Etter to veker med samane som tema, avslutta me dette ved å feira den samiske nasjonaldagen. Her vart det laga ulike aktivitetar ute for barna.

Like dokumenter
I APRIL HAR VI: IKT:

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Månadsbrev for Februar

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Februar. Oranje gruppe Jobbar vidare med «spinnerane» sine og det som skal bli ei utstilling. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månedsbrev fra Parsellhagen: I februar har vi:

Månadsbrev for Rosa september 2014

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

Barn små blå vår 2016 Personalet på Små blå, 1 års gruppa, Vår 2016:

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Trollnytt for januar og februar

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Evaluering av årsplanen til Salutten

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Samling Tur: Tusselusene. Samling Barnehagen stenger God påske. 27.

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Hei alle sjøstjerneforeldre

APRIL MÅNEDSBREV. Barna synger ivrig på sanger om frosken og her er et vers som vi liker å høre på. Til verset har vi bilder på en flanellograftavle.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Godt nyttår, og takk for det gamle!

Månadsbrev Januar `18

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag

Kva har me gjort i april?

Sofies hemmelegheit.

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017.

Månedsplan, april. Grøn gruppe

Kvifor (henv.til rammeplan) Bli kjent med bøker, songar, bilete, media o.a. Rammeplanen s.41

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Småstein posten. November 2015

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

MÅNADSBREV oktober/november -solstrålebasen

OK, seier Hilde og låser.

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

Månedsbrev Bikuben februar 2017

MÅNEDSBREV FOR FEBRUAR

Prosjektrapport Hva gjemmer seg her? Base 3

Månedsbrev for Steingrua! Februar Foto: Helén Eliassen

mmm...med SMAK på timeplanen

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Då kan me ønska oktober velkommen allerede! Den 17. august starta alle 2015 borna på grønn gruppe. Med seg fra blå fekk dei Britt-Anna som de kjenner

PERIODEPLAN 4 Avdeling: Spurv EVALUERING AV PERIODE 3: Januar - Mars 2017

Månadsbrev for Blå, november 2015

Månadsplan for Hare November

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Veke 48 og 49 Knubben

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månedsbrev Bikuben april 2016

fokus på lek! eventyr Alfabetet, tall og ordbilder regn, snø og is sykdom

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Periodeplan for ekornbarna april og mai 2016

MÅNEDSPLAN FOR MARS. Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 1.mars Barnehagedagen! Vi rydder, koster og vasker ute! 2.mars. Vi har fokus på Kurdistan

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Klokkeråsen barnehage Virksomhet Eik barnehager Skapende og tilstede i fellesskap og glede

VINTERFEST - Fremme friluftsliv og glede over å være ute. - Sosialt - Tradisjon - Inkluderende

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Me har og gjennomført foreldresamtalar denne månaden, og har fått to nye barn på gruppa vår; VELKOMEN TIL LARS OG MUSTAFA!!

Elevundersøkinga 2016

Marspost for Bukkene Bruse 2019

MÅNEDSBREV FOR NOVEMBER

Gullstjerna. Refleksjoner og noen tanker videre. November 2016

MÅNDSBREV FOR NEWTON APRIL 2018.

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

2 Sei tre ting du vil handle i matbutikken

Fiolen. Refleksjoner og noen tanker videre. August 2016.

Mål: La barna oppleve glede ved å ferdes i naturen, og få grunnleggende innsikt i natur, miljøvern og samspillet i naturen.

I mars har vi I GRØNN

Månedsbrev fra Småscena. Mars 2017.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Felles minirøris ute. Aktivitetsuke. 08. Inne/ute aktiviteter. 15. Inne/ute aktiviteter

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Månedsbrev Bikuben april 2017

Hva har 1 og 2 åringene gjort i januar?

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

FØRSTEKLASSELÆRER NYNORSK KOPIARK. GAN Aschehoug

Månedsbrev Bikuben februar 2019

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Må nedsbrev februår Solbuen

Månedsbrev mai 2018 Andedammen

Som et resultat av barnas store interesse for reinsdyr, har vi gjennom hele januar jobbet med å lage vårt eget reinsdyr! Og hva er vel mer naturlig

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Transkript:

Då har ein månad i barnehagen gått forbi. Tida går fort, men jammen har me gjort på masse kjekt i barnehagen. Vi starta månaden med å undra oss over samane. Dette var noko som barna likte utruuuuuuuuuuuleg godt Me viste dei bileter av korleis samane levde og lever den dag i dag. Det vart vist flest bileter i samlingsstundane våre, bl.a av samedrakta, samesko og reinsdyr. Med dette byrja me å høyra på samiske barnesongar, det som gjekk igjen som ein slager var den samiske versjonen av «bæ bæ lille lam». Første gongen barna fekk høyra den satt dei heeeeeeeeeeeeilt stille i samlingsstunda og lot seg bergta av dei magiske lydane som strømma ut av cd-spelaren : «Var det ikkje noko kjent med den songen? Har eg ikkje høyrt den før? Kva er det som skjer? Barna lot blikket vandra, frå cdspelaren, mot kvarandre og tilbake igjen. Kva i alle dagar var dette for noko?» Det var akkurat som om dei satt og nøyt songen, det var ein veldig mystisk og fin song som var litt roligare enn den vanlege «bæ bæ lille lam» songen. Me har høyrt masse på denne songen i februar sidan

me såg at den fenga barna enormt. Vidare har me også høyrt på ein del joik, til og med litt rocka joik. Rocka joik likte barna, for dette var noko dei kunne dansa og vrikka rumpa si til. Toving er ein gammal tradisjon i Noreg, og fremmed for dei aller fleste. Viss man spør nokon på gata, vil dei mest sannsynleg dra referansar til jentenamnet Tove, ved direkte spørsmål om kva det handlar om. For å unngå framtidige misforståelsar rundt dette, så me oss nøydt til å dra fram toving på agendaen, og lære barna om det. Kva er dette for noko då? Kvifor må me tova? Korleis gjer me det? Var det brukt mykje før i tida? Norsk kulturarv, finmotorisk utvikling, morosamt å holde på med? Perfekt kombinasjon for små lærelystne barn, og me tok fatt på det med liv og lyst Barna fekk kvar sin kasse med vatn og såpe, deretter fekk dei velja kva slags farge dei ville ha og med dette kna det til ein ull ball. Det var stor begeistring rundt dette, «No er det min tur!! Eg vil også!!», barna satt lenge og gnidde på ulla for å få det til ein perfekt ball. Ulltovinga skulle tørke i ettertid, og til slutt skulle det bli eit fantasidyr som barna fekk pynte.

Etter to veker med samane som tema, avslutta me dette ved å feira den samiske nasjonaldagen. Her vart det laga ulike aktivitetar ute for barna. Dei fekk kasta lasso på reinsdyret som hang ute i barnehagen, til stor begeistring for både store og små «Klarar eg å treffe reinsdyret? Jaaaaaaaaaaaaaaaaaaaa, eg klarte det «Ein gong til, ein gong til!!».

Me satte også opp lavoen der barna fekk komma inn å høyra på samisk joik, og bl.a studera samiske sko. Etter dette bar turen ned for å høyra på samiske eventyr. Her satt barna og følgde godt med på spennande eventyr av samisk art. Til slutt fekk barna smaka på samisk mat, av typen bidos. Ein samisk lokalrett som stimulerte smaksløkane til dei små På godt norsk kan bidos beskrivast som ein blanding av brødbakst og lappar. Gjenbruk og resirkulering er ein av hjartefeltane til Øyjorden barnehage, og noko me har eit kontinuerleg fokus på. I den anledning tenkte me å visualisera dette grøne fokuset for barna. Barn i 1-3 års-alderen treng konkrete, visuelle objekt for å halde konsentrasjonen og læringsviljen oppe, og me valte derfor å plukka fram ulike boksar av typen makrell, leverpostei, og yoghurt. Dette viste me først fram i samlingsstunda, til stor begeistring, for deretter å fylla dei med vann og maling. Spørsmålsteikna lyste i auga deira når dei observerte at vatnet skifta farge. Kva i alle dagar skjedde? Barna fekk deretter sette produkta i frysen, og måtte venta i spenning på det magiske resultatet som venta oss neste dag.

Neste dag stod spenninga i taket. No skjedde det. Barna fekk lukta, kjenna og nokon tok seg til og med ein liten smaksprøve. Deretter var det tid for å ta ut isen. Barna samla seg rundt bordet utandørs og knadde på kartongen til isen blei avdekka. SUPERKULT;)

Då er det snart klart for den store karnevalsdagen i barnehagen, åh så me gledar oss Til denne dagen må me forbereda oss, fine ting har me jammen fått laga. Barna har fått pynta kattar som heng på veggen til pynt. Kattane vart kjempe fine. Barna syns det var kjekt å få velja ulik pynt i forskjellige fargar. Då dei skulle velja pynt såg dei undrande oppi posen, nokon brukte lang tid på å bestemma seg. Barna har og fått laga riste instrument som dei skal få bruka på karnevalsdagen. Dette var gøy!! Barna fekk først velja litt erteris i yoghurt boksen sin, då kan de tru det var kjekt å rista på det etterpå. Deretter fekk dei velja kva farge dei ville ha rundt instrumentet. Fargane var enten rosa, oransje eller grøn. Svaret i frå dei fleste var då: «Rosaaaaaaaaaaaaaaaa!!!!!!!», rosa er ein farge barna er utruleg glad i og syns er veldig vakker. Det er ein farge som går igjen då me har andre aktivitetar også. Men tru det eller ei så var det nokon som skilte seg ut med oransje og grøn. Til slutt fekk barna pynte instrumentet ekstra fint.

Me har hatt mange fine turdagar i februar og mange fine dagar ute. Det har ikkje vert for kaldt, men me jo få poengtera at me saknar snøen Når kjem snøen????? Vil me få litt meir snø slik at me får aka og kosa oss ute? Vel, det er litt tvilsamt, men det er lov å håpa at det kjem litt i mars. Det har vert nokon fine solskinsdagar, desse har me utnytta fullt ut Då har me vert ute så lenge barna ville, for regnværs dagar har me jo nok av. Men utanom dette har me faktisk hatt nokon få vinterdagar, dette har vert kjekt og me har fått brukt akebretta og rulla oss i den vetle snøen som har vert. Men det barna syns er kjekkast er jo å få smaka på snøen, det er det visst ingen som går lei av.

Me har og fått nokon fine turar i snø, både idyllisk og koseleg har det vert. Det beste på tur er å finne seg ly då ein har gått langt, då setter ein seg ned for å ta seg litt nistemat.

Me har hatt nokon flinke studentar med oss i tre veker, barna vart veldig glad i dei og saman fant dei på masse kjekt i lag. Dei største barna fekk seg ein fin tur med studentane då det var opphaldsvær. Dette utvikla seg til ein fin fisketur Gjett om barna var stolte då dei kom heim med fiskestangane sine. Og dette var i alle fall berre deira fiskestangar og ingen annan sine!!!

Og kva er meir gøy då det kjem dammar i barnehagen? Då er det fram med zaloen og få masse skum i dammen, meir gøy kan me ikkje få det. Då høyrar me: «Meir skum, meir skum» «Eg vil ha bøtte og spade!! Eg skal lage skum kake! «Og det beste ein kan få på ein regnfull dag ute er nokon gode lappar med smør og brun/kvit ost. Det smakar ekstra godt på slike dagar.

I mars månad skal me fortsatt jobba med IKT-Smart boarden, barna syns det er kjempe gøy å få føla seg fram med fingrane på skjermen. I februar har me vert innom fargar, teikning, eventyr, forteljingar og vennskap. Dette skal me fortsatt halde på med i mars månad, men me vil at barna skal bli betre kjent med temaet: fargar og vennskap. Då det gjeld vennskap kan me sitte inne med fleire følelsar, kanskje me av og til er trist, skuffa, sint, glad osv. Dermed er det viktig å snakka med barna om dei ulike følelsane. Trampoline.no har bl.a fine spel og forteljingar om akkurat dette.

Fargar er noko barna er veldig opptatt av og interessert i, det kan me sjå kvar dag i barnehagen. Dermed er dette noko me vil ha som tema vidare. Barna snakkar om kva slags farge dei vil ha til koppen og fatet då dei skal ete lunsj, frukost og frukt. Me høyrar det titt og ofte i leiken, og i andre aktivitetar me har med dei. Fargar går igjen i alt i kvardagen, bl.a mat, ting, leikar og dyr. Mopp og Mikko vil me jobba vidare med, me har bl.a bøker som me leser for barna. Desse har me framme i bokhylla slik at barna kan få velja om dei har lyst å sjå i dei eller bli lest for. Som regel kjem barna til ein vaksen og seier: «Eg vil lese bok» eller peikar på boka. Det er utruleg fint å sjå at barna har blitt så glad i dei, og det er kjekt å sjå at barna lærar seg nye ord i frå bøkene. Mopp og Mikko kjem me også til å ha vidare i samlingsstunda vår, barna eeeeeeeeeeeeeelskar å sjå kva som er oppi dei ulike eskene. Der har me ting som Mopp og Mikko elskar å ha med seg på tur, det er enten køyretøy, mat, dyr eller ting. Me snakkar med barna om tinga (farge, størrelse, kva me brukar det til) og syng songar om dei.

Me skal fortsetta med å ha fine eventyrsamlingar der me brukar ulike lys effektar som fenger barna enormt. Me har mange ulike eventyr som me brukar mange gongar, barna elskar eventyr som dei kjenner igjen og som dei får høyra opptil fleeeeeeeeeeeeeire gongar. Det blir aldri nok, og i vert fall ikkje viss det er litt mørkt i rommet og ein skapar ein magisk samlingsstund med fine lys og ulike farge lenkar med lys. Froskar skal me og introdusera for barna, me kjem til å snakka om bl.a korleis froskane ser ut, kva farge dei har, korleis dei hoppar, korleis dei lever. Me vil i den anledning ta oss ein tur opp i paddedammen å leita etter froskeegg som blir til rumpetroll og til slutt forvandlar seg til froskar. Det er kanskje litt for tidleg å leita etter det, men me kan jo i vert fall prøva. Barna kan undra seg over: Kva finst nede i vatnet? Er det noko som bevegar seg der? Kva kan det vera? Barna har vert opptatt av troll etter ein tur dei var på, så då tek me fram igjen den tradisjonelle: «Bukkane bruse som gjekk til sæters for å gjera seg feite». Denne er ein slager blant barna, og etter me fekk boka: «Bukkane bruse i badeland», har denne blitt endå meir populær. Boka har det same konseptet som den tradisjonelle bukkane bruse forteljinga med ein anna og artig vri på eventyret. Det er ofte barna som gjerne kjem med boka og vil høyra den om og om igjen. Det er mange fine og artige bileter i boka, og eventyret er så morosamt som det kan bli! Dette blir då ein av bøkene me tek med oss vidare. Me er opptatt av barns medverking og vil då satsa på tema som me ser barn snakkar om, syns er spennande og er interessert i.

Øyjorden barnehage