Arbeidsprogram 2016-2017 Vedtatt: 10. April 2016, Tromsø Norsk medisinstudentforening har eit breitt politisk arbeidsområde som er definert av foreininga sitt politiske måldokument. Arbeidsprogrammet trekk fram dei delane av politikken som foreininga skal arbeide særleg med i året som kjem. 1. Grunnutdanning Norsk medisinstudentforening skal vere ein aktiv bidragsytar i debattar om grunnutdanning for å sikre at meiningane til medlemene våre blir høyrde. Foreininga skal oppnå dette ved å: 1. Sørgje for at meiningane til norske medisinstudentar blir høyrde i prosessen med å innføre nasjonale læringsmål for medisinstudiet i Noreg. 2. Ta initiativ til ein diskusjon om tverrprofesjonell samarbeidslæring, og korleis undervisinga i dette kan bli best mogeleg. 3. Arbeide for at innføringa av ein eventuell nasjonal eksamen for medisinstudentar skjer i samsvar med standpunkta våre. 4. Arbeide for at Legeforeningen følgjer opp grunnutdanningsrapporten, og oppmode aktuelle avgjerdstakarar til å gjennomføre tilrådingane i rapporten. 2. Hospitering Norsk medisinstudentforening skal arbeide for at hospitering på norske sjukehus skjer i eit omfang og med ein struktur som sikrar kvalitet for alle studentar. Foreininga skal oppnå dette ved å: 1. Arbeide for at hospitering ved norske sjukehus ikkje kjem i konflikt med organisert undervising for studentar som er knytte til sjukehuset 2. Arbeide for at norske sjukehus opnar for hospitering utanom undervisingsåret. 3. Gjere informasjon om hospitering ved norske sjukehus lett tilgjengeleg for medlemene våre.
3. Arbeidsliv Norsk medisinstudentforening skal arbeide for at studentane sin inngang til arbeidsmarknaden er oversiktlig og rettferdig ved å: 1. Arbeide for at sjukehusa lyser ut stillingar for medisinstudentar med lisens, og offentleggjer tilsettingskriteria som blir nytta i samband med tilsetting av turnuslegar og studentar med lisens. 2. Få ein oversikt over særeigne avtaler om løn for medisinstudentar i Noreg. 3. Arbeide for at medisinstudentar utan lisens skal vere ein del av dei lokale avtalene. 4. Arbeide for at dimensjonering av turnuslegeordninga står i rett forhold til legebehovet i dag og i framtida. 5. Kartleggje situasjonen i arbeidsmarknaden for medisinstudentar. 6. Utvikle ein nettportal der det er mogeleg å finne kvalitetssikra informasjon om dei ulike turnusplassane, i samarbeid med Yngre legers forening. 4. Rekruttering Norsk medisinstudentforening skal bidra til ei jamn kjønnsfordeling på medisinstudiet. 5. Utveksling Norsk medisinstudentforening skal sikre at studentar som reiser på utveksling i regi av foreininga får mest mogeleg ut av opphalda sine. Foreininga skal oppnå dette ved å: 1. Innføre global helse som ein del av det kliniske utvekslingsprogrammet, i tråd med arbeid gjort i SCOPE. 2. Arrangere Upon Arrival Training for innkomande studentar i alle lokallag. 3. Arbeide for strengare oppfølging av studentane som er på hospitering i Noreg med meir kontroll av loggbøker og oppmøtestatistikk. 4. Fortsetje arbeidet med ordningar for å kunne gje studiepoeng for Nmfutveksling. 5. Drive kompetansebygging og erfaringsdeling gjennom deltaking på internasjonale og nasjonale møter.
6. Ta aktivt del i det internasjonale arbeidet med vidareutvikling av utvekslingsprogrammet vårt. 7. Gi informasjon om Nmf medlammane sin moglegheit til Nmf utveksling. 8. Forbetre akademisk kvalitet i forskingsutvekslinga ved å innføre scientific report eller poster presentation som endeprodukt i alle forskingsprosjekt. 9. Forbetre søknadsprosedyren for utveksling ved å oppdatere søknadsskjemaet og forbetre informasjonen om søknadsprosessen på nettsidene. 6. Nasjonal og global helse Norsk medisinstudentforening skal være ein aktiv bidragsytar i diskusjonar om nasjonale og globale helsespørsmål. Foreininga skal oppnå dette ved å: 1. Arbeide for at det mentale helsetilbod i Noreg blir betra, og gjere mental helse til et satsingsområde for Nmf i 2016. 2. Gjennomføre ein informasjonskampanje for å heve kunnskapsnivået om antimikrobiell resistens og forsvarleg antibiotikabruk blant legar, medisinstudentar og befolkninga elles. 3. Drive informasjonsarbeid om revaksinering etter barnealder blant studentar og med dette bidra til å oppretthalde flokkimmuniteten. 4. Påverke helsemyndigheitene og legemiddelfirma til å satse meir på utvikling av medisinar mot sjukdommar som i hovudsak rammar personar i låg- og mellominntektsland. 5. Auke kunnskapsnivået blant medisinstudentar om helsekonsekvensane som klimaendringane har i verda i dag. 7. Internasjonalt arbeid 1. Lage ein strategi for å implementere programstrukturen til IFMSA i Nmf. 2. Nmf skal bidra i utviklinga av IFMSA sin politikk gjennom oppdateringar og oppretting av Policy statements. 3. Rekruttere medlemer av Nmf til arbeidsgrupper og verv i IFMSA basert på dugleik, erfaring og interesse.
8. Styrka foreining Norsk medisinstudentforening skal være ein open organisasjon, med struktur og rutinar som styrkar demokratiet i foreininga. Foreininga skal ha ein tydeleg profil for medleene våre. Foreininga skal oppnå dette ved å: 1. Vidareutvikle tillitsvaldopplæringa (Tvk1-3) basert på evalueringar for å sikre ei heilskapleg og god opplæring av alle tillitsvalde. 2. Tilby moglegheita til å delta på workshops og trainings i IFMSA til våre medlemer. 3. Auke medlemsmassen til 4600 i løpet av året og oppnå ein medlemsdel på over 50% i Nmf utland og over 80% for lokallaga i Noreg. 4. Evaluere prosessen fram mot landsmøtet og justere den etter behov. 5. Opprette og følje opp eit politisk råd for foreininga. 6. Nmf skal vere synleg frå den fyrste dagen på medisinstudiet. 7. Sikre foreininga sitt langsiktige organisasjonelle minne ved å opprette Nmf Alumni. 8. Opprette og innføre eit trainingprogram etter modell frå IFMSA Trainings for å styrke kompetansebygginga i foreininga. 9. Utarbeide betre rutinar for budsjetteringsarbeidet i forkant av landsmøtet 2017. 9. Medlemer Foreininga skal sikre og styrke medlemmane sine fordelar. Dette skal foreininga oppnå ved å: 1. Innføre elektronisk betaling av medlemskontingent innan semesterstart for hausten 2016. 2. Inngå medlemsavtaler for studentar gjennom Akademiker Student. 3. Vidareutvikle samarbeidet med ANSA, med sikte på rimelegare dobbeltmedlemskap og semestermedlemskap i ANSA for Nmf-studentar på utveksling. 4. Opprette nasjonale kurs i Nmf.
5. Undersøkje mogelegheita for at studentar kan få tilgang til Helsebiblioteket i utlandet, f.eks. gjennom Legeforeningen sine nettsider. 6. Undersøkje kor mange av Nmf sine medlemer som les Æsculap. 7. Opprette mogelegheita for å avbestille Æsculap. 8. Synleggjere medlemsfordelane til foreininga. 9. Undersøkje medlemene sine ønskjer for Æsculap sitt innhald og format. 10. Gjennomføre ei medlemsundersøking i Nmf for å kunne bestemme vidareutviklinga av foreininga. Denne undersøkinga skal inkludere mellom anna Æsculap.