga ved Fylkesmannen i Hordaland lyste ut dette prosjektet og Forsøksringen Hordaland vart tildelt oppgåva. Me var på synfaring på 70 område i 10 kommunar i Hordaland. Konklusjonen var at tiltaka hadde ført til at dei aller fleste områda i dag vart vurdert til å ha høg eller svært høg beite og kulturlandskapsverdi. Innføring av felles server og nytt administrasjonssystem Alle medarbeidarane er no kopla opp til LR sin felles server. Saman med tre andre større forsøksringar har me i 2008 utvikla og tilpassa ein versjon av Super Office til vårt behov. Medlemsarkivet vårt og all kontakt me har med medlemmene og andre vert no lagra i Super Office som ligg på serveren. I tillegg nyttar me Super Office til dagbokføring, og til å legge inn oppdrag som skal fakturerast. I 2009 vil me ta i bruk nytt rekneskapsprogram som kommuniserar med Super Office, slik at all overføring av data mellom dei to programma går elektronisk. I desember var alle medarbeidarane på kurs i bruk av Super Office. Eit felles medlemsarkiv vil gje ein enklare arbeidsdag for medarbeidarane. Me vonar at me framover også vert meir effektive, slik at me kan gjere ein endå betre jobb overfor medlemmene, uansett kor i fylket dei held til. Nye web-sider Forsøksringen Hordaland har delteke i gruppa som har utarbeidd nye heimesider for Norsk Landbruksrådgiving. Me er i gang med å utvikle ei felles heimeside med ny design for Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre, som skal vere klar til vekstsesongen 2009.

Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008 Side 7 Sakliste for årsmøtet 1. Godkjenne innkalling 2. Val av møteleiar og to til å skrive under protokollen 3. Årsmelding og revidert rekneskap 2008 4. Kontingent og andre betalingssatsar, honorar tillitsvalde 5. Arbeidsplan og budsjett for 2009 6. Val av leiar, nestleiar, styremedlemer, varafolk, revisor og valnemnd. 7. Vedtektsendring Det har ikkje kome inn framlegg til saker frå medlemer innan fristen gjekk ut 15.01.2009 SAK 3. Årsmelding og rekneskap 2008 Sjølve rekneskapen står på side 8. Styrets forslag til disponering av resultatet: Resultatet vert trekt i frå eigenkapitalen Forslag til vedtak: Årsmelding og rekneskap for 2008 vert godkjend SAK 4. Kontingent og andre betalingssatsar, honorar til tillitsvalde. Kontingent: Kontingenten vert fastsett etter storleiken på bruket. Alt jordbruksareal, (ikkje berre fulldyrka jord) frå søknaden om produksjonstillegg året før ligg til grunn for berekning av kontingenten. Kontingentsatsar i 2008 (utan MVA) Bruk opp til 100 dekar: kr 800 Bruk frå 100 til 200 dekar kr 1050 Bruk over 200 dekar kr 1300 For frukt og bærprodusentar og dei som driv økologisk har ein faggruppekontingent på 500 kroner i tillegg. Dei økologiske produsentane får fagbladet Økologisk Landbruk i tillegg. Forsøksringen Hordaland ligg framleis blant dei aller lågaste i landet m.o.t. medlemsbetaling. Løn og andre kostnadar aukar stadig, medan statlege og kommunale tilskot ligg fast, eller går nedover. Styret ser det difor slik at me ikkje har noko anna val enn å auke medlemspengane i 2009, og foreslår en auke på 50 kr for alle arealgruppene. For å unngå at medlemmer med ekstensiv økologisk produksjon og mykje areal får ein urimeleg høg kontingent, foreslår styret ein flat kontingent for medlemmer med økologisk produksjon. Det er rabatt for medlemmer i samdrift. Styrets forslag til endring: Kontingentsatsar i 2009 (utan MVA): Bruk opp til 100 dekar: kr 850 Bruk frå 100 til 200 dekar kr 1100 Bruk over 200 dekar kr 1350 Faggruppekontingent for frukt og bær står fast på 500 kroner i tillegg. Medlemmer med økologisk produksjon: Kontingent kr 1350,- inkludert fagbladet Økologisk Landbruk Satsar for betalingstenester : Satsar for 2008 (utan MVA). Medlemer: (effektiv tid, ingen reisekostnader) Gjødselplan og liknande. kr 300 / time Økonomisk rådgjeving. kr 450 / time Bygningsplanlegging: kr 550 / time (kr 450/ time frå 15.10) Ikkje medlemer: Kr 750 / time + reisekostnader, ev marknadspris. Styrets forslag til endring: Satsar for 2009 (utan MVA): Bygningsteknisk og økonomisk rådgjeving: 500 / time. Anna rådgjeving: kr 350 /time Ikkje medlem: kr 750 / time Honorar til tillitsvalde: I 2008 har møtegodtgjersle til tillitsvalde vore kr. 1700 for eit heildagsmøte. Fast godtgjersle til styreleiar har vore kr. 15 000,- pr år. Reiseutgifter har vore dekka etter faktiske utgifter samt staten sine satsar for bilgodtgjersle. Valnemnda si innstilling: Godtgjersle til leiar og møtegodtgjersle bør vera uendra i 2009. Reiseutgifter skal dekkast etter rekning / staten sine satsar. kr

Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008 Side 8 BALANSE 01.01.2009 Eigenkapital 2 083 31.12.2008 Aktiva Kontormaskiner 15 Aksjar 1 Sum anleggsmidlar 16 Lønsforskot 12 Kundefordringar 2 171 Tap på fordringar 250 Bankinnskot 1 516 Sum omløpsmidlar 3 608 SUM 3 465 Passiva Avsetningar 120 Skatt og avgifter 435 Lønn og feriep. 422 Annen gjeld 404 Eigenkapital 2 528 SUM 3 909 Endring i eigenkapital -445 Note 1 Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine føresegner. Det er utarbeidd etter norske rekneskapsstandardar. Selskapet nyttar rekneskapsreglane for små føretak. Note 2 - Pensjonspremiefond Pensjonsforpliktningar for dei tilsette er dekka ved ei kollektiv pensjonsforsikring i Storebrand gjennom Norsk Landbruksrådgiving. Ordninga omfatta ved starten av året 12 tilsette, og ved utgangen av året 10. Ordninga er ikkje balanseført, og den årlege pensjonspremien samt ev. tilleggsbetalingar til pensjonspremiefond ser ein på som pensjonskostnadane i året. I 2008 vart, i likskap med i 2007, ein del av premien trekt på premiefondet, og kostnaden er ikkje ført i rekneskapen. For begge åra vart fondet nytta tilnærma fullt ut i forhold til inneståande ved delpremie-betalingane i desember. I 2007 vart det såleis nytta kr 51000 av fondet. I 2008 kr 24798. Note 3 - Styret Tilsette - Revisor RESULTATREKNESKAP 2008. Budsjett 2009. Budsjett Rekneskap 2008 2008 Budsjett 2009 Sals/leigeinntekter/annonser 60 72 80 Kursinntekt 580 1 017 827 Rammetilskot 1 550 1 544 1 600 Kommunale tilskot 620 671 500 Medlemskontingent 1 667 1 618 1 744 Støttekontingent 30 23 20 Medlemstenester 1 250 348 1 1 Feltgodtgjørsle 70 43 115 Eksterne oppdrag 1 060 1 529 1 280 Ans. and. av pensjon 40 33 35 Andre inntekter 20 26 94 Ref av driftsutg. 45 86 80 Vidaresal 80 106 90 SUM INNTEKTER 7 072 7 117 7 583 Forsøk 15 23 25 Kurs/Fagmøte/Markdagar 425 591 500 Medlemsblad 90 99 100 Løn fast tilsette 4 780 4 241 4 396 Løn tilf. hjelp 30 126 100 Kjøp av tenester frå FMLA 96 219 Personalforikring 350 473 450 Kontorhald 542 712 710 Datautstyr og program 200 188 200 Kurs og etterutdanning 110 151 110 Reisekostnadar 290 347 290 Kontingentar 285 274 275 Styre/Årsmøte 125 119 120 Innkjøp til vidaresal 70 86 85 Andre utgifter 10 13 10 Tap på fordringar 25 150 150 Avskrivingar 20 6 14 SUM UTGIFTER 7365 7 695 7735 Driftsresultat -260-578 -39 Finansinntekter 90 133 80 RESULTAT -170-445 41 Det har vore 11 fast tilsette i løpet av året, samt 1 fast innleigd og 2 personar tilsette på timebasis. I samband med fast innleige er det for 2008 nytta kr 95 689. Styremedlemene får møtegodtgjersle på kr 1700,-/dag og får dekka reiseutgiftene sine til møta. Styreleiar har i tillegg ei godtgjersle på kr 15 000, -/år. Det er betalt honorar til styret for 2008 med kr 113 900,- til saman. Dagleg leiar får løn etter tariffavtale mellom Landbrukets Arbeidsgiverforening og Naturviterne. Revisor Jostein Bøyum vart vald til revisor for 2008. Honorar til revisor er kostnadsført med kr 19 500.

Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008 Side 9 Sak 5. Arbeidsplan og budsjett 2009 Forslag til Arbeidsplan 2009, Skriftleg informasjon: Fagartiklar Webside E-post til medlemar Kurs/Markdagar/Fagmøte: Kurs, 28 stk Markdagar Fagmøter Dyrkingsgrupper økologisk, 3 stk Individuell rådgjeving, tenester: Jordprøvetaking, 450 bruk Gjødselplanar, 459stk SMIL-planar, 27 stk Økonomiplanar, 40 stk Bygningsplanlegging, 20 stk Gratis førsteråd - øko, 32 stk Rådgjevingsavtalar - øko, 6 stk Forsøk: Fjørfefelt, 3 stk Høymole, 1 stk Lyssiv Erter i attlegg øko Nye grasartar/sortar Gjødsling Eksterne oppdrag: Brunsnigle Registreringar på økobruk Beitebruksplanar Rådgjeving nye bærprodusentar Økoløft i kommunane RMP arbeid Andre økoprosjekt Arbeidskraft Henrik Tellevik, Leif Trygve Berge og Jorunn Ringheim Hernes har alle mellombels auka stillingsprosentane. Einar Tvedt vel å gå ned i 90 % stilling. Liv Lyngstad har frå november arbeidd i 100 % stilling Steinar Johansen har 100% stilling. Utover i 2008 vart det mindre oppdrag, og ein har drøfta om han kan gjere andre oppgåver for forsøksringen. Olav Klubben er utleigd til oss frå FMLA, i alle fall frem til sumaren. Trygve Torsteinsen vert leigd inn på timebasis. Me har ei ledig stilling på Voss, og me vonar at ein ny medarbeidar vil vere på plass så snart som mogleg. Dei andre har uforandra stillingar. Alt i alt utgjer detta ca 10 årsverk for 2009. Medlemstal Me trur at medlemstalet totalt sett vil halda seg nokolunde stabilt i år, dvs rundt 1.650 medlemar. Medlemsskriv Me kjem til å halda fram samarbeidet med Vestlandsk Landbruk, og vil skrive 15-20 fagartiklar i bladet. Bladet Økologisk Landbruk går i tillegg til medlemer som driv økologisk. E-post meldingar til medlemer er ein svært rask, effektiv og billeg måte å gje ut informasjon på. Dette ynskjer me å utvikla vidare i 2009. Med eit felles medlemsarkiv vert det lettare å gjennomføre. Medlemsretta aktivitet. Styret ynskjer å setja fokus på medlemsretta aktivitet. Dette gjer me fordi forsøksringen først og fremst er til for bonden og for landbruksnæringa. Om vi skal tene medlemene på best mogleg vis, så må arbeidskrafta rettast i størst mogleg grad mot dei aktivitetane som medlemene har trong for. Samstundes aukar kostnadane til drifta av ringen, og me må ta betaling for nokre av dei tenestene som tidligare har vore gratis. Dette gjelder gjødselplanar, planteplanar, SMILsøknader og økonomisk rådgjeving. Med ein timepris på 350 til 500 kroner, og inga betaling for reiskostnadar og reisetid, skal det ikkje mykje til for å få lønsemd ut av den rådgjevinga du kjøper hjå oss. Det har vore noko dalande interesse for bygningsteknisk planlegging, men me vonar at dette er forbigåande, og at etterspurnaden igjen vil auke. For å ha råd til å vedlikehalda og vidareutvikla kompetansen på økonomisk rådgjeving må me ha eit breiare kundegrunnlag enn me har hatt i eige

Side 10 Forsøksringen Hordaland, Årsmelding 2008 område dei siste åra. Me vil difor i år selje denne tenesta også i andre fylke. Prosjekt Våre tilsette er ettertrakta arbeidskraft for andre, og for å kunne halda på den kompetansen desse representerer er me nøydde til å skaffa oss inntekter også frå eksterne kjelder. Aktuelle prosjekt i år er Økoløft i Voss og Kvam og surfôranalysar i samarbeid med FK og Yara. I tillegg kjem vi til å samarbeida med FMLA om øko-prosjekt og prosjekt knytt til endringar av RMP-ordninga.. Me freistar etter beste evne å prissette våre tenester til ekstern oppdragsgjevar på ein slik måte at dette i alle fall går i balanse for ringen reint økonomisk. Kompetanseheving I 2009 må me bruke ein del tid på innføring av det nye kundestøttesystemet, Super Office, og på innføring av nye rutinar for timeføring og fakturering. Fagleg vil rådgjeving knytt til surfôranalysar vere sentralt. Me er også oppmoda av Fylkesmannen si landbruksavdeling om å auke vår kompetanse innan biologisk mangfald i kulturlandskapet. Dei ynskjer at me skal vere gode støttespelarar og rådgjevarar på dette området, som dei vil ha meir fokus på i tida framover. Forsøksringane på Vestlandet Me vil fortsetje arbeidet med å knytte ringane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre sterkare saman. Felles heimesider, felles administrative rutinar og samkøyring av spisskompetanse er dei felt me ynskjer å samarbeide om. I det heile er dette med samarbeid og alliansebygging, både med andre lag og organisasjonar innan landbruket, offentlege etatar og andre samfunnsaktørar noko me vert nøydd til å leggja sterkare vekt på dei næraste åra. Strategiplan På grunn av endringar i leiinga av ringen og ny organisering av arbeidet har ein ikkje kome i mål med revidering av strategiplanen i 2008. Dette arbeidet vil bli teke oppatt i 2009. Det felles styre og medarbeidarseminaret i Skånevik i september 2008, var starten på noko nytt, og tankane og ideane frå dette seminaret vil verte fylgt opp vidare framover. Visjon og verdiar for Forsøksringen Hordaland vart drøfta i Skånevik og me held fast på at visjonen vår skal vere: Vi gjer det lettare å vere bonde! Sak 6. Val. Valnemnda si innstilling Som fylgje av diskusjonen / vedtaket i styret om å redusera talet på styremedlemer, ser valnemnda det naturleg at vi ikkje føreslår nokon ny i staden for Hans Arne Breivik som no går ut av styret. Valnemnda er einig om fylgjande forslag til kandidatar til verv i Forsøksringen Hordaland: Leiar: Bjarte Naterstad - attval Styremedlemer for to år: Frank Kvammen - attval Torunn Eikeland - attval Varamedlemer til styret i nummerorden: 1.Frank Skjerping - attval 2.Harald Rune Askeland - attval 3.Inge Malkenes - attval Sak 7. Vedtektsendring. 9a i vedtektene omhandlar årsmøtet, deriblant saklista for årsmøtet: 9 ÅRSMØTET a. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars, på ein stad som styret finn hensiktsmessig. Innkalling skal skje med minst 2 vekers varsel. Saksliste: 1. Godkjenning av innkallinga 2. Val av møteleiar og to til å skrive under protokollen 3. Årsmelding og revidert rekneskap 4. Kontingent og andre betalingssatsar, honorar tillitsvalde 5. Arbeidsplan og budsjett 6. Val av leiar, nestleiar, styremedlemer, varamedlemer, revisor og valnemnd 7. Innkomne framlegg. - Desse må styret ha motteke seinast 15. januar Styret ynskjer å endra punkt 4 på saklista til årsmøtet, slik at årsmøtet berre vedtek kontingent og honorar til tillitsvalde. Styret ynskjer å kunne endre betalingssatsane i løpet av året, for betre styre økonomien. Forslag til nytt ordlyd punkt 4 på saklista til årsmøtet: 4. Kontingent og honorar til tillitsvalde.

Forsøksringen Hordaland Tilsette 2009 Liv Lyngstad, dagleg leiar - Næringsutvikling - Frukt - Kulturlandskap, SMIL og RMP - Beitebruksplanar 98 24 58 30 (Øystese) liv.lyngstad@lr.no Bente Juveng Øpstad, administrasjonsleiar - Medlemsarkiv - Fakturering - Rekneskap, løn - 98 24 58 33 (Stend) bente.juveng.opstad@lr.no Leif Trygve Berge, personalleiar - Økologisk landbruk - Mekanisering - Høyproduksjon - Sauehald / driftsbygningar sau 98 24 58 39 (Ølve) lta.berge@lr.no Steinar Johansen - Bygningsteknisk rådgjeving - Teikning og prosjektering - SMIL gamle bygningar 98 24 58 43 (Stend) steinar.johansen@lr.no Bart van Gool - Strategisk økonomirådgjeving - Intensiv grovfôrdyrking/beitebruk - Næringsutvikling - Driftsbygningar storfe 98 24 58 37 (Seimsfoss) bart.van.gool@lr.no Lise Austrheim - Nye fôrvokstrar, artar og sortar - Grovfôrkvalitet - Kulturlandskap, SMIL og RMP - Generell jord- og plantekultur 98 24 58 31 (Stend) lise.austrheim@lr.no Øyvind Vatshelle - Ekstensivt beite, beitebruksplan - Gjerdehald - Kulturlandskap, SMIL og RMP - Web-ansavarleg 98 24 58 38 (Knarvik) oyvind.vatshelle@lr.no Olav Klubben - Generell jord- og plantekultur - Forsøksverksemda - Økologisk landbruk 98 24 58 42 (Stend) olav.klubben@lr.no Jorunn Ringheim Hernes - Generell jord- og plantekultur - Urtedyrking 56 51 96 85 / 98 24 58 34 (Voss) jorunn.ringheim.hernes@lr.no Henrik Tellevik - Plantevern - Bær, nisjeproduksjonar - Høyproduksjon - Generell jord- og plantekultur 98 24 58 32 (Askøy) henrik.tellevik@lr.no Einar Tvedt - Kulturlandskap, SMIL og RMP - Økologisk landbruk - Generell jord- og plantekultur 98 24 58 36 (Seimsfoss) einar.johan.tvedt@lr.no Trygve Torsteinsen, innleigd konsulent - Grøfteplanlegging - Erstatningssaker - Maskinførarbevis 98 24 58 45 Ny ringleiar på Voss, ledig 100% stilling - Grovfôrdyrking - Kulturlandskap, SMIL og RMP - Generell jord- og plantekultur

B Retur: Fanavegen 245, 5244 Forsøksringen Hordaland Fanavegen 245, 5244 Fana Tlf. 98 24 58 30 E-post: hordaland@lr.no http://hordaland.lfr.no NO 882 348 792 MVA