saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.10.2014 65507/2014 Per Olaf Brækkan Saksnr Utval Møtedato Plannemnd for byggjeprosjekt 03.11.2014 Utdanningsutvalet 10.11.2014 Fylkesutvalet 18.11.2014 Fylkestinget 08.12.2014 K104 Romsdal vgs - Forprosjekt Grunnlag for saken Fylkestinget vedtok Førebels program/utviklingsplan - revisjon 2011 i sak T-96/11 i desembertinget 2011. I saka er kostnaden estimert til 450 mill kroner inkl mva og inkluderer riving av same bygga som er tatt med i dette forprosjektet, samt nybygg for Restaurant og matfag. Restaurant og matfag vart tatt ut av planen i samband med politisk handsaming av utviklingsplanen. Skolen var i utviklingsplanen dimensjonert for 893 elevar. Fylkestinget vedtok 11. desember 2012 i sak T-78/12 byggeprogrammet for BT2 og BT3 ved Romsdal vgs. I utviklingsplanen var innhaldet i BT2 og BT3 definert som to byggesteg. Under utviklinga av byggeprogrammet vart dette vurdert til å vere ei dyr og teknisk komplisert løysing. Difor vart prosjekta slått saman til eit byggesteg. I byggeprogrammet vart det vedtatt å byggje nybygg for funksjonane; Kantine og personalrom Bibliotek Administrasjon Realfag Helse- og oppvekstfag (HO) Teknikk og industriell produksjon (TIP) Bygg- og anleggsfag (BA) Frisørsalong Elevtenester Særskild tilpassa opplæring (TPO) (endring) Skolen vart dimensjonert opp i byggeprogrammet til 950 elevar. I møte 4.desember 2013 godkjente Plannemnd for byggeprosjekt revidert strategiplan. I byggeprogram og strategiplan er følgjande mål for prosjektet definert;
Resultatmål: 12000 m2 bygg i massivtre og med «low-tech» ventilasjon innanfor målsetting om kostnad kroner 390 mill inkl mva. Energiforbruk maksimalt 70 kwt/m2 / år. Effektmål: Rasjonell skoledrift og samlokalisering av undervisninga i nye og meir funksjonelle skolebygg for Romsdal videregående skole. Samfunnsmål: Bærekraftig materialbruk, lavt energiforbruk og lavt CO2-utslipp i produksjonen. Moderne og attraktivt undervisningsbygg som sikrar rekruttering til yrkesfaga. Skisseprosjektet vart handsama i Plannemnda 30.april 2014 i sak PN-18/14. Forprosjektrapporten er lagt ved saka som vedlegg 1. Romprogram Prosjektet har ei tidlegare vedtatt arealramme på 12.000 m2 brutto. I samband med skisseprosjekt vart det oppdaga eit ekstra behov for lærararbeidsplassar. Det var da vanskeleg å endre utforminga av skolen, så desse vart lagt inn i tilgjengelege areal som elles ville vore unytta mesaninar ovanfor verkstadane. Totalt areal i nybygget er 12.300 m2 med ein veldig god utnyttingsgrad (B/N=1,41), sett i lys av at skolen har passivhusnivå. Bygget er utforma med eit felles vrimleareal som går på langs av bygget med verkstader på nordsida og kontor og teoriareal på sørsida. Fellesareal som kantine, administrasjon og bibliotek er samla mest mogleg sentralt i bygningsmassen på Romsdal vgs for å gi lik tilgang. Alle praksisareal har innsyn frå vrimlearealet for å synleggjere verdiskapinga og nivået på yrkesfagleg vidaregåande opplæring. Dette er gjort etter mal frå mellom anna Borgund vgs, kor grepet har vore vellykka. Erfaringa frå Borgund er at det er med på å skape stolthet for yrkesfaga, samt bidrar til læring da elevane i større grad må bruke fagterminologi for å forklare kva dei gjer i verkstaden/praksisarealet. Areal for Særskilt tilpassa opplæring (TPO) er lagt på nedste planet mot sør. Her er opplæringa muleg å skjerme, samstundes som den ligg sentralt til i høve til fellesfunksjonane i skolen. Opplæringa har fått eigen butikk i vrimlearealet kor dei kan selje eigne og andre opplæringar sine produkt. I dag driv skolen på fire lokalitetar (Langmyra, Bergmo, Nesjestranda og Hustad fengsel). På Langmyra er skolen splitta i mange separate bygg. Dette gjør det vanskeleg å skape ein felles kultur og gjer drifta vanskeleg og lite rasjonell. Når byggeprosjektet er ferdig vert Romsdal vgs samla på ein lokasjon (med unntak av opplæring på Hustad fengsel) i ein moderne samanhengande byggemasse. Alle tilsette og elevar vil ha lik tilgang på fellesfunksjonar som bibliotek, elevtenester, administrasjon og kantine.
Gjennomføring av forprosjekt Til prosjektet K104 Romsdal vgs er all prosjektleiing kjøpt av Stema Rådgiving AS etter open anbodskonkurranse. Hammerø & Storvik Prosjekt AS er på same måten engasjert som prosjekteringsgruppeleiar. Prosjekteringsgruppa er engasjert gjennom opne anbodskonkurransar for kvart einskild fag. Alle konkurransane er godkjent av Plannemd for byggeprosjekt i eigne saker. For fullstendig oversikt over rådgjevarar vises det til vedlegg 1 Forprosjektrapport. Det er engasjert eigen brukarkoordinator tilsett på skolen for prosjektet. Han følgjer opp alle brukargruppene i alle saker knytt til prosjektet. Brukerkoordinator deltar i prosjekteringsgruppa. I prosjektgruppa deltar prosjektleiar, brukerkoordinator, rektor og verneombod på skolen. Prosjektgruppa har møte ca ein gong per månad gjennom heile prosjektet. Universell utforming Nybygget vert utforma i høve til TEK 10 og dei krava som stillast der til universell utforming. Koplingar mellom eksisterande bygg og nybygget er foreslått med mest moglege planfrie samband. Miljø I regional energi og klimaplan (2009) heiter det; «Møre og Romsdal fylke vil arbeide for at bruken av elektrisitet til oppvarming og belysning i alle offentlege og private bygg i tenesteytande sektor skal bli redusert med 20% innan 2020 (200 GWh), i forhold til energibruken i 2007.» «Møre og Romsdal fylke skal vere ein regional aktør i arbeidet med å fremme fornybar energiproduksjon samt effektivisere og spare energi i eiga verksemd.» «Opprette signalbygg for bruk av klimanøytrale byggemateriale i fylkeskommunal bygningsmasse ved rehabilitering og nye bygg.» Romsdal vgs vert bygd med massivtre i alle bærande konstruksjonar. Dette gjev ein forventa reduksjon i klimagassutslepp på bæresystema på 60 % i høve til referansebygg. Nybygget er prosjektert med eit gjennomsnittleg årleg forbruk av energi på 70 kwh/m2. Dette er 42 % under det gjeldande kravet i dag gitt i TEK10. Ved å bore 15 hull 250 meter ned i bakken på tomta vert bergvarme nytta som kjelde til varmepumpene på skolen. «Low-tech» ventilasjonsanlegg Low-tech er i prosjektet definert som; Ein ventilasjonsstrategi som skal gje tilfredsstillande inneklima og fornøyde brukarar med lågast muleg bruk av energi, med lågast muleg investerings- og driftskostnad.
Møre og Romsdal fylkeskommune har på same måte som andre byggherrar utfordringar med å få ventilasjonsanlegga til å fungere skikkelig. Investerings-, drift- og vedlikehaldskostnadane er relativt høge, og anlegga for kompliserte å operere for brukarane. Prosjektet har derfor hatt som ambisjon å utvikle og installere enklare og rimelegare ventilasjonsanlegg. Det vart kjørt open anbodskonkurranse med dette som mål. Ingen leverandørar meldte seg. Prosjektet har difor engasjert Asplan Viak AS til å utføre arbeidet. De har igjen knytt nybygget på Romsdal vgs til fleire EU-prosjekt de er involvert i. Utfordringane er i prosjektet løyst ved fire ulike ventilasjonsstrategiar. Det er valt desentraliserte ventilasjonsanlegg med korte føringar og forenkla prinsipp. Hybrid ventilasjon vert nytta i store delar av bygget. Bygget er også plassert strategisk på tomta for å utnytte soltilhøva optimalt. Massivtre I Stortingsmelding 9 (2011-2012) heiter det; staten, fylkeskommunen og kommunen som utbyggere kan bidra til mer klimavennlige bygg blant annet ved valg av materialer og energiløsninger. Med dette er det meint tre. Statsbygg er engasjert av Landbruks- og matdepartementet for å vurdere korleis det offentlege kan bidra til å auke bruken av tre. I St.meld 28 (2012) (Gode bygg for ei betre framtid) melder Regjeringa at ny teknisk forskrift som kjem i 2015 vil ha mykje strengare energikrav til nye bygg. Akkurat kor strenge energikrav ein stiller vil ein komme tilbake til, men det må påreknast tilnærma passivhusstandard. Meldinga fremjar og meir bruk av tre som eit godt miljøtiltak. Regjeringa hadde i 2012 tre argument for auka bruk av tre i norske bygg; 1. Miljø og klima. Tre som veks bind CO2 og det er lågare utslepp av klimagassar i produksjonen av tre. 2. Råstoff. Tre er eit råstoff som er lett tilgjengeleg i Norge med lang historisk tradisjon for å bli brukt som byggemateriale. 3. Lokal verdiskaping og næringsutvikling. Mykje tre som byggemateriale vert i dag importert frå utlandet. Dette fordi det i dag ikkje er stor nok marknad lokalt. Auka bruk av tre bør kunne gje grunnlag for innovasjon og utbygging av lokal norsk industri. Det har vore kjørt open anbodskonkurranse på leveransen av massivtre til Romsdal vgs. Det meldte seg ingen norske leverandørar i konkurransen. Massivtreet som skal nyttast på Romsdal vgs vert produsert i Austerrike og sendt til Molde på lastebilar. Dette er det tatt omsyn til i CO2 vurderinga. Alle dekke og bærande veggar vert utført i massivtre. Detaljprosjektet vil prøve å få til diffusjonsopne løysingar på veggane. Om det vert mogleg vil bygget kunne brukast til å studere treets termiske/hygroskopiske eigenskaper i høve til ventilasjon. Målet er da å kunne redusere ventilasjons- og energibehovet ytterlegare.
Kostnadsoverslag I byggeprogrammet i desember 2012 var kostnadane ved nybygget vurdert til 390 mill kroner. Dette var basert på nybyggkostnad 32.500,- kr/m2. Nybygg i dag har ein erfart kostnad på 37.500,- kr/m2. (Nybygg ved Kristiansund vgs og Molde vgs). Forprosjektet syner ein kostnad på nybygget på 452,1 mill kroner inkl mva. Dette gjev ein kostnad på 36.750,- kr/m2. Prosjektet har både passivhusnivå, noko som av Bergen kommune er vurdert å koste 5 % ekstra, og er innovativt i høve til ventilasjonsløysingar. Tilsvarande nybygg i andre fylkeskommunar har levert rekneskap med ein kostnad per m2 på over 40.000,- kr/m2 inkl. mva. For å få bygget godkjent i høve til rammetillatelse er det naudsynt å rive eksisterande bygg på tomta som vert tatt ut av bruk. Her skal det etablerast naudsynte parkeringsplassar som går tapt grunna nybygget. I tillegg bør bygga knytast saman slik at det vert ein samla universelt utforma skole. Kostnaden på dette arbeidet, som i stor grad vert utført til slutt, er 41,0 mill kroner inkl. mva. Samla kostnad for prosjektet (per september 2014) vert 493,1 mill kroner inkl mva. Sum prosjektkostnad inkluderar nybygg, naudsynte opsjonar og prioriterte opsjonar.
Gjennomføringsplan, tidsplan Prosjektet har stor grad av innovasjon og er i dag ca 6 mnd etter tidlegare vedtekne framdriftsplan. Dette betyr at ferdigstilling av nybygget er forventa januar 2018. Milepælar i prosjektet vert: Detaljprosjektering ferdig mai 2015 Gjennomføring: Fase 1 Rivearbeider start april 2015 Fase 2 Nybygg start september 2015 Fase 3 Utomhusarbeider start - mai 2017 Fase 4 Bygg A, B, utomhusarbeider vest (opsjon) start - jan 2018 Delovertakelse bygg - september 2017 Innflyttet og klar for skoledrift - januar 2018 Utomhusarbeider ferdig haust 2018 Entreprise Prosjektets overordna strategi er minst mogleg økonomisk risiko for byggherre og sikre gjennomføringa av massivtre og «low-tech». I byggeprogrammet vart det vedtatt at prosjektet skulle gjennomførast som totalentreprise. K104 Romsdal vgs er et innovasjonsprosjekt som har målsettingar langt utover dagens forskrifter og regelverk. Prosjekteringsgruppa er i forprosjektet tilført mykje ny kompetanse som ikkje er allment tilgjengeleg i Norge i dag. I ein totalentreprise fristillast alle prosjekterande og byggherre risikerer at opparbeida kompetanse går tapt. Dette vil da kunne føre til meirkostnader eller reversering av prosjektet sine mål. Denne vurderinga vart lagt fram for Plannemnd for byggjeprosjekt i sak PN-18/14. Plannemnda vedtok at prosjektet vert gjennomført som hovudentreprise. Vurdering Fylkesrådmannen vurder forprosjektet ved Romsdal vgs som eit godt forprosjekt som stettar resultat-, funksjons- og samfunnsmåla gitt i denne saka. Forslag til vedtak: 1. Fylkestinget godkjenner framlagt forprosjekt med ei brutto kostnadsramme på 493,1 mill. kroner inkl. mva, eksl løns- og prisstigning. 2. Fylkestinget føresett at naudsynte midlar vert lagt inn ved rullering av økonomiplanen. 3. Fylkestinget sluttar seg til at prosjektet blir ført vidare som skissert. Vedlegg: Forprosjektrapport Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Per Olaf Brækkan byggje- og vedlikehaldssjef